VANG KOMMUNE Landbruk/teknisk etat Adresseliste Dykkar ref.: Vår ref.: Arkiv: Vår dato: SUNHAK - 15/1375 2015003, 25.03.2015 Oppstart av revisjon av kommunedelplan Tyinkrysset og planprogram på høyring og offentleg ettersyn Vang kommune varslar med dette om planoppstart av revisjon av kommunedelplanen på Tyinkrysset (planen ble vedteken den 22.9.2005). Den 27.2.2015 heldt kommunen eit oppstartsmøte om revisjon av kommunedelplanen. Målsettinga med revisjonen er å implementere masterplanen, som ble utarbeida i 2011, så langt det passer som ein ny kommunedelplan. Hovudutval for utvikling vedtok i sak 014/15 den 24.3.2015 (sjå saksframlegg og protokoll under) å leggje planprogrammet for revisjonen av kommunedelplanen på Tyinkrysset ut på høyring og offentlig ettersyn. Kommunen ynskjer òg å få innspel på byggjeområder etc. innanfor kommunedelplanens område. Slik at desse kan vurderast ifbm. arbeidet med planen før høyring. Innspel til planarbeidet og merknadar til planprogrammet må vere kommunen i hende innan 8.5.2015. Med helsing Håkon Berg Sundet arealplanleggjar Dir. tlf.: 61369474 E-mail:hakon.berg.sundet@vang.kommune.no Vedlegg: Saksframlegg og protokoll Side 1 av 5 Postadresse : 2975 Vang i Valdres Tlf Foretaks nr. : 961 382 246 Fax : 61 36 85 00 : 61 36 85 01 Bank Post : 2146 07 00024 : 0803 53 49600 URL : e-post : http://www.vang.kommune.no vang.kommune@vang.kommune.no
Planprogram Planskjema Adresseliste: Oppland fylkeskommune Fylkesmannen i Oppland Statens vegvesen NVE Lærdal kommune Årdal kommune Luster kommune Lom kommune Vågå kommune Hemsedal kommune Øystre Slidre kommune Vestre Slidre kommune Kommunens representant for barn og unges interesser Råd for menneske med nedsatt funksjonsevne Kommunelegen i Vang Brannvesen Vang Energiverk FNF Oppland Telenor senter for nettutbygging Side 2 av 5
SAKSFRAMLEGG UTVALGSSAK Behandla av Møtedato Saksnr. Saksansvarleg Hovudutval for utvikling 24.03.2015 014/15 SUNHAK ArkivsakID JournalID ArkivID Saksbehandler 15/83 15/1159 Håkon Berg Sundet Planprogram - behandling før offentleg ettersyn Vedlegg: Dok. dato Tittel Dok.ID 13.03.2015 Planprogram - høyringsutkast 79197 Saksopplysninger: Kommunen har begynt på arbeidet med å revidere kommunedelplanen på Tyinkrysset. Planog bygningslova 4-1 set krav til planprogram for kommuneplanar, og reguleringsplanar som kan ha vesentlege verknader for miljø og samfunn. Viktige moment i planprogrammet er formålet med planen, planprosessen, opplegg for medverknad, alternativ som vurderast og behovet for utgreiingar (sjå vedlagt høyringsutkast på planprogrammet). Mykje tid og ressursar er lagt ned i revisjonen tidligare. Dermed har ein eit godt utgangspunkt for denne revisjonen. Spesielt med tanke på rasfarekartlegginga som er gjort i området og rammeplan for vatn og avløp med forslag til rekkefylgje for utbygging. Konsekvensutgreiinga og ROS-analysen ble gjort føre rasfarekartlegginga. Saman med at det no har kome ei ny forskrift for konsekvensutgreiingar er det naudsynt å sjå på desse dokumenta på nytt. Masterplanen ligg til grunn for revisjonen den er eit viktig innspel i seg sjølv. Gjennom prosessen i 2008-2013 kom det òg inn andre innspel. Det er midlertidig ikkje enkelt å få ei fullgod oversikt over desse. Rådmannen har derfor, i overeinskomst med ordføraren, vurdert det som hensiktsmessig å starte med «blanke ark» når det kjem til innspel; dei som har kome inn tidligare og som fortsatt er aktuelle, må derfor bli sendt inn til kommunen på nytt. Side 3 av 5
Innspela kan komme samtidig som planprogrammet ligg til høyring eller under den første høyringa av sjølve plandokumenta. Rådmannen vurderer det ikkje som naudsynt eller formålstenleg å opprette nye breie samansette arbeidsgrupper med eksterne. Det vurderas som mest effektivt med ei arbeidsgruppe (administrasjonen) og ei styringsgruppe (leiarar frå både politisk hold og administrasjonen) (sjå figur 5 i planprogrammet). Ein set som mål å arbeide mot eit vedtak av planen sumaren 2016. I denne perioden er det viktig å arbeide saman med regionale- og statlege myndigheiter. Det leggast bl.a. opp til ei synfaring til hausten. Sjå figur 6 i planprogrammet for tenkt framdrift. Vurdering: Rådmannen vurderer at planprogrammet summerer opp kunnskapsgrunnlaget ein har om området og korleis vegen går vidare mot ein ny kommunedelplan. I tillegg meiner ein at planprogrammet svarar på pbl 4-1 sine krav. Framlegg til vedtak: Hovedutval for utvikling legg planprogrammet for kommunedelplan på Tyinkrysset ut på offentleg ettersyn og høyring. Saka vart behandla i Hovudutval for utvikling 24.03.2015 HU-014/15 Vedtak: Som framlegget, samrøystes. Side 4 av 5
S S S Side 5 av 5