Plan for samarbeidet mellom heim og skule på Horpestad

Like dokumenter
PLAN FOR HJEM/SKOLE SAMARBEID SOKNDAL 1-10 SKOLE

SAMARBEID HEIM OG SKULE

Forsand skule. der læring og trivsel går hand i hand PLAN FOR HEIM-SKULE SAMARBEIDET

Forsand skule. der læring og trivsel går hand i hand PLAN FOR HEIM-SKULE SAMARBEIDET

PLAN FOR SOSIAL KOMPETANSE

KLASSEKONTAKT. Kva kan eg gjere? Kven er eg til for? Korleis kan eg jobbe? Lysarka bygger på FUG - hefte ABC for foreldrekontaktar.

HEIM SKULE SAMARBEID RUBBESTADNESET SKULE. Vedtekter og prosedyrar for foreldrerådet og foreldrearbeidsutvalet (FAU)

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG ANDRE KRENKINGAR

Foreldremøte 19. september 2018

Hefte for foreldrekontaktar

Råd og utvalg ved Evjen skole

SKOLE - HJEM SAMARBEID

Fyresdal kommune. Sektor for kultur og oppvekst. Samarbeid. Heim/skule/barnehage. Fyresdal kommune

Foreldre ved Ål ungdomsskule

Velkommen : Velkommen til nytt skoleår!

Å fremje felles interesser til beste for barnet

SYSTEMATISK ARBEID FOR EIT GODT SKULEMILJØ FOR ELEVANE KLØVHEIM SKULE

BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSSKULEN OG SFO

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE

NESSET KOMMUNE Indre Nesset barne- og ungdomsskole. Plan for arbeidet med det psykososiale miljøet

Fogn oppvekstsenter levande og lærande

Handlingsplan mot. mobbing ved. Åheim skule

Avklaring av omgrep i kapittel 3 i forskrift til opplæringslova om samtalar med elevar og føresette

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Handlingsplan mot mobbing

Samarbeid heim skule i Skodje kommune

Ein trygg stad å vera ein god stad å læra

Samarbeidsutvalet Foreldrerådsutvalet. arbeidsoppgaver konflikthandtering SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Handlingsplan. Åheim skule. mot. mobbing og anna krenkjande åtferd. ved

TILSYNSRAPPORT Opplæringslova 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring. Granvin herad Granvin barne- og ungdomsskule

Øystese barneskule April - 08

Trygg og god overgang mellom barnehage og skole

Plan for overgangar. for barn og unge

Eg må tenke lurt og bruke heile kroppen. Eg må seie høgt til meg sjølv: Dette KAN eg. Det som er vanskeleg kan eg LÆRE meg.

Velkommen til Ulveset SFO. Mål for Ulveset SFO: SFO skal være ein trygg stad, der vi legg til rette for vennskap, leik og trivsel.

Kjære foreldre! Foreldreinvolvering og et godt samarbeide mellom hjem og skole fører til:

Årsmelding for Urhei barnehage

Utviklingsplan skuleåret Vasshus skule Glede og tryggleik gir meistring

Informasjonshefte Tuv barnehage

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for mottak, språkopplæring og integrering av framandspråklege elevar. for.

Nissedal kommune Eining for skule

PLAN FOR SAMARBEIDET MELLOM HEIMANE OG ÅMÅS FRISKULE

Vennegrupper på Høle Barne- og Ungdomsskule

Rutiner for brukermedvirkning

Kjære foreldre! Foreldreinvolvering og et godt samarbeide mellom hjem og skole fører til:

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 3 - Januar. Så tar me hoppet over til 2018

Sandøy kommune Eining for Oppvekst og kultur

Handlingsplan for godt skulemiljø for skuleåret (Olweus) Revidert oktober 2016

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Førsteklasse haust 2018 Velkommen! Foldnes skule 8. mai 2018

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

PLAN FOR SKOLE HJEM SAMARBEID

Skulestart Repetisjon

Slik vil vi ved Vigra skule skape eit trygt og dynamisk, skulemiljø.

BØ SKULE SIN STRATEGIPLAN SKULEÅRET 17/18

Svein Ove Rørvik - rektor Inger-Helen Kallestad undervisningsinspektør Elisabeth Skjerdal SFO-leiar

Denne planen består av fire deler 1. AVDEKKING AV MOBBING 2. PROBLEMLØYSING AV MOBBESAKER 3. FØREBYGGING 4. KONTINUITET

Sosial handlingsplan 2016 SOSIAL HANDLINGSPLAN - BRINGEDALSBYGDA SKULE KVINNHERAD KOMMUNE.

TRIVSELSREGLAR FOR ROMMETVEIT SKULE.

