ÅRSMELDING OG REKNESKAPSRAPPORT 2011



Like dokumenter
Det vil alltid vere ei balansegang mellom bruk av eigne pengar på bok og lån i bank.

Dato: Fredriksen/Økonomiavdelinga Fra: Ingebjørg By Teigen Referanse: 15/ Kopi:

Oversyn over økonomiplanperioden

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2014 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 19.desember 2013.

Til: Arne Fredriksen/Økonomiavdelinga Dato: Fra: Britt Vikane Referanse: 15/ Kopi:

Kontrollutvalet i Leikanger kommune. Sak 8/2015 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2014 for Leikanger kommune

Kontrollutvalet i Sogndal kommune. Sak 9/2015 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2014 for Sogndal kommune

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan , vedteke i kommunestyremøte 16. desember 2014.

Saksframlegg. 1. Kommunestyret godkjenner den framlagde tertialrapporten.

Tertialrapport 2 tertial 2015

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Hemsedal kommune Årsmelding kortversjon

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i heradsstyremøte 16.desember 2014.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2017, vedteke i heradsstyremøte 07.desember 2016.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2008 og økonomiplan, vedteke i heradsstyremøte

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Stein Kittelsen Arkiv: 153 Arkivsaksnr.: 16/3462-1

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

Lønnsundersøkinga for 2014

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Resultat brukarundersøkingar

Kontrollutvalet i Leikanger kommune. Sak 8/2013 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2012 for Leikanger kommune

Oversyn over økonomiplanperioden Arbeidsgrunnlag av med endringar av

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.


Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2013 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 13.desember 2012.

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418

2014/

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 18.desember 2014.

SAKNR. 064/12 BUDSJETT FORMANNSKAPET Handsaming i møtet:

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

NTL Sentralforvaltningens representantskapsmøte mars 2014 Sak 3 Regnskap

Fyresdal kommune Sektor for økonomi og fellestenester

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Styresak. Halfdan Brandtzæg Rapportering frå verksemda per november Arkivsak 2014/805/ Styresak 068/2014 A Styremøte

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

Forvaltningsrevisjon «Pleie og omsorg - årsak til avvik mot budsjett og Kostra-tal»

ÅRSMELDING Åseral

Styre, råd og utval Møtedato Saksnr Levekårskomite /10 Bystyret Arkiv: FA-A22, FA-

Sandeid skule SFO Årsplan

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

VESTNES KOMMUNE. Saksframlegg. Økonomiplan for Arkiv: 150 Arkivsaksnr.: 2012/2844 Saksbehandlar: Magne Værholm Dato:

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE , vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, for

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015, vedteke i kommunestyremøte 11.desember 2014.

Fyresdal kommune Sektor for økonomi og fellestenester

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Til deg som bur i fosterheim år

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2016 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 17.desember 2015.

Kommunen er under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Gjeldsbøra i kommunane Møre og Romsdal

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE

Folketalet har gått noko opp sidan årsskiftet, men er framleis noko under målsettinga.

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Rådet for eldre og funksjonshemma. Varamedlemmar møter berre etter nærare innkalling.

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

Tilstandsrapport for grunnskulen 2014/2015

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

Fyresdal kommune Sektor for økonomi og fellestenester

Fyresdal kommune Sektor for økonomi og fellestenester

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Informasjonshefte Tuv barnehage

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2016 og økonomiplan, vedteke i heradsstyremøte 15. desember 2015.

Årsmelding GOL BARNEHAGE (Kultur og levekår)

Interkommunalt samarbeid ÅLA kommunane vedr økonomisk rådgjevar Mette Hestetun Berg leiar, NAV Årdal

Heradet er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

Fyresdal kommune Sektor for økonomi og fellestenester

Fyresdal kommune Sektor for økonomi og fellestenester

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2017 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 15.desember 2016.

LOKALMEDISINSKE TENESTER I HALLINGDAL, FINANSIERING VIDAREFØRING

GSI'09. Voksenopplæring (Vo) rettleiing. nynorsk

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 18.desember 2014.

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

Budsjett 2012, økonomiplan

SKODJE KOMMUNE Perioderekneskap September 2008

Årsmelding 2012 løn og personalavdelinga

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I TIME KOMMUNE

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2017 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 15.desember 2016.

Transkript:

ÅRSMELDING OG REKNESKAPSRAPPORT 2011 Åseral kommune

Innhald Årsmelding og rekneskapsrapport 2011... 3 Forord... 3 Rekneskapen for 2011... 4 Personal og organisasjon... 8 Folkevalde...11 Administrasjon...13 Sentraladministrasjonen...14 Rådmannskontoret...14 Økonomikontoret...15 Servicekontoret...15 IKT-kontoret...16 Avdeling skule, kultur og oppvekst...17 Avdelingssjef...17 Åseral barnehage...18 Åseral barne- og ungdomsskule, SFO, grunnskule for vaksne og vaksenopplæringa...19 Kulturkonsulenten...20 Integreringskonsulenten...21 Avdeling helse, sosial og omsorg...22 Avdelingssjef...22 NAV Åseral...25 Barneverntenesta...25 Omsorgstenestene...26 Åseralsheimen, langtidsopphald...27 Rehabilitering/korttidsopphald...27 Heimetenestene...28 Kjøkken og reinhald...28 Avdeling natur og næring...29 Avdeling teknisk og plan...30 Avdelingssjef...30 Drift og vedlikehald...31 Reinhald...32 2

Årsmelding og rekneskapsrapport 2011 FORORD 2011 blei driftsmessig sett eit krevjande år for Åseral kommune. Årsaken var ein kombinasjon av inntektssvikt og at det blei brukt meir pengar enn det som var budsjettert. Som følgje av desse to tilhøva har netto driftsresultat utvikla seg kraftig i negativ retning. Dei ulike sektorane har brukt opp meir eller heile si tildelte driftsramme. Dette tilseier at oppfølginga av budsjettet må skjerpast blant leiarar på alle nivå i organisasjonen. Nær sagt som vanleg så var også 2011 eit år med omfattande investeringar. Investeringsrekneskapen viser investeringar i anleggsmidlar på over 32 mill. Blant dei store prosjekta var 8 nye husvære i Stabakka Nord og diverse investeringar innan vatnog kloakk, det største på Ljosland Dei konkrete driftstala viser eit resultat på ordinær drift (brutto driftsresultat) på kr -13 157 959,-. Dette er ei forverring i høve til året før på vel 10 mill., og skyldast kraftig auke i utgiftene. Det er viktig å presisere at ein stor del av denne utgiftauken skuldast utgifter som vi ikkje treng legge inn i den varige drifta. Døme på dette er tilskot til alpinsentra på 1,2 mill. Netto driftsresultat er på kr 1 921 389,-, eller 1,5 % målt i høve til brutto driftsinntekter. Målsettinga for kommunesektoren er eit netto driftsresultat på minimum 3 %. Dette for å kunne ivaretaka behovet for fornyings - og utviklingstiltak. Dei siste åra er grunnlaget for gode netto driftsresultat lant gjennom finansavkastinga. Resultatet av finanstransaksjonar (renter, avdrag, utbytte) blei på nesten 6 mill. Tilsvarande tal i 2010 var over 18 mill. Altså ein solid reduksjon i 2011. Rekneskapen viser oss det er behov for å gjere tiltak for å betre driftssituasjonen og å gjere oss mindre avhengig av finansavkastning. Kommunestyret har i budsjettet for 2012 sagt seg samd i dette. I skrivande stund er det sett eit mål om å frigjere 6 mill. frå drifta for å betre situasjonen. Med godt samarbeid og god vilje så bør dette vere mogeleg å få til i Åseral. Kommunen som tenestprodusent spelar ei sentral rolle for innbyggjarane si velferd. Dette er også vårt nasjonale oppdrag. Her i Åseral har vi nok tatt det kommunale tilbodet lengre enn i dei aller fleste andre kommunar. Inntektene våre er ei viktig grunngjeving for at dette er mogeleg. Vi skal likevel ikkje gløyme innsatsen til alle våre medarbeidarar som set si ære i å levere gode tenester og som står på for at vi som bur her skal ha det bra. Avslutningsvis i mi siste årsmelding til Åseral kommune kan det kanskje passe å bruke noko spalteplass på å rekapitulere litt om kva kommunen har gjort for meg og mine næraste gjennom snart 27 år, og kva det har betydd for vår velferd. Heilt frå starten av har det vore til stades ein helseteneste som via råd og fagleg hjelp har gitt oss tryggleik og omsorg. Tenesta har vore lett tilgjengeleg og fagleg god. Seinare blei det barnehage og SFO som leverte tilbod av høg kvalitet og med eit engasjert personale. Det var aldri noko problem for ungane å finne seg til rette der. Fleksibilitet og velvilje var viktige stikkord. Skulen husa deretter ungane våre i 10 år. Også her fekk dei eit tilbod som mange andre elevar i Noreg kunne misunne dei, dei blei vel ivareteke reint fagleg og trivselsmessig. Åra etterpå har og kommunen vore på plass med tilbod om utdanningsstipend og idrettsstipend. Ikkje så mange kan stille opp på denne måten. På toppen av dette har vi alle nytt godt av fritids- og kulturtilbod, både i friluft og i vel tilrettelagde kommunale bygg. I festlege høve som barnedåp og konfirmasjonar har vi brukt velutrusta lokalar utan å betale for det! Neppe nok som kommunane i resten av landet kan by på. Heilt til slutt må eg få med det som kommunen har gjort for å skape trivelege og velhaldne utrom, og som vi stolt kunne syne fram til slekt og venar på besøk. Eg vil berre takke leiarar og tilsette som har stått på gjennom mange år og ynskje dere alle lykke til vidare. Åseral 29. mars 2012 Rune Stokke rådmann 3

