saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 18.05.2016 35488/2016 Øyvind Tveten Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet 07.06.2016 Søknadar til Omstillingsprogram for petroleumsrelatert leverandørindustri Bakgrunn I sak RN-1/16, Handlingsprogram Verdiskaping 2016, sette Regional- og næringsutvalet av 5 millionar kroner til eit program for omstilling av petroleumsretta leverandørindustri. Omstillingsprogrammet vart også styrka med 2,4 millionar kroner i overførte midlar frå fylkeskommunalt tiltaksfond frå 2015. Totalt har omstillingsprogrammet ei ramme på 7,4 millionar kroner. I sak RN-16/16 sette Regional- og næringsutvalet rammene for prioritering av midlane i omstillingsprogrammet. Utvalet vedtok at administrasjonen fekk fullmakt til å jobbe fram konkrete tiltak og eventuelle utlysingar innan følgjande avgrensa område: Omstillingstiltak forankra i ny FoI-strategi Omstillingstiltak for bedriftsnettverk/bransjar som ønskjer å nå nye marknader Tiltak for å betre situasjonen for lærlingar 22. april lyste administrasjonen ut 7,4 millionar kroner til prosjekt: Mobilisere til forsking og innovasjon (søknadsfrist 13. mai) Omstillingstiltak for bedriftsnettverk/bransjar som ønskjer å nå nye marknader (søknadsfrist 13. mai) Tiltak for å betre situasjonen for lærlingar (søknadsfrist 12. august) Meir informasjon om utlysinga: https://mrfylke.no/tenesteomraade/regional-og-naeringsutvikling/nyheiter/7-4- mill.-kroner-i-omstillingsmidlar-for-leverandoerindustrien Søknadane: Organisasjon Prosjekt Søknadsbeløp Totale kostnadar ON Offshore Network Omstillingsarena Kristiansund 530 250 1 267 250 ikuben Digital verdiskaping for industriell konkurransekraft 500 000 1 000 000 Mafoss Maritim klyngeutvikling på Søre Sunnmøre 1 730 750 3 461 500 Offshore Simulator Centre Brønnbåtsimulator 1 100 000 2 200 000 GCE Blue Maritime Omstilling og vekst i maritim klynge 1 400 000 2 800 000 Sum 5 261 000 10 728 750
Vurdering Vurdering søknadsinngang 13. mai var søknadsfrist for prosjekt innanfor kategoriane: Mobilisering til forsking og innovasjon Omstillingstiltak for bedriftsnettverk/bransjar som ønskjer å nå nye marknader Totalt er det fem aktørar som har søkt om støtte. Fylkeskommunen har også vore i dialog med to andre aktørar som vurderte å søke, og det er avtalt møte med ein av desse for å foredle dette prosjektet. Det kan vere aktuelt å søke fylkeskommunal støtte for dette prosjektet seinare. Geografisk kjem søknadane frå dei regionane som er mest ramma av nedturen i petroleumsrelatert næringsliv langs kysten frå Nordmøre (ON Offshore Network), Romsdal (ikuben) og Sunnmøre (Mafoss, OSC og GCE Blue Maritime). Når det gjeld utlysinga med søknadsfrist 12. august har tre aktørar vore i kontakt med fylkeskommunen med tanke på søknad om tiltak for å betre situasjonen for lærlingar. Korleis vurderer administrasjonen dei prosjekta som skal få støtte Administrasjonen har lagt vekt på desse vurderingskriteria: I kva grad svarer prosjektet på utlysinga? I kva grad er prosjektet forankra hos bedriftene? Gjennomføringsevne Resultat og effekt av prosjektet Under er ei kort oppsummering av søknadane. Alle søknadane er lagt som vedlegg til saka. Digital verdiskaping for industriell konkurransekraft ikuben søkjer støtte til eit forprosjekt som skal utgreie korleis norske bedrifter skal skaffe seg betre føresetnader for digital konkurransekraft. Gjennom prosjektet skal ein kartlegge industribedriftenes modenheit for digital verdiskaping og innovasjon, og demonstrere potensialet for digital verdiskaping gjennom demo-løysingar på bedriftscase. Forprosjektet skal etablere grunnlag for fleire innovasjonsprosjekt blant bedriftene i ikuben. ikuben er ei kompetanseklynge med hovudvekt av bedrifter i Romsdalsregionen