Møtebok for Formannskapet i Radøy. Forfall Parti Møtande varamedlem Silje Namtvedt



Like dokumenter
Radøy kommune. Saksframlegg. Saknr Utval Type Dato 086/2014 Formannskapet i Radøy PS /2014 Kommunestyret i Radøy PS

Møtebok for Valstyret

Møtebok for Formannskapet i Radøy. Forfall Parti Møtande varamedlem Silje Namtvedt

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 038/2015 Formannskapet PS /2015 Kommunestyret PS

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Radøy kommune Saksframlegg

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 038/2015 Formannskapet PS

Tilleggsinnkalling av Kommunestyret

Møteprotokoll. for. Eldrerådet

Radøy kommune. Saksframlegg. Saknr Utval Type Dato 043/2014 Formannskapet i Radøy PS /2014 Kommunestyret i Radøy PS

Radøy kommune Saksframlegg

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Tilleggsinnkalling for Formannskapet i Radøy. Sak 016/2016 er gradert og er difor ikkje med i sakspapira til formannskapet.

Radøy kommune. Saksframlegg. Saknr Utval Type Dato 096/2014 Hovudutval for plan, landbruk og teknisk PS

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

MØTEPROTOKOLL FUSA KOMMUNE. Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30-14:00

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

Innkalling for Kommunestyret i Radøy

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

Radøy kommune. Møtebok for Kommunestyret i Radøy. Møtedato: Møtested: Kommunestyresalen Møtetid: 09:00

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

Saksnr. Utval Møtedato 107/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr.

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

Hovden del2 reguleringsplan frå 1997

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Saksnr Utval Type Dato 008/18 Formannskapet PS Formannskapet vedtek følgjande medlemmer til den politiske arbeidsgruppa:

Møteprotokoll for Formannskapet

Radøy kommune Saksframlegg

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

Møteprotokoll for Formannskapet

Radøy kommune. Møtebok for Formannskapet i Radøy. Møtedato: Møtested: Kommunestyresalen Møtetid: 17:00

Kontrollutvalet i Fusa kommune Møteprotokoll

Møteprotokoll for Plan- og kommunalteknisk utval

Saksnr Utval Type Dato 088/16 Formannskapet PS /16 Heradsstyret PS

RULLERING AV TRAFIKKSIKRINGSPLAN - UTLEGGING AV PLANPROGRAM TIL OFFENTLEG ETTERSYN, VARSEL OM OPPSTART

Sakspapir KOMMUNAL PLANSTRATEGI FOR SVEIO OG PLANPROGRAM FOR KOMMUNEPLANEN

Møteprotokoll for Formannskapet

Radøy kommune Saksframlegg

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 13/968

Samnanger kommune Møteprotokoll

Radøy kommune Saksframlegg

Møteprotokoll for Formannskapet

Møteprotokoll Formannskapet

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Saksnr. Dok-ID Arkivkode Sakshandsamar Dato: 14/729 15/ RIF Vedlagt følgjer kommunestyret si handsaming og vedtak i saka.

Radøy kommune Saksframlegg

Nord-Fron kommune. Politisk sak. Kommunereform - Nord-Fron - vidare prosess

Saksframlegg. Saksnr Utval Type Dato 005/15 Eldrerådet PS Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Norunn Malene Storebø 15/610

Møteprotokoll Formannskapet

TILLEGGSSAK. Arkivsak: 12/158 Løpenummer: 12/ Utval: Utval for plan og miljø Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: Kl.

MØTEPROTOKOLL. Utval: Personal og økonomiutvalet Møtedato: Møtetid: 15: Møtestad: Kommunehuset

Samnanger kommune Møteprotokoll

Granvin herad Sakspapir

Møteprotokoll for Formannskapet

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret

Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet /55 Kommunestyret /45

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0038/05 04/01566 SØKNAD OM KJØP AV TOMT 230

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

MØTEBOK. Fylkeshuset - møterom Sygna. Møtedato Kl

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 68/2015 Formannskapet PS /2015 Kommunestyret PS

Selje kommune. Innkalling. Sakliste. Stein Robert Osdal ordfører. Utval: Formannskapet Møtestad: Furebuda Leikanger Dato: Tid: Kl.

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Kommunestyresalen Saknr.: 19/12 26/12

SAKSUTGREIING ETNE KOMMUNE

Kultur og fritid. Orienteringar: Anne Sofie Bjelland Kjeka informerte om Styringsgruppa i FOS sin studietur til Sogn. «System for styrka læring»

Møteprotokoll for Plan- og kommunalteknisk utval

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418

EID KOMMUNE Møtebok. Arkiv: 024 Objekt:

MØTEPROTOKOLL. Råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne SAKLISTE:

Møteprotokoll for Kommunestyret

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Handegård Arkivsaksnr.: 05/1534. Reguleringsplan Hafslo sentrum - 3. gongs handsaming. Godkjenning.

Møteprotokoll Kommunestyret

Eid kommune. Saksframlegg. Kommunedelplan for oppvekst vedtak

Møteprotokoll Formannskapet

Fylgjande medlemmer hadde meldt forfall: Navn Funksjon Representerer. Fylgjande varamedlemmer møtte: Navn Møtte for Representerer

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

Arkiv FE-140. Kommuneplan Planprogram arealdel - Offentleg ettersyn

Sakliste: Saknr. Sak 29/13 Godkjenning av innkalling og sakliste

SAKSGANG. 2. gongs handsaming av reguleringsplan for Bustadfelt Svåsandshagen>

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 028/17 Formannskapet PS Kommunestyret 023/17 Levekårsutvalet PS

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Kommunestyresalen Saknr.: 25/13 31/13

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Kommunestyresalen Saknr.: 36/12 42/12. MØTELEIAR Sølvi Ulvenes (H)

SAKSGANG. 2. gongs handsaming av reguleringsplan - Trafikkplan Vik, Jondal

Innkalling for Hovudutval for plan, landbruk og teknisk

Fitjar kommune Møteprotokoll

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Fitjar kommune Møteprotokoll

