Naturbasert bygdeutvikling regionale natur- og kulturparkar



Like dokumenter
Avdeling for regional planlegging

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

Landskapspark, kva kan det tyde for Myrkdalen?

HORDALANDD. Utarbeidd av

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Forslag frå fylkesrådmannen

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Konsekvensanalyse. Vegomlegging Etnesjøen. Juni AUD-rapport nr

Bygdemøte på kommuneplanen januar -2013

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Kommunen sin rolle i bygde- og næringsutvikling

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

Kommunal overtakelse av privat vannverk eksempel frå Stryn. Siv. Ing Tobias Dahle ( og tidlegare teknisk sjef i Stryn kommune)

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Naturbruk - er du ikke riktig klok? Innlegg pårådgjevarkonferanse, 17. april 2012, ved Tore Henrik Øye, Landbrukstunet Kompetanse

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

Lønnsundersøkinga for 2014

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Heilårsbruk av hus på gard og i grend

Stressar bonden slik at det går på tryggleiken laus?

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Regionalt bygdeutviklingsprogram i Rogaland 2013

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Statsråden. Vår ref 18/144-2

Årsmelding for Fjellregionsamarbeidet

REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE.

Kulturlandskap på alles tunger

REGIONALPARK OG NÆRINGSUTVIKLING

Norske arbeidstakarar med berre grunnskole bør ta meir utdanning

Politisk program for Jølster KrF

sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak.

Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret. Forvalting av særavtalekraft og konsesjonskraft

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Statsbudsjettet Kap. 551 post 64 Utviklingsmidlar til Oppland fylkeskommune - Tilskotsbrev - Overføringar - Rapportering

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Driftsassistansen i Sogn og Fjordane (snart) 10 år - erfaringar

Team Hareid Trygg Heime

Austevoll Venstre. Program _Programmal 2011 A5 8s.indd

BERGEN KOMMUNE, FANA BYDEL, REGULERINGSPLAN FOR SKJOLDNES, MOTSEGN TIL INNGREP VED TROLDHAUGEN

SAKSFRAMLEGG EIGEDOMSSKATT - ORIENTERING. Saksbehandlar: Magne Værholm Arkiv: 232 Arkivsaksnr.: 05/00651

Landbrukspolitiske målsettingar i eit historisk perspektiv

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Hovden del2 reguleringsplan frå 1997

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Rådgiving for berekraftig mjølkeproduksjon

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

EU-prosjektet Économusée Tradisjonsnæringar gir arbeidsplassar og ny giv

Handlingsplan for Nasjonalt Museumsnettverk for Kulturlandskap

Gjeldsbøra i kommunane Møre og Romsdal

Korleis kan vi sette fruktbygda i Telemark på kartet?

Tilskot til rekruttering, likestilling og kompetanseheving i landbruket - 2. utlysing 2015

Vi må ta vare på matjorda. Om jordvern og eigedomspolitikk

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Det vil alltid vere ei balansegang mellom bruk av eigne pengar på bok og lån i bank.

Regional Næringsstrategi for Hardanger. Hardangerkonferansen, torsdag 13. november 2014

Høyring - Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane

Oversyn over økonomiplanperioden

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

LOKALMEDISINSKE TENESTER I HALLINGDAL, FINANSIERING VIDAREFØRING

Odd Petter Habbestad Prosjektleder i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS.

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Problemstilling. Landbruksbygg og kulturlandskap. Solveig Svardal

Frå Fylkesårsmøte i Senterpartiet i Sogn og Fjordane. Til Samferdsledepartementet v/statsråden Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget

Trondheim. Møre og Romsdal. Bergen. Oslo

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

Spørjeundersøking om sentrumsområde

Odd Petter Habbestad Prosjektleder i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS.

Naturhus og informasjonssenter også i våre kommunar?

