Pressemelding Organis as jons avdelinga Infor masjonss ek sjonen 5020 Bergen Telef on E -p ost 55 23 99 42 inf ormasjon@hfk.no Stord 12. juni 2012 Vedtak i Hordaland fylkesting 12. juni 2012: Krev 65 % auke i ramma til NTP 2014-23 For å sikra meir klima- og miljøvenleg transport i byområda, naudsynte riksveg- og jernbaneinvesteringar, auka satsing på skredsikring og drift og vedlikehald, må dei økonomiske rammene i Nasjonal transportplan 2014-2023 aukast med 65 % i høve til planramma. Dette er det klåre kravet frå Hordaland fylkesting i fråsegna til Nasjonal transportplan (NTP) 2014-23. Denne delen av fråsegna vart vedteken med 54 (H, Frp, V, Sp, KrF, Ap, MDG) mot 3 røyster (SV og Raudt) på fylkestinget sitt møte på Stord 12. juni. Fråsegna fylkestinget vedtok var i hovudsak eit felles forslag frå Høgre, Fremskrittspartiet, Venstre, Kristeleg folkeparti, Senterpartiet og Arbeidarpartiet som var tilrådd av fylkesutvalet. På dei fleste punkta vart fråsegna vedteken samrøystes eller med dei 53 røystene til desse partia. Sosialistisk Venstreparti fremja alternative forslag og tillegg til ei fleire punkt i innstillinga. Dei fleste av desse fekk 3 røyster og fall. SV sitt forslag om at Rv 555 Sotrasambandet skal planleggjast med kollektivfelt og dimensjonering for Bybane, vart samrøystes vedteke. Fylkestinget sluttar seg til forslaget om å etablera bypakkar/regionpakke Bergen med føresetnad om forpliktande statleg medfinansiering. For å sikra kontinuerleg utbygging av bybanen etter at byggetrinn 3 er ferdigstilt i 2016, og naudsynte veg, gang, kollektiv (m.a. park&ride ved riksvegårene) og sykkelinvesteringar vil statleg medfinansiering på 7-10 mrd. kr i ein regionpakke/bypakke for Bergensområdet vere avgjerande. Det er avgjerande for kommunikasjonane og konkurranseevna på Vestlandet/Hordaland at det vert realisert ferjefri og opprusta E39 med gode tverrsamband så raskt som råd. Til rassikring vil utvalet doble dei nasjonale løyvingane frå ein milliard til to milliardar kroner årleg. Utvalet vil og prioritere drift, vedlikehald og tiltak for å ta att forfallet på riksvegane. Fylkestinget si fråsegn: GENERELT OM PLANFORSLAGET TIL NTP 2014 2023 1. Fylkestinget er positiv til målformuleringane i planforslaget og legg særleg vekt på strategiane om å satsa på tiltak som gjev meir miljøvenleg transport i byområda, regionforstørring, auka gjennomføringsevne og auka satsing på drift- og vedlikehald. BEHOV FOR AUKA ØKONOMISKE RAMMER 2. For å sikra meir klima- og miljøvenleg transport i byområda, naudsynte riksveg- og
jernbaneinvesteringar, auka satsing på skredsikring og drift og vedlikehald, må dei økonomiske rammene i Nasjonal transportplan 2014-2023 aukast med 65 % i høve til planramma. BERGENSOMRÅDET BEHOV FOR STATLEG MEDFINANSIERING 3. Fylkestinget sluttar seg til forslaget om å etablere bypakkar/regionpakke Bergen med føresetnad om forpliktande statleg medfinansiering. 4. For å sikre kontinuerleg utbygging av bybanen etter at byggetrinn 3 er ferdigstilt i 2016, og naudsynte veg, gang, kollektiv (m.a. park&ride ved riksvegårene) og sykkelinvesteringar vil statleg medfinansiering på 7-10 mrd.kr i ein regionpakke/bypakke for Bergensområdet vere avgjerande. 