KURSKATALOGEN 2014 INTERNOPPLÆRING FOR ALLE TILSETTE. Askvoll kommune Rådhuset Boks 174 6988 Askvoll



Like dokumenter
NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane. IA-kurs hausten Kurstilbod for IA-verksemder

Rektorvedtak. Aktivitetsplan for IA arbeidet ved HiSF Innhald aktivitetsplan for IA arbeidet ved HiSF

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 09.00

RETNINGSLINJE FOR HANDTERING AV KONFLIKT

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Eva Marie Halvorsen (arbeidsgjevar), Åse Løkeland (1. vara arbeidsgjevar) 1/ / Godkjenning av innkalling og sakliste 2

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 09.00

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

Invitasjon til kurs og haustsamling oktober 2015

Mål og handlingsplan for inkluderande arbeidsliv i Aukra kommune Vedteke i administrasjonsutvalet sak 6/16. E-phorte: Sak 2015/580-19

HMT-TILBOD. frå Helse-, miljø- og tryggleiksseksjonen. Godt arbeidsmiljø gir betre resultat HMT HELSE, MILJØ OG TRYGGLEIK

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær

18. RETNINGSLINJER FOR AKAN

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 1/13 13/241 OPPFØLGING AV TIDLEGARE VEDTAK I AMU 2/13 13/240 ÅRSRAPPORT FRÅ BEDRIFTSHELSETENESTA

Styresak. Forslag til vedtak: Føretak: Dato: Sakshandsamar: Saka gjeld:

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Gina Beate Holsen SAKA GJELD: HMS strategi i Helse Vest

Psykologisk førstehjelp i skulen

Vernerunde haust, med fokus på det psykososiale arbeidsmiljøet

Eva Marie Halvorsen har meldt forfall. Åse Løkeland (1. vara) og Rasmus Stokke (2. vara) er kalla inn, men har ikkje høve til å møte

Tilgangskontroll i arbeidslivet

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune Vedteke av kommunestyret

HELSE MILJØ OG TRYGGLEIK I FLORA KOMMUNE

NÆRVÆR MEIR ENN EN PROSENT

Varsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon

Etablerarkurs Sogn og Fjordane Fylkeskommune

TILDELING AV HELSE-OG OMSORGSTENESTER.

IA-webinar. Systematisk arbeidsmiljøarbeid. NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane. 24. Mai 2017 v/henny Oxholm

TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE

HMT-TILBOD. frå Helse-, miljø- og tryggleiksseksjonen. Godt arbeidsmiljø gir betre resultat

Sandeid skule SFO Årsplan

Arbeidsmiljø og trivsel. NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane

Møteinnkalling. Eventuelt forfall skal meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. Sakliste

HANDLINGSPLAN FOR FRÆNA VGS SITT IA ARBEID:

Korleis kan du i din jobb utvikle deg til å bli ein tydleg medspelar?

Rutine for varsling FORORD. Vedteke i kommunestyret den

MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR

Rutinar for intern varsling i Hordaland fylkeskommune

Fagdag om rusmiddelførebygging og rusoppfølging 26. november 2014

Invitasjon til kurs og haustsamling 2014

TYSNES KOMMUNE RETNINGSLINER FOR INTERN VARSLING AV KRITIKKVERDIGE TILHØVE

Hmt- handbok for. Sotra vgs.

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Vald og trusselhandlingar mot tilsette i skolen førebygging og oppfølging

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Skjema for HMS-GJENNOMGANG I BALESTRAND KOMMUNE Godkjent av: Arbeidsmiljøutvalet i møte XXXXX, sak XXXX. UTKAST AV

Rutine for varsling Høyanger kommune

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Prosjektplan prosjekt nærvær

Møtedato: Møtetid: Kl. 13: Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Programområde for helseservicefag - Læreplan i felles programfag Vg2

HMT-TILBOD. frå Helse-, Miljø- og Tryggleiksseksjonen Din bedriftshelseteneste! Godt arbeidsmiljø gir betre resultat

Etiske retningslinjer. for. folkevalde og tilsette. i Voss kommune

Retningsliner for å sikre heilskaplege og samanhengande helse- og omsorgstenester til pasientar med behov for koordinerte tenester

TYSNES KOMMUNE RETNINGSLINER FOR INTERN VARSLING AV KRITIKKVERDIGE TILHØVE


Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

HJARTEAVDELINGA REHABILITERING ETTER HJARTESJUKDOM

Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte.

