Eldrid Robberstad ein nyskapar av gamle bunadstradisjonar av Gunhild Berntsen



Like dokumenter
Bunadar og stakkar 7å Hallingdal

Bunadar (å Hallingdal

BUNADER FRA OPPLAND. SYDD FOR Å VARE I GENERASJONER.

Til deg som bur i fosterheim år

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

Kom skal vi klippe sauen

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag

Rugger og brossar. Åkle i Setesdal KARIN BØE

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

BUNADER FRA GJØVIKREGIONEN

ØDEGÅRD AS 3570 ÅL - Tlf:

Norsk etnologisk gransking Desember 1953 R E I P O G T A U. R e i p

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012

Jon Fosse. For seint. Libretto

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Nysgjerrigper 2013/ kl ved ÅVOS

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Arkivliste - Anna Knutsen (SFF-90165)

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

TIDSUR. Svartedauden. Dei første norske byane vert grunnlagt. Dei første menneske kjem til Noreg. Julius Cæsar

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare?

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

IKT-kompetanse for øvingsskular

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

LAURDAG 27. OKTOBER 2012

«Ny Giv» med gjetarhund

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Brannsår, rus eller friheit?

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Månadsbrev for Rosa september 2014

Saksframlegg. Sakshandsamar: Torun Emma Torheim Arkivsaksnr.: 12/

Månedsbrev april 2015

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Kvifor er dei fleste mobiltelefonar rektangulære?

Eksamen MAT1013 Matematikk 1T. Nynorsk/Bokmål

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

M/S NYBAKK SI HISTORIE

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Eit friminutt frå sorga

APOSTELGJERNINGANE Av Linn og Jonas

Med tre spesialitetar i kofferten

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Det Norske Samlaget Omslag: Stian Hole. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 ISBN

FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN

OK, seier Hilde og låser.

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

Forslag frå fylkesrådmannen

Fylgjande medlemmer møtte ikkje: Namn Funksjon Representerar Kristoffer Roholdt MEDL SP Tor Arne Mælen MEDL V Olav H.

Inspirasjon og erfaring i Natural Horsemanship, for bruk i Folkehøgskulen.

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

Møteinnkalling for Utval for levekår og kultur

a) 5 5 b) 7 9 c) 1 0 d) 5 10 Teikn ei tallinje frå 6 til 6. Merk av tala så nøyaktig som mogleg. 2,6 3,8 5 5,9 5,6 0,1 3,8

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

VENNEBUSSEN Vennebussen Skavøypoll barnehage Skavøypoll barnehage

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD

m j ø s o r m e n leseserie Nynorsk Norsk for barnetrinnet Wenche Hoel Røine Illustrert av Anette Grøstad

Eksamen MAT1013 Matematikk 1T. Nynorsk/Bokmål

2 Prosentrekning + ØV MEIR. Oppgåve a) Omtrent kor mange prosent av figuren er blå?

i6c)( Melding om vedtak - Tilbodsstruktur i vidaregåande opplæring - skuletilbod høyringsuttale

Norsk etnologisk gransking Bygdøy, august 1963 HEIMANFYLGJE OG BRYLLAUPSGÅVER

Med god informasjon i bagasjen

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Noteringshefte. N Y N O R S K Trinn 3 5

Norsk Bremuseum sine klimanøtter

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Notat om historie og kulturlandskap

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

Sakliste: Saknr. Sak 29/13 Godkjenning av innkalling og sakliste

Selje kommune MØTEBOK

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE

Ti tips for betre nynorsk Marita Aksnes Eksamensarrangement på Sølvberget, 23. mai 2016

«Han (eller ho) kunne fare. Slektsforskardagen Ålesund Arnfinn Kjelland

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Eksamen MAT1005 Matematikk 2P-Y. Nynorsk/Bokmål

Nissedal kommune Kontrollutvalet

Transkript:

1

Eldrid Robberstad ein nyskapar av gamle bunadstradisjonar av Gunhild Berntsen Eldrid Robberstad var født Fjalestad 28/05-1898 i Fyresdal. Faren heitte Talleiv Kjetilson Fjalestad og var frå Nissedal. Mora heitte Gunhild Talleivsdotter, født Væting frå Fyresdal. Dei budde nokre år på Sitje i Fyresdal, men flytta i 1905 til garden Haukom i Kviteseid. Eldrid gjekk alle skuleåra sine i Kviteseid og vart konfirmera i Kviteseid gamle kyrkje 13/10-1912. Då bar ho ei drakt ho hadde sauma sjølv. Det blei sagt at ho tidleg interessera seg for bunadssaum og i tillegg hadde god opplæring heimanfra. Ho gjekk eit år på folkehøgskolen på Utsond (nå Kvitsund) der Jakob Naadland var styrar. Til Industriskulen i Oslo kom Eldrid i 1916. Der gjekk ho to kurs, og avslutta med den beste eksamen som til då hadde vore teken på den skulen. Eit elevarbeid ho gjorde, var ein kjole av ufarga ull med innvoven kulørt bord, ca 20 cm breid. Denne var med på utstillinga, og dronning Maud som såg utstillinga, syntest svært godt om kjolen! I denne skuletida tok ho på seg å saume prydsaum for Husfliden. Etterpå fekk ho fast arbeid her. Mellom anna tok dei på denne tida opp att arbeidet med den gamle kvitsaumen. Seinare heldt ho vevskole i Hallingdal, fyrst i Kvisle og så i Gol. I 1921 vart det halde husflidsutstilling i Nesbyen. Der fekk ho gullmedalje for arbeidet sitt. I åra 1921 til 1928 var ho lærar i kvinneleg handgjerning på Buskerud folkehøgskole i Eiker. I 1928 gifte Eldrid Fjalestad seg med Knut Robberstad, og dei busette seg i Oslo. Dei fekk tre born, Liv (f. 1929), Magnus (f. 1932) og Torleiv (f. 1936). Då borna voks til, tok ho fatt på den særlige oppgave Husfliden ved Anette Schirmer hadde pålagt ho. Det var å reindyrke Vest-Telemark bunaden. Med det meinte dei å taka bunaden ut av stilrøra og taka opp meir av det gamle, i former, fargar og alt. 2

Eldrid på Ål, 1921. Foto: Sigve Tveito 3

I 1951 vart Eldrid vald inn i styret for Heimen, husflidsutsalet til Bondeungdomslaget i Oslo. Her fekk ho høve til å arbeide vidare med bunadsarbeidet. Ho heldt seg bare til Vest-Telemark bunaden og blanda seg ikkje inn i arbeidet med bunader frå andre landsdelar. Ho hadde sin kunnskap til bunadsarbeidet tufta på kunnskapen til å spinne, plantefarga, veva og saume alt sjølv. Ho leita opp slikt som var teke vare på i Vest-Telemark. Ho var ikke gamal då ho for til Øverland i Seljord og fekk teikna av rosesaumen på det vidgjetne bunadsforkledet der. Ho studera vevnader og saum på Husfliden og på Norsk Folkemuseum. Ho studera i Nordiska Museum, særleg klede som hadde kome frå Telemark. Fyrst laga Eldrid ein reindyrka bunad til seg sjølv. Ho spann spelsaugarn, plantefarga, vov og sauma. Så laga ho 3 modellar for Heimen, i 1953, 1955 og 1958. I samband med dette arbeidet, skreiv ho ei stutt, men innhaldsrik utgreiing om kvinne- bunaden frå Vest-Telemark. Ho vart utgjeven med teikningar av Ole Ekornes. Det ho tok opp i sine reindyrka bunader var alt saman slikt som hadde vore i bruk i bygdene her i tida 1750-1850. Det var blømingstida, sa ho. Etter Eldrid Robberstad sitt syn, var spelsaugarn det beste å veva bunadstøy av, for det hadde eit finare fall og det stod betre. Heimen tok seg av det industrielle med vevinga av bunadstøyet, og fortsatt er det Heimen som produserer og sel Eldrid sine modellar. Dei kvinnebunadene vi ser her på utstillinga, er frå ca 1950. Fram mot 1820 var felte stakkar vanlig, og livet var kortare. Då den felte stakken gjekk or bruk, kom dei rynka stakkane som blir bruka i dag. Livet vart også lengre. I 1830 åra hadde dei fleste livet litt ovanfor livlinja. Stakken kunne ha ein snarkant nedst, og ovanfor denne ein brodera kant. Broderte forkle vart bruka, allereie til fellestakken. Framover mot 1850 vart forklebordane reine kunstverka. Brodergarnet som vart bruka, var innført. Det var mest hardt og blankt karda kamelhårsgarn. 4