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg

Kommunestyret. Tilleggsinnkalling

Transkript:

Radøy kommune Møtedato: 26.03.2015 Møtested: Kommunestyresalen Møtetid: 09:00 Møtebok for Formannskapet i Radøy Møtedeltakarar Parti Rolle Jon Askeland SP Ordførar Ann Christin Hoen AP Varaordførar Frode Hervik V Medlem Finn Frantzen KRF Medlem Roy Bø FRP Medlem Kenneth Taule Murberg H Medlem Anne Berit Bø Palmesen SP Varamedlem Forfall Parti Møtande varamedlem Silje Namtvedt SP Andre møtande: Rådmann Jarle Landås, prosjektleiar Tore Rikstad i sak 023/2015, plankonsulent Kjersti Flatråker og leiar teknisk forvaltning, Tonje Nepstad Epland i sak 026/2015, kommunalsjef Lisbeth Alvær i orienteringsak, møtesekretær Arthur Kleiveland Orientering: Kommunalsjef Lisbeth Alvær gav formannskapet ei orientering om status for teknisk drift og forvaltning. Underskrifter: Jon Askeland Ordførar Arthur Kleiveland møtesekretær

Saknr Tittel Sakliste 020/2015 Søknad om etableringsstøtte Redningsselskapet Ung Radøy 021/2015 Friluftslivets år-kommune 022/2015 Lånegaranti Manger idrettslag 023/2015 Turløype på Manger 024/2015 Strategisk næringsplan Region Bergen 2015-2020 - høyring 025/2015 Kommunestruktur - vidare saksgang og utnemning av forhandlingsutval 026/2015 Områdeplan for Bøvågen - godkjenning av planframlegg for 1. gongs høyring og offentleg ettersyn - planid 12602012000900 027/2015 Meldingar og referatsaker 028/2015 Spørsmål om overtaking av driftskostnader for veglys

Radøy kommune Saksframleg g Saknr Utval Type Dato 020/2015 Formannskapet i Radøy PS 26.03.2015 Sakshandsamar Arkivsaknr.: Dokumentnr.: Bente Kopperdal Hervik 15/337 15/3009 Søknad om etableringsstøtte Redningsselskapet Ung Radøy Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Radøy kommune gjev Redningsselskapet Ung Radøy kr 10 000 i etableringsstøtte. Saksopplysingar: Bakgrunn Redningsselskapet har søkt støtte til etablering av eit ung-lag i Radøy kommune. Det vert søkt støtte til båt (ca kr 200 000), redningsvestar (ca kr 20 000), ein Elias-båt som skal vera fast stasjonert i Nordhordland (ca kr 100 000) og diverse (kr 50 000). Redningsselskapet sine unglag er for ungdom mellom 14 og 25 år. Laga vert styrte av ungdomane sjølve, med støtte av ein eller fleire vaksenpersonar. Ung-laga driv med sjøvett, førstehjelp, førebyggjande aktivitetar, kurs i båtførarprøven, gjennomføra kurs m.m. I Hordaland finst det til no to unglag, eitt i Bergen og eitt på Sotra. Oppstartsmøte for Redningsselskapet Radøy Ung er 18. mars. Mange ungdomar har meld si interesse for å vera med i laget, og ein vaksenperson har sagt seg villig til å følgja opp laget. Saka har vore sendt til uttale til Radøy ungdomsråd, som er positive til at laget får etableringsstøtte. Vurdering Eit unglag er eit nytt tilbod til ungdomar i Radøy og i nabokommunane. I Radøy finst det ingen lag for ungdomar med interesse for sjø og båt, og det er difor grunn til å tru at ein med dette laget vil nå ungdomar som ikkje er aktive i andre lag og organisasjonar. Ungdomane som er med vil få opplæring i mellom anna korleis ein skal ferdast trygt til sjøs og i førstehjelp. Kurs i t.d. båtførarprøve og førstehjelp vil vera opne også for personar som ikkje er medlemer i laget. Ungdomane vil verta tryggare på korleis ein ferdast til sjøs, og såleis også vera gode ambassadørar for tryggleik til sjøs i lokalsamfunnet. Redningsselskapet Ung Radøy vil gi ungdom i Radøy eit nytt aktivitetstilbod og setja fokus på tryggleik på sjøen i kommunen og slik ha langsiktig positiv verknad i lokalmiljøet. Retningslinene for kulturmidlar i Radøy kommune har ein eigen post for tilskot til barn og unge. Retningslinene opnar for at ein kan gje tilskot mange typar tiltak, men det skal leggjast vekt på tiltak som har langsiktig positiv verknad i miljø. Rådmannen er sikker på at dette er eit tiltak som vil få

positive ringverknader både for ungdomane som vert med i laget og for tryggleik til sjøs i kommunen. Konklusjon Eit ung-lag i Radøy kommune er positivt for dei ungdomane som får eit nytt aktivitetstilbod. Samstundes vil dette laget føra til auka fokus på tryggleik til sjøs i heile kommunen, og særleg blant ungdomar. Rådmannen meiner difor at kommunen bør støtta opp om eit slikt lag i etableringsfasen, og gje eit tilskot på kr. 10 000. Formannskapet i Radøy - 020/2015 FS - handsaming: Formannskapet vedtok samrøystes rådmannen si tilråding. FS - vedtak: Radøy kommune gjev Redningsselskapet Ung Radøy kr 10 000 i etableringsstøtte. Vedlegg: Søknad om etableringsstøtte Redningsselskapet Ung Radøy Uttale frå Ungdomsrådet

