Høyring - Rapport om overføring av ansvar for kjøp av innanlandske flyruter til nye folkevalde regionar

Like dokumenter
Høyring - Rapport om overføring av ansvar for kjøp av innanlandske flyruter til nye folkevalde regionar

Rapport frå arbeidet i ekspertutvalet

Regionreforma kva gjer vi? Tore Eriksen, fylkesrådmann Møte med Stortingsbenken, 23.oktober 2015

Regionreforma og Sogn og Fjordane fylkeskommune

Høring - Ny konkurranse om regionale ruteflyginger i Sør-Norge fra 1. april 2020


Regionreforma og Sogn og Fjordane fylkeskommune

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl Stad: Fylkeshuset INNHALD

Kontrollrapport - Overføring av fylkesvegadministrasjonen

Overdraging av fallrettane i Huldefossen, Førde kommune, til Sogn og Fjordane Energi AS

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

VIDARE SAMARBEID MELLOM FYLKESKOMMUNANE PÅ VESTLANDET MED TANKE PÅ Å FREMJE NYNORSKE LÆREMIDDEL

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

HØYRING - FORSLAG TIL FORSKRIFT OM KVALIFIKASJONSKRAV FOR PERSONALE I FOLKEBIBLIOTEK

1. Opsjonen på ferjesambandet bør ikkje nyttast. Ny kontraktsperiode bør vere frå januar 2017.

Statsbudsjettet Kap. 551 post 64 Utviklingsmidlar til Oppland fylkeskommune - Tilskotsbrev - Overføringar - Rapportering

1. Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane går imot å innføre EU sitt tredje postdirektiv i norsk lov og går difor imot framlegget til ny postlov.

Utfordringar hurtigbåt og ferje i Sogn og Fjordane. Øystein Hunvik, seniorrådgjevar kollektivtrafikk ved samferdsleavdelinga

Skuleskyss båt/buss Atløy - Dale

Deres referanse Vår referanse Saksbehandler Dato 16/969 16/ Sidsel Bryne

Høyring - Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane

FRÅSEGN TIL HØYRING OM FORSLAG TIL ENDRINGER I PLAN- OG BYGNINGSLOVA

Omklassifisering av fylkesveg til riksveg

Vågsøy kommune Rådmann

Austevoll kommune. Dato Sakshandsamar Vår ref. Dykkar ref John Tveit 16/343-56

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

Dykkar ref Vår ref Dato

Tema frå fylkeskommunen: Statsbudsjettet 2014 Mva-refusjonar

Klagesak - Klage frå Taxi/Bus Odda AS over avslag på søknad om løyvefritak

Ferjedrift Åfarnes-Sølsnes i perioda

Omklassifisering av vegnettet som følgje av Bremangersambandet II

Departementet stiller totalt 85,5 mill. kroner til disposisjon for Siva i 2016.

Høyring Forslag om endringar i privatskulelova Innføring av midlertidig dispensasjonsregel

Fjell kommune Arkiv: 010 Saksmappe: 2016/ /2016 Sakshandsamar: Lillian Torsvik Dato: SAKSDOKUMENT

Planprogram for revisjon av regional planføresegn om lokalisering av handel og kjøpesenter (handelsføresegna)

Vår ref: Dykkar ref. Dato: 16/ / FE-026 ÅKR

Forvaltingsrevisjon av Regionale utviklingsmidlar - handlingsplan for oppfølging

MØTEBOK. Bjørn Hollevik H Arnstein Menes Sp Helen Hjertaas Ap Harald Bjarte Reite Ap Stein Malkenes MDG. Sigurd Reksnes Sp Gunn Sande Sp

Fylkesdirektøren for næring rår hovudutval for plan og næring til å gjere slikt vedtak:

Teknisk plan og forvaltning

FRAMTIDIG FERJELEIE PÅ VARALDSØY I KVINNHERAD KOMMUNE

Framlegg Handlingsprogram Kompetanse og Verdiskaping 2017

Dykkar ref Vår ref Dato

Statsbudsjettet oppdragsbrev til Siva

Forvaltningsreforma - høyringsnotat om forslag til nye oppgåver til det regionale folkevalde nivået

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

Råd i kommuner og fylkeskommuner for ungdom, eldre og personer med funksjonsnedsettelse - høyring

