c) Oversikt og nærleik skaper tryggleik og samhald. Det førebyggjer mobbing og fråfall. Skulen vår er eit godt døme på det.



Like dokumenter
Jnr gjg. Hordaland fylkeskommune Opplæringsavdelinga 5520 Bergen. Uttale skulebruksplan

Høyring Masfjorden kommune med saksnummer034/2018 Svar på høyring om samanslåing av ungdomskular frå FAU ved Matre Skule

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

Pedagogisk plattform

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Høyring skulebruksplan Fylkesrådmannen

Velkomen til dykk alle!

Trudvang skule og fysisk aktivitet

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

Oppdragsnr.: Dokument nr.: 1 Modellar for organisering av vidaregåande opplæring Revisjon: 0

Opplæring i kinesisk språk (mandarin) i den vidaregåande skulen i Hordaland

Oppmoding om uttale - Hordaland Privatgymnas AS - søknad etter friskulelova

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Kommunedelplan for oppvekst

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Sauda vidaregåande skule skuleåret Regionalt kompetansesenter

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane. Skuleåret 2019/20

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 2

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

Sak Innhald Ansvar 1. Konstituering av styret

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Til deg som bur i fosterheim år

Delrapport 2 Modell 2

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Frå tre små til ein stor.

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

SKULEBRUKSPLAN FOR VIDAREGÅANDE OPPLÆRING I SOGN OG FJORDANE HØYRING FRÅ SAMARBEIDSFORUM I SUNNFJORD

Psykologisk førstehjelp i skulen

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring

ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010

Hospiteringsordning for tilsette ved Odda vidaregåande skule

Kvalitetsplan mot mobbing

PÅBYGG TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE - ALTERNATIVE VEGAR

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Tilstandsrapport vidaregåande opplæring 2014/15

STRATEGISK PLAN FOR SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND IKS

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

Opplæringsavdelinga Kompetanseløftet 23. januar 2013

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Barnehageplan for Vinje kommune

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

OPPNEMNING AV STYREREPRESENTANTAR VED PRIVATE SKOLAR

MØTEPROTOKOLL. Arkivsak:12/167 Løpenummer: 12/6303 Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30 14:15

Til: Arne Fredriksen/Økonomiavdelinga Dato: Fra: Britt Vikane Referanse: 15/ Kopi:

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Eit lærande utdanningssystem?

Rådmannsutvalet Førde

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Dialog heim - skule. Tilrettelegging for aktiv dialog Mål og tiltak Utfordringar Informasjon Foreldreundersøking Korleis få informasjon frå heimane

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Sandeid skule SFO Årsplan

Styrk rådgjevartenesta i skulen! Rådgjevaren ein nøkkelperson.

Program for Masfjorden Venstre

Barnerettane i SKULEN

Balestrand kommune Sagatun skule

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Lønnsundersøkinga for 2014

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:

Høyringsuttale om «Skole- og tilbodsstruktur for framtida - Skolebruksplan Hordaland fylkeskommune ».

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

11 Eg i arbeidslivet

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

RETNINGSLINER FOR SKULEMILJØ KAPITTEL 9A 1. AUGUST 2017

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2018

KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule

Utval Saknr. Møtedato Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Fylkestinget

Delrapport 7 Modell 7

Uttale om Årsbudsjett for 2015/økonomiplan frå Utdanningsforbundet Hordaland

KOMMUNEPLAN SELJORD KOMMUNE

Delrapport 5 Modell 5

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Dato: Fredriksen/Økonomiavdelinga Fra: Ingebjørg By Teigen Referanse: 15/ Kopi:

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start


Ungdomsplan. for Balestrand kommune. Barn frå Fjordtun på Galdhøpiggen

Øystese barneskule April - 08

Giske kommune. Ord blir handling. Kvalitetsplan for skule, barnehage og SFO

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI

Kommunestyret støttar framlegget til endringar i Opplæringslova når det gjeld:

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

MØTEBOK. Uttale til skulebruksplan for Hordaland fylkeskommune

Austevoll Venstre. Program _Programmal 2011 A5 8s.indd

Rapport etter administrativ gjennomgong av kvalitetssystem november 2010

Saksframlegg. Orientering om Kompetansesenteret og søknad om regionale utviklingsmidlar til Ny GIV-tiltak ved Kompetansesenteret

Auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring. Styrke samarbeidet mellom stat, fylkeskommune og kommune. Prosjektkoordinator Ny Giv Sissel Espe

Referat frå møte i Arbeidsutvalet for foreldre ved Hafslo barne- og ungdomsskule

Kvalitetsplan for Gaupne skule

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS /2018 Kommunestyret PS

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Transkript:

Uttale frå Bømlo vidaregåande skule ved skulemiljøutvalet. Ref.nr. 201101096 Høyring Skulebruksplan Hordaland Fylkeskommune 2012 2025 Ikkje øydelegg det vidaregåande skuletilbodet i Bømlo! Bømlo vidaregåande skule, representert ved skulemiljøutvalet, vil naturlegvis, og med god grunn, hevda at det som i høyringsutkastet er kalla alternativ 0, er det beste. Me vil påstå at alternativ 1 og 1B i høyringsutkastet kjem til å bli ein katastrofe for heile Bømlosamfunnet, og difor kan alternativa heller ikkje vera til gagn verken for Sunnhordlandsregionen eller Hordaland fylkeskommune. Rektorane ved dei to vidaregåande skulane i Bømlo har saman arbeidd grundig med høyringsutkastet til skulebruksplanen, og sett opp viktige argument og kvalitetskriteriar for vidaregåande skule på Bømlo. Skulemiljøutvalet ved Bømlo vidaregåande skule støttar det som kjem fram i det rektorane skriv, med følgjande presiseringar: Fagmiljø, kvalitet og skuleutvikling må takast på alvor Prosjektgruppa legg mellom anna store fagmiljø og stordriftsfordelar til grunn for alternativ 1 og 1B. Bømlo vidaregåande skule vil derimot hevda at skular med under 300 elevar òg kan halda mål, og greia seg vel så bra som større einingar både når det gjeld fagmiljø, karakterresultat, økonomi, trivsel og skuleutvikling. Det vil me grunngi slik: a) Tvangsflytting av velfungerande fag/fagmiljø frå ein skule til ein annan, der målet skulle vera styrking, har tidlegare ført til at fag/fagmiljø er blitt øydelagt. Døme på det er formgjevingsfaget, som no er heilt borte frå Sunnhordlandsregionen. b) Karakterstatistikken frå sentralgitt eksamen, viser at Bømlo vidaregåande skule hevdar seg godt i konkurransen samanlikna med Hordaland og landet elles. c) Oversikt og nærleik skaper tryggleik og samhald. Det førebyggjer mobbing og fråfall. Skulen vår er eit godt døme på det. d) Frå sluttmeldinga frå dei statlege rettleiarane, som Bømlo vgs som første vidaregåande skule i landet, har fått nytta seg av i arbeidet med skuleutvikling, siterer me mellom anna: Sterke sider som skolen (Bømlo vgs) kan bygge på: Tett og inkluderende miljø God arbeidsatmosfære og fokus på læring Kort avstand mellom ledelse ansatte; en ledelse som ønsker åpenhet og tilgjengelighet Positive relasjoner mellom elever lærere God relasjon mellom skoleledelse elevråd Trygt elevmiljø Skoleledelse som ønsker utvikling og som er opptatt av både personalets og elevenes ve og vel. Besøksadresse:Leitedåvane 8, 5430 Bremnes Postadresse:Postboks 163, 5445 Bremnes Foretaksnr. 974557126 mva Telefon 53 42 38 10 Telefaks 53 42 38 97 Epost post.bov@hfk.no Heimeside http://bov.hfk.no

