Felles landbrukskontor for Sel og Vågå Miljødirektoratet Postboks 5672 Sluppen 7485 TRONDHEIM Delegert vedtak -16/222 Vår ref Dykkar ref: Saksbehandlar Dato 2010/1134/26/K40 2014/12525 Anna Bilstad 27.06.2016 anna.bilstad@vaga.kommune.no Saka gjeld: Høyring- Forslag til ny forskrift om jakttider Saksopplysning: Miljødirektoratet har sendt på høyring forslag til ny forskrift om jakt- og fangsttider samt sanking av egg og dun for perioden 1. april 2017-31. mars 2022. Jakttidene er eit viktig verkemedel i forvaltninga av viltressursane, og som rammevilkår for jegerar og andre friluftsutøvarar. Erfaringar frå dei siste åra viser at jakttidene stort sett fungerer godt i forhold til forvaltning, og har samtidig god allmenn aksept. Det er derfor ikkje behov for omfattande endringar ved revidering av forskrifta. Endringar i status for viltartar i Norsk rødliste for arter 2015 frå Artsdatabanken er ein viktig del av kunnskapsgrunnlaget for høyringa på nye jakttider. I tillegg har det vore ønskje frå miljødirektoratet om å gjere det enkelt for både jegerar og andre brukarar av utmarka å orientere seg, og det er derfor prioritert meir heilskaplege jakttider for heile landet. Gjeldande forskrift: Forskrift om jakt- og fangsttider samt sanking av egg og dun for jaktsesongene fra og med 1. april 2012 til og med 31. mars 2017, link lovdata: https://lovdata.no/dokument/sf/forskrift/2012-03-01-190?q Gjeldande forskrift: Forskrift om utvida jakttid for elg fra 1. november 2012 til og med 31. mars 2017, Oppland, link lovdata: https://lovdata.no/dokument/mv/forskrift/2012-09-19-950?q Kommuneadministrasjonen i Vågå, Nord-Fron og Sel har samarbeidt om uttale. Vurdering: Postadresse Besøksadresse Telefon Bank Edvard Stormsveg 2 Edvard Stormsveg 2 61 29 36 00 2120 07 20145 2680 Vågå 2680 Vågå Telefaks Org.nr E-post: postmottak@vaga.kommune.no www.vagal.kommune.no 61 29 36 01 939 607 706
Side 2 av 2 Det er i høyringsforslaget føreslege endringar i jakttidsforskrifta for to artar som vil ha noko å seie for Sel kommune, dvs. elg og rype. Elg: For elg er det føreslege to alternativ for jakttider, og i høyringsnotatet skriv miljødirektoratet følgjande: Ett enkelt forslag til jakttider på elg løser ikke alle utfordringer og kan ikke imøtekomme alle ønsker og behov. Vi hører derfor på to ulike alternativer for jakttider på elg i perioden 2017 2022. Begge alternativene har fordeler og ulemper. Alternativ 1, kort elgjakt med mulighet for innskrenking i forkant og utvidelse i bakkant 2. Jakttider I de kommuner hvor det er åpnet for adgang til elgjakt - 25.9-31.10. Alternativ 2, lang elgjakt med mulighet for innskrenking i forkant og bakkant 2. Jakttider I de kommuner hvor det er åpnet for adgang til elgjakt - 25.9-23.12. Nord-Fron, Sel og Vågå kommunar har over fleire år hatt utvida jakttid i perioden fram tom. 31.1 på grunn av trekkande elg til vinterbeiteområda i Murudalsområdet og vidare nordover til Vågå. Ser ein på Oppland har 13 kommunar i dag utvida jakttid på elg tom. 23.12. Ein er ikkje kjent med at lang jakttid på elg har medført vesentleg konflikt mellom småviltjegerar og storviltjegerar, eller andre friluftsinteresser. Administrasjonen rår til alternativ 2 når det gjeld elg, dvs. ordinær jakttidsramme i perioden 25.9-23.12. Dette vil gje tilsvarande jakttidsramme som ein har for hjort, og det synes naturleg at jakttidsrammene for elg og hjort følgjer kvarandre. Det må vere opp til jaktrettshavarane om dei eventuelt ønskjer å innskrenke jakttida. Tidlegare år har fylkeskommunen hatt delegert myndigheit til å fastsette forskrift om utvida jakttid i januar dersom skadegjerande trekkande viltbestand fører til dokumenterte beiteskadar. I høyringsforslaget føreslår miljødirektoratet å ta bort fylkeskommunen sin myndigheit til å fastsette utvida jakttid for elg i januar etter søknad. Dette inneber at kommunar som ønskjer utvida jakttid i januar må søkje til miljødirektoratet. Administrasjonen meiner forslaget er uheldig ettersom det vil skape større avstand mellom forvaltningsnivåa. Fylkeskommunen er generelt betre kjend med lokale forhold, og korleis situasjonen med trekkande elg har utvikla seg over fleire år. Myndigheit til å fastsette utvida jakttid i januar bør derfor framleis ligge lokalt hjå fylkeskommunen. Nord-Fron, Sel og Vågå kommunar hadde den 24.5.2016 møte med jaktrettshavarane innafor dei nemnde kommunar, og det er full semje om at myndigheit til å fastsette forskrift om utvida jakttid i januar bør ligge hjå fylkeskommunen. Tidspunktet for hovudtrekket av trekkande elg til Murudalsområdet og vidare nordover til Vågå er i stor grad bestemt av mengda med snø, og ofte kan det vere lite snø i desember og januar slik at få dyr er på trekk. Dette gjer at det er nødvendig å ha moglegheit til å ta ein del av uttaket av trekkande elg i januar og gjerne første halvdel av februar. For 2015/2016 kom trekket seint i januar og det vart derfor bare teke ut totalt 24 dyr. Kvart av dei to føregåande åra vart det teke ut over 100 dyr. Dette viser at utvida jakttid på elg i vårt område burde vore gjort gjeldande fram til 15.2.