og nokre på Nordmøre. ikuben er med i det nasjonale klyngeprogrammet der dei har Arena-status, det første av tre nivå i klyngeprogrammet. Dei søkjer sommaren 2016 om å bli eit Norwegian Centre of Expertice, med ønskje om å ta ein nasjonal posisjon i digital verdiskaping i industribedrifter. Digitalisering og muleggjerande teknologiar er ein viktig del av Møre og Romsdal sin FoI-strategi for næringslivet, og prosjektet er med å bygge opp under FoIstrategien. Prosjektet er og godt forankra i ikuben sin strategi for å bli Norwegian Centre of Expertise (NCE) for digital verdiskaping, ein strategi som er støtta av ikuben sine 35 deltakarbedrifter. ikuben søkjer om 500 000 kroner, som utgjer 50 prosent av dei totale kostnadane i prosjektet. Utgiftene i prosjektet skal i all hovudsak gå til å leige inn forskarar frå SINTEF og Møreforsking til å gjennomføre dei ulike arbeidspakkane i prosjektet.
Prosjektet skal i stor grad involvere bedriftene i ikuben, og bedriftene sitt bidrag til prosjektet er i form av at dei dekker eigne timar. Innhaldet i prosjektet er ein viktig del av å realisere ikuben sin strategi framover, og prosjektet støttar opp om FoI-strategien. Prosjektet er i tråd med kriteria for utlysinga, og administrasjonen innstiller på at prosjektet vert støtta med 500 000 kroner. Brønnbåt Offshore Simulator Service Offshore Simulator Centre, saman med NTNU Ålesund og Havyard MMC og Fosnavåg Ocean Academy søker støtte for å utvikle verdas første simulator for brønnbåtar til havbruksnæringa. Ein ferdig simulator for brønnbåtar vil dekke fleire viktige formål; kurs og trening for operatørar av brønnbåtar, forbetring av prosedyrar for brønnbåtoperasjonar og utviklinga av nye designløysingar for nye brønnbåtar. Om Offshore Simulator Centre Offshore Simulator Centre AS (OSC) utviklar og drifter simulatorar for maritim næring, i all hovudsak simulatorar for krevande maritime operasjonar. Eit av formåla er betre sikkerheit for personell involvert operasjonar. OSC skal i prosjektet samarbeide tett med bedrifter i næringa for å skape ein realistisk simulator for brønnbåtar. OSC har god erfaring med denne type arbeid, og har utvikla fleire ulike simulatorar for avanserte offshoreoperasjonar. Men brønnbåtar er eit nytt område og for OSC, og dette krev utviklingsressursar og eit tett samarbeid med næringslivet. Prosjektet svarer godt på kriteriet «Omstillingstiltak for bedriftsnettverk/bransjar som ønskjer å nå nye marknader». I prosjektet skal ein nytte kompetanse og verktøy som har hatt stor nytte i maritim næring inn mot eit nytt segment. I havbruksnæringa ser ein mot større anlegg og anlegg lenger til havs. Dette vil og ha betydning for utvikling av båtar og utstyr som skal tene denne næringa. I denne utlysinga av midlar er det ikkje opna for at enkeltbedrifter kan søke om støtte, og administrasjonen har vore i dialog med både NTNU Ålesund og OSC i forhold til innretninga på prosjektet. NTNU si rolle er å utvikle og tilby kurs der ein vil nytte simulatoren til trening. Kursa vil vere opne for alle bedrifter i næringa. Administrasjonen har avklart med OSC at det vil ligge som eit krav i tildeling at det ikkje føreligg nokon eksklusivitet for dei bedriftene som deltar i utviklinga av simulatoren. Kostnadane i prosjektet er i stor grad knytt til utvikling av programvaren for simulering av dei ulike operasjonane som inngår i ein brønnbåtoperasjon. Administrasjonen vurderer det slik at sjølv om resultatet av prosjektet vil kome næringa til nytte, er støtta til OSC å rekne som direkte bedriftsstøtte. Ved eventuell tildeling av midlar vil tilsegn bli gitt som bagatellmessig støtte. Prosjektet er i tråd med kriteria for utlysinga, og administrasjonen innstiller på at prosjektet vert støtta med 1 100 000 kroner.