Jølster kommune Rutine for varsling av kritikkverdige forhold på arbeidsplassen

TILBOD. frå Bedriftshelsetenesta HFK Godt arbeidsmiljø gir betre resultat

Forsand kommune Personalkontoret

TRAINEE I SOGN OG FJORDANE

Generelle retningsliner for konflikthandtering i Flora kommune

Rus og psykiatri - utfordringar sett frå kommunane korleis løyse store utfordringar innan feltet åleine eller saman? v/ Line Glesnes og Monica Førde

Invitasjon til Vinterfestivalen i Myrkdalen 2012

Samarbeid om IKT-løysingar lokalt

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

TYSNES KOMMUNE LIVSFASEPOLITIKK

Informasjon til pasientar og pårørande

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember Møtedato: 8. desember Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg.

Retningsliner for AKAN-arbeid

Styresak. Forslag til vedtak: Føretak: Helse Fonna HF Dato: Sakshandsamar: Saka gjeld:

Praktisk arbeid med Betre Tverrfagleg Innsats (BTI) i Årdal kommune,

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Nedbemanning/ omstilling. Stranda kommune

Kven tar vare på bonden? Landbrukets HMS-tjeneste si rolle i landbruket

Læreplan i felles programfag i Vg1 helse- og oppvekstfag

IA-webinar. Systematisk arbeidsmiljøarbeid. NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane. 8. Mars 2017 v/henny Oxholm

Leiarsamling i tannhelsetenesta - dag 2 HMS, bedriftshelseteneste og inkluderande arbeidsliv

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Styresak. Hilde Christiansen Rapportering på HMS og kvalitets området. Arkivsak 2014/146 Styresak 034/14 Styremøte

Rogaland Mållag. Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009

MØTE IN N KALLIN G Arbeidsmiljøutvalet AM U

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Transkript:

KURSKATALOGEN 2014 INTERNOPPLÆRING FOR ALLE TILSETTE Askvoll kommune Rådhuset Boks 174 6988 Askvoll Sist oppdatert 20. mars 1 2014

I tråd med målsettinga i «Kommuneplan for Askvoll 2011 2022 Samfunnsdelen» skal kommunen inneha fagleg god standard og legge til rette for kompetanseheving i organisasjonen. Våre medarbeidarar sin kompetanse er særs viktig med tanke på at vi både skal vere ein attraktiv og spanande arbeidsplass, men og for å kunne yte best mogeleg service til våre brukarar. Kursa er utan kostnad for tilsette og vert heller ikkje belasta einingane utanom det som måtte oppstå i samband reise til og frå kursstaden. Det er viktig at alle leiarane syt for at dei tilsette får kjennskap til internopplæringstilbodet og at dei tilsette får høve til å delta på flest mogeleg av arrangementa. Det er likevel klart at det ikkje vil vere mogeleg at alle deltek på ein gong, men at ein fordelar deltakinga rettvist. Nokre kurs er opne for alle, nokre har spesifikke målgrupper. Dette vil gå fram av innleiinga. Ein del av kursa er lagt opp som e-læringstilbod, nokre av desse har ein eigenandel for deltaking. Legg merke til dei obligatoriske kursa samt frist for gjennomføring av desse. Denne kurskatalogen vil verte oppdatert minimum 2 gongar kvart år. Eg vonar at det vi har å tilby av kurs i år vil vere både interessant, lærerikt og tek imot tilbakemeldingar årets tilbod og forslag til nye kurs for 2015 med takk. Tova Kjæmpenes Personalsjef 2

