ØRSTA KOMMUNE Byggesaksavdelinga MELDING OM DELEGERT VEDTAK Sakshandsamar: Thomas Winther Leira Arkivsak nr: 202/396 Delegert sak nr: 337/2 Arkiv: 57/64 Vedtaksdato: 22.0.202 ENKELTVEDTAK med klagerett i samsvar med forvaltningslova kap. 6 Saka gjeld: DELEGERT VEDTAK- GNR/BNR 57/64- SØKNAD OM DISPENSASJON OG LØYVE TIL OPPFØRING AV FRITIDSBUSTAD- ARNT IVAR KOLÅS VEDTAK: A. Med heimel i 9-2 i plan- og bygningslova (pbl) vert det gjeve dispensasjon frå 4 bokstav b og c i reguleringsplan RTK-0302, Hyttefelt på Bondalseidet, stadfesta 23.03.2004, slik det på Gnr/Bnr 57/64 kan oppførast fritidsbustad, støttemurar og veg som vist på situasjonsplan datert 28.06.202, og plan- snitt og fasadeteikningar 28.06.202. Kommunen legg vekt på at eksisterande bebyggelse er ueinsarta med varierande takformer og støttemurar, og at taket til fritidsbustaden vert ståande slik at det frå vegen framstå som eit saltak slik at det visuelle inntrykket vert dempa. Etter ei samla vurdering finn kommunen at omsyna som skal ivaretakast av regulert takform og krav til bevaring av eksisterande terreng, ikkje vert vesentleg tilsidesette, og at fordelane er klart større en ulempene jf. pbl 9-2 og vurderinga under. B. Med heimel i 2-4 i pbl av 27. juni 2008 nr. 7, med tilhøyrande forskrifter, vedtekter og delegasjonar frå teknisk sjef datert 6.08.200, vert det gitt løyve til oppføring av fritidsbustad, veg/biloppstillingsplass og støttemurar på Gnr/Bnr 57/64 under dei føresetnadar som vist under. C. Følgjande dokument ligg til grunn for godkjenninga:. Situasjonsplan, datert 28.06.202, innreg. 30.08.202. 2. Plan-, snitt- og fasadeteikningar, daterte 28.06.202, innreg. 30.08.202. 3. Terrengsnitt, datert 28.06.202, innreg. 30.08.202. 4. Gjennomføringsplan, datert 22.0.202, innreg. 22.0.202 D. Det vert sett følgjande vilkår i saka:. Eigedomen skal knytast til offentleg vassforsyning og godkjent avløp i samsvar med godkjent teknisk plan for området. Tilknyting til vatn og avløp skal avklarast med eining kommunalteknikk, og det skal innsendast abonnementkort for tilknytingspunkt før det vert søkt mellombels bruksløyve/ferdigattest. Skjema kan innhentast frå kommunen. 2. Tiltaket må stikkast ut (plasserast i terrenget) av kvalifisert personell.
