Tekst: Heidi Vallestad, Hanna de Groot, Åge Avedal, Hans Erik Lerkelund og Thomas Sveri. Illustrasjonar og grafisk utforming: Geoffrey Kempton.

Like dokumenter
Kommunen skal vidare legge vekt på kunnskap som er basert på lokalkunnskap og erfaringar gjennom bruk av naturen.

Sommar- og vinteraktivitetar for barn og unge

Refleksjon og skriving

Sommar- og vinteraktivitetar for barn og unge

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

ULSTEIN KOMMUNE SIDE 1 FRILUFTSLOVA. - Dei viktigaste og utrykk - Kommunens rolle

Delegert vedtak - Løyve til helikoptertransport i samband med sau i skårfeste - Buer landskapsvernområde og Folgefonna nasjonalpark

6-åringar på skuleveg

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

Direktoratet for naturforvaltning. Frå hav til himmel. T e l e f o n : , T e l e f a x :

Klepp kommune Tu skule

Info til barn og unge

Brukarrettleiing E-post lesar

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: Tidspunkt : 10:00

Løyve til motorferdsel Delegert vedtak

KORLEIS LEGGE INN OG SØKE ETTER SKREDAKTIVITET OG HENDINGAR I REGOBS?

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna.

Klimatilpassing og naturforvaltning

Møteinnkalling. Breheimen nasjonalparkstyre

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Partsbrev - Folgefonna Nasjonalpark - Kvinnherad - Organisert ferdsel - Ski & sail Rosendal

Vintervèr i Eksingedalen

Sak - Breheimen nasjonalpark - Transport av ved til hytte ved Kollungstjønn og Haukberghytta - Skjåk JFL

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

KITING er ikkje. lenger ekstremsport VINTEREVENTYRET. 18 Fredag 25. januar 2019

Månedsplan, april. Grøn gruppe

mmm...med SMAK på timeplanen

Løyve til motorferdsel med snøskuter til Sandvinsstølane ifolgefonna nasjonalpark. Delegert vedtak

Løyve til motorferdsel med helikopter i Folgefonna nasjonalpark og Buer landskapsvernområde - Norges geologiske undersøkelser

Vi viser til e-post av med søknad om dispensasjon for å drive forskring ved Hellstugubreen i Jotunheimen.

AU - Nasjonalparkstyre for Reinheimen

Til deg som bur i fosterheim år

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Møteinnkalling. Arbeidsutvalg for Jotunheimen og Utladalen nasjonalparkstyre

Halvtårsrapport for gul gruppe våren 2017

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

RUTINAR KRING ARKEOLOGISKE UNDERSØKINGAR AREAL MED POTENSIAL FOR SPESIELT BIOLOGISK MANGFALD - ISTANDSETTING

Veslefrikk. Mai Helsing Oddbjørg, Vibeke, Gunn-Iren og Elida

FØRSTEKLASSELÆRER NYNORSK KOPIARK. GAN Aschehoug

Her skal du lære å programmere micro:biten slik at du kan spele stein, saks, papir med den eller mot den.

Brukarrettleiing. epolitiker

Nærøyfjorden verneområdestyre - melding om vedtak - tilrettelegging av lagerrom på Salthella

Vi snakkar fint til og om kvarandre. Vi løyser konfliktar på ein fredeleg måte. Vert du eller andre plaga, sei ifrå til ein vaksen.

Delegert vedtak - dispensasjon - Nærøyfjorden landskapsvernområde - Rimstigen - ny bru - grunneigarar Bakka

Modulhefte PROGRESJON I BARNEHAGEN

Møteprotokoll. Jostedalsbreen nasjonalparkstyre - AU. Følgjande faste medlemmar møtte: Namn Funksjon Representerer

Naturmangfaldlova i Førde kommune Kvar var vi og kor er vi i dag. Føredragshaldar: Oddbjørn Sellevoll Dato:

Møteprotokoll. Arbeidsutval - Nasjonalparkstyret for Reinheimen

Har du verneverdig skog på eigedommen din? Då kan friviljug vern vere aktuelt for deg!