1. Kommunikasjon og samhandling Korleis har vi det når vi har det som best på arbeidsplassen? Målet med denne kursdagen er at kvar einskild i etterkant av kurset skal kunne sjå mogelegheiter til å vere med å påverke både eigen arbeidskvardag og arbeidsmiljøet som heilskap. Godt arbeidsmiljø er avhengig av at alle bidreg og gjer sitt beste. For å kunne gjere ditt beste som kollega og tenesteytar er det viktig å kjenne til både korleis du påverkar omgjevnadane dine og korleis omgjevnadane påverkar deg. Kva styrker har du? Og korleis kan du bruke desse til å bidra til å skape den arbeidsplassen du ønskjer deg? Dato: Tysdag 25. mars 2014 Tid: Kl. 11.30 til 15.00 Askvoll Fjordhotell Kurshaldar: Malin Pedersen, spesialrådgjevar KLP Målgruppe: Alle Påmeldingsfrist: 20. mars 2014 Dagen vert ein kombinasjon av førelesing, dialog og gruppearbeid. 3

2. HMT-satsinga i Askvoll kommune Kick-off for verneombod, tillitsvalde og leiarar I denne kick-off-en tek vi føre oss følgjande tema: Dato: Fredag 28. mars 2014 Tid: Kl. 13.00 til 16.00 Storstova, Askvollheimen Kurshaldar: Guri Handeland, FTHVO Helse Førde HF Målgruppe: Obligatorisk for hovudverneombod, verneombod, varaverneombod og alle leiarane Påmeldingsfrist: 20. mars 2014 Dei ulike rollene i HMT-arbeidet Verneombodet sine oppgåver Verneombod vs tillitsvald Samhandling med leiar Korleis ein kan bygge kompetanse innan HMT-arbeid Kva type saker VO skal/bør melde som sak til AMU og litt om funksjonen til AMU på generell basis Inhabilitet som verneombod Litt om dei ulike forskriftene og lovverket som VO må forhalde seg til Informasjon om det systematiske arbeidet verneomboda i Helse Vest har gjort og korleis vernetenesta der er bygd opp Det vil vere mogeleg å stille spørsmål undervegs. Målsettinga med dette kurset er at vi skal få i gang eit godt samarbeid med fokus på vernetenesta si oppgåve i organisasjonen i samarbeid med tillitsvaldapparatet og leiarane, med fokus på eit trygt og godt arbeidsmiljø for alle partar. 4

3. Konflikthandtering Kva gjer vi når ei konflikt har oppstått? Konflikttrappa: Dei fem tydelegaste trinna i ei konflikt Dato: Torsdag 3. april 2014 Tid: Kl. 9.00 til 12.00 Storstova, Askvollheimen Kurshaldar: Terje Svalheim og Kåre Gimmestad, NAV arbeidslivssenter Målgruppe: Alle. Obligatorisk for hovudverneombod, verneombod, varaverneombod og alle leiarane. Påmeldingsfrist: 25. mars 2014 Innhald Kva er ein konflikt? Korleis handterer vi konflikten som konflikt? Kva gjer vi når konflikten har ført til brot på Arbeidsmiljølova? Ei innføring i «Det gjenopprettande perspektivet» Kurset tek føre seg konflikt i ulike former. Kva er ei konflikt og korleis handterer vi den? Det vert skilt mellom konflikten som eit naturleg fenomen i arbeidsmiljøet, og konflikten som rota til brot på Arbeidsmiljølova. Vidare vert det skilt mellom kva vi gjer ved konflikt, og kva vi gjer når konflikten har ført til eit lovbrot. Kurset vil gje deg eit grunnlag for å utvikle eigne rutinar for konflikthandtering i verksemda. Mål Å gje deltakarane ei innføring i konflikthandtering Det er mogeleg å stille spørsmål undervegs. 5

