Fjell kommune Arkiv: 310 Saksmappe: 2011/1404-11187/2011 Sakshandsamar: Cecilie Krohn Dato: 14.11.2011 SAKSDOKUMENT Utvalsaksnr Utval Møtedato 52/11 Formannskapet 21.11.2011 Framlegg til planprogram: Kommunedelplan for bustadutvikling 2013-2020 Samandrag av saka: Saka gjeld framlegg til planprogram for kommunedelplan for bustadutvikling 2013-2020. Plan- og bygningsloven krev at det vert utarbeida planprogram for alle Kommunedelplanar. Planprogrammet skal i korte trekk gjere greie for m.a. føremålet med planarbeidet, utviklingstrekk og utfordringar på planområdet, planprosessen og opplegg for medverknad. Både i den politiske leiinga i Fjell si tiltredingserklæring 2011-2015 og i Fjell kommune sitt handlingsprogram 2011-2014 er det eit mål å fokusera på bustadsituasjonen i kommunen. Fjell står ovanfor dei største og mest omfattande utbyggingsplanar nokon sinne, noko som vil endra fysiske kvalitetar som infrastruktur og bustadtypar. Utviklinga av ei robust og føremålstenleg bustadsamansetting i både sentra og bygder vert viktig. Å møta bustadsosiale behov og utfordringar i framtida vert også ei viktig oppgåve for kommunen. Det er difor trong for eit oppdatert planverk som speglar utviklinga og utfordringane i kommunen dei neste åra. Tidlegare bustadmeldingar i kommunen har hatt form som kommunedelplanar, og Rådmannen tilrår vidareføringa av dette planverket gjennom planprogram for kommunedelplan for bustadutvikling 2013-2020. Rådmannen rår til at planprogrammet vert lagt ut til offentleg ettersyn slik det ligg føre. Vanleg høyringstid er 6 veker, men på grunn av juleferien vil rådmannen tilrå 8 veker høyring (28. november 2011 23. januar 2012).
Innstilling: Rådmannen rår Formannskapet til å gjera slikt vedtak: 1. Planprogram for kommunedelplan for bustadutvikling slik det no ligg føre vert lagt ut til offentleg ettersyn i 8 veker. 2. Formannskapet er styringsgruppe for kommunedelplanen. Straume, den 09.11.2011 Steinar Nesse Rådmann Willy Sørensen Plan- og utbyggingssjef Handsama i Formannskapet - 21.11.2011: Saksbehandlar Cecilie Krohn orienterte kort om arbeidet vidare med planprogrammet og kommunedelplanen. Komiteen diskuterte om det var ønskjeleg å nytte saksordførar i det vidare arbeidet med planprogrammet og kommunedelplanen. Det vart halde gruppemøte før avgjerd om saksordførar skal nyttast. Etter gruppemøta var det fleirtal for å velje ein saksordførar til denne kommunedelplanen. Det vart frå posisjonen si side gjort framlegg om å velje ein saksordførar frå opposisjonen. Framlegg frå Ranveig Frøiland AP om å velje Marianne S. Bjorøy AP som saksordførar. Framlegget vart samrøystes vedteke. Innstillinga vart stemt over punktvis: Pkt 1 vart samrøystes vedteke. Pkt 2 vart vedteke med 9 mot 2 stemmer. Mindretalet: FrP Vedtak i Formannskapet - 21.11.2011: 1. Planprogram for kommunedelplan for bustadutvikling slik det no ligg føre vert lagt ut til offentleg ettersyn i 8 veker. 2. Formannskapet er styringsgruppe for kommunedelplanen. 3. Saksordførar: Marianne S. Bjorøy AP. Dokument vedlagt saka: Planprogram for kommunedelplan for bustadutvikling 2013-2020 Saksopplysningar: Bakgrunn: Plan og bygningslova (1. juli 2009), stadfestar som krav at det skal utarbeidast planprogram for alle kommunedelplanar. Planprogrammet skal i korte trekk gjere greie for føremålet med planarbeidet, utviklingstrekk og utfordringar på planområdet, planprosessen og opplegg for medverknad. Framlegg til planprogram skal sendast på høyring og leggjast ut til offentleg
ettersyn samstundes med varsel om oppstart og kunngjering av planarbeid. Fristen for å gje uttale skal vera minimum 6 veker. Bustadmeldinga 2001-2004 og Bustadsosialt handlingsprogram, som er ein del av Helse, sosial og omsorgsplanen 2008-2011/2016 (HSO-planen), er dei gjeldande planane for bustadpolitikk i Fjell. Det er no trong for eit oppdatert planverk som speglar den vidare utviklinga. Både i den politiske leiinga i Fjell si tiltredingserklæring 2011-2015 og kommunen sitt handlingsprogram 2011-2014 er det eit mål å fokusera på bustadsituasjonen. Omfang: Fjell har vore ein vekstkommune med høg innflytting i over 40 år. Dei siste 15 åra har også utflyttinga vore høg. Kommunen legg opp til vidare vekst både i kommunesentra og grender, og Fjell står no ovanfor dei største og mest omfattande utbyggingsplanar nokon sinne. Planane vil endra fysiske kvalitetar som infrastruktur og bustadtypar. Både Statistisk Sentralbyrå sine befolkningsframskrivingar og utbyggingsplanane tyder også på at kommunen står ovanfor sterk auke i folketal og endringar i befolkningssamansettinga med omsyn til m.a. aldersgrupper. Det er kommunen som er ansvarleg for busetting av vanskelegstilte og grupper med særlege behov på bustadmarknaden. Med dei befolkningsendringane og utbyggingsplanane kommunen står ovanfor er det trong for å diskutera bustadsosiale behov og utfordringar i framtida, både