SAKSFRAMLEGG Saksbehandler: Anne Brit Lauvsnes Arkiv: 033 Arkivsaksnr.: 14/1116-9 Samfunnsdelen i kommuneplanen 2015-2026 - Godkjenning TILRÅDING: I medhald av 11-15 i pbl vedtek kommunestyret framlegg til samfunnsdel i kommuneplanen 2015 2026 av 27. april 2015. DOKUMENT: Planframlegg av 27.04.15 (vedlagt elektronisk) Fråsegn frå fylkeskommunen, FU-sak 32/15 (vedlagt) Fråsegn av 09.04.15 frå Fylkesmannen (vedlagt) Fråsegn av 26.02.15 frå Statens vegvesen (vedlagt) Innspel av 19.03.15 frå styret i Senterungdommen i Midtre Sogn (vedlagt) Innspel av 24.03.15 frå Leikanger Bondelag (vedlagt) Innspel frå idrettslaget Syril (vedlagt) Innspel frå Rådet for eldre og personar med nedsett funksjonsevne (vedlagt) Innspel frå Leikanger ungdomsråd (vedlagt) Synspunkt av 31.03.15 frå Ove Kristian Lunden (vedlagt) SAKSUTGREIING: Planframlegget har lege ute til offentleg ettersyn i seks veker. Det har kommune inn fem fråsegner frå offentlege styresmakter. NVE og Direktoratet for mineralforvaltning har gitt melding om at dei ikkje har merknader. Frå lag og organisasjonar er det komme inn fire innspel. Det er komme synspunkt frå ein privatperson. Fylkesutvalet peikar på at kommunen bør: o i større grad må prioritera kva tiltak som må gjennomførast for å nå måla o visa kva oppgåver det må samhandlast med andre kommunar eller regionalt nivå for å sikre ei god utvikling o visa kva oppgåver kommunen kan løysa internt og kva ein tenkjer å løysa i samarbeid med private og lokale organisasjonar. Fylkesutvalet utfordrar kommunen til å vurdera korleis ein gjennom eigen samfunnsplan kan bidra til å fylgje opp og bidra i realiseringa av regionale planar i høve friluftsliv, verdiskaping og folkehelse.
Fylkeskommunen ønskjer å gå i dialog med Leikanger og dei andre kommunane i same bu-, arbeids- og serviceområde for å finna samarbeidsløysingar på område der fylkekommunen kan bidra. Rådmann sine kommentarar: I planframlegget av 27.04.15 er det i kvart område tilrådd prioritering av strategiar med utheva skrift som skal vidareførast i handlingsdelen. Handlingsdelen skal fylgja økonomiplanen. Når det gjeld samhandling med andre kommunar og regionalt nivå, finn rådmannen at dette går fram av planen, særleg innan satsingsområda næringsutvikling og verdiskaping, kultur og fritid, reiseliv og regionalt samarbeid. Når det gjeld kva oppgåver som kommunen vil løysa i samarbeid med private og lokale organisasjonar, vil rådmannen peika på næringsutvikling, jord- og skogbruk, idrett, friluftsliv og kultur. Fylkeskommunen sine råd om innhaldsliste, supplering av utvalde deler av bakgrunnsmaterialet, analyse og statistikk og planprosess vil verta teke inn ved ferdigstillinga av plandokumentet. Samfunnsdelen skal gi føringar til arealdelen. Den store utfordringa for Leikanger er å lukkast med bustadpolitikken. Her er det under sentrumsutvikling prioritert tiltaka kartlegging av bustadpreferansar og fortettingsplan for sentrumsnære bustader. Kommunen har når det gjeld offentlege arbeidsplassar ledige kontorareal i Tinghusanlegget og tomtereserve i gjeldande arealplan og reguleringsplan. Det er ledig forretningsareal og regulert forretningstomt i sentrum. Det er under opparbeiding av eit større næringsområde på Kvålen. Fylkesmannen Fylkesmannen tilrår at kommunen går gjennom måla og strategiane i plandokumentet for å sjå etter at ordlyden/formuleringane er vert slik at det er tydeleg kva som er strategiar (framgangsmåten for å nå måla). Det vert etterlyst klarare prioriteringar i planen både av mål og strategiar. Fylkesmannen tilrår å omtale biologisk mangfald og naturmangfaldlova og ei opplisting av dei største miljøutfordringane. Det vert tilrådd at dei ulike utbyggingsstragiane vert samla og opplista på ein plass i samfunnsdelen. Landbruksavdelinga ser det som positivt at kommunen no også har mål om å kartleggja jordog hagebruksareal som ikkje er i bruk. Det vert tilrådd at om kommunen ønskjer å nytta samfunnsdelen til å utarbeida mål og strategiar for samfunnstryggleiksarbeidet, må dette tema verta noko meir synleg i planen. Fylkesmannen meiner at kommunen manglar eit fullstendig oversiktsbilete over utfordringane innan folkehelsearbeidet. I planframlegget av 27.04.15 har rådmannen gått gjennom måla og strategiane og føreteke ei prioritering. Ved ferdigstillinga av planen vil kommunen vurdera å omtala biologisk mangfald og ei opplisting av dei største miljøutfordringane. Kommunen nyttar ikkje samfunnsplanen til våre