Saksbehandlar: Øystein Hunvik, Samferdsleavdelinga Sak nr.: 16 /

Saksnr. Arkivkode Saksh. Dykkar ref. Dato 16/309-3 / U43/ Aina Tjosås ADRESSE TELEFON WEB/EPOST INFO

Høyring - Ferjerute Vangsnes - Hella - Dragsvik og Mannheller - Fodnes ved neste kontraktsperiode

Regionreforma på Vestlandet - status

Vestlandsrådet sitt AU møtereferat

Strategien peikar på fire særlege utfordringar for reiselivet på Vestlandet:

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Nord-Fron kommune. Politisk sak. Kommunereform - Nord-Fron - vidare prosess

1. Sogn og Fjordane fylkeskommune vidarefører sin produksjon på Hol-Aurland, Maurstad- Åheim og Folkestad Nordfjordeid.

INTERNASJONAL STRATEGI

EXPO 2010 OG SAMARBEIDSRELASJONAR MED KINA

REGIONREFORMA OG SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE

Tabellar for kommunane

Endringar i "Reglement om godtgjersle til folkevalde i Hordaland fylkeskommune"

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering

Intensjonsplan for samanslåing av Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland - høyring

HØYRINGSUTTALE - TIL RAPPORT OM REGIONALE BOMPENGESELSKAP

Høyringsbrev med forslag til endring av lov 21. juni 2013 (jordskiftelova)

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Hjelmeland kommune. Dykkar ref.. Vår ref. Arkivkode: Dato: 09/ /13/ HØYRINGSUTTALE - FORSLAG TIL ENDRING AV 12 I JORDLOVA

Finansiering av dei offentlege fagskolane

HØYRINGSUTTALE - RAPPORT FRÅ ARBEIDSGRUPPE MED FRAMLEGG OM ENDRINGAR I OPPLÆRINGSLOVA NÅR DET GJELD FAG- OG YRKESOPPLÆRINGA

Vedlegg: saksframlegg høring læremiddel.doc; vedak ophe.doc

Bompengereforma - overføring av garantiar til Ferde AS

Svar frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane: Høyring av NOU 2012:1 Til barns beste

MØTEINNKALLING. FYLKESRÅDET FOR MENNESKE MED NEDSETT FUNKSJONSEVNE Fylkeshuset - Leikanger Møtedato: Tid: 10:30

Vedtak om grensejustering mellom kommunane Ørsta, Volda og Hornindal

Reglar for servering av alkohol i fylkeskommunale bygg, leigebygg og utleigebygg

Regionreforma i Hordaland og Sogn og Fjordane. Nytt Vestland Nye muligheiter

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV MIDLAR TIL KOMMUNALE NÆRINGSFOND. GJELD FRÅ

Regionreforma i Hordaland og Sogn og Fjordane. Nytt Vestland. Nye muligheiter

Uttale - Høyring forslag til endring i organisering av skuleåret i vidaregåande opplæring

Utval for formannskap/plan og økonomi har behandlet saken i møte sak 86/16

Dykkar ref Vår ref Dato 12/

Tabellar for kommunane

Framlegg til samarbeidsavtale og reviderte vedtekter for Vestlandsrådet

Styrk rådgjevartenesta i skulen! Rådgjevaren ein nøkkelperson.

Nytt inntektssystem Eit innspel frå Sogn og Fjordane fylkeskommune

ØKONOMIAVDELINGA Budsjettseksjonen - Økonomiavd

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

1 Fylkestinget går inn for å styrke kapitalbasen i Fjord Invest A/S med 15 mill kr.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Postboks 8112 Dep., 0032 Oslo. Høyringssvar - framlegg til nytt inntektssystem for kommunane

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Kommunestyret vedtek «Retningsliner kulturtilskot Aukra kommune» 1 med verknad frå

Kostnader for bussar i kø i Bergensområdet

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

Svar - Høyring - Anbod på regionale ruteflyginger i Sør-Norge frå 1. april 2016

Vedlagt: Kortversjonen av meldingsdelen i Kommuneproposisjon 2015, «en kort oversikt »

Kommuneøkonomi med høyringa av nytt inntektssystem. Fagdag for folkevalde 2016 Kåre Træen prosjektleiar

Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Høyring NOU 2013:9 Ett politi rustet til å møte fremtidens utfordringer. Uttale frå Gulen kommune.

