Midlar til utvikling i kystkommunane i Sogn og Fjordane tildelingssak juni 2007



Like dokumenter
1 Fylkestinget går inn for å styrke kapitalbasen i Fjord Invest A/S med 15 mill kr.

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Søknad - Energiregion Sogn og Fjordane

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl Stad: Fylkeshuset INNHALD

REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE.

Fylkesdirektøren for næring rår hovudutval for plan og næring til å gjere slikt vedtak:

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

ÅRSMELDING 2009 for ÅRDAL UTVIKLING 24. driftsår

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV MIDLAR TIL KOMMUNALE NÆRINGSFOND. GJELD FRÅ

Finansiering av dei offentlege fagskolane

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

FLORA KOMMUNE KJØP AV FLORØ SJUKEHUS

Etablering og drift av kraftselskap

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 13/968

Tilleggsinnkalling for Kommunestyret. Sakliste

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Handlingsprogram 2014, Regional plan for museum

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Kommunale næringsfond

Fagdag for næringsmedarbeidarar

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Innkalling av Kraftfondsstyret

Kommuneretta næringsutvikling - statusrapport, evaluering og vidare arbeid

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

FORDELING AV REGIONALE NÆRINGSFOND 2011

Styresak. Arild Fålun Nybygg aust - Bygg for Helse Førde, interkommunale funksjonar og tannhelsetenesta

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Skogsvegar på Vestlandet -no eller aldri? Kjetil André Rødland Vestskog

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

TILLEGGSAK KUP-LØYVING 2013

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Saman for framtida (Ref # )

ETABLERING AV BOMPENGESELSKAP FOR ASKØYPAKKEN - ASKØY BOMPENGESELSKAP AS

Prosjektplan Utgreiing av «kystkommunealternativet» Bremanger kommune Flora kommune Vågsøy kommune. Utkast for drøfting

Historikk cruise i Nordfjord

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

FORDELING AV INVESTERINGSMIDLAR

Revidert Vest 39 Samla finansierings- og utbyggingsplan for E 39 Kyststamvegen. Ny handsaming i Vestlandsrådet 22. april

Kort omtale og vurdering av dei innkomne søknadane

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Framlegg Handlingsprogram Kompetanse og Verdiskaping 2017

Fylkesdirektøren for næring rår hovudutvalet for plan og næring til å gjere slikt vedtak:

LOKALMEDISINSKE TENESTER I HALLINGDAL, FINANSIERING VIDAREFØRING

Saksnr. Innhald Arkivsaksnr.

Kommunal medfinanisering av samhandlingsprosjekt og felles ordningar

Revidert Vest 39 - Samla finansierings- og utbyggingsplan for E 39 Kyststamvegen

Regional Næringsstrategi for Hardanger. Hardangerkonferansen, torsdag 13. november 2014

FROKOSTMØTE 12. JANUAR 2016: Informasjonsmøte om RDA-midler - næringsretta midler til regional utvikling

Lønnsundersøkinga for 2014

Husleige / Fellsekostnader i interkommunale samarbeid i Hallingdal.

- Tilleggsakliste. Valnemnda. Dato: 11. juni 2013 kl Stad: Hotel Ullensvang, Lofthus INNHALD

SANDØY KOMMUNE VEDTEKTER FOR NÆRINGSFONDET

Saman for framtida (Ref # )

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Gunnar Steine Arkiv: G21 Arkivsaksnr.: 14/745-7

FJORDVARMENYTT. Kjære kundar! Her kjem juleavisa vår! Informasjon om drifta av fjordvarmeanlegget. Statistikk og økonomi:

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Olav Grov Arkivsaksnr.: 09/1647. Luster kommune sin næringspolitikk. Rådmannen si tilråding:

Prosjektplan. Utgreiing av «kystkommunealternativet» Bremanger kommune Flora kommune Vågsøy kommune

FØRESPURNAD OM UTTALE - AKADEMIET BERGEN AS VEDKOMMANDE SØKNAD OM GODKJENNING ETTER PRIVATSKOLELOVA

Møteprotokoll Styremøte Lærdal Næringsutvikling AS

Reglar for servering av alkohol i fylkeskommunale bygg, leigebygg og utleigebygg

Saksframlegg. Orientering om Kompetansesenteret og søknad om regionale utviklingsmidlar til Ny GIV-tiltak ved Kompetansesenteret

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Olav Grov Arkiv: 614 Arkivsaksnr.: 07/1522. Kommunalt tenestekjøp; bade- og symjetenester Gaupne. Rådmannen si tilråding:

Fordeling av hovudansvar for utvala mellom tilsette i sekretariatet

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

Innkalling av Kraftfondsstyret

Saksframlegg. 1. Kommunestyret godkjenner den framlagde tertialrapporten.

