Suksess med nytt kufjøs? Erfaringar og råd ved utbygging til mjølkeproduksjon

Like dokumenter
Suksess med nytt kufjøs? Erfaringar og råd ved utbygging til mjølkeproduksjon

Bruksutbygging Økonomi

Økonomi og driftsleiing på utbyggingsbruk i mjølkeproduksjon. Erfaringar frå 36 bruk i Rogaland basert på intervju og økonomisk analyse

Korleis bygge og få god økonomi i mindre mjølkekufjøs?

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Kva kompetanse treng bonden i 2017?

Lausdriftsløysingar for mindre mjølkebruk

Sogn og Fjordane Bondelag

Lausdriftsløysingar for små og mellomstore mjølkebruk

Velg driftsopplegg som brukar ressursane optimalt.

Økonomi i kjeoppdrett på mjølkegeit

6-åringar på skuleveg

Mineralinnhald i blod hjå storfe på utmarksbeite sommaren 2014.

Til deg som bur i fosterheim år

TINE Råvare. Landsprognose for leveranse av kumjølk. mill. ltr. Prognose august ,0 140,0 135,0 130,0 125,0 120,0 115,0 110,0

Side 2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/91 Faste saker 002/13 09/635 Utbygging ved Samnangerh

Bruksutbygging uten å måtte auke tal dyr.

Nasjonalt pilotprosjekt

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

DB

Økonomi i oppdrett av overskotslam

STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Førde HF

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna.

TINE Råvare. Landsprognose for leveranse av kumjølk. 105,0 Jan Febr Mars Apr Mai Jun Jul Aug Sept Okt Nov Des. Leveranse og prognose per år

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Hei Guro, ei oppdatering frå Holmedal Ungdomslag.

Vintervèr i Eksingedalen

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Anne-Jorunn Bjørkum Leigvold Arkiv: A10 Arkivsaksnr.: 18/38-14

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

Presentasjon

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Muligheter og utfordringer innen hygiene, kvalitet og helse i automatiske melkingssystemer

Norske arbeidstakarar med berre grunnskole bør ta meir utdanning

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Finnøy og Rennesøy kommunar

Erfaringer med planlegging og byggeledelse på eget fjøs

Fylkeskommunenes landssamarbeid. Eksamen. 24. mai LBR3001 Plante og husdyrproduksjon. Programområde: Landbruk.

Utviklingsplan for Vigrestad skule. Dagfrid Bekkeheien Skrettingland

Geit i Vekst. Prosjektet si heimeside: Friskare geiter kurs nov. 2010

Fôring med lite grovfôr til geit

TINE Råvare. Landsprognose for leveranse av kumjølk. 105,0 Jan Febr Mars Apr Mai Jun Jul Aug Sept Okt Nov Des

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

TINE Råvare. Landsprognose for leveranse av kumjølk. 105,0 Jan Febr Mars Apr Mai Jun Jul Aug Sept Okt Nov Des

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

Jølster kommune Drift og kommunalteknikk 6843 Skei i Jølster

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman.

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Eksamen. 23. november LBR3005 Økonomi og driftsleiing / Økonomi og driftsledelse. Programområde: Landbruk. Nynorsk/Bokmål

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

Å INFORMERE OG UNDERVISE PÅ EIGEN ARBEIDSPLASS. Berit Ullebust Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester i Sogn og Fjordane

Det er ein føresetnad for tilbakemelding av resultata til verksemda at personvern og anonymitet er sikra.

Produksjonstilskot i jordbruket - vanleg jordbruksproduksjon. Silje Anette Lyhammer Rådgjevar Landbruksavdelinga Regionale samlingar 2017

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

ÅRETS NYSGJERRIGPER 2017

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 13/968

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

1. Oppretting og vedlikehald av utvekslingsavtalar i FS

Rasjonalisering deling av landbrukseigedommar

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

Refleksjon og skriving

Brukarrettleiing E-post lesar

Plan for rettleiing av nyutdanna pedagogar i barnehage

Innovasjonsmetoden vår

For å vinne må modellen vere perfekt i morgen tidleg. Kven har tid til å styre med bank og forsikring?