overordna mål og strategiar for samfunnstryggleikområdet, men vil eige planverk for dette arbeidet. Rådmannen er usamd med Fylkesmannen i vurderinga av folkehelsearbeidet. Statens vegvesen Statens vegvesen peikar på at det er ein klar samanheng mellom arealbruksmønster og utviklinga i ein kommune sitt samla transportbehov. Det finn at målsetjingar om trafikk, trafikksikkerheit og vegar er innarbeidd. Rådmannen er samd med vegvesenet i samanhengen mellom utbyggingsmønster og transportbehov og har lagt dette prinsippet til grunn for tilrådd bustadlokalisering. Senterungdommen Midtre Sogn Dei er opptekne av sikring av jordressursane og finn ikkje planen god nok på dette området. Dei vil ha vern av jord inn i delmål Landbruk. Dei vil ha fylgjande kulepunkt inn i strategien: Revidert arealplan for kommunen skal sikra jordressursane. Kjerneområde landbruk skal ikkje omdisponerast til andre føremål. Dei vil erstatta strategien om at 75% av bustadene skal lokaliserast sentrumsnært med ein strategi for å sikra eit variert tilbod med nye attraktive bustader i heile kommunen. Leikanger Bondelag Dei krev at jordvernet vert tydeleg heimla i planen slik at det vert retningsgivande for den framtidige arealplanen. Innspelet er nokså samanfallande med senterungdommen sitt. Rådmannen er ikkje samd i at eitt interesseområde skal ha så sterke bindingar i samfunnsplanen som senterungdommen og bondelaget går inn for. Rådmannen har ikkje merknader til at punktet: «Revidert arealplan for kommunen skal sikra jordressursane» vert teken inn som strategi under tema landbruk, skogbruk, frukt og bær. Idrettslaget Syril Dei finn planen litt lite konkret. Dei meiner fylgjande konkrete tiltak må sikrast i planen: Rehabilitering av friidrettsstadion, utvikling av skianlegga på Kleppa og utbygging av symjehall ved ungdomsskule. Tiltaka som Syril gjer framlegg vert å ta inn i delplanane og økonomiplanen. Rådet for eldre og personar med nedsett funksjonsevne: Det er viktig at ein tek med det som er viktigast og tek bort resten, slik at det vert eit oversikteleg dokument. Det bør seiast noko om det nasjonale målet om at Noreg skal vere universellt utforma innan 2025. I tillegg kan det seiast noko om at brukarmedverknad skal sikrast i alt kommunen sitt arbeid. Det må i tillegg nemnast noko om samhandlingsreforma og korleis kommunan kan vere framtidsretta og sikre god nok kapasitet. Under tema inkludering må det nemnast at kommunen er ei IA-bedrift, og at personar med nedsett funksjonsevne er ein ressurs. Rådet meiner i tillegg at desse sakene bør prioriterast: - frivilligsentral. Dette kjem til å verte ei særs viktig teneste sidan eldre er ei gruppe i vekst
- turstiar og merking av desse til alle brukarar, inkludert personar med rullestol og barnevogner - ein plan og strategi for bustadar for personar med særskilde behov - god samhandling mellom barnehagar og skular. Inkludering er eit viktig tema som famnar breitt, og er ivareteke både gjennom det overordna perspektivet på folkehelse, så vel som i fleire av satsingsområda. Under busetjing og tilflytting er ein prioritert strategi og utvikle ein plan for kommunale bustadar. Ein slik plan vil inkludere behov for bustadar til personar med særskilde behov. I tillegg er inkludering tema i kapittela «kultur og fritid» og «oppvekst og helse». Eventuelle