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I BSI PADLING

Sakspapir KOMMUNAL PLANSTRATEGI FOR SVEIO OG PLANPROGRAM FOR KOMMUNEPLANEN

Hovudutval for opplæring Saksbehandlar: Ole I. Gjerald/Erna Romøren Arkiv: A40 Arkivsaksnr.: 03/03774

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

NTP NÆRINGSLIVET SITT SAMFERDSLEFORUM I SOGN OG FJORDANE v/ VIDAR GRØNNEVIK, LEIAR

Avdeling for regional planlegging

Hei Guro, ei oppdatering frå Holmedal Ungdomslag.

Møteprotokoll Styremøte Lærdal Næringsutvikling AS

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Vurdering av allianse og alternativ

TELEMARK FYLKESKOMMUNE Fylkesordføraren

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

Opplæring i kinesisk språk (mandarin) i den vidaregåande skulen i Hordaland

Finansiering av søknaden

OSTERØY VIDAREGÅANDE SKULE - VURDERING AV NYBYGG

Ny GIV. (= gjennomføring i vidaregåande skule)

< ul. E39 Kyststamvegen - kommunikasjonsplan. i o. (^gument oo 1/5. < cu D. c -S cl fc if js 9. ^ ^^-» ^ ft" CM (S. & oo. ul C.

Omklassifisering av vegnettet som følgje av Bremangersambandet II

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Skuleskyss båt/buss Atløy - Dale

Strategien peikar på fire særlege utfordringar for reiselivet på Vestlandet:

Transkript:

Hovudutval for plan og næring Side 1 av 13 Saka er drøfta og klarert med: Aktuell institusjon: Annan avdeling: Økonomiavdelinga: Juridisk funksjon: Andre: Forvaltningsavdelinga /Forv.dir. - Personalseksjonen: - Bygge- og eigedomsseksjonen: - Driftsseksjonen - IT / Innkjøp Ansvarleg sakshandsamar sign. for utført handling: SENAES Saka er godkjend av fylkesdirektøren: Saka er godkjend av fylkesrådmannen: Dokumentoversyn: Tal prenta vedlegg: 1 Tal uprenta vedlegg: 8 Midlar til utvikling i kystkommunane i Sogn og Fjordane tildelingssak juni 2007 Fylkesdirektøren rår Hovudutval for plan og næring til å gjere slikt vedtak: 1) Kystkommunane i Sogn og Fjordane får inntil kr. 450.000 (maks 50 prosent) til arbeid med kystveg. 2) Kr. 500.000 vert sett av til toppfinansiering av det som gjeld utstillingsdelen av informasjonssenter i Værøyhamn. Det vert lagt til grunn finansiering over statsbudsjettet for 2008, prosjektomfang som omsøkt og at ei tildeling ikkje kjem i konflikt med reglar for støttesatsar. 3) Bremanger kommune får inntil kr. 300.000 (maks 50 prosent) for realisering av tilflyttarprosjekt. Det vert lagt til grunn at Bremanger er positive til erfaringsoverføring til andre kommunar i fylket. 4) Fjaler Næringsutvikling får inntil kr. 500.000 til utbetring av leia gjennom Korssundet. 5) Det vert sett av 5 millionar kroner til røyr for ilandføring av gass i Sløvåg. Fylkeskommunen vil kome attende til korleis summen skal fordelast mellom tilskot og aksjekapital. 6) Solund Maritim AS får inntil kr. 824.000 (maks 40 prosent) for investeringar i byggjetrinn 1. Det er ein føresetnad for utbetaling at minst ein av hallane er fullfinansierte og at vedtak om bygging er fatta. 7) Midlane vert dekka av midlar frå kystfondet, og fylkesdirektøren får fullmakt til å setje nærmare vilkår for tildeling og utbetaling.

Hovudutval for plan og næring Side 2 av 13 Prenta vedlegg: Vedtekter for midlar til utvikling i kystkommunane i Sogn og Fjordane (l.nr.3802/07). Uprenta vedlegg: Søknad frå kystkommunane i Sogn og Fjordane, søknad frå Akvoll kommune (l.nr. 6874/07), søknad frå Bremanger kommune (8438/07), søknad frå M/S Keltic, søknad frå Seljestokken Båtverkstad AS (l.nr. 9356/07), søknad frå Fjaler Næringsutvikling (l.nr. 8622/07), søknad frå Gulen kommune (l.nr. 2762/07) og søknad frå Solund Maritim AS.