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

TINE Råvare. Landsprognose for leveranse av kumjølk. 105,0 Jan Febr Mars Apr Mai Jun Jul Aug Sept Okt Nov Des

KORLEIS LAGE BETRE BESTANDSPLANAR?

TYSNES KOMMUNE RETNINGSLINE FOR TENESTETELEFON

TINE Råvare. Landsprognose for leveranse av kumjølk. mill. ltr. Prognose desember

TINE Råvare. Landsprognose for leveranse av kumjølk. 105,0 Jan Febr Mars Apr Mai Jun Jul Aug Sept Okt Nov Des. Leveranse og prognose per år

Brukerkoordinator. Hvordan bygge en skole

Rekruttering av arbeidsplasstillitsvalde. Eit oppdrag for heile organisasjonen

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Eksamen LBR3005 Økonomi og driftsledelse / Økonomi og driftsleiing. Programområde: Vg3 Landbruk. Nynorsk/Bokmål

Konkurransegrunnlag. Snøbrøyting av kommunale vegar og plassar i Førde kommune. - Rode 2 Karstad -

Endringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Vennegrupper på Høle Barne- og Ungdomsskule

Styresak. Arild Fålun Nybygg aust - Bygg for Helse Førde, interkommunale funksjonar og tannhelsetenesta

Til deg som er vikar eller nytilsett i Maurtuå Barnehage!

TINE Råvare. Landsprognose for leveranse av kumjølk

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Drift av ein avlsbesetning. Gro Haraldsdotter Arneng og Gunnar Kværne Amundsen

BARNEOMBODET. Dykkar ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 15/ Morten Hendis 11. oktober 2015

Biletbruk på nettet 1 2

for leiarar og medarbeidarar innan handel og service i Askvoll

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Notat/ status til prosjekteigar frå administrativ arbeidsgruppe Strategi og styring

Aurebestandar i Ullensvang statsallmenning

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

30. APRIL 2019 PROSJEKTPLAN FELLES PROFIL OG MERKEVARE FOR SOGN. SOGN REGIONRÅD NÆRINGSNETTVERKET Sogndal

Oppdragsnr.: Dokument nr.: 1 Modellar for organisering av vidaregåande opplæring Revisjon: 0

Kyr har god tid, men det har ikkje eg

Transkript:

Suksess med nytt kufjøs? Erfaringar og råd ved utbygging til mjølkeproduksjon

Innhald 1. Innleiing... 3 2. Ulike fasar i ein utbyggingsprosess... 3 3. Planleggingsfasen... 4 Planlegg endringa som skal skje... 4 Driftsplan... 4 Planlegg besetninga du treng... 5 Råd om planlegging av fjøs... 6 Råd ved innhenting av prisar på fjøs... 6 Tips og råd ved oppstart av mjølkerobot i planleggingsfasen... 7 4. Endringsfasen... 7 Eigeninnsats... 7 Her bør du vurdere å gjere eigeninnsats... 8 Viktige spørsmål når du vurderar eigeninnsats... 8 Byggeleiar... 9 Andre tips til byggeprosessen... 9 Tips og råd ved oppstart av mjølkerobot i endringsfasen... 10 Tips og råd for oppstart og innflytting i nytt fjøs... 11 5. Ny-driftssfasen... 12 Fokusèr på din rolle som leiar og driftsleiar... 12 Styring av besetninga... 12 Planlegging og styring av økonomien... 13 Planlegging og styring av arbeidet... 13 6. Sjekklister... 14 2

