MÅLRETTA PROSJEKTSTYRING I SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE

Like dokumenter
DATO: SAKSHANDSAMAR: Kjell Inge Solhaug SAKA GJELD: Internrevisjon - Planlegging for gevinstrealisering i byggeprosjekt

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

PROSJEKTPLAN SAMAN OM EIN BETRE KOMMUNE

I forkant av møtet, og etter avslutning av møtet, vart det gjennomført opplæring i bruk av ipad.

Skjema - enkel risikovurdering

Tilbakemelding på FT-sak 7/14 Tryggleik og beredskap - Rapport

PROSJEKTDIREKTIV. Om prosjektet

Styringsgruppa Utviklingsplan HMR HF

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Prosjektplan. Nye Undarheim skule. Alternative løysingar. Kvinnherad kommune. Prosjektplan Nye Undarheim skule Side 1

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Saksnr Utval Type Dato 008/18 Formannskapet PS Formannskapet vedtek følgjande medlemmer til den politiske arbeidsgruppa:

Saksframlegg. Forvaltningsrevisjon - Nasjonal digital læringsarena - NDLA SAKSFRAMSTILLING. 1. Bakgrunn for saka

Prosjektplan. Prosjektet reguleringsplan skuleområdet Husnes. gnr 145 bnr 1 m.fl. 1. Mål og rammer

PROSJEKTPLAN. - TOPP - idrettsutvikling for ungdom år

Prosjektplan Utgreiing av «kystkommunealternativet» Bremanger kommune Flora kommune Vågsøy kommune. Utkast for drøfting

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Plan for forvaltningsrevisjon Sogn og Fjordane fylkeskommune

SAKSFRAMLEGG. Saksnr Utval Møtedato Sakshandsamar 140/11 KOMMUNESTYRE Steinar Hole. Arkiv: FE-030

Framlegg til samarbeidsavtale og reviderte vedtekter for Vestlandsrådet

Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll

Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Oppfølging handlingsplan - Koordinerande einingar, individuell plan og koordinator

MERKNADER TIL REGLEMENTA FOR HOVUDUTVALA I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

DATO: SAKSHANDSAMAR: Arve Varden/Tom Guldhav SAKA GJELD: Plan for prehospitale tenester - arbeid med mandat for fase 2

Kvinnherad kommune prosjektstyring ANNE.GURI.KILDAL

Brukarutvalet i Sogn og Fjordane

VERKSEMDSBASERT VURDERING OG OPPFØLGING AV DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE

Plan for forvaltningsrevisjon

Oppfølgingsliste 3/2017

Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll

Prosjektplan. Utgreiing av «kystkommunealternativet» Bremanger kommune Flora kommune Vågsøy kommune

Innleiing. Obligatoriske planar

Hareid kommune Kommunedelplan for vatn og avløp Forslag til planprogram

SKODJE KOMMUNE. Reglement for kontrollutvalet jf. Kommunelova kap. 12 med tilhøyrande forskrift og rettleiar

Kvinnherad kommune Sekretariat for kontrollutvalet

Rolla til kontrollutvala i Sogn og Fjordane fylkeskommune og Hordaland fylkeskommune ved samanslåing - Arbeidsmøte 3

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær

Saksnr. Dok-ID Arkivkode Sakshandsamar Dato: 14/729 15/ RIF Vedlagt følgjer kommunestyret si handsaming og vedtak i saka.

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Plan for forvaltningsrevisjon

Oppfølgingsliste 2/2016

Arbeidsverkstad

Hyllestad kommune. Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll. Vedteke i kommunestyresak 64/16 den

Stryn kommune. Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll. Vedteken i kommunestyresak 56/16 den

Tysnes kommune Møteprotokoll

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Kommunestyresalen Saknr.: 19/12 26/12

Nye kommunar i Møre og Romsdal

Rogaland Kontrollutvalgssekretariat HJELMELAND KOMMUNE KONTROLLUTVALET PLAN FOR FORVALTNINGSREVISJON

1.1 Bakgrunn Prosjektet er ein del av oppfølginga av Styringsdokument for oppvekst Stord kommune vedteke i K-styret i sak 29/07 (juni 2007).

