SAMSPEL I KUNNSKAPSFRONTEN STRATEGI 2016 2020
HØGSKOLEN I BERGEN HAR DESSE AVDELINGANE OG SENTERA: Avdeling for helse- og sosialfag Avdeling for lærarutdanning Avdeling for ingeniør- og økonomifag Senter for kunnskapsbasert praksis Senter for kunstfag, kultur og kommunikasjon Senter for nyskaping Senter for utdanningsforsking Senter for omsorgsforsking Vest Senter for nye medium E LJØM RKET MI 2 41 9 Trykksak 6 9 Utforming/foto: Senter for nye medier, Høgskolen i Bergen Foto: Seksjon for kommunikasjon, Høgskolen i Bergen Trykk: Bodoni
NØKKELTAL 2015 7 700 STUDENTER 800 ANSATTE NØKKELTAL 2015 30 BACHELORGRADER/GRUNN7 700 studentar SKOLELÆRARUTDANNINGAR 830 tilsette 18 MASTERPROGRAMbachelorprogram/grunn30 1 PH.D.-PROGRAM skolelærarutdanningar 18 masterprogram 1 ph.d.-program STRATEGI 2016 2020 Strategien «Samspel i kunnskapsfronten» viser kvar Høgskolen i Bergen er i dag, kven vi er, kvar vi skal og grepa som må gjerast for at vi skal kome dit. Som kunnskapsinstitusjon har vi eit tydeleg samfunnsoppdrag: Vi skal drive utdanning, forsking, fagleg- og kunstnarisk utviklingsarbeid (FoU), innovasjon og formidling som skal bidra til å løyse utfordringar regionalt, nasjonalt og globalt. Høgskolen i Bergen løyser samfunnsoppdraget mellom anna gjennom å utdanne studentar med høg profesjonsog endringskompetanse som eit samfunn i rask endring har nytte av. FoU er ein føresetnad for å løfte profesjonane. Universitetssatsinga er difor eit viktig verkemiddel for at vi skal kunne løyse samfunnsoppdraget på best mogleg vis. Vi satsar på å bli eit universitet innan 2025. Innovasjon, entreprenørskap og samspel med samfunnsog næringsliv er også heilt avgjerande for at vi skal liggje i front av kunnskapsutviklinga og møte dei krava samfunnet set til oss. I kunnskapslandskapet på Vestlandet er vilkåra til stades for at HiB skal kunne vere med å løyse nasjonale og globale utfordringar gjennom regionalt forankra FoU-arbeid. Strategi Høgskolen i Bergen 2016 2020: Samspel i kunnskapsfronten
KVAR ER VI I DAG? Høgskolen i Bergen er eit kraftsenter for profesjonsretta utdanningar, FoU og innovasjon på Vestlandet. Høgskolen i Bergen tilbyr etterspurd kunnskap og profesjonskompetanse. Vi har stor fagleg breidde og er ein attraktiv tilbydar av høgare utdanning på alle nivå på Vestlandet. Vår nye campus på Kronstad legg godt til rette for samarbeid på tvers av fagmiljøa og med omverda. Med ny infrastruktur og moderne utstyr gir vi praksisnær og relevant utdanning. Dette fremjar praksisnær FoU og innovasjon på tvers av profesjonane. Høgskolen i Bergen legg vekt på gjensidig læring: Vi bidreg med ny kunnskap og utviklar kunnskap saman med andre. Vi er lydhøyre for endringar, responderer raskt på behova i samfunnet og har eit godt grunnlag for innovasjon og entreprenørskap. Vi har god dialog med samfunns- og næringsliv, og samarbeider godt med andre kunnskapsinstitusjonar, regionalt, nasjonalt og internasjonalt. INNOVASJON Innovasjon er nye måtar å kombinere kunnskap på. Det å forstå korleis innovasjonsprosessar oppstår og vert utvikla på er avgjerande for å gjennomføre endringsprosessar i samfunns- og næringslivet. Entreprenørar, enten i form av eit enkeltindivid eller grupper av individ, er sentrale i slike prosessar gjennom å utfordre eksisterande gjeremåtar og praksisar. Strategi Høgskolen i Bergen 2016 2020: Samspel i kunnskapsfronten
KVEN ER VI? VERDIGRUNNLAGET VÅRT Vi byggjer på humanistiske verdiar. Kulturell forankring, berekraftig utvikling, nytenking og høg etisk standard pregar arbeidet vårt. Vi har eit lærings- og arbeidsmiljø der studentar og medarbeidarar kjenner seg respekterte, likeverdige og inkluderte, er engasjerte i meiningsfylt arbeid og frie til å delta i open og kritisk dialog. Vi er opne mot, og i samspel med, omverda.
