Behandling i Samferdselsutvalet - 04.03.2015 Det legges fram vedtak med 3 nye pkt. ang. etterslep, ferje og rassikring. Fylkesrådmannen legg saka fram med slikt forslag til nytt vedtak: Møre og Romsdal fylkeskommune ber Statens vegvesen nytte følgjande føringar for prioritering av tiltak inn mot Nasjonal transportplan 2018-2027: Framkome Tiltak for å fjerne eksisterande og potensielle flaskehalsar/som skapar kø på vegnettet. Analysere og sette i verk tiltak for å redusere frekvensen av stengingar på punkta med hyppigast ikkje planlagde stengingar, og som er kritiske for framkome. Eksempel på strekningar/punkt som bør vurderast: Ellingsøytunellen Valderøytunellen Freifjordtunellen Trafikktrygging: Punktvise tiltak der det har vore anten møteulykker eller utforkjøringar med hardt skadde eller drepne. Gang og sykkelvegar Etablere gang og sykkelvegar kring skulane i fylket der trafikken er høg eller det er andre faktorar som talar for trafikktryggingstiltak. Ved samanslåing/nedlegging av skular må haldeplassar og tilkomst til desse også verte ein del av vurderinga. Kollektiv For kollektivknutepunkt: Sørgje for god overgangar mellom dei ulike kollektivtypane. Universell utforming. Sørgje for god tilkomst. Gje god moglegheit for parkering av både sykkel og bil. Haldeplassar i forbindelse med skulane: Universelt utforma. Tilkomst vidare til skulen må vere tilrettelagt for bevegelseshemma. Eksempel på knutepunkt som bør vurderast: Terminalane for TIMEkspressen Volda Kristiansund. Terminalane i dei tre største byane. Miljø og service Nasjonal satsing for å få ferjedrifta over på andre drivstoffkjelde så som elektrisitet og hydrogen. Tilrettelegging for auka bruk av kollektivtransport i våre tre største byar samt restriksjonar for å minke personbiltrafikken i byane. Fleire innbydande rasteplassar langs turistrutene i fylket.
Tilstrekkelig med kvileplassar for næringstransport langs transportårene i fylket. Etterslep: Møre og Romsdal er mellom dei fylka med størst etterslep på fylkesvegnettet, spesielt innanfor tunellar, bruer og ferjekaier. Forfallet som har kome fram er så omfattande og alvorleg at dei økonomiske overføringane må aukast vesentleg i høve til 2015 nivået. Møre og Romsdal fylkeskommune ber difor om at potten til å dekkje vedlikehaldsetterslepet blir auka til 15. mrd. kroner i NTP perioden. Ferje: Møre og Romsdal fylkeskommune ber om at det vert utarbeidd ein nasjonal ferjestandard i NTP. Denne ferjestandarden må leggast til grunn for dei statlege overføringane for ferjedrift til fylkeskommunen. I tillegg må det skipast eit eige program for fornying av ferjeflåten. Rassikring: Den samla potten til rassikring må aukast utover dagens nivå. Møre og Romsdal fylkeskommune ber om at fordelinga mellom riksvegar og fylkesvegar framleis skal vere 50 % til kvar av ei samla statleg løyving til rassikring. Iver Nordseth (V) fremma på vegner av seg sjølv, Oddbjørn Vatne (Sp), Petter Bjørdal (Ap), Lilly Gunn Nyheim (Ap), Hege Gagnat (Ap) og Bjarne Kvalsvik (Uavh.) følgjande forslag: «E 39 (Rute 4 B): Betna-Vinjeøra-Stormyra. Møre og Romsdal fylkeskommune føreset at prosjektet vert starta opp i 2016, og føreset vidare at heile prosjektet fullføres ved samanhengjande utbygging med ferdigstilling innan 2020. Volda/Ørsta - gang/sykkelveg, samanhengande utbygging Brusdalen midtdeler RV 70 (Rute 6 E): Tingvoll-Meisingset og Meisingset-Ålvundfossen. Møre og Romsdal fylkeskommune føreset at parsellen Tingvoll-Meisingset vert starta opp i 2016 og fullføres tidlig i perioden 2018-2021. Strekninga Meisingset-Ålvundfossen må gjennomførast tidlegast mulig i E 136 (Rute 6 D): Rødstøl-Oppland grense, Flatmark-Monge-Marstein og Ørskogfjellet (krabbefelt). Møre og Romsdal fylkeskommune føreset at parsellen Rødstøl-Oppland grense vert starta opp i 2016, og må fullførast seinast i 2018. Flatmark-Monge-Marstein må startast opp snarast, og ferdigstillast i Prosjektene på E 136 Romsdalen må utførast som eit samanhengande prosjekt. Krabbefelt Ørskogfjellet må startast opp snarast, og ferdigstillast i løpet av 2016/2017.