Trafikksikker kommune, Hordaland. Prosjektplan

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Rapport etter forvaltningsrevisjon av anbodskonkurransen om leige av omsorgsbustader

KONTROLLUTVALET I FJELL KOMMUNE

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet

PROSJEKTPLAN SAMAN OM EIN BETRE KOMMUNE

Prosjektplan for kommunereformen i Vest-Telemark

UPU skal vere referansegruppe i fylkeskommunen sitt arbeid med planar og saker som vedkjem barn og unge.

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet SAMNANGER KOMMUNE. Dato: Kl.: Stad: Kommunestyresalen Saknr.

Oppfølging etter forvaltningsrevisjon - Innkjøp og oppfølging av kollektivtransport

Tilbakemelding til forvaltningsrevisjonsrapporten "Norsk digital læringsarena (NDLA)"

Kvinnherad kommune. Folgefonnsenteret - prosjektorganisasjon. Fellestenester Politisk sekretariat

Før møtet starta (kl ) var det synfaring på Fitjar bu- og behandlingssenter, og orientering om drifta ved senteret.

KONTROLLUTVALET I FJELL KOMMUNE

3) Vassområdeutvala kjem med innspel om viktige utfordringar og prioriteringar i vassområdet til dokumentet Vesentlege vassforvaltningsspørsmål

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Førde HF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Kjell Inge Solhaug SAKA GJELD: Nye Førde sjukehus

FELLES REGLEMENT FOR DEI POLITISKE ORGANA (K-sak 28/16)

30. APRIL 2019 PROSJEKTPLAN FELLES PROFIL OG MERKEVARE FOR SOGN. SOGN REGIONRÅD NÆRINGSNETTVERKET Sogndal

Fylkesmannen i Hordaland, Utdanningsavdelinga. Omtale av og kravspesifikasjon til evaluering av prosjektet: NETTSTØTTA LÆRING INNANFOR KRIMINALOMSORGA

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Partsbrev - Forvaltningsrevisjon av NDLA - Revisjonsrapport

UTKAST PLAN FOR FORVALTNINGSREVISJON

Stord kommune Møteprotokoll

15/584-2/K1-002, K3-&23//HAR Ajourført

Bokn kommune Plan for forvaltningsrevisjon

Busetting av flyktningar i Sandøy kommune S a n d ø y K o m m u n e

Reglement for Kvam kontrollutval

Kontrollutvalet i Hå INNKALLAST TIL MØTE 12. februar 2008 kl på Rådhuset, Varhaug

Arkiv FE-140. Kommuneplan Planprogram arealdel - Offentleg ettersyn

Forvaltningsrevisjon - Kulturminneforvaltninga i Sogn og Fjordane fylkeskommune - rapport

Sakliste: Saknr. Sak 10/10 Godkjenning av innkalling og sakliste

Regionreforma og Sogn og Fjordane fylkeskommune

Det er ein føresetnad for tilbakemelding av resultata til verksemda at personvern og anonymitet er sikra.

STYRESAK: GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Bergen HF

HORDALAND FYLKESKOMMUNE SITT VIDARE ENGASJEMENT I ARBEIDSMARKNADSBEDRIFTENE OPPFØLGING AV FYLKESTINGET SITT VEDTAK FRÅ JUNI 2010.

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Kommunestyresalen Saknr.: 36/12 42/12. MØTELEIAR Sølvi Ulvenes (H)

Plan for forvaltningsrevisjon

Reglement for kontrollutvalet i Selje kommune (Vedteke av Selje kommunestyret den 29. april 2009, sak 030/09)

Fylkesrådmannen. Rammer for det administrative omstillingsarbeidet Sogn og Fjordane fylkeskommune

Oppfølgingsliste 6/2015

Kommunestyra i dei deltakande kommunar

Rullering plan for forvaltningsrevisjon og plan for selskapskontroll

RETNINGSLINJER FOR INDIVIDUELL PLAN I BØMLO KOMMUNE

PLP - PROSJEKTPLAN GRØN VARME I TELEMARK

Møtedato: Møtetid: Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti Anders Haugen

Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll

DATO: SAKSHANDSAMAR: Vidar Vie SAKA GJELD: Risikostyring - styringsmål 2018 for Helse Førde HF