Oppfølging handlingsplan - Koordinerande einingar, individuell plan og koordinator

Transkript:

Side 1 av 5 Saksframlegg Saksbehandlar: Ole Ingar Hagen Hæreid, Samferdsleavdelinga Sak nr.: 16/7540-3 Høyring - Rapport om overføring av ansvar for kjøp av innanlandske flyruter til nye folkevalde regionar Fylkesrådmannen rår fylkesutvalet til å gjere slikt vedtak: 1. Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane viser til at ingen fylke har bedt om å få overført ansvaret for kjøp av regionale flyruter frå staten. 2. Fylkesutvalet viser også til at spørsmålet om overføring av dette ansvaret stort sett gjeld Nord-Norge-fylka og Sogn og Fjordane. KS har trekt fram generalistprinsippet som viktig når oppgåver til nye folkevalde regionar skal vurderast. Overføring av ansvaret for kjøp av regionale flyruter bryt med dette prinsippet. 3. Fylkesutvalet meiner vi er best tente med at Samferdsledepartementet gjennomfører kjøp av regionale flyruter som i dag, og ønskjer difor ikkje at denne oppgåva vert overført til nye folkevalde regionar. Vedlegg: 1 Høyringsbrev frå Samferdsledepartementet 2 Rapport frå Oslo Economics om overføring av ansvar for kjøp av regionale flyruter SAKSFRAMSTILLING 1. Samandrag På oppdrag frå Samferdsledepartementet har Oslo Economics greidd ut ei mogleg overføring av ansvaret for kjøp av innanlandske flyruter til dei nye folkevalde regionane. Det er utgreidd fleire variantar av tilskotsordningar, modellar for gjennomføring og samarbeidsløysingar ved ev. overføring. Oslo Economics konkluderer med at tilskot til kjøp av regionale flyruter bør gjevast som rammetilskot gjennom ei særskild fordeling dersom ansvaret skal overførast til regionane. Rapporten synleggjer to moglege modellar for gjennomføring av flyrutekjøp: - Regional gjennomføring der kvar region får ansvaret for å utføre eigne flyrutekjøp. - Interregional gjennomføring der regionane vert pålagde å etablere ein felles organisasjon som skal gjennomføre vedtekne flyrutekjøp i kvar enkelt region. Overføring av ansvaret vil føre til auka administrative kostnader, om lag 8 ekstra årsverk nasjonalt. Forskjellen i kostnadane mellom ein regional og ein statleg modell vil bli større dersom regionane ikkje klarer å samarbeide om anbodsutlysingar. Utan samarbeid er det ein fare for at anboda vert utforma på ein måte som ikkje gjer det mogleg for flyselskapa å utnytte stordriftsfordelar. Dette vil gje auka produksjonskostnader og regionane vil få mindre flyruter for ein gitt sum pengar. Ei overføring av ansvaret for kjøp av regionale flyruter gjeld i utgangspunktet for dei nordlegaste fylka og Sogn og Fjordane og vil såleis bryte med generalistprinsippet. Fylkesrådmannen tilrår at FU går imot at ansvaret for kjøp av regionale flyruter vert overført til nye folkevalde regionar.