Ledelsen er utviklingsorientert og er veiledningsvillige: konstruktive i forhold til tilbakemeldinger e) Me vil òg minna om at Bømlo vidaregåande skule er eit av dei skulebygga i fylket som i funksjon og storleik, er best tilpassa den aktiviteten som går for seg her, no og i mange år framover. Dette står svart på kvitt i Høyringsutkastet sitt vedlegg med oversikt over skulebygga i Hordaland fylkeskommune. Me som har skule og arbeidsplassen vår her, kjenner eit felles ansvar for å halda skulen fin og i orden. Dette får me til nettopp fordi skulen ikkje er større enn at alle elevar og tilsette får vera med og ta ansvar for orden og vedlikehaldsarbeidet, i tillegg til planting og stell kvar vår. Ut frå det som er nemnt ovanfor, finn me inga meining i at vår eigen skuleeigar/ våre eigne politikarar skal riva grunnen under skular som systematisk har bygd opp ein god kultur for vekst og utvikling. Opplæringsavdelinga har til no hatt sterkt fokus på skuleutviklingsarbeid og kvalitet i skulen. Prosessen rundt Hordaland fylkeskommune sin skulebruksplan, der Bømlo vidaregåande skule er foreslått nedlagt, og elevane fordelt på andre skular, blir av oss opplevt nesten som eit hån mot utviklings og kvalitetsarbeid i skulen. Alternativ 1 og 1B er ikkje noko framtidsretta vidaregåande tilbod for ungdommane i Bømlo. Skulemiljøutvalet ved Bømlo vidaregåande skule sluttar seg som nemnt til det som rektorane ved Bømlo vidaregåande skule og Rubbestadnes vidaregåande skule skriv i det følgjande: Kommentar til planen generelt Høyringsutkastet gir god kartlegging og samla oversikt over dei vidaregåande skulane i Hordaland. Uheldige sider ved høyringsutkastet etter vårt syn: 1. For lite samanheng i Hordaland fylkeskommune sine andre planar/satsingsområde og alternativ 1 og 1B i høyringsutkast til skulebruksplan ( Opplæringsavdelinga sine styringssystem for kvalitet i skulen, Innsats mot fråfall Ny Giv, Regional næringsplan, Regional kulturplan, og Klimaplan for Hordaland 2010 2020). 2. Mangelen på omsyn til kva konsekvensar nedlegging/samanslåing av skular har for distrikta samanlikna med byane. 3. Me kan ikkje sjå at planen tek særleg grad omsyn til elevane sin tidsbruk i samband med auka reisetid. Sosiale, fysiske og psykiske konsekvensar er heller ikkje utgreidde. 4. Manglande miljøomsyn: Auka transport fører og til auka ureining (avgass, vegstøv, støy, trafikk). 5. Det er føreslege lagt ned skular som er i vekst og utvikling. Som rektorar opplever me at styrken i fagmiljø og gode skulemiljø for elevar og tilsette, ikkje nødvendigvis ligg i store (og uoversiktlege) miljø, men avheng av ein viss nærleik, eit ansvar og eit visst eigarforhold til eigen skule og arbeidsplass. 2