Rekneskapen for 2011 DRIFTSREKNESKAPEN Åseral kommune kan for året 2011 legge fram eit driftsrekneskap med eit null resultat. Resultatet blir slik etter at det er gjennomført strykingar i avsetning til fond i samsvar med rekneskapsforskrifta. Resultatet viser tydeleg at vi må arbeide for å bli mindre avhengig av finansinntekter. Drifta viser eit stort negativt brutto driftsresultat på kr. 13 157 960,- mot eit negativt resultat på kr 2 961 424,- føregåande år. Vi ser av tala at driftsinntektene har auka med kr 1,81 mill., medan driftsutgiftene har auka med kr 12,01 mill. Den positive trenden frå 2009 og 2010 med å forbetre brutto driftsresultat er ikkje vidareført i dette året. Vi må arbeide hardt framover med at driftsinntektene skal være store nok til å dekkje driftsutgiftene. Målet er framleis å få eit positivt brutto driftsresultat. Hovudoversikten for drifta viser at det har vore ei auke utover løns - og prisvekst for alle utgiftsartar. For løn og sosiale utgifter er auken frå 2010 på 6,3 %. Tek vi omsyn til refusjon av sjukeog fødselspengar er auken på 7,1 %, noko som er langt utover lønsveksten. Kjøp av varer og tenester som inngår i kommunal tenesteproduksjon viser ei auke på 11 %. Utgiftene som har endra seg mest frå 2010 er overføringar, kor det er næringstilskot og andre tilskot som står for det meste av auken. Av inntektspostane er det rammetilskot som viser mest endring frå føregåande år. Det skuldast blant anna kompensasjon for reduksjon av det kommunale skatteøre og at statlege tilskot til barnehagen er tatt inn i rammeoverføringane. Dette er også grunnen til at statlege overføringar viser ein reduksjon frå 2010. Den største svikten i høve til budsjettet er overføringar med krav til motyting kor refusjon av mva. kompensasjon for investeringar står for det meste av beløpet. Så lenge vi budsjetterer med at heile refusjonen skal overførast til investeringsrekneskapen, er denne overføringa også mindre og får ikkje nokon konsekvensar for det rekneskapsmessige resultatet. Det er finanspostane som dei to føregåande åra har gjeve oss så gode rekneskapsresultat. I 2011 har vi fått smake noko av den urolige finansmarknaden og har eit netto finansresultat på 5,96 mill. mot budsjettert 9,93 mill. Vi budsjetterte med ei inntekt av plasseringane våre på kr. 4,36 mill. Vi fekk ein minus på 1,32 mill. Det gir oss eit avvik på 5,68 mill. Vi har gjennom 2011 hatt ei god avkastning av driftsmidlar plassert i bank og faktisk høgare rente enn det vi har betalt for låna våre. Vi har også tatt opp låna noko seinare enn budsjettert. Det har redusert noko av verknaden av manglande avkastning av kapital plassert i finansmarknaden. Finanspostane og motpost for avskrivingar bidreg også i år til at vi får eit positivt netto driftsresultat på kr. 1 921 389. Men resultatet er betydeleg lågare enn budsjettert og svakt samanlikna med resultat i 2010. Etter gjennomførte interne finanstransaksjonar ender vi på eit meirforbruk. Vi har då redusert overføring til disposisjonsfond i.h.h.t. rekneskapsforskrifta, slik at vi får eit rekneskapsmessig null resultat for året 2011. Overføringa som er redusert er avsetning til vedlikehald av langsiktig finanskapital. SENTRALE INNTEKTER Skatteinntektene viser (inntekts-, formue- og naturresursskatt) for dette året ein auke i forhold til budsjettet på kr. 321 453, tilsvarande 1,88 %. For inntektsåret 2011 blei kommunane sitt skatteøre redusert mot ein kompensasjon i rammetilskotet. Skatteinntektene for Åseral er for år 2011 redusert med 1,07 Utvikling i brutto driftsresultat: (Beløp i tusen kr.) Tekst / rekneskapsår 2011 2010 2009 2008 Driftsinntekter: 129 227 127 415 125 853 115 786 Driftsutgifter: -142 385 130 376 129 313 130 383 Brutto driftsresultat: -13 158-2 961-3 461-14 597 Brutto. driftsresultat i % av brutto driftsinntekter: -10,2 % - 2,3 % - 2,7 % - 12,6 % Gjennomsnitt kommunegruppe 6: (Kostra samanlignbare kommunar) 1,1% 2,2 % 3,5 % 0,9 % Denne tabellen viser netto driftsresultat for dei ulike planområda i kommunen: Rekneskap Reg. budsjett Avvik Forbruk i % 2011 2011 rekneskap-budsjett av budsjett 1 Sentraladministrasjonen 11 389 542 12 001 294-611 752 94,90 % 1 - Politiske styringsorgan 4 086 213 3 696 000 390 213 110,56 % 2 - Skule- og kulturetaten 31 635 380 30 067 321 1 568 059 105,22 % 3 - Helse- og sosialetaten 32 030 962 31 909 557 121 405 100,38 % 4 - Natur- og næringsetaten 5 116 386 5 979 750-863 364 85,56 % 5 - Teknisk og plan 12 773 189 12 764 078 9 111 100,07 % Sum totalt 97 031 672 96 418 000 613 672 100,64 % Tabellen over viser at samla meirforbruk innan avdelingane på kr 617 712 i forhold til regulert budsjett. Det er bare avdeling for Natur og næring og Sentraladministrasjonen som er innafor budsjettramma i 2011. Avdelingane med størst meirforbruk er Skule, kultur og oppvekst og Politiske styringsorgan. Forklaring på avvik går fram av årsmeldinga for planområdane. 4

mill samanlikna med 2010. Det utgjer 5,96 %. For alle kommunane viser snittet ein reduksjon på 3,23 %. Reduksjonen til Åseral er altså monaleg større enn landsgjennomsnittet. Det har dessverre vore ein trend dei siste åra at kommunen sine skatteinntekter har utvikla seg negativt samanlikna med gjennomsnittet for sektoren. Rammetilskotet er betydeleg høgare enn tidligare år kr 8,58 mill høgare enn i 2010. Det skuldast som tidlegare nemnt ein kompensasjon for reduksjon av det kommunale skatteøre og at statlig tilskot til barnehagen er tatt inn i rammeoverføringane. Det blei med verknad for inntektsåret 2011 føreteke endringar i berekningar av rammetilskot til kommunane. Denne endringa kom kommunen godt ut av og har medført meir overføring i 2011. Noko av auka skuldast også at det i rammeoverføringa er innbakt ein kompensasjon av forventa løns- og prisvekst. Eigedomsskatten var på 21,64 mill. for 2011, kr. 0,84 mill høgare enn budsjett og 1,15 mill. høgare enn i 2010. Auka skuldast i hovudsak ei omtakseringar som blei gjennomført med verknad for rekneskapsåret 2011. Det fine med denne skatten er den ikkje samordna med inntektssystemet og kommunen beheld heile denne meirinntekta. Andre direkte- og indirekte skattar som i består av naturresursskatt og konsesjonsavgifter er på omtrent same nivå som tidligare år. Naturressursskatten blir ikkje verdiregulert i forhold til lønns- og prisvekst og blir noko mindre verd etter som åra går. Andre overføringar består i hovudsak av sal av konsesjonskraft. Denne inntekta blei noko større enn budsjettert og skuldast avrekninga med fylkeskommunen for 2010. NETTO DRIFTSRESULTAT For 2011 blei netto driftsresultat på kr. 1 921 389. Ein reduksjon på kr. 21,88 mill. frå 2010 og 9,99 mill. mindre enn revidert budsjett. Det svake resultatet for rekneskapsåret skuldast at driftsutgiftene har auka meir enn driftsinntektene, samt eit svakare finansresultat. Utvikling i netto driftsresultat: (Beløp i tusen kr.) Tekst / rekneskapsår 2011 2010 2009 2008 129 227-142 385 127 415-130 297 125 853-129 313 115 786-130 383 Brutto driftsresultat: -13 158-2 961-3 461-14 597 Finanstransaksjonar: Motpost avskriving: 5 957 9 122 18 111 8 651 21 299 8 324-9 538 7 640 Netto driftsresultat: 1 921 23.800 26.162-16.492 Netto driftsresultat i % av brutto driftsinntekter: Gjennomsnitt kommunegruppe 6: (Kostra samanlignbare kommunar) 1,5 % 18,7 % 20,8 % - 14,2 % 3,6 % 6,1 % 0,8 % Driftsinntekter Driftsutgifter 2,8 % Kyrkjebygd sentrum 5

