Innhald. Årsmeldinga si behandling: - Orienterings- og drøftingsmøte med dei tillitsvalde Elevråd Skoleutvalet

Like dokumenter
Innhald. Årsmeldinga si behandling: - Orienterings- og drøftingsmøte med dei tillitsvalde Elevråd Skoleutvalet

Årsmelding skuleåret 2015/2016

Sunndal vidaregåande skole Årsmelding for skoleåret 2017/18

Sunndal vidaregåande skole. Årsmelding skoleåret 2016/17

1. Rektor har ordet Nøkkelopplysningar om skolen Organisasjonen Utdanningsprogram og elevtal Inntak Vg1...

1 Rektor har ordet. Gullik Kjellstadli, rektor

Skulen har flinke og engasjerte lærarar som gjer at elevane vert motivert og stimulert til å arbeide med fag for å utvikle seg og oppleve meistring.

vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal

Kvalitetsplanen for vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal

Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret er:

Kvalitetsplanen for vidarega ande opplæring i Møre og Romsdal

Plan for arbeid med kvalitet i vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal

-Ein tydeleg medspelar. Introduksjonsdag. Rune Solenes Opstad, assisterende fylkesutdanningssjef

Kvalitetsplanen

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

Plan for arbeid med kvalitet i vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal

Dette er eit høyringsutkast til ein handlingsplan for skolebiblioteka ved dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Mål- og tiltaksplan Sunndal vidaregåande skole side 1

Kvalitetsplanen. for vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal

LÆRLINGUNDERSØKINGA (nynorsk) Innhald

Leiarsamtale utvikling og oppfølging

Plan for arbeid med kvalitet i vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane. Skuleåret 2019/20

Ørsta vidaregåande skule Orienteringsmøte for foreldre/føresette til elevar på Vg2

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Kvalitetsplanen for vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Not everything that can be counted counts Not everything that counts can be counted

Mål og tiltaksplan for Sunndal vidaregåande skole

Kvalitetsplanen for vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal

RETNINGSLINER FOR SKULEMILJØ KAPITTEL 9A 1. AUGUST 2017

Tilstandsrapport for grunnskulen 2014/2015

Påstandar i Ståstedsanalysen nynorsk versjon

Mal for tilstandsrapport 2015/16 vil følgje prioriteringane i Styringsdokument Det vil bli utarbeidd ein ny mal neste skuleår.

Utviklingsplan Lye ungdomsskule

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Tilbod som ikkje blir sett i gang skoleåret

Svara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla.

VIDAREGÅANDE OPPLÆRING. Politikardag 12.mai 2016.

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

Skulebesøket vart avslutta med utviklingssamtale mellom fylkesdirektør og rektor.

VURDERING. fordi vi stiller krav og vi bryr oss

Kvalitetsplan for vidaregåande opplæring

Pedagogisk plattform

Oppdragsnr.: Dokument nr.: 1 Modellar for organisering av vidaregåande opplæring Revisjon: 0

God stim! Tilstandsrapport for videregående opplæring i Nordland 2016 Opplæringskonferansen januar 2017

Tilstandsrapport vidaregåande opplæring 2014/15

Hå kommune Vigrestad storskule

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING»

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

Elev- og lærlingombod i HFK

HANDLINGSPLAN FOR NORDBYGDO UNGDOMSSKULE

Nytt kapittel 9 A. Elevane sitt skolemiljø

ETABLERING AV TOPPIDRETTSLINJE PÅ YRKESFAGLEGE UTDANNINGSPROGRAM

-Ein tydeleg medspelar. Introduksjonsdag. Erik Brekken, fylkesutdanningssjef

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:

Kunngjort 9. juni 2017 kl PDF-versjon 9. juni Lov om endringer i opplæringslova og friskolelova (skolemiljø)

NOU 2018: 15 Kvalifisert, forberedt og motivert. Et kunnskapsgrunnlag om videregående opplæring

Dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal

Utviklingsplan skuleåret Tu skule Læringsleiing i det digitale klasserommet

Utviklingsplan Lye ungdomsskule

- perla ved Sognefjorden - Rapport om tilstanden i balestrandskulen. for Balestrand kommune

Vidaregåande opplæring Ditt val!

Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skolane.

Ny Øyra skule. Pedagogisk plattform

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Fylkestinget i Oppland Desember 2015

NOU 2018: 15 Kvalifisert, forberedt og motivert. Et kunnskapsgrunnlag om videregående opplæring

Vurdering på barnesteget. No gjeld det

Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Sogn og Fjordane fylkeskommune

PÅBYGG TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE - ALTERNATIVE VEGAR

BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSSKULEN OG SFO

Utviklingsplan Bremnes Ungdomsskule

Ny vurdering av tilbod som ikkje vert sett i gang skoleåret 17/18 (UD-12/17)

Mandat for dei faglege nettverka i Møre og Romsdal

Vår ref. Arkivkode Stad/Dato 15/24932 ISR B13 &14 Vigrestad,

HØYRING - FORSLAG TIL ENDRINGAR I FORSKRIFT TIL OPPLÆRINGSLOVA KAPITTEL 13 OPPFØLGINGSTENESTE I VIDAREGÅANDE OPPLÆRING

Elevundersøkinga 2016

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

Ka vil DU velje? - hjelp til å g jere det rette yrkesvalet

Kvalitetsplan for vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal

Handlingsprogram for vidaregåande opplæring for perioden

Endringar ved Sunndal vgs frå

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

2009-kullet stormer fram. Gjennomføring i videregående skole i Nordland

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

SAKSDOKUMENT. Sakshandsamar: Øystein Johansen Arkivsaknr: 2015/ /2015 Arkiv: Utvalsaksnr Utval Møtedato Driftsutvalet

Plan for å sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule

Kvalitetsmeldinga 2018 for vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal

Velkomen til dykk alle!

Høyring Masfjorden kommune med saksnummer034/2018 Svar på høyring om samanslåing av ungdomskular frå FAU ved Matre Skule

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Rekruttering av arbeidsplasstillitsvalde. Eit oppdrag for heile organisasjonen

Kvalitetsplanen. for vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal

Dersom du vurderer din eigen innsats som svært dårleg eller ganske dårleg: 6. Er du interessert i å forbetre deg i dette faget?

L nr. 61 Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova).

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Transkript:

Årsmeldinga si behandling: - Orienterings- og drøftingsmøte med dei tillitsvalde 16.10.2015 - Elevråd 19.10.2015 - Skoleutvalet 23.10.2015 Innhald 1. Rektor har ordet... 3 2. Nøkkelopplysningar om skolen... 4 2.1 Organisasjonen... 4 2.2 Utdanningsprogram og elevtal... 4 2.3 Inntak Vg1... 5 2.4 Gjennomføring... 5 2.5 Læringsmiljø elevundersøkinga 2014/2015... 6 3. Strukturkvalitet... 7 4. Prosesskvalitet... 8 4.1 Tilpassa opplæring... 8 4.2 Læringsmiljø... 9 4.3 Elevmedverknad... 10 4.4 Kompetanseutvikling... 10 5. Resultatkvalitet... 11 2