Radøy kommune Saksframleg g Saknr Utval Type Dato 021/2015 Formannskapet i Radøy PS 26.03.2015 Kommunestyret i Radøy Sakshandsamar Arkivsaknr.: Dokumentnr.: Bente Kopperdal Hervik 15/449 15/2822 Friluftslivets år-kommune PS Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Radøy kommune vil støtta opp om Friluftslivets år 2015, og arbeida for måla om å gje friluftsliv auka merksemd og varige resultat i form av auka deltaking i friluftsliv i alle delar av befolkninga. Kommunen vil: - Støtta opp om aktivitetar og arrangement i Friluftslivets år. - Vektleggja omsyn til friluftsliv i kommunen sitt planarbeid. - Stimulera barnehagar og skular i kommunen til å bruka naturen til leik og læring. - Satsa på stien som aktivitetsanlegg. - Bruka friluftsliv som eit positivt verkemiddel i folkehelsearbeidet i kommunen. - Arrangera Ordføraren sin tur; ein open tur med ordføraren som turleiar. - Stilla opp til bålsamtale eller anna møte med friluftsorganisasjonane i kommunen. - Stimulera born og unge til å bruka naturen også på fritida. - Kopla friluftsaktivitetar og kulturminne Saksopplysingar: Bakgrunn 2015 er utpeika til å vere Friluftlivets år med særleg fokus på nærmiljø, heilårs friluftsliv, fritidsfiske og kulturminne. Mottoet for Friluftslivets år er: «No er det din tur» og visjonen er «Fleire ut oftare». Hovudmålet for året er todelt: 1. å gje friluftsliv auka merksemd 2. å gje varige resultat i form av auka deltaking i friluftsliv i heile befolkninga Barn, unge og barnefamiliar er viktige målgrupper. Norsk Friluftsliv og Friluftsrådenes Landsforbund inviterer alle kommunane til å gjera vedtak om å vera ein «Friluftslivets år-kommune». Alle kommunane som gjer vedtak om dette, er samstundes nominerte til å verta årets friluftskommune. Vurdering Radøy har mykje fin natur som opnar opp for eit aktivt friluftsliv, med sjø på alle kantar, mange

fiskerike ferskvatn, store område med velstelt kulturlandskap og flotte utmarksområde. Hundrevis av stiar går på kryss og tvers av kommunen og gjer mange turområde lett tilgjengeleg for dei fleste. Radøy kommune har i 2015 lagt opp til at friluftsliv skal vera eit satsingsområde, både gjennom å oppnemna ei arbeidsgruppe og referansegruppe for Friluftslivets år og gjennom løyvingar til turstiar og turveg. Det å verta ein Friluftslivets år-kommune vil vera ein ytterlegare stimulans til å setja friluftsliv på dagsordenen. For å bli ein friluftslivet år kommune må følgjande punkt oppfyllast i løpet av året: 1.Støtta opp om lokale arrangement og aktivitetar i Friluftslivets år. Radøy kommune har informert lag og organisasjonar om at friluftslivets år er eit satsingsområde i år, og invitert til samarbeid. Kommunen vil særleg bidra til marknadsføring av arrangementa. 2.Vektleggja omsyn til friluftsliv i planarbeidet til kommunen Radøy kommune vektlegg friluftsliv i alt planarbeid. Kommunen har i tillegg søkt midlar til kartlegging av friluftsområde, noko som vil vera eit viktig verkemiddel for å sikra interessene til friluftslivet i all planlegging og kommunal handsaming. 3.Stimulera barnehagane og skulane til å bruke naturen i leik og læring Oppvekstsektoren er representert med ein representant i arbeidsgruppa for Friluftslivets år, og denne representanten har eit særleg ansvar for å følgja opp skular og barnehagar. 4.Satsa på stien som aktivitetsanlegg Kommunestyret har løyvd 200 000 kroner til tilrettelegging av stiar. Desse midlane kan lag og organisasjonar søkja tilskot frå. I samarbeid med lag og organisasjonar, har kommunen søkt midlar frå Turskiltprosjektet til skilting av fleire stiar. Radøy kommune vil også senda ut brosjyre med utvalde turar der det vert lagt ut postar. 5.Bruka friluftsliv som eit positivt verkemiddel i folkehelsearbeidet i kommunen. Eit satsingsområde for Radøy kommune er å få fleire i aktivitet. Både eldrerådet og råd for menneske med nedsett funksjonsevne er med i referansegruppa for Friluftslivets år for å sikra at desse gruppene også vert ivaretatt i friluftslivssamanheng. Me legg opp til kring eitt friluftsarrangement i veka, frå påske til oktober, med eit variert program. Mange av desse vert arrangert av friluftsorganisasjonar, anten aleine eller i samarbeid med kommunen. 6.Arrangera Ordførarens tur, - ein open tur med ordføraren som turleiar. Ordføraren inviterer til familietur til Skageneset 16. august. Turen set samstundes fokus på kulturminne frå krigen. Ordføraren inviterer i tillegg til natt i naturen 8. mai. 7.Stilla opp til bålsamtale eller anna møte med friluftsorganisasjonane i kommunen. Radøy kommune har god dialog med Marås 4H og vil gjerne invitera dei og andre friluftsinteresserte til dialog. Barnas turlag Nordhordland er med i referansegruppa for Friluftslivets år. Rådmannen ynskjer å leggja følgjande punkt til lista: 8.Stimulera born og unge til å bruka naturen også på fritida Ungdomskoordinatoren planlegg i samarbeid med barnevernet sommarcamp for ungdommar. I samarbeid med fleire lag og organisasjonar planlegg kulturkontoret og ungdomskoordinatoren