Maritim klyngeutvikling for Søre Sunnmøre Mafoss Maritim Foreining for Søre Sunnmøre, søker om eit prosjekt som skal vidareutvikle maritim næring på Søre Sunnmøre. Prosjektet vil fokusere på den maritime industrien på Søre Sunnmøre, og den teknologiutviklinga som har gjort regionen verdsleiande innanfor avanserte offshorefartøy. Prosjektet skal skape ei utviklingskraft ved å kople kompetansen i regionen med nasjonale og internasjonale FOU- og næringsutviklingsmiljø. Om Mafoss Maritim foreining for Søre Sunnmøre MAFOSS er ei interesseforeining for den maritime industrien på søre Sunnmøre. MAFOSS skal fremje ei positiv og konkurransedyktig utvikling i verfts- og leverandørindustrien i regionen Gjennom prosjektet skal ein arbeide med å finne nye arbeidsfelt for den avanserte subsea- og offshoreflåten. Særleg vil ein fokusere på fornybar energi og andre krevjande operasjonar til havs. Hovudmålet er å få fram mange idear med utspring i lokale bedrifter og enkeltpersonar. Utviklingskrafta i prosjektet skal ein lukkast med ved å kople kompetansen i regionen med nasjonale og internasjonale FOU- og næringsutviklingsmiljø. Målet for prosjektet er at den maritime klynga skal utviklast til å også bli ei verdsleiande klynge innanfor undervass robotar, fjernstyring og annan undervass høgteknologi. Mafoss har mål om at prosjektet skal mobilisere bedriftene til forsking, og at ein skal finne nye marknader for bedriftene, og målsetningane for prosjektet treff godt på kriteria for utlysinga. Fylkeskommunen meiner at innretninga på prosjektet er tett opp til både det GCE Blue Maritime og SFI Marine Operations ved NTNU Ålesund har som satsingar. Ein ønskjer og å kartlegge mulegheiter for prosjekt gjennom EU sitt forskingsprogram Horisont 2020. Møreforsking har allereie ein ressurs finansiert av fylkeskommunen som skal hjelpe bedriftene med nettopp dette. Gjennom dialog med søkjar har det kome fram at det ikkje har vore dialog med aktørar som NTNU, GCE eller Møreforsking med tanke på dette prosjektet, noko administrasjonen meiner er heilt nødvendig for å sikre at prosjekta utfyller kvarandre og at ein ikkje set i gang tiltak som allereie er finansiert. Prosjektet framstår som uferdig og administrasjonen innstiller på at prosjektet vert avslått slik det ligg føre. Fylkeskommunen inviterer til dialog med Mafoss for å undersøke om vi kan bearbeide prosjektet vidare. Dialogen bør starte allereie før sommaren. Omstillingsarena Kristiansund Offshore Network i Kristiansund søker om oppretting og igangsetting av ein omstillingsarena i Kristiansund. I prosjektet skal bedriftene i nettverket få hjelp til å identifisere kompetansegap, og nye produkt- og marknadsmuligheiter. Formålet med omstillingsarenaen er i første omgang å forhindre vidare nedbemanning i leverandørindustrien i Kristiansund, og på sikt auke sysselsettinga i bedriftene. Offshore Network er allereie i gang med å sjå på mulegheiter i havrommet og oppdrettsnæringa, og omstillingsarenaen vil ta utgangspunkt i og forsterke dette arbeidet.
