HORDALAND FYLKESKOMMUNE Strategi- og næringsavdelinga Arkivsak 200802866-20 Arkivnr. 027 Saksh. Torgersen, Matti Saksgang Møtedato Fylkesutvalet 19.11.2008-20.11.2008 OT. PRP. 10 (2008-2009) - OM LOV OM ENDRINGER I FORVALTNINGSLOVGIVNINGEN MV. (GJENNOMFØRING AV FORVALTNINGSREFORMEN) SAMANDRAG Ot.prp. nr. 10 (2008-2009) om forvaltningsreforma vart lagt fram 24. oktober. Denne saka gjer kort greie for innhaldet og kva for oppgåver som det er gjort framlegg om skal overførast til fylkeskommunane. Kommunalkomiteen gjev innstilling i saka 9. desember, og den skal opp i Odelstinget 15. desember. Fylkesrådmannen vil setje i gang eit arbeid for å klargjere kva for konsekvensar oppgåvene vil få for fylkeskommunen. Nokre sentrale spørsmål som det må arbeidast med er: Organisatorisk innplassering av dei nye funksjonane. Har fylkeskommunen den rette kompetanse, kva for kompetanse vert overført og kor må ein utvikle/rekruttere ny kompetanse. Utvikling av politikkområde. Det er viktig at dei nye oppgåvene ikkje berre blir løyst som reine forvaltningsoppgåver, men at løysinga blir sett inn i ein regionalpolitisk kontekst. Geografisk inndeling av regionale forskingsfond. Skal ein ta sikte på å etablere regionalt innovasjonsselskap Dei budsjettmessige konsekvensane vert klårgjorde i kommuneproposisjonen som kjem i mai 2009.
FORSLAG TIL VEDTAK Saka vert teke til orientering Paul M. Nilsen Jan Per Styve 2
FYLKESRÅDMANNEN, 10.11.2008: Innleiing Ot.prp. nr. 10 (2008-2009) om forvaltningsreforma vart lagt fram 24. oktober. Denne saka gjer kort greie for innhaldet og kva for oppgåver som det er gjort framlegg om skal overførast til fylkeskommunane. Ei første orientering vart gjort i melding 247/08 i fylkesutvalet 29. oktober. Kommunalkomiteen gjev innstilling i saka 9. desember, og den skal opp i Odelstinget 15. desember. Det blir ikkje lagt opp til høyring i komiteen i denne omgang, da komiteen meiner saka er grundig belyst gjennom fleire rundar. Det er grunn til å tru at innhaldet er såpass klarert med Stortinget at det neppe blir vesentlege endringar gjennom deira handsaming. Ikkje klårgjorte område I høve til høyringsnotatet som Kommunal- og regionaldepartementet la fram i vår, er det gjort nokre endringar. Det er også fleire oppgåver som enno ikkje er klårlagt. Av sentrale område som enno ikkje er klårlagde: - Folkehelse, der det etter planen skal bli lagt fram eit høyringsnotat i april 2009. Det er grunn til å tru at folkehelse vert ei lovforankra oppgåve for fylkeskommunane. - Øvrige riksvegar vert overførte, men nærare om dette kjem først i Nasjonal Transportplan. Det blir deretter utarbeidd ei Ot.prp om lovendringar knytt til samferdsel, med påfølgjande endringar i forskrifter. Det ser ut til at Statens Vegvesen vert oppretthalde som i dag. - Det er fleire ulike prosessar i gang innan kulturområdet, der den som truleg får størst betyding er spelemidlar til idrettsføremål og til investeringstiltak på kulturområdet. Kultur- og kyrkjedepartmentet arbeider med ei konkretisering av dette. Det ser ikkje ut til at det vert føreslått å overføre oppgåver innan Norsk kulturråd til fylkeskommunane. Elles gjenstår arbeid på ei rekkje område før alle detaljane er klårlagde. Dei økonomiske rammene vert handsama først i kommuneøkonomiproposisjonen som kjem i mai 2009. Sjå tabell under for oversyn over kva som det blir gjort framlegg om skal overførast, samt vidare prosessar knytt til einskildområde. Kva er det fylkeskommunen får av nye oppgåver Fylkeskommunen får gjennom reformen ei stor ny oppgåve som det er knytt sterk politisk interesse til nemleg øvrige riksvegar inkludert riksvegferjer. Elles er inntrykket at fylkeskommunen ikkje kjem til å få nye store verkemiddel. Verknadene i form av økonomiske ressursar og lovheimlar ser ut til å vere relativt avgrensa, det same gjeld overføring av personar til å forvalte nye verkemiddel. Det er fleire politikkområde der fylkeskommunen vil få verkemiddel og større påverknad: Ansvar for øvrige riksvegar inklusiv tilhøyrande ferjer Styrkt rolle innan