MØTEINNKALLING Utval: FORMANNSKAPET Møtestad: Rådhuset Møtedato: 16.07.2009 Tid: 08:30 Varamedlemmer møter berre etter nærare innkalling SAKLISTE Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 30/09 09/530 UTBYGGING AV SAGATUN BARNEHAGE - PLANLØYSING OG FINANSIERING 31/09 09/223 REDUKSJON I BETALING FOR PLASS I BARNEHAGE OG SKULEFRITIDSORDNING FOR FORELDRE/FØRESETTE SOM ER ARBEIDSLEDIGE YMSE Balestrand 30.12.13 Einar Målsnes ordførar
MØTEBOK Sak nr.: Utval Møtedato 30/09 Formannskapet 16.07.2009 Sakshandsamar: Vidar Roseth Arkivsaknr.: 09/530 Arkiv: 614 A11 UTBYGGING AV SAGATUN BARNEHAGE - PLANLØYSING OG FINANSIERING Vedlegg: 1. Tilbodsutlysing 2. Tilbod frå Gravdal Bygg AS av 03.07.09 3. Plan ny personalavdeling 4. Samla plan 5. Teikning fasadar og snitt 6. Situasjonsplan 7. Miljøperspektiv 8. referat frå møte i prosjektgruppa 07.07.09 9. Kostnadsoverslag Bakgrunn: Sak 12/09 i kommunestyret 07.05.09 Lovheimel: SAKSOPPLYSNINGAR Balestrand kommune har i realiteten hatt full barnehagedekning dei siste 10-12 åra, ut frå ein overkapasitet på barnehagesida. Det har i praksis vore høve til å søke om plass heile året, og dei aller fleste har fått sine ynskje fullt ut innfridd på kort tid. Hausten 2008 vurderte ein det slik i samband med budsjetthandsaminga at barnetalet ville auke slik at Sagatun barnehage ville verte tilnærma full frå august 2009. Ut frå ulike omstende såg ein vinteren 2009 at det ville verte fleire ungar under tre år enn det var plass til. Dette vart stadfesta i samband med hovudopptaket i februar. Det vart konstatert at det ser ut til å verte 9 ungar under tre år som det ikkje er plass til, og desse tilsvarar 18 ordinære plassar. Sidan det ser ut til å bli født høvesvis få ungar i 2009, kan det vere at denne auken i barnetalet er av mellombels art. Det er no fastsett slik føresegn om rett til barnehageplass i barnehagelova 12a: Barn som fyller ett år senest innen utgangen av august det året det søkes om barnehageplass, har etter søknad rett til å få plass i barnehage fra august i samsvar med denne loven med forskrifter. Barnet har rett til plass i barnehage i den kommunen der det er bosatt. Kommunen skal ha minimum ett opptak i året. Søknadsfrist til opptaket fastsettes av kommunen.