LÅNEGJELD OG PLASSERING I FINANSMARKNADEN Lånegjelda for Åseral held fram å auke og vi er komen dit at når større investeringar skal finansierast, så må vi låne til dei. Åseral har på få år gått frå og vere ein kommune med lite lån målt pr innbyggjar, til å bli ein av dei med mest lån pr. innbyggjar i Agder. I 2008 var den netto langsiktige lånegjelda (langsiktig gjeld formidlingslån ubrukte lånemidlar) kr. 25 434,- per innbyggar. Ho er nå på kr. 60 170,- ved utgangen av år 2011. Når pågåande investeringsprosjekt som er lånefinansiert vert avslutta, vil netto lånegjeld vera på kr. 72.580,- per innbyggar. Ein del av gjelda vår er knytt til investeringar der renter og avdrag kan førast over på kundane si eigenbetaling, men det krev at vi først må ha sjølvkost på vatn og kloakk. Kommunen har kapital plassert i finansmarknaden. Denne har i Oversyn over lånegjeld per innbyggjar: År: Åseral Kommunegr. Kommunar Gj.snitt kommune 06 i Vest-Agder landet u/oslo 2011 60 170 51 238 52 463 41 192 2010 51 460 47 323 47 348 38 890 2009 24 583 49 448 41 942 36 560 2008 25 434 45 761 37 776 33 664 år 2011 gjeve ei negativ avkastning på 1,32 mill, noko som utgjer 1,04 prosent av denne kapitalen. Kommunen har ved årsskifte 2011/2012 igjen redusert det totale beløp som er plassert i finansmarknaden til 120 mill. Reduksjonen skuldast bruk av eigne midlar til finansiering av investeringsprosjekt. Tabellen under viser kor kapitalen er plassert og at største delen av kapitalen er i papir med liten risiko. Per 31.12.2012 Allokeringsgrenser Aktivaklasser: MNOK. % Min. Maks. Pengemarknad/ bank 72,2 57,9 % 0,0 % 100,0% Obligasjonar 3,0 2,4 % 0,0 % 100,0% Aksjar 24,8 19,9 % 0,0 % 35,0% Alt. investering 4,0 3,2 % 0,0 % 35,0% Eigedom 20,7 16,6 % 0,0 % 100,0% Derivatar 0,0 0,0 % 0,0 % 100,0% Totaler: 124,7 100,% Dersom ein ser lånegjeld og disponibel kapital i samanhang, så ligg vi framleis godt an sett i høve til dei aller fleste kommunane. Kommunestyret må likevel vere merksam på at vi på grunn av driftssituasjonen er avhengig av å ha meir inntekter på finansar enn utgifter. Samla sett blir verknaden på rekneskapen den same om vi bruker av kapitalen eller tek opp meir lån. Båe delar har negativ innverknad på netto driftsresultat. Eit vesentleg poeng er likevel at handlefridomen er ein heilt annan med pengar på bok enn med gjeld som skal betalast! 6

INVESTERINGSREKNESKAPEN Åseral kommune har i år 2011 investert for kr. 32 805 613 i anleggsmidlar. Dette er eit betydeleg beløp for ein kommune av Åseral sin storleik. Investeringane er finansiert med lån, tilskott og noko eigne midlar. Lån utgjer 69,6 % av finansieringa i 2011. Tabellen under gjev eit samandrag av kommunen sine investeringar i 2010.. Rekneskap Reg. Oppr. Rekneskap 2011 budsjett budsjett 2010 Sum inntekter 5 299 672 4 317 000 650 000 8 737 853 Sum utgifter 32 805 614 34 731 000 32 231 000 33 760 021 Sum finansieringstransaksjonar 11 192 907 500 000 500 000 5 479 961 Finansieringsbehov 38 698 849 30 914 000 33 081 000 30 502 129 Dekka slik:... Bruk av lån 24 220 989 19 000 000 20 500 000 13 309 346 Mottatte avdrag på utlån 261 658 0 0 377 899 Overføringar frå driftsrekneskapen 4 096 384 9 679 000 10 346 000 4 647 713 Bruk av disposisjonsfond 4 845 903 0 0 0 Bruk av ubundne investeringsfond 431 514 2 235 000 2 235 000 5 162 791 Bruk av bundne fond 4 842 401 0 0 2 983 224 Sum finansiering 38 698 849 30 914 000 33 081 000 26 480 793 Udekka/udisponert 0 0 0-4 021 156 7

Personal og organisasjon Arbeidet med å skape samhandling og vidareutvikle personalet i eit godt arbeidsmiljø, har òg i 2011 vore ei sentral oppgåve i organisasjonen. Arbeid etter IA avtalen med mellom anna tilrettelegging har stått sentralt. Vi har saman arbeidd aktiv med å gjere tilsettingsrutinane betre. Det har blitt jobba med rutinar, samt protokollføring som grunngjev tilsettinga grundigare enn tidlegare. Vi har hatt to saker inn for Sivilombudsmannen til handsaming i 2011. I båe sakene vann kommunen fram. ARBEIDSSTOKKEN Åseral kommune har 168 tilsette fordelt på 128,3 årsverk i fast og mellombels stillingar. 35 av dei tilsette er menn, og 133 er kvinner. TP NN HSO SKO SA Kvinner 14 2 62 46 9 Menn 13 2 5 9 6 (TP = Teknisk og plan, NN = Natur og næring, HSO = Helse, sosial og omsorg, SKO = Skule, kultur og oppvekst, SA = Sentraladministrasjonen) REKRUTTERING Arbeidet med å skaffe kvalifisert arbeidskraft utanfor sentrale område er ei utfordring. Det blei sett i gang spesielle tiltak for å få kvalifisert helsepersonell. Tiltaket var bonusordning med bindingstid. Det er uvisst om det var tiltaka som førte til at vi lukkast med å få godt kvalifiserte søkjarar. På andre områder opplevde vi å få mange og godt kvalifiserte søkjarar. Vi har òg sett på mogelegheiter for å gjere om på stillingar for å få utført dei naudsynte oppgåvene i kommunen. Åseral kommune har ikkje lågare andel fagpersonell enn storbyane Kostratal frå 2011 syner at det ikkje er særleg forskjell når det gjeld fagpersonell i små og store kommunar. Tala syner til dømes at 73% av dei tilsette i småkommunane har fagutdanning mot 70% i storbyane. Blant lærarane er det nærast ingen forskjell mellom kommunar over 2.000 innbyggarar, og dei alle minste kommunane slik som Åseral har marginalt færre lærarar med høgare utdanning og pedagogikk. 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 Åseral 2 6 5 5 5 6 2 6 2 6 Bykle 3 6 4 6 3 6 1 6 3 6 Åmli 4 5 4 5 5 5 1 5 2 6 Kr.Sand 2 6 2 5 4 4 1 2 1 6 Stavanger 2 5 1 5 1 3 1 2 1 6 Hvor mye fagfolk er det i kommunen? 1. Barnevern, andel åv med fagutdanning pr. 1000 barn 2. Barnehage, andel styrere/pedagogiske ledere med godkjent utdanning 3. Barnehage, andel assistenter med pedagogisk utdanning 4. Skole, andel lærere med godkjent utdanning 5. SFO, andel åv med relevant utdanning 6. Pleie og omsorg, andel ansatte med fagutdannelse 7. Helse, psykiatrisk sykepleier pr. 100 000 innbygger 8. Helse, Legeåv. pr. 100 000 innbygger 9. Helse, helsesøster pr. 100 000 barn 10. Helse, andel innbyggere på fastlegeliste uten lege 6= best 1= dårligst ARBEIDSMILJØET Eit godt arbeidsmiljø, både fysisk og psykososialt, er viktig. I 2011 vart det arbeida med ei ny medarbeiderundersøking. På grunn av omorganiseringa med verknad frå 1. januar 2012, fann vi og utsetje undersøkinga til våren 2012. I samarbeid med Bedriftshelsetenesta har vi arbeidd med både det psykososiale og det fysiske arbeidsmiljøet. Det har blitt arbeidd med varsling om avvik/uønska tilhøve, men det ligg framleis ei utfordring i å få dette med som ein av dei faste rutinane i det daglege arbeid. Avdelinga HSO ligg føre resten av organisasjonen når det gjeld arbeid med, og varsling av avvik. 8