Side 3 av 3 Det ligg føre god oversikt over tal på trekkande elg til Murudalsområdet og vidare nordover til Vågå. Det har over lengre tid vore telt trekkande elg ut på våren og det har vore ført statistikk over felte dyr. Statistikk ligg vedlagt. Når det gjeld jaktrettshavarane innanfor Oppland Hjorteviltregion så har desse delte meiningar når det gjeld utvida jakttid. Det er kommunane i nord, dvs. Vågå, Sel og Nord-Fron som har store beiteskadar på grunn av trekkande elg til vinterbeiteområda, medan kommunane sørover ikkje har dette problemet. Dette medfører at det ikkje er vilje på jaktrettshavarnivå til å få til ein heilskapleg forvaltningspolitikk for elg over større område i Oppland, både i forhold til uttak og profil i uttaket. Da får ein heller ikkje redusert talet på trekkande elg til Murudalsområdet og vidare nordover til Vågå i tilstrekkeleg grad. Uttak av elg i utvida jakttid, der ein faktisk tek ut trekkande elg når dei er i aktuelt vinterbeiteområde, er det einaste reelle forvaltningsverktøyet jaktrettshavarane har. Det blir stadig arbeidd med å få til ei felles forvaltning av elg innanfor Oppland Hjorteviltregion, slik at behovet for uttak av trekkande elg forhåpentlegvis skal bli mindre, men det er ikkje enkelt å kome fram til ei løysing. Det var ei felles synfaring/diskusjonsmøte i Murudalsområdet i juni 2016, der temaet vil vere samarbeid når det gjeld forvaltning av elg. Kommunal administrasjon, jaktrettshavarar frå Gausdal og nordover og fylkeskommunen deltok. Dette for å få ei felles forståing av utfordringane som kommunane i nord har med trekkande elg. Faun naturforvaltning AS gjennomfører sommaren 2016 på oppdrag frå Nord-Fron, Sel og Vågå kommunar beitetaksering innafor areal som blir nytta av trekkelg. Dette vil vere eit viktig grunnlagsdokument for å dokumentere kva for utfordring vi har med trekkande elg. I Nord-Fron kommune har Fron Vest bestandsplanområde gjennomført beitetaksering i 2007 og 2011. Takstane viser at det har vore sterk overbeiting over lang tid i Murudalsområdet, med noko letnad i perioden 2007-2011. I denne perioden har beiteskadane auka vesentleg lengre nord, spesielt i Langmorkje allmenning i Vågå kommune. Tilsvarande visar takstane at det generelt er hard beiting, og gradvis sterk og stabil overbeiting i Vinstradalen. Ein av hovudkonklusjonane i beitetakstane er at det må til ein betydeleg reduksjon av elgbestanden, og at ein stor del av denne reduksjonen bør måltettast mot trekkande elg. Det er også eit ønskje om å få til eit elgmerkeprosjekt for å få meir opplysningar om trekket og kor langt sør elgen trekker frå. Nord-Fron, Sel og Vågå kommunar har søkt fylkeskommunen om tilskot til å få gjennomført eit forprosjekt. Teknologien er under stadig utvikling og det bør greiast ut kva for moglege teknologiske løysningar som kan nyttast i eit slikt prosjekt. Oppsummering elg: Administrasjonen rår til alternativ 2 når det gjeld elg, dvs. ordinær jakttidsramme i perioden 25.9-23.12. Utførte beitetakseringar viser at ein har omfattande beiteskadar i vinterbeiteområda med trekkande elg fleire stadar i kommunen. Uttak av trekkande elg når dei er i aktuelt vinterbeiteområde er det einaste reelle forvaltningsverktøyet jaktrettshavarane har. Teljing av elg ut frå vinterbeiteområda våren 2016 viste det høgste talet sidan 1989 med 694 dyr. Administrasjonen er ikkje kjend med at lang jakttid på elg har medført vesentleg konflikt mellom småviltjegerar og storviltjegerar, eller andre friluftsinteresser. Det må vere opp til jaktrettshavarane om dei ønskjer å innskrenke jakttida.