Alle grunnskular. Fagavdeling barnehage og skole

Plan for samarbeid mellom hjem og skole

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

Velkommen til workshop

Møtereferat Orstad FAU Dato Til stades Møteleiar Referent Saker Sak Omtale Evaluering av Temakveld. Temakveld med Barnevakten nettmobbing.

Verdalsvegen 31. Klepp kommune BORE SKULE Kleppe. Tlf FAU struktur. Bore skule

RETNINGSLINER FOR SKULEMILJØ KAPITTEL 9A 1. AUGUST 2017

3 Samtale med føresette. Vert saka løyst her, vert det skrive ned og underteikna av alle.

Kommunale retningsliner for organ for brukarmedverknad i skule og barnehage. Samarbeidsutval Skulemiljøutval Elevråd Foreldreråd/FAU

LEIRVIK SKULE. Velkomen til skuleåret

1. AVDEKKING AV MOBBING

Plan for foreldresamarbeid

SAMARBEIDSRUTINER FOR OVERGANG BARNEHAGE SKULE I SKODJE KOMMUNE

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ, kap. 9A. Ostereidet barneskule

Plan for å sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule

Utviklingsplan Skule: Klepp ungdomsskule

Overgang barnehage barneskule -ungdomsskule

REFERAT: MØTE I FAU-VALESTRAND SKULE

Heilt einig. Litt einig

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

Klepp ungdomsskule - Tiltaksplan for trygt og godt skulemiljø Oppdatert hausten 2017

Handlingsplan. Åheim skule. Elevane sitt skulemiljø. ved. Godkjent i SU den..

Fogn oppvekstsenter levande og lærande

HANDLINGSPLAN MOT KRENKJANDE ÅTFERD

RENNESØY KOMMUNE Oppvekstavdelinga

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for vurdering ved Gimle skule

Utviklingsplan skuleåret Vasshus skule Glede og tryggleik gir meistring

Utviklingsplan 2015 Meling skule. "Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert jeg kan klare."

PLAN FOR SKOLE - HJEM SAMARBEID FOR

Samarbeid skole og hjem

Handlingsplan for godt skulemiljø for skuleåret (Olweus) Revidert mai 2017

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Utviklingsplan for Vigrestad skule. Dagfrid Bekkeheien Skrettingland

Trafikksikringsplan Hillestveit skule

Hva er en foreldrekontakt?

Transkript:

Plan for samarbeidet mellom heim og skule på Horpestad Horpestad skule sin visjon: Med blikk for den enkelte og læring i fokus. (www.godskole.no)

Målet med denne planen: Målet for denne planen er å fremme eit godt samarbeid mellom heim og skule. Målet med samarbeidet er å skape eit godt klasse / skulemiljø som gir tryggleik, trivsel og læring for elevane. Samarbeidet skal byggja på likeverd og felles ansvar for både heimen og skulen. Kunnskapsløftet, med prinsipp for opplæringa og Læringsplakaten, og skulen sine planar for læring og sosialkompetanse, samt ordensreglement, danner grunnlaget for kva samarbeidet skal handle om. Denne planen er ein minimumsplan. Det er ikkje noko i vegen for at det kan leggast opp til fleire miljøskapande tiltak på det einskilde trinnet. I skulen sine planar inngår det at kontaktlærar skal delta på to foreldremøter i året, og arrangement utover dette må avtalast med rektor. Elevar og lærarar som deltar på overnattingsturar, avspaserer dette saman på avtalte dagar. Det er opp til foreldre og lærarar å bestemme andre tema for foreldremøtene. Om temaet passar kan ein leggje opp til at elevar på mellomtrinnet kan vere med på møtet. Foreldrekontaktane kan kalle inn til foreldremøte, med diverse tema,utan at kontaktlærar er til stades. Digital info Nyttige sider for foreldre, foreldrekontakter, medlemmene av FAU, samarbeidsutvalg, og lærarar: www.foreldrenettet.no www.skoleporten.no www.skolenettet.no www.barnevakten.no Skulen si heimeside http://www.minskole.no/horpestad Vi abonnerer på FORELDREPULSEN på heimesida. Det betyr ein liten aktuell artikkel kvar veke som føresette kan lese.

Forventningsdokument på Horpestad skule Forventningar til elevane: Respektere medelevar og vaksne. Halde ordensreglane og klassereglane. Gjere sitt beste, vere aktive og bidra positivt i timane. Vere inkluderande. Kome presis, opplagde og mette. Ta ansvar, gjere leksene. Forventningar til føresette: Gje elevane god oppdraging og læra dei folkeskikk. Framsnakke skulen og dei tilsette der. Sikre primærbehova til ungane sine Delta positivt i skule/heim samarbeid Vise interesse, følgje opp lekser og engasjere seg i elevane sin kvardag. Forventningar til skulen: Sjå og tilpasse til den einskilde elev. Vere førebudde til undervisning og møter. Profesjonelle, kompetente og engasjerte vaksne. Ha jevnleg kontakt med heimen etter behov. Gode klasseleiarar som bidrar til trivsel for elevane fagleg/sosialt.