4. Service i kommunane - Organisering og haldning for å verte best Målsettinga med kurset er at du skal verte medviten om kva som skal til for å yte framifrå service. Du får kunnskap om kva som er god service og mogelegheiter til å omsette dette til din eigen kvardag. Kurset har og som mål at du skal verte meir kjent med din eigen og dine kundar sin personlegdom, for å kunne utvikle deg sjølv som servicemedarbeidar. Dato: Torsdag 8. mai 2014 Tid: Kl. 9.00 til 15.00 Kurshaldar: Målgruppe: Askvoll Fjordhotell Jan Gimse Arfeldt, psykolog, Fagakademiet Alle. Påmeldingsfrist: 29. april 2014 Servering av kaffi/te og frukt. Felles lunsj kl. 11.30 til 12.30. OBS: Ver venleg å melde i frå om du har matallergiar som vi må ta omsyn til ved val av lunsj. Tema for dagen: Framifrå service Organisering av servicetilbodet og personleg service. Kva gjer dei beste annleis? Preventive forholdsreglar for å skape gode kunderelasjonar og unngå vanskelege situasjonar. Forståing for sinne og aggresjon, handtering Telefonkommunikasjon Korleis gje avslag/seie «nei» på ein positiv måte Kva skal ein tolerere? Praktiske øvingar Eigen personlegdom i høve kundar og kollegaer Vegen vidare: Metodikk for løpande serviceutvikling: «Anerkjennande intervju» som metode for å vidare-utvikle god service. 6

4. IA-avtalen Tilsette og arbeidsgjevar sin medverknadsplikt i sjukefråværsarbeidet IA-avtalen sitt overordna mål er å førebygge og redusere sjukefråvær, styrke jobbnærværet og betre arbeidsmiljøet, samt hindre utstøyting og fråfall frå arbeidslivet. Frå 2014 skal det inngåast ei ny avtale for neste periode. Dato: 28. mai 2014 Tid: Kl. 9.15 til 11.30 Storstova, Askvollheimen Kurshaldar: Terje Svalheim, NAV arbeidslivssenter Målgruppe: Alle I dette kurset vil du som medarbeidar og leiar få informasjon om rettar og pliktar for begge partar i samband med sjukefråvær. Det er mogeleg å stille spørsmål undervegs. Påmeldingsfrist: 21. mai 2014 7

5. Pensjon Kva er nytt og kva bør du vite som arbeidstakar på ulike stadium i arbeidslivet Pensjon kva er nytt og kva bør du vite som arbeidstakar på ulike stadium i arbeidslivet. Dette kurset er både ei kort innføring i pensjonsordninga og ei mogelegheit til å få ein ein-til-ein-samtale med pensjonsrådgjevar frå KLP. Dei som kjem med ferje kan ha samtala i oppsett kurstid. Alle som har meldt seg på 1-til- 1 samtalar med KLP for rådgjeving knytt til eigen pensjon vil få tilsendt tidspunkt når påmeldingsfristen er gått ut. Dato: 28. august 2014 Tid: Kl. 9.15 til 11.30 Kurshaldar: Målgruppe: Storstova, Askvollheimen Anders Austrheim, KLP Pensjon og Runar Hellem, KLP Forsikring Alle Alle er hjarteleg velkommen til å høyre på innleiingsføredraget. Dei som ønskjer samtale med KLP-rådgjevar må hugse å notere dette i påmeldinga. Påmeldingsfrist: Onsdag 20. august 2014 8