1. Rektor har ordet Sunndal vidaregåande skole hadde 302 elevar ved skolestart hausten 2014 innanfor utdanningsprogramma Bygg- og anleggsteknikk, Elektrofag, Helse- og oppvekstfag, Studiespesialisering og Teknikk og industriell produksjon. I samarbeid med lokalt næringsliv og offentlege verksemder legg vi til rette for at opplæringa for alle elevane skal opplevast med ei praksisretta tilnærming som er relevant i høve til arbeidslivet. Yrkesfagelevane gjennomfører delar av den praksisretta opplæringa på arbeidsplassar som er relevant for utdanninga. Skolen har flinke og engasjerte tilsette som gjer at elevane vert motivert og stimulert til å arbeide med fag for å utvikle seg og oppleve meistring. Skoleåret 2014/15 var det 11 nasjonalitetar representert ved skolen, og 14% av elevane våre hadde minoritetsspråkleg bakgrunn. Kvart år reiser grupper av elevar på utenlandsreiser, både i form av språkreiser og danningsreise med Hvite Busser. Avgangselevane våre (Vg3-elevane på studiespesialisering og Vg2-elevane på yrkesfag) starta også dette skoleåret opp, dreiv og avslutta ei kulturbedrift som presenterte ein flott revy med gode kommentarar til både lokale, nasjonale og internasjonale hendingar. Dette er godt kulturelt entreprenørskapsarbeid med ei omsetning på kr 240.000. Heile skolesamfunnet er innretta for at kvar elev hos oss får moglegheit til å fullføre vidaregåande opplæring og bli kvalifisert for arbeidsliv og utdanning. Saman med kommunane i vår inntaksregion arbeider vi for å skape gode overgangar mellom ungdomsskole og den vidaregåande skolen slik at elevar og foreldre blir best mogleg budd på skolestarten og skolekvardagen hos oss. For at vi skal utvikle oss til det beste for elevane arbeider vi systematisk med tydeleg klasseleiing. Det er viktig at vi har god struktur med godt innhald i kvar time. Elevane i skolen vår gjev tydelege tilbakemeldingar om at dei trivst godt saman med medelevar og lærarar og er motivert for å gå på skolen. Det er eit godt utgangspunkt for å lære og gjere det godt fagleg. Gjennom forventningar til elevane og god oppfølging, både fagleg og sosialt, presterer elevane godt på skolen vår. Sunndal kommune har sin helsestasjon for ungdom plassert i vårt skolebygg. Og vi har ein samansett elevteneste med rådgivarar og helsepersonell som gjer at elevane oppfattar at det er eit trygt miljø på skolen, og dei seier at det er svært lite tendensar til mobbing i skoletida. Med dei resultata som er oppnådd, ligg skolen over dei fleste av målsettingane og forventningane som er sett, noko som gir eit godt utgangspunkt for å bli endå betre. Jan Ove Løken 3

2. Nøkkelopplysningar om skolen 2.1 Organisasjonen Rektor Assisterande rektor Avdeling YF1 (Bygg og anleggsteknikk og Helse og oppvekstfag) Avdeling YF2 (Elektrofag og Teknikk og industriell produksjon) Avdeling ST1 (Studiespesialisering Vg2 og Vg3 og Påbygging til generell studiekompetanse ) Avdeling ST2 (Studiespesialisering Vg1) Avdeling Drift/SAtab Skolen si leiing består av rektor, assisterande rektor, leiar for avdeling YF1 (Bygg og anleggsteknikk og Helse- og oppvekstfag), leiar for avdeling ST1 (Studiespesialisering Vg2 og Vg3 og påbygging til generell studiekompetanse), leiar avdeling ST2 (Studiespesialisering Vg1). Ass.rektor leier avdeling YF2 (Elektrofag og teknikk og industriell produksjon), og rektor leier avdeling Drift/Stab. Skolen har ein driftsstab på 2 personar innanfor administrasjon, 2 personar innanfor bygningsdrift, 4 personar innafor reinhald, 2 personar innanfor bibliotek, 1 fagperson innafor IKT og 2 lærlingar. Det pedagogiske personalet består av 12 lektorar, 22 adjunktar, 4 lærarar og 1 elevassistent. Av personalet er det ca. 53% menn og 47% kvinner. 2.2 Utdanningsprogram og elevtal Skolen har fem utdanningsprogram med i alt 295 elevar som følgde heile skoleåret, med slik fordeling på program; Studiespesialisering ekskl. påbygging; Påbygging; Teknikk og industriell produksjon; Elektrofag; Helse- og oppvekstfag; Bygg og anleggsteknikk; Minoritetsspråklige elever med rett til ekstra språkopplæring Minoritetsspråklige elever utan rett 4 149 elevar 29 elevar 38 elevar 24 elevar 42 elevar 26 elevar 14 elevar