3. Bygningen skal plasserast i høgde og horisontalplan som vist i søknaden innanfor ein toleranse på max ± 0,2 m, jf. byggesaksforskrifta 6-3. Toleransekrav gjeld ikkje avstand til regulert byggegrense, byggegrense langs offentleg veg (veglova 29) eller avstand til nabogrense (pbl 29-4). E. Følgjande føretak vert godkjende i samband med denne saka, jf. kap. 9 i byggesaksforskriften (SAK 0) og pbl 22-3 : Foretak og Funksjon organisasjonsnr. (SØK, PRO, UTF, kontroll) Ørsta Byggservice AS, SØK 9850096 Inge Kolås AS 94098596 PRO Sentrum Rør AS 9773697 Inge Kolås AS 94098596 Inge Kolås AS 94098596 Sentrum Rør AS 9773697 PRO UTF UTF UTF Beskriving av ansvarsområdet (arbeid) Ansvarlig søkjar Teikning og prosjektering av fritidsbustad inkl. terrengtilpasning Utvendig og innvendig sanitæranlegg Bygging av hytte, tre og betongarbeid Grunnarbeid, komplett inkl. veg og parkeringsareal Utvendig og innvendig sanitæranlegg Tiltaksklasse F. Før bygget kan takast i bruk, må søknad om ferdigattest eller eventuelt mellombels bruksløyve leverast inn og vere godkjent av kommunen, jf. pbl 2-0. Dette løyvet og dei kart og teikningar det viser til, skal alltid vere tilgjengeleg på byggeplassen. Utskrift: Arnt Ivar Kolås Follestaddal 656 ØRSTA Kopi til: Ørsta Byggservice AS Garvargata 650 ØRSTA Svein John Holen 665 SÆBØ Alfhild Valseth Skoglien 33 5056 BERGEN VØR Torvmyrane 29 660 HOVDEBYGDA Saksdokument: I 03.09.202 30.08.202 Gnr/bnr 57/64 - Søknad om tiltak Arnt Ivar Kolås etter 20- fritidsbustad Bondalseidet U 09.0.202 09.0.202 Gnr/bnr 57/64- Vedkomande Ørsta Byggservice AS søknad om dispensasjon og løyve til oppføring av fritidsbustad- Arnt Ivar Kolås I 7.0.202 6.0.202 Svar på merknad ifra kommuna Trond Bornstein I 22.0.202 22.0.202 Gjennomføringsplan Trond Bornstein
Saksopplysningar: Beskriving av tiltaket Det ligg føre søknad, datert 30.08.202, innregistrert 30.08.202, om løyve til oppføring av fritidsbustad med støttemur, veg og biloppstillingsplass. Fritidsbustad er plassert i skrått terreng, takform er pulttak. Inn- og utkøyring er tenkt parallelt med veg, innkjøring mot sør. Det er vist støttemur mot sør med høgde inntil ca 2,5m, og støttemur i bakkant på fritidsbustaden på ca 2m. Ansvarleg søkjar er Ørsta byggeservice AS, og tiltakshavar er Arnt Ivar Kolås. Tiltakshavar er ikkje heimelshavar til eigedomen. Kommunen legg til grunn at tiltakshavar har sikra seg disposisjonsrett over eigedomen. Saka var komplett for handsaming den 22.0.202. Gjeldande plangrunnlag Eigedomen er i gjeldande reguleringsplan RTK-0302, Hyttefelt på Bondalseidet, stadfest 23.03.2004 regulert til fritidsbustadar. Dispensasjon Tiltaket er i strid med reguleringsføresegnene 4 bokstav b og c. Ut frå reguleringsføresegnene skal bygget ha saltak, vere tilpassa lokal byggeskikk og tomta skal i størst mogeleg grad bevarast som naturtomt utan store skjeringar. Det er lagt fram søknad om dispensasjon i brev sendt i e- post 6.0.202. Som argumentasjon vert det i hovudsak lagt fram at området er utbygd på tilsvarande måte frå før. Nabovarsling (pbl 2-3) Tiltaket er nabovarsla, utsendt rekommandert 03.08.202. Det ligg ikkje føre merknader frå varsla naboar eller gjenbuarar. Grad av utnytting Grad av utnytting er i søknaden oppgitt til 35,6m 2, dette er innanfor krav i gjeldande plan. Tiltakets areal / bygningsopplysningar som vert ført i matrikkelen Eksisterande bygg Ny del Sum Utbygd areal (BYA) { } m² 35,6 m² { } m² Bruttoareal { } m² { }m² { } m² Antall brukseiningar { } 2 { } Antall etasjar { } 2 { } H0 { } m² 76,6 m² { } m² U0 { } m² 42,8 m² { } m² Sum BRA for bygningen { } m² 9,4 m² { } m² Utforming av tiltaket / visuelle kvalitetar (pbl (28-7,) 29- til 29-3) Tiltaket er vurdert til å ha ei tilfredsstillande estetisk utforming.