aktivitetsdagar i sommar for barn over SFO-alder. Ungdomsrådet er med i referansegruppa for Friluftslivets år. 9.Kopla friluftsaktivitetar og kulturminne Radøy kommune vil leggja til rette for at kulturminne vert ein større del av opplevinga på viktige friluftsområde. Me vil i løpet av året mellom anna løfta fram kulturminna i Marøy, torvhusmiljøet på Pletten og øydegarden Grimstad. Konklusjon Radøy kommune er godt i gang med planlegginga og gjennomføringa av Friluftslivets år. Dei fleste av dei krava som vert stilte til kommuner som ynskjer å verta Friluftslivets år-kommune er anten oppfylt eller under planlegging og vil såleis vera mogleg å realisera. Det å verta ein Friluftslivets år-kommune kan vera med å setja eit ekstra fokus på friluftsliv. Radøy kommune bør på bakgrunn av dette verta ein Friluftslivets år-kommune. Formannskapet i Radøy - 021/2015 FS - handsaming: Ordførar Jon Askeland gjorde framlegg om at Ordføraren sin tur vert utvida med "Min tur", der formannskapsmedlemane inviterer innbyggarane til å vera med på tur. Formannskapet vedtok samrøystes rådmannen si tilråding, med ordføraren sitt tilleggsframlegg i møtet. FS - vedtak: Radøy kommune vil støtta opp om Friluftslivets år 2015, og arbeida for måla om å gje friluftsliv auka merksemd og varige resultat i form av auka deltaking i friluftsliv i alle delar av befolkninga. Kommunen vil: - Støtta opp om aktivitetar og arrangement i Friluftslivets år. - Vektleggja omsyn til friluftsliv i kommunen sitt planarbeid. - Stimulera barnehagar og skular i kommunen til å bruka naturen til leik og læring. - Satsa på stien som aktivitetsanlegg. - Bruka friluftsliv som eit positivt verkemiddel i folkehelsearbeidet i kommunen. - Arrangera Ordføraren sin tur; ein open tur med ordføraren som turleiar, og "Min tur" med formannskapsmedlemane som turvert. - Stilla opp til bålsamtale eller anna møte med friluftsorganisasjonane i kommunen. - Stimulera born og unge til å bruka naturen også på fritida. - Kopla friluftsaktivitetar og kulturminne Vedlegg: Friluftslivets år-kommune

Radøy kommune Saksframleg g Saknr Utval Type Dato 022/2015 Formannskapet i Radøy PS 26.03.2015 Kommunestyret i Radøy Sakshandsamar Arkivsaknr.: Dokumentnr.: Sveinung Kvamme 15/270 15/1999 Lånegaranti Manger idrettslag Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Manger idrettslag får kommunal garanti for lån inntil 3,2 mill. Garantien vert gitt som sjølskuldnarkausjon. Løpetida for garantien er maksimalt 20 år. Garantien skal nedskrivast kvart år til restsaldo ved årsskiftet. Garantivedtaket skal godkjennast av Fylkesmannen i Hordaland. PS Saksopplysingar: Bakgrunn Det ligg føre skriftleg søknad om garanti for lån frå Manger idrettslag, i samband med rehabilitering av kunstrgrasbana i Grønålen. Grønålen er ei av dei mest tradisjonsrike idrettsbanene i Nordhordland, og var den første som vart lagt om til kunstgras. I seinare år har idrettslaget fått opp nytt lysanlegg av god standard. Kunstgrasdekket si levetid er for lengst ute, og anlegget er i ein tilstand som gjer normal bruk vanskeleg. Fotballforbundet sin anleggskonsulent har stadfesta at anlegget er i ein slik tilstand at det gir rett til spelemidlar for total rehabilitering. Å rehabilitera kunstgraset er første trinn i planen Manger IL no legg for Grønålen og området rundt. Målsetnad vidare er å byggja ut ei turløype med utgangspunkt i idrettsanlegget, etter modell frå Brekke-løypa i Knarvik. Vidare å få etablert eit delanlegg for friidrett til bruk for både idretten og skulane. Målsetnad er og å få opp eit moderne klubbhus, minibane og diverse nærmiljøanlegg. Med den kommunalt eigde Radøyhallen med symjehall som næraste nabo, vil Manger og Radøy då ha fått ein moderne idrettspark av høg kvalitet. Det vil bli søkt om spelemidlar, midlar frå Mohn-fondet og midlar frå andre tilskotsordningar til prosjektet. Vidare vil idrettslaget jobba mot det lokale næringslivet og private sponsorar. Idrettslaget vil i tillegg til dugnad skyta inn 300 000 i kontante midlar. Idrettslaget ønskjer også at Radøy kommune gir tilskot til prosjektet. Rådmannen si vurdering Rådmannen ser klårt at det er trong for rehabilitering av bana, og er positiv til planen for rehabilitering. Å gje kommunal garanti for lån kan gje gunstige lånevilkår for laget. For Radøy kommune gir ein lånegaranti heller ingen kostnader, så lenge lånet vert nedbetalt i samsvar med plan. Rådmannen vurderer risikoen ved å gje garanti som låg. Kommunen har tidlegare gitt lån til lysanlegget, og dette har vorte nedbetalt etter plan. Rådmannen rår såleis kommunestyret til å gje garanti som omsøkt. Garanti vert gitt som sjølvskuldnarkausjon. Løpetida for garantien er maksimalt 20 år. Garantien skal nedskrivast kvart år til restsaldo ved årsskiftet. I og med at garantien gjeld lån over kr 500.000, må vedtaket godkjennast av Fylkesmannen i Hordaland.

Formannskapet i Radøy - 022/2015 FS - handsaming: Finn Frantzen (KrF) etterlyste planar og budsjett for arbeidet som Manger IL skal gjera i Grønålen. Frode Hervik (V) ba om at skriv frå idrettslaget vert lagt med saka. Her ser sak om lånegaranti som ein del av ei større sak knytt til spørsmål om kommunal medverknad til legging av nytt kunstgrasdekke på Manger og Bø. Ordførar Jon Askeland viste til at den saka kjem opp i neste møte. Han ser på lånegarantien som eit fundament for handsaming av kunstgras-saka. Formannskapet vedtok samrøystes rådmannen si tilråding. FS - vedtak: Manger idrettslag får kommunal garanti for lån inntil 3,2 mill. Garantien vert gitt som sjølskuldnarkausjon. Løpetida for garantien er maksimalt 20 år. Garantien skal nedskrivast kvart år til restsaldo ved årsskiftet. Garantivedtaket skal godkjennast av Fylkesmannen i Hordaland. Vedlegg: Radøy kommune - lånegaranti

