Fortun kyrkje Rapport/notat gjeldande klokketårnet 02 2016-06-18 Oppdatert rapport etter måling av bevegelsar tes amo tes 01 2016-05-11 Rapport klokketårn Fortun kyrkje tes amo tes Versjon Dato Omtale Utarbeidet Fagkontrollert Godkjent Dette dokumentet er utarbeida av Norconsult AS som del av det oppdraget som dokumentet omhandlar. Opphavsretten tilhøyrar Norconsult. Dokumentet må berre nyttast til det formål som går fram av oppdragsavtalen, og må ikkje kopierast eller gjerast tilgjengeleg på annan måte eller i større utstrekning enn formålet tilseier. n:\516\33\5163308\5 arbeidsdokumenter\52 rapportar\rapport fortun kyrkje_revisjon 2.docx 2016-06-18 Side 1 av 6
1 Bakgrunn Norconsult AS i Sogndal vart kontakta av Luster kyrkjelege fellesråd med spørsmål om bistand til å vurdera bereevne/stabilitet til klokketårnet i Fortun kyrkje. Kyrkja er frå 1879. Bakgrunnen for dette er «bekymringsmelding» frå Terje de Groot som arbeider med registrering av middelalderklokker i kyrkjebygga. Ved arbeid i Fortun kyrkje i august 2015 (rapport frå Terje de Groot datert 26.08.2015), uttrykte han stor bekymring for stabiliteten av klokketårnet, i det at tårnet bevega seg faretruande ved ringing i klokkene. Vi er vidare gjort kjent med ein rapport datert 22. februar 2016 som kyrkjetenar Arne Rebni Øvreås har utarbeidd, som mellom anna seier noko om vatn i grunnen. Rapporten seier ikkje noko om klokketårnet sin tilstand. 2 Synfaring Fortun kyrkje 28. april 2016 Underteikna deltok på synfaring i klokketårnet saman med kyrkjeverje Inga Reidun Sjøthun og kyrkjetenar Arne Rebni Øvreås. Underteikna observerte og registrerte klokketårnet sine berande konstruksjonar visuelt og det vart tatt bilder. Det kunne ikkje registrerast mangelfulle eller svekka/skadde stokkar. Så langt har det ikkje lukkast å framskaffa teikningsmateriale av kyrkja. Det er såleis vanskeleg å seia om det opp gjennom åra er gjort endringar i konstruksjonane i klokketårnet. Det er opplyst at klokkene veg hhv. 220 og 280 kg. Det vart gjort ringeprøvar med klokkene for å observera dei bevegelsane som det er uttrykt bekymring for. Prøvane vart gjort medan underteikna stod plassert først i nivå med klokkene, deretter passert ned eitt nivå og siste prøve ytterlegare eit nivå ned. Dette for å «kjenna etter» om bevegelsane vart mindre lenger ned i tårnet. Tårnet bevega seg betydeleg ved ringing i klokkene, slik som konstatert av andre. Det kunne også høyrast at det «knaka» i treverket. Når klokkene hadde «fullt utslag» stoppa bevegelsane nærast heilt opp. Det er for så vidt naturleg i det at når dei svinga kvar sin veg, oppheva svingekreftene kvarandre. Det kunne ikkje registrerast at bevegelsane i tårnet vart mindre lenger ned. Det ville vere naturleg å tru at bevegelsane er størst høgst oppe i tårnet, men det var vanskeleg å vurdera i kva grad desse avtok lenger ned. Dersom ein skal talfesta utslaga/bevegelsane i tårnet når klokkene blir nytta, må det etablerast målepunkt og registrera desse med eigna måleutstyr (sjå under punkt «4 Tiltak»). 3 Vatn i grunnen I rapporten frå Arne Rebni Øvreås er det som nemnt påpeika at det tidvis er registrert mykje vatn i grunnen, og at det mellom anna har vore tilfelle der gravsteinar rett og slett har sunke i bakken i type «synkehol» på kyrkjegarden. Kyrkjegarden ligg som kjent på andre sida av vegen for kyrkja, og det er såleis litt avstand til kyrkja. Eit moment som kanskje burde vore vurdert nærare er om vatnet i grunnen kan ha påverka grunnen under kyrkja eller under deler av kyrkja, og dermed ha innverknad på stabiliteten av n:\516\33\5163308\5 arbeidsdokumenter\52 rapportar\rapport fortun kyrkje_revisjon 2.docx 2016-06-18 Side 2 av 6
