saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 10.01.2014 1731/2014 Lisbeth Nervik Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet 28.01.2014 Statusrapport akvakulturforvalting og fiskeri 2013 Akvakulturforvalting: Vedtak fatta etter akvakulturlova Løyve i perioden i 2013 31 Avslag i perioden i 2013 3 Akvakultursøknader under behandling Laks og aure i sjø 22 Laks og aure på land (landbasert) 8 Andre arter i sjø (torsk =5, Kveite = 1) 8 Andre arter på land (torsk ++) 0 Skaldyr 1 Havbeite 0 * Løyver i perioden er meste lokalitetsklareringar for laks og aure, men kan også vere nye løyver for settefisk av laks og aure + løyver generelt til marine artar og skjell. Det har ikkje vore skrive ut nye løyver for laks og aure sidan førre tildelingsrunde i 2009. Lokalitetsklarering kan t.d. vere: geografisk endring av anlegg, at det vert lagt til ein fôrflåte, utviding av MTB på eksisterande lokaliteter m.m. Lakselus status Lakselus er ein naturleg parasitt på laksefisk i saltvatn, og er funne i alle havområder på den nordlege halvkule. Lakselus er den vanlegaste parasitten på oppdrettslaks, og ei stor utfordring for oppdrettsnæringa. Omfanget har auka mykje i takt med veksten i oppdrettsnæringa. Meir oppdrettslaks betyr fleire vertar som lusa kan feste seg på, og fleire lus som spreiar seg vidare. Frå 2013 har myndigheitene fastsatt ei maksimalgrense på 0,5 voksen holus per fisk. Lakseselskapa må derfor sørgje for å sette inn tiltak i god tid før dei når denne grensa. Medisinen ein har mot lakselus verkar ikkje like effektivt lenger, fordi lusa har vorte meir motstandsdyktig (reistent). Det gjer det vanskeleg å bekjempe parasitten og halde nivået lågt i oppdrettsanlegga. Tiltak som er satt i gang og som har hatt god effekt er samordna avlusingar i større områder, og bruk av heildekkande presenning i avlusingane.
Side 2 Det vert også jobba aktivt med alternative metodar for avlusing, der det også vert fokusert på metodar retta mot dei tidlege lusestadiane. Fordelen med dette er at den naturlege utviklinga til voksen holus vert broten, og dermed stoppar oppformeiringa av lakselus. Ut frå lusestatstikken om Møre og Romsdal: Noreg Møre og Romsdal 2011 2012 2013
Side 3 Kjelde: www.lusedata.no Marknad: Dei største sjømatmarknadane, etter verdi. Volum i 1 000 tonn og verdi i mrd. NOK. Volum Verdi Volum Verdi Totalt 2 306 61,046 2 528 52,109 EU 1 240 36,072 1 386 29,957 Russland 298 6,577 3,24 5,955 Frankrike 150 5,899 164 3,904 Polen 178 5,723 160 3,854 Danmark 166 4,155 212 3,400 Storbritannia 96 2,746 121 2,403 Norsk eksport av laks omrekna til rund vekt. Volum i 1 000 tonn og verdi i mrd. NOK. Volum Verdi Volum Verdi Totalt 1 100 39,806 1 139 29,563 EU 752 26,484 755 18,980 Frankrike 151 5,316 161 4,078 Polen 143 4,983 133 3,220 Russland 118 4,236 145 3,573 Danmark 74 2,537 80 1,855 Storbritannia 56 1,834 47 1,234 Norsk eksport av klippfisk. Volum i 1 000 tonn og verdi i mrd. NOK. Pris som NOK/kg. Volum Verdi Pris Volum Verdi Pris Totalt 97,0 3,090 31,85 95,0 3,569 37,57 EU 32,9 1,161 35,33 33,2 1,406 42,37 Portugal 24,4 0,870 35,71 24,9 1,072 43,04 Brasil 25,7 0,852 33,17 28,1 1,091 38,88
Side 4 Eksport fersk laks 2011 2012 2013 Kommentarar Noreg eksporterte i fjor sjømat for NOK 61 mrd. Dette er 17 % meir enn året før, og heile 13 % høgare enn den tidlegare rekorden på 53,8 mrd. frå 2010. Etterspurnaden etter norsk laks er hovudårsaka til eksportrekorden, som har ført til høge prisar i 2013. Eksporten av laks var på NOK 39,8 mrd. i 2013. dette er den høgaste lakseeksporten nokosinne, og 35 % meir enn i 2012. Gjennomsnittsprisen for fersk heil laks var på 39,74 kr/kg, eller 44 % meir enn året før. Eksporten av aure auka med NOK 580 mill., til NOK 2,4 mrd. Auka kom som følgje av høgare prisar. Totalt ble det eksportert 56 000 tonn aure i 2013, omtrent det same som for 2012. Prisen for fersk heil aure auka med 11,87 kr/kg til 41,53 kr/kg, eller 40 % samanlikna med 2012. Dette er NOK 1,80 høgare enn for fersk, heil laks. Den totale norske eksporten av laks og aure var i 2013 på NOK 42,2 mrd. Eksporten av fersk og fryst heil torsk frå Noreg har aldri vore høgare eller hatt større inntekt enn i 2013. Kvoten på torsk har som kjent vært stor, så denne delen av sjømatnæringa har teke kraftige priskutt for å få denne posisjonen. Ved slutten av året hadde Noreg eksportert 56 % meir fersk torsk enn i 2012, og verdien av denne eksporten var 19 % høgare. Når det gjelder anna sjømat har Noreg eksportert pelagisk fisk for Nok 6,5 mrd. i 2013. Nedgangen på 18 % frå i fjor skyldast hovudsakeleg lågare kvotar og lågare priser på sild. Makrelleksporten var på NOK 2,9 mrd., ein nedgang på 4 %. Klippfiskeksporten har gått ned med NOK 479 mill. eller 13,4 % samanlikna med same periode i fjor, samtidig er mengda auka med ca. 2 000 tonn eller 2 % samanlikna med 2012. Tildeling av nye laksekonsesjonar - Grøne løyver I alt 115 av dei i alt 118 søknadane som vart avvist pga. formalkrav har klaga inn avslaga. Ein av klagene meinte bl.a. at avslaga er i strid med forvaltningslova i høve at søkjar ikkje har fått moglegheit til uttale seg før avslag vart gjeve. Berre to firma med som til saman søknader på tre løyver har ikkje klaga (Dåfjorden Klekkeri frå Hordaland og Husvær Seafood frå Nordland). Allereie før jul, torsdag 19. desember, vart det kjent at FKD gjorde om på 28 av dei 118 avslag (gruppe B). Dei øvrige klagene er til handsaming i departementet. Gruppe B er lukka bodrunde med 15 konsesjonar. Fiskeriministeren har uttalt at: «Kven som har den beste løysinga veit vi ikkje enno, men det er ein fordel at flest mogleg får delta i konkurransen».
Side 5 I gruppe B betyr dette at dei 28 søknadane kjem «oppå» dei allereie 48 godkjende søknadene. Faggruppa er godt i gang med å vurdere desse søknadane. Forslag til vedtak: Regional- og næringsutvalet tek statusrapporten om akvakulturforvalting og fiskeri 2013 til orientering. Ottar Brage Guttelvik fylkesrådmann Bergljot Landstad regional- og næringssjef