Radøy kommune Saksframleg g Saknr Utval Type Dato 023/2015 Formannskapet i Radøy PS 26.03.2015 Kommunestyret i Radøy Sakshandsamar Arkivsaknr.: Dokumentnr.: Tore Rikstad 15/240 15/2316 Turløype på Manger Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Radøy kommune går vidare med løypeforslaget til Manger Idrettslag. Rådmannen gjer avklaringar rundt eit samarbeid med Manger Idrettslag med sikte på å få i stand ein avtale og ei praktisk gjennomføring av prosjektet innanfor vedtekne budsjettrammer. PS Saksopplysingar: Bakgrunn Med bakgrunn i at det i investeringsbudsjettet for 2015 er vedtatt at det skal lagast ei universell utforma turløypa på Manger etter modell av Brekkeløypa i Knarvik, har rådmannen oppnemnd ei arbeidsgruppa som har sett på ulike alternativ og løysingar innanfor nærområdet på Manger og etter reglar og vilkår for å få spelemidlar. Vurdering Rådmannen har i si vurdering m.a. lagt vekt på nærleiken til Manger sentrum og sentrumsområda rundt, slik som nærleik til parkeringsareal, nærleik til Radøyhallen og Grønålen. Han har og vurdert kva arbeid og tidsperspektiv ein planprosess vil ta og kostnadene i dei ulike prosjekta. Utarbeidd forslag frå Manger Idrettslag, er slik rådmannen vurderer, det beste alternativet og den løysinga som heilt klart vil bli mest nytta og allsidig brukt. Traseen turløypa får, gir lett tilkomst og bruk både på dag og kveldstid både for idretten, skulane, barnehagen, ungdomsklubben, og foreldre som kan gå tur medan dei ventar på barn som er på aktivitet. Turløypa vil binda saman eit samanhengande parkområde frå prestegardshagen til Nesvatnet og gir moglegheiter til å etablera utsiktspunkt/kvilepunkt fleire stader. Rådmannen ser det og som ein fordel at Manger Idrettslag vert ein likeverdig part i prosjektet både med omsyn til dugnad, finansiering, drift og vedlikehald. Nærare detaljar rundt eigarskap, søknadsprosess, tilbodsprosess opp mot offentleg anskaffelse, løypedetaljar/avklaringar opp mot tippemidlar og drift må avklarast nærmare før ein kan inngå ein eventuell avtale. Med delar av løypetraseen allereie opparbeidd, og at Manger Idrettslag vil delta med dugnadsarbeid, gir og ein langt mindre kostnad enn det dei øvrige løypeforslaga vil koma på. Formannskapet i Radøy - 023/2015 FS - handsaming: Rådmannen har oppnemnd ei arbeidsgruppa som har sett på ulike alternativ til turløype innanfor

nærområdet på Manger, og prosjektleiar Tore Rikstad orienterte om arbeidet og dei ulike alternativa. Arbeidsgruppa har konkludert med at Manger IL sine planar er den beste løysinga, og rådmannen har tilrådd å gå vidare med dette løypeforslaget. Frode Hervik (V) gav administrasjonen ros for rask oppfølging av ei politisk bestilling i budsjettvedtaket. Han ser Manger IL sitt forslag som den beste løysinga, i tillegg til å vera den billegaste. Ordføraren meiner Manger IL sitt forslag er det som best passar tettstadutviklinga på Manger og Manger som bustadområde. Han la fram ein førebels merknad som er kome frå Elsa og Gunnar Jordal knytt til løypeforslag frå Manger IL. Formannskapet vedtok samrøystes rådmannen si tilråding. FS - vedtak: Radøy kommune går vidare med løypeforslaget til Manger Idrettslag. Rådmannen gjer avklaringar rundt eit samarbeid med Manger Idrettslag med sikte på å få i stand ein avtale og ei praktisk gjennomføring av prosjektet innanfor vedtekne budsjettrammer. Vedlegg: Prosjektomtale turløype Manger (L)(34387) Turløyper Manger - kartskisse turløype forslag - skisse Manger IL

Radøy kommune Saksframleg g Saknr Utval Type Dato 024/2015 Formannskapet i Radøy PS 26.03.2015 Sakshandsamar Arkivsaknr.: Dokumentnr.: Jarle Landås 14/799 15/3088 Strategisk næringsplan Region Bergen 2015-2020 - høyring Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Radøy kommune gir følgjande uttale på utkast til strategisk næringsplan 2015 2020: Radøy kommune vurderer utkast til strategisk næringsplan som gjennomarbeidd og med ein struktur som gir eit godt bidrag for den strategiske næringssatsinga i regionen. Saksopplysingar: Bakgrunn Utkast til strategisk næringsplan for bergensregionen 2015-2020 er utarbeidd etter oppdrag frå ordførarane i eigarkommunane i Business Region Bergen. Rullering av strategisk næringsplan erstattar næringsplan for Bergensregionen frå 2010-2014. Den nye versjonen er forankra i regional næringsplan frå Hordaland fylkeskommune (2013-2017). Utkastet er no til uttale i kommunane. På bakgrunn av innkomne merknader etter høyringsrunden vil kommunane få planen til endeleg handsaming seinare i vår. Administrerande direktør i BRB, Ole Hope, var i februar i formannskapet og gav ein grundig presentasjon av arbeidet og forslaget til strategisk næringsplan for Region Bergen. Strategisk næringsplan er kommunane og fylkeskommunen sin plan for korleis det offentlege skal møta næringslivet sine behov. Dette er eigarkommunane i BRB sitt felles strategiske verktøy, som skal sikra at alle kommunane har felles mål og strategiar for næringsutviklingsarbeidet. Det er i planen lagt til grunn ei målformulering om at «Bergensregionen skal innan 2025 vera leiande i Norge på berekraftig innovasjon, entreprenørskap og næringsutvikling». Framlegg til Strategisk næringsplan for Region Bergen er utforma som eit dokument som svarar på næringslivet sine behov og forventningar innan dei rammer der det offentlege meiner dei kan og ønskjer å bidra. Dette er så manifestert i eit sett av fokusområde med tilhøyrande målformuleringar som kommunene skal ta tak i samla og eller kvar for seg. Det er utarbeidd ein eigen tiltaksdel som skal rullerast annakvart år. Business Region Bergen har hatt ei leiande rolle i utforminga av strategisk næringsplan. Men planen er blitt til gjennom eit utstrekt samarbeid mellom ulike interessentar, som representantar frå mellom anna kommunane, nettverksorganisasjonane, næringsorganisasjonane, NHO, LO og universitets- og høgskulesektoren i regionen. Det framlagte dokumentet er såleis eit omforeint forslag frå alle aktørane i prosessen. Hovudkjelda for dette kapitelet er Bergen Næringsråd sitt løpande kartleggingsarbeid, samt innspel

