VESTNES KOMMUNE Administrasjonsutvalet Innkalling til møte i Administrasjonsutvalet Møtestad: Dato: Formannskapssalen, Rådhuset, 03.03.2009 Kl.15:00 Dei som er inhabile i ei sak vert bedne om å gje melding, slik at varamedlemar kan bli innkalla, - jf. 8, 3. ledd i forvaltningslova. Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte. Saksdokumenta ligg frå i dag til gjennomsyn i servicekontoret, biblioteket og på heimesidene til kommunen. Dersom du ikkje kan møte på grunn av lovleg forfall må du snarast melde frå til politisk sekretariat på e-post gunn.westnes@vestnes.kommune.no,tlf.: 71 18 40 12 eller til servicekontoret på e-post servicekontoret@vestnes.kommune.no, tlf.: 71 18 40 05. Ev. spørsmål til saksutgreiinga kan rettast til administrasjonssjefen før møtet enten på e-post: tone.roaldsnes@vestnes.kommune.no, eller tlf. 90 98 40 00. ordførar Side 1
Saksliste Saksnr Innhald Lukka PS 1/2009 PS 2/2009 PS 3/2009 Godkjenning av innkalling Godkjenning av protokoll frå siste møte NAV Vestnes - Harmonisering av arbeidstid PS 4/2009 ***** ***** ***** - Søknad om permisjon 2009/2010 X PS 5/2009 Søknad om 1 års permisjon - ***** ***** X PS 6/2009 Søknad om permisjon frå stilling ***** ***** X PS 7/2009 Søknad om utvida permisjon ***** ***** X PS 8/2009 Delvis dekning av kostnader i samband med utdanning etter tilsetjing i ***** ***** ***** PS 9/2009 Utbetaling av ikkje avspasert ***** X X Side 2
PS 1/2009 Godkjenning av innkalling PS 2/2009 Godkjenning av protokoll frå siste møte Side 3
VESTNES KOMMUNE Saksframlegg Arkiv: 403 Arkivsaksnr.: 2009/143 Saksbehandlar: Tone Roaldsnes Dato: 30.01.2009 NAV Vestnes - Harmonisering av arbeidstid Utval Møtedato Utvalssak Administrasjonsutvalet 03.03.2009 3/2009 Administrasjonssjefen si innstilling For å harmonisere arbeids- og reisetid for tilsette i NAV Vestnes, vil Hovudtariffavtalen i staten 7 og 8 som ei fast ordning vere gjeldande også for dei kommunalt tilsette ved kontoret. Både dei tilsette og arbeidsgjevar har høve til å ta saka opp på ny dersom det skulle føreligge nye moment ved t.d endring av hovudavtale eller hovudtariffavtale i stat eller kommune. Det skal då gjennomførast forhandlingar med dei tillitsvalte sine organisasjonar før saka blir behandla på ny av administrasjonsutvalet. SAKSUTGREIING: Bakgrunn: Administrasjonsstyret i Vestnes gjorde den 23.april i sak 5/07 slikt vedtak: For å harmonisere arbeids- og reisetid for tilsette i NAV Vestnes, vil Hovudtariffavtalen i staten 7 og 8 vere gjeldande også for dei kommunalt tilsette ved kontoret. Ordninga gjeld for ein prøveperiode ut 2008. Dette er bakgrunnen for saka: NAV Vestnes vart offisielt opna 2.januar 2008. Det vart tilsett leiar gjennom ein statleg tilsettingsprosess. Det er pr.i dag totalt 7 statleg tilsette med tilsaman 5,5 årsverk i NAV. Der er 3 fast kommunalt tilsette med tilsaman 3 årsverk. I tillegg har vi ein kommunalt tilsett i ei prosjektstilling (betalt av eksterne prosjektmidlar). Sjølv om leiaren er statleg tilsett har ho for det kommunale tenesteområdet fått ansvar og delegert mynde frå adm.sjefen på linje med driftsleiarar i Vestnes kommune. For det statlege tenesteområdet er ho underlagt fylkesdirektør for NAV Møre og Romsdal med dei styringslinjer som gjeld for staten. NAV-leiar vil såleis leie både statlege og kommunalt tilsette etter henholdsvis statleg og kommunalt regelverk. Side 4