Bok. på Bjørkebokstavar. NyNorskseNteret. Av Hilde Myklebust Illustrert av Tone Lileng

Månadsbrev for Blå, april 2016

AMBASSADØRKURS Modul 1 DNT sin turleiarstige

Klepp kommune Tu skule

Møteinnkalling. Arbeidsutvalg for Jotunheimen og Utladalen nasjonalparkstyre

Nærøyfjorden landskapsvernområde - melding om vedtak - bygging av badestamp på Øvste Stigen

Møteinnkalling. Utval: Nærøyfjorden verneområdestyre Møtestad: E-post Dato: Tidspunkt: 09:00

Møteinnkalling. Utval: Nærøyfjorden verneområdestyre Møtestad: E-post Dato: Tidspunkt: 09:00

Breheimen nasjonalparkstyre hadde møte I møte vart søknaden handsama.

PERIODEPLAN EVALUERING Avdeling: Blåmeis EVALUERING AV PERIODE 1: September - november2015

Tingvoll, Tingvoll kommune FRÅSEGN SØKNAD OM NYDYRKING GNR 41/1. Viser til brev av , sak 2016/19-2

Delegert vedtak - Dispensasjon - Nærøyfjorden landskapsvernområde - HOH motorferdsel - NIVA

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Stølsheimen landskapsvernområde - melding om vedtak - enkel tilrettelegging av sti mellom Vatnane og Åsedalen

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

NATURTYPELOKALITET/NØKKELBIOTOP KJØLLIA I TINGVOLL HOGST OG AVGRENSING

Nasjonal ramme for vindkraft på land - Lokale og regionale innspill

Biletbruk på nettet 1 2

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman.

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d:, Telefonmøte Dato: Tidspunkt : 10:30

Definisjonar: Kva slags gjerde og leveggar er søknadspliktige og kva typar er unntatt frå søknadsplikt?

Stillheit i naturen. Innholdsfortegnelse. Side 1 / 6

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Halvtårsrapport gul gruppe haust 2016

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Løyve til helikoptertransport i samband med forskning i Folgefonna nasjonalpark - Universitetet i Bergen

Møteprotokoll. Nærøyfjorden verneområdestyre - AU

LEIRELVAPOSTEN SEPTEMBER 2014

SIKRINGSINSTRUKS FOR TJØDNALIO BARNEHAGE Til tilsette og foreldre/føresette.

Dispensasjon til oppsett av gjerde og beiting m.m. på gnr/bnr 5/1,7 i Linemyra naturreservat, Time kommune.

Naturquiz. Foto: Kjell Helle Olsen

Arbeidshefte om kommunereforma for ungdomsskulane i Bremanger

LAG DIN EIGEN ISKREM NATURFAG trinn 90 min. SENTRALE OMGREP: Faseovergang, kjemi, molekyl, atom, fast stoff, væske, gass

Språk og språkmiljø Kvardagssamtalen: Høgtlesing og forteljarstunder:

Vilkår: REINHEIMEN NASJONALPARK; LORDALEN LANDSKAPSVERNOMRÅDE - BRUK AV SNØSKUTER FOR FRAKT AV VED OG SALTSTEIN. Med helsing

DEN GODE HYRDEN. Det finst mange svar på spørsmålet, og svara våre avheng både av foreldrebileta våre og av erfaringane våre gjennom livet.


Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Vilkår: REINHEIMEN NASJONALPARK; LORDALEN LANDSKAPSVERNOMRÅDE - SØKNAD OM BRUK AV SNØSKUTER TIL FRAKT AV. Utskrift av saka følgjer vedlagd.