Vedlagd følgjer eksisterande reglement for sakskomitear i kommunen. Det var serleg følgjande punkt formannskapet ønska å drøfta nærare:

Transkript:

Målretta prosjektstyring i Sogn og Fjordane fylkeskommune Notat godkjent i fylkesrådmannen si leiargruppe 30.11.2015 30. november 2015 MÅLRETTA PROSJEKTSTYRING I SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE BAKGRUNN Deloitte har gjennomført forvaltningsrevisjon av samhandling og prosjektstyring i Sogn og Fjordane fylkeskommune på oppdrag frå kontrollutvalet. Særleg innanfor temaet samhandling får fylkeskommunen gode tilbakemeldingar. Revisor konkluderer med at samhandlinga mellom fagavdelingar i stor grad ser ut til å medverke til tverrfagleg og effektiv oppgåveløysing. Revisor har vidare vurdert praksis for samhandling gjennom prosjektarbeid opp mot revisjonskriteria, og peikar her på eit forbetringspotensiale. Han rår i rapporten til at fylkeskommunen vurderer å innføre overordna retningsliner for prosjektstyring. Fylkestinget vedtok i FT-sak 2/15 «Forvaltningsrevisjon samhandling og prosjektstyring» at fylkesrådmannen følgjer opp tilrådingane i kap. 6 i Deloitte-rapporten. Fylkesrådmannen melder attende til kontrollutvalet om status for oppfølging, med ein plan for ev. vidare arbeid, innan utgangen av 2015. Fylkesrådmannen er samd i at felles retningsliner for organisering av prosjektarbeid kan vere føremålstenleg for betre styring, administrering, gjennomføring, oppfølging og evaluering av prosjekt 1. Slike retningsliner peikar på korleis vi kan gå fram i ulike fasar av eit prosjekt. Men sjølv om retningslinene legg vekt på klare og formaliserte rutinar, må dette likevel vegast opp mot ei anna sentral side ved prosjektarbeidsforma; nemleg evna til kreativ og fleksibel problemløysing. Prosjektplanlegging bør ha rom for individuelle løysingar tilpassa dei aktuelle problemstillingane prosjekta fokuserer på. NÅR NYTTAR VI PROSJEKTARBEIDSFORMA? Prosjektarbeidsforma eignar seg når vi skal løyse oppgåver som lineorganisasjonen ikkje er fullt ut føremålstenleg organisert for å løyse. Når organisasjonar står overfor ei ekstraordinær og gjerne ukjend oppgåve, samt at oppgåveløysinga krev ulike typar ressursar og kompetanse, organiserer vi gjerne arbeidet med ein alternativ og formalisert leiings-, samhandlings- og rapporteringsstruktur. Prosjektarbeid er også avgrensa i tid. Dersom oppgåvene er varige, bør ein generelt gjere permanente organisasjonsendringar, eller ev. leggje oppgåva til lineorganisasjonen. I dei neste avsnitta skal vi gå igjennom nokre sentrale punkt som bør vurderast i samband med oppretting, gjennomføring og avslutning av prosjekt. Punkta samsvarer med Deloitte si temainndeling i revisjonsrapporten. Her heiter det at forvaltningsrevisjonen rår fylkeskommunen til å utarbeide overordna retningslinjer for prosjektstyring med krav til m.a.: 1. Utarbeiding av prosjektmandat 2. Kvalitetssikring av planlegging og gjennomføring 3. Gjennomføring av risikovurdering 4. Oppretting av eventuelle styringsgrupper, referansegrupper m.m. 5. Melding og oppfølging av avvik 6. Rapportering av framdrift 7. Evaluering av avslutta prosjekt 8. Korleis prosjektinformasjon skal arkiverast 1 Fylkesrådmannen vil understreke at Sogn og Fjordane fylkeskommune i stor utstrekning nyttar PLP-metoden (prosjektleiarprosessen) som prosjektutformings- og prosjektstyringsreiskap, jf. vedlagd referanseliste. 1