RIKSVEGFERJEDRIFTA (E 39): Møre og Romsdal fylkeskommune krev eit moderne og tidsmessig ferjetilbod tilpassa trafikkveksten m.o.t. frekvens (15 min.), kapasitet og miljømessig materiell. I tillegg må Statens Vegvesen ha spesiell fokus på flg. punkt: - Fylkesvegar med status Nasjonale turistvegar - Fylkesvegferjedrifta (jf. punkta om tilbodet på RV-ferjedrifta) - Vedlikehaldsetterslepet på FV-nettet (investeringar og drift) - Rentekompensasjonsordninga - Skredsikring på FV-nettet Forslaget frå Iver Nordseth blei omgjort til eit fellesforslag frå utvalet. Randi Walderhaug Frisvoll (Krf) fremme følgjande tilleggsforslag «Stad skipstunnel.» Votering: Tilrådinga blei samrøystes vedteke. Fellesforslag frå utvalet blei samrøystes vedteke. Forslaget frå Randi Walderhaug Frisvoll (Krf) blei samrøystes vedteke. Samrøystes tilråding frå Samferdselsutvalet - 04.03.2015 Møre og Romsdal fylkeskommune ber Statens vegvesen nytte følgjande føringar for prioritering av tiltak inn mot Nasjonal transportplan 2018-2027: Framkome Tiltak for å fjerne eksisterande og potensielle flaskehalsar/som skapar kø på vegnettet. Analysere og sette i verk tiltak for å redusere frekvensen av stengingar på punkta med hyppigast ikkje planlagde stengingar, og som er kritiske for framkome. Eksempel på strekningar/punkt som bør vurderast: Ellingsøytunellen Valderøytunellen Freifjordtunellen Trafikktrygging: Punktvise tiltak der det har vore anten møteulykker eller utforkjøringar med hardt skadde eller drepne. Gang og sykkelvegar Etablere gang og sykkelvegar kring skulane i fylket der trafikken er høg eller det er andre faktorar som talar for trafikktryggingstiltak.
Ved samanslåing/nedlegging av skular må haldeplassar og tilkomst til desse også verte ein del av vurderinga. Kollektiv For kollektivknutepunkt: Sørgje for god overgangar mellom dei ulike kollektivtypane. Universell utforming. Sørgje for god tilkomst. Gje god moglegheit for parkering av både sykkel og bil. Haldeplassar i forbindelse med skulane: Universelt utforma. Tilkomst vidare til skulen må vere tilrettelagt for bevegelseshemma. Eksempel på knutepunkt som bør vurderast: Terminalane for TIMEkspressen Volda Kristiansund. Terminalane i dei tre største byane. Miljø og service Nasjonal satsing for å få ferjedrifta over på andre drivstoffkjelde så som elektrisitet og hydrogen. Tilrettelegging for auka bruk av kollektivtransport i våre tre største byar samt restriksjonar for å minke personbiltrafikken i byane. Fleire innbydande rasteplassar langs turistrutene i fylket. Tilstrekkelig med kvileplassar for næringstransport langs transportårene i fylket. Etterslep: Møre og Romsdal er mellom dei fylka med størst etterslep på fylkesvegnettet, spesielt innanfor tunellar, bruer og ferjekaier. Forfallet som har kome fram er så omfattande og alvorleg at dei økonomiske overføringane må aukast vesentleg i høve til 2015 nivået. Møre og Romsdal fylkeskommune ber difor om at potten til å dekkje vedlikehaldsetterslepet blir auka til 15. mrd. kroner i NTP perioden. Ferje: Møre og Romsdal fylkeskommune ber om at det vert utarbeidd ein nasjonal ferjestandard i NTP. Denne ferjestandarden må leggast til grunn for dei statlege overføringane for ferjedrift til fylkeskommunen. I tillegg må det skipast eit eige program for fornying av ferjeflåten. Rassikring: Den samla potten til rassikring må aukast utover dagens nivå. Møre og Romsdal fylkeskommune ber om at fordelinga mellom riksvegar og fylkesvegar framleis skal vere 50 % til kvar av ei samla statleg løyving til rassikring. E 39 (Rute 4 B): Betna-Vinjeøra-Stormyra. Møre og Romsdal fylkeskommune føreset at prosjektet vert starta opp i 2016, og føreset vidare at heile prosjektet fullføres ved samanhengjande utbygging med ferdigstilling innan 2020. Volda/Ørsta - gang/sykkelveg, samanhengande utbygging
Brusdalen midtdeler RV 70 (Rute 6 E): Tingvoll-Meisingset og Meisingset-Ålvundfossen. Møre og Romsdal fylkeskommune føreset at parsellen Tingvoll-Meisingset vert starta opp i 2016 og fullføres tidlig i perioden 2018-2021. Strekninga Meisingset-Ålvundfossen må gjennomførast tidlegast mulig i E 136 (Rute 6 D): Rødstøl-Oppland grense, Flatmark-Monge-Marstein og Ørskogfjellet (krabbefelt). Møre og Romsdal fylkeskommune føreset at parsellen Rødstøl-Oppland grense vert starta opp i 2016, og må fullførast seinast i 2018. Flatmark-Monge-Marstein må startast opp snarast, og ferdigstillast i HP-perioden 2018-2021. Prosjektene på E 136 Romsdalen må utførast som eit samanhengande prosjekt. Krabbefelt Ørskogfjellet må startast opp snarast, og ferdigstillast i løpet av 2016/2017. RIKSVEGFERJEDRIFTA (E 39): Møre og Romsdal fylkeskommune krev eit moderne og tidsmessig ferjetilbod tilpassa trafikkveksten m.o.t. frekvens (15 min.), kapasitet og miljømessig materiell. I tillegg må Statens Vegvesen ha spesiell fokus på flg. punkt: - Fylkesvegar med status Nasjonale turistvegar - Fylkesvegferjedrifta (jf. punkta om tilbodet på RV-ferjedrifta) - Vedlikehaldsetterslepet på FV-nettet (investeringar og drift) - Rentekompensasjonsordninga - Skredsikring på FV-nettet. Stad skipstunnel.