Side 2 av 5 2. Bakgrunn for saka Grunnen for at saka er fremja På oppdrag frå Samferdsledepartementet har Oslo Economics greidd ut ei mogleg overføring av ansvaret for kjøp av innanlandske flyruter til nye folkevalde regionar. Utgreiinga vil vere ein del av grunnlaget for arbeidet med ein proposisjon som skal leggast fram for Stortinget våren 2017. Samferdsledepartementet har invitert fylkeskommunar som har statleg kjøp av innanlandske flyruter til å gje uttale til rapporten. Departementet opnar også for at fylkeskommunane kan peike på andre forhold som kan vere relevante for departementet sine vurderingar. Frist for å gje høyringssvar er sett til 17. oktober 2016. Vi har fått utsett frist til 19. oktober. Historikk - tidlegare vedtak I møte den 05.11.14, sak 123/14 gav fylkesutvalet fråsegn til høyringsframlegget om anbod på regionale ruteflygingar i Sør-Noreg frå 1. april 2016. Sentrale problemstillingar Analysen frå Oslo Economics ser på korleis kjøp av regionale flyruter er organisert i dag, korleis kjøp av regionale flyruter kan organiserast dersom ansvaret vert overført til regionane, og gjev til slutt ei vurdering av konsekvensane av å overføre ansvaret til regionane. Dei regionale flyrutene er i all hovudsak lokalisert i dei tre nordlegaste fylka og Sogn og Fjordane. I tillegg er det enkelte ruter i Nord- og Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal. Dagens organisering Samferdsledepartementet har i dag ansvaret for kjøp av regionale flyruter og gjennomfører ein anbodskonkurranse for rutene i Sør-Norge og ein for Nord-Norge. Føremålet med dette er å sikre eit godt flytilbod der det ikkje finst grunnlag for kommersiell drift, redusere avstandsulempene og medverke til godt fungerande distrikt og stabil sysselsetting i heile landet. Luftfartsseksjonen i Samferdsledepartementet har i dag ansvaret for å spesifisere, koordinere og gjennomføre innkjøp. Luftfartstilsynet fungerer som rådgjevar i innkjøpsprosessen/ anskaffingsprosessen. Innkjøpsprosessen er i samsvar med krav frå EU/EØS og norske innkjøpsreglar: - Europaparlamentets- og rådsforordning (EF) nr. 1008/2008 av 24. september 2008 om felles reglar for drift av lufttrafikk i Fellesskapet. - Forskrift av 12. august 2011 nr. 833 om lufttransporttenester i EØS. - Kommisjonsforordning (EU) nr. 965/2012. - Lov om luftfart (luftfartslova) med forskrifter. Alternativ for regional organisering Det er utgreidd fleire variantar av tilskotsordningar, modellar for gjennomføring og samarbeidsløysingar. Dei ulike variantane er vurderte etter følgjande kriterium: - Føremålet med regionale flyruter - Regionreforma sitt mål om å spreie makt og byggje samfunnet nedanfrå (KMD 2016) - Retningslinene i rettleiar for statleg styring av kommunar og fylkeskommunar (KRD 2012) - Kva organisering som vil gje riktig prioritering av flyruter mot andre tiltak - Kva organisering som vil gje lågast kostnad for det offentlege for eit gitt flytilbod. Dersom ansvaret for flyrutekjøp skal overførast til regionane, må det utviklast ei tilskotsordning som gjer regionane i stand til å kjøpe flyrutene. Denne må ta utgangspunkt i dei tilskotsordningane som vert nytta i fylkeskommunane/regionane i dag. Følgjande tilskotsordingar er vurderte som aktuelle; øyremerka midlar, fordeling av frie midlar etter kostnadsnøklar, regionalpolitiske tilskot og frie midlar etter særskild fordeling. Rapporten konkluderer med at tilskot til kjøp av regionale flyruter bør gjevast som rammetilskot gjennom ei særskild fordeling dersom ansvaret skal overførast frå staten til regionane. Regionane vil dermed stå fritt til å prioriterer mellom fly-, samferdsle- og andre tiltak. Den prosentmessige fordelinga av tilskotet kan basere seg på tidlegare statlege løyvingar til kjøp av regionale flyruter.