6. Det blir lagt for lite vekt på skulane sine opparbeidde nettverk til elevane sine praksisplassar, lærlingplassar og framtidige arbeidsplassar i det offentlege og private næringslivet i lokalsamfunnet. 7. Det er teke for lite omsyn til kva vidaregåande skuletilbod har å seia for busetjingsmønster, nærings, lags og organisasjonsliv i vår kommune. Synspunkt på skulebruksplanen med fokus på eigen skule og lokalmiljø Innleiing Resultatet av planarbeidet er at ein har fått ei god kartlegging og samla oversikt over av dagens situasjon. Det synest me er positivt. Det som me meiner er svært uheldig ved planen, er at prosjektgruppa har vurdert skulestrukturen likt for by og land. Me vil ikkje setja by og land opp mot kvarandre, men det er ikkje til å koma forbi at skadeverknadene ved å leggja ned /slå saman eit visst tal byskular er mykje mindre enn om det same skjer i enkelte av distrikta i fylket vårt. Ved skulenedlegging i distrikta er fylkespolitikarane med og riv grunnen under livskraftige lokalsamfunn, samfunn som prosjektgruppa sjølv meiner generer behov for kunnskap og kompetanse. Sjå Skulebruksplanen s. 121 og Hordaland fylkeskommune sin eigen regionale uviklingsplan. Bømlo Bømlo er i dag eit livskraftig lokalsamfunn (sjå Strategisk næringsplan for Bømlo 2011 2015), men i det utarbeidde høyringsutkastet til skulebruksplan er det vidaregåande skuletilbodet i Bømlo heilt rasert (Alt.1 og 1B). Meiner verkeleg fylkesrådmann og politikarar at dette framlegget er ei framtidsretta prioritering i tråd med politiske retningsliner og økonomisk tenleg sett i eit distriktsvenleg perspektiv? Me kan ikkje sjå at dette kjem fram i høyringsutkastet, og endå mindre akseptera eit slikt framlegg. Fullverdig og breitt tilbod i Bømlo Argument for at me framleis skal ha eit fullverdig og breitt vidaregåande skuletilbod i Bømlo: a) Rubbestadnes vidaregåande skule og Bømlo vidaregåande skule er begge eit resultat av at Bømlosamfunnet har hatt, og framleis har stort behov for den kunnskapen og kompetansen som er bygd opp ved desse skulane. b) Bømlo kommune har i overkant av 11500 innbyggjarar. I dag går over 400 av desse på vidaregåande skule i heimkommunen på dagtid. I tillegg kjem vaksne som nyttar seg av kveldsundervisning der dei vidaregåande skulane legg til rette for at vaksne i arbeid kan ta fagbrev i akvakulturfaget, sjømatfaget, industriteknologifaget, og fag knytte til sal og service eller andre næringar. Bømlo vidaregåande skule opplever no den største auken i elevtal av alle skulane i Sunnhordland, og har funne fram til ein god balanse mellom studiespesialiserande fag og yrkesfag. Rubbestadnes vidaregåande skule har òg hatt ei fin utvikling dei siste åra. Dette viser at grunnlaget for vidaregåande skuletilbod i kommunen er til stades no og i framtida. Skulane våre har gode resultat å visa til på mange ulike målingar. Karakterstatistikken ved sentralgitt eksamen 2012 for Bømlo vidaregåande skule er eitt døme på det. c) Elevane ved dei vidaregåande skulane våre er viktige aktørar i lokalsamfunnet både i og utanfor skuletida. Dei er rollemodellar for yngre elevar, og dei har viktige funksjonar som leiarar og medspelarar i lags og organisasjonliv på fritida. Dei byggjer i denne viktige ungdomstida opp 3

