1.0 Årsrapport for 2015

Like dokumenter
Årsplan Nettverk av ressurssjukepleiarar i kreftomsorg og lindrande behandling i Sogn og Fjordane

Årsplan Nettverk av ressurssjukepleiarar i kreftomsorg og lindrande behandling i Sogn og Fjordane.

Årsplan Nettverk av ressurssjukepleiarar i kreftomsorg og lindrande behandling i Sogn og Fjordane.

Kvifor og korleis lage årsplan som ressurssjukepleiar i lag med leiar? Av Marit Eikemo Halsnes

Årsrapport Nettverk av ressurssjukepleiarar i kreftomsorg og lindrande behandling i Sogn og Fjordane.

Årsrapport Nettverk av ressurssjukepleiarar i kreftomsorg og lindrande behandling i Sogn og Fjordane

Tema 2019: «Sorg» «Barn som pårørande» «Når noko går galt» «Rehabilitering og aktivitet»

Delavtale om drift av nettverk av ressurssjukepleiarar i kreftomsorg og lindrande behandling mellom. Helse Førde og kommunane i Sogn og Fjordane

Nettverk av ressurssjukepleiarar i kreftomsorg og lindrande behandling i Sogn og Fjordane. Årsrapport 2018

Handlingsplan for nettverket i Helse Fonna 2017

Handlingsplan for nettverket i Helse Fonna 2018

Satsingsområde frå strategiplanen Det er vald ut satsingsområde for nettverket ut frå strategiplanen. I 2019 vil ein ha fokus på desse emna:

Mål: Bidra til at helse- og omsorgstilbudet til pasienter og pårørende er av høy kvalitet.

Fagleg nettverk innan kreftomsorg og lindrande behandling i Helse Fonna føretaksområde

ÅRSPLAN Pasient- og pårørendearbeid. Nettverk i kreftomsorg og lindrende behandling i Helse Bergen foretaksområde

Mål: Bidra til at helse- og omsorgstilbudet til pasienter og pårørende er av høy kvalitet.

ÅRSRAPPORT FRÅ KREFTOMSORG. Årdal kommune

Årsrapport Kreftkoordinator ÅLA

Mål: Bidra til at helse- og omsorgstilbudet til pasienter og pårørende er av høy kvalitet

Særavtale til Tenesteavtale 6 for gjensidig kunnskapsoverføring, informasjonsutveksling, faglege nettverk og hospitering

Nettverk i kreftomsorg og lindrende behandling i Helse Bergen foretaksområde

Målsetting. Formålet Nettverk i kreftomsorg og lindrande behandling Helse Bergen foretaksområde

Målsetting. Formålet. Nettverk i kreftomsorg og lindrende behandling i Helseregion Vest

Fagleg nettverk innan kreftomsorg og lindrande behandling i Helse Fonna føretaksområde

Ved årsskiftet 2016/2017 er det 130 ressurssykepleiere i nettverket.

Mål: Bidra til at helse- og omsorgstilbudet til pasienter og pårørende er av høy kvalitet.

Vedlegg 1. Prosjektplan for lindrande behandling i Førde kommune

Avtale mellom. XX kommune og Helse Førde HF. Fagnettverk innan eldremedisin/eldreomsorg

Årsrapport Fagleg nettverk innan kreftomsorg og lindrande behandling i Helse Fonna føretaksområde

TRONDHEIM KOMMUNE. for ressurssykepleiere i fagnettverk for kreft og palliasjon i Midt- Norge

Fagleg nettverk innan kreftomsorg og lindrande behandling i Helse Fonna føretaksområde

Fagleg nettverk innan kreftomsorg og lindrande behandling i Helse Fonna føretaksområde. Årsrapport 2018

Fagleg nettverk innan kreftomsorg og lindrande behandling

Årsrapport Fagleg nettverk innan kreftomsorg og lindrande behandling i Helse Fonna føretaksområde

Nettverk i kreftomsorg og lindrende behandling i Helse Stavanger foretaksområde Rapportering fra ressurspersoner og ledere 2017

KOMPETANSEPLAN FOR RESSURSSJUKEPLEIARAR I

Nytt frå Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester i Sogn og Fjordane

Fagleg nettverk innan kreftomsorg og lindrande behandling i Helse Fonna føretaksområde