til ekstra språkopplæring som har fått det 14 elevar I løpet av skoleåret slutta 2,3% av elevane (7 elevar). Det gjennomsnittlige elevfråværet var 9,8 dagar og 18,6 timar, som utgjer 6,6% av skoletida. 2.3 Inntak Vg1 Tabell 1 viser karakterfordelinga ved inntaket til skolen, Vg1. Elevane sine føresetnader Møre og Romsdal (14-15) Sunndal vidaregåande skole (14-15) Gjennomsnitt karakterpoengsum 40,6 39,2 1 Høg kompetanse (>= 50 poeng) 14,4 % 8,8 % 2 God kompetanse (40,0 < 50 poeng) 41,7 % 42,4% 3 Grunnleggjande kompetanse (30 - < 40 poeng) 33,4 % 36,3% 4 Enkel kompetanse (< 30 poeng) (I faresonen) 10,5 % 12,5 % Tabell 1 Dei siste seks åra har gjennomsnittskarakteren ved inntaket til Vg1 vore ca. 3,95. Inntakspoenga til elevane som startar ved Sunndal vgs, er litt lågare enn gjennomsnittet ved dei vidaregåande skolane i fylket. Likevel er sluttresultata ved skolen målt i prosentdel elevar som fullfører og greier (består) skoleåret, høgare enn gjennomsnittet i fylket. Skolen bryt ned inntaksgrunnlaget på kvart utdanningsprogram og i kvar klasse for å leggje opplæringa til rette og tilpasse opplæring for elevane. 2.4 Gjennomføring Figur 1 viser tal på elevar som har greidd («bestått») alle fag, elevar som har stryk i eit eller fleire fag, elevar som manglar karakter i fag og elevar som har slutta, fordelt på trinn. Skolen har ei samla gjennomføring på alle trinn på 87,7%. Dette er høgare enn målsettinga på 85,0% og høgare enn gjennomsnittet elles i fylket på 84,2%. Med dei utviklingstiltaka som skolen gjennomfører knytt til klasseleiing og vurdering, legg vi eit godt grunnlag for framleis å betre gjennomføringa ved skolen noko. Sunndal VGS - Vg3 (14-15) Møre og Romsdal - Vg3 (14-15) Sunndal VGS - Vg2 (14-15) Møre og Romsdal - Vg2 (14-15) Sunndal VGS - Vg1 (14-15) Møre og Romsdal - Vg1 (14-15) Fullført og bestått (B) Fullført og ikke bestått (I) Gjennomført, men mangler vurdering (M) Sluttet (S) Figur 1 Gjennomføring per trinn 0 % 20 % 40 % 60 % 80 % 100 % 5

Talet på elevar som sluttar på skolen i løpet av skoleåret er 2,3% og lågare enn gjennomsnittet for fylket på 3,8%. God oppfølging av den enkelte elev gjennom skoleåret, strukturert gjennomføring av avklaringsmøte og god yrkesrettleiing bidreg til å redusere talet på elevar som sluttar i løpet av skoleåret. 2.5 Læringsmiljø elevundersøkinga 2014/2015 Figur 2 viser resultatet av elevundersøkinga skoleåret 2014/2015. Skolen ligg i all hovudsak på eller litt over gjennomsnittet både i fylket og nasjonalt, men variasjonane er små. Trivselen er høg, elevane opplever god støtte frå lærarane og det er lite mobbing. Når det gjeld vurdering for læring, elevdemokrati og elevmedvirking, oppleving av felles reglar og yrkesrettleiing, er det grupper av elevar som synest desse områda kan bli betre. Desse områda er og sentrale i skolen sine utviklingstiltak. Læringsmiljø - elevundersøkelsen 2014/2015 5 4,5 4 3,5 3 2,5 2 1,5 1 0,5 0 Nasjonalt Fylke Sunndal vgs Figur 2 elevundersøkinga 2014/2015 6