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019

Røldal. Informasjon. Leilegheit 101 & 103. Ve og Vel V/Turid Tveit / turid.tveit@stord.kommune.no

Møteinnkalling. Utval: Jostedalsbreen nasjonalparkstyre - arbeidsutvalet (AU) Møtestad: E-postmøte Dato: Tidspunkt: 09:00

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Månadsbrev for Februar

MÅNADSPLAN GRANAT- oktober 2019

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Fjell. Innholdsfortegnelse. Side 1 / 5

Transkript:

g i d l r a u f t g a n n a M r- og tar a m Som aktivite r ge vinte rn og un a for b

Prosjektet er gjennomført av 4H Sogn og Fjordane i 2013 og 2014 med støtte fra Sogn og Fjordane fylkeskommune, Klima- og miljødepartementet og Miljødirektoratet. Tekst: Heidi Vallestad, Hanna de Groot, Åge Avedal, Hans Erik Lerkelund og Thomas Sveri. Illustrasjonar og grafisk utforming: Geoffrey Kempton. Foto: Heidi Vallestad, Randers Naturcenter, 4H Sogn og Fjordane, ScanStockPhoto, Grete Kempton og Norsk Friluftsliv. Utgitt: 2015 2

MANGFALDIG NATUR Er du glad i naturen og i å vere i friluft? Kor mykje veit du om naturen rundt deg og alle dei artane du finn der? Kva kan skje om du gjer endringar i naturen og miljøet? Veit du at det finst lover som skal sikre eit biologisk mangfald? Og som skal sørgje for at du kan ferdast fritt i friluft? Dette og mykje anna kan du lære om gjennom aktivitetane vi presenterer her. Vi har funne fram til ei fin blanding av praktiske oppgåver, friluftsaktivitetar og oppgåver der du kan få bryne meiningane dine litt. Målet er at du som er ung skal få meir kunnskap om naturmangfald og naturmangfaldslova, og auka medvit om natur og miljø. Aktivitetane her er aktuelle heile året. Vi har merka dei aktivitetane som passar best på sommaren eller vinteren. Kvar oppgåve startar med ei innleiing som kan lesast opp eller formidlast munnleg. Vi har også delt oppgåvene i tema, og føreslått kva aldersgruppe dei høver for, kva utstyr du treng og kor lang tid ein kan rekne med at aktiviteten tek. INNHALD Naturmangfaldslova, friluftslova,... 4 allemannsretten, innmark og utmark VINTER: Snø og skred...8 Studere snøfnugg... 9 Bli kjent med fuglane... 10 Snøfyrverkeri... 14 Leite etter våren.... 15 Nytt skianlegg, eller?... 16 Bygg eit bål!... 20 SOMMAR: Oppdemming av bekken... 22 Søppelkunst... 23 Lag din eigen vasskikkert... 24 Bygg eit insekthotell... 26 Lag ei insektfelle... 28 Natursti... 29 Lag ein fugleholk... 30 Ta standpunkt!... 34 Saft, suppe og te frå naturen... 38 Lag mat ute... 40 3

Naturmangfaldslova Norge fekk i 2009 ei ny og viktig lov, naturmangfaldlova. Formålet med denne lova er å ta vare på naturen, anten gjennom vern eller bærekraftig bruk. Naturmangfaldlova er ei sektorovergripande lov som gjeld for alle tiltak og all bruk som påverkar norsk natur. Naturmangfaldlova deler grovt sett norsk natur i tre kategoriar eller nivå og knyter ulike verkemiddel til desse, sjå figur. NIVÅ 1: ALL NATUR «Grunnmuren» i naturmangfaldlova inneheld formål, forvaltningsmål for naturtypar, økosystem og artar, samt fem miljørettslege prinsipp: Kunnskapsgrunnlaget Føre-var Økosystemtilnærming og samla belastning Kostnadene ved miljøøydelegging skal bærast av tiltakshavar Miljøforsvarlege teknikkar Desse reglane gjeld for alle avgjersler og tiltak knytt til norsk natur, altså både avgjersler som blir tatt etter naturmangfaldlova og etter andre lover (plan- og bygningslova og sektorlover). På den måten skal grunnmuren danne ein minstestand for forvaltning av norsk natur. NIVÅ 2: NATUR SOM KREV SPESIELLE OMSYN For naturen som krev spesielle omsyn er det innført to verkemiddel for bærekraftig bruk i naturmangfaldlova: Utvalde naturtypar For å fremje forvaltningsmåla for naturtypar og økosystem kan det ved forskrift bli angitt bestemte naturtypar som utvalde. For desse naturtypane skal det takast spesielle omsyn. Økologiske funksjonsområder For å sjå artar og leveområde i samanheng og hindre øydelegging av leveområda til prioriterte artar, kan det gjennom forskrift bli innført økologiske funksjonsområde, jf. nivå 3. 4