Frå brosjyren vår kreftsjukepleietenesta i Vindafjord

Presentasjon v/ Svanhild Løge Skålheim Kreftsjukepleiar Suldal kommune April-12

Nettverk i kreftomsorg og lindrende behandling i Helse Stavanger foretaksområde. Kunnskap Samarbeid Trygghet mot felles mål

Særavtale til Tenesteavtale 6 for gjensidig kunnskapsoverføring, informasjonsutveksling, faglege nettverk og hospitering

Regionalt kompetansenettverk for CFS/ME i Helse Vest

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom Haugesund kommune og Haugesund sjukehus, Helse Fonna Dato: 23.februar.2015

Nettverk i kreftomsorg og lindrende behandling i Helse Bergen foretaksområde ÅRSRAPPORT FOR 2017

Mål: Bidra til at helse- og omsorgstilbudet til pasienter og pårørende er av høy kvalitet.

Å ta i bruk tiltaksplan for døyande i Kvinnherad kommune

Prosjekteigar: Flora kommune.

Samhandlingsstrukturen i Sogn og Fjordane

Samhandlingsreforma i Sogn

Rapportering fra ressurspersoner og ledere Kvalitetsindikatorer. Nettverkets strategi : Fem fokusområder

KS & Helse Førde HF ønsker velkommen til. Erfaringskonferansen 2019

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær

Handlingsplan Nettverk for læring og mestring i Helse Vest

Telemedisin i Sogn og Fjordane. Hovudprosjekt

Helse Førde. Kompetanse og rekruttering. Næringsreise

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

Delavtale Samarbeid om kunnskap og kompetanse

Mål: Bidra til at helse- og omsorgstilbudet til pasienter og pårørende er av høy kvalitet.

Drift av nettverk innen kreftomsorg og lindrende behandling.

GLADE ELDRE PÅ SYKKEL EIT PROSJEKT I REGI AV NASJONALFORENINGEN JØLSTER HELSELAG

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Førde HF GÅR TIL: FØRETAK:

RUSFAGLEG FORUM FORUM FOR RUS OG PSYKISK HELSE

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Gunnar Steine Arkiv: G21 Arkivsaksnr.: 14/745-7

Retningslinjer for koordinering og samhandling i Leikanger kommune: Koordinerande eining har mandat til å oppnemne koordinator.

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

DIS- Sogn og Fjordane

Informasjon til pasientar og pårørande

Faglege nettverk mellom kommunane og Helse Fonna

Kva skal til for at vi skal klare å fylle kompetansekravet?

Frå visjon til realitet November 2012

Forord. Mål: Alle skal ha ei god psykisk helse. Visjon: Likeverd openheit respekt

Rettleiar for oppfølging av brukarrepresentantar som deltar i arbeid ved Lærings- og mestringssenteret (LMS).

Kick off for innføring av palliativ plan i Møre og Romsdal.

Samhandlingsavvik frå 2018 Erfaringskonferansen på Skei februar 2019

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter AS. Presentasjon nettverksmøte fredag v/ Linda Meier og Jo Inge Gåsvær

Frå flyktning til arbeidstakar meir arbeid og betre norsk i introduksjonsprogrammet

arbeidsgruppa. Arbeidet vert leia av Tysvær kommune. 2. Alle i nettverket 3. Alle i nettverket 4. Kontaktperson

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

Telemedisin Sogn og Fjordane. Innovasjon i Helse og omsorg. Samhandlingsprosjekt

TENESTESTANDARD FOR SAKSHANDSAMING PLEIE OG OMSORGSTENESTER

MØTEBOK. Fylkesrådet for eldre. Storehagen Atrium, Førde. Møtedato Kl. 10:00 15:00

Nokre kommunar har gitt tilbakemelding om opplæringsbehov, som blir dekka av planar i løpet av 2019.