Hovudutval for plan og næring Side 3 av 13 Hovudutval for plan og næring disponerer kr 11.360.000 frå fylkesplanfondet avsett til aktuelle utviklingstiltak i kystkommunane i Sogn og Fjordane. Det er føresett at midlane kan og bør nyttast over fleire år. Hovudutval for plan og næring vedtok 21. februar 2007 retningsliner for midlane. Desse ligg ved saka. Midlane skal nyttast til næringsutvikling. Sogn og Fjordane Fylkeskommune ønskjer å prioritere søknader i tråd med fylkesplanen for Sogn og Fjordane avgrensa til føremål om å utvikle kystnæringslivet i fylket sine konkurranseføremoner. Følgjande tabell syner innkomne søknader og tilrådd støtte. Tiltak Søkjer om (1.000 NOK) Tilråding (1.000 NOK) 1) Kystkommunane ved Flora Arbeid med kystveg i Sogn 900 450 kommune og Fjordane 2) Askvoll kommune Utvikling av Værøyhamn 2 090 500 3) Bremanger kommune Tilflyttarprosjekt 300 300 4) M/S Keltic (Bremanger Fryseri og egnemaskin 2 000 0 kommune) 5) Seljestokken Båtverkstad AS Nytt slippoverbygg 904 0 (Flora kommune) 6) Fjaler Næringsutvikling Utbetring av leia gjennom 654 500 Korssundet 7) Gulen kommune Gassrøyr til Sløvåg 10 000 5 000 8) Solund Maritim AS (Solund Tilrettelegging av område 824 824 kommune) for maritim verksemd Sum 17 672 7 574 1) Søknad om støtte til arbeid med kystveg i Sogn og Fjordane Kystkommunane søkjer om fullfinansiering av arbeid til kr. 900.000 med kystveg i Sogn og Fjordane. Kystkommunane i Sogn og Fjordane har teke initiativ til å få etablert ein kystveg også i vårt fylke. Bremangersambandet og Dalsfjordsambandet er inne Nasjonal Transportplan (NTP). Det er ikkje planen å køyre omkamp på vedtaket om kyststamveg frå 1995, men å få etablert eit regionalt samband langs kysten frå Bergen til Ålesund. Søknaden peikar på at mest alle kystkommunar i dei andre vestlandsfylka har fått til ei positiv utvikling, medan kystkommunane i Sogn og Fjordane alle har nedgang i folketalet. Manglande samband kommunane mellom vert peika på som ei av årsakene til dette. Det er behov for ein innsats for å få tiltaket prioritert i NTP. Kystkommunane har etablert samarbeid med kommunar i nabofylka både i nord og i sør, men i hovudsak reknar dei med at det blir dei 9 kystkommunane i Sogn og Fjordane som vil vere drivkraft i prosjektet. Dei vonar at også Sogn og Fjordane fylkeskommune vil engasjere seg i tiltaket.

Hovudutval for plan og næring Side 4 av 13 Kystkommunane har valt eit arbeidsutval som består av ordførarane i kommunane Bremanger, Flora og Fjaler. Hamne- og næringssjefen i Flora er førebels sekretær for arbeidsutvalet. Det vil i første omgang vere behov for meir overordna utgreiingar av ulike trasear. I denne omgang vert det søkt om kr 900.000,- til følgjande arbeid: 1.000 NOK Prosjektadministrasjon og styremøte 100 Presentasjonsmateriell og informasjonsverksemd 150 Reiser (Oslo Leikanger Bergen Oslo) 75 Kystvegkonferanse 75 Utgreiing av aktuelle trasear og kostnadsoverslag 400 Div. kjøpte tenester. 100 Sum 900 Søknaden frå kystkommunane om støtte til arbeidet med Kystvegen er ei oppfølging av Transportplan for Vestlandet. Dette prosjektet var høgt prioritert av Sogn og Fjordane fylkeskommune under arbeidet med transportplanen. Tiltaket er eit samarbeidsprosjekt som involverer alle kystkommunane, noko som i seg sjølv er positivt. Tiltaket er å rekne som mjuk infrastruktur. Vedtektene for kystmidlane tillet inntil 50 prosent støtte til denne typen arbeid. Tilråding: Kystkommunane i Sogn og Fjordane får inntil kr. 450.000 (maks 50 prosent) til arbeid med kystveg. 2) Realisering av informasjonssenter for sjøfugl m.m. i Værøyhamn på Værlandet Askvoll kommune søkjer om kr. 2.089.650 i fylkeskommunal finansiering som bidrag til realisering av informasjonssenter for sjøfugl m.m. i Værøyhamn på Værlandet. Sørværet Naturreservat vart oppretta i 1991. Lokalsamfunnet og kommunen protesterte sterkt mot dette. Hausten 1999 tok Fylkesmannen i Sogn og Fjordane initiativ til Naturbruksprosjektet. Her vart Værlandet plukka ut som ei av bygdene der det kunne vere interessant å utvikle ny næring inntil verna område. Askvoll har gjennom mange år arbeidd med realisering av eit informasjonssenter for sjøfuglvern i Værøyhamna på Værlandet. Det er gjennomført eit forprosjekt for utvikling av planane. I forprosjektet har ein i tillegg til koplinga mot Sørværet Naturreservat også sett dette senteret i samanheng med vidare utvikling av hamna som næringsarena og dynamo for utvikling av reiselivet på Værlandet og i Bulandet. Energi- og miljøkomiteen på Stortinget knytte merknader til planane ved handsaming av Statsbudsjettet for 2007. Der står det mellom anna: Komiteen er positiv til planane om å få etablert et informasjonssenter for sjøfuglvern i Værøyhamna på Værlandet... Flertallet viser til at det planlagte informasjonssenteret gjennom kombinasjon av lokalt eierskap, kommersiell drift og en offentlig finansiert utstilling, ønsker å legge til rette for bærekraftig reiselivsutvikling med utgangspunkt i