NIVÅ 3: DEN MEST VERDIFULLE NATUREN For å ta vare på den mest verdifulle naturen er det i naturmangfaldlova to verkemiddel som inneber vern: Prioriterte artar For å fremje forvaltningsmålet for artar kan det ved forskrift bli utpeikt prioriterte artar. Verkemiddelet om prioriterte artar må ein sjå i samanheng med økologiske funksjonsområde for prioriterte artar, jf. nivå 2. Områdevern Områdevern er det strengaste verkemidlet for å ta vare på naturmangfaldet av nasjonal verdi og er omfatta av følgjande vernekategoriar: Nasjonalparkar: Store naturområde med særeigne eller representative økosystem, eller landskap utan store naturinngrep. Landskapsvernområde: Natur- eller kulturlandskap med stor økologisk, kulturell eller opplevingsmessig verdi. Naturreservat: Den strengaste forma for vern etter naturmangfaldlova. Denne er viktig for å ta vare på spesielle artar og naturtypar. Biotopvern: Beskyttar leveområdet til bestemte plante- eller dyreartar. Marine verneområde: Dette er ingen eigen vernekategori, men er tilpassa forholda i sjø og er fleksibel med tanke på kva som kan vernast og kva restriksjoner som kan bli pålagt. 5

Friluftslova Føremålet med denne lova er å verne om friluftslivet sitt naturgrunnlag og sikre allmennheita sin rett til ferdsel, opphald og aktivitet i naturen. På denne måten vil ein skape og fremje friluftsliv som er helsefremjande, trivselsskapande og miljøvenleg. ALLEMANNSRETTEN Alle har lov til å ferdast og opphalde seg i utmarka i Norge. Allemannsretten er eit gratis fellesgode og ein del av vår kulturarv. Miljødirektoratet har det overordna ansvaret for allemannsretten. Retten er forankra i friluftslova som vart vedtatt i 1957. Allemannsretten gjeld både i skog, på fjell, ved sjø og elv og i vatn, uavhengig av kven som er grunneigar. Vi har også rett til å hauste av naturen, plukke bær, sopp og blomster, eller fiske saltvassfisk. Ferdsel og opphald må skje på ein slik måte at det ikkje er til ulempe for grunneigar og andre som er på tur. Vi må alltid ta oss fram med varsemd og ta vare på naturen der vi ferdast. Vi har lov å telte, men telt må setjast opp meir enn 150 meter frå hus og hytter der det bur folk. Dersom du har slått det 6

opp i nærleiken av der folk bur, kan du berre ha det ståande inntil to døgn på same stad. Vi pliktar å rydde etter oss, ta omsyn og ikkje øydelegge kulturminner, verne om dyr og fuglar, følgje reglar for bål-brenning og reglar for bandtvang av hund. INNMARK OG UTMARK I friluftslova snakkar vi om innmark og utmark. I utgangspunktet kan alle opphalde seg og ferdast fritt til fots og på ski i utmarka. På innmarka er tilgangen sterkt avgrensa. Omgrepet utmark omfattar skog, fjell, myr, lynghei, holmar og skjær, og det utgjer størstedelen av landet. Når bakken er snødekt eller frosen, kan du også gå over innmark, med unntak av perioden mellom 30. april og 14. oktober. Inn-mark er dyrka landbruksareal, kulturbeite og engslått. Industriområde, tivoli, militære område og liknande er også innmark. Det er, i følgje friluftslova, ferdselsrett både for gåande, syklande og ridande på private vegar i utmark. Det er og ferdselsrett til fots på private vegar som ligg på innmark. Unntak er private vegar som går gjennom hus- eller hyttetomtar, og gardstun. Syklande, ridande, eller andre som har liknande ferdsel, har frå 1. januar 2012 ferdselsrett på private vegar som går gjennom innmark når vegen fører til utmark. Retten gjeld ikkje organisert aktivitet som sykkelløp og rideklubbaktivitetar, og grunneigar kan legge ned forbod om ferdselen kan føre til nemneverdig skade. Meir om allemannsretten finn du her: www.miljodirektoratet.no/no/tema/friluftsliv/ Allemannsretten/ AKTUELLE LINKAR: Naturmangfaldslova: lovdata.no/dokument/nl/lov/2009-06-19-100 Faktaark om naturforvaltning: www.fnf-nett.no Friluftsrådenes landsforbund: www.friluftsrad.no Norsk Friluftsliv: www.norskfriluftsliv.no 4H: www.4h.no 7