Kvardagsrehabilitering. Turnusseminar Kristine Mardal Fysioterapeut Sogndal kommune

Faglege nettverk mellom kommunane og Helse Fonna

Faglege nettverk mellom kommunane og Helse Fonna

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Bodø 4. november 2015 Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Gjensidig kunnskapsoverføring og informasjonsutveksling

colourbox FoU-eining for samhandling i samarbeidsavtalene

Foreldregruppe i barnehagen

TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL

Avtale mellom.kommune og Flora kommune

Telemedisin Sogn og Fjordane Fagrådet

NSH-konferanse Hvordan tilrettelegge for palliativ enhet i sykehus Presentasjon uten bilder, til publikasjon på internett

Kommunal medfinanisering av samhandlingsprosjekt og felles ordningar

NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane. IA-kurs hausten Kurstilbod for IA-verksemder

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune Vedteke av kommunestyret

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL

Transkript:

Nettverk av ressurssjukepleiarar i kreftomsorg og lindrande behandling i Sogn og Fjordane Årsrapport for 2015 og årsplan for 2016 Nettverk av ressurssjukepleiarar i kreftomsorg og lindrande behandling i Sogn og Fjordane. 1.0 Årsrapport for 2015 1.1 Mål for nettverket Å sikre kvalitet og kontinuitet i pleie- og omsorgstilbodet til kreftpasientar og pasientar med behov for lindrande behandling. Omsorgstilbodet skal også inkludere pårørande. Målet er at pasienten og familien skal oppleve god kvalitet, tryggleik og samhandling i alle nivå av helsetenesta. 1.2 Møte i styringsgruppa Styringsgruppa har hatt to møter i 2015. Det føreligg referat frå begge møta. 1.3 Møte i driftsgruppa Driftsgruppa har hatt fire møter i 2015. Sakene som har vorte handsama, er i hovudsak samanfallande med årsrapporten. 1.4 Introduksjonskurs Kurset vart gjennomført 8.juni 2015 med 9 ressurssjukepleiarar og 1 leiar. Deltakarene har fått undervisning om blant anna ressurssjukepleiarrolle, ESAS, Individuell plan (IP). Ein ressurssjukepleiar frå Hyllestad kommune fortalte om korleis ho fylte rolla som ressurssjukepleiar. Kurset vart gjennomført i samsvar med Kompetansesenter i lindrande behandling (KLB) sin kompetanseplan og gjev ei god innføring i rolla som ressurssjukepleiar. Få deltakarar leverte evaluering, men responsen frå desse var positive. 1.5 Fellessamling Samlinga vart gjennomført 9. februar 2015. Totalt 112 deltakarar; 72 ressurssjukepleiarar, 40 leiarar. Tema: - Rapportering 2014 - Nytt frå KLB - Undervisning om lymfødembehandling - Informasjon om Haugeland Rehabiliteringssenter - Undervisning om tema seksualitet - Fokus på individuell plan- presentasjon av masteroppgåva «ein plan for eit verdig liv» og gruppearbeid knytt til tema. - Leiarane hadde ein eigen sekvens leia av Dagny Faksvåg Haugen, med fokus på å vere leiar for ressurssjukepleiar.

1.6 Lokale samlingar i nettverksgruppene Det er helde to heildags samlingar i dei fire lokale gruppene, ei vår og ei haust. Hovudtema for lokalsamlingane er henta frå kompetanseplan for ressussjukepleiarar i Nettverk i kreftomsorg og lindrande behandling Helseregion Vest. Tema vår: - Ressurssjukepleiarfunksjonen. Utveksling av erfaring. - Omsorg for pårørande og etterlatte Tema haust: - Å vere hjelpar for alvorleg sjuke. Undervisning om førebygging av utbrenning. - Gruppearbeid for å reflektere over utfordrande opplevingar som hjelpar til alvorleg sjuke. Erfaringsutveksling frå eigen arbeidsplass. Kva blir gjort og kva kan gjerast for å førebyggje utbrenning. Våren 2015 var fokuset : Korleis ivareta pårørande Vertskommunane hadde fått i oppgåve å spørje ein pårørande om dei ville delta på ein del av lokalsamlinga og fortelje si historie. Det kom pårørande og deltok i Vik og Vågsøy. I Solund og Førde hadde vi opplegg via www.pårørandeprogrammet.no. Vi fekk tilbakemelding på at denne tematikken på våren gav engasjement, innblikk og inspirasjon til vidare arbeid lokalt. I tillegg hadde Marit Eikemo Halsnes ein orientering frå fylkesprosjektet i å utarbeide flytskjema for Kols pasientar. I 3 av gruppene orienterte Kreftkoordinator om pasientrettar. Tema for lokalsamlingane haust 2015 var: Korleis ivareta oss sjølv som hjelpar Kristin Vassbotn Guldhav underviste om tema utbrenning. Vi fekk kjennskap til årsakar til utbrenning hos sjukepleiarar som jobbar innan kreftomsorg og lindrande behandling. Både i små grupper og i felleskap fekk ein reflektert over eigen arbeidssituasjon og diskutert ulike tiltak for å hindre utbrenning. Tema vart godt motteke og bra evaluert. Heile samlinga var retta mot denne tematikken. Vi valde å ikkje invitere andre kollegaer til undervisningsdelen med denne gongen, fordi gruppearbeid var knytt til undervisninga heile dagen. Fastlege, fysioterapeut og ergoterapeut blei invitert på slutten av dagen til å presentere vertskommunen sitt tverrfaglege samarbeid med ressurssjukepleiarane. Dagen blei avslutta med ein filmsnutt om «den gode samtale». Filmen var frå Lovisenberg hospice. Link: https://www.youtube.com/watch?v=1xigvh186-s Årsrapport 2015 og Årsplan 2016 Side 2