KVALITETSPROSJEKT I mars 2011 blei ei ny utgåve av Kvalitetslosen implementert. Denne gjorde det lettare å melde avvik, men det er framleis eit godt stykke å gå for å nytta Kvalitetslosen fullt ut. Dette gjeld spesielt skriftleg og systematisk nedfelling av rutinar. ETIKK Kommunen har utforma sine etiske retningsliner for tilsette og folkevalde. Eit av punkta er varsling om kritikkverdige tilhøve i verksemda. Rådmannen og hans stab har i 2011 hatt eit auka fokus på dette. Ved gjennomgang av avvik i leiargruppa, samt implementering av ny Kvalitetslos har vi kome eit steg vidare i avviksrapporteringa. Det er raskare og enklare for arbeidstakar å melde avvik i den nye utgåva av Kvalitetslosen. HMS I 2010 vart ny IA-avtale underteikna, og det blei sett krav til samlingar mellom leiarar, verneombod og tillitsvalde. Vi har hatt to slike samlingar i 2011, og dette har vore positivt for å få ei felles forståing og felles kunnskap om IA arbeidet. Hovudvernerunda blei gjennomført noko forsinka i januar 2012 med fokus på det fysiske arbeidsmiljøet. Hovudverneombod, Rådmann, Bedriftshelsetenesta, HR-rådgjevar, lokalt verneombod og aktuell leiar besøkte arbeidsplassane. Det har òg i 2011 vore eit godt og nært samarbeid med bedriftshelsetenesta for å betre arbeidsmiljøet i kommunen. ANDRE OPPLYSNINGAR/AKTIVITETAR FRÅ ARBEIDSMILJØET 3 møter i Arbeidsmiljøutvalet. Det er mellom anna arbeid med seniorpolitikk for Åseral kommune. Seniorpolitiske tiltak vart vedteke og innført med verknad frå 1. januar 2012. Sjukefråværet har vore på veg ned dei siste åra. Kommunen har eit mål om at fråværet totalt skal vere under 5%. Sjukefråværet i 2011 var på 5,1%. Langtidssjukemelde i full stilling har stor innverknad på statistikken, dette forklarer òg noko av det høge fråværet våren 2011, og den store nedgangen i sjukefråveret frå andre til tredje kvartal i 2011. Statistikk sjukefråvær: 1. kv 2. kv 3. kv 4. kv Snitt K Snitt M 2008 9.0 % 8,0 % 5,2 % 6,2 % 9,2 % 0,7 % 2009 4,5 % 2,5 % 2,8 % 4,8 % 4,8 % 0,8 % 2010 7,0 % 5,3 % 5,0 % 6,8 % 5,9 % 6,4 % 2011 7,3 % 6,9 % 3,6 % 3,2 % 5,5 % 4,0% TILRETTELEGGING Også i 2011 har vi samarbeid med NAV. Både for å få eigne tilsette attende i arbeid, og som arbeidstreningsplass for personer som på grunn av helsa ikkje kan kome attende i sitt tidlegare arbeid. Ein av personeane har fått seg ny arbeidsplass og kom attende i fullt arbeid i 2011, ein annan er i eit utdanningsløp i tillegg til arbeidstrening som etter planen vil føre til ei velukka omskolering ved utgangen av 2012. Vi har òg nytta NAV sitt arbeidslivssenter i IA arbeidet. Dei har vore til hjelp med tilretteleggingstilskot. Dette arbeidet meiner vi hjelper til å førebygge sjukefråvær på både kort og lang sikt. Vi har mellom anna, saman med jordmor, arbeidd med tilrettelegging for gravide for å unngå tidleg sjukemelding. Dette opplever vi at vi i stor grad har lukkast med. INKLUDERING Åseral kommune har ein eigen inkluderingskonsulent som arbeider med å inkludere innvandrarar og flyktningar i kommunen. Vidare har vi eit godt samarbeid med Åseral Industrier. Åseral Indutrier har gjennom fleire år arbeid med norskspråkleg opplæring saman med praktisk arbeid. Dette kjem som eit tillegg til den teoretiske norskundervisninga skulen tilbyr. Vi har òg 3 personer frå Åseral Industrier som arbeider i kommunen. Dette syner kva arbeid Bedriftshelsetjenesten Mandal BA har utført i Åseral kommune i 2010: Aktivitet: Arbeid med psykososialt arbeidsmiljø Kommentar: Einingar i Åseral Undervisning Ergonomi for reinhaldarene, med Steinar Ribe, Gustav Pedersen AS.. Barnehagen, om psykososialt arbeidsmiljø Ergonomi Tilrettelegging av kontorarbeidsplassane på servicekontoret Konsultasjonar mm, Samtaler med tilsette.. Dialogmøter.. Rådgjeving Anna AMU-møter 9

LIKESTILLING Det er små endringar i kjønnsfordelinga i kommunen. Nokre tal: I leiargruppa er det 2 kvinner og 6 menn. 4 Av dei 8 mellomleiarane er kvinner. 70 60 50 40 30 20 10 0 Teknisk og plan HSO Sentraladm. kvinner menn Det er tydeleg overvekt av kvinner i organisasjonen. Kvinnene har i snitt lågare stillingsprosent. Menn har i snitt ein stillingsstorleik på 95,3 %, kvinner har i snitt ein stillingsstorleik på 71,38 %. Snittet ligg litt høgare for 2011 samanlikna med 2010 for både kvinner og menn. Andelen menn har hatt ei auke i helse- og undervisningssektoren, og ein nedgang i avdeling for teknisk og plan, og sentraladministrasjonen samanlikna med 2010. Det blei halden ei spørjeundersøking i 2011 om kor mange som ønskjer seg høgare stillingstorleik. Det var tilsaman 16 personar som oppga at dei ønskjer høgare stillingstorleik. Alle kvinner. 13 av desse arbeider innan helsesektoren. 7 har ein stillingsstorleik på 20% eller lågare. Det er kun 5 som ønskjer å auke stillingsstorleiken til 100%. Eindel ga tilbakemelding på at dei set pris på å ha ein arbeidsplass som ikkje har krav om at arbeidstakar må inneha ei full stilling. Det kom òg fram i undersøkinga at mange av dei som arbeider i helsesektoren har tilrettelagt arbeidstid. Enten ved at dei har faste fridagar i veka, redusert antall, eller ingen natt- eller kveldsvakter. Åseral kommune må arbeide med å i størst mogeleg grad unngå å tilsette i små stillingsstorleiker, samstundes er det naudsynt å kunne hensynta dei tilsette si trong for tilrettelegging. Lønsskilnadar Gj.snittl. Gj.snittl. Gj.snittl. Gj.snittl. Gj.snittl. Gj.snittl. årsløn årsløn årsløn årsløn årsløn årsløn TP NN HSO SKO Sentr.adm. einingsleiar (ikkje leiar) (ikkje leiar) (ikkje leiar) (ikkje leiar) (ikkje leiar) og avd.sjef kvinner 343.000 483.000 366.000 380.500 375.000 517.000 menn 420.000 481.000 360.000 370.000 381.000 509.500 *Lækjarar og veterinær er haldt utanfor på grunn av særeigne lønsordningar. Vi må ta inn over oss at det vil finnast skilnader, vidare må vi arbeide mot eit mål om at denne skilnaden i løn er grunna i ansiennitet, utdanning, arbeidsoppgåver og ansvarsområde. Åseral kommune skal ikkje skile mellom kvinner og menn i same arbeid og med elles same grunnlag.. MEDVERKNAD. Det har vore avvikla kvartalsmøte med dei tillitsvalde i 2011. Som tidlegare nemnt har både tillitsvalde og verneombod vore med på 2 samlingar med IA som tema.. Dei tilsette har òg vore representert av to tillitsvalde i prosjektet som såg på organiseringa av kommuneadministrasjonen, og ny organisasjonsmodell... VELFERD. Velferdsutvalet har òg i år arrangert samlingar for dei tilsette. I tillegg har velferdsutvalet gjeve støtte til sykkeltur til Skagen for alle tilsette. 10 Rådhuset i Åseral

