VOLDA KOMMUNE Skuleavdelinga SPESIALUNDERVISNING Presisering av opplæringslova 5-1 til 5-6 og 4A-2, gjeldande rutinar og ansvarsforhold i Volda kommune. Ein viser også til heftet Spesialundervisning. Veileder til opplæringsloven om spesialpedagogisk hjelp og spesialundervisning, Utdanningsdirektoratet (2009) RETTEN TIL SPESIALUNDERVISNING Retten til spesialundervisning er heimla i opplæringslova 5-1 Rett til spesialundervisning og 4A-2 Rett til spesialundervisning på grunnskolens område som slår fast følgjande: Elevar som ikkje har eller som ikkje kan få tilfredstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har rett til spesialundervisning. I vurderinga av kva som skal givast, skal det særleg leggast vekt på utviklingsutsiktene til eleven. Opplæringstilbodet skal ha eit slikt innhald at det samla tilbodet kan gi eleven eit forsvarleg utbytte av opplæringa i forhold til andre elevar og i forhold til dei opplæringsmåla som er realistiske for eleven. Elevar som får spesialundervisning, skal ha det same totale undervisningstimetallet som gjeld andre elevar, jfr. 2-2 og 3-2. Vaksne som ikkje har eller som ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet for vaksne, har rett til spesialundervisning. Vaksne som har særlege behov for opplæring for å kunne utvikle eller halde ved like grunnleggjande dugleik, har rett til slik opplæring. For opplæring etter denne paragraf gjeld 5-1 tredje leddet bortsett frå siste punktum, og 5-3, 5-4, 5-5 og 5-6 tilsvarande. Det er viktig å skilje mellom spesialundervisning som er knytt til enkeltvedtak basert på sakkunnig vurdering og tilpassa opplæring som er eit grunnleggjande prinsipp for all opplæring etter opplæringslova. 1-3. Tilpassa opplæring og tidleg innsats Opplæringa skal tilpassast evnene og føresetnadene hjå den enkelte eleven, lærlingen og lærekandidaten.. Prinsippet om tilpassa opplæring gjeld all opplæring i grunnskule og vaksenopplæring. Tilpassa opplæring inneber blant anna variasjon i val av metodar, lærestoff og organisering for å sikre god og forsvarleg opplæring ut frå den enkelte elev sine evner og føresetnader. Tilpassa opplæring inneber ikkje at all opplæring vert individualisert, men at alle sider av læringsmiljøet tek omsyn til variasjonar i elevgruppa. Spesialundervisning er ein rett som skal sikre ei tilpassa og likeverdig opplæring for elevar som ikkje har eller ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av den ordinære opplæringa. Spesialundervisning oppstår dermed i skjeringspunktet mellom tilpassa opplæring i den ordinære opplæringa og eleven sitt funksjonsnivå. Skulen sitt høve til å tilpasse opplæringa til den enkelte elev er blant anna avhengig av omfanget av eleven sine lærevanskar, kompetanse hos leiinga og lærarane, organisering av opplæringa, samt skulen sin tilgang på støttetenester og kompetansehevingstiltak.