Hovudutval for plan og næring Side 5 av 13 lokale verneverdier. Flertallet mener at det er viktig å styrke legitimiteten til sjøfuglvernet i området gjennom utvikling av reiselivsaktivitet basert på lokale verneverdier. Søknaden om statleg medfinansiering av informasjonssenteret ligg no til handsaming i departementet. Det kom ikkje noko støtte i revidert budsjett, men vonene om støtte i statsbudsjettet til hausten er gode. Søknaden gjeld tre element. I tillegg til sjølve utstillingsdelen i informasjonssenteret vert det søkt om medfinansiering til ny gangbru og til ny kai ved Værlandet Fiskeredskaper DA. Ei ny gangbru vil knyte saman det gamle sjøhusmiljøet i den sørlege delen med etablerte verksemder og næringsareal tilrettelagt av Kystverket i den nordre delen. Med Værlandet Båt si omlegging til drift av marina, informasjonssenter og serveringsstad har det vorte meir aktuelt å knyte hamna saman med gangbru. Når det gjeld Værlandet Fiskeredskaper DA vert det opplyst at verksemda har utvikla seg gjennom fleire fasar, og at dei no står føre ei omfattande investering i ny kai og nye produksjonslokale. I tillegg til at den nye kaia vil tene verksemda direkte, vil ho også kunne nyttast for småbåtturistar om sommaren. Prosjektet vil verte organisert med ei privat kaiutbygging (Værlandet Fiskeredskaper DA), kommunal bygging av gangbru og eit fellesprosjekt for bygging av informasjonssenteret. I søknaden til Miljøverndepartementet er det lagt opp til at utstillinga i informasjonssenteret skal finansierast offentleg, men at den skal byggast og eigast av Værlandet Båt AS, organisert gjennom ein avtale mellom staten og lokal eigar. Kostnads- og finansieringsplan informasjonssenter: Kr Kr Ombygging verkstadhall 1.472.772 Sogn og Fjordane fylkeskommune 1.000.000 (A) Utarbeiding av utstilling 2.323.480 MD (pilotprosjekt 3.640.252 naturbrukssatsing) Delfinansiering garderobe, toalett, 500.000 aktivitetsrom Reserve/forventa tillegg 435.000 Sum 4.640.252 Sum 4.640.252 A) Kostnader og finansiering vert opplyst som 2003-tal. Justert for SSB sin prisindeks for forretningsbygg er kalkylen av søkjer påplussa 25 prosent, slik at fylkeskommunen her får ei samla utfordring på 1,25 millionar kroner. Kostnads- og finansieringsplan gangbru Værøyhamna: Kr Kr Samla kostnader inkl. mva 665.375 Sogn og Fjordane fylkeskommune 266.150 Askvoll kommune 399.225 Sum 665.375 Sum 665.375

Hovudutval for plan og næring Side 6 av 13 Kostnads- og finansieringsplan ny kai med tredekke og treskjørt: Kr Kr Kai med tredekke og skjørt 479.600 Værlandet Fiskeredskapar AS 806.250 Utfylling/muring i sjø for utviding 596.000 Sogn og Fjordane fylkeskommune 573.500 av industriområde Mva. 268.750 Sum 1.343.750 Sum 1.344.750 Samla søknad til fylkeskommunen: Kr (omsøkt) Informasjonssenter 1.250.000 Gangbru 266.150 Trekai 573.500 Sum 2.089.650 Informasjonsssenter for sjøfuglvern er det sentrale elementet i søknaden. Her ligg det til grunn eit systematisk arbeid over tid for å få til næringsutvikling inntil verneområde, ein status som normalt vert oppfatta som eit hinder for slik utvikling. Søknaden ligg til vurdering i Miljøverndepartementet. Det var håp om finansiering over revidert statsbudsjett i år, men dette vart ikkje innfridd. Derimot vert det opplyst om positive signal med omsyn på finansiering over statsbudsjettet til hausten. Når det gjeld bygging av gangbru og tilrettelegging av kaier m.m., så synest verdien med tanke på næringsutvikling å vere avhengig av at informasjonssenteret kjem på plass. Det som gjeld ny kai ved Værlandet Fiskeredskaper DA må ut frå søknaden først og fremst oppfattast som eit tiltak til gunst for ei einkeltståande bedrift. Difor er det naturleg å peike på det som står i kapittel 4 i vedtektene om kriterie for prioritering av søknader, der følgjande vert sagt under overskrifta bedriftsutvikling. Bedriftsinitiativ vert berre vurdert for finansiering dersom tiltaket har tydeleg karakter som eit tilretteleggande fellestiltak. Tradisjonelle bedriftsutviklingsprosjekt vert finansierte av Innovasjon Noreg. I denne omgang synest det naturleg å konsentrere innsatsen om informasjonssenteret, der omsøkt beløp er kr. 1.250.000. Tilråding: Kr. 500.000 (40 % av omsøkt beløp) vert sett av til toppfinansiering av det som gjeld utstillingsdelen av informasjonssenter i Værøyhamn. Det vert lagt til grunn finansiering over statsbudsjettet for 2008, prosjektomfang som omsøkt og at ei tildeling ikkje kjem i konflikt med reglar for støttesatsar. 3) Tilflyttarprosjekt Bremanger kommune