Snø og skred Mange likar å gå toppturar på ski. Det er lurt å vite litt om faren for skred, slik at vi kan styre unna ein del unødige farar. 90% av alle skredulykker skjer ved at den som blir tatt av skred har løyst det ut sjølv, eller nokon i turfølgjet. Ein av faktorane som betyr noko for om det kan gå skred er hellinga i terrenget, dvs. kor bratt det er. Det er svært sjeldan det går skred i terreng der det er under 30 grader helling. Likevel, når skredfaren er stor, bør ein halde seg unna bratt terreng, ettersom det då kan vere fare for fjernutløysing. Det er fire faktorar som er avgjerande for om det går skred: Mennesket Været Terrenget Snødekket snødekke vær terreng Dersom du vil lære meir om skred, er det lurt å ta eit skredkurs. Det finst òg gode bøker om temaet, som t.d. «Den lille snøskredboka» av Kjell Brattelien og «Skikompis» av Christer Lundberg Ness. Du kan også lese på www.varsom.no. På denne nettsida blir det varsla om faregrad for skred for fleire stader i landet. 24 8

Studere snøfnugg Individuell oppgåve Tema: Snøfnugg, naturens kunstverk. Alder: Frå 5 år og oppover. Formål: Mindfulness. Aktivitet som må nytast i augneblinken. Visste du at ingen snøfnugg er heilt like? Nokre gongar er snøfnugga små og lette, nokre gongar er dei tunge og dett fort, andre gongar kjem dei dalande sakte. Strekk ut armen og la snøfnugga lande på armen din. Kan du sjå mønsteret? Det er ditt snøfnugg, det kjem aldri eit heilt make. Og om litt er det borte! 25 9

Bli kjent med fuglane Individuell eller samarbeidsoppgåve Tema: Studie av mangfaldet på fuglebrettet. Alder: Frå 5 år og oppover. KJØ TT Innleiing: Ved å studere fuglar på eit fuglebrett eller rundt fuglemataren kan du bli kjent med overvintrande fuglar i nærmiljøet og lære om fuglane sine næringsvanar. Du får innblikk i fuglane sin konkurranse om maten. Og ikkje minst kan du hjelpe fuglar i nærmiljøet til å overleve gjennom vinteren. På www.fuglevennen.no kan du spørje ein fugleekspert, ein ornitolog. ME IS INK BOKF RØDSTR UPE NB! Meisebollar og fuglekassar bør plasserast på ein slik måte at born ikkje kjem i direkte kontakt med snøen under. Avføring frå fuglane kan innehalde til dømes salmonella som kan gje alvorlege infeksjonar. Vær nøye med reinhaldet. 24 6 10

Lag ein meisebolle Butikkmaten er ofte harsk og dårleg. Fuglane elskar derimot ein meisebolle. Slik lagar du den: 2250 gram delfiafeitt 1000 gram skrelte solsikkefrø 1000 gram havregryn lettkokte 500 gram knuste hasselnøtter 250 gram hakka mandlar Smelt delfiafeittet i ein kjele og tilsett frø, gryn og nøtter. Fyll alt over i ein mjølkekartong, og lat det stivne. No kan du skjære opp kartongen og henge opp meisebollen, eller du kan lage hol og luker i kartongen og henge den opp. Heng den gjerne opp i eit tre eller busk som du kan sjå frå eit vindauge i huset. Då kan du følgje med på aktiviteten heile vinteren. 25 711