For vaksne gir retten til spesialundervisning i tillegg ein særlig rett til å utvikle eller halde ved like grunnleggjande ferdigheiter, jf. 4A-2 andre ledd. Når det skal vurderast om ein vaksen søkar har særlege behov etter 4A-2, skal det leggast vekt på om ferdigheitene er knytte til søkaren sin livssituasjon/arbeidssituasjon, og om det er spesialundervisning eller andre tiltak som er dei riktige for å utvikle eller halde vedlike desse ferdigheitene. Det er altså først når skulen har fylgt bestemminga i lova om tilpassa opplæring at PPT skal vurdere om den enkelte eleven utover dette har behov for spesialundervisning etter opplæringslova 5-1 og 4A-2 første ledd. TILVISING TIL PPT Opplæringslova 5-6 Pedagogisk-psykologisk teneste viser kva for tenester PPT skal yte til skulane: Kvar kommune og kvar fylkeskommune skal ha ei pedagogisk-psykologisk teneste. Den pedagogisk-psykologiske tenesta i ein kommune kan organiserast i samarbeid med andre kommunar eller med fylkeskommunen. Tenesta skal hjelpe skolen i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling for å leggje opplæringa betre til rette for elevar med særlege behov. Den pedagogisk-psykologiske tenesta skal sørgje for at det blir utarbeidd sakkunnig vurdering der lova krev det. Departementet kan gi forskrifter om dei andre oppgåvene til tenesta. PPT skal hjelpe skulen i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling for å leggje til rette opplæringa for elevar med særlige behov. Dette gjeld ikkje berre for elevar med rett til spesialundervisning. Skulen skal i samråd med føresette tilvise eleven til PPT for vidare utgreiing, sjå samtykkeerklæring. Men også føresette kan krevje at skulen set i gang undersøking av eleven sine behov for spesialundervisning jf. opplæringslova 5-4 Nærmare om saksbehandlinga i samband med vedtak om spesialundervisning: Eleven eller foreldra til eleven kan krevje at skolen gjer dei undersøkingar som er nødvendige for å finne ut om eleven treng spesialundervisning, og eventuelt kva opplæring eleven treng. Undervisningspersonalet skal vurdere om ein elev treng spesialundervisning, og melde frå til rektor når slike behov er til stades. Før det blir gjort sakkunnig vurdering og før det blir gjort vedtak om å setje i gang spesialundervisning, skal det innhentast samtykke frå eleven eller frå foreldra til eleven. Med dei avgrensingane som følgjer av reglane om teieplikt og 19 i forvaltningslova, har eleven eller foreldra til eleven rett til å gjere seg kjende med innhaldet i den sakkunnige vurderinga og til å uttale seg før det blir gjort vedtak. Tilbod om spesialundervisning skal så langt råd er, formast ut i samarbeid med eleven og foreldra til eleven, og det skal leggjast stor vekt på deira syn. Tilvising til PPT etter 4A-2 andre ledd er basert på ein dokumentasjon av særlige behov, eller det er ei tilvising for å få slike behov utgreidd. Før skulen tilviser ein elev til PPT skal det vere gjort eit grundig kartleggingsarbeid på skulen, og i tilvisinga skal ein vise til kva tiltak som er utprøvd.
SAKKUNNIG VURDERING PPT utgreier eleven sitt behov for spesialundervisning og gir råd om omfang, innhald og organisering av spesialundervisninga, jf. 5-3 Sakkunnig vurdering: Før kommunen eller fylkeskommunen gjer vedtak om spesialundervisning etter 5-1 eller vedtak om spesialpedagogisk hjelp etter 5-7, skal det liggje føre ei sakkunnig vurdering av dei særlege behova til eleven. Vurderinga skal vise om eleven har behov for spesialundervisning, og kva for opplæringstilbod som bør givast. Den sakkunnige vurderinga skal blant anna greie ut og ta standpunkt til: - eleven sitt utbytte av det ordinære opplæringstilbodet - lærevanskar hjå eleven og andre særlege forhold som er viktige for opplæringa - realistiske opplæringsmål for eleven - om ein kan hjelpe på dei vanskane eleven har innanfor det ordinære opplæringstilbodet - kva for opplæring som gir eit forsvarleg opplæringstilbod. Dersom vedtaket frå kommunen eller fylkeskommunen avvik frå den sakkunnige vurderinga, skal grunngivinga for vedtaket blant anna vise kvifor kommunen eller fylkeskommunen meiner at eleven likevel får eit opplæringstilbod som oppfyller retten etter 5-1. Strekpunkta nemnte ovanfor, om kva den sakkunnige vurderinga skal utgreie og ta stilling til, er ikkje uttømmande. PPT må derfor vurdere om det er andre forhold som må takast med i betraktning for å kunne gjennomføre ei fagleg forsvarleg vurdering. Ein minner om Udanningsdirektoratet sin rettleiar om spesialundervisning (2009) som påpeiker at om ein elev har behov for spesialundervisning eller ikkje er eit stykke på veg avhengig av kva skuleeigar/skule har sett inn av organisatoriske og pedagogiske differensieringstiltak innafor den ordinære opplæringa. Vidare ramser rettleiaren opp sider ved den ordinære opplæringa som må vurderast i høve kartlegginga av ho (s 30-31). Rektor skal vurdere om den sakkunnige vurderinga og tilrådinga er så tydelege med omsyn til innhald, omfang og organisering at: rektor kan legge ho til grunn for å fatte vedtak om spesialundervisning, jf. opplæringslova 5-1 lærarane kan legge ho til grunn for utarbeiding av den individuelle opplæringsplanen, jf. opplæringslova 5-3 Dersom sakkunnig vurdering ikkje oppfyller lova sine krav om utgreiing av dei særskilte behova til eleven, samt behovet for spesialundervisning og kva for eit opplæringstilbod ein skal gi, skal rektor be PPT om ei ytterlegare presisering og konkretisering. Det skal utarbeidast ny sakkunnig vurdering seinast etter 3 år og ved overgang frå barnehage til skule og frå barneskule til ungdomsskule. SAMTYKKEERKLÆRING Opplæringslova 5-4, ledd en: Før det blir gjort sakkunnig vurdering og før det blir gjort vedtak om å setje i gang spesialundervisning, skal det innhentast samtykke frå eleven eller frå foreldra til eleven. Med dei avgrensingane som følgjer av reglane om teieplikt og 19 i forvaltningslova, har eleven eller foreldra til eleven rett til å gjere seg kjende med innhaldet i den sakkunnige vurderinga og til å uttale seg før det blir gjort vedtak..
