BARNETRAKK Barnetrakk Bergsøy EI BÅTLENGD FØRE Foto: Wenche Moltu Presentasjon Molde 6.2.2014
Barnetrakk i Herøy Er det behov for ei barnetrakkregistrering? Nei, vi veit om lag kvar dei fleste leikplassane er og korleis rørslemønsteret til barna er, trur vi. Treng vi eit slikt dokument for å planlegge trygge vegar i Herøy? Nei, vi har kompetente planleggarar, barnerepresentantar og arkitektfirma som skal ta omsyn til barn og unge sine interesser. Vert barn skadelidande om det forsvinn ein leikeplass eller to? Nei, barn er omstillingsdyktige og finn nye leikeplassar.
Barnetrakk i Herøy Kvifor skal vi då bruke tid og ressursar på å gjennomføre barnetrakk? Fylkesveg 654 Sterkt trafikkert kryss Foto: Berit Sandvik Skeide
Bakgrunnen for Barnetrakk Revidering av kommunedelplan for trafikktrygging 2009-2012 Langsiktig mål i planprogrammet for trafikktryggingsplan: «det ikkje skal følast skremande og utrygt å ferdast i trafikken, både for barn og unge, menneske med nedsett funksjonsevne, eldre og andre mjuke trafikantar.» Utgreiingar i samband med planarbeidet: Brukarinteresser knytt til turstiar, akebakkar, råser, leikeområde og andre områder der barn og unge ferdast vil verte kartlagde i prosessen. VI MÅ UT OG FÅ UNGANE SJØLVE I TALE!
Konflikt mellom interesser Konflikt mellom dei vaksne og barna si verd og verdsbilete Vaksne og barn opplever verda ulikt Få rett informasjon frå primærkjelda Når det vert konflikt mellom barn og vaksne sine interesser er det barna som ikkje vert prioritert Kommunen har få argument for at private utbyggarar skal prioritere barn og unge sine oppvekstvilkår Uterom som barn brukar i dag, bør sikrast slik at barn og unge kan opphalde seg ute, leike og sykle trygt i kvardagen også i framtida Vi ynskjer å vite kvar barn oppheld seg, kva område som vert brukt til leik, kva vegar som vert brukt, kvar barn føler seg trygge og utrygge i Herøy kommune.
Planprosess jf. PBL No er vi her Her vart grunnlaget for barnetrakk lagt Gjennomføring av barnetrakk Den perioda er lenger enn det ser ut til!!
Korleis gjennomførte vi barnetrakk? Oppstart: Involvering av rektorane på dei ulike skulane Utsending av informasjon til lærarane Utsending av informasjon til elevane via lærarane Utsending av informasjon til føresette via elevane Val av registreringsmetode: Manuell eller digital?
Korleis gjennomførte vi barnetrakk? Val av gjennomføringsmetode: Digital registrering? + Barna er meir sjølvstendige og styrer eigne prosessar + Tek i bruk barn sin digitale kompetanse + Registreringane kan enkelt importerast til kommunale kartprogram, lite etterarbeid + Metoden vil spare mykje tid og ressursar - Resultatet kan verte uoversiktleg (fleire strekar over kvarandre) - Sjølvstendig arbeid kan føre til fleire useriøse registreringar - Vanskeleg å knyte kommentar til registreringa - PC og nettverkstilgang må vere oppdatert og stabilt.
Korleis gjennomførte vi barnetrakk? Val av gjennomføringsmetode: Manuell registrering? + Barna teiknar sjølv på kart, auka kunnskap om kart + Kjensle av reell medverknad + Alle får gje sitt bidrag til kartet + Enklare å organisere for dei som skal gjennomføre + Barna får arbeide i grupper og diskutere seg i mellom + Organiseringa er munnleg og passar alle alderstrinn - Ein rettleiar pr. gruppe som noterer det som vert sagt (5-6 grupper pr. klasse.) - Dei vaksne kan få ein meir styrande rolle - Stort etterarbeid i å få karta digitalisert(!!!!)
OPPSTART
Manuell registrering Ein planleggar og ein praksisstudent frå Høgskulen i Volda gjennomført «Barnetrakk» i Herøy kommune i løpet av tre veker. Vi var rundt på seks barneskular, ein ungdomskule og ein felles barne og ungdomskule.
Manuell registrering Vi teikna på kart saman med ca. 100 4.klassingar, ca. 110 6.klassingar og ca. 120 9.klassingar. OG VI TEIKNA MYKJE!!! På dei skulane som fleire bygder sokna til delte vi elevane inn i grupper etter kva bygd dei kom frå. Dei fekk kart over si bygd + kart over Bergsøya.
Barnetrakk i Herøy
Barnetrakk i Herøy
Barnetrakk i Herøy
Manuell registrering Til slutt satt vi att med over 150 kart som skulle digitaliserast av typen A0.
Resultatet vi sit att med
Resultatet vi sit att med
Resultatet vi sit att med
Resultatet vi sit att med
Resultatet vi sit att med
Resultatet vi sit att med
Resultatet vi sit att med
Resultatet vi sit att med
Erfaringane med Barnetrakk så langt Vi har eit utruleg nyttig verktøy tilgjengeleg! Vi kan gjere tydelege prioriteringar på trafikktryggingstiltak i kommunen Vi kan seie med sikkerheit kva område barn og unge nyttar til fri leik Vi kan hindre ufrivillig nedbygging av «uregulerte leikeområde» Arbeidet var tidkrevjande og medførte meir etterarbeid enn vi hadde trudd på førehand, men det var verdt det.
Lykke til med barnetrakkinga!