Sikkerhet mot naturpåkjenningar (pbl 28-) Det er opplyst at bygningen skal plasserast i område som ikkje er utsett for fare for flom, skred eller andre natur- og miljøtilhøve. Plassering av tiltak (pbl 29-4) Bygningens høgde og plassering er vurdert som tilfredstillande. Deler av tiltaket er plassert mindre enn 4m frå naboeigedom. Etter det kommunen kan sjå er det same heimelshavarar på begge sider av grensa. Vi legg til grunn at det er samtykke til plasseringa jf. 29-4 tredje ledd. Tilkomst og parkering (veglova 40-43 og pbl 27-4 og 28-7) Eigedomen har tilkomst til privat veg. Det er opplyst at vegrett er sikra gjennom tinglyst avtale. Vassforsyning og avløp (pbl 27- og 27-2) Eigedomen skal tilknytast offentleg vassforsyning og avløpsanlegg. Ansvar og kontrollomfang (pbl 23- og SAK 9-3, 4-3 og 4-5) Ørsta Byggservice AS søkjer ansvarsrett for ansvarlig søker av rør installasjonar. Føretaket har sentral godkjenning som er dekkjande for tiltaket. Sentrum Rør AS søkjer ansvarsrett for prosjektering og utføring av rør installasjonar. Inge Kolås AS søkjer ansvarsrett for teikning og prosjektering inkl. terrengtilpassing samt bygging av hytte, tre og betongarbeid. Føretaket har sentral godkjenning som er dekkjande for tiltaket. Gjennomføringsplan Det er innlevert gjennomføringsplan frå ansvarleg søkjar, datert 22.0.202. Ved søknad om ferdigattest / mellombels bruksløyve må oppdatert gjennomføringsplan innleverast til kommunen. Ansvarleg søkjar skal datere og signere planen kvar gong den skal innsendast, jf. 5-3 i byggesaksforskriften (SAK0). Vurdering og konklusjon: Det aktuelle hyttefeltet på Bondalseidet har over tid utvikla seg med ein svært variert byggestil. Fritidsbustadane er oppført med saltak, men bebyggelsen framstår likevel som ueinsarta. Bygga varierer i størrelse, det finst variasjonar av saltak i ulike høgder, vinkelbygg, torvtak, anna taktekking, bygg med innlagt halvetasje og oppdelte bygg. Det er variasjon i glasing som gjer at nokre hytter framstår som tradisjonelle i stil, medan andre har eit moderne uttrykk med store glasfasader. Av tidligare saker kjem det fram at ein har funne det naudsynt med store støttemurar pga terrengtilhøva. Omsøkte hytte har pulttak. Fritidsbustaden er plassert slik at ein frå hovudvegen ikkje vil sjå om dette er eit pulttak eller eit saltak. Det omsøkte tiltaket vil ha liten negativ påverkning på det visuelle utrykket. Støttemurane skal oppførast i natursteinsmur og vil ikkje avvike frå annan bebyggelse i området. Rett bak tiltaket ligg det kommunale høgdebasenget som har si spesielle takform. Etter kommunen si vurdering er det ikkje mogleg oppretthalde uttrykket av uberørt terreng som føresett i reguleringsplan. Sjølv om hyttene som er der i dag er oppført med saltak, har
ein ikkje greidd og sjå til at hyttene vert oppført i lokal byggjeskikk. Bestemmelsen gjer seg derfor ikkje lenger gjeldande med styrke. Bygging med omsøkt takform og terrengbearbeiding vil derfor, etter kommunen si vurdering, ikkje i vesentleg grad tilsidesette omsyna som reguleringsplanen skal ivareta. Når bestemmelsen som det vert dispensert frå ikkje lenger gjer seg gjeldande med styrke, seier det seg sjølv at ulempene med å gi dispensasjon er heller små. Fordelane med å gi dispensasjon er ei teneleg arealdisponering av eigedomen når det gjeld terrengbearbeiding og støttemurar. Tiltakshavar har i samtale med einingsleiar, vist til fordelen med pulttaket med vindauge i yttervegg gir mykje meir dagslys inn i bygget. Etter ei samla vurdering finn kommunen at omsyna som skal ivaretakast av regulert takform og krav til bevaring av eksisterande terreng, ikkje vert vesentleg tilsidesette. Vidare finn vi at fordelane er klart større enn ulempene, slik at vilkåra for å gi dispensasjon etter 9-2 er stetta. Kåre Hjelle einingsleiar Thomas Winther Leira avdelingsingeniør Sakshandsamingsgebyr: Bustad og fritidsbygg pr. bueining: kr. 730,- Dispensasjon, handsama administrativt: kr. 2090,- Sentral godkjenning kr. 0,- Sum gebyr: kr. 9220,-