Lokalgruppe Arrangør/Kommune Ressurssjukepleiarar Kollegaer og andre som møtte etter lunsj Vår 2015 Nordfjord Vågsøy 19 ressurssj.pl. av 25 4 personale etter lunsj Sunnfjord/ Sogn I Førde 16 ressurssj.pl av 22 0 personale etter lunsj Sunnfjord/ Sogn II Solund 14 ressurssj.pl av 22 9 personale etter lunsj Indre Sogn Vik 14 ressurssj.pl av 21 3 personale etter lunsj. 1 fysioterapeut Haust 2015 Nordfjord Gloppen 23 ressurssj.pl av 27 0 personale etter lunsj Fysio og ergo informerte om si rolle Sunnfjord/ Sogn I Florø 14 ressurssj.pl. av 21 0 personale etter lunsj Sunnfjord/ Sogn II Fjaler 18 ressurssj.pl av 22 0 personale etter lunsj 1 fastlege informerte om tverrfagleg samarbeid Indre Sogn Øvre Årdal 21 ressurssj.pl av 21 0 personale etter lunsj Fysio og ergo i kommunen informerte om si rolle 1.7 Oppfølging av ressurssjukepleiarane Pr. 31.12.15 var det 92 ressurssjukepleiarar i Nettverk av ressurssjukepleiarar i kreftomsorg og lindrande behandling i Sogn og Fjordane. Dei kjem frå alle 26 kommunane, dei tre sjukehusa i fylket og 2 ressurssj.pl. frå Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter. På kvar av dei medisinske avdelingane på lokalsjukehusa, Lærdal og Eid, er der 2 ressurssjukepleiarar. FSS har følgjande ressurssjukepleiarar: 1 på medisinsk avdeling, 1 på nevrologisk avdeling, 2 på kirurgisk avdeling, 1 på kirurgisk poliklinikk, 1 på kreftsengeposten og 1 på kreftpoliklinikk. 1.8 Oppfølging av rapportering frå ressurssjukepleiarane Felles årleg rapportering for ressurssjukepleiarane vart gjort for femte gong i 2015. Oppsummering vert gjort av KLB sentralt og rapportert attende på fellessamlinga. Rapporteringa har som hensikt å sjå på måloppnåing i forhold til strategiplanen for nettverket. Registrering som ressurssjukepleiar vert gjort direkte til KLB og nettsida vert oppdatert fortløpande. 67 ressurssjukepleiarar og 44 leiarar har fram til 14 februar 2016 sendt inn Årsrapport 2015 og Årsplan 2016 Side 3