Folkevalde Kommunestyret Kontrollutvalet Kommunalutvalet/ Administrasjonsutv. Teknisk utval Helse- og sosialutvalet Oppvekst- og kulturutvalet Næringsutvalet Ordføraren er på full tid og har same godtgjering som ein stortingsrepresentant. Leiarane av hovudutvala har ei fast godtgjering tilsvarande 8 % av ordføraren si løn. REKNESKAP - PLANOMRÅDE 190 Drift: Rekneskap 2011 Budsjett 2011 Avvik Rekneskap 2010 4 086 213 3 696 000-390 213 3 687 373 Driftsrekneskapen for den politiske verksemda viser ei overskriding av tildelt ramme på kr. 390 213,-. Grunn til overskridinga er i hovedsak tilskot til HAYDOM med kr. 200.000,-, tilskot til DNTsør på kr. 100.000,- og utgifter til val med kr. 130.000,-. Tabellen under viser brutto driftsutgifter på funksjon 100, politisk styring, sett i høve til fylket og 3 andre kommunar styring, sett i høve til fylket og 3 andre kommunar. I 2011 var Åseral framleis ein av dei kommunane som brukte mest pengar til politisk styring. Noko av forklaringa på dei høge kostnadane til politisk styring må vere at det er få å dela basiskostnadane på i Åseral. Vår politiske organisering er nok elles og dyrare enn i dei fleste andre kommunar. Politisk godtgjersle ligg nok og i det høgare snittet. Samanlikning over tid viser relativt store svingningar i brutto driftsutgifter pr. innbygger til politisk verksemd. I tabellen under er kommunegruppa vår i KOSTRA (gruppe 6) tatt inn for samanlikninga sin del. INVESTERINGSPROSJEKT Det var ikke investeringsutgifter i denne delen av rekneskapen i 2011. 11

Kommunestyret 2007-2011 AKTIVITET I tillegg til kommunestyre og kommunalutval (formannskap) har Åseral eit hovudutval for kvar avdeling/etat. Oversynet til høgre viser at det er store skilnader i kor mange saker hovudutvala handsamar. Av større saker som det er blitt arbeida med politisk i 2011 kan ein minne om: Revisjon av kommuneplanen Diverse samferdslesaker Kommunen si rolle i vidare utvikling av hytteområda, herunder avkloakkering av eldre felt Arbeid med Minne kultursenter Sentrumsplanen Agder Energi - Åseralprosjekt Antal møter Antal saker Kommunestyret 9 58 Kommunalutvalet 21 112 Arbeidsmiljøutvalet 3 17 Næringsutvalet 7 80 Teknisk utval 10 81 Oppvekst- og kulturutvalet 7 36 Helse- og sosialutvalet 7 29 Ordføraren har bidrege aktivt i dei fleste av sakene ovafor, men i tillegg bør nemnast at han har brukt mykje av si tid på: Diverse investeringsprosjekt/planarbeid skule og sjukeheim Oppfølging av VA-investeringar Bortelid/Ljosland som leiar av byggekomiteen Interkommunalt samarbeid i m.a. Lindesnesregionen, leiar frå hausten 2011. Minne - vedk. bygg og utstillingar 2 interkommunale stillingar som er lagt til Minne (museumsarbeidar og leiar av friluftsrådet) Diverse prosjekt i AE-regi og i AE-eigarforum Arbeid med heieplanen (fylkesdelplan) Styrearbeid SVR Frå hausten 2011 medlem av politisk samrådingsgruppe (PSG) i regionplan Agder. 12 Ordførar Oddmund Ljosland

Administrasjon Rådmann Rune Stokke Avdeling for teknisk og plan avd.sjef Arne Austrud Avdeling for helse, sosial og omsorg avd.sjef Anna Kaddeberg Avdeling for skule, kultur og oppvekst avd.sjef Bernt Elias Åsland Avdeling for natur og næring avd.sjef Øyvin Moltumyr Ved utgongen av 2010 var den administrative organiseringa den same som i førre årsmelding. Kommunestyret har i løpet av året gjort vedtak om ny administrativ organisering som skal setjast i verk i løpet av 2012. Vedtaket inneber ei samanslåing av avdeling for Natur og Næring og avdeling for Teknisk og Plan, til DRU (Drift og Utvikling). Tabellen viser at Bykle har høgare administrative kostnadar enn Åseral. På same måte som hjå oss er dette ein kommune med høgt aktivitetsnivå og eit omfattande tenesteproduksjon. Båe delar er tilhøve som vil virke inn på administrasjonskostnadane. BEHOV FOR ADMINISTRASJON? Tabellane over viser at målt pr. innbyggjar så går det med mykje pengar til administrasjon i Åseral kommune. Det er utan tvil ei målsetting å halde utgiftene til administrasjon på eit lågt, men forsvarleg nivå. I ein del samanhengar kan ein få inntrykk av at det som går med til administrasjon er bortkasta tid og pengar. Rådmannen ynskjer å understreke at administrasjonen på mange måtar er «limet» i organisasjonen. Dei som legg til rette slik at tenesteproduksjonen og prosjekt kan gå som kommunestyret ynskjer. Administrasjonen er også dei som ivaretek mange overordna oppgåver, slike som økonomifunksjonen og samordning av personalforvaltninga. Dette er funksjonar som ein organisasjon av Åseral kommune sin storleik, ikkje kan klare seg utan. Til slutt så har administrasjonen ansvaret for å drive med organisasjonsutvikling og å ivaretaka formelle prosessar i organisasjonen. Vi gjer visse organisatoriske tilpassingar i 2012 som vi reknar med at vil redusere administrasjonsutgiftene. Vi må bli betre til å føre utgifter som reelt sett er knyta til tenesteproduksjon på desse tenestene og ikkje under administrasjon. Så lenge utgiftene blir målt pr. innbyggjar vil Åseral kommune med få innbyggjarar og stor aktivitet alltid ligge høgt på lista over utgifter til administrasjon. Det får så vere. Når alt kjem til alt så er likevel det viktigaste at vi med oss sjølv veit at utgiftene til administrasjon ligg på det nivået vi har behov for. Rådmann Rune Stokke 13

Sentraladministrasjonen Rådmann Rune Stokke Stab Økonomi Svein Ove Nepstad økonomisjef Servicekontoret Odd Helge Liestøl leiar IKT Leif Rune Evje leiar Organisasjonskartet ovanfor viser organisering av sentraladministrasjonen før samanslåinga av IKT og servicekontoret. I staben inngår HR-rådgjevar og formannskapssekretær. REKNESKAP - PLANOMRÅDE 100 Drift: Rekneskap 2011 Budsjett 2011 Avvik B-R Rekneskap 2010 Rådmannen 4 200 326 4 080 294-120 032 3 264 174 Personal....1 032 696 947 000-85 696 1 146 698 Økonomisjef....1 763 801 1 899 500 135 699 1 544 018 sentraladm_org_kart.indd 1 27.05.11 09.21 Leiar IKT....779 157 1 298 000 518 843 1 356 540 Leiar servicekontoret 3 613 562 3 776 500 162 938 3 238 350 Sum....11 389 542 12 001 294 611 752 10 549 780........... Tabellen viser netto utgifter for kvart ansvar i sentraladministrasjonen sitt budsjett. Kolonna Budsjett 2011 viser budsjettet etter justeringar som er gjort i løpet av 2011, altså ikkje den ramma kommunetyret vedtok i desember 2010. Både budsjett- og rekneskapstala er inklusiv økonomiplantiltaka som blei finansiert ut over ordinær driftsramme i 2011. Totalt utgjorde desse tiltaka kr. 1 195 000,-. Av denne summen er i alt kr. 945 000,- løyvingar som ikkje skal inn i drifta i åra frametter. Nærare omtale av tiltaka finn ein under eininga som har hatt ansvaret for gjennomføringa av det. Rekneskapen viser at planområdet har unytta løyvingar på kr. 611 752,-. I hovudsak er dette knytt til innsparing i løn. Noko er også knytt til at tiltak som ikkje er gjennomført som planlagt eller blitt rimelegare enn planlagt. Overskridinga på rådmannen sin del av rekneskapen er knyta til arbeid med å få på plass rammeavtaler for handverkstenester. Dette gjer at vi no i større grad etterlever lov om offentlege innkjøp, men det blei eit kostbart prosjekt. Rådmannskontoret Dette omfattar HR-rådgjevar, formannskapssekretær og rådmann. Formannskapssekretæren har også oppgåva som kyrkjeverge. SÆRSKILTE LØYVINGAR I BUDSJETTET TIL RÅDMANNSKONTORET Evaluering av drift og fordeling av driftsrammar kr. 300 00,- Løyvinga er nytta til finansiering av omorganiseringsporsjekt... Kr. 175 000,- er sett av til fond for å finansiere økonomianalyse av KS-Konsulent DDV ekommunestrategi kr. 100 000,- Prosjektet er sett i gong, men er inntil vidare forskottert av... DDV. Løyvinga er sett av til fond for seinare utbetaling Sentral opplæringsplan kr. 60 000,- Dette er ikkje blitt utført. 14