frå NHO Hordaland knytt til resultat frå NHO sine årlege undersøkingar «kommune-nm» og Nærings- NM». Planen har seks fokusområde der det offentlege kan gjera ein innsats for å møta næringslivet sine behov. Kvart fokusområde er skildra med mål og strategiformuleringar. Fokusområda dannar grunnlaget for tiltaksplanen. Tiltaka skal vera påbyrja og helst gjennomførast dei neste to åra. Eigarkommunane har gitt Business Region Bergen ansvar for oppfølging av tiltaksplanen. Det vert lagt opp til at tiltaksplanen skal rullerast annakvart år. Vurdering Plandokumentet inneheld ein presentasjon av næringslivet i regionen, og indikerer tydeleg kvar regionen har størst vekstpotensial og dei største fortrinna. Planen trekkjer opp linjene for kva næringslivet sjølv har kommunisert er deira behov for bidrag frå det offentlege. Felles visjon, mål og strategiar for næringsutvikling er eit godt utgangspunkt for å skapa ein samla og dynamisk region som i felleskap skaper vekst og utvikling. Bergensregionen er ein liten aktør i global samanheng, men ein stor aktør innan gitte næringssegment. På den globale arena har vi større muligheit til å lukkast dersom vi står samla bak ein felles strategi, slik at kommunane i regionen går i same retning. Konklusjon Strategisk næringsplan for Region Bergen ser ut til å vera eit godt verktøy for å skapa næringsutvikling i bergensregionen og dannar eit godt grunnlag for lokal næringssatsing. Fokusområde med tilhøyrande målformuleringar, saman med tiltaksdel som skal rullerast annakvart år, er gode grep for å få til ein god strategisk næringsplan. Formannskapet i Radøy - 024/2015 FS - handsaming: Formannskapet vedtok samrøystes rådmannen si tilråding. FS - vedtak: Radøy kommune gir følgjande uttale på utkast til strategisk næringsplan 2015 2020: Radøy kommune vurderer utkast til strategisk næringsplan som gjennomarbeidd og med ein struktur som gir eit godt bidrag for den strategiske næringssatsinga i regionen. Vedlegg: Strategisk næringsplan Region Bergen - utkast

Radøy kommune Saksframleg g Saknr Utval Type Dato 025/2015 Formannskapet i Radøy PS 26.03.2015 Sakshandsamar Arkivsaknr.: Dokumentnr.: Jarle Landås 14/250 15/3067 Kommunestruktur - vidare saksgang og utnemning av forhandlingsutval Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Radøy kommune utnemner førebels forhandlingsutval på tre personar som skal starta forhandlingar om kommunesamanslåing med aktuelle kommunar. Utvalet vert samansett av ordførar, varaordførar og representant for det største opposisjonspartiet (Høgre). Rådmannen deltek i tillegg. Formannskapet er styringsgruppe. Forhandlingsutvalet har mynde til straks å starta forhandlingar med aktuelle kommunar. Kommunestyret utnemner endeleg forhandlingsutval. Saksopplysingar: Radøy kommune har i lengre tid vore i prosess om eventuell endra kommunestruktur. Kommunestyret har 11.12.14 gjort vedtak om drøftingar med andre interesserte kommunar: Kommunestyret i Radøy 048/2014 KS vedtak: 1. Radøy kommune innleiar drøftingar om kommunesamanslåing med andre interesserte kommunar i regionen. 2. Rådmennene i dei kommunane som vel å gå i drøftingar får i oppdrag å utarbeida nærare prosjektplan og mal for intensjonsavtale som skal leggjast til grunn for arbeidet. 3. Prosjektplan og mal for intensjonsavtale skal godkjennast av kommunestyret våren 2015. 4. Vedtak om mogleg kommunesamanslåing vert gjort i kommunestyret våren 2016. Protokollmerknad: "Ordførar vert beden om å ta kontakt med nasjonale styresmakter med sikte på ei forlenging av dei lokale prosessane, slik at endeleg avgjersle om kommunesamanslåing vert teke lokalt i 2017 og ikkje i 2016." Regionrådet hadde møte med kommunereform på dagsorden 13.03.15. Det var her drøfta vidare saksgang med Nordhordlands-alternativet som omfattar alle kommunane i regionen med unntak av Osterøy, som er einaste kommune som har gjort vedtak om ikkje å vera med på dette alternativet: Sak 15/15 Kommunereform vidare prosess