meir konkrete tiltak må kome i handlingsdelen og økonomiplanen. Turstiar for alle og god samhandling mellom barnehagar og skular er ivareteke, det siste er prioritet. Frivilligsentral er ikkje prioritet i første omgang grunna budsjettet, men det skal utarbeidast ein plan for dette. Leikanger ungdomsråd: Det er viktig at det er fint i bygda vår, då har ein lyst til å vere her. Møteplassar som skapar sosial aktivitet, til dømes leikeplassar, bør prioriterast. Elles er natur, og særleg strendene, noko ein må ta vare på. Leikanger er ei bygd med mange gode kvalitetar. Desse må løftast fram, slik at me kan få folk til å ønskje å bli her. Gode og rimelege tomter og bustadar er viktig. Møteplassar og leikeplassar er med i planen, og er prioritert under «oppvekst og nærmiljø». Dette er dermed ei oppgåve som skal tas fatt i raskt. Her må ein sjå på høve til å få fleire nærmiljøanlegg med spelemidlar frå fylkeskommunen. Tomter og bustadar er eit viktig tema i samfunnsdelen. Fortettingsplan for sentrum skal ikkje berre ha som mål og busette folk tettare, men òg gje rom for sosiale møteplassar. Elles skal kommunen kartlegge bustadpreferansar for å sjå kva type bustad personar er interesserte i. Private merknad: Det har kome inn eit innspel frå ein privatperson. Dette er eit sakleg og godt skrive dokument som tek for seg mange delar av planen, men har særleg utdjupa folketalsutvikling og eldre. Det blir med anna peika på at det ikkje er gjort nokre vurderingar omkring tal institusjonsplassar, veksande pleiebehov etc sjølv om talet på eldre aukar. Det er i tillegg peika på at det er ei passiv tilnærming til koplinga mellom mål om auka folketal og bustadar. Det er mange gode poeng i innspela. Det er gjort nokre endringar i tekstdelen med bakgrunn i dette, med anna rundt folketal og eldre. Det er i tillegg utdjupa at kommunen er klar over at dette kan føre til auka behov innanfor omsorg og tiltak for eldre. Det er likevel vanskeleg å seie noko sikkert om aukande behov for tiltak innanfor eldreomsorg. Det er eit tema som må arbeidast kontinuerleg med, på same måte som folkehelseutfordringar i kommunen generellt. Samfunnsdelen er kanskje ikkje særs spesifikk på koplinga mellom mål om auka folketal og bustadar, men det kjem klart fram at dette er eit
område som kommunen må arbeide meir med, med anna for å kartlegge type bustadar. Skal Leikanger gå hovudsakeleg for einebustadar, eller er det mange personar som er interesserte i mindre bueiningar slik som ein ser i andre kommunar? Dette må kartleggast betre før me set i gong nye prosjekt, både gjennom kartleggingar generellt og gjennom arbeidet med fortettingsplan for sentrum. Avsluttande kommentarar: Det er ei utfordring å lage ein oversikteleg samfunnsdel til kommuneplan som er eit godt arbeidsverkty, og samtidig inkludere alle tema og strategiar som personar og institusjonar meiner det bør satsast på. Me meiner at me har klart å få eit dokument som seier noko om kva retning me skal gå. I tillegg har prioriteringa av strategiar gjort det klart kor me skal starte, og kva me må ta på sikt. I fyrste omgang vil ein lage ein handlingsdel i samband med økonomiplanen. Her skal strategiane utdjupast med konkrete tiltak, og det skal kome tydeleg fram kven ein skal samarbeide med for å få iverksett tiltaka. Mange av strategiane i dokumentet er kanskje ikkje så kostnadskrevjande i kroner, men er relativt arbeidskrevjande. Det bør derimot diskuterast korleis ein kan sikre nok arbeidskraft i kommuneorganisasjonen til å gjennomføre tiltaka. Mykje vil ein kunne gjere gjennom auka satsing på enkelte felt i dagleg drift. Likevel, dersom ein skal få gode og synlege effektar av kvart mål, må ein våge og tenkje på alternative måtar å få gjennomført enkelte av tiltaka på. Her er det særleg viktig med samarbeid med andre, og i tilleg vil ein ha utbyte av å nytte prosjektmidlar til enkelte tiltak.