Kva kan vi observere på fuglebrettet? DOM PAP Artar og tal Observer fuglebrettet regelmessig (kanskje ein halv eller ein time kvar veke?). Noter kva artar som er innom, og kor mange fuglar det er av dei ulike artane. Bruk fuglebøker, internett eller last ned ein fugle-app til mobilen. Hugs på at det kan ta nokre dagar frå brettet er sett opp til fuglane oppdagar maten og venner seg til brettet. Registrer temperaturen Er det fleire fuglar på brettet når temperaturen er låg enn når det er varmare i veret? NØTTESKRIKE Kva likar dei å ete? Om du lagar to eller fleire brett kan du legge ulik mat på bretta. Har du eit brett kan du variere frå veke til veke med kva type mat du legg på brettet. Kjem det ulike artar når mattilbodet er ulikt på brettet? KRÅKE 24 6 12

Konkurranse I tider med lite mat kan ein ofte sjå at fuglane konkurrerer med kvarandre om maten. Dei bryskar seg og jagar kvarandre bort frå brettet. Dei største fuglane vinn ofte slike kranglar. Notér ned slike observasjonar og prøv å vurdere om nokre fugleartar ser ut til å vere dominante over andre. SVARTTROST Ta bilete av fuglane Ta bilete av fuglane på fuglebrettet. Prøv gjerne å ta bilete gjennom eit vindauge utan å skremme fuglane (hugs å slå av blitsen). LINERLE Kva artar ser du? På www.fuglevennen.no kan du finne foto og skildring av fugleartar, samt tips til aktivitetar. Bruk elles fuglebøker for å lære å kjenne igjen artane. Eller du kan laste ned ein app med bilete, lydar og fakta. Fuglar kan ha ulike fargar til ulike årstider. Ungfuglar er ofte litt forskjellige frå vaksne, og hos ein del artar er hoa og hannen ulike. 25 713

Snøfyrverkeri Du treng: Kaldare enn 10 minus Kokande vatn Ein kopp Ein vaksen person Kok opp vatn. Finn fram ein kopp med hank, som ikkje blir så varm. Ta på ytterklede og sko. Ta panna med vatnet og koppen med ut. Ha vatn opp i koppen og kast det ut i lufta. Vatnet vil fryse før det treff bakken, og fell ned som snø! 24 614

Leite etter våren Samarbeidsoppgåve Tema: Naturmangfald. Alder: Frå ca. 5 år. Tid: 1 time eller lenger. Utstyr: Plantebok. Innleiing: Dette er ei spennande oppgåve! Vi skal no finne ut kor mange vårteikn vi klarar å finne, og sjå om vi finn namna på desse. Oppgåve: Kva vi skal leite etter kjem an på kor vi er og kva tid på våren det er. Det vi kan gjere er å bestemme oss for eit område vi skal leite i. Vi kan leite i lune krokar bak ein husvegg, inntil ein stein eller i ein grøftekant. Er det snø, kan vi grave opp litt av den, og sjå om det er byrja å spire under. Er vi litt lenger frampå våren, er det kjekt å sjå kor mange ulike typar blomster vi finn. Bruk fantasien. Til slutt summerer vi opp kva vi har funne, anten vi har tatt bilete av det, eller plukka det med oss. Eller vi kan rett og slett ta oss tid undervegs til å stoppe ved kvart funn og prøve å finne ut kva det er. Det er lurt å ha med seg ei plantebok til å bestemme artane, eller eit bestemmelsesark. 25 715