Side 3 av 5 Det er berekna ei årleg støtte til flyrutekjøp på om lag 95 mill. kr (14 % av total kostnad med kjøp av regionale flyruter) i Sogn og Fjordane ut i frå kostnadane med gjeldande anbod 2016-2020. Gjennomføring Dagens fylkeskommunar har ansvaret for kjøp av kollektivtransport på buss, fylkesvegferje og hurtigbåt. Alle fylkeskommunane som i dag har regionale flyruter tilbyr både buss-, ferje- og hurtigbåttransport. Det er rekna at det det vil vere behov for rundt 2 ekstra årsverk i kvar region for å kunne overta ansvaret for regionale flyruter. Rapporten slår fast fylkeskommunane har nær kjennskap til lokale og regionale behov. Dei er difor godt eigna til å vurdere behovet for dei ulike flyrutene opp mot kvarandre, og med alternativ ressursbruk. Fylkeskommunane manglar kompetanse til å vurdere tekniske og operative tilhøve ved rutedrifta i samband med kjøp av regionale flyruter og må bruke Luftfartstilsynet til denne typen vurderingar. Rapporten synleggjer to moglege modellar for gjennomføring av flyrutekjøp: - Regional gjennomføring der kvar region har ansvaret for å utføre sin eigne flyrutekjøp. - Interregional gjennomføring der regionane vert pålagde å etablere ein felles organisasjon som skal gjennomføre vedtekne flyrutekjøp i kvar enkelt region. Det viktigaste argumentet for at regionane fritt kan gjennomføre flyrutekjøp slik dei sjølv vil, er at det vil vere mest i samsvar med hensikta i regionreforma. Dagens regleverk er ikkje til hinder for å delegere kompetansen til kjøp av regionale flyruter til regionane, men det bør vurderast om departementet skal vere klageinstans for eventuelle vedtak i regionane med rett til å overprøve/instruere den regionale myndigheita i si utøving av skjønn. Det vil vere nødvendig å endre enkelte føresegner i den norske forskrifta for kjøp av regionale flyruter. Dersom regionane får ansvaret for flyrutekjøp, vil dei stå fritt til å gjennomføre kjøpa som dei sjølv vil, men det bør vere samfunnsøkonomisk ønskjeleg og i regionane sin eigen interesse å ev. etablere eit samarbeid mellom regionane. Eit samarbeid kan mogleggjere koordinering av anbodsområde, tider for anbodsutlysing, kontraktskrav og kontakt med m.a. Luftfartstilsynet, Avinor og Samferdsledepartementet. Konsekvensar av ei overføring av ansvar til regionane Konsekvensane av ei overføring av ansvar er vurdert etter to hovudkriterium: - Kva organisering gir rett prioritering av regionale flyruter sett opp mot andre tiltak? - Kva organisering gir eit flyrutetilbod til lågast mogleg kostnad for det offentlege? Det vil vere forskjell på kva som gir rett prioritering i regionaløkonomisk forstand og kva som gir rett prioritering i samfunnsøkonomisk forstand. Ein regional modell kan gjere det enklare å sjå og prioritere dei lokale behova. Ei meir effektiv prioritering blir gjort mogleg ved at regionane ikkje lenger har eit incentiv til å overdrive betydinga av dei regionale flyrutene for å få tildelt midlar. Det kan likevel føre til at nasjonale interesser ikkje vert teke godt nok vare på. Overføring av ansvaret vil føre til auka administrative kostnader, om lag 8 ekstra årsverk nasjonalt. Forskjellen i kostnadane mellom ein regional og ein statleg modell vil bli større dersom regionane ikkje klarer å samarbeide om anbodsutlysingar. Utan samarbeid er det ein fare for at anboda vert utforma slik at det ikkje vert mogleg for flyselskapa å utnytte stordriftsfordelar. Dette vil gje auka produksjonskostnader og regionane vil få mindre flyruter for ein gitt sum pengar. Konklusjonen er at konkurransesituasjonen vil bli lite endra som følgje av ev. overføring til regionane. Andre opplysningar Rapporten er sendt til fylkeskommunane Finnmark, Troms, Nordland, Nord-Trøndelag, Sør- Trønde-lag, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Etter det vi kjenner til kan Nordland vere