Del II 3. Strukturkvalitet Strukturkvaliteten skal seie noko om organisasjonen sine ytre føresetnader som skolebygg, utdanningsprogram, lærartettleik, gruppestorleik, ressursbruk m.m. Strukturkvaliteten har difor ei rekkje indikatorar, m.a. ressursbruk, kapasitet og lærardekning, Ein indikator på strukturkvalitet vil vere om skolen har utdanningstilbod som kvalifiserer ungdomen til vidare utdanning etter vidaregåande skole. Overgangen frå Vg2 på yrkesfaglege utdanningsprogram er den mest kritiske overgangen med tanke på auka gjennomføring i vidaregåande opplæring. Det er her ungdommen skal gå frå å vere elevar til å bli lærlingar. Tilgangen til læreplassar vil påverke overgangen i stor grad. Overgangen frå Vg2 yrkesfag til fagopplæring kan vektleggast for å uttrykke den strukturelle kvaliteten på skolenivå for yrkesfaglege utdanningar. 58 elevar fullførte og greidde Vg2 yrkesfag ved Sunndal vgs våren 2015. 26 av dei (44,8%) har teikna lærekontrakt, medan 17 (29,3%) har starta på Påbygging til generell studiekompetanse. Skolens formidlingsrate til lærekontrakt per 20.09.15 Sunndal vgs Tal elevar som har gjennomført Vg2 Lære- og opplæringskontraktar per 20. sept. 2015 Formidlingsrate Bygg- og anleggsteknikk 7 2 28,6% Elektrofag 12 3 25,0% Helse- og oppvekstfag 17 6 35,3% Teknikk og ind. Produksjon 22 15 68,2% Tabell 2 Formidlingsrate til lærling på under 40% er vurdert som å vere for låg og farga med raudt. Påbygging til generell studiekompetanse er eit alternativt val til lærekontrakt for elevar som har fullført og greidd Vg2 innanfor eit yrkesfag. 17 elevar som fullførte Vg2 yrkesfag (29,3%) har starta på Påbygging til generell studiekompetanse. Dei fordeler seg slik: Bygg- og anleggsteknikk 1 stk, Elektrofag 3 stk, Helse- og oppvekstfag 11 stk og Teknikk og industriell produksjon 2 stk. 7 av dei 15 elevane frå Vg2 yrkesfag som per dato ikkje er i vidaregåande utdanning bygd på det Vg2-kurset dei fullførte og greidde sist skoleår, har gjort omval og starta på anna Vg1- eller Vg2-kurs for å skaffe seg annan eller breiare kompetanse. Dette utgjer 12,1% av elevane som fullførte og greidde Vg2 yrkesfag. 7

Det er 7 elevar frå Vg2 yrkesfag (12,1%) sist skoleår som ikkje er i vidare utdanning (lærling, elev på Påbygging til generell studiekompetanse eller har gjort omval) per 20.09.2015; 4 elevar på Bygg- og anleggsteknikk, 2 elevar på Elektrofag og 1 elev på Teknikk og industriell produksjon. Formidlinga til lærekontrakt er ikkje avslutta, og det er litt tidleg å seie om formidlinga er på eit akseptabelt nivå eller ikkje. Sunndal vgs har likevel iverksett tiltak ved å auke elevane si utplassering i bedrifter frå og med skoleåret 2015/16 slik at både elevar og bedrifter skal få betre grunnlag til å vurdere å inngå lærekontrakter. 79 elevar fekk generell studiekompetanse ved at dei fullførte og greidde enten Vg3 Studiespesialisering eller Vg3 Påbygging til generell studiekompetanse. Vi har ikkje oversikt over kor stor del av dei som har starta på høgare utdanning, eller kva utdanning dei tek. 4. Prosesskvalitet Prosesskvaliteten handlar om skolen sine eigne aktivitetar, sjølve arbeidet med opplæringa. Indikatorar for prosesskvaliteten omfattar t.d. trivsel, elevdemokrati, fysisk læringsmiljø, mobbing, motivasjon, fagleg rettleiing, medbestemming, m.m. 4.1 Tilpassa opplæring Tabell 3 viser elevane sin oppfatning av den tilpassa opplæringa på skolen frå eit sett med relevante indikatorar frå elevundersøkinga. Tilpassa opplæring 3.5 Læringskultur 3.1 Støtte fra lærerne Bygg- og anleggsteknikk (14-15) 4,16 4,46 4,06 4,41 3,88 4,47 4,32 3,83 Elektrofag (14-15) 3,59 4,05 3,90 4,02 3,90 3,52 3,91 3,38 Helse- og oppvekstfag (14-15) 4,20 4,13 4,00 4,22 3,71 4,03 3,78 3,42 Påbygging til generell studiekompetanse (14-15) 4,02 4,15 3,94 3,55 2,19 3,71 3,61 2,47 Studiespesialisering (14-15) 4,02 4,02 4,01 3,63 2,94 3,68 3,35 2,53 Teknikk og industriell produksjon (14-15) 3,68 3,85 3,87 3,61 3,18 3,59 3,37 2,72 Tabell 3 (Gråe felt er ikkje fargekoda i fylkeskommunen sitt kvalitetssystem PULS per dato) Elevane seier dei er godt motiverte til å lære fag, men nokre er litt tvilsam i kva grad dei skal legge mykje innsats i læringsarbeidet. Elevane meiner at dei får god støtte og rådgiving frå lærarane og opplever at dei meistrer faga. Når det gjeld opplæringa er det fleire elevar som meiner at det bør vere meir praksisretta opplæring. 1.3 Mestring 1.5 Relevant opplæring 3.6 Praktisk opplæring 3.7 Variert opplæring 4.1 Vurdering for læring 4.2 Egenvurdering 8