Det har vore vurdert mange ulike løysingar for å kunne møte denne situasjonen. M.a. uvisse om framtidig behov og ulike syn på val av løysingar har medført at avklaring av planane har teke ein del tid. Kommunestyret gjorde den 07.05.09 slik vedtak, med 10 mot 7 røyster: 1. Det vert iverksett ombygging av eksisterande personalavdeling til ny barnehageavdeling som vist på planteikning av 21.04.09. 2. Nytt tilbygg for kontor og personalgarderobar vert permanent tilbygg i tilknyting til noverande barnehage. I byggjetida vurderer administrasjonen bruk av nærliggjande kommunale bygg evt. leige av brakkar, til mellombels kontor og personalgarderobar. 3. Det vert avsett ei ramme på inntil kr. 100.000 inkl. mva til leikar, inventar og garderobeutstyr. 4. Ein legg til grunn at utgiftene i hovudsak vert finansiert ved auka statstilskot. Utgifter som må eigenfinansierast vert finansiert ved å nytte disponible midlar frå kraftfond I/ kraftfond II 5. Formannskapet får fullmakt til å godkjenne endeleg planløysing og finansiering. 6. Det vidare arbeidet med planleggjing og byggjing må ha høgste prioritet. 7. Ein føresetnad for løysinga er at den vert godkjent av aktuelle godkjenningsinstansar. Rådmannen sette ned ei administrativ prosjektgruppe for oppfylgjing av saka. Seinare vart det bestemt at det skulle etablerast ei gruppe med to politiske representantar i tillegg til dei administrative representantane utpeikt av rådmannen. Gruppa har hatt slik samansetjing: Knut U. Thue (pol. representant) Lars Trygve Sæle (pol. representant) Jan B. Thorsnes, ingeniør Kari Rønnestad, pedagogisk rådgjevar Heidi Johnsen, styrar i Sagatun barnehage Gruppa skal arbeide både med ombygging av eksisterande personalavdeling til ny barnehageavdeling, nytt personaltilbygg og mellombelse lokale for personalet og kontorfunksjonane. Ein har valt å legge opp til ein totalentreprise for tilbygget, dvs at ein entreprenør får i oppdrag både å prosjektere og koordinere og gjennomføre bygging. Det har ut frå dette vore utarbeidd grunnlag for tilbodsutlysing, og det har vore lagt opp til begrensa tilbodskonkurranse. Slik konkurranse vart utlyst i lokalavisene den 30.05.09, i tillegg til innkjøpsdatabasen DOFFIN. I tillegg vart aktuelle entreprenørar kontakta. Ved utløpet av påmeldingsfristen den 05.06.09 hadde ingen entreprenørar meldt seg. Det vart etter dette teke direkte kontakt med Gravdal Bygg AS, som sa seg innstilt på å gje tilbod på utbygginga. Gravdal Bygg har etter drøftingar med prosjektgruppa utarbeidd eit tilbod av 03.07.09, som ligg føre i vedlegg 2. Planløysinga går vidare fram av vedlagde teikningar og illustrasjonar (vedlegg 3-7). Prosjektgruppa drøfta tilbodet i møte den 07.07.09, og har gått inn for dette med nokre justeringar, jfr referat frå prosjektgruppemøtet i vedlegg 8.
Det er sett opp slikt kostnadsoverslag for tilbygget, som er på 67,3 m 2 brutto: Tilbod ut frå utlysing (m.a. bygning, VVS, ventilasjon, el-anlegg, grunn-/utomhusarbeid, prosjektering) 1.742.063,00 Tillegg: Takoverbygg 24.300,00 Glastak 15.660,00 Opplegg minikjøkken 10.000,00 Grovstøyp 16.350,00 Gardiner/inventar 50.000,00 Vask/boning 10.000,00 Tilstelling tomt 30.000,00 Tilkopling vatn/avløp 25.000,00 2. strøk måling 15.000,00 Solreflekterande glas 5.000,00 Uføresett 50.000,00 Sum 1.993.373,00 Tala er inkl. mva. I arbeidet med planløysingane har det vore vektlagt å involvere personalet/tillitsvalde, som er innforstått med det som er tilrådd. Ombygginga av tidlegare personalavdeling er på det næraste fullført og den nye barnehageavdelinga vil vere klar til start av nytt barnehagår i august. Mellombelse løysingar for personalet er ferdigstilt i Klokkargarden. Kalkylen/vurdering av utgifter med desse tilpassingane viser at det dreier seg om utgifter i storleiken kr 200.000 inkl. mva samla., inklusive leiker/inventar i ny avdeling. Dette er innanfor rammene av det som tidlegare har vore skissert. VURDERING Etter rådmannen si vurdering er det funne ei god samla løysing for utbygging av Sagatun barnehage. Det er vanskeleg å vurdere dimensjoneringa av det framtidige barnehagetilbodet i Balestrand. Det kan vere at ein etter eit års tid og i åra framover vil ha ein overkapasitet med den gjennomførte utbygginga. Men her må det takast med i vurderinga at arealsituasjonen i Sagatun barnehage over år har vore vurdert som knapp, sjølv om barnehagen ikkje har vore full. Det kan såleis vere ei føremon med ein romslegare arealsituasjon. Dette gjeld både i høve til situasjonen for barn og foreldre og når det gjeld trivselen for personalet. Vidare har kommunen no plikt til å tilby barnehageplass når behovet oppstår, og det vil dessutan ha gode omdømemessige og rekrutteringsmessige verknader med god kapasitet i barnehagen. Rådmannen viser elles til den løysinga som er tilrådd av prosjektgruppa, som har hatt representantar frå både politisk nivå og administrasjonen.