Ei av dei rapporterte problemstillingane når statleg og kommunalt tilsette skal arbeide innan same kontor og med same oppgåver, er dei ulike regelverka knytta til arbeidstid. Dette har for einskilde pilotkontor medført uro og noko misnøye hos dei kommunalt tilsette. Problemstillinga gjeld hovudsakleg 2 forhold : Ordinær arbeidstid og arbeidstid ved reiser: Hovudtariffavtale kommunal sektor : kap 1 (Fellesbestemmelser) 4.2.1 : Kontoradministrasjonens ordinære arbeidstid skal være den som gjelder i den enkelte kommune, dog ikke ut over det som følger av pkt 4.2 (37,5 arbeidstimar pr veke) I Vestnes kommune har ikkje kontortilsette lønna matpause og brutto arbeidstid blir då 40 t/veke. (08.00 16.00). Dette er slått fast i Arbeids- og tilsetjingsreglementet for Vestnes kommune 11.2 (Ein forutset då at dei tilsette fritt kan forlate arbeidsplassen i pausen ; jf Arbeidsmiljølova 10-9) Når det gjeld tenestereiser heiter det i Fellesbestemmelsane 4-7 : Arbeidstakere som pålegges å reise utenom ordinær arbeidstid inngår avtale med arbeidsgiver om godtgjøring/avspasering av denne reisetiden. For Vestnes kommune vart følgjande vedteke i adm.styret i sak 19/96 : Reisetid utover ordinær arbeidstid : Reisetida vert rekna lik ¼ av medgått reisetid og kan gjerast opp anten som avspasering time mot time eller ved utbetaling av timeløn + overtidstillegg 50%. I same møte i sak 18/96 heiter det : Kurs, konferansar, seminar og lignende vert rekna som ein ordinær arbeidsdag for kvar kursdag, sjølv om kursdagen varer utover ordinær arbeidstid. Hovudtariffavtale statleg sektor : I 7 heiter det at den almenne arbeidstida ikkje skal overstige 37,5 t/veke. Elles gjeld reglane i Arbeidsmiljølova 10-9 der det går fram at pausen skal reknast som ein del av arbeidstida dersom arbeidstakaren ikkje fritt kan forlate arbeidsplassen sin. Praktiseringa av dette er slik at dei tilsette ved statlege kontor har arbeidstid 08.00 15.30. Når et gjeld kompensasjon for reiser etter ordinær arbeidstid i statleg sektor, så heiter det i avtalen 8-1, b at slike reiser blir rekna time for time. Bestemmelsen gjeld likevel ikkje for reiser i samband med kurs utan at dette er særkilt avtalt (t.d. i samband med kurs for tillitsvalte o.l) I tillegg til desse tariffavtalane er administrasjonssjefen kjent med at staten handterer overtid og avspaseringsmuligheit ein del strengare enn kommunen gjer. I praksis betyr det m.a. at alle timar som overstig 40 ved årsslutt automatisk vert strokne. Dette har vi hatt eit noko meir fleksibelt forhold til i kommunen. Underliggande i denne saka er at dei kommunalt tilsette i NAV må følgje same avspaseringspraksis som gjeld i staten. VURDERING: Harmonisering av arbeidstid kan vere eit viktig moment for å kunne lykkast med å skape èi felles teneste og èitt felles kontor. Det vil vere uheldig at kommunalt tilsette må arbeide 2,5 t. pr veke meir enn sine statstilsette kollegar. Administrasjonssjefen har bede om ei evaluering av ordninga frå NAV, og leiar Karin Pedersen har gitt følgjande vurdering: Side 5
Saken vedr. harmonisering av arbeidstid er tatt opp til evaluering i lokalt medbestemmelsesapparat (MBA) ved NAV Vestnes og det er enighet om at man ønsker å videreføre ordningen. NAV Vestnes har vært i drift som NAV-kontor i over ett år nå og arbeidstida har ikke vært tatt opp som et problemområde. Harmonisering av arbeidstida har utelukkende vært positiv for de ansatte, uavhengig av om det er statlige eller kommunalt ansatte - alle er ansatt ved NAV- Vestnes. Samarbeidet fungerer godt og det er bred enighet om at harmonisering av arbeidstida må videreføres som en permanent ordning. Særutskrift til: NAV-leiar Karin Pedersen Side 6