MØTEINNKALLING Strategisk studienemnd Møtedato: 16.09.2015 kl. 13:15 Møtestad: Møterom BK220 Arkivsak: 15/00520 Forfall må meldast til utvalssekretæren snarast. Vararepresentantar møter etter nærare beskjed. SAKLISTE Saksnr Sakstittel Side 21/15 Godkjenning av innkalling og sakliste Vedtakssaker 22/15 Utvikling av heisemne 2 23/15 Midlar til premiar - Studiebarometeret 2015 5 24/15 Møteplan haust 2015 Orienteringssaker 25/15 EmWeb-roller (munnleg framlegg i møtet) 26/15 Eventuelt 1
22/15 Utvikling av heisemne Arkivsak: 14/00833-19 Arkivkode: 411 Sakshandsamar: Ragne K Ørstavik Sørheim Framlegg til vedtak 1. Strategisk studienemnd tilrår at heisemne skal utviklast på det høgste faglege nivået som emnet skal tilbydast. 2. Strategisk studienemnd ber om at Avdeling for mediefag og Avdeling for kulturfag snarast set i gong arbeidet med å utvikle ein felles mastergrad. Vedlegg 1. Utskrift får NOKUT si nettside Bakgrunn Frå tid til annan får studieadministrasjonen førespurnad om utvikling av heisemne og kva praksis i så tilfelle skal vere. Heisemne har ingen konkret definisjon, men i praksis vil det seie at eit emne skal kunne tilbydast i to variantar på to ulike nivå med felles undervisning, t.d. både som eit valfritt fordjupingsemne i ein bachelorgrad og som eit valfritt emne i ein mastergrad. Det som skal skilje nivåa på emnet frå kvarandre er særskilt knytt til eksamen og pensum, ved at det er høgare krav for masterstudentar. Det kan også vere heisemne på grunn- og fordjupingsnivå innanfor ein bachelorgrad. Heisemne har såleis eit stort fagleg overlapp og ein følgje av dette er at ein student som har fullført emnet på eit nivå, ikkje får ta emnet på neste nivå, t.d. som ein del av mastergrad etter bachelorgrad. Det har kome signal om at det er ønskjeleg å utvikle fleire heiseemne og vi bør reflektere over heismodellen som strategi i utvikling av studieporteføljen. Den har både fordelar og ulemper. Fram til no har vi to godkjende heisemne i mastergraden i Journalistikk og dokumentar, Documentary Photography, 30 stp (kode DJM311), som vert samkøyrt med valemna Photo Documetary; People and Places, 15 stp (kode PDOC201) og Photo Documetary; Capturing Moments, 15 stp (kode PDOC202), og Media og den kalde krigen 1975-1991 (DJM309) som vert samkøyrt med Media og den kalde krigen 1975-1991 (JOU250). Dekan ved Avdeling for mediefag, Pål Aam, har i haust tatt kontakt og spurt korleis det eventuelt også kan gjerast for WEB-dokumentar-emnet som er under utvikling saman med Avdeling for kulturfag. Det er ikkje sikkert at det faktisk skal gjennomførast som heisemne, og utviklar førebels eit valfritt fordjupingsemne på bachelorgradsnivå. I søknaden våren 2015 (sak 3/15), om løyve til utvikling av nytt fellesemne, skreiv dei følgjande: 2
Emnet vil være 15 stp og vil legges på 200 og/eller 300 nivå. En eventuell kombinasjon av de to nivåene vil bli gjort etter modell fra emnet DJM 309 (Media og den kalde krigen 1975-1991), som er gitt på begge nivå.» Dette vart ikkje kommentert eller problematisert i saksutgreiinga (sak 14/00833-11), men i ettertid ser vi at det truleg burde vore gjort, slik at dei også fekk vite kva det då ville bli stilt krav om. Vurdering Først må det slåast fast at det er svært positivt at dei to avdelingane samarbeider om fellesemne. Det som likevel er viktig å få fram ved utvikling av nye emne, er at NOKUT har særskilte krav til endringar i studium som er akkrediterte, og som vi må vurdere nøye dersom heisemne skal gjelde for ein akkreditert mastergrad. På NOKUT si nettside er det presisert under Endringer i studier akkreditert av NOKUT (sjå vedlegg 1): «Dersom endringene fører til at studiet får et annet/utvidet fagområde eller at det totale læringsutbyttet endres, skal dere søke om et nytt studium til de ordinære søknadsfristene». Vi må altså alt i utgangspunktet sjå til at emne som vi vil utvikle ikkje endrar mastergraden sitt fagområde eller profil. Vidare er det strengare krav til mastergrad; ansvar, nivå på personalet knytt til emnet og fagkompetansen hjå eksterne fagfeller m.v. Det kan difor synast naturleg at dersom vi ønskjer å utvikle heisemne som skal tilbydast i ein mastergrad, må arbeidet med utviklinga ha fokus på at vi følgjer krava til NOKUT i fht. det akkrediterte studiet. Dvs. at utvikling av eit nytt emne må ta utgangspunkt i fagprofilen og det totale læringsutbyttet for mastergraden emnet skal gjelde for. I tilfellet med emnet om WEBdokumentar er truleg det siste kravet innanfor. I teori om konkurransestrategi (t.d. Michael Porter) vert