HORDALAND FYLKESKOMMUNE MØTEBOK Samferdselsutvalet Dato: 02. desember 2009 Kl.: 10.00-14.15 Stad: Fylkeshuset, Møterom 457 Nordhordland, Bergen Saknr.: 81/09-84/09 MØTELEIAR Bahus, Gustav (FRP) DESSE MØTTE Nøss, Nils-Olav (A) Hansen, Jette Lunemann (A) Indrevik, Georg (FRP) Lutro, Einar (H) Eidsheim, Torill (H) Berland, Eli Årdal (H) Bondhus, Bente (SP) Haugsnes, Kjartan (SV) Hellen, Dag Helge (FRP) Børslien, Inge (V) Nysæter, Tordis (A) Vebenstad, Torill (A) sak 81/09 Torsvik, John Torgeir (H) sak 81/09 Ryssdal, Stein Inge (H) sak 81/98 FORFALL Tharaldsen, Elisabeth Eide (FRP) Sønnesyn, Gunvor (KRF) Njærheim, Anne Beth (V) Innvær, Anne-Line (A) DESSUTAN MØTTE Frå Hordaland fylkeskommune Magnus Vestrheim Rolf Rosenlund Thorbjørn Aarethun Oddmund Sylta Frå Statens vegvesen Per Steffen Myhren MERKNADER TIL INNKALLINGA Einar Lutro reserverte seg frå å godkjenna innkallinga. Bakgrunnen for dette er at han tok kontakt med administrasjonen måndag morgon 30. november for å få vurdert spørsmålet om habilitet. Habilitetsspørsmålet var så langt ikkje avklara, og 1. varamann var ikkje kalla inn. Dette kan påverka 1
avstemminga i saka. I tilslutnad til dette tok fleire andre representantar ordet og gav uttrykk for tvil rundt eigen habilitet. GODKJENNING AV SAKLISTA Saklista vart godkjent utan merknader. GODKJENNING AV MØTEBOKA 11.11.09 Møteboka frå 11. november 2009 vart godkjent utan merknader. YMSE Gustav Bahus sette fram fylgjande oversending. Innfarts- og pendlarparkering i Hordaland Ber om eiga sak som tek for seg fylgjande: - alle kollektivreisande sin måte å nytta parkering på ved kollektivreiser og anna reiser - kostnad ved drift av parkeringsanlegga - billetteringsløysing på parkeringsplassar både for kjøp av kollektivbillett og bevis for parkering. Nils Olav Nøss sette fram fylgjande oversending. Samferdselsutvalet ber om at fylkesordføraren oppmodar Regjeringa ved samferdselsministeren om å setja i gong eit oppgraderingsprosjekt for ferjemateriell. Fylkesvegsambanda i Hordaland har mykje gammalt ferjemateriell som ikkje stettar krav til universell utforming. Samferdselsutvalet ynskjer at Regjeringa set i gong eit oppgraderingsprosjekt som så langt råd er sikrar arbeid for norske verft i ei tid med sviktande ordrereservar i samband med den økonomiske krisa. Samferdselsutvalet ber Regjeringa nytta alle moglege incentiv for å sikra dette. Benthe Bondhus etterlyste svar på spørsmål ho stilte i forrige møte. Gustav Bahus orienterte utvalet om eit møte på vegkontoret den 1.desember der Sund kommune tok del om ferjesambandet Klokkarvik-Hjellestad. Det vart der semje om eit opplegg som vil sikra at den framtidige ferja i sambandet får universell utforming, utan at det skal føra til krav om ombyggjing av ferjekaiane. Gustav Bahus sette fram fylgjande oversending. 1.Som overordna ansvarleg for den samla transportpolitikken i fylket, herunder parkeringspolitikken, er det av interesse for samferdselsutvalet å få ei orientering om parkeringstilhøva på Haukeland sjukehus. 2. Samferdselsutvalet er kjent med at prisnivået er høgt og tilhøva er dårlege, og ein lurer på kvifor ein med så gode inntekter ikkje klarar å betra tilhøva og at prisnivået kan senkast over tid. Einar Lutro sette fram fylgjande oversending. Ynskje om at flest mogeleg skal nytta buss. Vi er alle samde om at det av miljø- og trafikkmessige omsyn vil vera bra om fleire nyttar buss i staden for bil. Skal ein fanga opp dei som til vanleg ikkje nyttar buss, må det vera lett å finna ut kor bussen går frå. 2
I Olav Kyrresgt er det mange venteskur, men for tilreisande eller ikkje daglege bussbrukarar er det ikkje lett å finna rett buss. Det er dårleg eller ingen informasjon. Ein må leggja betre til rette, og finna betre måtar å merka skura på. Informasjonen må vera tydeleg og lett å lesa. Ein kan kanskje ha fleire store skilt i gata med informasjon om kor dei ulike bussane går frå. Rutene og skura kan til dømes fargekodast. Utanfor skura bør rutene setjast tydeleg opp med så store bokstavar at ein ikkje treng briller for å lesa dei. Ved skura eller ved informasjonsskilta bør det vera billettautomatar. Kanskje skulle ein kunna kjøpa ein-dagsbillett som kan nyttast på alle linjer innafor ein viss omkrins. Det ert viktig å gjera det så enkelt som mogeleg og leggja tinga til rette for brukarane. Ein dagsbillett ville gjort det særs enkelt for til dømes turistar. Nytt omframt møte i utvalet Det vert nytt møte i utvalet tysdag 8. desember kl 09.00 for å handsama saka om Oppretting av administrasjonsselskap for bompengeselskapa i Hordaland. 3