nettverk og tilhøyrsle i eigen kommune og arbeidsliv. Dette gjer at svært mange ønskjer å busetja seg og jobba i heimkommunen etter endt fagskule, høgskule og universitetsutdanning. Difor har Bømlo òg god tilgang på kvalifisert arbeidskraft til vidaregåande opplæring. Lokalt utdanna arbeidskraft som er oppvaksen i kommunen, viser seg å vera stabil. Relasjonane til næringslivet er unike, blant dei beste i landet. Mange av dei tilsette /leiarane i dei ulike verksemdene i kommunen har starta si opplæring på dei vidaregåande skulane i Bømlo. Skulane og næringa samarbeider difor godt når det gjeld t.d. kompetanseutvikling, utplassering og undervisningsutstyr. Dette samarbeidet ønskjer me å vidareutvikla både innafor det offentlege og private næringslivet, slik at blir til det beste for elevane våre. At Bømlo kommune har eit godt vidaregåande skuletilbod med tette relasjonar til offentleg og privat næringsliv, kan me mellom anna sjå av den positive folketalsutviklinga. Kommunen treng breitt tilbod om arbeidsplassar. For at Bømlo framleis skal vera attraktiv for familiar, er vidaregåande skule ein viktig faktor. Rubbestadnes vidaregåande skule har internat. Det gjer det mogeleg å ta i mot elevar utanfrå. Dei siste åra har internatet hatt godt belegg. Fleire av desse elevane har busett seg på Bømlo etter fullført utdanning. d) Samarbeidet mellom ungdomsskulane og dei vidaregåande skulane våre fungerer godt, grunna nærleik og opparbeidd kontaktnett. Dette er av stor verdi i arbeidet med utdanningsval og gode overgangsrutinar når elevane skal over frå ungdomsskule til vidaregåande. e) Inaktivitet og overvekt er eit stigande problem for folkehelsa. Opplæringsavdelinga har bede skulane om å ha eit sterkare fokus på kroppsøvingsfaget. Har me eit fullverdig og godt skuletilbod sentralt på Bømlo, unngår me at mange elevar skal måtta pendla og bruka store delar av dagen (det kan for ein del elevar lett gå med tre timar i samla reisetid tur/retur) til å sitja i ro på bussen. Dette er verdifull tid som dei i staden kunne brukt m.a. på fysisk aktivitet. Med dagens vidaregåande skuleordning bur mange elevar i gangavstand til skule og praksisplass. Å kjøra busslaster av elevar til større og færre skular, samsvarar ikkje med fylket si storsatsing på miljø. For elevar som treng særskilt tilrettelegging kan det vera ei stor ekstra belastning med skuleskyss over lange strekningar. Reisetid for elevane må ikkje øydeleggja for helsa, for utbytte av skuletid og fritidsaktivitet. f) Dersom store delar eller heile det vidaregåande skuletilbodet til «bømlaelevane» blir lagt til Stord, har mange eigentleg ikkje noko reelt val. Det kan tenkjast at fleire kjem til å gå på private skular. Det vil svekka den offentlege skulen. Dei vidaregåande skulane på Bømlo er oversiktlege og har låg fråfallsprosent fordi me er tett på. Folkehelseprofilen for Bømlo viser at fleire her fullfører vidaregåande skule enn det som er vanleg elles i landet. Når elevar frå Bømlo må gå på skule på Stord, kan dei lett melda overgang til «Stordmiljøet» når det gjeld fritid òg. Dette vil ramma fritidsaktivitetane i vår kommune når det gjeld t.d. kultur og idrett. Dei som ikkje finn seg til rette i organiserte fritidsaktivitetar, kan lett bli usynlege og bli «hengande på Vikjo» både i og etter skuletid. Gagnar dette samfunnet? Me ønskjer å ta vare på det engasjementet, dei haldningane og det ansvaret som elevane utviklar for det lokale miljøet, og som m.a. kjem til uttrykk ved Bømlorussen sitt arbeid med «Løp for livet» gjennom heile skuleåret. Dette engasjementet til inntekt for kreftsaka er heilt unikt, fordi det er tufta på ein no 25 år gammal ubroten tradisjon. Russen på Bømlo har gjennom dette eit godt rykte og ein viktig rolle i lokalsamfunnet. Slike verdiar må me byggja opp om. Kvalitet i ein framtidig vidaregåande skule på Bømlo Dei vidaregåande skulane i Bømlo har til no levd i godt naboskap med god kvalitet kvar på sin måte. Det er råd å ha god oversikt, elevane blir sett og verdsett, og me har lite problem med fråfall og mobbing. 4