Bustader i Stabakka Nord Prosjektet blir ført over investeringsrekneskapen og blei finansiert i to omgonger i 2010. Bygginga av 8 bustader er... fullført i tråd med løyva midlar. Kommunestyret vil bli førelagt prosjektrekneskapen. Prosjektet er fakturert med påkoplingsavgifter og gebyr for oppmåling i staden for ordinær tomtepris. AKTIVITET Ny HR-rådgjevar blei tilsett ved årsskiftet. Medarbeidaren er komen raskt i arbeid og har dermed vore til stor nytte for organisasjonen. Mykje av arbeidstida innafor rådmannskontoret går med til koordinering og tilrettelegging for den tenesteproduserande delen av kommuneorganisasjonen. Typisk døme er at mykje av det som er skriven under avsnittet «Personale og organisasjon» i denne årsmeldinga er utført ved rådmannskontoret. HR-rådgjevar og rådmann har det overordna ansvaret for ivaretaking av samarbeidet med dei tilsette sin representantar. Som i tidlegare år har samarbeidet vore godt og konstruktivt. I tråd med krav og intensjonar i IA avtalen har det blitt arbeida målretta for å redusere sjukefråveret i 2011 via tettare oppfølging og ekstra satsing på til rettelegging. I samarbeid med jordmora har det vore eit særleg fokus på å legge til rette slik at gravide kan unngå sjukemeldingar. Ein tør hevde at dette har vore vellukka. Omorganisering av administrasjonen var eit arbeid vi gjekk i gong med våren 2011. Etter rådmannen si vurdering blei prosjektet gjennomført på ein god måte og med få utfordringar Rådmannskontoret har og ei viktig rolle i å følgje opp interkommunale saker og interkommunalt samarbeid. Det som utmerkar seg er arbeidet i Lindesnesregionen og i DDV. Økonomikontoret Økonomikontoret har ved årsskifte 2,55 årsverk fordelt på tre tilsette. Eit vanleg arbeidsår på økonomikontoret er hektisk og det var også 2011. Det er problematisk å rekke alle oppgåvene på ein god måte med dei personelressursane ein har. Auken i den faste bemanninga med 20% stilling var difor kjærkomen. Meir om dette under. Den faste bemanninga ved kontoret er auka med 0,2 årsverk. Resursane blir brukt til å fylgje opp auka aktivitet og nye... investeringsprosjekt. Dette var eit av driftstiltaka i budsjettet... som det var gjeve midlar til, kr. 125 000,-. Skatteoppkrevjarfunksjonen er overført frå økonomisjef til ein medarbeidar ved kontoret. Økonomisystemet som kommunen bruker måtte oppgrad erast til ein ny versjon på ny plattform. Ei nødvendig oppgra dering som måtte gjennomførast for å bruke denne programpakka. Det har medført nokre forbetringar. Prosjektet blei... gjennomført hausten 2011 til ein utgift noko rimeligare enn... budsjettert. Kommunestyre bestemte i år 2010 at vi skulle foreta ein omtaksering av eigedomane som gir grunnlag for eigedoms-.. skatt. Arbeidet er gjennomført med bistand frå ein konsulent. Takstane blei endra med kr. 109,33 mill. og eigedomskatten auka med kr. 765 324,-. Direkte utlegg til konsulent var i... overkant av kr. 60 000,-. Budsjettet var på kr 200 000,-. Det har også i dette året vore arbeida med å forbetre rutinar for internkontroll og auke økonomikompetansen i adminis.. trasjonen. Dette arbeidet vil fortsette i 2012. Mange nye personar i administrasjonen med økonomiansvar samt nye vertskommunesamarbeid kor Åseral er vert, har medført mykje ekstra arbeid for kontoret. Åseral kommune har framleis, i saman med kommunar i regionen, engasjert Griff Kapital AS som uavhengig rådgjevar ved forvaltning av langsiktig kapital. Avkastninga for dette året blei eit lite tap på. Sentraladministrasjonen prøvde curling i Iddahallen i Kristiansand. Her er Ellen Ubostad Haaland klar for nokre timar på isen. 15

Servicekontoret Servicekontoret har i 2011 hatt 9 tilsette fordelt på 6,2 årsverk. Leiar på kontoret har det meste av året vore frikjøpt i 30 prosent av stillinga for å leie arbeidet med å få på plass nye heimesider for 11 DDV kommunar. I tillegg var ei av dei tilsette på kontoret frikjøpt i 40 prosent av si stilling fram til sumaren i samband med ruskartlegginga for 5 kommunar. Ein kompenserte ein del av denne frikjøpinga med å engasjere vikar, medan noko vart løyst med bruk av overtid. Året 2011 var generelt eit stabilt år på servicekontoret utan lengre sjukemeldingar. Hausten 2010 byrja arbeidet med å få på plass ei ny heimeside sidan den gamle var på veg ut frå leverandøren. Dette var eit arbeid som vart gjort parallelt i alle 11 DDV kommunar. Arbeidet var krevjande, men ein meiner resultat vart bra. Åseral har aldri tidlegare skåra så høgt på barometeret til difi. no i samband med måling av heimesider som dei gjorde hausten 2011. Åseral kommune har i 2011 blitt synlege innan sosiale media og då i fyrste rekkje facebook. Denne kanalen har vore nytta flittig for å nå ut med kommunal informasjon på fleire arena enn heimesida. Løyving på kr 60 000,- i samband med oppgradering av office, må ein sjå i samanheng med innføring av Desktop 2010. Eit felles lyft her gjer at dette vil vere klart for utrulling våren 2012. I september vedtok kommunestyre ei organisasjonsendring som skulle tre i kraft frå 1.1.2012. Her var mellom anna IKT lagt inn under servicekontoret. Dette arbeidet vart påbegynt hausten 2011 slik at alt var på plass innan utgangen av året. Servicekontoret kom ut med positive rekneskapstal i forhold til budsjett. Dette skuldast i fyrste rekkje frikjøp av tid for leiar i samband med webprosjektet. IKT-kontoret Eininga for IKT har for tida tre årsverk, kor to av desse er finansiert gjennom IDIVA-samarbeidet. Åseral kommune er vertskommune for IDIVA-samarbeidet. IDIVA driftar programvare for kommunane Audnedal, Marnardal, Hægebostad, Lindesnes, Sirdal, Farsund, Mandal og Åseral kommune gjennom dette samarbeidet. Me har tre hovudområder for det som driftast. Dette er HSO-programmer (Helse, Sosial og Omsorg), økonomi/ personalprogramvare og Sak og arkivsystem. I 2011 har IDIVA i realiteten teke seg av IKT-drifta hjå oss. Ei av dei store utfordringane på IKT i 2011 var eit stort arbeidspress som skuldast ei langtidssjukemelding. Det har vore vanskeleg å få inn ressursar til å kunne løyse dette. Dette vart løyst i romjola med tilsetjing av ein vikar frå februar 2012. Ein vonar difor på betre tider og mindre bruk av overtid i 2012. Det har vore gjort omfattande arbeid på IKT-infrastrukturen i 2011. Dette var eit arbeid som byrja i 2010 og som ein rek nar med å fullføre i løpet av våren 2012. Mykje av dette arbeidet har vore i IDIVA sin regi, men Åseral vil òg dra nytte av dette. Det var for 2011 sett av kr 100 000,- til innkjøp av server som kommunen sin del i IDIVA samarbeidet. Denne serv eren er no på plass. Ein har arbeid med innføring av Desktop 2010 kor dei nyaste utgåvene av officeprogrammene er ein viktig del. Utover hausten 2011 har me hatt denne ute på test hos einskilde klientar og ein vonar å ha dette på plass i heile kommunen i løpet av våren 2012 I løpet av 2011 er det installert eit trådlaust nett på dei ulike møteromma i kommunen. Ei tilhøyrande heimekontorløysing vart og sett i drift. Eining for IKT kom ut med positive rekneskapstal i forhold til budsjett. Dette skuldast at stillinga som IKT konsulent i kommunen ikkje har vore aktiv i 2011. 16

