Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

Like dokumenter
Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

Geir Løkhaug, Cecilie K. Buaas, Laila T. Nielsen. Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet Yrkesopplæringsnemnda

Tilbod som ikkje blir sett i gang skoleåret

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Skolebruksplanen , høringsbrev

Høring om endringar i den yrkesfaglege tilbodsstrukturen. Uttale frå Møre og Romsdal fylkeskommune

Vurdering av eit tilbod innan blått naturbruk på Nordmøre

Ny vurdering av tilbod som ikkje vert sett i gang skoleåret 17/18 (UD-12/17)

Høringsbrev- ny yrkesfagleg struktur

Skolebruksplanen , høringsbrev

ETABLERING AV TOPPIDRETTSLINJE PÅ YRKESFAGLEGE UTDANNINGSPROGRAM

PÅBYGG TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE - ALTERNATIVE VEGAR

Høringsbrev for skolebruksplanen 2019/2020

Høring Fleksibilitet i fag- timefordelingen i videregående opplæring i Buskerud fylkeskommune - Dobbeltkompetanse

Dykkar ref: Dykkar dato: Vår ref: Vår saksbehandlar: Vår dato: 58223/2014/ Melvin Tornes,

Søknad om godkjenning av ny privatskole - Ålesund Toppidrettsgymnas og Molde Toppidrettsgymnas

Kunnskapsløftet i vidaregåande opplæring Struktur, innhald og fleksibilitet

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

I dette kapitlet presenterer vi eksempler på hvordan fleksibiliteten kan bli brukt både på yrkesfaglige og studieforberedende utdanningsprogrammer.

Fleksibilitet i fag- og timefordeling

Dykkar ref: Dykkar dato: Vår ref: Vår saksbehandlar: Vår dato: 58345/2013/A40 Jane Anita Aspen,

Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Torgeir Dahl Medlem H

Ny yrkesfagleg struktur- forslag til plassering av tilbod

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Vidaregåande opplæring Ditt val!

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Ølen vidaregåande skule

Faste medlemer som møtte: Namn Funksjon Representerer Bjørnar Dahle Nils Peter Hole. Leiar Nestleiar

vg2 yrkesfag, på veg mot læretid Flora vidaregåande skule, skuleåret

Fra og med skoleåret kan skoleeier legge fag på andre trinn enn det som framgår av den nasjonale fag- og timefordelingen i Udir

Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Avdelingsledere satte av tid til felles diskusjon i egen avdeling. Samlet innspill fra ansatte. Ansatte kunne også sende innspill via tillitsvalgte

OPPLÆRINGSAVDELINGA. Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse

Saksnr Utval Møtedato UD 41/17 Utdanningsutvalet YN-13/17 Yrkesopplæringsnemnda

Utdanningsprogramma. Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering Medium og kommunikasjon Kunst, design og arkitektur

Saksnr Utval Møtedato Fagskolestyret i Møre og Romsdal I sak FAG 15/17 Økonomirapportering vart det fatta slikt samrøystes vedtak:

Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Sogn og Fjordane fylkeskommune

Høyringsframlegget til lokal inntaksforskrift er drøfta med rådgivarar og leiargruppa.

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

Medlem medlem. Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Geir Inge Lien Medlem SP Gunn Berit Gjerde Medlem V

Møteprotokoll. Utdanningsutvalet Møtestad: 700, Fylkeshuset, Molde Dato: Tid: 10:30 Protokoll nr: 3/2015

1. Fleksibilitet i fag- og timefordeling i videregående opplæring

NOU 2018: 15 Kvalifisert, forberedt og motivert. Et kunnskapsgrunnlag om videregående opplæring

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

VIDAREGÅANDE OPPLÆRING. Politikardag 12.mai 2016.