Rektorforum 15. april

Brukarrettleiing. epolitiker

DET KONGELIGE MILJ ØVERNDEPARTEMENT. Invitasjon til å delta i verdiskapingsprogram på kulturminneområdet

Vestlandet ein stor matprodusent

1. Krav til ventetider for avvikla (behandla) pasientar skal i styringsdokumenta for 2015 vere:

Bli verande eller reise vidare? avgjerande faktorar når høgt utdanna vel å bu og arbeide i distrikta

Miljøsertifisering av offentlige og private verksemder i Gol kommune Bruk av Miljøfyrtårn som sertifiseringsordning

Kva er økologisk matproduksjon?

Ål Venstre. Ål Venstre

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Regionale aktørar sitt arbeid med bygde- og lokalsamfunnsutvikling på Vestlandet Utgreiing: Møreforsking og Ideas2Evidence Oppdragsgjevar:

Status for skogen i Sogn og Fjordane etter Dagmar. Skogens rolle i klimatilpasning og beredskap. Torkel Hofseth Fylkesskogmeister

Transkript:

H. J. Skarstad / Grønn kunnskap 9 (2) 511 Naturbasert bygdeutvikling regionale natur- og kulturparkar Håkon Johs. Skarstad / haakon.skarstad@planteforsk.no Planteforsk Løken forskingsstasjon Bakgrunn Landbruket sin rolle som matprodusent er over tid redusert, ikkje minst i distrikta. Internasjonale handelsavtalar, grensehandel og nasjonale krav om meir effektiv produksjon har ført til lågare råvareprisar, pessimisme og avvikling. I tillegg til mat og fiber gjev landbruket samfunnet ein rekke fellesverdiar som nasjonal matvareberedskap, miljøgode (kulturlandskap, landskapsvern, biodiversitet, rekreasjon) kulturminne og levedyktige bygder. Desse verdiane blir i aukande grad definert under omgrepet multifunksjonelt landbruk (Prestegard 2003). Ofte er det dei minst rasjonelle produksjonsområda som har høgast multifunksjonalitet. Verdiar som biologisk mangfald, kulturmiljø og sosiokulturelle* kvalitetar i jordbrukslandskapet er etterspurt i samfunnet, men fellesverdiane som matproduksjonen skaper, blir i liten grad reflekterte gjennom prisen på matvarene. Fellesverdiane blir mest effektivt finansiert kollektivt (Hasund 2002). Naturen i Norge er av dei mest varierte i Europa. Menneskeleg ressursutnytting som ulik slått, husdyrbeiting, steinrydding, tømmerhogst og samling av husdyrfôr mv, har gjeve viktige biotopar i kulturlandskapet. Det norske kulturlandskapet er i rask endring. Årleg blir det lagt ned omlag 3000 bruk i Norge. Dette får store konsekvensar for verdiane i kulturlandskapet. Skal ein debattere verdiane i kulturlandskapet, må det tenkast heilskapleg (Bryn 2004). Fellesverdiar i kulturlandskapet prøver samfunnet å ta vare på gjennom ulike tilskott til landbruket. I Norge har det derimot vore liten fokus på at marknaden kan vera viljug til å betale ekstra for merkevarer som tar vare på naturen og kulturen. Etablering og drift av dei regionale natur- og kulturparkane i * Sosiokulturelle kvalitetar omfattar rekreasjon, landskapsbilete, identitetstilknyting til landskapet, religiøsitet knytt til naturen mv.

512 H. J. Skarstad / Grønn kunnskap 9 (2) Europa byggjer nettopp på dette prinsippet, og det er denne tenkinga vi i denne artikkelen skal fokusere på. Valdres - Stølsriket Valdres har gjennom prosjektet Valdres - Stølsriket lagt opp ein strategi for landbruk- og reiselivssatsinga i regionen. Strategien byggjer på at regionen framover skal satse på eit landbruk og reiseliv som ikkje skal konkurrere på pris, men på kvalitet og spesialitetar, identitet og særpreg, og gjennom det oppnå høgare pris på produkta (Tuv 2003). Til å utgreie prosjektet har det vore nedsett ti faggrupper: Tradisjonell produksjon, integrert landbruk, kjøtforedling, mjølkeforedling, reiseliv, varehandel, skog og utmark, kulturlandskap kultur og merkevarebygging. Alle gruppene la fram sine utgreiingar føre jul. Utgreiingane ligg til grunn for gjennomføring av eit regionalt bygdeutviklingsprosjekt for Valdres. I tillegg til å utgreie retningsliner for integrert landbruk, fekk Planteforsk Løken i samarbeid fylkeskonservatoren i Oppland ansvaret for å utgreie kulturlandskapssatsinga i regionen. Under kulturlandskapsarbeidet kom det fram at tenkinga som Valdres Stølsriket byggjer på, er nokså lik opplegget og tenkinga som ligg til grunn for dei regionale natur- og kulturparkane i Europa. Difor vart det hausten 2004, i regi av fylkeskonservatoren i Oppland, gjennomført ein studietur til Rhône-Alpes i Frankrike, med støtte frå Interreg IIIc, fjellregionen. I tillegg til 15 deltakarar frå ulike fagmiljø i Valdres, deltok representantar frå Landbruks- og matdepartementet, Riksantikvaren, Oppland fylke og Planteforsk. Rhône-Alpes Rhône-Alpes er den nest største regionen (fylket) i Frankrike i areal, med 5,5 millionar innbyggjarar. Fylket er delt i åtte distrikt som igjen er delt inn i mange kommunar (Frankrike har 36433 kommunar). 50% av pengane i fylket kjem frå staten. I heile Frankrike er 44 parkar og 12-13 nye er under planlegging. I Rhône- Alpes er det seks regionale natur- og kulturparkar som til saman dekkjer 15 % av arealet i fylket. Planlegginga av parkane starta i 1965, og den første parken, Vercors-parken, vart etablert i 1970. Det er tre fjellområde i Rhône-Alpes. Det er etablert ein politikk for desse områda. Det blir gjeve pengar til spesielle fjellprosjekt, til sikring av landbruk, stølsdrift og fjellutvikling generelt, mellom anna til rassikring. Det blir også arbeidd med ein plan for å etablere eit fjellinstitutt som kan gjennomføre FoU-arbeid i fjellområda.

H. J. Skarstad / Grønn kunnskap 9 (2) 513 Natur- og kulturpark Ein natur- og kulturpark er noko heilt anna enn ein nasjonalpark. I nasjonalparkane bur det ikkje folk og her avgjer staten alt. I dei regionale natur- og kulturparkane bur det folk, og her er det bygdefolket sjølv som styrer. Ein natur- og kulturpark er ein bygdeutviklingsregion med lokal styring, som ved å ivareta og nytte naturen, miljøet og kulturen i regionen skaper næringsutvikling i landbruk, reiseliv og tilknytta næringar (Skarstad 2004). I starten var det byfolk som tok initiativ til parkane for å sikre natur- og kulturverdiane her på grunn av sterk turisme. I dag er det bygdefolket, kommunane, distrikta og ikkje minst bøndene som er initiativtakarar til å oppretta nye parkar. Det er etablert ein politikk og praksis som har ført til at nedgang i folketalet i parkområda no er snudd til vekst. Det er etablert eit langsiktig politisk rammeverk som sikrar kontinuitet og langsiktigheit, sjølv om politikken endrar seg under vegs. Til grunn for arbeidet i parkane blir det utarbeidd eit charter som viser innhald og retning på arbeidet, kva som skal skje dei neste ti åra. Charteret har strenge reglar som er godtatt av folket i parken, av kommunane, distriktet, fylket og staten. Når ti-årsperioden er over blir eit nytt charter utarbeidd. Det å etablere ein park er eit langsiktig arbeide. Det tar gjerne tre til fem år før ein ny park er ein realitet, for det er viktig at alle får koma til ordet. Parkoppgåvene kan inndelast i tre hovudområde etter ressursbruk. 1/3 av kostnadene går til å ta vare på naturen, 1/3 til økonomiske aktivitetar/næringsutvikling og 1/3 til opplæring, undervisning og rådgjeving. Natur- og kulturparkane har eigen logo det er stilt kvalitetskrav til, og som næringslivet må oppfylle for å kunne bruke. At merkekravet blir etterlevd, blir kontrollert av eksterne kontrollørar. Å vera med i natur- og kulturparken er frivillig. Dei som meiner dei er mest tente med å stå utanfor, kan gjera det. Vercors-parken Vercors er den eldste parken i Frankrike og ligg i fjellområdet sør for Grenoble. I parken bur det 35000 personar i 62 kommunar. I parken var det tidlegare nedgang i folketalet, men i kommunen vi var hadde til dømes folketalet no auka frå 1500 til 2500 på 15 år. Største problemet i dag er at byfolk med ein annan tenkjemåte ynskjer busette seg her, og at innflyttinga kan føre til for stor aktivitet slik at området endrar karakter. Parken har 35 tilsette og parken er ein nøytral organisasjon der fylket finansierer 60% av kostnaden, distrikt i fylket 30%, nærliggjande byar 2,2% og kommunane i parken 7,8%. Parken har eit årsbudsjett på om lag 25 Mkr.

514 H. J. Skarstad / Grønn kunnskap 9 (2) Viktige mål for arbeidet i parken er: at det skal aldri brukast tvang å oppnå høgare pris på matvarene ved å ta vare på miljøet. å foredle mjølk og kjøt på gardane og selja produkta direkte til forbrukaren. (Det er viktig at kunden opplever produksjonsmiljøet for å vera villig til å betale høgare pris. Dessutan skaper ein gard med 100 kyr med ysting og gardsutsal 6 årsverk, og sal til kooperasjonen om lag eitt årsverk). å arbeide for ryddige gardstun, betre arkitektur og meir bruk av trevirke å innføra utrydda dyreartar som fjellgeit og gribb å redusere energibruk og bruka meir bioenergi å drive merkevarebygging å stille kvalitetskrav til turismen og utvikle vertsskapsrolla både på gardsbruk og elles ikkje å få fleire turistar til området med oppnå større inntekter pr turist opplæring av bønder, turistar og innflyttarar, og få tenkinga inn i skulen og i bygda generelt I parken er bøndene no dei største drivkreftene. Bøndene har organisert seg i selskapet APAP som gjennomfører tiltak og tar ansvar for det som skal skje i samarbeid med dei parktilsette. Målet for arbeidet er å ta vare på og utvikle eit miljøvenleg landbruk, og satse på kvalitet i alle ledd av produksjonen. APAP har 500 heiltidsbønder som medlemar, dvs 40% av bøndene i parken. I tillegg er 600 deltidsbønder med, men dei har ikkje stemmerett. APAP har åtte fast tilsette + vikarar. APAP opplyste at gardbrukarane i parken er mindre pessimistiske enn bøndene elles i Frankrike. Dei opplyste og at dei ofte var ueinige med og hadde eit anna syn enn dei store landbruksorganisasjonane og den tradisjonelle rådgjevingstenesta. I Vercorsparken er det 40 000 overnattingssenger. Parken er tilslutta det europeiske charteret for berekraftig turisme som gjev rett til å bruke eit EU-godkjend varemerke. Idegrunnlaget kom frå Rio-konferansen. For å få slik EUgodkjenning må det lagast tilstandsrapport og utarbeidast strategiar for reiselivsutvikling som endar opp i ein 5-årig handlingsplan. I parkområdet er det ingen kjedehotell. Det er sterk fokus på å auke kvaliteten på turisttilbodet i staden for å auke volumet. Det blir likevel arbeidd for å få fleire små overnattingsstader, særleg innan gardsturisme, fordi det er behov for fleire småbedrifter som gjev turisten betre personleg kontakt. Reiselivet er ikkje så godt organisert som landbruket ved at dei har ikkje ein tilsvarande organisasjon som APAP.

H. J. Skarstad / Grønn kunnskap 9 (2) 515 Chartreuse-parken Parken var etablert i 1995 og organisert som Vercours-parken. Gardane her er mindre og brattare, og her er skogbruket mykje viktigare. Parken sine hovudarbeidsområde er: å oppnå meirverdi av produksjonen agroturisme landskapspleie verne natur, vatn og miljø generasjonsskifte på gardsbruk estetikk på gardsbruka bruke meir trevirke i driftsbygningane I parken blir det produsert om lag 17 millionar liter mjølk, og meir enn 75% av produksjonen blir foredla utanfor parken. Vi vitja her eit meierikooperativ som 20 produsentar hadde gått saman om å byggja. Meieriet foredla omlag 2,5 mill liter mjølk i året. Dei laga tre ostetypar. Det er krav om at mjølka blir henta kvar dag og produsert på lokale dyrerasar. På grunn av nyinvesteringane hadde dei førebels berre oppnådd litt høgare mjølkepris, om lag 20 øre pr. liter. Meieriet er dessutan ei viktig turistbedrift, med ei turistvenleg innreiing der ein kan sjå ned i lokala der osten blir produsert. 70% av arealet i parken er skog, vesentleg barskog. Skogen har mykje kvist og står i svært vanskeleg terreng. Det blir hogge om lag 100 000 m 3 i året. 60% av skogen blir foredla i parken på 15 sagbruk med i alt 210 årsverk. Prisen på skogsvirke er fallande på grunn av konkurranse frå utlandet. Prisen på skurtømmer er om lag kr 600 pr m 3. Flatehogst er ikkje lov. Den største nytten reiselivet har av parken er større besøk. Stor prisauke på turistprodukta hadde dei ikkje oppnådd, mellom anna fordi dette er eit turistmål for barnefamiliar med låg kjøpekraft. Turistbedrifter som er med i merkeordninga for parken må selja produkt frå lokale produsentar, noko som førte til meir bruk av lokale råvarer. Regionale natur- og kulturparkar i Norge Etter initiativ frå Region Valdres og fylkeskonservatoren i Oppland vart det i november 2004, halde eit seminar i Landbruks- og matdepartementet, med foredrag av Pierre Falk, sjef for dei regionale natur- og kulturparkane i Rhône-Alpes. Forutan Landbruks- og matdepartementet, deltok representantar frå Miljøverndepartementet, Kommunal- og reigonaldepartementet, Riksantikvaren, Direktoratet for naturforvaltning og Planteforsk. Signala frå dei ulike departement og direktorat til tenkinga og opplegget for dei regionale naturog kulturparkane i Frankrike var positive. Seinare er det gjeve uttale frå miljøvernministeren som peiker i same retning. (Hareide 2004).

516 H. J. Skarstad / Grønn kunnskap 9 (2) Referanser: Bryn, Anders, 2004. Verdiar i kulturlandskapet. Artikkel i Bondebladet nr 28/29. Norsk institutt for jord- og skogkartlegging (NIJOS). Hareide, Knut. A.2004. Dok. 15 spm.221 (2004-2005) frå Torstein Rudihagen 18.11, med svar frå Knut Arild Hareide 24.11. Hasund, Knut P. 2002. Indikatorbaserad miljöstöd för jordbrukslandskapets kollektiva nyttigheter. Kommittédirektiv, Utvärdering av Miljö ock landsbygdprogrammet efter halva programperioden, Dir 2002:109. Prestegard, Sjur S.2003. Multifunksjonelt landbruk, virkemiddelutforming og WTO. Plantemøtet Østlandet 2003, Grøn kunnskap Vol 7, nr.2. Skarstad, Håkon J., S.Granli & K.H.Tuv. 2004. Regionale natur- og kulturparkar. Rapport frå studietur til Frankrike 1. 5. september 2004. Tuv, Kjell H. 2003. Valdres Stølsriket, frå innovert idyll til ekstrovert markedsorientering for den store verden. Forprosjektbeskrivelse, Det Kgl. Selskap for Norges Vel, 23/10 2003.