saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 22.10.20134 62871/2013 Øivind Schanche Saksnr Utval Møtedato Kultur- og folkehelseutvalet 05.03.2014 Fylkesrådmannens tilråding 13.03.2014 Fylkesutvalet 25.03.2014 Fylkestinget 07.04.2014 Opera- og kulturhus i Kristiansund Bakgrunn Vi viser til vedlagte søknad frå Kristiansund kommune der Møre og Romsdal fylkeskommune blir bedt om å delta i finansiering av nytt opera- og kulturhus i Langveien i Kristiansund sentrum. Bygget skal reisast i hovudsak på tomta til Langveien ungdomsskole og byggjast saman med ein del av den eksisterande bygningsmassen til skolen. Vedlagt er søknaden, Kristiansund kommune si utgreiing i saka og vedtak i Bystyret i Kristiansund kommune. Vedtak etter handsaming i Kristiansund bystyre vil bli ettersendt så snart det ligg føre. Bygget er planlagt og dimensjonert til å huse Operaen i Kristiansund, Nordmøre museum, Kristiansund folkebibliotek og Kristiansund kulturskole. Av brukarane er det Operaen i Kristiansund og Nordmøre museum fylkeskommunen har direkte formell og økonomisk relasjon til. Dei øvrige leigetakarane, Kristiansund kulturskole og Kristiansund folkebibliotek, er del av den lokale kulturelle infrastrukturen i kommunen. Likevel vil det vere av stor verdi å arbeide for gode relasjonar mellom alle brukarane av bygget. I planlegginga har det m.a. derfor vore tett kontakt mellom dei framtidige brukarane av bygget og prosjektleiinga. Brukarane seier seg nøgd med dei løysingane som no ligg føre i forprosjektet. Byggeprosjektet er planlagt til å ha ei samla kostnadsramme på kr 761.548.000 inkl. mva. Det er i prosjektplanen kalkulert med at staten løyver 204.081 mill kroner, Møre og Romsdal fylkeskommune kr 204.081.000 og Kristiansund kommune 353.386 mill kroner. Historikk I sak T-43/07 «Utvikling av Festiviteten Distriktsoperaens hus» handsama fylkestinget i Møre og Romsdal søknad frå Kristiansund kommune om å vere medfinansiør i renoverings- og utbyggingsprosjektet av Festiviteten til å bli Distriktsoperaens hus i Kristiansund. Dette byggeprosjektet hadde ei kostnadsramme på 160 mill kroner.
Side 2 Med bakgrunn i saksutgreiinga gjorde fylkestinget den gong følgjande vedtak: 1. Møre og Romsdal fylkeskommune gir eit årleg tilskot stort kr 1.927.000 i 15 år til det eigedomsselskapet som skal eige Festiviteten Distriktsoperaens hus i Kristiansund. Tilskotet er meint å skulle dekkje renter og avdrag vedkomande 20 mill kroner av investeringa til renovering og tilbygg til Festiviteten. Grunnlaget for tilskotsutrekninga skal vurderast på nytt etter 5 år. 2. Møre og Romsdal fylkeskommune skal godkjenne endringar i formål og eigarskap i Festiviteten Distriktsoperaens Hus. 3. Det er ein føresetnad for avtale om tilskot at prosjektet blir fullfinansiert. Dette vedtaket blei aldri effektuert, då Kristiansund kommune med økonomisk støtte frå staten på eiga hand valde å gjennomføre renoveringsprosjektet utan økonomisk medverknad frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Vurdering Om Operaen i Kristiansund «Operaens vogge» i Noreg i nyare tid sto i Kristiansund. Nasjonalt er det fullført ei brei og overordna operasatsing ved å bygge nytt operahus i Oslo. Samstundes vert det satsa på desentralisert utvikling av opera fleire stader i landet. Operaen i Kristiansund har i nasjonal plansamanheng rolle som senter for distriktsopera med koordinerande oppdrag i dette desentraliserte nettverket. Tenlege og gode lokale for Operaen i Kristiansund er såleis naudsynt og det må vere ei nasjonal kulturpolitisk oppgåve å fullføre infrastrukturbygginga innanfor operafeltet. Som del av den regionale infrastrukturbygginga på kulturområdet med fokus på kulturformidling, er Operaen i Kristiansund, Teatret Vårt i Molde og Kulturkvartalet i Ålesund med Jugendstilsenteret og kunstmuseet Kube, dei mest sentrale institusjonane. Kva gjeld operafeltet spesielt har Operaen i Kristiansund ei særs sentral rolle regionalt, og ikkje minst nasjonalt i høve til funksjonen knytt til Distriktsoperaen. Dei funksjonar og strukturar for distriktsoperautvikling og formidling som er utvikla i og rundt Operaen i Kristiansund, vekkjer så vel nasjonal som internasjonal merksemd. For å kunne halde på denne posisjonen, og aller helst vidareutvikle han, er det særs viktig at dei bygningsmessige løysingane knytt til det spesifikt operafaglege blir godt ivaretatt. Prosjektet med renovering av Festiviteten utan tilbygg ga ikkje desse løysingane knytt til det spesifikt operafaglege. Bortsett frå at ein fekk gjennomført ei vellukka renovering av ærverdige Festiviteten, er ein kome like langt kva gjeld å skaffe Operaen i Kristiansund tenlege lokale til si samla verksemd. Slik den renoverte Festiviteten framstår i dag, har han store avgrensingar som produksjons- og formidlingsarena for opera og musikkteater. Han manglar orkestergrav, scena er for lita og manglar areal til sidescene. I tillegg er ikkje garderobetilhøva tilfredsstillande etter dagens krav og behov. I tillegg manglar bygget vesentlege funksjonar som: Kulisseverkstad, systue, prøvesal, naudsynt kontorareal for å handtere drifta. Generelt ligg ikkje logistikkløysingane til rette for god og effektiv produksjon og formidling. Dei improviserte løysingane ein har måtte velje dei siste åra har vore kostbare, ineffektive og belastande for alle aktørar i administrasjon, produksjonsledd og formidlingsledd.