Generelle opplysningar Bortfall av løyve, jf. plan- og bygningslova 23- Er tiltaket ikkje sett i gong seinast 3 år etter at rammeløyve / byggeløyve er gjeve, fell løyve bort. Det same gjeld dersom tiltaket vert innstilt i lengre tid enn 2 år. Føregåande avgjerd gjeld tilsvarande for dispensasjonar. Fristane kan ikkje forlengast. Vert eit tiltak innstilt i lengre tid enn 3 månader, kan kommunen krevje at stillas og innhegning som støyter mot veg / gate som er open for offentlig trafikk skal fjernast, og at gate og fortau vert rydda og sett i stand. Vert eit tiltak ståande utan framdrift i lengre tid enn år, skal stillas fjernast og anlegget / tiltaket setjast i slik stand at det verkar minst mogleg til sjenanse for omgjevnadane. Varer dette lenger enn 2 år, kan kommunen krevje at tiltaket skal fjernast og at tomta / anlegget vert rydda. Ved reparasjon / ombygging, avgjer kommunen i kva for utstrekning byggverket skal førast tilbake til sin opphavlege stand. Løyve til tiltak etter 20- første ledd bokstav m fell bort dersom det ikkje er rekvirert oppmålingsforretning etter lov om eigedomsregistrering innan tre år etter at løyve vart gjeve, eller dersom matrikkelføring vil vere i strid med lov om eigedomsregistrering. Opplysningar om rett til å klage over forvaltningsvedtak Klagerett De har rett til å klage over eit forvaltningsvedtak. Kven kan De klage til? Klagen skal sendast til det kommunale organet som har gjort vedtaket. Dersom dette organet ikkje endrar vedtaket som følgje av klagen, vil den bli oversendt til Fylkesmannen til endeleg avgjerd Fristen til å klage Klagefristen er 3 veker frå den dagen melding om vedtaket kom fram til Dykk. Det er nok at klagen er postlagt innan fristen er ute. Dersom De klagar så seint at det kan vere uklårt for oss om De har klaga i rett tid, ber vi Dykk opplyse når De mottok denne meldinga. Om De har særleg grunn til det, kan De likevel søkje om å få forlenga klagefristen. Årsaka til behovet for forlenga klagefrist bør då oppgjevast. Rett til å krevje grunngjeving Dersom De ikkje alt har fått grunngjeving for vedtaket, kan De setje fram krav om å få det. Eit slikt krav må setjast fram før klagefristen er ute. Klagefristen blir i så fall avbroten, og ny frist blir rekna frå det tidspunktet De får grunngjevinga. Innhaldet i klaga I klagen skal De skrive kva for eit vedtak De klagar på, og nemne den eller dei endringane som De ønskjer. De bør også grunngi kvifor De klagar, og ta med eventuelle andre opplysningar som kan telje med når ein skal vurdere klagen. Klagen må underskrivast Utsetjing av vedtak Sjølv om De har klagerett, kan vedtaket vanlegvis setjast i verk straks. De kan likevel søkje om å få dette utsett til klagefristen er ute eller til klagen er avgjort. Rett til å sjå saksdokumenta og til Med visse avgrensingar har De rett til å sjå saksdokumenta. De må i så fall vende Dykk å krevje rettleiing til det kommunale organet som har sendt denne meldinga. De kan også få nærare rettleiing om klageretten, om korleis De skal gå fram når De klagar, og om reglane for saksbehandlinga elles Klage til Sivilombodsmannen Det er også mogeleg å be Stortingets ombodsmann for forvaltningssaker / Sivilombodsmannen om å sjå på sakshandsaming / eventuelt avgjerd hos fylkesmannen. Sivilombodsmannen har ikkje høve til å behandle saker som er avgjorde av Kongen i statsråd. Dersom klaga Dykkar blir avgjort i statsråd fordi Kongen er klageinstans, kan De difor ikkje seinare få saka Dykkar inn for Sivilombodsmannen.