Når det gjeld mogeleg finansiering av utbygginga, vil statstilskotet (som utgjer kr 50.000 pr barn under tre år med full plass) saman med momskompensasjonen kunne finansiere ein del. Reglane er slik at det statlege investeringstilskotet blir avkorta med motteken momskompensasjon. Dette inneber at jo dyrare utbygginga er, jo mindre blir det særskilte statstilskotet. I dette tilfellet blir momskompensasjonen vurdert til å utgjere ca kr 450.000. Dette tilsvarer akkurat statstilskotet for 9 ungar under tre år. Det blir såleis ikkje gitt statstilskot utover momskompensasjonen for denne utbygginga. Momskompensasjonen blir framleis ført som driftsinntekt i rekneskapen. For at momskompensasjonen skal kunne nyttast til finansiering av utbygginga er det ein føresetnad at kommunen ikkje har underskot i rekneskapen. Det vil vere tilgjengeleg midlar frå kapitalfondsdelen av kraftfond II til å dekke delar av utbygginga. I alt vil det etter innkomne avdrag i 2009 vere disponibelt kring kr 2 mill. Av fleire grunnar bør ein etter rådmannen si meining unnlate å nytte heile det resterande beløpet. Dels kan det vere noko uvisse knytt til avkastning og disponibelt beløp i kraftfond I med dagens rentenivå, og dels vil ein i høve til næringsutviklings- og infrastrukturtiltak kunne ha behov for å ha att midlar på kraftfond. Det vert såleis tilrådd å avgrense bruken av kraftfond II, t.d. til kr 750.000. Det er ikkje mogeleg å sjå andre alternativ til restfinansieringa enn låneopptak. Med dagens rentenivå vil eit låneopptak på kr 1 mill over 30 år gi ei samla rente-/avdragsutgift på ca kr 60.000 på årsbasis i starten. Denne vil bli avtrappa med ca kr 1.000 pr år (serielån). Desse utgiftene må innpassast i budsjettet f.o.m. 2010. Verknaden i 2009 vil bli av lite omfang, avhengig av når utbygginga er ferdig. Finansiering: Statstilskot/momskompensasjon 450.000 Bruk av kraftfond II 550.000 Opptak av lån 1.000.000 Sum 2.000.000 Grunnane til at utgiftene med tilbygget i så stor grad overstig det som vart skissert i samband med tidlegare politisk handsaming er m.a. at arealbehovet er høgare enn dei 55 m 2 som då vart stipulert, og andre krav til innhald og tekniske løysingar. I tillegg har det ikkje vore nokon tilfredsstillande marknadsmessig situasjon med berre ein tilbydar. Når det gjeld ombygging av eksisterande personalavdeling til ny barnehageavdeling og tilrettelegging for mellombels løysing i Klokkargarden, vert det tilrådd at ein også avklarer finansieringa av dette no. Ombyggingsløysinga for ny barnehageavdeling (prinsipp) har tidlegare vore avklara i politiske organ, og det er såleis ikkje lagt ved skisser over dette no. Rådmannen si tilråding: Formannskapet godkjenner planløysinga for bygging av ny personalavdeling i Sagatun barnehage for å gi rom for ny barnehageaveling i eksisterande barnehage, slik denne går fram
av tilbod frå Gravdal Bygg AS med vedlegg av 03.07.09, og med justeringar tilrådd av prosjektgruppa den 07.07.09. Den samla utbygginga, inklusive ny barnehageavdeling i eksisterande bygg og mellombelse løysingar for personalet, skal ha ei samla utgiftsramme på kr 2,2 mill, og vert finansiert slik: Statstilskot/momskompensasjon 450.000 Bruk av kraftfond II 750.000 Opptak av lån 1.000.000 Sum 2.200.000 Rådmannen får fullmakt til å gjennomføre låneopptak og skrive under på låneavtale.