Hovudutval for plan og næring Side 7 av 13 Bremanger kommune søkjer om kr. 300.000 til tilflyttingsprosjekt for Bremanger kommune. Prosjektet er tenkt å vare frå medio 2007 til medio 2009. Det vert i denne omgang søkt om støtte til aktiviteten første året, der den totale kostnadsramma er kr. 600.000. Kommunen peikar på nedgang i folketal, høgre gjennomsnittsalder og vanskar med å rekruttere som særlege utfordringar. Kommunen har også tidlegare hatt tilflyttarprosjekt. I 2005 vart dette vidareført i regi av Nordfjordrådet som prosjektet tilflytting til Nordfjord. Hovudutval for plan og næring støtta dette prosjektet med kr. 340 i sak 44/06 (28.11.06). Erfaringane med eit utvida ansvarsområde er delte. Det har vore eit stort område å nå over for éin prosjektleiar, og ein ønskjer no å vidareføre ei satsing med meir eksklusivt fokus på utfordringane i Bremanger kommune. Fokus for satsinga er ikkje berre tilflytting, men også å få folk til å verte verande. Tilrettelegging for integrering (m.a. med omsyn til skule, næringsliv og bumiljø) er viktige element, og dette er med å gjere det komplisert å dekkje eit stort geografisk område. Prosjektet er organisert med Bremanger kommune som prosjekteigar, Bremanger Vekst og Hamn KF som prosjektansvarleg og Marcel Meijer som prosjektleiar. Meijer har vore leiar for prosjektet tilflytting til Nordfjord. Noverande tilflyttingsprosjektet har berre fokus på utlendingar (spesielt Nederlendarar). Nesten alle prosessane brukt i prosjektet kan også brukast for å aktivt rekruttere nordmenn og utflytta ungdom. Denne arbeidsmåten vert halden fram som unik og ein forventar gode resultat. Sjølv om ein ønskjer at prosjektet skal ha særskilt fokus på utfordringane i Bremanger, vert det peika på ulike samarbeidsformer for at erfaringane også kan kome andre kommunar til nytte: Trening og opplæring av ressursar som skal jobbe i tilflyttingsrelatert prosjekt. Presentasjonar og føredrag om prosjektet. Rettleiing ved oppstart og med styring av tilflyttingsprosjekt. Rettleiing ved val av prosjektressursar. Plan for kostnader og finansiering ser slik ut for første prosjektår: 1.000 NOK 1.000 NOK Løn inkl. sosiale kostnader 460 Eiga finansiering 300 Heimeside 24 Fylkeskommunen 300 Reise 50 Kommunikasjon 15 Løn/øk/adm 8 Diverse 43 Sum 600 Sum 600 Vedtektene seier at mjuke infrastrukturtiltak normalt skal omfatte aktivitet i fleire kommunar. Unntaksvis kan det søkjast om midlar til pilotprosjekt i ein kommune dersom resultata av prosjektet har stor overføringsverdi. Tiltak kan støttast med inntil 50 prosent.