Nytt skianlegg, eller...? Refleksjons- og diskusjonsoppgåve Tema: Naturmangfald. Alder: Frå 14 år og oppover. Tid: 1 time eller lenger. Utstyr: Ark med argument til dei fire gruppene (sjå side 7). Bord/stolar eller kassar å stå på. Ark og pennar eller fire små tavler og kritt. Faktaark om Naturmangfaldslova (sjå side 7 for linkar). Innleiing: Gjennom denne oppgåva skal vi diskutere og bli litt meir kjent med ein tenkt saksgang for ei sak som kan vere konfliktfylt utbygging av eit skianlegg. Målet er å få meir kunnskap og kanskje haldningar til tema som naturmangfald, naturvern, næringsutvikling og friluftsliv. Vi skal dele gruppa i fire, der éin på kvar gruppe fører ordet og resten hjelper denne med gode argument og standpunkt. Er vi mange, kan dei som vil vere publikum. Kvar gruppe får utdelt eit ark med argument i saka. To av gruppene får også utdelt faktaark om Naturmangfaldslova. Vi skal også ha ein som styrer diskusjonen og ein som presenterer oppgåva. Meir informasjon om gjennomføringa kjem undervegs. Oppgåve: Aktiviteten kan gjennomførast ute som «Speakers Corner», med nokre tomme bruskassar e.l. som den som styrer ordet frå gruppa står på. Kvar gruppe får då utdelt kvar si små kritt-tavle og kritt. Ein kan òg gjere øvinga innomhus. Då treng vi eit bord, stolar til alle, papirlappar og skrivesaker. Vi kan vere åtte deltakarar eller fleire. Deltakarane blir delt inn i fire grupper og får utdelt kvar sitt ark med standpunkt / argument (sjå dei neste sidene). Det kan også vere nyttig med faktaark for nokre av «representantane». I dette eksemplet får to av gruppene utdelt faktaark om Naturmangfaldslova som kan lastast ned frå www.fnf-nett.no. 16 6

Vi treng også ein aktiv ordstyrar, som presenter temaoppgåva og rollene. Oppgåva må tilpassast aldersgruppa. Eksempel på temaoppgåve: I ein kommune er det planar om å bygge eit nytt ski-anlegg. Men først er det ein del vurderingar som må gjerast. I eksempelet har vi fire forskjellige interessegrupper: (Del deltakarane inn i 4 grupper.) Grunneigar og entreprenør Kommune/sakshandsamar kommunalt Naturvernarar Turistnæring Før møtet startar kan kvar gruppe få to til tre minutt til å «mingle» for å komme litt i gang med tankar om temaet. Dei kan eventuelt lage seg nokre stikkord til første møtet. Kvar gruppe vel ein talsmann som set seg til bordet. Resten av gruppa set seg bak sin talsmann. All kommunikasjon i gruppa under møtet må skje med lappar eller via tavlene. Ordstyrar presenterer saka og fortel at vi må diskutere og vurdere saka opp mot naturmangfaldslova. Kommunen sine representantar og naturvernarane får utdelt faktaark om naturmangfaldslova. Møteleiar opnar møtet, set ei tidsavgrensing og styrer ordet. Dei fire talsmennene fører diskusjonen, og no er det om gjere for resten av gruppa å støtte talsmannen sin og sende fram gode argument! Vi gjennomfører diskusjonen gjennom tre møte på mellom 5 og 15 minutt: Første møtet er mellom kommunen og grunneigar/entreprenør. På neste møte er alle fire gruppene til stades. På det siste møte skal dei komme til eit kompromiss, der dei blir einige om korleis dei vil løyse utfordringa. Etter at dei tre møta er gjennomført bør alle få høve til å uttale seg om korleis dei synest det var, kva dei lærte og kva dei tenkjer om slike interessekonfliktar. Eksempel på andre tema kan vere bygging av klatrepark, snøscooterkøyring, kraftutbygging e.l. 25 717

Grunneigar og entreprenør Er interessert i å komme i gang med arbeidet så fort som mogleg. Vil gjere arbeidet så enkelt som mogeleg, utan for mykje heft og plunder. Eigar vil også gjere arbeidet så billeg som mogeleg. Entreprenør vil tene mest mogeleg på arbeidet, og gjere det når det passar han innimellom andre jobbar. Naturvernarar Vil verne om ein tursti som går gjennom løypetraseen til den nye bakken, og vil helst at denne skal bevarast så godt som mogleg, slik at den framleis kan brukast. Er opptatt av at det ikkje må bli for mykje motordur i og ved bakken. Det vil forstyrre tur-idyllen, og dyr og fuglar i området. Kjem etter kvart med opplysningar om at det finst ein ganske sjeldan fugleart, hubroen, like ved der bakken skal ligge. Dette meiner dei det må takast omsyn til. 24 6818