bygget. Vi trur ikkje dette er årsaka til bevegelsane i klokketårnet, men det burde vera enkelt å undersøka dette (sjå punkt 4, tiltak). 4 Tiltak 4.1 Utføra målingar som registrerer bevegelsane når klokkene ringer Det kan etablerast målebrikker utvendig på klokketårnet der det er ønskjeleg å registrera bevegelsane. Det må då ved hjelp av måleinstrument (totalstasjon) fysisk målast/registrerast utslaga når det blir gjort ringeprøve. Eit slikt arbeid må planleggast og det må vurderast kor det er fornuftig å plassera målebrikkene. Vi ser føre oss at det bør etablerast kanskje tre slike i ulike nivå nedetter klokketårnet. Vi vil også tilrå at det blir gjort tilsvarande målingar/registreringar nedst ved murkrona på klokketårnet. Dette for å måla om det er bevegelsar heilt ned, som følgje av mogleg svekka grunntilhøve. 4.2 Få gjort undersøkingar av grunnen for å sjekka om den er svekka evt. utvasking grunna mykje vatn i grunnen Dersom målingar viser at det er bevegelsar i tårnet heilt ned til grunnen (jf. punkt 4.1), bør det gjerast grunnundersøkingar som viser kva årsakene til dette er. 4.3 Avstiving av konstruksjonane for å redusera bevegelsane Kva tiltak som vil vere fornuftig å gjera her, er avhengig av kva resultat ein kan klara å lesa av tiltaka under pkt. 4.1. Det er muleg at det vil vera tilstrekkeleg å stiva av deler av tårnet med t.d. ei kryssfinèrplate rundt veggene. Dette som ein illustrasjon av eit mogleg tiltak. Sjølve avstivinga kan med fordel heilt sikkert utførast på ein meir estetisk måte. Dersom det viser seg at sjølve berekonstruksjonane i tårnet ikkje er stive nok og gir dei bevegelsane som er registrert, vil eit tiltak som skildra her med stor sannsynlegheit bidra til å stiva av tårnet i tilstrekkeleg grad. 4.4 Montera mekanisk ringesystem som sikrar at klokkene svingar optimalt kvar sin veg, slik at sidekreftene motverkar kvarandre I den grad det er muleg at klokkene svingar same veg i takt, og at bevegelsane i tårnet vurderast som for store ved at dette skjer, eller kan skje, kan det vera eit muleg tiltak å etablera eit mekanisk ringesystem. Dette har ikkje vi erfaring med eller kompetanse på, men dersom dette er eit alternativ å arbeida vidare med, bør det vera enkelt å utgreia dette vidare. 4.5 Flytta klokkene lenger ned i tårnet Dette er eit alternativ som er skissert av Terje de Groot i rapporten av 26.08.2015. Normalt vil ein redusere bevegelsane når kreftene som generer desse blir flytta nærare opplagerpunktet (grunnen). n:\516\33\5163308\5 arbeidsdokumenter\52 rapportar\rapport fortun kyrkje_revisjon 2.docx 2016-06-18 Side 3 av 6