Foreldrekontaktane sine oppgåver : Skal vere kontaktperson mellom foreldra og kontaktlærar på trinnet. Det er viktig å holde en tett dialog mellom heim og skule, slik at spørsmål/evt.misnøye frå føresette kjem fram tidleg. Då er det lettare å gjere justeringar undervegs. På samme måte er foreldrekontaktane det viktigaste talerøyret ut til dei andre føresette. Dette gjer ein føresette oppmerksame på, på første foreldremøte. Skal delta i planlegginga av og tilrettelegginga av eit godt læringsmiljø for trinnet. Samarbeide med andre forledrekontaktar på trinnet. Har ansvar for å kontakte og ta i mot nye foreldre i klassen og sørge for at dei føler seg velkomne. Det er kontaktlæraren sitt ansvar å informere om nye elevar. Planlegge innhaldet i foreldremøta med kontaktlærar. Vere med å planlegge og gjennomføre sosiale arrangement på trinnet. Skal legge fram årshjulet for trinnet saman med kontaktlærar. Kan hjelpe til med/delegere praktisk arbeid til dei andre føresette på trinnet.(skaffe sjåførar, koke kaffi, innkjøp mm.) Skrive referat frå foreldremøta. Kontaktlærar sitt ansvar å få dette ut til alle føresette. Har ei kontaktmappe med informasjon og retningslinjer, liste over elevane, nyttige namn og telefonnummer, reknskap og referat. Ajourføre denne og levere til nye foreldrekontaktar. Kontaktlærar sine oppgåver : Opplæringslova 8-2 seier: Kvar elev skal vere knytt til ein lærar (kontaktlærar) som har særleg ansvar for dei praktiske, administrative, og sosialpedagogiske gjeremåla som gjeld eleven, mellom anna kontakten med heimen. Legge til rette for samarbeid med føresette. Kalle inn til utviklingssamtalar to gonger i året. Elevane er med på minst ein av desse. Ha elevsamtalar (VFL-samtalar) 4-5 gonger i året med fokus på måloppnåing og sosial kompetanse. Sende heim referat frå dette til føresette. Kalle inn til foreldremøter saman med foreldrekontakten. Informere om arbeidet på trinnet, og lytte til innspel fra føresette. Legge til rette for ein åpen debatt, der føresette er likeverdig samarbeidspartnar. Ta føresette på alvor om ein har innspel til undervisinga, i forhold til langsiktig tenkning og vektleggingen av enkelte temaer. Bruke minskole til å dele litt av det som vert gjort på trinnet, og legge ut vekeplanen.

Informasjonsmøte foreldrekontaktar og kontaktlærarar Eit møte tidleg på hausten, der rektor informerer om foreldrekontaktane sine oppgåver, og kort om skulen sine planar. Det vert så eit påfølgande møte mellom forledrekontaktar og kontaklærarar der ein planlegg det sosiale årshjulet og foreldremøtet. Val av representantar til FAU: Ein vel ein foreldrerepresentant frå SFO, og ein frå kvart trinn på foreldremøta om våren. Representant frå SFO og 1. trinn sit eit år, representantar frå dei andre trinna sit 2 år. Foreldreråd Opplæringsloven 11-4 fastset krav om foreldreråd, ved den eiskilde skule. Alle foreldra er medlemmar av foreldrerådet FAU - foreldra sitt arbeidsutval Har møter min.3 gonger i halvåret. FAU på Horpestad skule består av ein foreldrekontakt frå kvart trinn, og ein frå SFO. Denne vert valt for neste skuleår på foreldremøtet om våren. FAU konstituerer seg :leiar, kasserar og sekretær på første møte om hausten. Leiar og ein til i FAU sit ofte som representantar i Samarbeidsutvalget. FAU har som hovedoppgåve å være bindeleddet og talerøyret mellom foreldra og skulen sine formelle rådsorganer, og administrasjon. FAU har ansvar for å ta opp fellessaker, som gjeld alle elevane på skulen. FAU skal arbeide med å legge til rette for trivsel og positiv utvikling hos elevane. FAU skal skape kontakt mellom skulen og lokalsamfunnet. Av og til kan det være lurt å kalle inn alle foreldrekontaktane til møte for å få størst mogleg bredde i en diskusjon, eller samle alle foreldra til foreldreråd. Aktuelle arbeidsoppgaver: Dugnad på skulen sitt uteområde Gi råd i saker som angår skulen og elevane. Kvalitetssikring og skulevurdering. Trafikksikkerheit til og frå skulen og utenfor skulens område. Bruk av sykkelhjelm og refleks. Kome med innspel i forbindelse med vedlikehald av skolebygningane. Vere aktive pådrivarar i forhold til rådsorgan og bevilgande myndigheiter, på vegne av alle føresette, for å få en best mogleg skule. Ansvar for å etablerer ein 17.mai-komite, og ein komite til aktivitetskveld..