MELDINGAR Periode: 17. november 2010-02. desember 2009 Nr. Arkivsak Referatsakstittel 216/09 200807938-9 Kapasitet på ferjesambanda Mortavika - Arsvågen - Halhjem - Sandvikvåg 217/09 200811426-34 Oppstart Bybanen og busspakke Bergen Sør 218/09 200800158-6 Tilskot Forum Nye Bergensbanen 219/09 200902695-6 Forvaltningsreformen og fylkesfordeling av vegmidler 220/09 200810279-7 Stortingets transport- og kommunikasjonskomite - synfaring i Hordaland i tida 22. - 24. februar 2010 Einar Lutro ba om at administrasjonen avklarar når komiteen kjem til Hordaland, kven som skal møta frå utvalet, og kva program ein legg opp til. 221/09 200802373-20 Videreføring av Bergensprogrammet 222/09 200703590-54 Invitasjon til å søke om støtte til forsøk med kollektivtransport i distriktene 223/09 200812559-16 Tilskuddsmidler til kommunesektoren - Invitasjon til å søke om midler for 2010 224/09 200902695-5 Forvaltningsreformen - kostnader knytt til ferjestandard i NTP og universell utforming - Overføring av løyvemyndighet til fylkeskommunene 225/09 200911358-1 Etatenes oppfølging av krav til nye bypakker 226/09 200911303-1 Etablering av bomstasjonsnettverk 227/09 200803852-13 Avtale mellom Ruter AS og NSB AS - svar på oversendingsforslag 228/09 200910698-2 Ungdomskort for studentar - vurdering av økonomiske følgjer 4
SAKNR. 81/09 OPPRETTING AV ADMINISTRASJONSSELSKAP FOR BOMPENGESELSKAPA I HORDALAND Det vart lagt fram eit notat dagsett 30. november 2009 frå advokatfirma Thommessen, der det vart gjort greie for habilitetsreglane. Sigrid Helene Årdal og Britt Mari Heggøy frå administrasjonen orienterte om innhaldet i notatet og om habilitetsreglane generelt. Etter dette ba fylgjande representantar om at habiliteten deira vart vurdert: Einar Lutro,- arbeidande styreleiar i Hardangerbrua AS Torill Eidsheim,- styreleiar i Voss og omland Bompengeselskap AS, med ansvar for dagleg leiing fram til 4. november 2009. Desse selskapa er 100% offentleg eigde. Dag Helge Hellen,- varamedlem til styret i Sunnhordland Bru- og Tunnelselskap AS Benthe Bondhus,- varamedlem til styret i Sunnhordland Bru- og Tunnelselskap AS, og varamedlem til styret i Fastlandssambandet Halsnøy AS Nils Olav Nøss,- styremedlem i Fastlandssambandet Halsnøy AS Desse selskapa har innslag av privat eige. Ovanståande medlemmer gjekk frå, og fylgjande varamedlemmer tok plass under drøftinga om habilitet: Stein Inge Ryssdal for Torill Eidsheim John Torgeir Torsvik for Einar Lutro Torill Vebenstad for Nils Olav Nøss Før Stein Inge Ryssdal tok plass vart hans habilitet vurdert av utvalet, og godkjent. Utvalet avgjorde at Einar Lutro, Dag Helge Hellen, Benthe Bondhus og Nils Olav Nøss var inhabile. Under handsaminga av saka tok ovannemnde varamedlemmer plass i utvalet. Det var ikkje kalla inn varamedlem for Benthe Bondhus. Inge Børslien sette fram fylgjande forslag til nytt pkt 2. Fylkestinget godkjenner at selskapet si forretningsadresse skal vera i Eidfjord Torill Vebenstad sette fram fylgjande oversendingsforslag. For Arbeidarpartiet er det viktig med busetjing og sysselsetjing i distrikta. Vi vil difor ha ein gjennomgong av fylkeskommunen si verksemd med tanke på utflytting og nyetablering av arbeidsplassar til distrikta. Eli Årdal Berland sette fram forslag om å utsetja saka, og ta den opp på eit omframt møte før fylkestinget. Røysting Eli Årdal Berland sitt forslag om å utsetja saka vart samrøystes vedteke. 5