KVAR SKAL VI? VISJON Profesjonskompetanse gjennom samspel i kunnskapsfronten. Ved å tilby og utvikle ettertrakta profesjonskompetanse gjennom samspel i organisasjonen og med omverda, arbeider vi med utfordringar som samfunnet står overfor på område der høgskolen har særleg kompetanse: utviklinga av velferdssamfunnet det grøne skiftet det aukande mangfaldet utvikling av ny teknologi, nye arbeidsmåtar og nye uttrykksformer demografisk utvikling sosial og kulturell ulikskap globalisering HØGSKOLEN I BERGEN I SAMSPEL MED SAMFUNNET Regionalt Skole/barnehage Helseføretak Kunnskapsinstitusjoner Teknologi Opplæring Helse Utdanning FoU Formidling Innovasjon Økonomi Kunst Nasjonalt Fylkeskommune Kommunar Kulturliv Oppvekst Velferd Organisasjonar Internasjonalt Næringsliv
Innan 2025 er Høgskolen i Bergen eit universitet med ein sterk profesjonsog arbeidslivsprofil som bidreg til eit berekraftig samfunn. Vi tar del i å løyse samfunnsutfordringane ved å liggje i kunnskapsfronten. Dette inneber at vi arbeider vidare med: 1. PROFESJONS- OG ENDRINGSKOMPETANSE Høgskolen i Bergen dannar og utdannar høgt kvalifiserte, reflekterte og etisk medvitne profesjonsutøvarar, som arbeider kunnskapsbasert. Dei får innsikt i og kunnskap om FoU og vidareutviklar denne kompetansen etter fullført utdanning. Vi speler ei viktig rolle i det nasjonale utdanningslandskapet ved å vere profesjonsnære og relevante, setje dagsorden og delta i samfunnsdebatten. Gjennom FoU-arbeidet vårt driv vi kunnskapsfronten framover: Med FoU- og innovasjonsarbeidet utviklar vi utdanningane og profesjonane. 2. SAMSPEL FOR KUNNSKAPSUTVIKLING TIL EIT SAMFUNN I ENDRING Høgskolen i Bergen er ein attraktiv samarbeidspartnar for samfunnet rundt oss og andre kunnskapsinstitusjonar lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Vi arbeider på tvers: Høgskolen arbeider aktivt med å løyse, forstå og beskrive samfunnsutfordringane. Dette krev kreativitet og kompetanse frå ulike fag og profesjonar. Vi har store innovasjonsambisjonar: Eit samfunn i endring set krav til nytenking og kreativitet. Forsking på innovasjonsprosessar gjev grunnlag for nye tenester, løysingar og teknologi. Vi formidlar FoU-arbeid, og gjer kunnskap produsert ved HiB ope tilgjengeleg for alle.