6. Grunnkurs HMT og leiarkurs HMT 40 timars kurs i arbeidsmiljø og HMT-opplæring for leiarar i høve arbeidsmiljøloven 3-5 HMS grunnkurs, 23. og 24. september, oppfyller arbeidsmiljøloven sitt kravet om 40 timar dokumentert HMT-opplæring av verneombod, fyrstelineleiarar og medlemmar av AMU. Kurset gjev ei innføring i kva helse-, miljø- og tryggleiksarbeid HMT inneber for verksemda og den einskilde arbeidstakaren. Det vert gjennomført som to dagar i klasserom kl 09.00-16.00, og e-læring, som vert gjennomført på dei ulike arbeidsplassane. Dato: 23. til 25. sept. 2014 Tid: Kurshaldar: Målgruppe: Felles lunsj kl. 11.30 til 12.15. Kl. 9.15 til 15.00 kvar dag Askvoll Fjordhotell BHT Stamina Helse Obligatorisk for: verneombod (inkl. HVO og vara), alle leiarane og medlemmar av AMU Påmeldingsfrist: 17. september 2014 OBS: Ver venleg å melde i frå om du har matallergiar som vi må ta omsyn til ved val av lunsj. HMT-opplæring for leiarane, 25. september, oppfyller det obligatoriske kravet i AML 3-5. For å kunne ta dei rette avgjerdene i høve arbeidsmiljøet, skal arbeidsgjevar inneha kunnskap om kva krav som gjeld i samband med det systematiske helse-, miljø- og tryggleiksarbeidet i organisasjonen. Dette er eit 1-dags kurs i etterkant av grunnkurset. Mellom anna vert følgjande tema omtala: Arbeidsmiljøloven med føreskrifter Arbeidsmiljøutvalet AMU IA-avtala Avvikshandtering melding av uønska hendingar Nytteeffektar av HMT-arbeidet Rolle og ansvar i HMT-arbeidet Krav til internkontroll Verkemiddel i HMT-arbeidet Verneombod og arbeidsmiljøutvalet Krav til arbeidsmiljøet Det psykososiale arbeidsmiljøet 9

7. På saklista! Nynorsk språk- og dokumentlære for lokalforvaltninga Program for første dag: - Status mål motivasjon for kurset - Offentleg skriftspråk privat skriftspråk, - kven skriv vi for? - Mållova - målbruksplanar - Offentlege brev (malar, teikn og skrivereglar) - Ulike dokument (referat, protokoll, notat, rapport, melding, avtale/kontrakt m.m.) - E-post, SMS, heimeside m.m. Ulike øvingsoppgåver undervegs. Dato: 1. og 2. oktober 2014 Tid: Kurshaldar: Målgruppe: Felles lunsj kl. 11.30 til 12.15. Kl. 9.15 til 15.00 kvar dag Askvoll Fjordhotell Jostein Mo, Ørsta kommune i regi av Høgskulen i Sogn og Fjordane Obligatorisk for: verneombod (inkl. HVO og vara), alle leiarane og medlemmar av AMU Påmeldingsfrist: 22. september 2014 Program for andre dag: - Sakshandsamar-rolla - Å skrive ei god saksutgreiing (utgreiing, konklusjon) - Pressemelding, informasjonsarbeid - Faguttrykk, forkortingar - Ordval (kva med an-be-het-else?) - Teknisk rettskriving (komma, punktum, eitt eller to ord o.s.v.) - Ordlista som hjelpemiddel - Den gode nynorsken - Kva har vi lært? - Kursevaluering Ulike øvingsoppgåver undervegs. Arbeidsform: Førelesing, drøftingar, eigne røynsler og konkrete døme, øvingsopppgåver Kursbok: Fretland: På saklista (Oslo, 2006). Kursboka vert delt ut gratis til deltakarane på kurset. OBS: Ver venleg å melde i frå om du har matallergiar som vi må ta omsyn til ved val av lunsj. 10