det m.a. hevda at det er to generiske konkurransefordelar vi kan operere etter: anten lav kostnad eller differensiering. Heisemne er i dette perspektivet eit uttrykk for lavkostnad-tenking og der fordelane m.a. er at vi: - sparar ressursar på samkøyring av undervisning - får eit betre rekrutteringsgrunnlag til emnet (større marknad) For framtidig rekruttering kan det vere verdt å vurdere om vi bør sjå meir på korleis vi kan gjere våre studium og emne meir unike og retta mot spesielle målgrupper, og heller nytte ei form for nisje-tenking. Mediefaga er ei viktig nisje der vi har ein nasjonal posisjon som vi må ta vare på, og vi må vurdere nøye korleis vi best utviklar og styrker rekrutteringa. Det er eit relevant og viktig tema når vi no skal i gong med å styrke samarbeidet mellom dei mediefaglege-miljøa i dei to avdelingane. Rektoratet har her signalisert at dei er svært opptatt av at vi så snart som mogleg kjem i gong med å utvikle ein felles mastergrad i mediefag, i tråd med tilrådinga i «Rapport frå arbeidsgruppa for vurdering av nærare samarbeid mellom mediefaga ved HVO» frå mai 2015. Som ein test på omfanget av heisemne i sektoren, har vi lagt inn heisemne som søkeord på nett (google-søk) og fekk om lag 250 treff. Flesteparten er knytt til Universitetet i Oslo og der fleire viser til emne litt bak i tid. Det er med andre ord ikkje mange som «dublerer» emne på 3
denne måten. På sikt kan heisemne by på utfordringar, og særleg dersom emna blir svært populære og rekrutterer godt på bachelornivå internt, fordi vi då tørkar ut rekrutteringsgrunnlaget til valemne i mastergraden. Vi føreset at det er ønskjeleg at mastergradene våre skal rekruttere fleire direkte frå bachelorgradene. Det er også andre utfordringar knytt til å praktisere heisemne, men som vi ikkje går nærare inn på. Men, det kan nemnast at andre institusjonar som vi har hatt kontakt med, ikkje tilrår denne ordninga. Vi vurderer difor at det kan vere føremålstenleg å nedfelle eit generelt krav til utvikling av heisemne: at dei som utgangspunkt skal utviklast og godkjennast i fht. krava til det høgste nivået emnet skal tilbydast. I den eksplisitte saka om emnet i WEB-dokumentar, tilrår vi at fagmiljøa i AMF og AKF sjekkar og kvalitetssikrar emneplanen mot krava for mastergrad, dersom dei framleis ønskjer å tilby det som heisemne. Men vi har no fått signal om at heisemne-planen førebels er lagt på is, og at det kanskje ikkje blir aktuelt i det heile. 4
23/15 Midlar til premiar - Studiebarometeret 2015 Arkivsak: 14/01214-12 Arkivkode: 402 Sakshandsamar: Hogne Ulla Framlegg til vedtak Strategisk studienemnd godkjenner ønsket frå arbeidsgruppa for Studiebarometeret om midlar til premiering, med mål om å auke svarprosenten, med ei totalramme på 20.000 kr. Bakgrunn Ein viser til sak 4/15 der rapporten om Studiebarometeret blei lagt fram. Det er eit sterkt ønskje om å auke svarprosenten for neste undersøking som er i oktober 2015. Arbeidsgruppa som blei oppnemnt har vurdert dei ulike rapportane og analysane frå fjorårets undersøking. I rapporten som tek for seg effekt av ulike tiltak blir særleg premiar løfta from som eit tiltak som har høg effekt (75-100 prosent høg effekt). Høgskulen i Sogn og Fjordane (62 %) og Høgskolen i Sør-Trøndelag (58 %) oppnådde høg svarprosent. Ei forklaring på den høge svarprosenten er mellom anna evna til å skape eit lokalt konkurranseklima, blant anna ved hjelp av premiering til program/einingar. Fire former for premiering i forbindelse med studiebarometeret er hittil kjent: - Premiar til program eller organisatorisk eining med høg svarprosent - Premiar til tilfeldig uttrekkne enkeltstudentar - Premiar til studentar ved studieprogramma med høg svarprosent - Premiar til studentar ved avdelingar/institutt/fakultet med høg svarprosent Vurdering Med bakgrunn i ønskje om auka oppslutnad ser Strategisk studienemnd potensialet i eit lokalt konkurranseklima i forbindelse med Studiebarometer-undersøkninga, og at dette best skjer gjennom ei form for premiering. Då fleire program har svært få studentar samanlikna med større program er det naudsynt med ein modell for premiering som tek omsyn til dette. Forslaget er difor: 1) Frå 20 registerte studentar og oppover: Premiar til kull ved studieprogram som har høgast svarprosent Klassefest på Rokken ramme på 200 kr per student opp til kroner 15.000 kr 2) Under 20 registrerte studentar: Premiar til tilfeldig uttrekkne enkeltstudentar 5
Pengegåve til to tilfeldig uttrekkne studentar på 2.500 kr per student Totalt: 20.000 kr i premiar 6