Side 3 Skal Operaen i Kristiansund i framtida kunne fylle sin regionale funksjon som kulturinstitusjon på sitt felt samt ivareta funksjonane som Distriktsopera, er det fylkesrådmannen si oppfatning at saka best vert løyst gjennom realisering av eit nybygg som er tilpassa behova. Fylkesrådmannen registrerer at brukarane er nøgd med prosjektløysinga slik ho ligg føre. Nordmøre museum Stiftinga Nordmøre museum blei etablert som regionmuseum for Nordmøre 14. mai 2003 som «ein sjølvstendig kulturhistorisk, vitskapleg institusjon med sjølveigde avdelingar og konsoliderte lokalmuseum/spesialmuseum». Stiftinga sitt formål er iflg vedtektene 2: Nordmøre museum sitt formål er å aktivisere innbyggarane i regionen, kartlegge, samle inn, dokumentere, ta vare på, gjere faglege undersøkjingar, utvikle og formidle kunnskap om materielle og imaterielle kulturminne og kulturhistorie med særleg vekt på Nordmøre. Formidling til barn og unge skal vektleggjast. Museet skal samarbeide med og knyte nettverk til andre som driv kulturell verksemd i samfunnet og yte museumsfaglege tenester etter strenge faglege krav til fylkeskommunen, kommunane, organisasjonar og privatpersonar så langt budsjett- og personalressursar gir rom for.» For å kunne fylle så ambisiøse målsettingar er fysiske tilhøve, m.a. som tenlege lokale, avgjerande. Museet sine anlegg i Kristiansund er eigd av stiftinga og omfattar Norsk Klippfiskmuseum, Mellemværftet, Handelshuset Patrick Volckmar, samt museet sitt anlegg i Knudtzondalen og på Goma. I følgje avtalar med lokale eigarar (museumslag og kommunar) har stiftinga driftsansvar for museumseiningar i 10 Nordmørskommunar. Arbeidsgivaransvaret for dei tilsette ved desse einingane ligg i stiftinga, medan eigedomsretten til bygningar og gjenstandar ligg lokalt. Det er vidare inngått avtale med Kristiansund kommune, i tråd med ABM-reformen sine intensjonar og Kristiansund kommune sine plikter som vertskommune, for museet si hovudverksemd. Museet si administrative leiing held til i Kristiansund. Museet har i dag 17,7 årsverk fordelt på 22 fast tilsette. Vi viser til sak KU-18/06 der fylkestinget handsama Museumsvesenet i Møre og Romsdal, status i arbeidet med museumsreformen og viktige utfordringar i næraste framtid. Vedtak:(Ein ser det ikkje naudsynt å sitere heile vedtaket i denne samanhengen, men heller trekkje fram punkt 4 og 5 som relevante for denne aktuelle byggesaka.) 4 «Møre og Romsdal fylke ser behovet for fullfinansiering av Magasin Sunnmøre og investering i nybygg på Romsdalsmuseet og Nordmøre museum og vil arbeide for å innpasse fylket sin andel av investeringane i fylket sine planar.