Hovudutval for plan og næring Side 8 av 13 Tilflyttarprosjektet har vore køyrt i ei årrekkje. I kva grad det er rett å støtte dette prosjektet med maksimal sats kan difor diskuterast. Bremanger kommune hevdar at ein ved å nytte metodar som er utvikla med omsyn til utalandske tilflyttarar, til også å rekruttere utflytt ungdom og å drive systematisk mobilsering og oppfølging, tilfører prosjektet nyhendeverdi, og at dette også kan kome andre kommunar til gode. Kommunen argumenterer vidare med at dei har særlege utfordringar, både ut frå negativ folketalsutvikling, og ut frå høge ambisjonar om å få på plass nye store arbeidsplassar, der ein ikkje minst vonar at Elkem Solar vil etablere seg i Svelgen. Ei slik etablering vil innebere mange nye arbeidsplassar, og rekruttering vil då stå heilt sentralt. Både kommune, fylke og andre gode krefter har engasjert seg for å få til Solar-etablering i Svelgen. Evne til å rekruttere rett kompetanse, vert eitt viktig poeng i dette arbeidet. Eit rekrutteringsprosjekt for Bremanger, som truleg også vil ha effekt for nabokommunane, passar godt i dette biletet. Det er her søkt om støtte for arbeidet i eitt år. Dette er lagt til grunn i saka. Eventuell framtidig søknad vert å vurdere på fritt grunnlag. Søkjar bør ikkje basere seg på tilsvarande høg støtte ved seinare høve. Tilråding: Bremanger kommune får inntil kr. 300.000 (maks 50 prosent) for realisering av tilflyttarprosjekt. Det vert lagt til grunn at Bremanger er positive til erfaringsoverføring til andre kommunar i fylket. 4) Fryseri og egnemaskin til M/S Keltic Søknaden gjeld fornying av innfrysingsutstyr og ny egnemaskin på banklinebåten M/S Keltic, heimehøyrande i Bremanger kommune. Søknaden er støtta av kommunen. Keltic har eit mannskap på 13 14 mann og er i drift heile året. Båten går 7 turar på 6-7 veker for året. Investeringsoverslaget ser slik ut: Utgiftspost: 1.000 NOK Fryseri utstyr 3 130 Fryseri arbeid 1 800 Egnemaskin utstyr 700 Egnemaskin arbeid 150 Sum: 5 780 Til dette søkjer reiaren om kr. 2.000.000, noko som utgjer 34,6 prosent. I kapittel 4 i vedtektene om kriterie for prioritering av søknader vert følgjande sagt under overskrifta bedriftsutvikling. Bedriftsinitiativ vert berre vurdere for finansiering dersom tiltaket har tydeleg karakter som eit tilretteleggande fellestiltak. Tradisjonelle bedriftsutviklingsprosjekt vert finansierte av Innovasjon Noreg. Det er naturleg å oppfatte investering i nytt utstyr på ein fiskebåt som eit tradisjonelt bedriftsutviklingsprosjekt. Søknaden er difor lite aktuell i forhold til denne verkemiddelpotten. Tilråding: Søknaden frå M/S Keltic får avslag.

Hovudutval for plan og næring Side 9 av 13 5) Nytt slippoverbygg ved Seljestokken Båtverkstad AS Seljestokken Båtverkstad AS søkjer om investeringstilskot til nytt slippoverbygg. Det fullisolerte overbygget vil romme alle båttypar som ligg innanfor kapasiteten til slippen. Investeringa vil gjere det mogleg å ta arbeidskrevjande oppdrag på lystbåtar, katamaranar og bruks- og fiskebåtar med mast. Verksemda søkjer om investeringstilskot på kr. 904.800 (40 prosent tilskot av ein totalkostnad på kr. 2.262.000 eks. mva.). Flora kommune ved Flora Hamn og Næring KF støttar søknaden. Dei peikar på at dette, i tillegg til å vere eit utviklingstiltak for verksemda, er eit viktig tiltak for nærfiskeflåten og småbåtflåten generelt. Dei meiner det er trong for eit slikt tilbod i distriktet, og at arbeidsplassar i eit samfunn som Seljestokken vil bety mykje for busetnad og infrastruktur som skule (elevtal) med meir. I kapittel 4 i vedtektene om kriterie for prioritering av søknader vert følgjande sagt under overskrifta bedriftsutvikling. Bedriftsinitiativ vert berre vurdere for finansiering dersom tiltaket har tydeleg karakter som eit tilretteleggande fellestiltak. Tradisjonelle bedriftsutviklingsprosjekt vert finansierte av Innovasjon Noreg. Det er naturleg å oppfatte investering i ny hall som eit tradisjonelt bedriftsutviklingsprosjekt. Søknaden er difor lite aktuell i forhold til denne verkemiddelpotten. Tilråding: Søknaden frå Seljestokken Båtverkstad AS får avslag. 6) Utbetring av leia gjennom Korssund Fjaler Næringsutvikling søkjer om kr. 654.000 til utbetring av leia gjennom Korssund i Fjaler kommune. Leia vert i dag nytta av om lag 4.000 båtar (båtturistar) årleg. Korssund er ei hamn som får god omtale av båtturistane, og det har vore jobba mykje med å få til gode tilbod på land. Ein meiner det er potensiale til utvikle nye produkt. I søknaden vert det peika på at Korssundet for mange av turistane er innfallsporten til Dalsfjordregionen når ein kjem frå sør, og til Solund/Gulen når ein kjem frå nord. Leia gjennom Korssundet er smal og grunn, og auka trafikk og ikkje minst større båtar har ført til store utfordringar. Utfordringane skuldast i hovudsak tre små grunnar som gjer det vanskeleg å manøvrere for folk som ikkje er lokalkjende. Dette har ført til mange uhell. Desse utfordringane ligg til grunn for støtteerklæringar frå Redningsselskapet, Kongelig Norsk Båtforbund region Vest, sikkerhets- og utdanningskomiteen i Kongelig Norsk Båtforbund, Kystverket Vest og Stiftinga Jensbua.