Eldrid i 1943. Foto frå familien 5

Så sette ho opp rettleiing for saum av bunadsskjorte etter gamle mønster. Linskautet som hadde vore ute av bruk i over 100 år, tok ho også fram att. Det som hadde vore nytta nå, var det svarte tulleplagget. Linskautet er godt utgreidd med bilde og arbeidsrettleiing i skriftet Skaut og skjortur frå Telemark. (Oslo 1970 Noregs Boklag). Ho laga og modellar og rettleiing om bunadtrøya og bunadkåpa. Ho gav rettleiing om belte, lomme, sokker, sko og bunadssylv. Etter dette tok ho for seg mannsbunaden frå Vest-Telemark og gjorde det same med denne. Ho skreiv utgreiing og sette opp mønster for slik bunad. Ho tok her utgangspunkt i ein bunad som var i bruk i første halvdel av 1800 talet. Buksa som er av handvove vadmel og er ei klaffebukse, er pynta i sidesaumane. Trøya er hoftelang i ufarga vadmel. I ryggen er ho innsvinga og isydd to kilar. Ho har oppstående krage som er kanta med raudt. Framstykket er pryda med kantar og smale raude snarkantar utanfor. Vesten er i blått toskafta ulltøy, har oppstående krage og raude slag. Framstykket er pryda med ullsaum, og det er broderi på slaga. Vesten er enkeltspent. Skjorta er sydd i heimvove og heimspunne lin. Ho har isett skulderstykke med rynka hals. Det er uttrekkssaum på krage og mansjetter. Eldrid Robberstad bruka mykje av livet sitt til arbeidet med Vest-Telemark bunaden. Endå så mykje arbeid det var med med å laga modellane og rettleiingane, var det endå meir tidkrevjande å finne ut kva som hadde rot i ekte tradisjon og som ho meinte var vakkert. I tillegg til arbeidet med bunader arbeidde ho også i stor grad med veving, etter mønster ho laga sjølv. Det er gardiner, putetrekk, tepper, møbelstoff og tøy til klær. Klærne sauma ho sjølv. Alterduken i Kviteseid nye kyrkje, er det Eldrid som har sauma og gjeve. Eldrid Robberstad døydde brått 8. mai 1971, då ho stelte seg i stand for å reise i bryllupet til Liv Nørstrud i Kviteseid, som var systerdotter hennar. Eit uvanlig dyktig menneske gjekk bort den dagen, og vi vil med denne utstillinga heidre Eldrid og hennar arbeide med bunaden i Vest-Telemark. 6

Eldrid i veven. Foto frå familien Kjelder: Knut Robberstad: Um Eldrid Robberstad og hennar verk. Thorbjørg Hjelmen Ugland: Eit knippe av Noregs bunader. Dette heftet er utgjeven av Vest-Telemark Museum i samband med utstillinga om Eldrid Robberstad ved Kviteseid Bygdetun, 2013. 7

8