NØKKELTAL 2014 Primærsøkjarar per studieplass mellom 0,8 og 7,4. Snitt 2,2. Gjennomstrøyming mellom 50 og 83 %. Snitt 70 %. Internasjonale studentar 100 Prosent tilsette i førstestilling 46 Publikasjonspoeng 155 Eksterne forskingsmidlar 35 millionar Vidareutdanningskurs med ekstern finansiering 70 MÅL FOR 2020 Vi er blant dei beste i landet på søking og gjennomstrøyming. Likevel ønskjer vi å nå dei ambisiøse måla om å vere ein enda meir attraktiv studiestad og arbeidsplass. I 2020 har vi nådd desse måla: å ha minst 1,5 primærsøkjarar per studieplass og minst 70 prosent gjennomstrøyming på alle utdanningsprogramma å ha fire godkjende ph.d.-utdanningar at 60 prosent av den faglege staben har førstekompetanse ei dobling av publiseringspoeng ei dobling av ekstern FoU-finansiering å vere blant dei institusjonane som har dei mest tilfredse studentane i landet, målt gjennom Studiebarometeret ei dobling av internasjonale studentar 50 prosent auke i talet på vidareutdanningskurs med ekstern finansiering å ha e-læringskomponentar i alle emne Strategi Høgskolen i Bergen 2016 2020: Samspel i kunnskapsfronten
FAGLEG PROFIL Høgskolen i Bergen tilbyr profesjonsutdanningar og utviklar kunnskap for eit berekraftig samfunn. VÅRE FAGLEGE PROFILAR ER kompetanse for utvikling av framtidas helse- og velferdstenester danning, didaktiske praksisar og kunstfagleg kompetanse i lærarprofesjonane berekraftig teknologi innovasjon og entreprenørskap VI VIL VERE KJEND FOR profesjonsutviklande FoU-arbeid og innovasjon samarbeid med samfunnslivet og verdsleiande næringar på Vestlandet å delta i dei veksande kunnskaps- og næringsklyngene innan helse, utdanning, teknologi, design, energi, media, samt marine og maritime klynger å delta i global kunnskapsutvikling og kompetansebygging for å gje menneske betre livsvilkår Dette gjer oss attraktiv som studiestad, arbeidsplass og kunnskapsinstitusjon både regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Strategi Høgskolen i Bergen 2016 2020: Samspel i kunnskapsfronten
PH.D.-PROGRAM Etablert Studium av danning og didaktiske praksisar Under utvikling ICT-engineering Ph.d.-program innan helseog sosialfag Innovasjonspraksis i eit profesjonsog samfunnsperspektiv
KORLEIS KJEM VI DIT? VI GJER DET SAMAN Høgskolen i Bergen når måla gjennom godt samspel både i organisasjonen og med omverda. Samspelet driv oss framover slik at vi kan liggje i kunnskapsfronten. Vi brukar ressursane våre for å styrke kvaliteten ved høgskolen og gjere kvarandre gode. FOR Å OPPNÅ UNIVERSITETSSTATUS SKAL VI utvikle og setje i gang tre nye ph.d.-program ha ein stabil kandidatgjennomstrøyming på det første ph.d.-programmet, «Studium av danning og didaktiske praksisar» arbeide aktivt med studentrekruttering, spesielt på master- og ph.d.-nivå etablere fleire sterke og dynamiske forskingsgrupper, innanfor og på tvers av fag og profesjonar og med ekstern deltaking etablere eit nært og meir forpliktande samarbeid med dei andre kunnskapsinstitusjonane på Vestlandet auke talet på vitskapelege publikasjonar, også i Open Access, særleg på nivå 2 og internasjonale sampublikasjonar både som resultat av institusjonelt samarbeid og kontakten forskarar imellom hente inn meir eksterne forskingsmidlar. Alle avdelingane skal delta i EU-prosjekt, og forskarane og administrasjonen skal profesjonaliserast i søknadsarbeidet leggje til rette for at fleire skal oppnå kompetanse som professor og dosent FOR Å UTDANNE KANDIDATAR MED PROFESJONS- OG ENDRINGSKOMPETANSE SKAL VI styrke samanhengen mellom utdanning og FoU-arbeid ved å gje studentane kunnskap om FoU-arbeidet vi gjer ved høgskolen. Fleire studentar skal delta i FoU-arbeid satse på studentaktive, digitale, innovative og varierte arbeids- og