med omsyn til lokalisering, organisering og verkemiddelbruk. Planprogrammet er utarbeida i samråd med Plan-og utbyggingssjefen, Omsorgssjefen, Sosialsjefen, Helsesjefen, NAV og Dagleg leiar for Fjell Bustadstifting, og legg opp til ei drøfting av korleis Fjell skal kunna utvikle seg til ein attraktiv bustadkommune og kva bustadsosiale behov og utfordringar kommunen står ovanfor i åra som kjem. I planarbeidet vert det lagt opp til å fokusera særleg på følgjande undertema: Variert og formålsteneleg bustadsamansetting og nærmiljø Livskraftige grender Bustader for vanskelegstilte og grupper med særskilde bustadbehov Bustadsosial organisering og verkemiddelbruk Organisering Rådmannen ser at det politiske arbeidet med planarbeidet kan organiserast etter ulike modellar. Kommunestyret har det overordna politiske ansvaret i alle tematiske planoppgåver. I det daglige planarbeidet er dette oppgåver som i det vesentlege er delegert komitear og formannskapet. Organiseringa av det politiske arbeidet med bustadmeldingane og bustadsosialt handlingsprogram har ikkje hatt ei eins form tidligare. Medan bustadmeldingane 1997/2001 vart utarbeida av ei politisk samansett styringsgruppe/arbeidsgruppe vart Helse, Sosial og Omsorgsplan med bustadsosialt handlingsprogram 2008-2011/2016 utarbeida av ei politisk samansatt styringsgruppe og administrativt samansett arbeidsgruppe. Erfaring frå desse planane og anna planarbeid i kommunen viser at ei organisering med ei politisk arbeidsgruppe er kostbar og tidkrevjande, og at det ofte kan blir brukt for mykje tid på å diskutera detaljer. Det kan òg verta vanskeleg å finne møtetidspunkt som høver for alle. Ein organiseringsmodell der ein samordnar det politiske arbeidet til ein politisk saksordførar
som får ansvaret med å koordinera informasjonen til dei relevante politiske organa, og leia planarbeidet på vegne av politisk styringsgruppe, kan ein oppnå betre kontinuitet og flyt i arbeidet mellom administrasjon og dei politiske gruppene. Prinsipielle spørsmål vil bli løfta opp til politisk handsaming gjennom politisk saksordførar. Opplegg for planprosessen og medverknad går fram av planprogrammet. Truleg vil slutthandsaminga av planen bli lagt til vinteren 2013. Framdrift og medverknad I planprogrammet vert det skissert ein planprosess der endeleg plandokument vert vedteke vinteren 2013. Framdriftsplanen for arbeidet med kommunedelplan for bustadutvikling er delt inn i fire fasar (sjå tabell under). Fasar i planprosessen 2011 2012 2013 Oppstartsfase Utarbeiding og vedtak om planprogram Oktober- Februar for kommunedelplan, offentleg tilsyn/høyring Kompetansehevingsfase Analyser og utgreiingar til utarbeidingsfasen Oktober- Februar Utarbeidingsfase Tematiske arbeid med særskilt berørte partar, folkemøte og skriveprosess Mars Oktober Vedtaksfase Offentleg tilsyn/høyring og endeleg handsaming av plandokumentet Oktober- Februar Vurdering: Tidlegare bustadmeldingar i kommunen har hatt form som kommunedelplanar, og rådmannen tilrår ei vidareføring av dette planverket gjennom planprogram for kommunedelplan for bustadutvikling 2013-2020. Rådmannen tilrår å integrera Bustadmeldinga og det Bustadsosiale handlingsprogrammet i ein plan for å sjå nærmare på om det er trong for ein meir heilskapleg og tverretatleg drøfting av behova knytt til kommunalt disponerte bustader for prioriterte grupper, universelle og trygge bustadområde, og gode levekår for alle. Gjennom Husbanken sitt bustadsosiale kompetansetilskot har kommunen no høve til å auka kompetansen i høve bustadpolitiske spørsmål og behov. Desse midlane har gjort det mogleg å utføra ein flytte- og trivselsundersøking i kommunen, og gjennom planarbeidet vert det lagt opp til andre kompetansehevande tiltak. Kommunen ønskjer å fortsetje det gode samarbeidet med Husbanken og vil ha jamlege møte med representantar frå Husbanken i heile planprosessen. På bakgrunn av tidlegare erfaringar tilrår rådmannen ein ny organiseringsmodell for dette planarbeidet, der Formannsskapet fungerar som styringsgruppe for planen, der ein samordnar det politiske arbeidet til ein politisk saksordførar oppnemnd av Formannskapet. Saksordføraren får ansvaret med å koordinera informasjonen til dei relevante politiske organa, og leia planarbeidet på vegne av Formannskapet. Målet med denne organiseringa er å oppnå betre kontinuitet og flyt i arbeidet mellom administrasjon og dei politiske gruppene. Prinsipielle spørsmål vil bli løfta opp til politisk handsaming gjennom politisk saksordførar. Rådmannen ber om at Formannskapet i vedtaket klargjer kva avgrensingar ein skal ha i det politiske arbeidet.
Rådmannen tilrår at planprogrammet vert lagt ut til offentleg ettersyn og høyring slik det ligg føre. På grunn av juleferien vil rådmannen tilrå at høyringsperioden vert sett til 8 veker. Planprogrammet vert endeleg vedteke av Formannskapet i slutten av februar 2012.