ON Offshore Network ON er eit bedriftsnettverk for 33 verksemder som i all hovudsak inngår i petroleumsklynga i Kristiansundsregionen. Målet med etablering av nettverket var at bedriftene skulle bli leverandørar til større og komplekse offshore-relaterte prosjekt, prosjekt som dei kvar for seg ikkje var i stand til å ta på seg. I prosjektet skal ein identifisere medlemsbedrifter i ON med behov/ønske for omstilling, og av desse velje ut 8-10 bedrifter for å kartlegge muligheiter for utvikling og omstilling innan produkt og marknad. På bakgrunn av kartlegging, skal ein starte opp interne prosjekt og gjennomføre strategi-/kartleggingsprosessar for avklaringar omkring nye produkt og marknadsmuligheiter som for enkeltbedrifter og nettverket. Dersom det i prosjekta som kjem ut av arbeidet er behov for å rekruttere, vil ein i samarbeid med NAV sjå på mulegheitene til å rekruttere arbeidsledige/permitterte med riktig kompetanse inn i prosjekta. Offshore Network ønskjer og å vidareutvikle omstillingsarenaen med tanke på å få etablert eit tilbod retta mot enkeltpersonar (oppsagte /permitterte) og øvrig næringsliv i regionen, dette er i så fall eit prosjekt som dei vil søke finansiering på eit seinare tidspunkt. Prosjektet støttar opp om bedriftsnettverk/bransjar som ønskjer å nå nye marknader. Offshore Network er prosjekteigar, og omstillingsbehovet i nettverket, og i regionen generelt, er stort. Fylkeskommunen meiner det er viktig at prosjektet vert spissa inn mot det arbeidet som Offshore Network allereie er i gong med i forhold til å finne nye marknader. Fylkeskommunen har tilbod om å delta i styringsgruppa for prosjektet. Ved eventuell tildeling, vil fylkeskommunen delta i styringsgruppa for å følgje prosjektet tett. Det er søkt om ein støtte på 530 250 kroner, som utgjer i overkant av 40 prosent av de totale prosjektkostnadane. Utgiftene vil i stor grad gå til rådgiving av bedriftene i nettverket. Bedriftene som blir vald ut, betaler ein eigenandel på 20 000 kroner for å vere med. Prosjektet er viktig for regionen, og administrasjonen innstiller på å støtte prosjektet med inntil 530 250 kroner. Omstilling og vekst i maritim klynge GCE Blue Maritime søker om støtte til eit prosjekt som skal synleggjere potensial for omstilling for SMB-bedrifter i maritim klynge. Gjennom kartlegging av ressursar i bedriftene og mulegheiter i marknadene, skal omstillingsprosjektet identifisere utviklingsprosjekt for enkeltbedrifter og grupper av bedrifter. For prosjekt for grupper av bedrifter ser ein føre seg at ein gjennom prosjektet skal peike på bedrifter som gjennom komplementære produkt og tjeneste kan utvikle nye løysingar eller konsept som opnar nye marknader for bedriftene. I prosjektet vil ein opprette eit Advisory Board som skal kvalitetssikre og gi råd i prosessen. OM GCE Blue Maritime Klyngeprosjektet GCE Blue Maritime Cluster er eit verktøy for at den maritime klynga skal nå sine mål i eit langsiktig perspektiv. GCE Blue Maritime er med i det nasjonale klyngeprogrammet, og er ein av tre klynger i Noreg som har status som Global Centre of Expertice. GCE Blue Maritime Cluster har mål om å medverke til