RETNINGSLINER FOR MÅLRETTA PROSJEKTSTYRING I FYLKESKOMMUNEN 1. UTARBEIDING AV PROSJEKTMANDAT Eit viktig element i prosjektplanlegginga er prosjektmandatet. Dette vert utarbeidd på bakgrunn av ein prosjektidé og det konkrete utgreiings-, kunnskaps- eller gjennomføringsbehovet. Overordna føremål med prosjektmandatet er å gje ein tydeleg omtale av arbeidet som skal gjennomførast eller ideen som skal greiast ut, samt å definere rammevilkåra for arbeidet. Mandatet er eit arbeidsoppdrag som inneheld: Namn på prosjektet. Konkretisering av arbeidet som skal gjennomførast eller ideen som skal greiast ut; med tydelege problemstillingar. Definering av ressursbruk, fastsetjing av tidsplan og ein endeleg leveringsfrist (start og stopp). Organisering, ansvarsforhold og rapporteringsvegar. 2. KVALITETSSIKRING AV PLANLEGGING OG GJENNOMFØRING Den første aktiviteten i prosjektet er som regel å konkretisere målsetjingane og utarbeide milepelsplanar for gjennomføringa i ein eigen prosjektplan. Dette er prosjektleiar og ev. prosjektgruppa sin dokumentasjon av korleis oppgåva er tolka og oppfatta, samt korleis ein vil gjennomføre arbeidet. Prosjektplanen bør godkjennast i styringsgruppa, slik at ein sikrar semje og felles forståing av oppdraget mellom prosjektleiar og styringsgruppe. Ved semje mellom prosjektorgana, ligg det føre ei forplikting frå begge sider både når det gjeld rammevilkår og framdrift. Prosjektplanen sine hovuddelar er: Målbare målformuleringar Milepelar og rapporteringspunkt Framdriftsplan Prosjektplanen bør kontinuerleg følgjast opp og reviderast undervegs i prosjektperioden. Dersom det t.d. er behov for endra rammevilkår for prosjektarbeidet, bør dette gå fram i ein justert prosjektplan etter drøfting og godkjenning i styringsgruppa. 3. GJENNOMFØRING AV RISIKOVURDERING Risikovurdering av eit prosjekt omfattar risikoen for ikkje å nå fastsette mål med omsyn til planlagd tidsavgrensing, kostnadsramme eller leveransekvalitet. Risikoanalysen bør gjerast i samarbeid mellom nøkkelpersonar i prosjektet, som har nødvendig kunnskap om dei faglege utfordringane og som kjenner status innan sine respektive prosjektområde. Risikoanalysen kan gjerne gjennomførast som ein «workshop» og følgje desse «stega»: Identifisering av uvisse m.o.t. fristar, rapporteringspunkt, budsjett, ressursar og kvalitetskrav. Plassere fagleg eigarskap til dei aktuelle risikoområda. Vurdere sannsynlegheit knytt til risikofaktorane. Identifisering av mulege tiltak for å fjerne eller redusere uvissa. Konsekvensvurdering for plan, fristar, budsjett og kvalitet når risikofaktorar «vippar feil veg». Vurdere tiltak for å redusere konsekvensane dersom usikre faktorar «vippar feil veg». 4. OPPRETTING AV EVENTUELLE STYRINGSGRUPPER, REFERANSEGRUPPER M.M. Dei som stiller med ressursar inn i eit prosjekt, bør som hovudregel få styringsmedverknad gjennom ei styringsgruppe. Det kan vere både ansvarspulveriserande og ineffektivt å ha for store styringsgrupper. Låge oddetal som 3-5 medlemer vert gjerne halde fram som ideelt. Meir perifere interessentar bør ev. gå