Avdeling skule, kultur og oppvekst Avd SKO Bernt Elias Åsland avdelingssjef Diverse fagtenester Kyrkjebygd skule Åse Marit Tveit / Aina Bjørndal rektor Åseral barnehage Kirsten Austenaa barnehagestyrar Avdelingssjef PLANOMRÅDE 200 Gjennom året 2011 har avdelinga hatt stor aktivitet på fleire område. I tillegg til ordinær drift har det vore brukt spesielt mykje tid på ombygging av eksisterande skulebygg og førebuing til oppføring av nytt ungdomsskulebygg samt fotballbane/friidrettsanlegg. Det har vore fleire detaljar ved drifta på Minne kultursenter som har vore arbeidd med, her blant anna ombygging av kjellaren til arkeologisk utstilling. Avdelinga har fått friluftsmedarbeidar i 100% stilling, der 50% er leiar av friluftsrådet i Lindesnesregionen og 25% er arbeid i Audnedal. Den resterande 25% delen av stillinga er arbeid her i kommunen som gjorde det naudsynt å endre litt på arbeidsoppgåvene innan kulturområdet. Leiargruppa i avdelinga har fokus på samarbeid og kommunikasjon med møter minimum kvar 14. dag med drøftingar om felles oppgåver. Hausten 2011 sette vi i gang eit større arbeid i barnehagen og skulen der vi arbeider med ein verksemdplan. Vi ønskjer å bli mest mogleg samkøyrt og få implementert gode rutinar for å kunne yta og gje eit best mogleg tilbod til brukarane. Hovudmålsetjinga er heile tida at Åseral skal vera ein god oppvekst- og trivselskommune. ØKONOMISK RESULTAT Område Rekneskap 2011 Budsjett 2011 Avdelingssjef 200....1 281 857 1 303 000 Barnehagen 210...5 450 799 5 450 795 Skulen, VO, SFO, GRVO 18 664 383 17 088 000 Kulturkonsulent....4 041 643 4 125 526 Integreringskonsulent 2 210 127 2 100 000 TOTALT 31 648 809 30 067 321 Som tala syner kjem botnlina for avdelinga samla ut med eit meirforbruk. Dette utgjer omlag 5%. Skulen har det største meirforbruket og det skuldast i all hovudsak stor auke i spesialundervisninga både på skulen og i GRVO ( grunnskulen for vaksne). På eit år har vi gått frå vel 8 % spesialundervisning til ca. 13%. Auken i spesialundervisninga blei varsla i kommunalutvalet allereie i mars 2011. Målsetjinga framover vert at kvart ansvarsområde skal koma ut mest mogleg i balanse innafor tildelt ramme. Investeringar jf. handlingsprogrammet - status og framdrift Ubrukte midlar til anlegg i idretts- og friluftsplanen er sett av på fond. Ettersom berre eit fåtal av dei finansierte anlegga kom attende med godkjent rekneskap frå revisor blei meste dela av beløpet sett av på fond. Lærar PCàr er komplimentert og fungerer bra DDV Feide -felles pålogging for elvar gjennom skuleløpet. Det blei oppretta ei arbeidsgruppe i DDV som Åseral var med i, men arbeidet blei for omfattande og inn til vidare er det sett på vent. Minne Kjelleren blei ombygd til den arkeologiske utstillinga og det er nå lagt til rette for den kulturelle skulesekken Kylland grendehus og badeplass. På grunn av mangel på kapasitet er arbeidet utsett. Investering i grendehuset blir søkt med i 2012. 17

Åseral Barnehage PLANOMRÅDE 210 STATUS Barnehagen hadde i 2011 totalt 18 tilsette i faste stillingar, vikariat og praksisplassar. Desse 18 tilsette fordeler seg att på einingsleiar, 6 pedagogar, 7 fagarbeidarar, 2 assistentar og 2 praksisplassar. Våren 2011 var eit stabilt halvår for personalet, men hausten 2011 hadde vi mykje sjukefråvere og ferie som skulle takast att grunna sjukdom i ferien. Det skapte store utfordringar personalmessig. Det har i tillegg vore vanskeleg å rekruttere tilkallingsvikarar, som gjer at belastninga på dei fast tilsette har vore stor. Gjennom 2011 har barnehagen hatt jamn storleik på barnegruppene. Det blei ei merkbar endring i barnegruppene frå august 2011. I juni 2011 hadde barnehagen 55 barnehagebarn, ved oppstart att i august var det 41 barn som tok til i barnehagen. Ved utgangen av året hadde 42 barn barnehageplass. Av desse var 18 barn under tre år, sidan denne gruppa tel dobbelt blir talet på plassar i alt 60. Ved utgongen av 2011 var det totalt 58 førskulebarn i kommunen i alderen 0 6 år, ein nedgang på 4 barn frå 2010. Netto driftsutgifter pr. innbyggar 1-5 år, barnehagar Tekst/ regnskapsår 2011 2010 2009 Åseral Kommune 133 708 70 980 65 000 Kommunegruppe 6 133 974 30 285 30 253 Gjennomsnitt Vest-Agder 99 193 14 309 13 768 Gjennomsnitt landet 108 696 16 511 16 038 * Tala syner stor auke frå 2010 til 2011. Dette skuldast at staten la om finansieringa frå øyremerka midlar pr. born til direkte overføring i kommunen si ramme. MÅLOPPNÅING. Dei barn som ønskte barnehageplass fekk i 2011 den barnehageplassen dei søkte om. Hovudsatsinga i 2011 har vore kropp, rørsle og helse, og kunst, kultur og kreativitet der dei øvrige fagområda frå rammeplanen er knytt inn i desse satsingsområde. Vi har arbeid med å halde utviklinga av IKT kompetansen hos personalet i gang. Det er lagt til rette for eige datarom for barna på den eine avdelinga. Dei andre avdelingane har tilgang på data på sjølve avdelingane. Vi har i 2011 halde fram med arbeid for å skape eit godt arbeidsmiljø. Det er arbeidskrevjande, men gir resultat når ein har fokus på temaet. Handlingsplan for arbeidsmiljø er evaluert og ny plan under utarbeiding. Personalet trivst på arbeidsplassen og gir tilbakemelding om at arbeidsmiljøet er godt. Barnehagen har gjennom dei tverrfaglege gruppene i kommunen arbeid med to prosjekt. Barn i rusfamiliar og Kvello-modellen. Begge desse prosjekta var i start fasen i 2011 og skal halde... fram i 2012. Vi har arbeid med vaksenrolla. Dette har vi gjort gjennom kurs med eksterne og interne arrangørar. Fokuset har vore på korleis vi er som vaksne saman med barna, og korleis vi kan utvikle eit godt samspel. Arbeidd med sunt kosthald og spesielt fokus på fysisk aktivitet i samarbeid med folkehelsegruppe. Avdelingane har teke aktivt i bruk RØRIS. Styrar har vore rettleiar for to barnehagar i fylket i programmet Være Sammen, som er eit program for sosial kompetanse i barnehagen. Element frå dette programmet har også Åseral Barnehage fått ta del i eks. temasamling om vaksenrolla i barne-.. hagen. 18 Luciafeiring i barnehagen