vurderingsformer styrke informasjonskompetansen til studentane nytte studentevalueringane i kvalitetsarbeidet tilby livslang læring og fleksibilitet i utdanningsløpa, i alle profesjonane delta i arbeid med studentinkubatorar som er aktuelle for studentar frå fleire utdanningsprogram utvikle studietilbodet saman med praksisfeltet styrke samarbeidet med praksisfeltet gjennom ei utstrakt utveksling av tilsette styrke rettleiarkompetansen i alle delar av utdanningane gje undervisning på tvers av utdanningar og fag, og drive tverrprofesjonell samarbeidslæring leggje til rette for aktivitet i studentorganisasjonane Strategi Høgskolen i Bergen 2016 2020: Samspel i kunnskapsfronten
FOR Å VERE EIN ATTRAKTIV SAMARBEIDSPARTNAR FOR SAMFUNNS- OG NÆRINGSLIV SKAL VI vere ein aktiv deltakar i utviklinga av kunnskaps- og næringsklynger som legg til rette for FoU saman med andre leggje til rette for stipendiatar i ordninga med offentleg ph.d. og nærings-ph.d. tilby relevant etter- og vidareutdanning FOR Å VERE INTERNASJONALT ORIENTERT SKAL VI etablere fleire strategiske partnarskap med utanlandske institusjonar opprette fellesgrader med internasjonale partnarar undervise emne i alle gradsstudium på engelsk og tilby fleire heile mastergradar på engelsk auka talet på utreisande og innkomande studentar og tilsette stimulere dei tilsette til å delta i faglege nettverk FOR AT ORGANISASJONEN SKAL VERE GODT RUSTA TIL Å GJERE OPPGÅVENE OG NÅ MÅLA SKAL VI sikre god informasjon og kommunikasjon internt i høgskolen ved å ha ein tydeleg struktur, gode interne rutinar og ha brukarvenlege kanalar for informasjonsflyt ha eit godt og stimulerande arbeids- og læringsmiljø sikre at tilsette og studentar har medverknad leggje til rette for at studentar og tilsette deltek i samfunnsdebatten ved formidling, og som arrangør av konferansar arbeide for god kjønnsbalanse og større kulturelt mangfald blant studentar og tilsette møte studentane på ein god måte og følgje dei tett særleg i det første studieåret prioritere universell utforming ha god og kompetent leiing på alle nivå samle høgskolen sin aktivitet i Bergen på Kronstad i 2020 sikre god og fleksibel bruk av noverande og framtidige areal for høgskolen på ein samla campus Strategi Høgskolen i Bergen 2016 2020: Samspel i kunnskapsfronten
VI LIGG I FRONT Vi når måla våre gjennom å utvikle ny kunnskap og nye løysingar. Vi utdannar endringsagentar: Kandidatane som kjem frå Høgskolen i Bergen har høg endringskompetanse i tillegg til profesjonskompetansen. FOR Å LEVERE KUNNSKAP TIL EIT SAMFUNN I ENDRING SKAL VI bruke den samla kompetansen ved høgskolen for å utvikle og bruke digitale læringsformer i undervisingsarbeidet. Vi skal også drive FoU-arbeid på dette området. gjere fleire studietilbod nettbaserte sikre tilgang til oppdatert utstyr for utdanning og FoU, både på campus og gjennom samarbeid med andre prioritere FoU-arbeid knytt til fag- og forskingssentera ved høgskolen undervise i innovasjon og entreprenørskap på alle utdanningsprogramma drive praksisnært FoU-arbeid som bidreg til utvikling av tenester og produkt vidareutvikle innovasjonssystemet som er etablert i samspel med lokale aktørar leggje til rette for kreativitet og gründerverksemd, med mål om auka innovasjon og kommersialisering sikre at organisasjonen har høg kompetanse innan FoU, høgskulepedagogikk og administrasjon, erfaring frå praksisfeltet og digital kompetanse. Dette skjer gjennom rekruttering og ved kompetanseutvikling internt i organisasjonen Strategi Høgskolen i Bergen 2016 2020: Samspel i kunnskapsfronten
Strategien 2016 2020 er eit styringsdokument for Høgskolen i Bergen. Strategien blir fylgt opp av avdelingsvise strategiar, handlingsplanar, årsplanar og budsjett. hib.no