Hovudutval for plan og næring Side 10 av 13 Sjølv om Kystverket er positive til tiltaket, vil ikkje dei ta ansvar for dette prosjektet. Deira ansvarsområde er stamnettet/hovudleia. Leia gjennom Korssund inngår ikkje i denne definisjonen. Om det ikkje vert gjort noko med leia, fryktar ein at båtturistane vil velje ei anna og mindre skjerma lei som går utanfor Lammetun og Lutelandet. Dette vil føre til tap for turistnæringa. Sivilingeniør Edvin Helle AS har utarbeidd eit forprosjekt som syner kva som må gjerast og kva dette vil koste. Kostnader og finansieringsplan i søknaden ser slik ut. Kostnadsledd 1.000 Finans.kjelde 1.000 NOK NOK Riggkostnader 120 Gjensidige Forsikring 30 Sprenging 756 HAFS Regionråd 40 Massefjerning 252 Fjaler Sparebank 10 Ny merking av lei 60 Korssund Gjestehamn 40 Prosjektering/byggeleiing 120 Utviklingsmidlar kystkomm. (40%) 654 Mva 327 Anna finansiering 861 Sum 1.635 Sum 1.635 Det har gjennom mange år vore arbeidd for å få gjennomført dette tiltaket. Tiltaket går på fysisk infrastruktur og vil ha varig verdi for lystbåttrafikk og reiselivsnæringa i området. Dei ulike støtteerklæringane legg også stor vekt på det tryggleiksmessige aspektet som ein positiv sideeffekt. Innanfor denne ordninga er det likevel næringsutviklingsaspektet som er det sentrale. I så måte er tiltaket av tilretteleggande karakter for å sikre at Korssundet framleis skal vere ei attraktiv lei og ein attraktiv stoppeplass for båtturistar. Tilråding: Fjaler Næringsutvikling får inntil kr. 500.000 til utbetring av leia gjennom Korssundet. 7) Gassrøyr til Sløvåg Gulen kommune søkjer om 10 millionar kroner i tilskot til ilandføring av gass til Sløvåg i Gulen kommune. Det har vore eit aktivt politisk arbeid for å sikre tilstrekkeleg kapasitet i røyret som skal forsyne Energiverk Mongstad med gass frå Kollsnes. Dette var planlagt med 10 tommar, men det er no pålegg om at det skal ha ein diameter på 12 tommar. Vidare er det føringar om tilrettelegging for avgreining til Sogn og Fjordane. Det er skipa eit eige selskap, med Gulen og Masfjorden Utbyggingsselskap AS og Saga Fjordbase AS som førebels einaste aksjonærar. Dette selskapet garanterer for kostnaden til ventil som er påkravd for å ta gass i land i Sløvåg. Det vert arbeidd aktivt for å realisere ilandføring i Sløvåg. Dette er kostnadsrekna til 70 millionar kroner. På land i Sløvåg ser ein føre seg å etablere eit LNG- og eit kogenanlegg. DAAstyret har signalisert ei tilsegn på 5 millionar. I tillegg vert det arbeidd mot mellom andre Enova for å sikre offentlege infrastrukturmidlar til realisering av ventil og røyr.

Hovudutval for plan og næring Side 11 av 13 LNG står for flytande naturgass. Gassen vert flytande gjennom nedfrysing til - 162 grader celsius. Gassen vert då mykje meir kompakt (forholdet 1:625), noko som gjer den langt enklare å transportere der røyr ikkje er rekningssvarande ut frå distanse eller volum. LNG-marknaden er i vekst i landet, og også i Sogn og Fjordane er det etablert mottaksanlegg i til dømes Florø (ved Ewos i Gunnhildvågen) og i Høyanger. I Florø ser ein føre seg eit nytt mottaksanlegg på Fjord Base for å møte dei krav ein ser føre seg i høve forsyning av LNG til forsyningsbåtar og annan trafikk. Eit kogenanlegg produserer både kraft og varme. Ved produksjon av LNG vert det ein del spillgass (som ikkje held salsspesifikasjon) som kan nyttast til energiproduksjon i eit kogenanlegg. Sløvåg leverer bunkers til større fartøy, og varme frå kogenanlegget kan mellom anna nyttast til oppvarming av bunkersolje. I alt er planane kostnadsrekna til 500 millionar NOK. Kalkyle og finansieringsplan ser slik ut: Mill. NOK Mill. NOK Greinrøyr og mottaksventil 50 70 Aksjekapital 100 Infrastruktur på land Sløvåg 20 30 Statleg bidrag 100 LNG-anlegg 250 300 Lånekapital 300 Kogen-anlegg 70 80 Mottaksanlegg Florø 10 20 Sum 400 500 Sum 500 Arbeidet for å sikre tilstrekkeleg kapasitet i gassrøyr til Mongstad, og avgreining til Sogn og Fjordane har hatt høg politisk prioritet. Etablering av landfall i Sløvåg inneber ei konkretisering og oppfølging av dei målsettingane det har vore arbeidd for. Av omsyn til avgrensa midlar i ordninga, og av omsyn til målsettinga om at midlane skal vare over noko tid, vil det ikkje vere mogleg å innfri søknaden om støtte på 10 millionar kroner fullt ut. Saman med alt innfridd støtte frå DAA-fondet, er det derimot mogleg å matche søknaden. Eitt motiv for å støtte søknaden er å sikre at infrastrukturen vert open for tredjepart. Det kan i denne samanheng vere aktuelt at ei løyving vert tilført som aksjekapital i det selskapet som skal drive og eige røyrinfrastrukturen. Tilråding: Det vert sett av 5 millionar kroner til røyr for ilandføring av gass i Sløvåg. Fylkeskommunen vil kome attende til korleis summen skal fordelast mellom tilskot og aksjekapital. 8) Tilrettelegging av område for maritim verksemd Solund Maritim AS søkjer om kr. 824.000 til tilrettelegging av industriareal for maritim verksemd på Solneset i Dalesundet i Solund kommune. Kommunen støttar søknaden. Solund Maritim vart skipa 6. september 2006. Forretningsplanen seier at verksemda skal vere ei fullverdig servicebedrift for fritidsflåten, der båteigar får utført alle tenester tilknytta båt. Dette