kompetanseheving, innovasjon og globale kunnskapskoplingar og skal utfordre klynga til å auke innovasjonstakta. Om Advisory Board Advisory Board skal bestå av minimum 5 personer med erfaring og tyngde i både det maritime og marine miljøet. Formålet er at Advisory Board skal kunne tilføre både praktisk erfaring, samt vere partnarar og døropnarar for å få til felles utviklingsprosjekt. Advisory Board skal vere tilgjengelig for kvalitetssikring og rådgjeving i prosessen med å bearbeide funn og utarbeide konkrete forslag til vidare tiltak og fellesprosjekt. GCE Blue Maritime/ÅKP set saman Advisory Board. Minimum eitt medlem skal ha bakgrunn frå helse/velferdsteknologisk miljø. GCE ser på velferdsteknologi som ein sterk veksande marknad, og mykje av det som skal utviklast er av mekanisk karakter med bruk av automasjon og robotteknologi. Dette har mange bedrifter i den maritime klynga kompetanse på. I GCE sine ordinære aktivitetar legg klynga til rette for innovasjon gjennom kurs og skolering, kunnskapsspreiing, nettverksarbeid, medan i dette prosjektet skal ein ha tydelegare fokus på den enkelte SMB-bedrift. Prosjektet har tre faser. I fase ein skal ein kartlegge situasjonen hos bedriftene; omstillingsbehov, bedriftenes ressursar og føresetnader for omstilling, og kartlegging av nye forretningsmulegheiter i eller utanfor havrommet. I fase to vil innsamla data bli analysert og samanstilt. Advisory Board vert involvert i drøftingar av innretning på framtidige utviklingsprosjekt. I fase 3 vil funn frå kartlegginga og grovskisse til mulege utviklingsprosjekt bli presentert for bedriftene på ein høyringskonferanse. Prosjektet vil fasilitere "rundebords-diskusjonar" for bedriftene knytt til dei mest sentrale prosjektskissene. Ut i frå desse diskusjonane er målet å identifisere og initiere aktuelle utviklingsprosjekt. Dei konkrete måla for prosjektet er å legge til rette for minimum 3 felles utviklingsprosjekt på tvers av bedrifter, og 3 individuelle utviklingsprosjekt. Vurdering Den maritime klynga er viktig for Møre og Romsdal, og SMB-bedriftene er viktige motorar for å sikre nyskaping og utvikling i klynga. Prosjektet ønskjer å legge til rette for omstilling av bedrifter som ønskjer å nå nye marknader, og innretninga på prosjektet er derfor i tråd med kriteria for utlysinga. GCE Blue Maritime har mange bedrifter i sitt nettverk, og bør ha mulegheit til å kunne rekruttere bedrifter inn i prosjektet. GCE vil sikre nødvendig forankring hos bedriftene som er med gjennom at bedriftene må betale ein eigenandel på 20 000 kroner. Mange av bedriftene har stått i ein krevjande marknadssituasjon over tid, og arbeider kontinuerleg med nye mulegheiter. Sjølv om innretning på prosjektet er i tråd med kriteria for utlysing, anbefaler administrasjonen at aktivitetane i prosjektet blir spiss mot å hjelpe bedriftene i omstillingsprosessane som allereie er identifisert. Eit slikt grep vil medverke til raskare stadfesting og utvikling av potensialet. Kostandane i prosjektet kan også verte noko redusert gjennom at ein nyttar mindre ressursar i innleiande fase. Målgruppa for prosjektet er viktig, og administrasjonen meiner at prosjektet bør støttast føresett ei spissing av prosjektet. Administrasjonen innstiller på at prosjektet får støtte på inntil 850 000 kroner, med føresetnad om innsending av oppdatert prosjektforslag.
Forslag til vedtak: Regional- og næringsutvalet støtter følgjande prosjekt frå Omstillingsprogrammet for petroleumsrelatert leverandørindustri: Organisasjon Prosjekt Søknadsbeløp Totale kostnadar Foreslått støtte ON Offshore Network Omstillingsarena Kristiansund 530 250 1 267 250 530 250 ikuben Digital verdiskaping for industriell konkurransekraft 500 000 1 000 000 500 000 Offshore Simulator Centre Brønnbåtsimulator 1 100 000 2 200 000 1 100 000 GCE Blue Maritime Omstilling og vekst i maritim klynge 1 400 000 2 800 000 850 000 Sum 3 530 250 7 267 250 2 980 250 Regional- og næringsutvalet avslår prosjektet «Maritim klyngeutvikling på Søre Sunnmøre», slik det ligg føre. Ottar Brage Guttelvik fylkesrådmann Bergljot Landstad Regional- og næringssjef Vedlegg 1 Søknad ikuben 2 Offshore Simulator Centre 3 Mafoss 4 ON Offshore Network 5 GCE Blue Maritime