INFORMASJON FRÅ LANDBRUKSKONTORET 1/11 Mars 2011 Landbrukskontoret for Sel og Vågå Tlf. 61 29 36 00 Edvard Storms veg 2 Fax 61 29 36 01 2680 VÅGÅ
LANDBRUKSKAFE I HEIDAL, WEISTAD KAFE, 23. MARS KL. 11-13 Faglaga i Sel, landbrukskontoret og ordførar har teke initiativ til ein landbrukskafe som møteplass for gardbrukarar, rettleiingstenesta og andre interesserte. Tema: Bygdesørvis, noko å satse på for gardbrukarar i Sel? Lom Bygdaservice orienterer om si verksemd Tradisjonelt landbruk i Sel og Vågå Er det ulikskap mellom landbruket i Vågå og Sel med omsyn til optimisme, investeringslyst og satsing? Kva er i så fall forklaringane på dette? Anders Svare, sauebonde i Vågå orienterer litt frå sin ståstad og si oppleving av situasjonen i Vågå og Sel Sal av hyttetomter, bygging av hytter og ringverknadene av hyttefolket er viktig for grunneigarar og næringslivet i Sel. Framover ønskjer Sel kommunestyre å prioritere områder i Heidal for vidare hyttebygging. Plan- og beredskapssjef Ola Næprud orienterer om kommunen sitt arbeid og vidare satsing. På slutten av møtet Drøfting om landbrukskafé skal vere ein fast møteplass, evt. lokalisering og kor ofte, på dagtid eller kveld? Servering undervegs PS. Møtet er gratis og ope for alle. 2
BEITEKURS Beiting er den rimelegaste måten å hauste på. Både inn- og utmarka er ein viktig ressurs for husdyrbrukarar men også dyrka mark vert nytta til beite t.d. i sommarmjølkeproduksjon. For å oppnå eit godt resultat med tanke på avling, tilvekst/produksjon, overvintring og å motvirke attgroing trengs det mykje kunnskap og erfaring. No har du moglegheit for å utvide kunnskapen din og du kan utveksle erfaringar med andre. Meld deg på dette gratiskurset, ikkje gløym å spørje om dei som kanskje ein dag skal ta over, vil vera med! Du har også moglegheit for å ta oss med ut i eit område, t.d. gamal beitemark, der du ynskjer innspel frå oss og Ann Norderhaug som har lang erfaring med skjøtsel av gamle kulturmark. Påmeldingsfrist: 04.04.2011 ved landbrukskontoret i Lom eller Vågå/Sel Program for kurs i beitebruk Samling 1 Kulturmark og produksjon Tirsdag 12.04.2011, kl. 11 ca. 14.30 Kommunestyresalen i Vågå Kl. 11-12.15 Beiting på innmark (beitekvalitet av gjødsla innmarksbeite, stølsvoller og anna dyrka mark) v/jørgen Todnem, forsker ved Bioforsk Øst, Løken Sauebeite (tilvekst, avling og sorter tilpassa fjellregionen) v/jørgen Todnem, forsker ved Bioforsk Øst, Løken Kl. 12.15-13.00 Lunsj 3
Kl. 13.00-13.30 Sommarmjølkpoduksjon og kjøttproduksjon av storfe på innmarksbeite/utmarksbeite v/åse F. Anderssen, fagrådgjevar TINE Øst Kl. 13.30-13.45 Kaffe/te med biteti Kl. 13.45-14.30 Kasjmirgeit som restaureringshjelpar (resultat frå forsøk med kasjmirgeit og spælsau i Tynset kommune) v/jørgen Todnem, forsker ved Bioforsk Øst, Løken Erfaringar med ammegeit som beiteryddar i Bråtådalen, tankar om å rydde beite for andre v/åse Storbråten eller Simon Eiesar, gardbrukar Samling 2 Gamal kulturmark og økonomi i beitebruk Måndag 30. mai 2011, kl. 19.30-22.00, Lom kommunestyresal Kaffe/te og bakst Kl. 19.30-21.00 Skjøtsel av ulike kulturmarkstypar: effekt av ulike beitedyr, effekt av beitetidspunkt, restaureringsmål og framgangsmåte ved ynskje om restaurering, bruk av foto mm. v/ann Norderhaug, kulturlandskapsforskar Kl. 21.00-22.00 Økonomi i beitebaserte driftsformer, inkl. tilskottordningane v/åse F. Anderssen, fagrådgjevar TINE Øst 4