Side 4 5 Møre og Romsdal fylke vil sterkt oppmode staten ved ABM utvikling og KKD til å ta ansvar for sin del av investeringane.» Magasin Sunnmøre er no ferdigstilt og byggearbeidet ved Romsdalsmuseet er starta opp. Då bør nybygg til Nordmøre museum stå for tur. Nordmøre museum har etter oppmoding gitt ein uttale om byggeprosjektet slik det no ligg føre. Uttalen er positiv både til magasindelen og til formidlingslokala. Spesielt peikar dei på dei positive synergiane som kan skapast mellom dei øvrige aktørane i huset. Fylkesrådmannen ser også positivt på slik samlokalisering då erfaringar frå andre og liknande prosjekt, td kulturhuset Plassen i Molde, viser gode synergieffektar og meirverdi av å plassere fleire kompetanse- og faggrupper under same tak. Frå fleire brukarhald vert det peika på at forprosjektet sitt romprogram medvitent har lagt opp til moglegheiter for god samhandling mellom brukarane av bygget. Generelt har fylkesrådmannen vidare inntrykk av at det er god dialog brukarane imellom og mellom brukarane, prosjektleiinga, kommunen og fylkeskommunen. Økonomi: Byggeprosjektet har pr februar 2014 ei brutto kostnadsramme på kr 761.528.000 mill 2014 kroner (sjå vedlegg). Investeringskostnader Spleiselaget Møre og Romsdal fylkeskommune skal ta del i gjeld investeringskostnader knytt til Operaen i Kristiansund og Nordmøre museum sine deler av bygget. Fylkeskommunen sin andel av spleiselaget er utrekna til kr 204.081.000. Av dette gjeld kr 163.040.000 Operaen og kr 41.041.000 Nordmøre Museum. Bidraget i spleiselaget skal gis i form av eit årleg tilskot som gjer dei to institusjonane i stand til å betjene eit lån i storleiken kr 204.081.000. I søknaden er det kalkulert inn 6,8 % i sum renter og avdrag med 30 års nedbetalingstid. Driftskostnader Estimert driftskostnader f.o.m. året 2019 (sjå vedlegg): Årlege driftskostnader ut over lånekostnader for Operaen sin del: 12.983.000 Årlege driftskostnader ut over lånekostnader for Nordmøre museum: 3.268.000 Sum: 16.251.000 Med grunnlag i tilskotsavtale mellom stat, fylkeskommune og kommune får ein følgjande fordeling av desse driftsutgiftene: Staten 35 % dvs 5.687.850 kroner pr år Fylkeskommunen 15 % dvs 2.437.650 kroner pr år. Dette vert å komme tilbake til i dei årlege driftstilskotsutrekningane f.o.m. 2019. Resterande del av driftskostnadane (50 %) vert dekt av Kristiansund kommune.
Side 5 Forslag til vedtak: 1. Møre og Romsdal fylkeskommune ser positivt på at Kristiansund kommune vil bygge nytt opera- og kulturhus i Langveien i Kristiansund. Prosjektet skal realiserast som eit spleiselag mellom Kristiansund kommune, staten og Møre og Romsdal fylkeskommune. Møre og Romsdal fylkeskommune ser vidare positivt på at Kristiansund kommune etter endeleg politisk behandling av saka, 25. februar og 4. mars 2014 fremjar sak om statleg medfinansiering. 2. Møre og Romsdal fylkeskommune legg til grunn talmaterialet for byggekostnader med meir, utarbeidd av Kristiansund kommune. Basert på dette talmaterialet, gir Møre og Romsdal fylkeskommune tilsegn om eit årleg samla tilskot stort inntil kr 13.877.000 i 30 år til A/S Operaen i Kristiansund og til stiftinga Nordmøre Museum. Det er ein føresetnad at institusjonane fremjer eigne tilskotssøknader til fylkeskommunen. Det vert å inngå eigne avtalar med institusjonane om tilskota herunder vilkår knytt til den samla finansieringa og pantesikring av den fylkeskommunale medverknaden. Delinga av tilskotet mellom dei to institusjonane blir å kome tilbake til når detaljar knytt til opplåninga ligg føre. Tilskotet er meint å skulle dekkje renter og avdrag vedkomande 204.081 mill kroner i lån til investering i nytt Opera- og kulturhus i Kristiansund. Grunnlaget for tilskotsutrekninga vert vurdert i takt med låna sine endra rentevilkår eksempelvis kvart femte år. 3. Eventuell søknad om sjølvskyldnargaranti for låneopptak vert å kome attende til. 4. Mogleg tilskot til auka driftskostnader utover husleigekostnader blir å kome attende til. 5. Det er eit vilkår at låneopptaket skjer på ein måte som skaper stabilitet i renteog kostnadsutviklinga gjennom heile låneperioden. 6. Møre og Romsdal fylkeskommune skal godkjenne eventuelle framtidige endringar i formål og eigarskap i bygget. Det er vidare ein føresetnad for tilskot at Kristiansund kommune deltek som føresett og at prosjektet blir fullfinansiert. Ottar Brage Guttelvik fylkesrådmann Heidi-Iren Wedlog Olsen fylkeskultursjef Vedlegg: 1. Føreløpig søknad frå Kristiansund kommune om økonomisk medverknad 2. Saksframlegg til formannskap og bystyre i Kristiansund kommune vedk. byggesaka.