Turistnæringa Turistnæringa i området vil også gjerne bygge ein kafeteria i nærleiken av ski-anlegget. Dei ynskjer sjølvsagt at anlegget skal bli mest mogleg brukt, slik at dei får fleire gjestar til sine overnattingsstadar og andre tilbod i området. Kven skal syte for at det er nok parkeringsplassar i området? Dei som eig bakken, eller dei som ev. vil bygge kafeen like ved? Ynskjer også å ta vare på turstien. Kommune / sakshandsamar kommunalt Viktig at ting blir gjort rett her. Kommunen vurderer det slik at det ikkje er nødvendig med reguleringsplan, dersom inngrepa blir så skånsame som mogleg, og det ikkje syner så mykje att av bakken på sommartid. Det er viktig at utbygginga er med i ein kommunedelplan for dette området og plan for idrett og friluftsliv, slik at det er sett i ein større samanheng. Mange lover verkar inn her, og Naturmangfaldslova er gjennomgripande, det vil sei at alle andre avgjersler i forhold til lover også skal sjåast opp mot denne. 25 7919

Bygg eit bål! SAMARBEIDSOPPGÅVE Tema: Friluftsliv. Alder: Frå 10 år og oppover. Ein vaksen bør vere til stades. Tid: ½ time eller lenger. Utstyr: Ved, noko som tek lett fyr, fyrstikker. Innleiing: Vi skal no lære å fyre opp ulike typar bål. Det er lurt å fyre opp bål på steingrunn, nær vatn. Då kan ein lettare ha kontroll og moglegheit for sløkking når det er naudsynt. Det er forbode å tenne opp bål i eller i nærleiken av skogsmark i perioden 15. april-15. september. Oppgåve: Eit bål kan vere til nytte for så mangt. Det kan brukast til å lage mat på. Det kan brukast til å varme seg ved, eller tørke sokkane. Eit bål er også veldig ofte med på å skape ein god, og nesten magisk stemning. Det er fint å sitte rundt eit bål og prate, synge eller spele gitar, eller berre sjå inn i flammane og nyte roen. Det finst fleire typar bål. Det mest vanlege er pyramidebålet. Vi startar då innerst med never, fliser og tørre kvistar, og legg tjukkare ved utanpå. Dette stiller vi i ei pyramideform. Vi må passe på at det kjem godt med luft inn i bålet. Vi tenner bålet nedanfrå. Andre typar bål kan vere pagodebål. Eit slikt bål lagar vi ved å legge vedkubbar lagvis i tette krysslag, med dei største nedst, og tynnare etter kvart oppover i laga. Øvst, flis og never. Vi tenner øvst, og dette vil drysse nedover og tørke veden under. Dette bålet skal 20

ryke mindre. Når vi fyller på med ved, må vi legge det inntil bålet, i firkant rundt, og la det tørke litt før vi legg på. Reflektorbål er eit vanleg bål som byggast inntil t.d. ein stein. Denne reflekterer strålevarmen mot t.d. ein liggeplass. For å lage eit slikt bål, bør ein ha løyve frå grunneigar. Bålpanne er ei stor gryte der ein kan fyre bål, og som er mindre brannfarleg sidan bålet kjem opp frå bakken. Bålpanne er ofte god å bruke når ein skal lage mat, og kan kjøpast med forskjellig utstyr, som rist, steiketakke og kjele. Ved kan vi finne ved å sanke tørre kvistar nedst på store, gamle grantre. Dei er som oftast tørre og lette å fyre med. Bjørkenever er fin å tenne med, men ta berre ytste laget, og berre litt på kvart tre. Rekved på land ved elvar og vatn, kan også vere tørre og fine. Vi må aldri forlate eit bål som ikkje er heilt sløkt. Vi må også passe på å rydde nøye opp etter oss. 21