rapporteringsskjema. Ved samanlikning av resultata frå rapportering i 2014 og 2015 er det små skilnader. Figur 1 er eit døme på det. Dei fleste ressurssjukepleiarane innehar funksjonen over lengre tid. Av dei 67 som har svart, har 45 % hatt funksjonen over fem år. I forhold funksjonen som ressurssjukepleiar er det kun 26 av 67 som har avsett tid. I kommentarfeltet kjem det fram at den avsette tida varierar frå 2 timar kvar 6 veke til 40 % stilling. Det var 48 % av dei 67 som oppgav å ha laga ein plan saman med sin leiar for ønska mål og oppgåver i rolla som ressurssjukepleiar. Av 44 leiarar, svarte 70 % at dei hadde hatt møte med sine ressurssjukepleiarar om mål og funksjon. Figur. 1 1.9 Nettsider Kompetansesenter i lindrande behandling Helseregion Vest (KLB) administrerer nettsidene til nettverket og i samarbeid med nettverket. Nettsida vert fortløpande revidert. http://www.helse-bergen.no/omoss/avdelinger/klb/sider/sjukepleiarnettverk-forde.aspx Ressurssjukepleiarane har ansvar for å sjekke at opplysningane om dei sjølve er rette og melde endringar direkte til KLB. Sidan desember 2013 har nettverket i Sogn og Fjordane ei eiga lukka facebookgruppe til ressurssjukepleiarar. Facebookgruppa har hemmeleg profil. Ressurssjukepleiarane bruker gruppa litt oftere. Også i 2016 skal vi fortsette med denne facebookgruppa. All skriftleg kommunikasjon i nettverket går via e- post. 1.10.1 Utviklingsarbeid Introdusert felles undervisningsmalar. Malane er utgangspunkt for ressurssjukepleiarar sin undervisning til kollegaer. Møte med fastlegar. Informasjon om nettverket og ressurssjukepleiarane sin rolle/funksjon med vektlegging på samhandling med fastlegane. Årsrapport 2015 og Årsplan 2016 Side 4

Samarbeid mellom ressurssjukepleiarnettverka i Helse Vest: Leiarane for driftsgruppene har to møter i året. Her blir saker som er felles i dei fire nettverka tatt opp, spesielt gjeld det gjennomføring av KLB sin kompetanseplan og erfaringsutveksling i drifting av nettverka. Det føreligg referat frå møta. Samarbeid med HSF avdeling helsefag om vidareutdanning i Lindrande behandling: Pr dags dato er det 157 personar som har fullført lindrande behandling, pleie og omsorg, del I, og 81 personar som har fullført lindrande behandling, pleie og omsorg, del II. Det var ikkje opptak til desse utdanningane studieåret 2014-2015. Oppstart av nytt studieår for del 1 er i januar 2016. Mange av ressurssjukepleiarane i nettverket er blant dei som har teke utdanningane. Førelesarane har høg kompetanse innan sine fagfelt. Tilsette i KLB og Palliativt team har vore mellom førelesarane. Studiet er gjennomgåande godt evaluert. Der er og ressurssjukepleiarar som er i gong med vidareutdanning i kreftsjukepleie og anna etterutdanning ved andre undervisningsinstitusjonar. Andre samarbeidspartar Ressurssjukepleiarane og palliativt team har stor nytte av kvarandre i sitt daglege arbeid. Vi har også i 2015 hatt fokus på samhandling mellom ressurssjukepleiarar og pasientane sine fastlegar. Fagutviklingssjukepleiar ved kreftavdelinga i Helse Førde organiserer hospiterings-tilbod for sjukepleiarar i kommunehelsetenesta. Fastlegar, ergoterapeutar og fysioterapeutar frå vertskommunane har vore inviterte inn på delar av møta ved lokale nettverksgrupper. 1.11 Pasient og pårørandearbeid Ressurssjukepleiarnettverket skal bidra til at pasientar med kreft eller pasientar med behov for lindrande behandling får tilbod om hjelp utifrå den sjukdomsfasa dei er i, både i 1. og 2. line tenesta. Tilbodet skal også ivareta pårørande. Ressurssjukepleiarane blir mellom anna kontakta via ressurssjukepleiarar inne på sjukehus, fastlege, kreftkoordinator eller leiinga i kommunane. Dei fleste ressurssjukepleiarane besøker pasientane heime. Ofte er det også pårørande til stades. Der det lar seg gjere, møter ressurssjukepleiar frå kommunen på samarbeidsmøte på sjukehuset før heimreise. Ressurssjukepleiaren tilpassar tilbod etter behov. 1.12 Presentasjon av Nettverket Nettverket vert presentert i fora der ressurssjukepleiarane, medlemar av drifts- og styringsgruppa deltek og gjennom informasjonsfoldar. Ressurssjukepleiarane i fleire kommunar har laga eigen foldar som mellom anna vert presentert på kommunen si heimeside. Marknadsføring er og gjort gjennom presentasjon av ressurssjukepleiar sin funksjon i bygde- /lokalaviser. Driftsgruppeleiar og leiar for styringsgruppa har gjennomført ein presentasjon av nettverket for brukarutvalet i Helse Førde 11.09.15. Det blei og framlagt eit forslag om å få med ein brukerrepresentant inn i styringsgruppa. Foreløpig har ikkje driftsgruppa fått tilbakemelding på dette frå brukerutvalet. Årsrapport 2015 og Årsplan 2016 Side 5