næringsutvikling gjennom regionale forskingsfond, regionale innovasjonsselskap og deleigarskap i Innovasjon Norge. Styrkt rolle innan marin ressursforvalting Utvida ansvar innan landbruk- og matområdet. Friluftsliv, klima, miljø og samfunnsplanlegging Sjølv om forvaltningsreforma med nokre unnatak ikkje tilfører fylkeskommunane vesentlege nye verkemiddel, opnar den for at fylkeskommunane vil kunne gjere seg meir gjeldande innan diverse politikkområde. Det vesentlege er no å gripe dei mulegheiter som ligg i forvaltingsreforma, og løyse desse på ei god måte. Dette vil på sikt kunne styrkje fylkeskommunen som regionalpolitisk aktør. Vi må vise at vi er i stand til å løyse nye oppgåver på ei god måte, slik at fylkeskommunane på sikt kan framstå som ein styrkt regionalpolitisk aktør. Det er grunn til å peike på at rolla som regional utviklingsaktør ikkje tilførte fylkeskommunane monaleg nye verkemiddel. Men fylkeskommunane har løyst denne rolla på ei slik måte at 3
fylkeskommunane har kome styrkt ut dei siste åra. Slik kan det også verte med forvaltningsreforma, dersom vi utnyttar dei mulegheitene som ligg i reforma. Sentrale spørsmål Fylkesrådmannen kjenner ikkje i dag i detalj kva for prosessar som det vert lagt opp til i samband av overføring av dei andre oppgåvene, som marin forvalting, oppgåver innan landbruk og miljø osb. Dette er nok spørsmål som vert avklare etter kvart. Fylkesrådmannen vil setje i gang eit arbeid for å klargjere kva for konsekvensar oppgåvene vil få for fylkeskommunen. Noen sentrale spørsmål som det må arbeidast med er: Organisatorisk innplassering av dei nye funksjonane. Har vi den rette kompetanse, kva for kompetanse vert overført og kor må vi utvikle/rekruttere ny kompetanse. Det kan bli aktuelt å marknadsføre fylkeskommunen i høve til aktuelle mulege personar som kan bli omfatta av reforma. Utvikling av politikkområde. Sjølv om vi får personressursar overførte, er det viktig å ha eit bevisst forhold til korleis desse oppgåvene skal løysast. Det er viktig at dei nye oppgåvene ikkje berre blir løyst som reine forvaltningsoppgåver, men at løysinga blir sett inn i ein regionalpolitisk kontekst. Budsjett. I kommuneproposisjonen for 2010 som kjem i mai 2009 vert det gjort greie for kva for konsekvensar reforma får for budsjettet, under dette blir det endringar i rammefinansieringssystemet. Sjølv om vi først veit fasiten i mai, kan det vere grunn til å starte opp eit førebuande arbeid knytt til budsjett og budsjettstruktur, og korleis vi kan innpasse nye ordningar inn i budsjettet vårt. Skal vi gjere endringar i vår budsjettstruktur, og kva for budsjettmessige konsekvensar dette vil få. Geografisk inndeling av regionale forskingsfond. Skal vi ta sikte på å etablere regionalt innovasjonsselskap. Fylkesrådmannen vil etter kvart kome attende til desse spørsmåla. Nedanfor er det gitt eit oversyn over kva for oppgåver som i følgje odelstingsproposisjonen vert overførte. 4
Namn på oppgåve Kva den inneberer Prosess Folkehelse Ikkje avklart. Det blir truleg Høyringsnotat er varsla i april 2009. lovfesting av fylkeskommunalt ansvar for folkehelse. Andre riksvegar (riksvegar unntatt stamvegar), inklusiv ferjer Fylkeskommunane får ansvar for om lag 80 % av det offentlege vegnettet (unnateke kommunal veg). Organisasjonen Statens Vegvesen blir oppretthalde som i Økonomiske og administrative konsekvensar i NTP januar 2009. Ot.prp. om lovendringar våren 2009. Nytt finansieringssystem i kommuneøkonomiproposisjonen mai Jernbane Regionale forskingsfond Studieforbund Spelemidlar til idrettsføremål Spelemidlar til investeringstiltak på kulturområdet Skulekonsertordninga Styrerepresentasjon til kulturføremål dag. Samarbeid om utvikling av eit samanhengande kollektivtilbod, ruteplanlegging/samordning og info/billettering, takstsystem og stasjonsutvikling Avsett fondsmidlar på 6 mrd. Kr. i statsbudsjettet for 2009. 