Side 4 av 5 positive til å overta ansvaret for dei regionale flyrutene. Finnmark er i mot overføring av ansvar til regionane og fryktar at dei frie midlane kan bli brukt til andre samferdsleføremål i andre delar av ein ny stor region. I Troms er spørsmålet ikkje avklara. 3. Vurderingar og konsekvensar Fylkesrådmannen viser til KS sitt høyringsnotat av 6. mai 2012 til Meld. St. 22 (2015-16) «Nye folkevalgte regionar rolle, struktur og oppgaver». I høyringsnotatet har KS lagt til grunn at dei nye folkevalde regionane sin legitimitet må styrkjast gjennom betre rammevilkår, kompetanse- og oppgåveoverføring. KS peikar i same høyringsnotat på at det er viktig å oppretthalde generalistprinsippet. Ei overføring av ansvaret for kjøp av regionale flyruter gjeld i utgangspunktet berre for dei tre nordlegaste fylka og Sogn og Fjordane og vil såleis bryte med generalistprinsippet. Stortinget har vedteke at det regionale folkevalde nivået i framtida skal bestå av ca. 10 regionar. I ein ev. ny regionstruktur vil dette ansvaret berre gjelde nokre få regionar. Fylkesrådmannen vil også peike på at samansettinga av dei nye regionane ikkje er klare enno. På vestlandet er det inngått ein intensjonsplan mellom Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane om ein framtidig region, der berre Sogn og Fjordane har regionale flyruter i dag. Fylkesrådmannen kjenner ikkje til at nokre fylke har bedt om å få overta dette ansvaret, heller ikkje Sogn og Fjordane. For Sogn og Fjordane sin del meiner fylkesrådmannen det er mest tenleg at oppgåva ligg til Samferdsledepartementet også i framtida. Både gjeldande krav og ev. framtidige krav til m.a. flysikring vil føre til at vi vil ha liten styring på kostnadssida. Eventuelle auka i kostnader som følgje av nye krav, kan føre til eit redusert flytilbod eller reduksjon i andre kollektivtilbod/infrastrukturtiltak i regionen. Oslo Economics meiner det vil vere behov for 8 nye årsverk i dei nye regionane dersom ansvaret for kjøp av regionale flyruter vert overført dit. Det er vist til at dagens fylkeskommunar har kompetanse og kapasitet til å gjennomføre kjøp av rutetenester på buss, ferje og hurtigbåt i dag og at dei dermed også vil vere i stand til å gjennomføre kjøp av regionale flyruter. Reint anbods-teknisk er nok dette rett, men kjøp av regionale flyruter er styrt av eit anna lovverk i tillegg til lov om offentlege innkjøp. Samla sette er dette kompetanse fylkeskommunane ikkje har i dag, men som Samferdsledepartementet har. Rapporten konkluderer med at tilskot til kjøp av regionale flyruter bør gjevast som rammetilskot gjennom ei særskild fordeling dersom ansvaret skal overførast til regionane. Fylkesrådmannen har ikkje merknader til at det ev. vert gjort slik viss overføringa vert gjennomført. Føresetnaden for ein slik modell må vere at faktiske kostnader med flyrutekjøpet i dagens anbod vert lagt til grunn og at ev. framtidig kostnadsvekst vert kompensert. Dette siste har kommunesektoren til dels dårlege erfaringar med. Rapporten syner to moglege modellar for gjennomføring av flyrutekjøp. Den eine modellen skisserer ei regional gjennomføring der kvar region har ansvaret for å utføre sine eigne flyrutekjøp. Den andre modellen skisserer ei interregional gjennomføring der regionane vert pålagde å etablere ein felles organisasjon som skal gjennomføre vedtekne flyrutekjøp i kvar enkelt region. Det vert trekt fram at ei overføring av ansvaret vil føre til auka administrative kostnader. Forskjellen i kostnadane mellom ein regional og statleg modell vil bli større dersom regionane ikkje klarer å samarbeide om anbodsutlysingar. Modellen legg med andre ord opp til eit samarbeid/samordning om anbodsutarbeiding og utlysing mellom dei aktuelle regionane. Fylkesrådmannen trur det kan vere mogleg å få til eit samarbeid om anbod i dei tre nordlegaste fylka, men meiner det kan vere vanskelegare å etablere eit slikt samarbeid mellom dei tre nordlegaste fylka og Sogn og Fjordane. I dag er dette to ulike anbodsområde med ulikt tidspunkt for oppstart av anboda. Utan samarbeid ser fylkesrådmannen at det kan vere ein fare for at anboda vert utforma på ein måte som ikkje gjer det mogleg for flyselskapa å utnytte stordriftsfordelar. Dette vil gje auka produksjons-kostnader og regionane vil få mindre flyruter for ein gitt sum pengar. Fylkeskommunane manglar kompetanse til å vurdere tekniske og operative tilhøve ved rutedrifta i samband med kjøp av regionale flyruter og må bruke Luftfartstilsynet til denne typen vurderingar.

Side 5 av 5 Avinor og Luftfartstilsynet må, etter denne modellen, forholde seg til fleire regionar i staden for ein instans, Samferdsledepartementet. Det er og har vore ulike faglege synspunkt på fordelane/ulempene med overføring av dette ansvaret til regionane. Fylkesrådmannen viser i denne samanheng til ein rapport frå Møreforsking (1999), som konkluderte med at fordelane med å flytte kjøp av ruter til fylkeskommunalt nivå var større enn ulempene. Ein rapport frå ECON (2000) konkluderte med det motsette. 4. Konklusjon Etter fylkesrådmannen si vurdering vil ulempene med å overføre ansvaret for kjøp av regionale flyruter frå staten til nye folkevalde regionar vere større enn fordelane. Ei slik overføring vil også bryte med generalistprinsippet, då dette berre vil gjeld for få av dagens fylke. Fylkesrådmannen vil rå FU til å gå imot at ansvaret for kjøp av regionale flyruter vert overført til nye folkevalde regionar.