1. Innleiing Erfaringar og råd frå 36 mjølkeprodusentar i Rogaland frå arbeidet med å planlegge, bygge og drifte nytt kufjøs er samla i dette heftet. I tillegg har vi supplert med tips og råd frå fagrådgjevarar i TINE. Heftet er basert på prosjektet «Økonomi og driftsleiing på utbyggingsbruk i mjølkeproduksjon» frå 2014-2015. Produsentane i prosjektet kom med gullkorn og utsegner som illustrerar endringane og problemstillingane ein møter i arbeidet med nytt fjøs og drift etterpå. Desse er vist i tekst- og tankebobler. Dette er subjektive meiningar, råd og erfaringar, der produsentane kan ha ulike oppfatningar om same temaet. Vi håpar at du kan nytte denne informasjonen i vidare utvikling av mjølkeproduksjonen på ditt bruk. Vi trur òg at rådgjevarar og bankar kan ha nytte av desse erfaringane. Rapport frå prosjektet og meir informasjon om brukarane sine erfaringar frå utbyggingsprosessen finnes på medlem.tine.no. 2. Ulike fasar i ein utbyggingsprosess Å bygge nytt fjøs er for mange det konkrete som skjer på garden når sjølve fjøsbygget reiser seg og blir teke i bruk det er det som er «greia». Alt det andre er bare vanleg gardsdrift. Vår erfaring er at det er nettopp her, med å planlegge og meistre overgangen frå eit båsfjøs med 100-200.000 liter til eit lausdriftsfjøs med 300-600.000 liter, som avgjer om ein får ein vellukka eller mindre god start i det nye fjøset. Basert på tidlegare forsking om endringsprosessar, erfaring frå rådgjevinga og frå vår studie, vil vi legge vekt på at eit fjøsprosjekt bør delast inn i tre ulike fasar, med ulike fokus og arbeidsoppgåver: 1. planleggingsfase: planlegge nytt fjøs, hente inn prisar, avklare eigeninnsats, få tilgang til nok jord/grovfôr og kvote, planlegge auke i dyretal m.m. 2. endringsfase: fjøset vert bygd og teke i bruk, utføre eigeninnsats i byggeprosess, dagens produksjon skal driftast, dyretal og areal tilpassast produksjonsvolum og driftsopplegg når nytt fjøs er klart, få laga og innarbeida nye rutinar 3. ny-driftsfase: få produksjonen opp til planlagt nivå, optimere drifta Desse tre fasane har ofte glidande overgangar, og dei varer i ulik tid for ulike gardbrukarar og byggeprosjekt. 3

3. Planleggingsfasen Planlegg endringa som skal skje For å lukkast med produksjonen i endringsfasen og i ny-driftsfasen, bør du planlegge kva ressursar du treng og kva tid dette bør gjennomførast. Nok grovfôr og kvote Avlsplan Fornying av eng Kvotefylling Innsett frå beite Bygget ferdig før innflytting Sikre nok kvote og nok areal/grovfôr innafor akseptabel avstand i god tid før fjøset skal takast i bruk. Du bør difor starte dette arbeidet helst år før du planlegg nytt fjøs. Dersom du skal bygge robotfjøs bør du snarast og helst fleire år før bygging starte med avlsplan for kyr tilpassa robot Planlegg jordarbeidet slik at du gjer unna nødvendig og planlagt fornying av enga i åra før byggeåret, så frigjer du tid i byggeåret Sikre deg at du kan fylle kvoten frå fyrste år, eller så tett på det som mogleg. Du har gjort ei stor investering og har behov for inntening så raskt som mogleg Planlegg fjøsbygginga og ta i bruk fjøset slik at du kan sette inn kyrne og kvigene rett frå beitet. Då er dyra i betre kondisjon, det blir mindre problem med klauver, og dyra har etablert rangordning i flokken Alt støyande byggearbeid skal vera ferdig før innflytting. Byggearbeid forstyrrar dyra og drifta, og tek bort fokus frå ein god oppstart både for deg som driftsleiar og for dine produserande medarbeidarar som skal levere deg mjølk og inntening Driftsplan Driftsplanen er eit av dei viktigaste avgjerdsgrunnlaga når du skal bestemme deg for å bygge eller ikkje. Du må difor vite kva driftsplanen bygger på, og korleis det går økonomisk etter bygging. Engasjèr deg Produksjonsplan Faste kostnader Investeringar også etter nytt fjøs Investerings- og finansieringsplan Kva privatforbruk vil de ha? a. Engasjer deg og ektefelle/sambuar i å lage driftsplanen saman med driftsplanleggjar/rekneskapsførar, ikkje bare overlet det til andre. b. Bruk og oppdater driftsplanen i åra etterpå som reiskap for planlegging og utvikling av garden For å få ein realistisk driftsplan der du fyller kvoten kvart år, bør du lage ein produksjonsplan saman med din fagrådgjevar. Planlegg korleis du skal vekse frå dagens kvote og dyretal, til den kvote og dyretal du skal ha det enkelte året i endringsfasen og åra etterpå. Kor mykje dyr må du kjøpe inn/legge på?, Kva kostar desse?, Kor tid skal dei i produksjon?, Kor mykje areal/fôr må du skaffe ekstra?, osv. Kostnader til leigd arbeid, bygningar, maskinar, leige av jord/kvote mm. er ofte underbudsjettert i driftsplanar, fordi produksjonen vert auka og det blir meir arbeid enn før. Ikkje legg desse for lågt, få tak i erfaringstal frå rekneskapslaget eller andre. Sjølv om du byggjer flunkande nytt fjøs, vil du måtte gjere investeringar i åra etterpå. I løpet av neste 5 år trengs det nye reiskap, andre bygningar må fiksast osv. Har du ingen konkrete investeringsplanar, bør du likevel legge inn investeringar for kr. 2-400.000 pr. år. Erfaringane viser at noko anna er å lure seg sjølv Legg inn realistiske tal for: kostnad til nytt fjøs, og eigeninnsats dersom du skal vera med å bygge kjøp av dyr, fôr m.m. i samband med auka av produksjon Privatforbruket må vera realistisk, berekne kva de har brukt dei siste åra som utgangspunkt 4