Regionrådsleiar viste til Nordhordlandstinget og til erfaringane frå SAS-kommunane (Sandefjord, Andebu og Stokke). Askeland ser for seg to løp i Nordhordland, eit regionalt løp med dei fleste kommunane og fleire løp der nabokommunar vurderer samanslåing. Deretter var ordet fritt, og fleire gjorde greie for status, haldningar og bestillingar (til rådmenn) i eigen kommune. Tilsynelatande har nokre kommunar det litt meir travelt enn andre. Nokre meinte at det ikkje skadar prosessen at dei ivrigaste startar opp sitt arbeid, men at det skjer utanfor og parallelt med Nordhordlandsalternativet. Det er uansett viktig å køyra så opna prosessar no slik at dei nye politikarane etter valet, kan gå inn i prosessane. Rådet var enige om at Regionrådet må ta eigarskapen til Nordhordlandsalternativet, og at ein må koma i gong med dette så snart som mogeleg. Kommunalministeren ynskjer å koma til regionen, og har signalisert at torsdag 16. april høver godt. Fyrste møte vert derfor planlagt til denne dagen, og så snart som mogeleg og innan den tid må alle kommunane ha sett ned eit forhandlingsutval. NUI førebur saksliste til møtet. Det samla forhandlingsutvalet for Nordhordland må velja ein leiar og ein nestleiar og peika ut eit arbeidsutval på 3-5 personar. Vidare må ein einast om ein tidsplan og diskutera den vidare politiske vegen og kva ein vil. Beslutningsgrunnlaget fylgjer modellen til SAS-kommunane og skal vera ferdig innan utgangen av januar 2016. Osterøy er foreløpig einaste kommune som har sagt nei til å utgreia Nordhordlandsalternativet, men dei kan likevel delta på fyrste møtet 16. april, og så får dei vurdera om dei har noko att for å vera med vidare (erfaringar m.v.) Vedtak: Regionrådet oppmodar kvar einskild kommune til å oppnemna inntil til tre politikarar til å delta i eit felles forhandlingsutval som har i oppgåve og utforma eit felles beslutningsgrunnlag (SAS-modellen) for samanslåing av kommunane i Nordhordland. Forhandlingsutvalet konstituerer seg sjølv med leiar og nestleiar og opprettar eit arbeidsutval med 3-5 medlemer Rådmennene deltek på møta i det samla forhandlingsutvalet frå kommunane Beslutningsgrunnlaget skal vera ferdig innan utgangen av januar 2016 Første møte i forhandlingsutvalet blir 16. april Parallelle løp samtalar og dialog mellom nabokommunar m.v. vil skje samtidig, men utanfor denne prosessen (utanfor samla forhandlingsutval) Vurdering Vedtak om eventuell kommunesamanslåing skal treffast våren 2015 og det hastar å koma i gang med forhandlingar med andre kommunar. I ei slik prinsipiell og viktig sak er det kommunestyret som har mynde til å utnemna forhandlingsutval. Nordhordlands-alternativet ønskjer å starta forhandlingane 16. april og det er derfor ikkje tid til ei kommunestyrehandsaming av forhandlingsutval før dette møtet. Formannskapet bør derfor utnemna førebels forhandlingsutval som får mynde til å starta forhandlingar. Det bør vera same forhandlingsutval som også gjennomfører forhandlingane for alle eventuelle samanslåingsalternativ. Det andre klare alternativet som utpeikar seg så langt er kommunane Lindås Meland og Radøy. Ordførarane ønskjer å møtast før påske for å leggja til rette for eventuelle forhandlingar. Mal for beslutningsgrunnlag er det naturleg at det blir tatt stilling til i starten av dei forhandlingane som finn stad.

Det vil vera naturleg at formannskapet utgjer styringsgruppe som vil kunne vera i tett dialog med forhandlingsutvalet undervegs i prosessen. Når det gjeld kor mange og kven som skal vera med i utvalet, er det fleire måtar å gjera det på. Rådmannen vurderer det slik at det vil kunne vera formålstenleg med eit utval på tre personar, med ordførar, varaordførar og representant for det største opposisjonspartiet (Høgre). Nytt forhandlingsutval må utnemnast etter valet hausten 2015. Konklusjon Formannskapet bør utemna førebels forhandlingsutval på tre personar som har mynde til straks å gå i gang med forhandlingar om kommunesamanslåing med andre kommunar. Kommunestyret må endeleg utnemna forhandlingsutvalet. Formannskapet bør vera styringsgruppe for forhandlingsprosessen. Formannskapet i Radøy - 025/2015 FS - handsaming: Ordførar Jon Askeland peika på at det i kommunestruktur-arbeidet i Nordhordland vert lagt opp til å følgja SAS-modellen (Stokke, Andebu og Sandefjord), med eit forhandlingsutval som er samansett med ordførar, varaordførar og gruppeleiar for det største opposisjonspartiet. Formannskapet skal vera styringsgruppe. Askeland informerte om at Meland kommunestyre har invitert til konkrete drøftingar med Lindås og Radøy. Det vil pågå forhandlingar mellom desse tre kommunane parallelt med forhandlingar i det såkalla Nordhordlands-alternativet med langt fleire kommunar involvert. Frode Hervik (V) legg vekt på ikkje å ekskludera nokon som ønskjer å vera med i forhandlingar knytt til Lindås/Meland/Radøy-alternativet. Ann Christin Hoen (Ap) ser det som ein klar fordel om Austrheim kommune blir med, men dei har vist liten interesse for dette alternativet. Ordføraren understrekar at invitasjonen frå Meland opnar for at fleire kommunar kan vera med i desse forhandlingane. Formannskapet vedtok samrøystes rådmannen si tilråding. FS - vedtak: Radøy kommune utnemner førebels forhandlingsutval på tre personar som skal starta forhandlingar om kommunesamanslåing med aktuelle kommunar. Utvalet vert samansett av ordførar, varaordførar og representant for det største opposisjonspartiet (Høgre). Rådmannen deltek i tillegg. Formannskapet er styringsgruppe. Forhandlingsutvalet har mynde til straks å starta forhandlingar med aktuelle kommunar. Kommunestyret utnemner endeleg forhandlingsutval.