Elevane opplever og at dei får god tilbakemelding om kva dei får til, og god rettleiing i kva dei skal gjere for å forbetre seg i fag. Læraren hjelper og til slik at elevane kan vurdere eige arbeid. Elevane seier at det er god regi på timane, dei startar opp i tide, det er lite uro i timane og læraren styrer timen på ein sikker måte. Faga vert presentert på ein ryddig og oversiktlig måte slik at det kjem fram kva føremålet med undervisningsøkta er. Lærarane har eit høgt fagleg engasjement og skaper eit godt læringsmiljø i klassen. Eit av skolen sine prioriterte satsingsområde dei to siste åra har vore vurdering og tilpassa opplæring. Denne satsinga har, ut frå kva elevane fortel i elevundersøkinga, vore rimeleg vellukka. Leiarane følgjer opp med skolevandring og medarbeidersamtalar knytt til resultata frå undervisningsevalueringa. Det er arbeidd i tilrettelagte økter avdelingsvis slik at ein saman kan reflektere over pedagogisk praksis for å utvikle læringskulturen. Utviklinga av læringskulturen held fram for at elevane skal oppleve at dei får endå betre tilpassa opplæring. 4.2 Læringsmiljø Skolen skal aktivt og systemisk arbeide for å fremje eit godt psykososialt miljø, der den enkelte elev kan oppleve tryggleik og sosialt tilhør. Skolen skal aktivt drive eit kontinuerleg og systematisk arbeid for å fremje helsa, miljøet og tryggleiken til elevane. Tabell 4 viser korleis elevane oppfattar læringsmiljøet på skolen ut frå eit sett med dei relevante indikatorane frå elevundersøkinga. Læringsmiljø 2.1 Trivsel 2.3 Mobbing på skolen Bygg- og anleggsteknikk (14-15) 4,76 4,75 4,30 Elektrofag (14-15) 4,10 4,63 4,00 Helse- og oppvekstfag (14-15) 4,23 4,88 4,00 Påbygging til generell studiekompetanse (14-15) 4,53 4,82 4,00 Studiespesialisering (14-15) 4,36 4,85 3,90 Teknikk og industriell produksjon (14-15) 3,76 4,71 3,60 Tabell 4 Elevane føler seg trygge og trivst på skolen. Elevar og tilsette opplever ei felles haldning til oppfølging av reglement. Det er nulltoleranse hos alle når det gjeld vold og trakassering. Skolen følgjer godt opp elevane slik at ikkje nokon fell ut frå fellesskapen. Skolen har rutinar for varsling og oppfølging av brot på elevane sitt arbeidsmiljø og handsamer dette etter gjeldande reglar. Elevane sine rettar i 9a er kjent blant elevene. 3.4 Felles regler 9