8. Psykososialt arbeidsmiljø Det psykososiale arbeidsmiljøet er den einskilde si oppleving av dei sosiale og psykologiske tilhøva på arbeidsplassen, både i positiv og negativ forstand. Dette er introduksjonen til arbeidsmiljøkartlegginga som skal finne stad i Askvoll kommune i 2014. Psykososialt arbeidsmiljø omhandlar organisatoriske tilhøve i arbeidslivet og dei psykiske og sosiale påverknadane mennesket vert utsett for der. Dei psykiske og fysiske reaksjonane på desse påverknadane og dei sosiale relasjonane i miljøet er ein naturlig del av dette. Sentrale problemstillingar er: tilhøvet mellom dei einskilde menneska tilhøvet mellom mennesket og teknologien tilhøvet mellom mennesket og organisasjonen Dato: Nov./Des. 2014 (dato kjem) Tid: Kl. 9.00 til 16.00 Kjem Kurshaldar: BHT Stamina Helse Målgruppe: Alle Spesielt viktig for verneombod (inkl. HVO og vara), alle leiarane og medlemmar av AMU Påmeldingsfrist: Dato kjem Vi ønskjer å kartlegge, analysere og påverke dei psykososiale faktorane slik at jobbtilfredsheit, trivsel, motivering, god helse, nærvær og produktivitet aukar, medan risikofaktorar som medfører stress, fråvær, sjukdom, skader og ulykker vert redusert. Dette kurset startar med ein introduksjon til kva dette er og korleis det vert handsama før ein set i gong med sjølve kartlegginga. 11

9. E-Læringskurs E-læringskursa innan brannvern, informasjonstryggleik og teieplikt er obligatorisk for alle (markert med *). Merk at nokre av kursa er tilpassa spesifikke yrkesgrupper og vil såleis berre vere obligatorisk for desse. Det vil komme meir informasjon om påmelding, målgrupper og innhald i kursa. 1. Brannvern i omsorgsinstitusjonar* 2. Brannvern i heimetenesta* 3. Brannvern i oppvekstsektoren * (barnehage/skule) 4. Brannvern- generelt * (administrasjonsmedarbeidarar) 5. Informasjonstryggleik * 6. Informasjonstryggleik på legekontoret* (Modul 1 for legar/leiar og modul 2 for medarbeidarar) 7. Teieplikt* - generell 8. Helsepersonells taushetsplikt* - Vern av pasientens integritet i helsepersonells samtaler med pasienten 9. Ergonomi pleie og omsorg/sakshandsamarar (evt. kurs med instruktør) 10. Etiske dilemma det å ta viktige avgjerder som får store konsekvensar for andre menneske sitt liv. 11. Opplæringsprogrammet pårørande for tilsette og leiarar i kommunale og spesialiserte tenester (psykisk helse, rus, somatikk). Programmet skal stimulere til refleksjon rundt eigen praksis og til å utvikle gode rutinar i møte med barn og vaksne pårørande. Kurs med eigenandel (må avtalast med leiar) 12. Legemiddel-/medikamentrekning for sjukepleiarar (kr. 100,-) 13. Basiskurs i smittevern og hygiene for personell i helsetenesta (kr. 565,-) 14. Grunnkurs i epilepsi for helsepersonell (kr. 300,-) 15. Epilepsi, utviklingshemming og sjeldne epilepsirelaterte syndrom (kr. 300,-) 16. Grunnkurs legemiddelhandtering (kr 1050,-) for personell i helsetenesta tilpassa helsefagarbeidarar og assistentar. MERK: Kurs med eigenandel kan verte gratis til hausten, det kan difor løne seg å avvente dette. 12

10. Komande kurs Det er planlagt ein del kurs til hausten, der ein framleis ikkje har oversyn over tidspunkt og dato. Desse kursa er nemnde nedanfor. Det vil evt. og komme fleire kurs basert på etterspurnad og behov utover hausten. Så snart dato/tidspunkt er avklara vil denne kurskatalogen verte oppdatert. 1. Generelt førstehjelpskurs for alle tilsette, 3 timar 2. Ergonomiopplæring a) Forflyttningsteknikk (pleie og omsorg), 3 timar b) For personar med stillesitjande arbeid, 1,5 timar 13