5. Planforslaget peikar på at fylkeskommunane, med dagens inntektsramme, ikkje er i stand til å finansiere auken i driftstilskot til kollektivtrafikken for å utvikle eit kapasitetssterkt og konkurransedyktig kollektivtransportsystem. Fylkestinget krev at fylkeskommunen sine frie inntektsrammer vert auka i samsvar med behovet for auka driftstilskot. 6. Allereide planlagte, høgt prioriterte prosjekt i regionen som då vil inngå i region/bypakkar, må framleis halde sin høge prioritet om ikkje bypakkane skulle bli ein realitet. E39 - OPPRUSTA OG FERJEFRI 7. Det er avgjerande for kommunikasjonane og konkurranseevna på Vestlandet/Hordaland at det vert realisert ferjefri E39 med gode tverrsamband så raskt som råd. Fylkestinget vil prioritera prosjekt som gjev rask realisering. Opprusting og ferjefri E-39 gjennom Hordaland frå nord til sør får særskilt prioritet i NTP 2014-2023. E- 39 er den viktigaste transportåra på Vestlandet. Ein ferjefri E-39 mellom Bergen og Stord, vil saman med realisering av Nyborg-Klauvanesetog ny strekning Os-Bergen bidra til ein meir robust og integrert bu- og arbeidsmarknad i dette området. Det er i samsvar med strategien i NTP forslaget om å redusera avstandskostnader, bidra til regionforstørring og styrka regional utvikling. E16 TRYGG OG FRAMTIDSRETTA 8. E 16 har hatt en sterkt auke i trafikk og er blitt ein av dei mest ulykkesutsette vegane i fylket. Fylkestinget ber om at det snarast i gangsettes en samla KVU for transportkorridoren mellom Arna og Voss som omfattar E 16 og Vossebanen. E134 9. Fylkestinget legg til grunn at Stordalstunellen på E 134 vert ferdigstilt etter gjeldande plan og at Haukelitunnelane (miljøtunnelar) vert planlagd med oppstart i 2015 og ferdigstillast i løpet av planperioden. ØVRIGE RIKSVEGINVESTERINGAR 10. Fylkestinget forventar at riksvegane i Hordaland vert opprusta og utbygde til å vere dei hovudpulsårene dei skal vere for å binde regionane og landsdelane saman. Fylkestinget krev fortgang i planlegging og utbetring av: Rv 555 Sotrasambandet (med kollektivfelt og dimensjonering for Bybane) Rv 13 Jøsendal - Voss Vangsnes (der mellom anna vedteken fylkesdelplan for Voss-Vik frå 2006 må oppfyllast ved at tunnelprosjektet vert prioritert i siste del av planperioden) Rv 7 Eidfjord Haugastøl (KVU) 2
Jfr fylkesrådmannen sine merknader vedkomande riksveginvesteringar i saksutgreiinga. Fylkestinget forventar at satsinga på Turistvegar held fram. Det er eit verdifullt tiltak som byggjar opp under fjorlandskapet som reiselivsatsing. Ikonpunkt bør utviklast og finansierast med statlege midlar. FRAMDRIFT OG FINANSIERING 11. Staten må ta grep for å effektivisere planprosessar for å trygge raskare gjennomføring frå framlegg til ferdig prosjekt. Staten må m.a. innføre prosjektfinansiering og ta i bruk alternative ordningar (t.d. fleirårig budsjettering, aksjeselskap, OPS m.m) for å sikre meir effektiv prosjektgjennomføring. Samtidig bør det vurderast ei finansieringsordning der bompengeselskapaa/fylkeskommunane kan få gunstige lån. (Samrøystes, unnateke OPS som 3 (SV, Raudt) røysta imot.) RASSIKRING 12. Fylkestinget ser at i lys av den vesentlege kostnadsauken vi ser på prosjekta, må den nasjonale ramma opp frå 1 til 2 