82/09 DRIVSTOFFLØYSINGAR OG TEKNOLOGIAR FOR BUSSTRAFIKKEN I BERGENSOMRÅDET Kjartan Haugsnes sette fram fylgjande oversendingsforslag. Trolleybussen si framtid Trolleybussnettet er utsett pga traseendringar og avgrensa vilje til å støtta denne type miljøvenleg transportform. Fylkesrådmannen vert beden om å leggja fram sak der trolleybussdrifta vert kobla saman med bybanedrifta for å samla lokale fagmiljø på elektrisk drift av kollektivtransporten. Røysting Fylkesrådmannen sitt forslag til innstilling vart samrøystes vedteke. VEDTAK Saka vert teke til orientering Oversendingsforslag Trolleybussen si framtid Trolleybussnettet er utsett pga traseendringar og avgrensa vilje til å støtta denne type miljøvenleg transportform. Fylkesrådmannen vert beden om å leggja fram sak der trolleybussdrifta vert kobla saman med bybanedrifta for å samla lokale fagmiljø på elektrisk drift av kollektivtransporten 83/09 FERJEDISPONERINGSPLAN 2010 Benthe Bondhus sette på vegne av SP, A, SV, V fram forslag til nye pkt 2 og 3 i innstillinga. 2. Frå 1.mai 2010 og fram til den nye ferjekaien på Årsnes kan takast i bruk, skal sambandet trafikkerast med tre ferjer. 3. Fylkesutvalet ser det som særs naudsynt å starta arbeidet med fornying av ferjemateriellet i Hordaland. Nils Olav Nøss sette fram forslag til nytt pkt 4 i innstillinga. 4. Fylkesutvalet føreset at ein opprettheld den gode kapasiteten på Krokeide-Hufthamar, ved at M/F Rennesøy går i sambandet kontinuerleg. Torill Eidsheim sette fram forslag til nye pkt 5, 6 og 7 i innstillinga. 5. Fleire av ferjemateriella som inngår i anboda og anbodsdokumenta for ny anbodsperiode kan sjåast på å vera i grenselandet for å imøtekoma nye krav til universell utforming og tenleg funksjonalitet for alle reisande. 6. Krav til beredskapstid, kapasitet, storleik og fart må presiserast og oppretthaldast i anboda. 7. Fylkesutvalet ber om at høyringsuttalane frå kommunane vert teke med i vurderinga av ferjedisponeringsplanen frå 2010. Georg Indrevik sette fram forslag til nytt pkt 8 i innstillinga. 8. Dersom det vert sett inn reserveferje i rutene, skal korrespondansen mellom tilknytte samband som hovudmål oppretthaldast. 6
Røysting Fylkesrådmannen sitt forslag til innstilling vart samrøystes vedteke. Dei fire forslaga til nye pkt i innstillinga vart samrøystes vedtekne. INNSTILLING 1. Ferjedisponeringsplan for 2010 vert teke til orientering. 2. Frå 1.mai 2010 og fram til den nye ferjekaien på Årsnes kan takast i bruk, skal sambandet trafikkerast med tre ferjer 3. Fylkesutvalet ser det som særs naudsynt å starta arbeidet med fornying av ferjemateriellet i Hordaland 4. Fylkesutvalet føreset at ein opprettheld den gode kapasiteten på Krokeide-Hufthamar, ved at M/F Rennesøy går i sambandet kontinuerleg 5. Fleire av ferjemateriella som inngår i anboda og anbodsdokumenta for ny anbodsperiode kan sjåast på å vera i grenselandet for å imøtekoma nye krav til universell utforming og tenleg funksjonalitet for alle reisande 6. Krav til beredskapstid, kapasitet, storleik og fart må presiserast og oppretthaldast i anboda 7. Fylkesutvalet ber om at høyringsuttalane frå kommunane vert teke med i vurderinga av ferjedisponeringsplanen frå 2010 8. Dersom det vert sett inn reserveferje i rutene, skal korrespondansen mellom tilknytte samband som hovudmål oppretthaldast 84/09 INVITASJON TIL AKSJETEIKNING I NORSK BANE AS Inge Børslien sette fram fylgjande forslag til ny innstilling. 1. Fylkesutvalet vedtek å teikna 500 aksjar i Norsk Bane AS 2. Fylkesutvalet strekar under at aksjeteikninga ikkje inneber endra syn i høve til tidlegare vedtak om prioritering av opprusting av Bergensbana. Røysting Fylkesrådmannen sitt forslag til innstilling vart vedteke mot 1 røyst (V). Inge Børslien sitt forslag til ny innstilling fekk 1 røyst og fall. INNSTILLING 1. Fylkesutvalet viser til tidlegare politiske vedtak om å prioritera opprusting av Bergensbanen og fylkestinget sitt vedtak i sak 8/08 med tilslutnad til Jernbaneverket si tilråding om å greia ut fleire høgfartsstrekningar. Fylkesutvalet vil difor ikkje gje økonomisk støtte til eit interesseselskap som arbeider for ei bestemt høgfartsbaneløysing og vedtek å ikkje kjøpa aksjar i Norsk Bane AS. Rolf Rosenlund sekretær 7