Samarbeidsutvalget (SU) Har møter 2-3 gonger pr.halvår. Samarbeidsutvalget består av :To representanter fra undervisningspersonalet, ein frå andre tilsette, to frå foreldrerådet, to elevar, to frå kommunen, kor den eine skal vere rektor. Samarbeidsutvalget har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skulen, men har ingen beslutningsrett. Samarbeidsutvalget skal være eit rådgivande, kontaktskapande og samordnande ledd for partane i skulesamfunnet. Dersom sakene er taushetsbelagde skal ikkje elevane delta. Saker kan vere; o Gjennomgang av skulens verksemdsplan/utviklingsplan o Samarbeid heim- skule o Budsjettarbeid o Fag og timefordeling o Fritidstiltak o Planer for ombygging o Verne og helsetiltak Skulemiljøutvalg (SMU) Opplæringsloven 9a seier at det skal opprettast eit skulemiljøutvalg. Skolemiljøutvalget skal ivareta elevane sitt fysiske og psykiske skulemiljø Horpestad skule og Horpestad barnehage har SU/SMU saman. På Horpestad er det samarbeidsutvalget som vert gjort om til skulemiljøutvalg, når aktuelle saker skal behandlas. Elevar og føresette skal ha fleirtall i skulemiljøutvalget når noko skal stemmast over. Brukarundarsøkingar Kvart år gjennomfører vi den nettbaserte Foreldreundersøkinga og Elevundersøkinga før jul. Vi har og ei eiga Zero-undersøking, der elevane svarer med namn. Evaluering. Denne planen for heim-skule samarbeidet skal evaluerast i lærarkollegiet om våren, og på siste møte om våren.

Årsplan for samarbeidet mellom heim og skule Tid Kva Kven Ansvar Haust Ein miljøskapande aktivitet på alle trinna. Elevar, føresette og evt.lærarar. Foreldrekontaktane August Informasjonsmøte foreldrekontaktar. Planleggingsmøte kontaktlærarforeldrekontaktar. Rektor, foreldrekontaktar og kontaktlærarar. Rektor kaller inn September Felles temaforeldremøte for alle. Årsmøte i FAU i samband med dette. September /Oktober Foreldremøte på alle trinn. Tema: Årshjul, undervisningsplaner, klassemiljøarbeid, lese- og skriveopplæringa. Føresette og lærarar Kontaktlærar kaller inn Oktober/ November Utviklingssamtalar Kontaktlærar, føresette og elevar. Kontaktlærar kaller inn Juleavslutning på ettermiddagstid. Forestilling der alle elevane deltar. Føresette og sysken er tilskodarar. FAU sel mat og drikke. Alle tilsette på skulen, elevane og føresette. Komite på skulen Kontaktlærarane FAU Våren Ein miljøskapande aktivitet på alle trinna. Elevar, føresette og evt.lærarar. Foreldrekontaktane Februar Innskriving av nye førstetrinnselevar Rektor og SFO-leiar er tilgjengelege for dei føresette. To tilsette på skulen, nye førstetrinnselevar, føresette, FFO-leiar og rektor Februar/ Mars Planlegging før foreldremøte. Kontaktlærarar og foreldrekontaktar. Kontaktlærar tar kontakt via telefon/mail. Mars/ April Foreldremøte på alle trinn. Tema avtales med foreldrekontaktane Val av foreldrekontaktar. Kontaktlærar og føresette. ( Evt ein forelesar) Kontaktlærar kaller inn. Mars/ April Utviklingssamtalar Kontaktlærar, føresette og elevar. Kontaktlærar kaller inn Mai Nye førstetrinnselevar kjem på besøk. Dei får treffe fadrane sine og kontaktlæraren dei skal ha.(om dette er mogleg) Rektor har samstundes eit lite informasjonsmøte med føresette. Val av foreldrekontaktar. Nye førstetrinnselevar, fadrane(3.trinn), ny kontaktlærar, kontaktlærar 3.trinn. Føresette og rektor. Juni Aktivitetskveld Elevar, føresette og lærarar. Juni Avslutningsfest for 7.trinn Elevar, føresette, kontaktlærarar og rektor Rektor kaller inn. Komite på skulen kaller inn. Kontaktlærar/ Elevane inviterer.