MÅL FRAMOVER Utarbeide verksemdsplan for avdeling kultur og oppvekst, med eige underplan for barnehagen Arbeide for godt arbeidsmiljø, fysisk og psykososialt Utvikle barnehagetilbodet i samsvar med behovet og i nært samarbeid med brukarane. Gjennomføre brukarundersøking for foreldre Gjere arbeidsmåla i rammeplanen til ein del av kvardagen i barnehagen, i tillegge fokusere på IKT. Halde fram med å utvikle den faglege kompetansen i personal gruppa gjennom kurs og opplæring internt og eksternt. Både når det gjeld det pedagogiske og innanfor IKT. Halde fram med tverrfagleg samarbeid, tidleg intervensjon saman med barnehage, helsestasjon og barnevern. Gjennom føre prosjekta Barn i rusfamiliar og Kvello modellen. Åseral barne- og ungdomsskule, SFO, grunnskule for vaksne og vaksenopplæringa PLANOMRÅDE 220 STATUS Ved skulestart 2011/2012 var det 152 elevar ved skulen. Vi hadde 25 pedagogar,12 fag-/miljøarbeidarar, ein sekretær og tre praksisutplasserte tilsette. Fire av pedagogane har hatt delar av arbeidet sitt i vaksenopplæring eller grunnskuleopplæring for vaksne. SFO har 20 born dette året. Fem fagarbeidarar har delar av stillinga si i SFO. Netto driftsutgifter pr. innbyggar 6-15 år, grunnskulen Tekst/ regnskapsår 2011 2010 2009 Åseral Kommune 164 848 140 276 117 593 Kommunegruppe 6 142 014 129 885 123 655 Gjennomsnitt Vest-Agder 92 696 88 360 85 108 Gjennomsnitt landet 93 367 87 477 83 157 MÅLOPPNÅING Dette året har skulen halde fram med arbeidet som gjeld vurdering for læring. Vi har arbeidd mykje med måloppnåing knytta direkte til mål i Kunnskapsløftet, samstundes som vi. har hatt fokus på at måla skal vere tydelege, målbare og konkrete. Etter-/vidareutdanning - Mykje av etterutdanninga går som tidlegare føre seg i samarbeid med Pedagogisk Senter i Mandal. Vi har hatt fagarbeidarar og lærarar på kurs i deira regi, m.a. har skulens inspektør og ein lærar delteke på kurs i skuleleiing. Pedagogisk senter har og hjulpe til med arbeidet vi har satt i gong som gjeld å lage ein plan for verksemda. Eit av våre største satsingsområde dette skuleåret har nemleg vore å utarbeide denne planen. Vi ynskjer å fokusere arbeidet vårt omkring dei områda der vi ser at vi kan gjere forbetringar. Som ein oppstart på dette året valde vi å gjennomføre ein ståstadsanalyse for alle skulens tilsette. Vi analyserte og resultata frå dei nasjonale prøvane, og hadde fleire lange diskusjonar på trinn og i plenum i personalet før vi vart einige om to større satsingsområde. Desse to er lesing som grunnleggjande ferdigheit i alle fag og respekt/toleranse. Etter at arbeidsgruppa vart einige om at dette skulle vere våre fokusområde har den foreløpige planen også blitt presentert for FAU og Samarbeidsutvalet ved skulen. Våren 2012 blir det sak i oppvekst- og kulturutvalet. Nærområda rundt skulen vert nytta til mange ulike aktivitetar gjennom heile året. Personalet er dyktige til å organisere og ta initiativ til ulike aktivitetar. Skulen samarbeider godt med ulike andre faginstansar som barnehage, barnevern, integrering, helsestasjon, PPT og barneog ungdomspsykiatrisk avdeling i regionen. Vi har no i tillegg til møter der enkeltelevar blir handsama, også faste samarbeidsmøter med helsesøster og integreringskonsulent. Dette skuleåret har vi og arbeidd mykje med skule-heim samarbeidet. Vi har laga eit nytt årshjul for vurdering og samarbeid med heimane. Her legg vi vekt på at elevane skal få ei framovermelding der dei set seg nye individuelle mål for eige læring i lag med læraren og dei føresette. Dette er i... tråd med dei nye vurderingsforskriftene. Vi har og utarbeidd ein ny mal for foreldresamtalar som samsvarar med dette. Skulens trivsels- og ordensreglement er blitt oppdatert i forhold til opplæringslova. Reglementet inneheld no tre delar: 1.Reglar om elevåtferd, plikter og rettar. 2. Reglar om sank sjonarog andre tiltak om ordensreglane ikkje vert fylgde. 3.Reglar om sakshandsaming og framgangsmåte om reglane vert brotne. I den årlege trivselsundersøkinga blant 7. og 10. trinn kom vår skule best ut av alle kommunane på Agder. Til tross for dette, ser vi at vi har ei utfordring i høve til å arbeide med miljøet. Dette har kome tydeleg fram i ståstadsanalysen, der respekt/ mangel på respekt er noko som peiker seg ut. Rapporterte mobbesaker er få, dette er noko vi stadig set søkelyset på... i personalet, og set inn tiltak så snart vi har mistanke om slikt. Ved vaksenopplæringa har vi også siste året hatt grunnskuleopplæring for vaksne i tillegg til norsk med samfunnskunnskap. Norsk-.. opplæringa hos oss går føre seg på dagtid. Resultat på nasjonale prøver, grunnskulepoeng og eksamen er det vanskeleg å bruke som indikatorar på kvalitet om ein ser det frå år til år. Det eine året ligg vi på topp i fylket, neste år kan vi ligge på botnen. For å kunne bruke desse resultata må ein, på grunn av lite elevgrunnlag, sjå snittet gjennom mange år for å få tal som kan brukast. Det vi har merka oss av dei siste resultata er at vi har eit arbeid å gjere når det gjeld lesing og leseforståing, difor har dette blitt vald ut som eit av satsingsområda våre når det gjeld planen for verksemda. Dette skuleåret har vi og starta opp med Ny-Giv, som er eit tiltak initiert av Kunnskapsdepartementet. Ny-Giv inneber at ei gruppe elevar på 10. trinn får tilbod om ekstra hjelp det siste halve skuleåret når det gjeld lesing og rekning. Så langt... ser det ut til at dette fungerer svært bra, elevane og deira... føresette gjev uttrykk for at dei er svært nøgde og det same gjev lærarane som har ansvar for dette uttrykk for. To av skulen sine lærarar er omdisponert i to timar kvar i veka for å vere. ansvarlege for Ny-Giv. Dei har vore på opplæring i Oslo... to gonger, og har og delteke på fleire samlingar i regionen i. lag med andre lærarar som har dette ansvaret. Avdelingssjef... og rektor har og delteke på fleire av desse, for å få informasjon og hjelp til å organisere Ny-Giv. 19

MÅL FRAMOVER Kompetanse- Rekruttering av personale er framleis utfordrande i ein del fag, noko som gjer at vi har måtte tilsetje ufaglærte... personar i delar av lærarstillingar. Arbeidet med å rekruttere i språkfag er det difor viktig å halde fram med. Ressursar- Leiinga ved skulen får stadig tilbakemeldingar om høgt arbeidspress frå personalgruppa. Mange utfordrande elevar krev sitt, likedan har utbyggjinga ved skulen ført til mellombels løysingar dette skuleåret. Nytt personalrom og ombyggjing av andre areal var svært velkomen. No ser vi fram til at nytt ungdomsskulebygg står klart hausten 2012. Resultat- Åseral barne- og undomsskule har som mål å liggje minst på fylkesgjennomsnittet på nasjonale prøver og avgang skarakterar. Skulen sin plan for verksemda skal vere i aktiv bruk hausten 2012. Målet er å ha ein skule med gode resultat både når det gjeld miljø, trivsel og faglege resultat. Kulturkonsulenten PLANOMRÅDE 240 Kulturkonsulenten har i 2011 hatt eiget ansvarsområde, og økonomisk ansvar for fleirbrukshall, bibliotek og ungdomsklubb. Det er gjeve tilskot til Bygdeutstillinga og Eikerapen Roots Festival som ein ser som særs viktige for kulturlivet i bygda. Vidare er det utdelt kulturmidlar til elleve lag og foreiningar. Eivind Rosseland Stokke og Andrea Thorsland delte kulturstipendet og fekk 5000 kr. kvar. Kulturkonsulenten har vore involvert i fleire aktivitetar i løpet av året, blant anna Ungdommens kulturmønstring, koordinering av bygdekino, den kulturelle skulesekken, 17.mai-arrangement, Internasjonal dag med matfestival og andre aktivitetar. Etter erfaringar frå 2010 blei det ikkje laga kulturkalender i 2011. FRILUFTSMEDARBEIDAR, LEIAR AV FLiR Som tidlegare nemnt er det dette året tilsett friluftsmedarbeidar i 25 % stilling. Denne har m.a. overteke ansvaret for plan og finansiering av idrett- og friluftsanlegg i kommunen. Stillinga er del av ei regional stilling, der 25 % er knytt til tilsvarande oppgåver i Audnedal kommune og 50 % er knytt til Friluftsrådet for Lindesnesregionen (FLiR). Åseral kommune er vertskommune for heile stillinga. Friluftsmedarbeidaren har i 2011 revidert Plan for idrett og fysisk aktivitet, og fokus dette året har vore arbeid med planar for uteskuleområdet. Planen omfattar m.a. ny 11 er bane og friidrettsanlegg, men og ein heilskapsplan for heile området frå skulen opp mot industriområdet. Vidare har utvikling av turområder nær busetnad og utbyggingsområder, vore ein viktig del av arbeidet. MÅL FRAMOVER Gjennom styrking av regionens friluftsråd, samt omdisponering av delar av kulturstilling med dreiing av fagfokus meir mot idrett og friluftsliv, ynskjer ein å vere tydelegare på friluftslivets mogelegheitar og rolle. Friluftslivet må ein sjå på i samanheng med m.a. kommunalt planarbeid, reiseliv, folkehelseutvikling og dei utfordringane samhandlingsreformen gjev kommunen. Eit tett og godt samarbeid mellom friluftsliv, helse, plan og reiseliv er i så måte viktig for å få til eit godt og funksjonelt tilbod for fleire målgrupper. 20 FLiR arrangerte vintercamp for ungdom, her lærer de kiteing i Eikerapen