Planlegg besetninga du treng Dersom du skal auke produksjonen i det nye fjøset, bør du planlegge korleis du skal fylle fjøset med dyr for å full produksjon og god driftsøkonomi snarast mogleg. Planlegg besetningsauken Planlegg nok påsett også framover Planlegg korleis du skal få nok kviger og kyr til å fylle kvoten når du flyttar inn i fjøset. Ut frå erfaringar er her nokre forslag: skal du kjøpe dyr til innflyttinga, bør du kjøpe kviger som du kan lære opp og som kalvar i fjøset. Dette er mindre arbeidskrevjande enn å lære til mjølkande kyr som er vant til andre fjøs og driftsmåtar mange har mindre gode erfaringar med å kjøpe kyr frå båsfjøs. Mange av desse kyrne slit med å lære og tilpasse seg lausdrift- og robotfjøs avtal kjøp av kalveferdige kviger frå andre brukarar som vert levert når du skal flytte inn i fjøset satsar du på å auke kutalet med eigen rekruttering eller å oppdrette kvigene sjølv, bør du vurdere: o bruk av kjønnsseparert sæd i åra før innflytting for å få flest mogleg kvigekalvar o leige eit tomt fjøs for å oppdrette kvigene dersom du ikkje har plass sjølv o kutte ut oppdrett av oksar i åra fram mot innflytting slik at du får frigjort plass til meir kvigeoppdrett, dersom du har okseoppdrett i dag i innflyttingsåret kjem det òg til å gå ut kyr av ulike årsaker. Både blant dei du aukar kutalet med og i den eksisterande besetninga. Du må erstatte desse for å fylle kvoten. Det betyr at du må ha meir kviger og kyr i løpet av fyrste år, enn bare dei du treng for å fylle opp fjøset ved innflyttinga. du vil ofte trenge påfyll av meir kvigekalvar og unge kviger enn du har tilgjengeleg frå den gamle besetninga di. Dette for å få nok kviger til å erstatte utrangering av kyr dei fyrste 1-2 åra i den større besetninga i nytt fjøs. Du kan vurdere: o fortsette med bruk av kjønnsseparert sæd for å få meir kvigekalvar o kjøpe inn kvigekalvar og unge kviger som du fyller opp eige fjøs med, dersom ledig fjøskapasitet o inngå avtale om kjøp av kalveferdige kviger for år 1-2 etter innflytting I mitt hovud bør vi ikkje auke meir enn 100.000 liter om gongen viss vi skal gjere det på ein berekraftig måte, for du mister fokus og gjer feil grep. Kjøper for mykje kyr, slaktar for mykje, kjøper dyr som du ikkje burde kjøpt fordi du får ikkje tak i noko anna... Kunne du auka 50.000 i året i 4 år, så er det fantastisk mykje betre enn å auke 200.000 på eit år. Da kan du fylle på med det du har sjølv av oppdrett. 5