5-7 fond på landsbasis. NOU 2007:11 gjort framlegg om at friviljug, fortenestefri opplæring utafor det formelle utdanningssystemet. Utbygging og rehabilitering av idrettsanlegg Midlar til regionale møteplassar og formidlingsarenaer for kultur blir kanalisert inn i den desentraliserte ordninga for kulturhus. Rikskonsertane og fylkeskommunane samarbeider om produksjon Hovudregel om at fylkeskommunen skal gjere framlegg om styreleiar og nokre ev alle styremedlemene. Skal vurderast konkret for kvar einskild institusjon 2009 Ikkje konkludert Kjem i NTP Fylkeskommunane må sjølve finne fram til inndeling. NFR og fylkeskommunane skal arbeide fram ny organisering av forskingsfond. Etter dette vil NHD kartleggje økonomiske og administrative konsekvensar Framlegg til ny lov blir sendt på høyring våren 2009 Kultur- og kyrkjedepartementet skal gå igjennom kriterium for tildeling av tilskotsbeløp i 2008 Gjeldane avtaler går ut ved årsskiftet 2008/09. Skal forhandlast på nytt Bibliotek og arkiv Ikkje avklart To st.meld hausten 2008, ei om digitalisering og ei om folke- og skulebiblioteka si rolle Norsk kulturråd Friluftsliv Ikkje avklart, men truleg inga oppgåver til regionalt nivå Ansvar for å informere og ivareta allemannsretten i kommunale planar, bistå kommunane, saksførebuing av sikringssaker, forvalting av statlege tilskotsordningar, samarbeide med friviljuge organisasjonar, datautvikling, rettleiing til Ikkje tidfesta oppfølging Endringar i friluftslova skal vere på plass innan 1.1-2010. 5
Klima Motorisert ferdsel i utmark Områdevern Regionale innovasjonsselskap Midlar til rekruttering og kompetanseheving innan landbruk Verdiskaping innan landbruk Klimapolitikk innan landbruk Fylkeslandbruksstyret sine oppgåver Deleigarskap i Innovasjon Norge Akvakulturforvalting Planrelatert akvakulturforvalting Havressursforvalting kommunar, publikum og andre partar. Krav om energi- og klimaplan. Oppgåver knytt til plan- og bygningslova (samordna areal- og transportplanlegging), innfriing av klimakrav i eiga produksjon. Ei stilling pr fylkeskommune. Ev ny lov om motorisert ferdsel i utmark der oppgåvefordeling mellom kommunar, fylkesmannen og fylkeskommunen vert klårgjort Ikkje avklart. Gjeld områdevernet (saksførebuing etter naturvernlova og forvalting) Friviljug å opprette regionale innovasjonsselskap der fylkeskommunen kan kome inn på eigarsida saman med SIVA (som skal vere minoritetsaksjonær) og andre aktørar. Overføring av verkemiddel på om lag 20 mill.kr. Få ansvar for matprogrammet, trebasert innovasjonsprogram og bioenergiprogrammet. Oppnemne representant til nasjonale møtearenaer, samt delta i revidering av nasjonal næringsstrategi på landbruks- og matområdet. Ikkje avklart Fylkeskommunane overtek uttaleretten til landbrukspolitiske saker, og å gje innspel til dei årlege landbruksoppgjera. Ansvar for jordvernet Fylkeskommunane skal eiga til saman 49% av Innovasjon Norge. Tildeling nye matfiskkonsesjonar, tildeling og utsteding av nye havbeiteløyve, endring av eksisterande akvakulturløyver, klarering av lokalitetar, diverse andre løyver. Motsegn på vegne av havbruksinteresser i kommunale kystsoneplanprosessar, ansvarleg mynde i høve KU-forskrifta si bestemmingar om akvakulturanlegg Skulekvotar, fordeling av kvotar på kystsel, Kongekrabbeforvaltning. Lokale fiskerireguleringar og høsting av Ot prp i løpet av 2008-09. Ot.prp. våren 2009 LMD kome attende til rolle og oppgåver for fylkeskommunane 6
Fagskuleutdanning Oppnemne eksterne styrerepresentantar til dei statlege høgskulane Kvalitetsutviklingstiltak innan grunnopplæring Forvalting av haustbare viltartar og ikkje trua artar av innlandsfisk og ferskvassorganismar Vassregionmynde tang og tare. Fylkeskommunane skal syte for at det er eit fagskuletilbod. Innlemme øyremerkte tilskot i rammetilskotet. Fylkeskommunen oppnemner 2 representantar til dei statlege høgskulane Etter oppdrag frå departementet rettleie og bidra til kvalitetsutvikling som m.a. gir god samanheng mellom grunnskule og vidaregåande opplæring Oppgåver knytt til å sikre bestanden av artane. Fylkeskommunane får i ansvar å drive prosessane, og sørgje for at planframlegget fyller kvalitetskrav Kunnskapsdepartementet kan gje forskrifter 7