Volda kommune sitt samtykkeskjema skal underskrivast av føresette og vil dokumentere samtykke eller ikkje samtykke i spørsmål om sakkunnig vurdering og enkeltvedtak om spesialundervisning. Dersom føresette ikkje samtykker, kan ein likevel på eit seinare tidspunkt gi sitt samtykke slik at sakkunnig vurdering kan verte gjort og vedtak kan fattast. VEDTAK OM SPESIALUNDERVISNING Rektor fattar vedtak om spesialundervisning når PPT har: vurdert at den tilpassa opplæringa ikkje gir eleven eit likeverdig opplæringstilbod. vurdert at eleven har behov for spesialundervisning etter 5-1 eller 4A-2 for å få eit forsvarleg opplæringstilbod kome med tilråding om innhald, omfang og organisering av spesialundervisninga. Rektor skal fatte vedtak om at eleven ikkje har rett til spesialundervisning etter opplæringslova 5-1 når PPT har vurdert at eleven ikkje har behov for spesialundervisning. Når det skal fattast enkeltvedtak, skal skulen følgje sakshandsamingsreglane i opplæringslova, samt forvaltningslova sine reglar. Reglane om saksførebuing ved enkeltvedtak finst i forvaltningslova kap. IV, reglar om vedtaket finst i kap. V og reglar om klage og omgjering finst i kap. VI. Rektor skal ikkje fatte vedtak når: det ikkje ligg føre ei sakkunnig vurdering om eleven sine behov for spesialundervisning sakkunnig vurdering er eldre enn 3 år eleven/føresette ikkje har gitt samtykke til å fatte vedtak om spesialundervisning jf. 5-4 I vedtaket om spesialundervisning skal rektor grunngi kvifor/korleis vedtaket oppfyller eleven sine rettar jf. opplæringslova 5-1. Rektor har høve til å sjå bort frå den sakkunnige vurderinga, men har då ei utvida grunngjevingsplikt, jf. opplæringslova 5-3, fjerde ledd. Rektor må i eit slikt tilfelle vise korleis eleven likevel får eit opplæringstilbod som oppfyller retten etter 5-1. Skulen kan ikkje avslå eit krav om spesialundervisning og grunngje eit vedtak med skulen sine manglande ressursar. INDIVIDUELL OPPLÆRINGSPLAN (IOP) Rektor har ansvar for at det blir utarbeidd ein individuell opplæringsplan (IOP) for elevar med rett til spesialundervisning jf. opplæringslova 5-5 Unntak frå reglane om innhaldet i opplæringa, første ledd: Reglane om innhaldet i opplæringa i denne lova og i forskrifter etter denne lova gjeld for spesialundervisning så langt dei passar. For elev som får spesialundervisning, skal det utarbeidast individuell opplæringsplan. Planen skal vise mål for og innhaldet i opplæringa og korleis ho skal drivast. Også avvikande kontraktsvilkår for lærlingar kan fastsetjast i den individuelle opplæringsplanen. Den individuelle opplæringsplanen skal vise: mål og innhald for opplæringa
omfang av opplæringa organisering av opplæringa Mål og innhald i IOP kan omhandle: 1. område der eleven får ekstra hjelp for å kunne nå kompetansemåla i fag slik dei er fastsette i LK06 2. område der eleven har mindre avvik frå kompetansemåla i fag slik dei er fastsette i LK06 3. område der eleven har store avvik frå kompetansemåla i fag slik dei er fastsette i LK06 Omfanget skal skildrast i form av tal på pedagog- og/eller assistenttimar i års- eller veketimar. Der PPT rår til bruk av assistent skal dette, på linje med pedagogtimar, innarbeidast