Nettverket blei presentert under ein stand ved Handelshuset i Førde i anledning markering av World Palliative Day 27.10.15. Standen blei godt besøkt. Dette var eit samarbeid mellom Nettverk av ressursjukepleiarar i Sogn og Fjordane, Palliativt team og Kreftkoordinator i Førde kommune. 1.13 Informasjonsfoldar Foldaren vart revidert og trykt opp på nytt i 2011 og delt ut også i 2015. Nettverket sin informasjonsfoldar ligg i informasjonsmappa som vert delt ut til alle pasientar som er i behandling på kreftpoliklinikken på FSS. Den vert og delt ut til dei fleste kreftpasientar som er inneliggjande på dei ulike avdelingane i Helse Førde. Informasjonsfoldaren vert også distribuert ute i kommunane, for eksempel på legekontor og sjukeheimar. Ressurssjukepleiarane på Haukeland universitetssjukehus er oppmoda til å bruke foldaren for pasientar heimehøyrande i Sogn og Fjordane. 1.14 Hospitering Sjå nest siste punkt under 1.10.1 I 2015 har 1 ressurssjukepleiar nytta seg av tilbod om å hospitere på kreftavdelinga, ein dag på poliklinikk og ein dag på sengepost. Hospiteringa bidreg til auka kunnskap gjennom erfaringsutveksling og betrar samhandlinga. I 2015 har FSS ikkje fått til at ressurssjukepleiarar frå sjukehusa har hospitert ut i kommunane. I den årlege rapporteringa frå 2015 kjem det fram at det er vanskeleg å få avsatt tid til hospitering i ein travel arbeidsdag, men at fleire ynskjer å få det til i næraste framtid. 1.15 Nyhendebrev. Det er sendt nyhendebrev til ressurssjukepleiarane i juni og desember. Brevet ligg på nettsida til KLB. 1.16 Velkomstbrev Årsrapport 2015 og Årsplan 2016 Side 6

Velkomstbrev med nyttig informasjon vert sendt pr. e-post til nye ressurssjukepleiarar, som kvittering for innmelding. 1.17 Økonomi Nettverket søkte i 2015 midlar frå Kompetanseløftet 2015 og vart tildelt kr.50.000,-. 10 ressurssjukepleiarar søkte og fekk stønad til Palliative fagdagar i Bergen, medan 1 ressurssjukepleiar søkte og fekk stønad til utgifter ved hospitering. Kostnader for Årleg fagdag og introduksjonskurs er i tillegg av dei største utgiftspostane for Nettverk i Sogn og Fjordane. Det står kr 130 500.- på kontoen til nettverket ved årsskiftet 2015/2016. Det er endå venta inn rekningar frå 2015, så overskot frå 2015 blir overført til 2016. 2.0 Årsplan 2016 Formål Bidra til kompetanseheving og betre samhandling på alle nivå i helsetenesta, slik at personar med kreft i alle fasar av sjukdomen, personar med behov for lindrande behandling og deira pårørande opplever tryggleik og mottar helse- og omsorgstenester av god kvalitet. (jfr. strategiplan 2013 2016) 2.1 Plan for arbeidet i driftsgruppa. Fire møter i driftsgruppa Arrangere lokalsamlingar i tråd med KLB sin kompetanseplan Arrangere fellessamling i tråd med KLB sin kompetanseplan Kursavgift for fellessamling blei i 2015 auka frå 250 kr. til 400 kr. Summen blir oppretthaldt i 2016. Leiar/KLB tilsett i driftsgruppa og lokalgruppeansvarleg skal representere driftsgruppa på lokalsamlingane Arrangere introduksjonskurs etter KLB sin kompetanseplan Ressurssjukepleiarar utan vidareutdanning i kreft eller palliasjon skal få tilbod om dekning av kostnadar til palliative fagdagar i Bergen (2 dagar = 1800 kr.) samt maks. 1000 kr. til overnatting. Ressurssjukepleiarar må sjølve søke for å få dekke kostnadane. Kvar kommune dekker permisjon m/lønn og reise-/opphald Sende nyhendebrev vår og haust Gje undervisning og rettleiing etter førespurnad Introdusere felles undervisningsmalar Søkje midlar frå Kompetanseløftet 2015 og Fornyingsmidlar hos Fylkesmannen Rapportere tilbake til Fylkesmannen om bruken av tildelte midlar som vi har fått i 2015 frå Kompetanseløftet 2015 Undersøke om nettverket kan søke om andre øyremerka statlige midlar Halde fram samarbeidet med HSF, avdeling helsefag, vidareutdanning i lindrande behandling, pleie og omsorg Halde nettsida til nettverket oppdatert Stimulere ressurssjukepleiarane til og sjå verdien i hospitering Skrive årsrapport for arbeidet i 2016 Utarbeide årsplan for 2017 Leiar/KLB tilsett møter på obligatoriske samlingar for tilsette i KLB Årsrapport 2015 og Årsplan 2016 Side 7