Råd om planlegging av fjøs Fjøsbesøk 1. Besøk mange fjøs 2. Under fjøsbesøka Tilpass til eigne behov og ynskjer Utbygging i forhold til ressursar og økonomi Planlegg grundig Involver ektefelle Uavhengig planleggar a. for å finne ut kva løysingar som du kan tenke deg i ditt fjøs b. for å sjå fjøsløysingar som ikkje fungerar så godt. Still spørsmål og analyser: - kvifor fungerar fjøset ikkje? c. og når du finn løysingar som du meiner er gode, besøk dette fjøset fleire gonger. Ein får ikkje med seg alt på første besøk d. som har vore i drift nokre år. Då har brukaren fått røynd fjøset og sett kva som er bra og kva som kunne vore gjort annleis e. og større fjøs enn det du skal bygge sjølv. Spør og lær av dei drifts- og logistikkerfaringane desse brukarane har gjort, fordi dei må tenke smarte og effektive løysingar som sparar arbeid. Tenk løysingane inn i ditt fjøs. a. reis fleire saman på besøk slik at de får med dykk meir, og kan diskutere etterpå b. ta bilete og lag skisser av gode løysingar c. spør brukaren kva han ville ha gjort annleis neste gong han skal bygge, og kva han vil ta med seg i eit nytt fjøs det er viktig med fagkunnskap om fjøs og dyr, slik at ein kan gjere seg opp meiningar om kva ein vil ha vel løysingar som passer til di eiga drift og din ønska måte å drive gard og fjøs på vel løysingar tilpassa eigen økonomi sørg for å ha ressursgrunnlaget (kvote, areal m.m.) på plass vurdere om det vil vera økonomisk grunnlag for investeringa, at du får nok igjen til arbeidsvederlag slik at ein får tenkt gjennom alt og får gode løysingar, for å unngå å måtte gjere endringar slik at det vert avklara at begge vil gjennomføre prosjektet så står du friare når prisar skal hentast inn Råd ved innhenting av prisar på fjøs Legg vekt på pris og kvalitet Hent prisar frå fleire Avtal pris skriftleg på ekstraarbeider Pris er viktig, men legg avgjerande vekt på kvalitet og ferdigstilling til avtalt tid Velg firma ut frå referansar og omdømme Sørg for at pristilbodet er inklusiv alt/komplett leveranse/bygg, slik at du ikkje får pristillegg pga. manglande spesifikasjon Spør firmaene etter referansar. Snakk med eller besøk gardbrukarane som har nytta firmaene for å få tilbakemeldingar på firmaet og byggeprosessen Når du besøkjer fjøs, spør kven som har vore leverandørar og om gardbrukaren er nøgde med firmaet Det er prisvariasjon mellom leverandørar og entreprenørar. Hent inn prisar frå fleire for å gjere deg opp ei meining om prisnivået Leverandørane og entreprenørane har oftast prutingsrom, forhandle om prisen før det vert starta på eventuelt ekstraarbeid. 6

