Pristilbod på ny elementbru ved Krossvoll i Gulen kommune 1 GENERELT OM ANBODET Gulen kommune ynskjer tilbod på riving av eksisterande bru og konstruksjon og montering av ny bru ved Krossvoll i Gulen kommune. Anbodets prisar skal inkludere alle kostnadar for utføring av arbeidet, men ikkje meirverdiavgift. Prisane skal også inkludere eventuelt svinn, undermål, overmassar o.l. 1.2 OM KROSSVOLL BRU Krossvoll bru har ukjend byggeår og reknast som særs gammal. Brua består i dag av ett spenn på ca. 7,5 meter lengde og ca. 2,5 meter bredde og er av typen bjelkebru i betong med landkar av tørrmurt stein. Brua ligg på kommunal veg i Gulen kommune og ÅDT for Krossvoll bru er hovudsakeleg lokaltrafikk. Detaljar om tilstanden for Krossvoll bru er utgreiia i ein tilstandsrapport frå Safe Control AS anno Juni 2010. Denne rapporten er lagt ved dette anbodsdokumentet som vedlegg A. Rapporten inneheld detaljerte beskrivingar og bilete av den noverande tilstanden til brua samt forslag til utbetringar og materialval for dette arbeidet. Det er på det reine at det må på plass med ei ny bru snarast. I tillegg er det også lagt ved ein utarbeida oversikt over materialmengdar og materialtypar for bygging av ei ny bru. Sjå vedlegg B for meir informasjon. 1.3 ARBEIDSINNDELING NY BRU Følgjande inngår i arbeidet med ny bru: 1) Riving av føringskantar, betongplate, 4 stk. betongdragere med innestøpte stålbjelker samt 2 stk. landkar. Samla vekt på ca. 10 tonn. Sprengning og flytting av massar samt fylling av grus for utviding av veg for breiare bru. Anslagsvis 60 m3 grus. 2) Støyping av 2 stk. nye landkar for lengre og breiare bru. Forskaling mot berg og over vatn, armering, betongstøyp, avretting og bearbeiding av brudekke, montering av bjelke- og plateelementar, rekkverk. Legging av grusdekke i overgang mellom betongplate og veg, mogleg asfaltering av veg. Montering av enkelt rekkverk av stål m/stolper og tilhøyrande fundamenteringsarbeid. Sjå vedlegg A, B og C for fleire detaljar. Anbod Krossvoll Bru Gulen kommune Side 1 av 3
2 KRAV TIL TILBYDAR Skal levere godkjend firmaattest og skatteattest Bruk av eigne tilsette Må disponere kjøyretyg og naudvendig utstyr Arbeidsleiar må beherske norsk 3 VUREDERINGSKRITERIAR Anbodet vil bli vurdert ut i fra blant anna følgjande kriteriar; Pris, kvalitet, leveringsevne, materialvalg, vedlikehaldsbehov med meir. 4 TIDSFRISTAR Frist Dato Stad Dag Klokkeslett Innlevering av tilbod 22.10.2014 Eivindvik Onsdag 12.00 Anbodsopning 23.10.2014 Eivindvik Torsdag 12.00 Kunngjering av anbodsvinnar 29.10.2014 Eivindvik Onsdag 12.00 5 INNLEVERING AV ANBOD Tilbod skal sendast til adressa: Gulen kommune, v/plt, Eivindvikvegen 1119, 5966 Eivindvik. Konvolutten skal tydeleg merkast med «Anbod Krossvoll bru 2014». Tilbod som ikkje er innleverte i henhald til ovennevnte krav vil bli avvist. Tilbydarar skal oppgi post- og epostadresse i tilsendt anbod for korrespondanse mellom partane. 6 ANDRE TILBUDSDETALJER Tilbydar kan få heile arbeidet eller delar av arbeidet. Anbodskonkurranseform: Open med forhandlingar. Tilbodsprotokoll vil bli utsendt når alle godkjende anbod er innkomne. Avtaletypen følgjer standarden NS 8406:2009. Kontaktperson for utlevering av tilbodsgrunnlag: Geir Haveland, tlf. 57 78 20 30. Anbod Krossvoll Bru Gulen kommune Side 2 av 3
7 KONTAKTINFORMASJON Kommune: Gulen kommune E-post: postmottak@gulen.kommune.no Leveringssted og tidspunkt: avtale med kontaktperson Kontaktperson: Geir Haveland Telefon: 57 78 20 30 e-post: geir.haveland@gulen.kommune.no 8 VEDLEGGSLISTE Antall vedlegg: 3, A til C, i tre seperate pdf-filar. Vedlegg: Vedlegg A Vedlegg B Vedlegg C Rapport frå Safe Control Rapport 372-10 Krossvoll Bru Krossvoll Bru, Kap. E Beskrivelse og mengdefortegnelse Teikningar til forslag til ny bru Gulen kommune Plan, Landbruk og Teknisk, 30.09.2014. Anbod Krossvoll Bru Gulen kommune Side 3 av 3