Radøy kommune Saksframleg g Saknr Utval Type Dato 026/2015 Formannskapet i Radøy PS 26.03.2015 Sakshandsamar Arkivsaknr.: Dokumentnr.: Kjersti Flatråker 14/332 15/2670 Områdeplan for Bøvågen - godkjenning av planframlegg for 1. gongs høyring og offentleg ettersyn - planid 12602012000900 Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Områdeplan for Bøvågen vert godkjent lagt ut til 1. gongs høyring og offentleg ettersyn. Grunngjeving av vedtaket er at planen er i tråd med kommuneplanen og intensjonane for arealbruk i området. Vedtaket har heimel i plan- og bygningslova 12-10. Saksopplysingar: Bakgrunn Områdeplan for Bøvågen har som intensjon å detaljera arealbruk fastsett i kommuneplanen. Det er lagt vekt på behov for tilrettelegging av tomtar for heilårsbustader. Planarbeidet starta opp 13. desember 2012 med vedtak i formannskapet. Det vart halde bygdemøte på Hordabø skule 5. februar 2013. Til planarbeidet er det kome inn fleire merknader både i frå offentlege partar og private. Alle merknader og innspel er vurderte og lagt fram for styrinsgruppa. Vurdering Framlegg til områderegulering for Bøvågen består av følgjande dokument: Planskildring Plankart Føresegner Planen er arbeidd fram etter føresegne gjeve i plan- og bygningslova kapittel 12. Reguleringsplan. Intensjonane som vart lagt i overordna plan og i politiske føringar i prosessen er følgt opp. Mål for planarbeidet var å samordna eksisterande planar, opprusting av gamle planar og implementering av arealbruksendringar, samt å detaljeram arealbruk og tilrettelegging av byggjeområde særleg for nye heilårsbustader. Områdeplan for Bøvågen skal stetta eit ynskje om god utvikling av ein tettstad med allereie gode kvalitetar. Korrektur Det er trong for å ta ein siste korrekturlesing og språkvask før planen vert lagt ut på høyring og offentleg ettersyn. Rådmannen vil gå igjennom plandokumenta og rette eventuelle språkfeil, heimelsfeil, avvik i koder i føresegnene i høve koder i kartet, manglande kartkoder og eventuelle andre redaksjonelle justeringar.

Konklusjon Planarbeidet er i tråd med planstrategi for Radøy kommune 2012-2016 og arealbruk sett i overordna plan, og rådmannen sitt framlegg til vedtak er å leggja områdeplan for Bøvågen ut til 1. gongs høyring og offentleg ettersyn. Formannskapet i Radøy - 026/2015 FS - handsaming: Plankonsulent Kjersti Flatråker gav formannskapet ei grundig orientering om områdeplanen. Planen har fokus på tettstadutvikling. Det er lagt inn store område for nye bustader, ein del område for einebustader og nokre for tettare utnytting. Fylkesvegen går gjennom området og er no lagt inn med to kjørefelt - pluss fortau. I områdeplanen er det lagt vekt på å leggja til rette for at folk kan gå og sykla på kryss og tvers. Plankonsulenten framheva også gode grøne strukturar langs sjø og vatn (t.d. tursti rundt Bøtjørna). Det er gjennomført ei barnetråkk-registrering som ein del av planarbeidet. Ulike interesser har vorte vekta i områdeplanen. Flatråker peika på at det er lagt inn føremål som gjer at grunneigarane kan ha valmoglegheiter i utnytting av areal. Mål for planarbeidet var å samordna eksisterande planar, opprusting av gamle planar og implementering av arealbruksendringar, samt å detaljera arealbruk og tilrettelegging av byggjeområde særleg for nye heilårsbustader. Plankonsulenten meiner områdeplanen for Bøvågen er ein plan med ønskje om rom for god utvikling av ein tettstad med allereie gode kvalitetar. Ho konkluderte med at Bøvågen er ein fin plass med potensiale. I løpet av våren vil det verta invitert til folkemøte om områdeplanen. Både plankonsulenten og leiar for teknisk forvaltning, Tonje Epland, svara på spørsmål. Formannskapet som styringsgruppe var godt nøgd med områdeplanen, og vedtok å senda planen ut på høyring. Formannskapet vedtok samrøystes rådmannen si tilråding. FS - vedtak: Områdeplan for Bøvågen vert godkjent lagt ut til 1. gongs høyring og offentleg ettersyn. Grunngjeving av vedtaket er at planen er i tråd med kommuneplanen og intensjonane for arealbruk i området. Vedtaket har heimel i plan- og bygningslova 12-10. Vedlegg: Områdeplan for Bøvågen_plankart - framlegg Områdeplan for Bøvågen_planskildring_framlegg Områdeplan for Bøvågen - føresegner per 17.03.2015

Radøy kommune Saksframleg g Saknr Utval Type Dato 027/2015 Formannskapet i Radøy PS 26.03.2015 Sakshandsamar Arkivsaknr.: Dokumentnr.: Arthur Kleiveland 15/472 15/2740 Meldingar og referatsaker Meldingar og referatsaker vert tekne til orientering Saksopplysingar: Det vert lagt fram følgjande meldingar og referatsaker: a. Norge-Moldova oversikt over relasjonar - vegen vidare b. Kommunalt internasjonalt samarbeid KS retningslinjer 2013 c. KLP eigarmøte i Bergen våren 2015 d. Trygg Trafikk tilbod om medlemskap e. Sambandet Vest AS vidare drift f. Region Nordhordland Helsehus status g. Skatteoppkrevjarfunksjonen Radøy kommune - kontrollrapport 2014 h. Kontrollutvalet for Radøy kommune årsmelding i. Regionrådet protokoll møte 13. mars j. Næring- og samfunnsplan presentasjon i regionrådet k. Økonomirapport februar 2015 Formannskapet i Radøy - 027/2015 FS - handsaming: Ordføraren gjorde framlegg om å utsetja Meldingar og referatsaker til neste møte. Formannskapet vedtok samrøystes å utsetja Meldingar og referatsaker. FS - vedtak: Meldingar og referatsaker vert utsett. Vedlegg: Moldova-Norway - Existing relations Moldova-Norway - Existing relations KLP - presentasjon eigarmøte i Bergen Trygg Trafikk - tilbod om medlemskap Sambandet Vest AS - vidare drift Region Nordhordland Helsehus - statusmelding mars 2015 Kontrollrapport 2014 vedkomande skatteopkrevjarfunksjon for Radøy kommube (L)(35616) Årsrapport KU Radøy 2014

Protokoll 2-2015 Regionrådet, 13. mars (L)(38344) Næring og samfunnsplan - presentasjon i regionrådet