5 Oppsummering Vi vil tilrå at dei første tiltaka som blir gjort er å utgreie pkt. 4.1, og få gjort nøyaktige registreringar av utslaga når klokkene ringer. Dette vil gje eit godt grunnlag for å vurdera kva ytterlegare tiltak som bør gjerast for å redusera bevegelsane som oppstår. Vår oppfatning av situasjonen er at det bør gjerast tiltak for å redusere bevegelsane, men situasjonen er etter vårt syn ikkje urovekkande. Det er likevel ein situasjon som gir mange ei oppleving av utryggleik, og slik ønskjer ingen det skal vera. Sogndal 11. mai 2016, Terje Reed Sørensen n:\516\33\5163308\5 arbeidsdokumenter\52 rapportar\rapport fortun kyrkje_revisjon 2.docx 2016-06-18 Side 4 av 6
6 Oppdatert rapport etter kontrollmåling av rørsler i klokketårnet 6.1 Kontrollmålingar utført fredag 10. juni 2016. Norconsult AS ved geomatikar Hallgeir Skartun og underteikna, assistert av kyrkjeverge Arne Rebni Øvreås, gjorde kontrollmålingar av rørslene i klokketårnet ved ringeprøvar. Målingane var utført ved at det vart påmontert målebrikker på fire stadar på endeveggen av klokketårnet. Måleinstrument (totalstasjon) vart stilt opp på marka nedanfor tårnet for å visuelt kunne lesa av skalaen på målebrikkene når det vart utført ringeprøve, og tårnet kom i rørsle. Sjå vedlagte illustrasjon. 6.2 Ringeprøvar Ringeprøvar vart utført ved at klokkene først svinga kvar sin veg. Teorien her er at sidekreftene som utslaga av klokkene utgjer, skal utlikna kvarandre og dermed gje mindre utslag/rørsle i klokketårnet. Det vart deretter utført ringeprøve med klokkene svinga same vegen. Her er teorien at sidekreftene verkande same veg, skal bidra til at utslaga i klokketårnet skulle bli større. Dei to metodane vart utførte for kvart målepunkt. 6.3 Måleresultat målt ovanfrå og ned 6.3.1 Målepunkt 1 Det vart målt utslag på 10mm til kvar side ved ringeprøve. Ingen forskjell i utslag om klokkene ringde i «takt» eller i «utakt». 6.3.2 Målepunkt 2 Det vart målt utslag på 5mm retning Skjolden. Ingen utslag motsett veg. Ingen forskjell i utslag om klokkene ringde i «takt» eller i «utakt». 6.3.3 Målepunkt 3 Det vart målt utslag på 2-3mm til kvar side ved ringeprøve. Ingen forskjell i utslag om klokkene ringde i «takt» eller i «utakt». 6.3.4 Målepunkt 4 Ingen utslag. Ingen forskjell i utslag om klokkene ringde i «takt» eller i «utakt». Målepunktet 4 vart teke med for å måla om det kunne vera rørsler helt ned til grunnen. Dette med tanke på evt. muleg svekka grunntilhøve, jf. pkt. 3 i rapporten. Utslaga her var ikkje målbare, og ein kan såleis slå fast at grunntilhøva ikkje er svekka og at byggverket er stabilt. n:\516\33\5163308\5 arbeidsdokumenter\52 rapportar\rapport fortun kyrkje_revisjon 2.docx 2016-06-18 Side 5 av 6
6.4 Oppsummering, konklusjon Målingane viser mindre utslag enn ein skulle tru ut frå kjensla av rørslene når ein står oppe i klokketårnet når klokkene ringer. Dette har mykje å gjera med vår subjektive oppfatning av rørsler og kjensla av utryggheit når grunnen vi står på ikkje er stabil. Målingane viser ei lineær auke nedanfrå og oppover, noko som er heilt naturleg for ein slik konstruksjon. Utslaga er små, og bygningskonstruksjonane i klokketårnet er etter visuell inspeksjon i god forfatning. Vi kan såleis ikkje sjå at det skulle vera grunnlag for å gjera bygningsmessige tiltak for å redusera eller eliminera rørslene som oppstår ved ringing. Sogndal 18. juni 2016, Terje Reed Sørensen Vedlegg: Illustrasjon av prinsipp for målingar n:\516\33\5163308\5 arbeidsdokumenter\52 rapportar\rapport fortun kyrkje_revisjon 2.docx 2016-06-18 Side 6 av 6