saman om ein felles representant. Styringsgruppa kan samanliknast med styret i ei bedrift, og har ansvaret for sentrale, overordna avgjerder, t.d. budsjett, ressurstilgang, overordna arbeidsplanar, endringar i tidsplanar eller måljustering. Dei viktigaste funksjonane kan summerast opp slik: Handsame/godkjenne prosjektplanen Tilsetje/avsetje og kontrollere prosjektleiar Løyse problem knytt til rammevilkår og prosjektføresetnader Referansegrupper kan opprettast når det er behov for å trekkje inn andre «interesserte partar» i prosjektet, sjølv om desse ikkje yter ressursar inn i prosjektarbeidet. Ei referansegruppe har inga «formell røyst» i prosjektet, men bør ha ein rådgjevande funksjon. I referansegruppa kan vi t.d. finne personar med fagekspertise og representantar for instansar ein ønskjer fråsegner ifrå. Korleis vi vel å organisere prosjekta vil kunne variere noko frå gong til gong. Det er i alle høve viktig å bestemme kven som skal vere prosjektleiar og kven vedkomande skal rapportere til. Prosjektleiar bør ta avgjerder i samråd med ei prosjektgruppe, på same måten som styringsgruppa bør ta avgjerder i samråd med prosjekteigar. Prosjektleiar har det operative, utøvande ansvaret innanfor dei ressursar og rammer som er sett for arbeidet. I dette ligg mandat til å ta nødvendige faglege avgjerder for å nå måla som er formulerte. Prosjektleiar har følgjande oppgåver: Planleggje prosjektet gjennom utforming av prosjektplan (vert godkjend av styringsgruppa) Organisere og «drive» gjennomføringa av prosjektarbeidet Følgje opp arbeidet og syte for framdrift og nødvendige tilbakemeldingar til styringsgruppa Ved større prosjekt, som involverer mange medarbeidarar, kan det vere nødvendig med ein eigen prosjektadministrasjon (leiar, sekretær, rekneskapsansvarleg, arkivansvarleg m.m.). Prosjektgruppa består av dei som, saman med prosjektleiar, utfører arbeidet. Det er mange måtar å organisere og setje saman ei prosjektgruppe på. Det er ofte ein føremon med ein viss fleksibilitet i høve kven som er aktive heile tide og kven som er ressurspersonar vi kan spele på i arbeidet. Det er ofte ikkje nødvendig at alle er involverte og aktive i prosjektgruppa i heile prosjektet si levetid. 5. MELDING OG OPPFØLGING AV AVVIK Dersom framdrifta i prosjektet ikkje er som føresett i milepels- og rapporteringsplanen, bør prosjektleiar snarast råd utarbeide ein avviksrapport til styringsgruppa. Avvik kan m.a. skuldast at ein ikkje følgjer dei forholda som er avtalte gjennom behandlinga av den innleiande prosjektplanen. Det kan t.d. tenkjast at lineleiinga ikkje stiller opp med dei ressursane som prosjektet er avhengig av, og då vil styringsgruppa kunne handtere dette snarleg. Ei årsaksanalyse frå prosjektleiar si side bør alltid munne ut i framlegg til aktuelle tiltak som prosjekteigar (oppdragsgjevar) eller styringsgruppa kan ta stilling til. Prosjektoppfølging inneber i slike tilfelle at styringsgruppa søkjer å finne årsakene til svikten, og vidare set i verk tiltak for å rette opp situasjonen. 6. RAPPORTERING AV FRAMDRIFT Undervegsrapportering handlar om å beskrive kva for aktivitetar prosjektet har gjennomført, samt å orientere om korleis situasjonen er på gitte tidspunkt. Framdrifta i prosjektet vert rapportert til styringsgruppa, finansieringspartar og/eller lineleiinga i basisorganisasjonen. Prosjektoppfølging er leiing, og dette vil ofte innebere å analysere situasjonen, velje ut tiltak og så gjennomføre desse. Det kan i enkelte tilfelle medføre at opphavlege prosjektmål vert endra.