Leiar av driftsgruppa skal delta på møter i styringsgruppa for nettverket Kommunikasjonsverktøy for nettverket; vedlikehalde ei lukka facebook-gruppe til ressurssjukepleiarar Den formelle informasjonen i nettverket må fortsatt gå gjennom vanlige kanalar, e-post og nettside Stimulere ressurssjukepleiarane til å søke prosjektmidlar til arbeid i eigen kommune Marknadsføre nettverket Planlegge samling til ressurssjukepleiarar i 2. linje teneste Oppfordre til å lage abstract ved presentasjon av prosjekt Arrangere markering av den årlege internasjonale World Palliative Day i Førde og eventuelt i andre kommunar. 2.2 Plan for arbeidet i lokalgruppene Inneverande år vil vi fokusere spesielt på å gje ressurssjukepleiarane motivasjon og rådgjeving til å utvikle handlingsplanar for ressurssjukepleiarfunksjonen på eigen arbeidsstad. Det vil bli lagt vekt på at tema som blir presentert på lokalsamlingar og fagdagar skal vere implementert i denne planen. Tema på lokalsamlingar og årleg fagdag er bestemt utifrå KLB sin kompetanseplan. Av faglege tema vil det vår 2016 bli lagt vekt på følgjande tema: Førebygging og behandling av obstipasjon til kreftpasientar og pasientar med behov for lindrande behandling. Det førebyggjande perspektivet vil også bli framtredande gjennom presentasjon av Kristin Vassbotn Guldhav sine forskingsresultat frå masteroppgåve i samhandling: «Kapasitet til førebygging? Ein refleksjon over heimetenestene sin kapasitet til å drive førebyggjande arbeid til eldre kreftpasientar». Hausten 2016 vil lokalsamlingane ha fokus på åndeleg omsorg. Institusjonsprest og medarbeidar i KLB Lars Helge Myrset frå Stavanger vil stå for undervisninga i alle fire lokalgruppene. Arbeidsoppgåver knytt til lokalsamlingane Planlegge og gjennomføre to samlingar i kvar gruppe, ei vår og ei haust Program for lokalgruppesamlingane skal utarbeidast i eit samarbeid mellom driftsgruppa og lokalgruppeansvarlege KLB sin kompetanseplan og innspel frå ressurssjukepleiarane ligg til grunn for innhaldet på samlingane. Ressurssjukepleiarane bør ha ansvar for delar av undervisninga Invitere lokale deltakarar, gjerne tverrfaglege samarbeidspartnarar, til teoridelen Lokalgruppeansvarleg er ansvarleg for å skrive referat på si lokalgruppesamling etter mal som ligg på nettsida til KLB Lokalgruppeansvarleg registrerer fråvær på lokalgruppesamlingane og etterspør årsak til fråvær Invitere fastlegar frå vertskommunen til den delen av lokalsamlingane som heiter Samhandling Invitere fysioterapeutar/ergoterapeutar frå vertskommunen til den delen av lokalsamlingane som heiter Samhandling Kreftkoordinator deltek i tilhøyrande lokalgruppe Årsrapport 2015 og Årsplan 2016 Side 8