4.3 Elevmedverknad Ved kvar vidaregåande skole skal det vere eit elevråd. Elevrådet skal bidra til å skape eit godt læringsmiljø, gode arbeidsforhold og sikre velferdsinteressane til elevane. Skolen skal aktivt bidra til at saker som gjeld elevane sin skolekvardag vert behandla i elevrådet. Tabell 5 viser korleis elevane oppfattar elevmedverknaden på skolen ut frå eit sett med dei relevante indikatorane frå elevundersøkinga. Indeksane gir eit grunnlag for vurdering av korleis skolen tek elevane med på råd i saker som gjeld skolemiljøet generelt og spesielt ordningar som gjeld elevane. Eit av spørsmåla knytt til indeksen elevdemokrati og medverknad er meir knytt til tilpassa opplæring og vurdering, noko som ein tek omsyn til i vurderinga av resultatet. Elevmedverknad 3.3 Elevdemokrati og medvirkning Bygg- og anleggsteknikk (14-15) 4,00 Elektrofag (14-15) 3,49 Helse- og oppvekstfag (14-15) 3,84 Påbygging til generell studiekompetanse (14-15) 3,27 Studiespesialisering (14-15) 3,15 Teknikk og industriell produksjon (14-15) 3,24 Tabell 5 Elevene synst at elevrådet har innflytelse og gjer eit godt arbeid på skolen. Nokre elevar seier at dei ikkje veit om elevrådet gjer et godt arbeid på skolen. Elevmedverknad kan bidra til å gjere elevane meir aktive i eigen læringsprosess. På den måten får dei betre oversyn og kontroll over kva som skal lærast i ein bestemt periode. Nokre elever opplever god medverknad, men det finst fleire elevar på skolen som ikkje gjer det. Skolen har et aktivt elevråd og skolemiljøutval som samarbeider godt med leiinga ved skolen. Det er utarbeidd rutinar for dette samarbeidet. Elevrådsstyret er aktivt, men det er vanskeleg å engasjere elevrådet i saker som gjelder kvaliteten på opplæringa. 10 4.4 Kompetanseutvikling Gjennom årleg kompetansekartlegging og systematisk kompetanseplanlegging som samsvarar med skolen sitt behov, kan vi sikre god kompetanseutvikling. Tabell 6 inneheld resultat frå medarbeiderundersøkinga (MTM) frå 2013. (Tala frå MTM-undersøkinga hausten 2015 er ikkje klare per dato.)

Kompetanseutvikling Leiinga og personalet er samde om kva slags kompetanse min skole treng for å møte dei behova skolen har 49 Min skole legg godt til rette for kompetanseutvikling Eg får tilstrekkeleg opplæring i høve til arbeidsoppgåvene mine 64 Eg opplever at tilhøva på arbeidsplassen min er lagt godt til rette for at eg skal kunne vidareutvikle meg og kompetansen min 70 Eg meiner at miljøet vårt er prega av ein kultur for deling av kompetanse og røynsle 63 Tabell 6 Tabellen viser at tilsette og leiing er om lag like samde om kompetanseutviklinga ved Sunndal vgs som ved gjennomsnittet av dei andre einingane i Møre og Romsdal fylkeskommune. På alle spørsmåla ligg skåren innanfor det som er definert som gjennomsnitt (+/- eitt standardavvik) i MTM-undersøkinga. Skoleåret 2014/15 har to lærarar deltatt i «Kompetanse for kvalitet» og bestått 30 stp norsk og 60 stp geografi. Ein lærar har fullført og bestått PPU. Ein lærar har tatt 15 stp IKT og læring og dermed fullført og bestått 60 stp over tre år. Ein lærar har tatt 10 stp innan medisinhandtering. Alle tilsette har deltatt i OU-prosjektet Samspel med fokus på organisasjonsforståing og utvikling av skolen som lærande organisasjon. Dei fleste lærarane deltok på fagnettverka sine kurs ved skolestart, sjølv om dette vart noko amputert grunna tariffstreiken hausten 2014. Dei aller fleste av pedagogisk- og driftspersonalet har deltatt på fagrelatert opplæring gjennom skoleåret for å vedlikehalde og vidareutvikle eigen kompetanse; fagkurs for reinhald, driftssamlingar for vaktmeistrar, IKT-samlingar, biblioteksamlingar, samlingar for ulike funksjonsoppgåver knytt til administrasjon og leiing, fagkurs i vurdering for læring, Impulskonferansen, fagkurs i Tyskland for tysklærar, fagkurs i Spania for spansklærar, opplæring i ny CNC-maskin for teknikk og industriell produksjon. 65 5. Resultatkvalitet Tabell 7 viser elevar som har fullført og greidd skoleåret fordelt på utdanningsprogram og nivå. 11