Samling 3, Markdag Tysdag, 31. mai 2011, kl. 10 ca. 16 Ulike plassar i Lom og Vågå Praktisk rettleiing for vedlikehald og restaurering av gamal beitemark og anna gammal kulturmark, beiterydding v/ann Norderhaug, kulturlandskapsforskar, og grunneigarar Problemstillingar: biologisk verdifull beitemark, beitetidspunkt, beitetrykk og beitedyr, beitemark som har gått ut av bruk, beitemark under restaurering, attgroing med ulike artar m.a. osp, styving av trær, skjøtsel av gamal slåttemark mm. Dag 4 etter behov, Individuell skjøtselsrettleiing Ope for alle, også dei som ikkje var med på sjølve kurset. Onsdag, 1. juni 2011, frå kl. 10 utover dagen, etter avtale Meld frå til landbrukskontora om du er interessert i at Ann Norderhaug og vi på landbrukskontora kommer og ser på areal som du ynskjer å restaurere. Vi kan ved ei synfaring gje faglege råd og hjelpe til med å søkje om tilskot. 5
MØTE: KORLEIS UNNGÅ DYRETRAGEDIAR? KOMMUNESTYRESALEN I VÅGÅ 5. APRIL KL. 19.30 Vågå sau- og geitalslag har teke initiativ til å halde eit møte om dette viktige og vanskelege temaet. Som foredragshaldar er Karstein Bergset invitert. Han har opplevd korleis krise i livet kan gå utover dyra i fjøset. Sjølv fekk han hjelp i tide, og han har mange opplevingar og tankar å dele med oss. Mattilsynet vil og være med og bidra på møtet. Det vert sjølvsagt servering! Velkomne!! Arr.: Faglaga i Vågå, produsentlaget i Vågå, Vågå sau-og geitalslag, landbrukskontoret. 6
Tilsette på kontoret: Per-Ivar Weydahl, tlf 61 29 36 71/92 04 14 10, e-post: per-ivar.weydahl@vaga.kommune.no Kjersti Reksen, tlf. 61 29 36 77/90 94 05 29, e-post: kjersti.reksen@vaga.kommune.no Bjørn Tore Karlstad, tlf. 61 29 36 73/95 79 62, 18 e-post: bjorn-tore.karlstad@vaga.kommune.no Kjell Hølmo, tlf. 61 29 36 79/97 01 17 43, e-post: kjell.holmo@vaga.kommune.no Per Arvid Bragelien. tlf 61 29 36 78/90 05 08 99, e-post: per-arvid.bragelien@vaga.kommune.no Tormod Pedersen, tlf. 61 29 36 74/90 74 98 28, e-post: tormod.pedersen@vaga.kommune.no Iris Dalseg, tlf. 61 29 36 49, e-post: iris.dalseg@vaga.kommune.no (arbeidstrening), Ola Løkken (Mjøsen), tlf. 61 29 36 75/97 19 40 15, e-post: ol@mjosen.no Landbruksvikarar, tingast på 61 29 36 60: Ola Lusæter Ivar Ulsand 7
Avsender: Landbrukskontoret for Sel og Vågå, Edv. Stormsv. 2, 2680 Vågå INFOSKRIV PR. E-POST? Ynskjer du informasjon frå landbrukskontoret direkte i din e- postboks? Send ein e-post til per-ivar.weydahl@vaga.kommune.no så vil vi registrere e-postadressa di og sende deg informasjon. Om du vil ha informasjon både på e-post og papir, så gje spesielt melding om det. Informasjon berre pr. e-post vil redusere kostnadene vi har med kopiering og utsending. Tidlegare Landbruksinfoar er forøvrig tilgjengelege på heimesida til Vågå kommune.