Dersom me i framtida skal sjå for oss ein vidaregåande skule på Bømlo, er det viktig for oss å signalisera at tverrfagleg styrke, breidde og kvalitet på tilbodet må vera minst like godt som det me samla har på dei to skulane i dag. Med andre ord: Ingen av noverande tilbod må forhandlast ut av kommunen. Ved ei samlokalisering av skulane i Bømlo skal målet framleis vera å vidareutvikla kvalitet og trivsel. Me vil særleg framheva: 1. Ei god breidde i fagtilboda som gir elevane reelle val. Då har skulen fleire bein å stå på ved svingingar i konjunkturar. Den vidaregåande skulen på Bømlo har, og vil ha gode føresetnader og nærleik også når det gjeld kurs og oppdrag for næringslivet. Skulebruksplanen er oppteken av store fagmiljø og mange parallellar. Me vil derimot hevda at store, einsarta fagmiljø lett kan bli seg sjølv nok, og då stoppar gjerne både utvikling og vidsyn opp. Erfaringa vår er at sterke fagmiljø ikkje alltid er avhengig av talet på personar, men at skulen har høg trivsel og greier å skapa eit godt samarbeid både innover og utetter, både til andre vidaregåande skular, grunnskulen, lokalt arbeidsliv, høgskule og universitetsmiljø, læremiddelbransje og internasjonale miljø. Teknologien opnar stadig opp for nye samarbeidsformer. 2. Oversiktleg skulemiljø. Det er lett å tapa ansvarskjensle og lojalitet for sin eigen skule og arbeidsplass dersom miljøet blir for stort og uoversiktleg. Våre oversiktlege skular med lokal tilknyting har låg fråfallsprosent. Utviklinga i samfunnet viser at stadig fleire elevar slit psykisk og sosialt. Dette skal tilsette takla saman med dei faglege utfordringane. I denne samanhengen må me sjå verdien i at små og oversiktlege forhold der fleire kan vera «tett på», kan vera avgjerande for at elevar skal lukkast i kvardagen. Folkehelseprofilen for Bømlo viser at fleire her fullfører vidaregåande skule enn det som er vanleg elles i landet. Dersom det blir ein skule med 400 500 elevar, må me arbeida medvite med skulemiljøet og skulekulturen, slik at me skaper ein skule som framleis fungerer godt både fagleg og sosialt. 3. Elevar med særskilte behov skal kunna integrerast og inkluderast i den vanlege skulekvardagen der dei blir sett og respektert. Nærleik er viktig for sårbare elevar og foreldra deira. Funksjonsfriske elevar lærer mykje av å ha relasjonar til dei som treng noko ekstra. 4. Ved ein vidaregåande skule på Bømlo må det vera plass til alle elevar og personale slik at dei møtest dagleg i arealet, slik som t.d. «Torg/Fugleberg» fungerer på Bømlo vidaregåande skule i dag. Det kan vera avgjerande for oversikt, samkjensle og trivsel. 5. Dynamikken mellom yrkesfag og studiespesialiserande fag skal framleis skapa nytenking og skuleutvikling. Den gode faglege kompetansen me i dag har i heile personalet vårt, må me ta vare på og vidareutvikla. Skulen skal vera fagleg attraktiv for framtidige nye elevar, lærarar og lokalsamfunnet. Me viser elles til samandraget i skulebruksplanen s. 3 der det står: Før skolar kan leggjast ned og fagtilbod flyttast eller samlast, må mottakarskolane ha tilstrekkeleg plass og god tilrettelegging. 5

Sakshandsaming av forslaget til skulebruksplan Som rektorar set me no vår lit til at kvar og ein av dei folkevalde tek seg tid til å setja seg grundig inn i høyringsutkastet, og reflekterer over kva følgjer dei ulike alternativa vil få. Me forventar at dei les og vurderer innspela til høyringsutkastet grundig, før dei gjer endeleg vedtak i saka. Me ønskjer å tru at våre folkevalde ikkje berre let seg blinda av kortsiktige «stordriftsfordelar», men at dei gjer kloke vurderingar og vedtak som gagnar ungdommen vår, og som på sikt er samfunnsøkonomiske, og som gjer det mogeleg for dei unge å sjå ei framtid i distrikta der så mange ressursar for verdiskaping ligg. Konklusjon Basert på det som er skildra over, er vårt krav: Ved ei samanslåing av skulane på Bømlo, er kravet ei samlokalisering i eit framtidsretta bygg, eit kraftsenter i kommunen med god balanse mellom yrkesfag og studieførebuande fag, inkludert tilrettelegging for elevar med særskilte behov. Resultatet ved ei samanslåing og samlokalisering må bidra til endå betre læringsutbyte for elevane, meistring og trivsel for alle i skulesamfunnet. Det gode samspelet og dei gode ringverknadene som finst i dag, må haldast ved like og vidareførast både i eige lokalsamfunn og i samfunnet elles. 30.08.2012 Rune Gåsland og Inger Lise Kippersund 17.09.12 Skulemiljøutvalet ved Bømlo vidaregåande skule v/ Rektor: Inger Lise Kippersund Representantar for pedagogisk tilsette: Øyvind Mongstad, Rebecca Hildebrandt Paulin, Representant for ikkje pedagogisk personale: Marianne Økland Verneombod: Rigmor Bjerche Representantar for elevane på programområde for studiespesialisering: Roy André Larsen, Jørgen Kallevåg Representantar for elevane på programområde for Helse og oppvekstfag: Tommy Gjerde Holme, Kristina Wattum Representantar for elevane på programområde for Service og samferdsel: Marte Melvold, Øyvind Sortland Representant for elevane på Vg3 Påbygging til generell studiekompetanse: Marlene Larsen 6