HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 201200856-1 Arkivnr. 522 Saksh. Sandvik, Sagen Tor Ivar. Håkonsli, Monica. Saksgang Møtedato Opplærings- og helseutvalet 14.02.2012 TILTAK FOR AUKA GJENNOMFØRING I FAGET KROPPSØVING SAMANDRAG Kroppsøving var i skoleåret 2010/2011 eitt av tre fag som var nemnt med resultatkrav i budsjettet, med mål om å redusere del elevar ikkje greidd med 5 %. Tilstandsrapport for vidaregåande opplæring 2010/2011 viste at i motsetnad til i matematikk og naturfag, var det ei negativ utvikling både for stryk og ikkje vurdert (IV). Fylkestinget bad i møte 18.10.11 (saksnr. 45/11) om at kroppsøvingsfaget vert styrka og sett særleg fokus på med omsyn til at fleire gjennomfører og får vitnemål. Etter fylkestingsvedtaket sette Opplæringsdirektøren ned ei arbeidsgruppe for å sjå på kva som kan gjerast for å auke gjennomføringa i faget. Gruppa har hatt tre møte frå november 2011 til januar 2012. Alle rektorane og faglærarane i kroppsøving har vore inviterte til å kome med forslag til tiltak dei meiner er naudsynte for å auke gjennomføringa. Desse innspela har vore grunnlag for drøftingar i gruppa. Opplæringsavdelinga har òg vore på besøk til Sotra vidaregåande skule, avdeling Sund, Askøy videregående skole og Årstad videregående skole. På bakgrunn av innspela arbeidsgruppa har fått i skolebesøk og frå faglærarar og rektorar, er det sett opp ei liste med forslag til tiltak som kan settast i gang for å redusere talet på 1/IV i faget. Forslaga til tiltak er delt inn i undergrupper, men går til dels i kvarandre. FORSLAG TIL VEDTAK Frå hausten 2012 skal skolane følgje opp forslag til tiltak for auka gjennomføring i kroppsøving gjennom: Skoleleiinga Timeplanleggjing Alternativ kroppsøvingsgruppe Fagansvarleg Læremateriell Samarbeid med kommune/ungdomsskole Dialog og oppfølging
Delingskultur Startsamtale Vurdering for læring Arbeid på tvers av skolane Skolane skal vise til tiltak og resultat gjennom tilstandsrapport og i skolebesøka frå opplæringsavdelinga. Paul M. Nilsen fylkesrådmann Inger Øvsthus Tønder opplæringsdirektør 2
FYLKESRÅDMANNEN, 31.01.2012: 1) Bakgrunn Kroppsøving var i skoleåret 2010/2011 eitt av tre fag som var nemnt med resultatkrav i budsjettet, med mål om å redusere del elevar ikkje greidd med 5 %. Tilstandsrapport for vidaregåande opplæring 2010/2011 viste at i motsetnad til i matematikk og naturfag, var det ei negativ utvikling både for stryk og ikkje vurdert (IV). For stryk var ikkje endringa særleg stor, men retninga er negativ. For IV var endringa noko større, og samla er gruppa av elevar som ikkje har bestått auka med i overkant av seks prosent frå året før. På Vg3 er delen av elevar som får IV betydeleg større blant dei som tar påbygg til generell studiekompetanse enn blant andre Vg3-elevar. Fylkestinget bad i møte 18.10.11 om at kroppsøvingsfaget vert styrka og sett særleg fokus på med omsyn til at fleire gjennomfører og får vitnemål. Læreplanen i kroppsøving er no på høyring, og formål med faget er blitt føreslått revidert. Eit utdrag frå forslaget synleggjer sentrale samfunnsmessige og individretta mål for opplæringa: Kroppsøving er eit allmenndannande fag som skal inspirere til ein fysisk aktiv livsstil og livslang rørsleglede ( ). Kroppsøving skal medverke til at elevane opplever glede, meistring og inspirasjon ved å vere med i ulike aktivitetar og i aktivitet saman med andre. Faget skal medverke til at barn og unge utviklar sjølvkjensle, positiv kroppsoppfatning, sjølvforståing og identitetskjensle ( ). Opplæringa i kroppsøving skal ta vare på tradisjonelle former for rørsle i samfunnet, men samtidig fremje alternative, nyskapande rørsleaktivitetar og stimulere til eksperimentering og kreativ utfolding ( ). 2) Arbeidsgruppe Etter fylkestingsvedtaket sette Opplæringsdirektøren ned ei arbeidsgruppe for å sjå på kva som kan gjerast for å auke gjennomføringa i faget. Gruppa har bestått av: Leif Helge Engelsen (rektor, Stord vidaregåande skule), Joan Campbell Mikkelsen (faglærar, Stend vidaregåande skule/fau idrett/kroppsøving), Atle Moe (faglærar, Laksevåg videregående skole/fau idrett/kroppsøving) Hans- Erik Johansson (faglærar og rådgivar, Fyllingsdalen videregående skole), Roger Gjelsvik (Olympiatoppen Vest), Torunn Herfindal (Høgskolen i Bergen), Monica Håkonsli og Tor Ivar Sandvik (begge opplæringsavdelinga). Gruppa har hatt tre møte frå november 2011 til januar 2012. Alle rektorane og faglærarane i kroppsøving har vore inviterte til å kome med forslag til tiltak dei meiner er naudsynte for å auke gjennomføringa. Desse innspela har vore grunnlag for drøftingar i gruppa. Opplæringsavdelinga har òg vore på besøk til Sotra vidaregåande skule, avdeling Sund, Askøy videregående skole og Årstad videregående skole. Representantar frå lærarane og leiinga fekk leggje fram korleis dei jobbar med tilpassa opplæring og fråfallsproblematikk i faget, og kva dei ser på som dei største utfordringane i faget. Arbeidsgruppa har brukt allereie eksisterande talmateriale innhenta gjennom Tilstandsrapport for vidaregåande opplæring 2010/2011 og statistikk gjennom Extens for karakteren 1 og IV for skoleåret 2010/2011. Data har fungert som grunnlag for å sjå kor dei største utfordringane rundt fråfall har vore. Dei har òg fungert som referanse- og diskusjonsgrunnlag i arbeidsgruppa og i drøftingar på skolebesøka. Gjennom kvalitativ metode har gruppa innhenta erfaringar lærarar og skoleleiarar har, og tiltak og metodar dei meinar kan fungere som tiltak for å snu den negative utviklinga i faget. Det er òg eit uttalt ønskje frå arbeidsgruppa om å presisere at dei aller fleste elevane har eit godt forhold til kroppsøvingsfaget, men at det for dei elevane det gjeld er naudsynt å leggje betre til rette for at dei fullfører faget. 3
3) Drøftingar i arbeidsgruppa I tilstandsrapporten for skoleåret 2010/2011 blei det presentert nokre hypotesar og moglege forklaringar til resultata. Desse har vore ein del av grunnlaget for drøftingar i arbeidsgruppa. Det er grundig dokumentert at overgangar i grunnopplæringa er kritiske ( ). Utfordringar knytt til overgangen mellom ungdomsskolen og den vidaregåande opplæringa illustrerer samtidig behovet for meir systematisk informasjonsoverføring som ein del av kartleggingsarbeidet og som grunnlag for tilpassing av opplæringa. ( ) Det kan synast som om eleven sitt behov for tilpassa opplæring ikkje blir møtt i tilstrekkeleg grad. Eit viktig spørsmål å stille i denne samanhengen er om skolane har tilstrekkelege virkemiddel og tilstrekkeleg med kompetanse til å møte dei samansette elevgruppene. Arbeidet med vurdering for læring vil kunne representere eit sentralt grunnlag for tilpassa opplæring. Gjennom tilbakemeldingar frå rektorar, lærarar, i skolebesøk og drøftingar i arbeidsgruppa har det blitt bekrefta at overgangen mellom ungdomsskole og vidaregåande skole er kritisk. Lærarane får ikkje den naudsynte kjennskapen til elevar som kan stå i fare for å falle frå undervisninga tidleg nok. I overføringssamtalar før skolestart kjem det ikkje tydeleg nok fram kva for elevar dette gjeld. Dette fordrar at samarbeidet mellom ungdomsskole og den aktuelle vidaregåande skolen må bli betre. Gruppestørrelse er viktig i eit fag som kroppsøving. Erfaringsmessig gjeld dette spesielt utdanningsprogram som Bygg- og anleggsteknikk, Helse- og sosialfag, Teknikk og industriell produksjon og Service og samferdsel. Ideelt sett er eit tolærarsystem på 30 elevar noko å strekkje seg etter i desse gruppene, men av ressursmessige årsaker er 45 elevar med to faglærarar meir realistisk. Kroppsøving er ofte eleven sitt verste eller beste fag, og gir høg grad av eksponering sett i forhold til andre fag. Gjennom tilbakemeldingar og drøftingar i arbeidsgruppa har det kome fram at det er elevgruppa som slit med eksponering som representerer dei som får IV, og ikkje nødvendigvis dei som ikkje gidd å ha kroppsøving. Skolane sine utgangspunkt er svært ulike. Nokre har gode rammevilkår, som t.d. god tilgang til fleirbrukshall, nærliggande natur og samarbeid med kommunale instansar, medan andre skolar ikkje har dette handlingsrommet. Kombinert med ein anstrengd økonomi, kan dette gi færre moglegheiter for alternativ og tilpassa opplæring. 4) Høyring om revidert læreplan i faget Kroppsøvingsfaget har vore tema i ulike media gjennom heile hausten, då gjerne med vurderingsforskrift, eksamensform og formål med faget som tema. Dette er område i faget som vi ikkje kan endre gjennom lokale prioriteringar. Parallelt med prosessen i arbeidsgruppa har Utdanningsdirektoratet sendt ut ei høyring på revidert læreplan i kroppsøving. Høyringa tek mellom anna høgde for å endre kompetansemål, form på privatisteksamen og vurdering av innsats i faget. Vi har sett vårt arbeid i samanheng med dette, og utforma forslag til tiltak som kan implementerast uansett utfall av høyringa. 5) Forslag til tiltak På bakgrunn av innspela arbeidsgruppa har fått i skolebesøk og frå faglærarar og rektorar, er det sett opp ei liste med forslag til tiltak som kan settast i gang for å redusere talet på 1/ IV i faget. Forslaga til tiltak er delt inn i undergrupper, men går til dels i kvarandre. Dei må sjåast i samanheng. Modellar som er knytt til organisering av alternativ kroppsøving ligg nedst i dokumentet. 4
Skoleleiinga Den einskilde skoleleiinga må ta ansvar for å setje kroppsøvingsfaget på dagsorden, og prioritere det på lik line med andre fellesfag. Den einskilde skolen må prioritere tiltak etter kva for resultat skolen har i faget. Resultata på tiltaka må kunne dokumenterast i skolebesøka frå opplæringsavdelinga. System for verksemdbasert vurdering (VBV) følgjer opp tilstanden knytt til læringsresultat, fråfall og læringsmiljø. Timeplanleggjing Når skolen planlegg undervisninga, bør opplæringa i kroppsøving for grupper med høgt fråvær ikkje leggjast på uheldige tidspunkt, t.d. tidleg måndag morgon eller seint fredag ettermiddag. Skolen bør leggje til rette for eit 2-lærarsystem/fleirlærarsystem, der to eller fleire lærarar deler undervisninga for større grupper. Gjennom parallellegging av grupper vil fleire lærarar dele opplæringa. Dette gir eit større rom for tilpassa opplæring, men krev òg relativt god hallkapasitet. For å sørgje for at relasjonar mellom elev og lærer kan vedvare/styrkjast, bør skoleleiinga så langt det lar seg gjere leggje til rette for at dei einskilde elevgruppene har den same kroppsøvingslæraren gjennom heile opplæringa i skole (Vg1-Vg2/Vg1-Vg3). Alternativ kroppsøvingsgruppe Skolar som har utfordringar med mange elevar som står i fare for å få IV er tilrådde å opprette gruppe i alternativ kroppsøving tilpassa undervisning i faget. Dette må vere eit alternativ der eleven, saman med kroppsøvingslærar og lege (ev. helsesøster/fysioterapeut), kan kome fram til eit opplegg som er tilpassa eleven sine føresetnadar. Eleven kan då kome seg gjennom kompetansemåla i læreplanen med eit litt anna fokus. Den alternative opplæringa kan eliminere mykje av det som i utgangspunktet kjennast som negativt og som eit handikap i forhold til kroppsøvingsfaget, og i staden fokusere på dei sterke sidene til eleven. Dette kan òg vere eit alternativ til fritak frå faget. Alternativ kroppsøving kan knytast til studieverkstaden på skolen. Studieverkstaden har alltid ein vaksen person til stades, og det vil då fungere som eit tredje alternativ om eleven ikkje kan delta i den alternative kroppsøvingsgruppa. Fagansvarleg Skolane kan setje av ein ressurs til ein fagansvarleg på skolen, som har oppgåve å ha det lokale koordineringsansvaret for å halde faglege møter på skolen, og å halde seg orientert om utviklingar i faget, samt vere i nær kontakt med FAU-systemet. Ansvaret kan òg omfatte å leie arbeid med t.d.: - Innspel til høyringsutkast ved revidering av læreplanar - Vurdering: Skape eins forståing omkring vurdering, skape felles forståing for bruk og vurdering av testar - Aktivitetsdagar: arrangere, bidra med utstyr, informasjon og påmelding - Strukturere og leggje til rette for fagleg delingskultur - Utarbeide retningsliner og innhald i alternative kroppsøvingsgrupper - Utarbeide og revidere kriterium til kompetansemål - Verkstadsansvarleg: kartleggje utstyrsbehov, prioritere i forhold til budsjett, vurdere kvalitet og alternative forhandlarar - Vere kontaktperson mot ev. eigar av leid hall - På skolar som ikkje har stort nok elevtal til å danne eigne alternative grupper: stimulere elevar med spesielle behov til å fortsette i faget, med mål om å delta i ordinær gruppe, og få ei fagleg og personleg utvikling 5
Læremateriell Så langt det er mogleg, må skoleleiinga prioritere å handle inn lærebøker til kroppsøving. Ikkje alle haller har tilgang til trådlaust internett, og digitale læringsressursar er då ikkje tilgjengelege. Om ein elev har midlertidig fritak frå den praktiske delen av kroppsøving, kan han likevel vere til stades i undervisningssituasjonen. Samarbeid med kommune/ungdomsskole Det må opprettast ei tettare kopling mellom ungdomsskole og vidaregåande skole, slik at føresetnadane for ei god opplæring er best mogleg. Naudsynt informasjon om den einskilde elev må overførast slik at grunnlaget for gjennomføring blir best mogleg. Spesielt gjeld dette elevar som står i fare for å få 1/IV. Jamfør tiltak knytt til overføring av relevant informasjon for Ny GIV-elevar. Dialog og oppfølging Skolen må systematisere og aktivisere dialogen mellom faglærarar, skolehelsetenesta og rådgivarar om og med elevar som er i risikosona for å få IV. Tett oppfølging av eleven er viktig når det er teikn til fråfall. Skolen må ha heilt klare rutinar på oppfølging. Til dømes bør eit vedlegg følgje med varsel om fare for ikkje å få karakter, som seier noko om ulike val eleven har tilpassa opplæring i ordinær klasse og tilpassa opplæring alternativ kroppsøving. Delingskultur For å fremje erfaringsdeling og delingskultur, bør timeplanlegginga òg leggje til rette for at kroppsøvingslærarar på skolane får høve til å drøfte utfordringar og døme på gode undervisningsopplegg med sine kollegar. Ein forlenging av dette er at mindre skolar med små stillingar bør satse på utstrakt samarbeid med naboskolar. Startsamtale Gjennom startsamtalen skal kontaktlærar/faglærar kartleggje ev. forhold som kan gjere at eleven droppar ut av opplæringa. Informasjon frå startsamtalen skal nyttast aktivt for å kunne gi god tilpassa opplæring. Vurdering for læring Vurdering for læring. All undervegsvurdering i faget skal ha eit formål, og settast i eit læringsperspektiv. Blir eleven testa, må det vere eit mål at eleven lærar noko av han, ikkje berre måle prestasjonar. Kompetansemåla i faget set ingen krav om resultat i ulike testar. Arbeid på tvers av skolane Det er svært viktig å oppretthalde FAU-systemet med den samkøyringsfunksjonen det har mellom dei ulike skolane. Dette inkluderar òg å halde fram med etterutdanningskurs og andre kompetansehevande tiltak retta mot lærarar for å gjere dei i stand til å møte faglege og pedagogiske utfordringar i undervisninga. FAU legg til rette for ein delingsbank gjennom læringsplattforma It s learning. Denne delingsbanken må vidareutviklast og styrkast. 6
Alternativ kroppsøving tilpassa opplæring Under er eit forslag til korleis skolane kan organisere grupper med alternativ kroppsøving. Modellen er basert på erfaringar frå skolar som har lukkast med ei slik gruppe. - Kven kan vere i denne gruppa: alle elevar som av ei eller anna årsak ikkje kan eller vil følgje den vanlege undervisninga. Å delta i denne gruppa kan være eit alternativ til fritak frå faget. Eleven må sjølv søkje seg inn for å få være med i gruppa. Det skal vere eit lågterskeltilbod. I staden for: eit alternativt opplegg som kjem i staden for ordinær kroppsøvingsundervisning. Eleven kan då avspasere i dei ordinære kroppsøvingstimane. Det må stillast krav til at eleven deltek i gruppa. Eleven kan velje å gå tilbake til ordinær undervisning dersom han/ho ønskjer det, etter samtale med ein ressursperson tilknytt gruppa. - Ressurspersonar: faglærarar minimum eit tolærar-system dersom ikkje nokre av desse funksjonane er tilknytt gruppa: helsesyster, fysioterapeut, utekontakt (miljøvakt) eller andre som er naturleg å knyte til arbeidet med elevane. Lærarane som blir knytt mot ei slik gruppe bør har erfaring med å jobbe med ungdom, og vere spesielt interessert i å jobbe med denne forma for tilpassa opplæring. - Tal timar: 2 timar per veke. På nokre skolar har ein lagt dette til felles møtetid for lærarane, slik at det er ledig kapasitet i gymsal (hall). - Læreplanmål/ tilpassa opplæring: Elevane skal arbeide ut frå kompetansemåla som høyrer til kroppsøvingsfaget. Eleven kan då kome seg gjennom kompetansemåla i læreplanen med eit litt anna fokus enn tilfellet er i ordinær gruppe. Den alternative opplæringa kan eliminere mykje av det som i utgangspunktet kjennast som negativt og som eit handikap i høve til kroppsøvingsfaget, og i staden fokusere på dei sterke sidene til eleven. KOSTNADAR: Nokre skolar har i samarbeid med tilhørande kommune søkt statlege midlar innan psykisk helse. Dette for å dekkje kostnader til helsesyster, fysioterapeut og liknande. Den vidaregåande skolen vil ha utgifter i samband med løn til lærarane i denne gruppa. ORGANISERING: Dersom skolen har studieverkstad/studiesenter kan administrasjon av gruppa skje her (søknader og anna direkte kontakt med elevane utanom koppsøvingstimane). ALTERNATIV FOR SMÅ SKOLAR: På mindre skolar kan ein gi ein ressurs til faglærar som møter eleven etter tre fråværstilfelle. Samtale med eleven om bakgrunn for fråvær og lage ein behovsanalyse med framdriftsplan (krav og mål) som eleven skriv under på. Overordna mål er å få eleven tilbake i ordinær undervisning så raskt som mogleg. 7