Rapportering og kvalitetssikring av framdrifta bør fokusere på følgjande punkt: Kvalitet: Undervegs- og sluttleveransar held planlagd kvalitet eller betre. Tidsfristar: Undervegs- og sluttleveransar kjem til rett tid og milepelar vert passerte som planlagt. Budsjettkontroll: Styring etter tildelte inntekter og planlagde utgifter. Vi etablerer eit system som sikrar oversikt over alle prosjektkostnader. Systemet bør varsle avvik slik at vi raskt kan setje inn tiltak for å kome på «rett kjøl». Informasjon: Vi gjev relevant informasjon til rett tid til interne og eksterne aktørar i prosjektet. Relasjonar og alliansar: Samarbeid effektivt slik at prosjektet får «drahjelp» frå dei rette personane. Opptre etisk: Ta sunne avgjerder som tåler dagens lys, ikkje berre med tanke på det du faktisk skal oppnå gjennom prosjektet, men også med tanke på god etikk og fagleg integritet. 7. EVALUERING AV AVSLUTTA PROSJEKT Prosjektet er ein mellombels organisasjon som skal «avlive» seg sjølv gjennom ein forventa sluttleveranse. Sjølv om samarbeidet i prosjektorganisasjonen har ført til både menneskelege og faglege relasjonar som deltakarane ser som fruktbare å bevare, er det opp til prosjekteigar å evaluere prosjektarbeidet og vurdere korleis ein går vidare med utgangspunkt i prosjektleveransen. Ein ryddig avslutning på eit prosjekt inneber ei oppsummerande evaluering, og styringsgruppa bør ta ansvar for at dette vert gjort. Prosjektevaluering inneber å leggje til rette for erfaringsoverføring frå prosjektet, og skal sikre at resultata vert dokumenterte og nytta på ein føremålstenleg måte. I gjennomføringa av eit prosjekt gjer både prosjektleiar, prosjektdeltakarar, prosjekteigar og lineorganisasjonen seg mange nyttige erfaringar. Erfaringane kan vere knytte til korleis arbeidsprosessane i prosjektet har vore, korleis samarbeidet mellom prosjekt og lineorganisasjonen har fungert, samt korleis samarbeidsklimaet i prosjektorganisasjonen elles har vore. I tillegg kan det vere verdifulle erfaringar i høve om ein har sett seg realistiske mål for prosjektet og om desse er innfridde. Det er viktig at erfaringane vert førde vidare, slik at ein unngår å gjere same «feil» fleire gonger. «Gjenbruk» av suksesshistoriane er like viktige å ta med. 8. KORLEIS PROSJEKTINFORMASJON SKAL ARKIVERAST Prosjekteigar og styringsgruppa bør sikre at all prosjektdokumentasjon formelt vert avslutta og arkivert. I gjennomføringa av eit prosjekt vert det ofte utarbeidd store mengder dokumentasjon. Det dreiar seg m.a. om styringsdokumentasjon, prosjektinterne notat, powerpoint-presentasjonar, rapportar, analysar og andre dokument som er med på å understøtte framdrift og måloppnåing. Prosjektleiar skal sikre god handtering av slik prosjektdokumentasjonen undervegs i prosjektet. Når prosjektet vert avslutta, må vedkomande sikre at dokumentasjonen vert arkivert på ein føremålstenleg måte i basisorganisasjonen, gjerne i samråd med arkivleiar. Det skal vere enkelt å finne fram til dokumentasjon frå tidlegare prosjekt. RELEVANT LITTERATUR Andersen, Erling S., Kristoffer Grude og Tor Haug (2002): Målrettet prosjektstyring. NKI Forlaget. Deloitte (2015): Samhandling og prosjektstyring. Forvaltningsrevisjon. Sogn og Fjordane fylkeskommune: http://www.sfj.no/ato/esa62/document/1-rapport-forvaltningsrevisjon-samhandling-ogprosjektstyring.15025823d15025822.de4686a030.pdf Innovasjon Noreg (2012): Prosjektlederprosessen (PLP): Om prosjektorganisering og roller. http://www.plputvikling.no/wp-content/uploads/2012/05/plp-prosjektlederprosessen_2.pdf

VEDLEGG 1: RETNINGSLINER FOR PROSJEKTSTYRING Prosjektstyring i Sogn og Fjordane fylkeskommune krev at vi tek omsyn til følgjande 10 punkt: 1 Prosjektarbeidsforma Prosjektarbeidsforma eignar seg for oppgåver som lineorganisasjonen ikkje er føremålstenleg organisert for å løyse. Når organisasjonar står overfor ei ekstraordinær og gjerne ukjend oppgåve, samt at oppgåveløysinga krev ulike typar kompetanse, organiserer vi arbeidet med ein alternativ og formalisert leiings-, samhandlings- og rapporteringsstruktur. Prosjektarbeid er avgrensa i tid. Dersom oppgåvene er varige, bør ein generelt gjere permanente organisasjonsendringar slik at oppgåva vert løyst i den faste lineorganisasjonen. Merk: Ved større prosjekt nyttar vi i Sogn og Fjordane fylkeskommune PLP-metoden som reiskap for å etablere, organisere, styre og gjennomføre prosjektarbeidet. 2 Prosjektleiar Prosjektleiar (PL) er ansvarleg for planlegging og gjennomføring. PL syter for ferdigstilling innan gjevne fristar, og er slik ansvarleg overfor prosjekteigar og styringsgruppe. PL planlegg, organiserer, styrer, kontrollerer og følgjer med på alle deler av prosjektgjennomføringa. 3 Prosjektmandat: Prosjekteigar si bestilling Prosjektmandatet konkretiserer prosjektet sine mål, problemstillingar, ressursar og rammevilkår. Organisering, ansvarsforhold og rapporteringsvegar vert også definert her. 4 Prosjektplanen: Kvalitetssikring av planlegging og gjennomføring Prosjektleiar sin utarbeidde prosjektplan tydeleggjer målbare målformuleringar, milepelar og rapporteringspunkt samt ein framdriftsplan for arbeidet. Styringsgruppa godkjenner planen. 5 Gjennomføring av risikovurdering Risikovurdering inneber identifisering av usikre forhold som budsjett, fristar, rapporteringspunkt, ressursar og kvalitetskrav. Her skal vi også vurdere tiltak for å redusere konsekvensane dersom usikre faktorar slår feil veg. 6 Styringsgruppe og referansegruppe m.m. Styringsgruppa har ansvaret for viktige avgjerder knytt til rammevilkår for prosjektet, t.d. budsjett, ressurstilgang, overordna arbeidsplanar, endringar i tidsplanar eller måljusteringar. Styringsgruppa skal godkjenne prosjektplanen omtala i 4 ovanfor. Referansegrupper kan etablerast ved behov for kvalitetsvurdering av prosjektet sine leveransar undervegs i arbeidet. 7 Melding og oppfølging av avvik Ved avvik skal prosjektleiar snarast råd utarbeide ein avviksrapport til styringsgruppa. 8 Rapportering av framdrift Framdrifta i prosjektet vert rapportert til styringsgruppa, finansieringspartar og/eller lineleiinga i basis-/ lineorganisasjonen. Prosjektleiar er ansvarleg for framdriftsrapportering. 9 Evaluering av avslutta prosjekt Prosjektevaluering inneber å leggje til rette for erfaringsoverføring frå prosjektet. Evalueringa skal sikre at resultata vert dokumenterte og gjort tilgjengelege. 10 Korleis prosjektinformasjon skal arkiverast Prosjekteigar og styringsgruppa sikrar at all dokumentasjon vert formelt avslutta og arkivert. Tabellomtale 1: Retningsliner for prosjektstyring.

Målretta prosjektstyring i Sogn og Fjordane fylkeskommune Notat godkjent i fylkesrådmannen si leiargruppe 30.11.2015 VEDLEGG 2: PROSJEKTMANDAT Prosjektmandatet er ei tydeleg beskriving og ein definisjon av ideen som skal greiast ut og rammevilkåra som gjeld for arbeidet: 1. Prosjektnamn 2. Mandat og problemstillingar 3. Organisering, leiing og ressursar 4. Milepelar og rapportering 5. Frist for sluttleveranse Tabellomtale 2: Prosjektmandat 6

VEDLEGG 3: AKTIVITETSPLAN (PROSJEKTLOGG) Alle aktivitetar som angår prosjektet skal synleggjerast i aktivitetsplanen. Her inngår møte i styringsgruppa for prosjektet, møte med tillitsvalde og ev. dialog og medverknad med tilsettegrupper, ulike delleveransar m.m.: Aktivitet/delprosjekt Innhald Ansvar Ressursar Oppstart Milepelar Rapportering Leveranse 1. Styringsgruppemøte (døme) 2. Prosjektgruppemøte (døme) 3. Informasjons- og drøftingsmøte (døme) 4. Oversending av delrapport til styringsgruppa (døme) 5. Delrapport frå ekstern konsulent levert (døme) 6. 7. 8. 9. 10. Tabellomtale 3: Aktivitetsplan (prosjektlogg). 7