i IOP. Opplæringslova stiller ikkje krav om at føresette skal godkjenne eleven sin IOP, men opplæringslova 5-5 legg vekt på eleven/føresette sin medverknad i utforminga av han. Skulen må derfor iverksetje spesialundervisninga sjølv om ein ikkje har kome til einigheit med eleven/føresette om innhaldet i IOP. Opplæringsmåla må vere så konkrete, tydelege og målbare at læringsresultata kan målast i halvårsrapporten. HALVÅRSRAPPORT VURDERING AV SPESIALUNDERVISNINGA Skulen skal kvart halvår utarbeide ein skriftleg rapport med vurdering av opplæringa eleven har fått samt utviklinga til eleven jf. 5-5, andre ledd Unntak frå reglane om innhaldet i opplæringa: Skolen skal kvart halvår utarbeide skriftleg oversikt over den opplæringa eleven har fått, og ei vurdering av utviklinga til eleven. Skolen sender oversikta og vurderinga til eleven eller til foreldra til eleven og til kommunen eller fylkeskommunen. Vurderinga av tiltaka og eleven si utvikling må gjerast i forhold til måla i den individuelle opplæringsplanen, og haldast opp mot den sakkunnige vurderinga. I halvårsrapporten må også undervisningsmetodar og organisering av spesialundervisninga vurderast. Dersom rapporten viser at eleven sine behov for spesialundervisning er endra, må IOP reviderast, og ved større endringar må nytt vedtak vurderast. Halvårsrapporten skal i slike tilfelle, saman med anna informasjon til føresette, fungere som eit førehandsvarsel, jf. forvaltningslova 16. Førehandsvarslinga skal også gjelde i dei tilfelle PPT, etter spørsmål frå skulen og/eller føresette, vurderer at eleven ikkje lenger har behov for spesialundervisning. Halvårsrapporten skal sendast til føresette med kopi til skuleavdelinga og PPT. Skulen sitt eksemplar vert oppbevart i eleven si mappe. SAMARBEID MED FØRESETTE Føresette må vere delaktig i arbeidet på følgjande område: bekymring/oppfølging av eleven si utvikling, tverrfagleg møte tilvising til PPT utredning, samtale med PPT gi samtykke til at vedtak blir fatta utarbeiding av IOP
samarbeid gjennom skuleåret KLAGESAKER Rett til å klage på vedtak følgjer av forvaltningslova 28. Det er føresette eller ein annan med rettsleg klageinteresse som har rett til å klage på eit enkeltvedtak. Reglane om klageinstans finst i opplæringslova 15-2, andre ledd. Ein eventuell klage om spesialundervisning skal fremjast overfor rektor ved den aktuelle skule, sjå 28, første ledd. Det følgjer av forvaltningslova 29 at klagefristen er 3 veker. Rektor må vurdere klagen, og om klagen vert imøtekomen, vert eit nytt vedtak fatta dersom rektor berre tar klagen delvis til følgje, vert eit nytt vedtak fatta. Føresette har ny klagetilgang dersom vedtaket vert oppretthaldt, vert klagen oversendt skuleavdelinga. Skuleavdelinga har tilgang til å oppheve eller omgjere rektor sitt opphavlege vedtak, jf. forvaltningslova 34. Før saka vert oversendt skuleavdelinga, må rektor sjå til at all nødvendig dokumentasjon er vedlagt: vedtak om spesialundervisning sakkunnig vurdering individuell opplæringsplan (IOP) halvårsrapport, den siste samtykkeerklæring Dersom skuleavdelinga opprettheld rektor sitt vedtak, vert klagen oversendt Fylkesmannen i Møre og Romsdal som er endeleg klageinstans.