Hovudutval for plan og næring Side 12 av 13 gjeld forvaring og konservering av båt i sjø og landbaserte anlegg, levering av sesongklar båt til kunde og tilbod om plass for sjølvpuss. Sal av båt og båtustyr. Kursavdeling som tilbyr båtførarprøve, fritidsbåtskipper og div. andre praktiske kurs. Det er særleg båtlagringsdelen som er ny i høve andre maritime verksemder. Isolerte og tørre hallar med hanging rack system lagring i hyller, er eit forretningskonsept som ikkje er utbygd mellom Stavanger og Trøndelag. I Hordaland og Sogn og Fjordane er det ca 40.000 fritidsbåtar, og det vert vurdert å vere eit stort behov for ei slik bedrift. Solund Maritim har planar om å tilsette fire medarbeidarar. Verksemda ønskjer å samarbeide med andre bedrifter i Solund og nærliggande kommunar med tanke på service og reparasjonar. I kommunen vert det mellom anna vist til planlagt samarbeid med Solund Verft (propell, akslingar, dreiearbeid), Lending Båtbyggeri (innreiing, reparasjon og lakkering) og Lågøy Slipp (motor- og gearbyte m.m.). Det vert opplyst at Solund kommune ikkje har tilrettelagde industriområde. Solund Maritim har difor måtta oppsøkje private grunneigarar, og dei har fått fram avtale om kjøp av eit område på ca 6,5 dekar. Full utbygging med to lagerhallar er kostnadsrekna til 31.8 millionar kroner. Følgjande oppsett syner hovudelementa i kalkylen. Byggetrinn 1.000 kr 0) Forprosjekt 660 1) Grunnarbeid, 7 052 kaidekke 2) Kontor, butikk, 2 780 sanitær 3) Hall 1 13 965 4) Hall 2 8 000 Det er teikna for fem millionar kroner i aksjekapital. Bankane ønskjer større eigenkapital. Eit tilskot som kan redusere investeringsutgiftene vil styrkje søknaden mot bankane. Det vert søkt om støtte til naudsynt grunnarbeid, som samla er kostnadsrekna til kr. 2.061.000. Det vert søkt om 40 prosent støtte, det vil seie kr. 824.000. Det vert søkt om støtte innanfor trinn 1. Det vert søkt om støtte til kjøp av grunn, dokumentkostnader, flytting av linjetrase, bygging av parkeringsplass, skyting av undervassgrunne, planering og utskyting, arbeid som til saman er kostnadsrekna til kr. 2.061.000. Det ver her søkt om 40 prosent støtte, det vil seie kr. 824.000. Planane er ambisiøse, og fordrar monalege investeringar. Selskapet er i dialog med Innovasjon Noreg med for å finne ei god finansieringsløysing. Det er ei einskildbedrift som vil stå som eigar av grunnen. Slik sett kan ein vurdere i kva grad dette er å rekne som eit bedriftsretta initiativ. I lys av tilsegn som tidlegare er gitt til satsing i Vågsøy innanfor denne ordninga, samt at satsinga legg opp til utstrekt samarbeid med andre verksemder i området (ulike fagdisiplinar inn mot vedlikehald av båtar), synest det likevel å vere rett å oppfatte dette som fysisk infrastruktur som er aktuell å støtte.

Hovudutval for plan og næring Side 13 av 13 Lagring og vedlikehald av båtar utgjer kjernen i satsinga. Dette fordrar bygging av hallar. Det synest difor naturleg å stille som krav for støtta at minst ein hall er fullfinansiert. Det kan truleg bli aktuelt med utvikling i fleire trinn, så å stille krav om fullfinansiering av heile prosjektet kan bli for tøft. Éin hall vil sikre at ein kjem i gang med kjerneaktiviteten. Tilråding: Solund Maritim AS får inntil kr. 824.000 (maks 40 prosent) for investeringar i byggjetrinn 1. Det er ein føresetnad for utbetaling at minst ein av hallane er fullfinansierte og at vedtak om bygging er fatta.