Vgs-tilbodet i Nordfjord

Gjeldende per Ditt valg! Videregående opplæring

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:

Inntak ORIENTERINGSMØTET 14.01

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet Yrkesopplæringsnemnda

Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Hordaland fylkeskommune

10. trinn. Foreldremøte

MØTE BOK. Varamedlemer til stades: Ingen vararepr esentantar hadde høve til å møta

Struktur og programmer i VGO

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Lokal forskrift for inntak til vidaregåande opplæring

8. trinn 2019/2020 Bryne ungdomsskule

ULSTEIN KOMMUNE Politisk sekretariat

NOU 2018: 15 Kvalifisert, forberedt og motivert. Et kunnskapsgrunnlag om videregående opplæring

Færder videregående skole

Videregående opplæring i Follo

Lokal forskrift fleksibilitet i fag- og timefordeling i videregående opplæring i Buskerud fylkeskommune

8. trinn 2017/2018 Bryne ungdomsskule

Orienteringssak - Aktivitet - Karriere Møre og Romsdal

Velkommen til Informasjonsmøte for foreldre OM VIDEREGÅENDE OPPLÆRING

Gjennomgang av tilbudsstrukturen i yrkesfaglige utdanningsprogram. Industriens yrkesfagskonferanse

Vgs-tilbodet i Nordfjord

Høring - Forslag til endring i prosjekt til fordypning for videregående trinn 1 og 2, yrkesfaglige utdanningsprogram.

Kjøp av tenester- Tøndergård skole og ressurssenter

Ditt valg! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Saksprotokoll. Skulebruksplan for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane

Videregående opplæring Ditt valg!

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Utdanningsutvalet

Gjennomføring og val av løp Rett fram eller alternativ modell?

Videregående opplæring

Dykkar ref: Vår ref Saksbehandlar Dato 2015/ Kim Atle Kvalvåg

Fagopplæringsordningen ulike veier til kompetanse Sigrid Isdal Rådgiver fagopplæringskontoret

Saksframlegg. Ark.: Lnr.: 6073/15 Arkivsaksnr.: 15/ HØRING - PLAN FOR VIDEREGÅENDE OPPLÆRING I OPPLAND

Justering av tilbodsstrukturen, skuleåret 2015/2016

VELKOMMEN ALLE FORESATTE

Lindås, Meland, Radøy, Austrheim, Fedje, Masfjorden, Modalen, Osterøy og Gulen. 26.september 2013

HØYRINGSUTTALE - RAPPORT FRÅ ARBEIDSGRUPPE MED FRAMLEGG OM ENDRINGAR I OPPLÆRINGSLOVA NÅR DET GJELD FAG- OG YRKESOPPLÆRINGA

Polarsirkelen videregående skole

Polarsirkelen videregående skole

Minoritetsspråklege søkarar/ elevar

Ka vil DU velje? - hjelp til å g jere det rette yrkesvalet

Fagopplæringsordningen. Anne Sara Svendsen Fagopplæringskontoret

Polarsirkelen videregående skole

Lokal forskrift fleksibilitet i fag- og timefordeling i videregående opplæring i Buskerud fylkeskommune

Uttale - Høyring forslag til endring i organisering av skuleåret i vidaregåande opplæring

Saksnr Utval Møtedato YN-3/17 Yrkesopplæringsnemnda UD 10/17 Utdanningsutvalet

Ditt valg! Idrettsfag Kunst, design og arkitektur Medier og kommunikasjon Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Evaluering av opplæringstilbodet innan yrkes - og studiekompetanse (YSK)

Videregående opplæring : Ytrebygda skole

Handlingsprogram for Fagopplæringsnemnda i Sogn og Fjordane

Enkel oversikt Service og samferdsel Høring av endringer i utdanningsprogrammet service og samferdsel (markert i rødt)

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret

Transkript:

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 21.03.2016 18413/2016 Geir Løkhaug Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 12.05.2016 YSK-tilbodet i Møre og Romsdal Bakgrunn Bruken av omgrepa TAF, SAF og YSK Tidligare er omgrepa Tekniske og Allmenne fag (TAF), og Sal og service og Allmenne fag (SAF) brukt. I resten av saksutgreiinga vert omgrepet Yrkes- og studiekompetanse (YSK) brukt for begge. TAF (Tekniske og Allmenne Fag) vart oppretta som ei forsøksordning i 1992. Formålet var i utgangspunktet å få fleire unge til å velje ingeniørutdanning etter vidaregåande skole, og dette meinte ein å kunne stimulere til ved å lage ei ordning der dei etter ei 4-årig vidaregåande opplæring kunne oppnå både fagbrev og spesiell studiekompetanse. SAF (Service og samferdsel Allmenne fag) vart i Møre og Romsdal starta på Ålesund vgs i 2014 og seinare på Kristiansund vgs i 2015. Formålet med tilbodet var å få fleire unge til å velje eit utdanningsløp innan faget på høgskolenivå etter vidaregåande skole, og dette meinte ein å kunne stimulere til ved å lage ei ordning der dei etter ei 4-årig vidaregåande opplæring kunne oppnå både fagbrev og generell studiekompetanse. I søknaden frå Ålesund vgs er det og sagt at tilbodet kunne få fleire til å stå i faget til oppnådd fagbrev. Mange av elevane valte tidligare etter Vg2 å starte på Påbygging til generell studiekompetanse. Yrkes- og studiekompetanse (YSK) Yrkes- og studiekompetanse (YSK) er eit opplæringsløp som gir eleven/lærlingen både yrkes- og studiekompetanse. Opplæringsløpet er på 4 år. YSK er eit tilbod for elevar med plan om høgare utdanning ved starten av opplæringsløpet, men som også ønskjer ei yrkesfagleg utdanning i botn. Elevene får fagbrev/sveinebrev og generell studiekompetanse, eventuelt med fordjuping i realfag i tillegg (spesiell studiekompetanse). YSK er ikkje en del av den ordinære tilbodsstrukturen som er regulert i rundskriv Udir-01-2015 om fag- og timefordeling. YSK inngår i ordninga om fleksibilitet i fagog timefordeling. Ordninga om fleksibilitet i vidaregåande opplæring trådde i kraft 01.08.2015 og er heimla i forskrift til opplæringsloven 1-3 tredje ledd. I ordningar det krav til at skoleeigar skal fastsette den fleksible fag- og timefordelinga i form av ei lokal forskrift. Lokal forskrift skal beskrive opplæringa, både i forhold til fagsamansetning, tal på eksamenar o.l. som skal sikre at vitnemålskrava blir oppfylt. Skoleeigar arbeider med å fastsette ei lokal forskrift for dei eksisterande YSK-løpa.

Når det gjeld opptak til høgare utdanning blir YSK-elevar handsama på lik linje med andre søkjarar som har fyrstegangsvitnemål, jf. 7-2 i forskrift om opptak til høgare utdanning. YSK krev tilgang til tilstrekkelige og eigna læreplassar, noko som kan vere utfordrande. Ungdommen vil ha dobbel status, det vil seie både som elev og lærling, i inntil fire år, noko som kan være utfordrande når det gjeld støtte frå Lånekassen. Elevar som startar på eit YSK-tilbod når dei er 16 år, vil oppleve at det er arbeidsoppgåver i bedrift dei ikkje kan utføre på grunn av alderen. I fag der skiftog turnusarbeid er vanlig, kan dette og vere ei utfordring før eventuell teikning av lærekontrakt. Eit tilbod som i utstrakt grad kombinerer opplæring i skole og bedrift, stiller store krav til organisering og oppfølging. Dette gjeld og krav til dokumentasjon td. der elevar sluttar eller bytter programområde. I Møre og Romsdal fylkeskommune er eit karakterkrav for å bli tatt inn på dei dei tekniske YSK-tilboda.(Karakteren 4 eller betre i både naturfag og matematikk frå grunnskulen.) Elevane som blir tekne inn på Service og samferdsel med yrkes og studiekompetanse, 4-årig (YSK), har ikkje spesielle inntakskrav. Desse YSK- tilboda er lagt inn i skolebruksplanen 2016/2017: Teknikk og Industriell produksjon med Yrkes og studiekompetanse, 4. årig (YSK) Nordmøre: Kristiansund vgs Romsdal: Romsdal vgs, Fræna vgs, tilbodet annakvart år. Sunnmøre: Haram vgs Ulstein vgs Bygg og anleggsteknikk med yrkes- og studiekompetanse, 4. årig (YSK) Romsdal: Romsdal vgs, Fræna vgs, tilbodet annakvart år. Elenergi med yrkes- og studiekompetanse, 4. årig (YSK) Sunnmøre: Haram Service og samferdsel med yrkes og studiekompetanse, 4-årig (YSK) Nordmøre: Kristiansund vgs Sunnmøre: Ålesund vgs