Dato for lokalsamlingar våren 2016 Indre Sogn: Sogndal 23.febr. Nordfjord: Bremanger 15. mars Sunnfjord/Sogn I: Naustdal 05. april Sunnfjord/Sogn II: Hyllestad 26. april 2.3 Årleg fagdag I 2016 blir årleg fagdag arranger 9 februar på Thon hotell på Skei i Jølster. Tema er omsorg til pasientar med ulik kulturell og religiøs bakgrunn. Ressurssjukepleiarar og leiarar er invitert. Førelesarar er dosent Jan Opsal og førsteamanuensis Tove Giske. Begge har lang erfaring i å undervise om tematikken. Ein ressurssjukepleiar vil bidra med eit case. Dagen vil bli avrunda med ein paneldebatt kring tema. Ein pårørande har takka ja til å sitje i panelet. I tillegg vil ein onkolog og ein leiar til ressurssjukepleiar delta, saman med førelesarane. 2.4 Plan for arbeidet som ressurssjukepleiar i tråd med KLB sin strategiplan. Ressurssjukepleiar skal følgje sin funksjonsbeskriving med særleg merksemd på: PASIENT- OG PÅRØRENDEARBEID: Fylgje opp og skape kontinuitet i omsorga for pasientar og deira familiar under heile kreftforløpet. Kartleggje behov og iverksetje tiltak, både førebyggjande og behandlande, i samarbeid med ulike kollega på arbeidsplassen eller kommunen. Til dømes fysio/ergo og fastlege/tilsynslege Vere bindeledd mellom pasienten og andre samhandlande partar Bidra til at pasientar og pårørande får tilbod om omsorg av god kvalitet, bygd på kunnskapsbasert kompetanse og nasjonale retningslinjer Nytte ESAS-r som verkty ved kartlegging av symptom Nytte individuell plan for pasientar med behov for koordinerte tenester Ha kunnskap om verktyet Livets siste dagar- Plan for lindring, og eventuelt bidra til at planen blir implementert på eigen arbeidsplass Bidra til auka etisk bevisstheit/refleksjon kring den enkelte pasient sin situasjon Bidra til utvikling av gode system, retningslinjer og prosedyrar for den aktuelle pasientgruppa Bidra til god kontinuitet i oppfølging av pasient og pårørande Sjå på moglegheiter til samarbeid mellom Helse Førde, Lærings- og meistringssenteret, kommunane, kreftkoordinatorne, ressurssjukepleiarane og fastlegane KOMPETANSE Delta på alle lokalsamlingar og den årlege fellessamlinga Delta på introduksjonskurset, gjeld nye ressurssjukepleiarar Ressurssjukepleiarar utan vidareutdanning i kreft eller palliasjon kan søke om å få dekke middlar til å delta på 2 fagdagar i palliasjon i Bergen Årsrapport 2015 og Årsplan 2016 Side 9

Arrangere internundervisning/fagsnuttar/praktisk rettleiing på eigen arbeidsplass med tema innan kreftomsorg og lindrande behandling Informere om nyhende innan kreftomsorg og palliasjon på eigen arbeidsstad Ta i bruk KLB sine undervisningsmalar Hospitere Ta initiativ til å delta på aktuelle kurs og konferansar Vera rollemodell som ressurssjukepleiar på eigen arbeidsstad Rådgje og støtte kollega Halde seg oppdatert om nyhende på KLB si nettsida ORGANISERING Ressurssjukepleiar har ansvar for at sitt namn, tlf.nr, e-post adresse og arbeidsstad er oppdatert på KLB si nettside samt namn, tlf. og e-postadresse til leiaren sin. Ansvar for å melde inn andre endringar. Svare på elektronisk rapporteringsskjema hausten 2016 Etablere gode rutinar for informasjonsutveksling og rapportering til lokallagsleiar og leiar i driftsgruppa Vera bidragsyter når lokalsamlingar er i din kommune LEDELSESFORANKRING Utarbeide eigen årsplan i samråd med nærmaste leiar og i tråd med årsplan for nettverket Rapportere til nærmaste leiar jamfør arbeidsavtale-/funksjonsbeskriving for ressurssjukepleiarar Deltar i lag med leiar på fellessamling Bidra til at nye leiarar deltek på introduksjonskurs SAMHANDLING Bidra til best mogleg samhandling rundt kreftpasientar og pasientar i palliativ fase, på tvers av nivå, etatar og faggrupper Bidra til at Individuell plan nyttast aktivt Bidra til god kontinuitet og samhandling i pasientforløpa Auka samarbeid med fysioterapeutar og ergoterapeutar og være behjelpelig dersom dei skal starte sin egen nettverk (som Helse Bergen, Helse Fonna og Helse Stavanger). Årsrapport 2015 og Årsplan 2016 Side 10