Fullført og greidd (B) Vg1 Vg2 Vg3 Bygg- og anleggsteknikk (14-15) 73,3% 70,0% Elektrofag (15-15) 83,3% 92,3% Helse- og oppvekstfag (14-15) 81,0% 94,4% Påbygging til generell studiekompetanse (14-15) 90,0% Studiespesialisering (14-15) 88,1% 97,7% 89,7% Teknikk og industriell produksjon (14-15) 73,3% 88,0% Tabell 7 Elevar som har fullført og greidd 87,7% (265 elevar) av alle 302 elevar som starta ved skolen hausten 2014, har fullført og greidd skoleåret. Dette er ein av dei høgaste prosentdelen Sunndal vgs har hatt på minst 30 år for elevar som har fullført og greidd skoleåret. Tabellen viser ei nyansering av dette talet. 97;7% av elevane på Vg2 Studiespesialisering fullførte og greidde skoleåret, medan tilsvarande tal for Vg2 Bygg- og anleggsteknikk var 70,0%. Lågt elevtal gjer at ein elev gir store utslag på prosentane Vg2 Bygg-og anleggsteknikk starta skoleåret med 10 elevar. Ved slutten av skoleåret mangla 2 elevar vurdering i minst eitt fag, medan 1 elev slutta i løpet av skoleåret.. På Vg1 Bygg- og anleggsteknikk starta 15 elevar skoleåret, og på Vg1 Teknikk og industriell produksjon starta også 15 elevar. Tabell 8 viser prosendel elevar som har slutta gjennom skoleåret Slutta (S) Vg1 Vg2 Vg3 Bygg- og anleggsteknikk (14-15) 0,0% 10,0% Elektrofag (14-15) 8,3% 0,0% Helse- og oppvekstfag (14-15) 4,8% 0,0% Påbygging til generell studiekompetanse (14-15) 3,3% Studiespesialisering (14-15) 2,4% 0,0% 0,0% Teknikk og industriell produksjon (14-15) 6,7% 4,0% Tabell 9 Elevar som har slutta i løpet av skoleåret 2,3% ( 7 elevar) av alle 302 elevane ved skolen slutta i løpet av skoleåret. Dette er eit av dei lågaste prosendelane Sunndal vgs har hatt dei siste 30 åra for elevar som har slutta på skolen i løpet av skoleåret. Tabellen viser ei nyansering av dette talet. Medan 0,0% av elevane på Vg1 Bygg- og anleggsteknikk slutta i løpet av skoleåret, slutta 10,0% (1 av 10 elevar) på Vg2 Bygg- og anleggsteknikk. Av dei elevane som starta vidaregåande opplæring i 2009 og då hadde registrert bustadsadresse i dei to kommunane Sunndal vgs får 95% av elevane sine frå (Sunndal og Nesset), hadde 78% fullført og greidd vidaregåande opplæring med studiekompetanse eller fagbrev i løpet av fem år. Til samanlikning er tilsvarande tal for elevar som starta vidaregåande opplæring i 2009 og då hadde registrert bustadsadresse i Møre og Romsdal, 73%. 12