Side 4 av 4 Administrasjonen meiner at myndigheit til å fastsette forskrift om utvida jakttid i januar må liggje hjå fylkeskommunen slik det har gjort tidlegare år, då fylkeskommunen kjenner dei lokale forholda best. Myndigheit til å fastsette forskrift om utvida jakttid bør gjelde fram til 15.2. Tidspunktet for hovudtrekket av trekkande elg inn til Murudalsområdet og vidare nordover til Vågå er i stor grad bestemt av mengda med snø, og ofte kan det vere lite sno i desember og januar slik at få dyr er på trekk. Rype: Det er i høyringsforslaget føreslege endring i ordinær jakttidsramme for lirype og fjellrype, samt endring når det gjeld tilgang til snarefangst av rype. Gjeldane jakttidsramme har vore i perioden 10.9-28.29/2. Miljødirektoratet føreslår no ei innkorting av jakttidsramma slik at den vil gjelde for perioden 10.9-23.12. Dette er stort sett grunngjeve med at lirypa og fjellrypa har hamna i kategorien nært truga (NT) i den siste raudlistevurderinga frå 2015. Miljødirektoratet viser sjølve til at jaktrettshavarane rundt om i landet er bevisste i forhold til regulering av uttak under jakta når det på førehand er taksert lite fugl. Fleire jaktrettshavarar praktiserer maks uttak per jeger per dag/veke, og enkelte jaktrettshavarar fredar sine terreng heilt mot jakt. Som også miljødirektoratet er inne på, er jakt bare ein av mange grunnar til nedgang i rypebestanden. Dette er nok heilt rett, og det er fleire som meiner at jaktuttak har vesentleg mindre å seie for rypebestanden enn predatoruttak. Administrasjonen meiner ei innskrenking i jakttidsramma på rype ikkje vil vere målretta nok i forhold til problemstillinga, dersom ein ikkje samstundes innfører insitament/tiltak i forhold til å redusere bestanden av aktuelle predatorarar. Administrasjonen meiner at jakttidsramma for rype bør vere som ho er i dag, og at det må vere opp til jaktrettshavarane å innskrenke jakttida dersom det er behov for dette. Ein oppmodar miljødirektoratet til å sjå på insitament/tiltak for å redusere bestanden av dei viktigaste predatorane på rype. Vedtak: Sel kommune har føljande merknader til ny forskrift om jakt- og fangsttider samt sanking av egg og dun for perioden 1. april 2017-31. mars 2022: 1. Sel kommune rår til alternativ 2 når det gjeld elg, dvs. ordinær jakttidsramme i perioden 25.9-23.12. Det er lite konfliktnivå med andre brukarar av utmarka i Sel, og det må vere opp til jaktrettshavarane om dei ønskjer å innskrenke jakttida. 2. Sel kommune rår til at myndigheit til å fastsette forskrift om utvida jakttid i januar framleis må ligge hjå fylkeskommunen, då fylkeskommunen kjenner dei lokale forholda best. 3. Sel kommune rår til at myndigheit til å fastsette forskrift om utvida jakttid bør gjelde fram til 15.2. Tidspunktet for hovudtrekket av trekkande elg inn til Murudalsområdet og vidare nordover til Vågå er i stor grad bestemt av mengda med snø, og ofte kan det vere lite snø i desember og januar slik at få dyr er på trekk. 4. Sel kommune rår til at jakttidsramma for lirype- og fjellrype blir som i dag, dvs. jakttidsramme i perioden 10.9-28.29/2. Det må vere opp til jaktrettshavarane om dei ønskjer å innskrenke jakttida. Ein oppmodar miljødirektoratet til å sjå på insitament/tiltak for å redusere bestanden av dei viktigaste predatorane på rype.
Side 5 av 5 Med helsing Anna Bilstad Skogbrukssjef Dokumentet er godkjent elektronisk og er derfor ikke signert.