Vurdering I arbeidet med saka har vi hatt møter med alle skoler med eit YSK-tilbod. I fleire av møta har aktuelle bedrifter og representantar for næringane vore med. Det har og vore intervju med tidligare YSK-elevar. YSK/ TIP Oppsummeringa frå desse møta er at både skolane og næringane ønskjer å fortsetje med ordninga. Tilbodet møter eit behov for arbeidstakarar med både praktisk og teoretisk kompetanse. Næringslivet vektlegg spesielt den doble kompetansen YSK-elevane får. Næringslivet står no ovanfor store omstillingar. En ingeniør som gjennom eit YSKtilbod har ein slik dobbelkompetanse, vil være sentral i omstillingsarbeidet næringslivet må inn i. Dei fleste som har vore YSK-elevar innan TIP og bygg er framleis i næringa, anten som ingeniørar, fagarbeidarar eller i studiar som er knyt til næringane. Næringslivet meiner rekrutteringa av lærlingar til YSK-tilbodet ikkje går på kostnad av dei ordinære lærlingane. Dei seier og at tilbodet er organisert slik at 16 og 17-åringane får arbeidsoppgåver som er sikre og tilpassa dei. Det kan og sjå ut til at tilbodet har gjort det meir attraktivt for jenter å søke seg til desse fagområda. Mellom 30 og 50 prosent av elevane er jenter. Næringslivet seier og at tilbodet rekrutterer lokalt og gir stabil tilfang til vel kvalifisert arbeidskraft. YSK/ SAF Ålesund vgs har hatt tilbodet sidan skoleåret 2014/ 2015. Kristiansund starta vgs starta tilbodet frå skoleåret 2015/ 2016. Tilbodet er nytt og difor er ikkje erfaringane like mange for dette tilbodet. Skolane meiner tilbodet møter eit behov for arbeidstakarar med både praktisk og teoretisk kompetanse. Ålesund vgs vektlegg at tilbodet gjer at fleire står løpet ut som lærlingar. Desse meiner skolen, ville ha valt eit påbygg år om ikkje for dette tilbodet. Vi viser til UD-sak 5/14 der saksutgreiinga seier at sjølv om eit «nytt» tilbod ikkje får den tiltenkte søkinga og har utsikter til dårlig oppfylling i høve kapasiteten, treng likevel nye tilbod tid til å etablere seg og få ein status i ungdomsmiljøa på skolane. Den beste marknadsføringa er frå elevar som går på, eller har gjennomført kurset. Difor vil nye tilbod krevje ein innføringsperiode for eventuelt å bli etablert. Vedtaket i sak UD-5/14: 5. Nye tilbod skal vere søkbare i tre påfølgjande skoleår. Dersom det ved tredje forsøk ikkje lukkast å etablere tilbodet vert det teken ut av tilbodsstrukturen. Søkinga for skoleåret 2016/2017 til YSK-tilbodet til Kristiansund vgs var låg, men Utdanningsutvalet vedtok i sak 15/16 likevel å setje tilbodet i gang. YSK-tilboda i Service og samferdsle har ikkje inntakskrav på same måte som YSKtilboda i tekniske fag. Inntakspoenga for elevane som har søkt hausten 2016 er 38,5. Bedriftene har mindre erfaring med dette tilbodet enn YSK-tilbodet i tekniske fag. Dei bedriftene ein har vore i kontakt med vektlegg og den doble kompetansen eleven får.

Frå kunnskapsdepartementet: I løpet av 2016 skal Utdanningsdirektoratet gå i gjennom dei yrkesfaglege utdanningsprogramma slik at dei kan bli meir relevante og bli verdsette av næringslivet. Dei yrkesfaglege utvala har til dette arbeidet laga rapportar for dei ulike fagområda. Yrkesfagleg utval for bygg, industri og elektro seier dette om YSK-tilbodet inne for deira fagområde: Fagleg råd for TIP har i delrapport datert 15.4.16 sagt at langt fleire av framtidas ingeniørar bør ha yrkesfagbakrunn og at yrkesfag bør vere den føretrekte vegen inn i ingeniørstudiet. Yrkesfagleg utval for kontor, handel og service seier dette om YSK-tilbodet inne for deira fagområde:

Med bakgrunn i møter med skolane og næringslivet har fylkesutdanningssjefen gjort desse vurderingane: YSK-tilboda innan Bygg- og anleggsteknikk, Elektrofag og Teknikk og industriell produksjon Signala frå skolane og næringslivet er så klare at ein ikkje finn grunnlag for å gjere endringar i tilbodet. Rapportane frå fagleg råd for Teknikk og industrielle produksjon drog og same retning. Saka om «Skole og tilbodsstrukturen i vidaregåande opplæring» vil seie noko om plasseringa av tilboda. Det må likevel setjast klåre kriterier før tilboda vert sett i gang. Tilbodet er avhengig av eit godt samarbeid med næringslivet. Elevane må vere attraktive for bedriftene. For å starte opp tilboda må det minst vere 10 søkjarar med bekrefta intensjonsavtaler om læreplass. Intensjonsavtalane må vere på plass før 1. mai. Skolane må ha eit sterk realfagsmiljø og kunne kombinere tilbodet med dei ordinære tilboda. Ein må oppretthalde karakterkravet for elevane. Tilboda må gi både eit fagbrev og spesiell studiekompetanse. Om ein for å få i gang tilbodet, må dele tilbodet på fleire utdanningsprogram må skolane legge fram ei plan for korleis dette skal løysast økonomisk. YSK-tilboda innan Service og samferdsel Med bakgrunn i UD-sak 15/16 vert tilbodet vidareført i skoleåret 2016/2017. Tilbodet vert lokalisert til Ålesund vgs og Kristiansund vgs. Elevane som har starta på tilbodet får fullføre opplæringsløpet. I utgangspunktet ønskte rådmannen ikkje å tilby YSK innan Service og samferdselfaga etter 2016/2017. Ei slik vurdering blei mellom anna gjort med bakgrunn i læreplass-situasjonen, svak søking og at tilbodet ikkje hadde inntakskrav og kun førte fram til generell studiekompetanse. Også tilrådingane frå det faglege rådet for utdanningsprogrammet dreg i den retninga. I løpet av 2016 skal Utdanningsdirektoratet gå i gjennom dei yrkesfaglege utdanningsprogramma slik at dei kan bli meir relevante og bli verdsette av næringslivet. Fagleg råd for Service og samferdsel har i delrapport datert 15.4.16 kome med ei rekke forslag til endringar i utdanningsprogrammet. Mellom anna er det forslått at opplæringstida i resepsjonistfaget skal utvidast med 6 månader slik at elevane får generell studiekompetanse i tillegg til eit fagbrev. Det er og foreslått at programfaget «Reiseliv og språk» vert erstatta med eit studieførebuande utdanningsprogram «Reiseliv og språk». Utdanningsdirektoratet vil kome med si innstilling tidlig hausten 2016. Om dette forslaget vert gjeldande, vil det etter fylkesrådmannen si meining ikkje være behov for eit YSK-tilbod innan Service og Samferdsle. Vurderinga av om Møre og Romsdal fylkeskommune skal ha eit YSK-tilbod innan Service og Samferdsel vert då utsett til denne endringa i programområdet vert gjort gjeldande. Dette bør og gjelde om det kjem forslag om å starte eit YSK-tilbod i nokon av dei andre yrkesfaglege utdanningsprogramma.

Forslag til vedtak: 1. Møre og Romsdal fylkeskommune har YSK-tilbod i Bygg- og anleggsteknikk, Elektrofag og Industriell produksjon. 2. Fylkesrådmannen kjem attende til plassering av tilboda i saka om «Struktur i vidaregåande opplæring». 3. For å starte opp tilboda må det minst vere 10 søkjarar med bekrefta intensjonsavtaler om læreplass. Intensjonsavtalane må vere på plass før 1. mai. 4. Om YSK-tilboda vert delt på fleire utdanningsprogram må skolen kunne kombinere dette med dei «ordinære» tilboda ved skolen. 5. Utdanningsdirektoratet har signalisert store endringar i utdanningsprogrammet Service og samferdsel. Rådmannen kjem attende til YSK-tilbodet i dette utdanningsprogrammet når endringane er vedtekne. Ottar Brage Guttelvik fylkesrådmann Rune Solenes Opstad kst. fylkesutdanningssjef Vedlegg 1 Faglig råd for service og samferdsel. Utviklingsredegjørelse del 2 2 Faglig råd for teknikk og industriell produksjon. Utviklingsredegjørelse del 2