mrd/år. STYRKA DRIFT OG VEDLIKEHALD AV VEGNETTET 13. Fylkestinget stør framlegget om eit eige statleg program for å redusere vedlikehaldsetterlsepet på fylkesvegar, t.d. gjennom auka rammeoverføring til fylkeskommunane. Fylkeskommunane må få kompensert for prisveksten på driftskontraktane, tilsvarande den statlege priskompensasjonen for riksvegnettet. JERNBANE 14. Fylkestinget ser det som avgjerande viktig at arbeidet med dobbeltspor mellom Bergen og Arna vert starta opp i 2013, og ber om ei vidare satsing på Vossebanen snarast råd. Bana må opprustast slik at den ivaretek Inter - city funksjonen og styrkar indre Hordaland med Voss som regionsenter, og som ein del av pendlarregionen rundt Bergen. Timefrekvens vil auke konkurransekraften til banen. Utbetringa er og viktig for godstransport på Bergensbanen, då dobbeltspor Bergen - Arna og fleire kryssingsspor vil sikre betre regularitet. Dette vil og føra meir gods frå veg til bane. Fylkestinget vil ha fortgang i lokalisering av ny godsterminal i Bergen, slik at dei 600 millionane som er satt av frå 2018 til å ruste opp dagens terminal kan gå til etablering av ny terminal. 15. Fylkestinget rår til at alternativ B i høgfartsutgeiinga, med forsert utbygging på eksisterande trase vert lagt til grunn for vidare utvikling av Bergensbanen. For å få redusert reisetida mellom Oslo og Bergen ned mot 4 timar, må investeringane i utbetringar og lange kryssingsspor på eksisterande Bergensbane aukast monarleg, og Ringeriksbanen byggast. 16. Fylkestinget forventar at plamleggingsarbeidet for ringeriksbanen vert gjenopptatt snarast mogleg, og at planprosesser for denne vert gjort uavhengig av planane for E16. Ny organisasjonsmodell og finansieringsordning må utprøvast i dette prosjektet, i tråd med omtale i framlegget til NTP. 17. NTP må gje prioritet til nye togsett på strekninga Bergen-Voss-Myrdal. 3
LUFTFART 18. Fylkestinget vil setje fokus på at Bergen Lufthamn, som nest størst i Noreg og ein av kun to flyplassar i Hordaland, må bli prioritert slik at ny terminal på Flesland kan realiserast parallelt med at bybana når Flesland for å få størst mogleg effekt av bybaneinvesteringa, og avhjelpe kapasitetsproblema ved lufthamna sin terminal. (Vedteke med 53 mot 4 røyster (SV, Raudt, MDG).) SJØTRANSPORT 19. Regjeringa har i samband med NTP varsla både ein eigen godsstrategi og ein eigen nærskipsfartstrategi. Fylkestinget støttar dette arbeidet, og peikar på viktigheita av å lukkast i å overføra gods frå veg til sjø og bane. Det er miljøvenleg, trafikksikkert og kostnadseffektivt. Fylkestinget ber derfor om auka statlig engasjement, blant annet gjennom å gå inn på investeringssida i utvalde hamner for å sikra ei framtidsretta hamneutvikling som kan handtera betydelig auka godsstraumar. Det er viktig at storting og regjering i NTP sikrar sjøtransporten si konkurranseevne, bl.a. gjennom å redusera avgiftene på miljøvenleg godstransport. Sjøbasert passasjertransport må utviklast og vektleggjast meir enn til no i det vidare arbeidet med kollektivsatsinga. FISKERIHAMNER 20. Austevoll fiskerihamn var omtalt i førre NTP, og det er planlagt oppstart av prosjektet i 2013. Fylkestinget finn det likevel naturleg å understreka prosjektet si regionale betydning og at prosjektet må realiserast som planlagt. 