Sak 31/09 MØTEBOK Sak nr.: Utval Møtedato 31/09 Formannskapet 16.07.2009 Sakshandsamar: Vidar Roseth Arkiv: 231 Arkivsaknr.: 09/223 REDUKSJON I BETALING FOR PLASS I BARNEHAGE OG SKULEFRITIDSORDNING FOR FORELDRE/FØRESETTE SOM ER ARBEIDSLEDIGE Vedlegg: Notat av 23.02.09 Søknadsskjema Utskrift av kommunestyrevedtak i Høyanger kommune 16.06.09 Bakgrunn: Lovheimel: SAKSOPPLYSNINGAR Finanskrisa har medført problem for mange verksemder. Selskapet Fundo Wheels AS i Høyanger, med over 300 tilsette, gjekk konkurs vinteren 2009. I samband med dette var det i alt kring 20 personar i Balestrand kommune som mista arbeidet. Det vart i februar 2009 kjent at Høyanger kommune valde å halvere foreldrebetalinga for tilsette ved Fundo Wheels og andre verksemder som hadde vorte arbeidsledige. Det kom førespurnader om korleis Balestrand kommune ville stille seg til dette. På det tidspunktet saka vart aktualisert, var det etter møteplanen lang tid til neste politiske møte. Etter gjeldande barnehagevedtekter har rådmannen mynde til å fråvike reglane om foreldrebetaling ved særlege høve. Etter å ha drøfta saka med ordførar, valde rådmannen å treffe vedtak med heimel i denne føresegna i barnehagevedtektene, og det vart lagt til grunn ei analog vurdering i høve til skulefritidsordninga. Politiske organ vart informert om dette. Avgjerda vart teken ut frå at dei som hadde mista arbeidet fekk ein vesentleg reduksjon i sine inntekter, og dei kunne dermed få problem med å dekke sine løpande utgifter. Det vart vurdert som uheldig dersom dette ville føre til meir ustabile forhold for barn ved at dei eventuelt vart tekne ut av barnehage eller skulefritidsordning for ein periode. Det vart i tillegg vurdert som vanskeleg at Balestrand kommune skulle ha ein annan praksis enn Høyanger på dette området.
Sak 31/09 Det administrative vedtaket hadde slik ordlyd: Foreldre/føresette busette i Balestrand kommune og som har vorte arbeidsledige i Fundo eller andre verksemder etter 01.01.09, får reduksjon i foreldrebetalinga i barnehage og skulefritidsordning med 50 % i perioden februar juni 2009. Ei eventuell vidareføring av ordninga vil verte vurdert i juni 2009. Det er tre foreldre/foreldrepar som etter søknad har fått innvilga redusert betaling, og dette har såleis hatt eit svært avgrensa omfang hos oss. I juni vart vidareføring av ordninga vurdert, og ut frå at Høyanger kommune har vedteke å vidareføre dette ut året, valde rådmannen å legge opp til ei vidareføring også i vår kommune. Ein ser likevel at det kan vere grunn til å få ei politisk avklaring, og i samråd med ordførar vert det lagt opp til ei politisk handsaming av kva som skal vere praksis etter august 2009. Det er framleis om lag det same talet barn det er aktuelt med redusert betaling for. Frå august 2009 vil dette truleg gjelde 2 barn i barnehage og 2 eller 3 i SFO (tre familiar). VURDERING Vurderinga i vinter var slik at det kunne vere ein del familiar med redusert inntekt som ville trenge ei handsrekning nokre månader i ein periode med arbeidsløyse. Rådmannen heller til at ordninga bør vidareførast ut året, men legg saka fram utan nærare vurdering eller tilråding. Rådmannen si tilråding: