Grunngjeving for krav 4 Det er tverrpolitisk semje om at seksualundervisninga skal styrkast (Soria Moria 2) og fleire NOU`ar (m.a Fra ord til Handling; Bekjempelse av voldtekt krever handling 2008:4, Struktur for likestilling 2011.18) og handlingsplanar (m.a Likestilling 2014 (som erstattar m.a. Handlingsplan for likestilling i barnehage og skole 2008-2010), Handlingsplan mot vold i nære relasjoner 2012, og den varsla handlingsplanen mot voldtekt) viser at regjeringa har ønske og vilje til å få gjort noko med tematikken seksualitet og problematikken rundt seksuelle krenkingar og voldtekt. Mange gode forslag ligg på bordet hadde dei blitt gjennomført hadde vi vore kome eit godt stykke på veg. Problemet er at alle ønskja druknar i byråkratiet, det viser seg at mange handlingsplanar ikkje er kjent for/hos dei som skal handle, det stilles få eller ingen faktiske krav til handlingar. Når mål i handlingsplanane ikkje vert oppfylt, lagast (i beste fall) nye handlingplanar. Slik kan det ikkje vere. Vi må ha ny praksis regjeringa og departementa MÅ stå til ansvar for at handlingsplanane vert gjennomført via styring og finansiering. Aller viktigast her og no er likevel at vi får konkretisert kompetansemåla i skulen slik at seksualundervising og kunnskap om vald/valdtekt faktisk må prioriterast. Skulen må ta det overordna ansvar for at elevane både i grunn- og vidaregåande skule får nødvendig opplæring i seksualitet, seksuelle krenkingar og tematikk kring voldtekt. Tematikken er «innanfor» dagens kompetansemål i både naturfag, norsk, KRL og samfunnsfag. I følje handlingsplanen mot vold i nære relasjonar skal ein i
løpet av 2012 sende ut høyring på forslag om tydelegare mål om vold, krenkingar, grensesetting og seksualitet. Dette er bra, og om måla vert tydlegare, må naturleg konsekvens også bli styrking i lærarutdanninga. Spissinga kan og bør skje snarast. Det må stillast strengare krav til at tematikken faktisk blir prioritert i skulen gjennom at vi får eige kompetansemål definert i to gjennomgåande fag (i tillegg til dei kompetansemåla som vi har i dag og som indirekte omtalar problematikken i dag). At tematikken faktisk bli prioritert er kanskje den største utfordringa då vi veit at det er eit langt steg å endre kunnskapsløftet og metodefridomen og skulens fridom til å velje passande tema som skal vere med på å oppfylle kompetansemåla. Eit nødvendig steg er uansett meir tydlege og spissa kompetansemål. Når vi konsentrerer oss om eigne kompetansemål i få gjennomgåande fag på definerte årstrinn vil dette vere med på å sikre at tematikken vert tatt meir på alvor. Jo meir generelt og diffust tematikken blir omtalt i kompetansemåla (som i dag) jo lettare er det å velje bort eller skyve ansvaret over på andre. Med vårt forslag pålegg vi i større grad læraren til å ta opp problematikken spesifikt. Vi har konsentrert oss om to gjennomgåande fag på ungdomstrinnet og i vidaregåande opplæring, nemlig samfunnsfag og naturfag. Tematikken er delvis med i kompetansemåla i dag, forutan i naturfag Vg1 der denne tematikken heilt fråverande (og må inn).
Den kompetansen som helsesøster innehar gjer ho/han i stand til å bistå læraren/skulen i undervisning om seksualitet, seksuelle krenkingar og overgrep, i tillegg til å arbeide generelt med førebyggande miljøarbeid. Sidan helsesøster (krav 3) allereie har nødvendig kompetanse på dette området vil dette vere eit effektivt tiltak helsesøster kan gå i gang med arbeidet med ein gong (og spesielt når ho/han har 100 % stilling då blir ho/han ein meir naturleg del av skulemiljøet og kan arbeide meir grundig og planmessig). Heilt sentralt her vert at helsesøster og lærarane/leiarane samarbeider om denne formidlinga - og gjerne knytt tematikken til bestemte fag og kompetansemål. Ein kan sjølvsagt også hente inn anna kompetanse utanifrå som skulen har god erfaring med. Tematikken må uansett knytast til kompetansemål i fag og skulen må ta ansvaret for at elevane får den nødvendige kompetanse. Når det gjeld oppdatering på aktuelt undervisningsmateriale må vi sjå til eksisterande undervisningsprosjekt i regi av Utdanningsdirektoratet, LLH, Sex og Politikk, Reform med fleire. Mykje av dette kan inngå i kursing av lærarane, og /eller som samarbeid med lærarane. Relevante kompetansemål i læreplanen, jf. «Kunnskapsløftet 2006»; Desse må bestå i tillegg til at vi krev nye og eigne kompetansemål i samfunnsfag og naturfag: Her er våre forslag til spissing av kompetansemål (forslag i kursiv / raud farge):
Naturfag Kropp og helse Beskrivelse av hovedområdet Hovedområdet kropp og helse dreier seg om hvordan kroppen vår er bygd opp, og hvordan kroppen påvirkes og endres over tid. Respekt og omsorg for andre står også sentralt innenfor området. Kropp, helse, livsstil og ernæring omtales hyppig i mediene. Kunnskap og kritisk vurdering av informasjon på dette området er viktig for å kunne ta ansvar for egen kropp og fysisk og psykisk helse. I Vg1 er dette hovedområdet kalt ernæring og helse som uttrykk for vektlegging innenfor hovedområdet. Etter 7.trinn Mål for opplæringen er at eleven skal kunne beskrive de viktigste organene i menneskekroppen og deres funksjoner beskrive skjelettet og muskler og gjøre greie for hvordan kroppen kan bevege seg forklare hva som skjer under puberteten og samtale om ulik kjønnsidentitet, diskutere og bevisstgjøre elevene på grensesetting og variasjon i seksuell orientering samle informasjon om og diskutere helseskader som kan oppstå ved bruk av ulike rusmidler, og diskutere mulige fysiske og psykiske helseskader som påføres en selv og andre som følge av handlinger utført i ruspåvirket tilstand
Etter 10.trinn Mål for opplæringen er at eleven skal kunne drøfte problemstillinger knyttet til seksualitet, ulik seksuell orientering, prevensjon, abort og seksuelt overførbare infeksjoner drøfte problemstillinger knyttet til seksualitet, grensesetting og seksuelle overgrep forklare hvordan kroppen beskytter seg mot sykdom beskrive hvordan man kan forebygge og behandle infeksjonssykdommer beskrive hvordan hormoner er med på å styre ulike prosesser i kroppen forklare hvordan nervesystemet og hormonsystemet styrer prosesser i kroppen beskrive fosterutvikling og hvordan en fødsel foregår gjøre greie for hvordan livsstil kan føre til sykdom og skader, og hvordan det kan forebygges gi eksempler på folkemedisin, blant annet den samiske, og samtale om forskjellen på alternativ medisin og skolemedisin gjøre greie for hvordan bruk av rusmidler kan føre til fysiske og psykiske helseskader for en selv og andre og drøfte hvordan den enkelte og samfunnet kan forebygge helseskadene Samfunnskunnskap Omtale av hovudområdet Hovudområdet omfattar emna sosialisering, politikk, økonomi og kultur og handlar om samkjensle og motsetnader mellom menneske i eit samtidsperspektiv.
Samspelet mellom kulturelle normer og samfunnsstyring på den eine sida og individuelle handlingar og val på den andre er sentralt i hovudområdet. Verdien av medborgarskap og utvikling av demokratiske ferdigheiter er viktige dimensjonar i samfunnskunnskap. Etter 7.trinn Mål for opplæringa er at eleven skal kunne velje eit tema, forme spørsmål og kaste lys over dei ved å bruke ulike kjelder forklare korleis informasjon frå massemedium og kommersiell påverknad kan verke inn på forbruksvanar samtale om variasjon i seksuell orientering i tilknyting til kjærleik, samliv og familie og diskutere konsekvensane av manglande respekt for ulikskapar, både for den einskilde og for samfunnet beskrive roller i sin eigen kvardag og undersøkje kva forventningar som knyter seg til desse rollene, diskutere og sette særskild fokus på konsekvensar for den som ikkje tilpassar seg forventa roller drøfte spørsmål omkring bruk og misbruk av tobakk og ulike rusmiddel og sette særskild søkelys konsekvensar av rusmisbruk, både for samfunnet og for dei som har ein relasjon til rusmisbrukaren gjere greie for kva eit samfunn er, og reflektere over kvifor menneske søkjer saman i samfunn
forklare skilnader mellom å leve i eit demokrati og i eit samfunn utan demokrati, og gjere greie for dei viktigaste maktinstitusjonane i Noreg samtale om kva vi meiner med identitet og kultur, kjenne att kulturelle symbol og lage ein visuell presentasjon av dei gjere greie for hovudtrekk ved samiske samfunn i dag Etter 10.trinn Mål for opplæringa er at eleven skal kunne planleggje, gjennomføre og presentere problemorienterte samfunnsfaglege undersøkingar og vurdere arbeidsprosessen og resultata finne fram til og presentere aktuelle samfunnsspørsmål, skilje mellom meiningar og fakta, formulere argument og drøfte spørsmåla leggje ein plan for å starte og drive ei bedrift ut frå ei undersøking av grunnlaget for ei slik bedrift analysere utviklinga av rusmiddelbruk og røyking i Noreg og reflektere over haldningar til rusmiddel, diskutere skadeverknader av rusmisbruk for samfunnet og for den einskilde, og særskilt problematisere samanhengen mellom rus og vold i nære relasjonar drøfte forholdet mellom kjærleik og seksualitet i lys av kulturelle normer med særskilt vekt på grensesetting
beskrive korleis forbruksmønsteret har utvikla seg i Noreg og gjere greie for rettane til forbrukarane forklare kva haldningar og fordommar er og drøfte moglegheiter og utfordringar i fleirkulturelle samfunn, med særskild vekt på likestilling mellom kjønna. utforske kva som krevst for at samfunn skal kunne halde fram å eksistere og samanlikne to eller fleire samfunn gjere greie for politiske institusjonar i Noreg og samanlikne dei med institusjonar i andre land gje døme på og drøfte demokrati som styreform, gjere greie for politisk innverknad og maktfordeling i Noreg og bruke digitale kanalar for utøving av demokrati diskutere årsaker til og følgjer av kriminalitet, og forklare korleis rettsstaten fungerer ut frå korleis eit aktuelt lovbrot er behandla forklare kvifor kultur ikkje er medfødd, og gjere greie for og analysere kulturelle variasjonar beskrive hovudtrekk i norsk økonomi og korleis vår økonomi heng saman med den globale økonomien gjere greie for grunnleggjande menneskerettar og drøfte verdien av at dei blir respekterte, og diskutere og kome med døme på konsekvensar av brot på menneskerettar gjere greie for ein aktuell konflikt og drøfte framlegg til løysing
gje døme på korleis Noreg er med i internasjonalt samarbeid gjennom FN og andre organisasjonar, også internasjonalt urfolkssamarbeid Samfunnskunnskap Individ og samfunn Omtale av hovudområdet Hovudområdet omfattar sosialisering, personleg økonomi, samlivsformer og kriminalitet. Det handlar også om kven og kva som påverkar ungdom i dag. (Etter 1.året vg1) Mål for opplæringa er at eleven skal kunne definere sentrale omgrep knytte til sosialisering og bruke dei til å undersøkje trekk ved sosialiseringa av ungdom i Noreg, med særskilt fokus på betydninga av grensesetting for den enkelte, sett opp mot sosialt press og sosialisering forklare kvifor kjønnsroller varierer mellom samfunn og kulturar og diskutere kjønnsrollene i eit likestillingsperpektiv og kvifor kjønnsrollene endrar seg over tid rekne ut inntekter, planleggje pengeforbruk i ein familie ved å bruke ulike verktøy og vurdere korleis sparing og låneopptak påverkar personleg økonomi
Kultur drøfte rettane ein har som forbrukar og diskutere forbrukaren sitt etiske ansvar gjere greie for endringar i familie- og samlivsformer gjere greie for økonomiske og juridiske sider ved å gå inn i eit samliv og diskutere følgjer av samlivsbrot bruke digitale verktøy til å finne informasjon om omfanget av kriminalitet i Noreg, grunngje kvifor samfunnet straffar og gjere greie for korleis kriminalitet kan førebyggjast Omtale av hovudområdet Hovudområdet omfattar fleirkulturelle samfunn og religionen si rolle i kulturen. Det handlar om urfolk, etniske og nasjonale minoritetar og korleis framandfrykt og rasisme kan motarbeidast. Etter 1.året vg1 Mål for opplæringa er at eleven skal kunne definere omgrepet kultur og gje døme på at kultur varierer frå stad til stad og endrar seg over tid presentere hovudtrekk ved samisk kultur i dag og reflektere over kva det vil seie å vere urfolk beskrive hovudtrekk ved kulturen til nokre minoritetar i Noreg og drøfte utfordringar i fleirkulturelle samfunn, med særskild vekt på likestilling forklare kvifor fordommar oppstår og diskutere korleis framandfrykt og rasisme kan motarbeidast
gje døme på korleis religion og etnisk variasjon påverkar samfunn og kultur, med særskild vekt på likestilling og ulik seksuell orientering