21. Fylkestinget viser elles til fylkesrådmannen sitt saksframlegg, som ein del av høyringsuttalen til planforslaget om Nasjonal transportplan 2014 2023. Bompengar til E134 Stordalstunnelen Hordaland fylkesting rår til at Stordalstunnelen, som skal byggjast langs E134 gjennom Etne, blir finansiert delvis av bompengar og delvis av statlege løyvingar. Fylkestinget går inn for og har slutta seg til bompengesøknaden for prosjektet. Vedtaket vart gjort med 48 mot 9 røyster (Frp og Raudt). Stordalstunnelen skal gå mellom Bakka og Lauareid i Etne og blir 1,16 kilometer lang. I tillegg skal det byggjast ein liten tunnel på 160 meter og eit vegkryss ved Bakka og ein del tilførslevegar. Total lengde blir 3,85 kilometer. Vegprosjektet er kostnadsrekna til 272 millionar kroner. Av dette skal bompengar utgjere 152 millionar og statlege løyvingar 120 millionar kroner. Prosjektet er prioritert i gjeldande nasjonal transportplan (20120-2019). Innkrevjinga av bompengar skal starte så snart bompengelånet for Rullestadjuvet er nedbetalt, sannsynleg ein gong i 2014. Fylkestinget rår til at fylkeskommunen skal vere bompengeselskap. Av saksutgreiinga går det fram at det har vore diskusjon om plassering av bomstasjonen. Men konklusjonen er å nytte bomstasjonen i dag i Eljarvik. Takstar og rabattar er det i søknaden lagt opp til skal bli som for Rullestadjuvprosjektet, 40 kroner for lette og 80 kroner for tunge køyretøy. Nedbetalingstida for bompengelånet er rekna ut til 11-12 år. 4
Ny aksjekapital til Sunnhordland lufthavn Hordaland fylkeskommune går inn med 420 000 kr i ny aksjekapital i Sunnhordland Lufthavn AS, har Hordaland fylkesting vedteke. Vedtaket vart gjort med 54 mot 3 (SV, Raudt) røyster. Fylkestinget har gjeve fylkesrådmannen fullmakt til å avtala utvida nedbetalingstid for utlån til selskapet. Sunnhordland Lufthavn A/S har gått med underskot i 2010 og 2011, og eigenkapitalen er no negativ. Selskapet har søkt eigarane om å gå inn med ny eigenkapital på 2 mill. kr. Fylkeskommunen sin del utgjer kr 420 000. Hordaland fylkeskommune eige 21 % av aksjane og Stord kommune 79 %. Vedtak i fylkestinget: 22/12 ÅRSMELDING 2011 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Fylkestinget tek Årsmelding 2011 Hordaland fylkeskommune til orientering. 25/12 FINANSRAPPORT FOR 1. TERTIAL 2012 VEDTAK (12.06.12) Fylkestinget tek finansrapporten for 1. tertial til orientering. 28/12 VEDTAK AV REGIONAL PLAN FOR SETESDAL VESTHEI, RYFYLKEHEIANE OG SETESDAL AUSTHEI. HEIPLANEN. VEDTAK (12.06.12) 1. Fylkestinget i Hordaland vedtek Regional plan for Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiene og Setesdal Austhei i samsvar med plan- og bygningslova 8-4, med dei endringane som går fram av fylkesrådmannen si saksframstilling. 2. Vedtaket vert gjort under føresetnad av at dei andre fylka Aust-Agder, Vest-Agder, Telemark og Rogaland gjer likelydande vedtak. 30/12 REGIONALT FORSKINGSFOND VESTLANDET - ÅRSMELDING 2011 Fylkestinget godkjenner årsmeldinga frå styret i Regionalt forskingsfond Vestlandet for 2011. 32/12 ÅRSMELDING FOR KONTROLLUTVALET FOR 2011 Fylkestinget godkjenner årsmelding 2011 for kontrollutvalet. 5