Tips og råd ved oppstart av mjølkerobot i planleggingsfasen Fôringsregime og grovfôrmekanisering Tidspunkt oppstart fjøs og robot Klauvhelse Besøk robotfjøs Grovfôrmekanisering i fjøset bør tilpassast ønska fôringsregime, drift og belastning av roboten, og kor automatisert fôring du ynskjer. Søk rådgjeving og diskusjon om dette, slik at du totalt sett får eit driftsopplegg i kvardagen slik du ynskjer Dersom mogleg planlegg oppstart av robot når kyrne frå båsfjøs er på beite, slik at rangorden er etablert og dyra er rolegare å få gjennom roboten Du treng tid og ro til å lære drift av nytt fjøs og bruk av robot. Oppstart bør difor skje når du har tid til å dette, ikkje når du må fokusere på andre arbeidsoppgåver, til dømes våronn Ved oppstart i beitesesongen vil klauvene til kyrne betre tole fersk betong i nytt fjøs, og gjere at dei ikkje vert så sårføtte og dermed ikkje går i roboten sjølv Før bygging / i byggefasen besøk fjøs med robot og få ein grunnleggande gjennomgang av korleis roboten arbeidar, kva som må gjerast for å få den operativ, og kva rapportar som er nyttige å bruke. Bruk dette som introduksjon og for å få eit overblikk før du sjølv skal i gang, sjølv om du ikkje klarer å lære og hugse alt. 4. Endringsfasen Eigeninnsats I byggeprosjekt vert det ofte spørsmål om kor mykje eigeninnsats som skal leggast ned. Brukarane i prosjektet hadde desse synspunkta på for og imot eigeninnsats: Gjere betydeleg eigeninnsats Ikkje gjer stor eigeninnsats Dersom du har tid, kunnskap og kapasitet er det mogleg å spare pengar ved å gjere delar av arbeidet sjølv Prioriter arbeid tidleg i prosjektet (t.d. grunnarbeid og betongarbeid), medan det endå ikkje er lagt ut store pengar Sørg for at ditt arbeid på fjøset ikkje seinkar framdrifta. Ha god dialog med entreprenørane slik at dei veit kor tid dei skal inn igjen. Unngå eigeninnsats på slutten av byggeprosjektet. Då må fjøset verte ferdig og kome i drift, og du er ofte lei av bygginga på dette tidspunktet Gjennomfør dei delane av byggeprosjektet der du kan ta ned risikoen for entreprenør eller konkrete avgrensa og identifiserbare deler av prosjektet, då er det mest å hente Fokusèr på å drifte dagens produksjon, og å legge til rette for at du er klar til å produsere for fullt når nytt fjøs er klart til å takast i bruk. Det er då den verkelege jobben startar. Samle overskot til at ny større produksjon skal køyrast i gang, søk informasjon og råd om korleis du skal drifte nytt fjøs Delta bare i byggearbeidet når du har tid til det, og etter at du ferdig med ditt arbeid på garden Ved stor eigeninnsats er det fare for at bygget må takast i bruk før det er ferdig, eller at det ikkje vert gjort heilt ferdig før etter fleire år Prioriter arbeid som ikkje seinkar framdrifta, dersom du skal gjere noko på bygget 7

Det vil vera vanskeleg å få gjort arbeidet like rasjonelt og raskt som erfarne handverkarar. Dette seinkar framdrifta og kan føre til utsetting av kor tid du kan ta fjøset i bruk Du vil som oftast ikkje oppnå dei same rabattane som entreprenørane får frå sine leverandørar. Dette kan gjera det mindre interessant å utføre eigeninnsats Her bør du vurdere å gjere eigeninnsats Samanbygging nytt fjøs og gamalt bygg Rydde og halde orden Skal du bygge nytt fjøs inntil gamalt bygg vil entreprenørane kvi seg for å gje fast pris på dette pga. det er usikkert kva som møter dei. Ved samankoplinga av bygga er det ofte manuelt arbeid som riving, betongsaging, meisling mm. Dette kan du gjere sjølv like godt som innleigd entreprenør. Dette er arbeidskrevjande og krev normalt ikkje særleg fagkunnskap, og kan difor spare innleigde timar Rydding og å halde orden gjev raskare framdrift i bygginga og sparar dyre innleigde arbeidstimar Alle kan gjere dette uansett fagleg bakgrunn. Spør korleis arbeidsfolka vil ha det lagt til rette til neste arbeidsdag Ta deg av at bygningsavfall og anna avfall vert handtert riktig og slik at det ikkje ligg og flyt og skapar problem i arbeidet Avtal prisreduksjon for denne jobben Viktige spørsmål når du vurderar eigeninnsats Ut frå erfaringane prosjektbrukarane hadde gjort seg om eigeninnsats i bygginga, bør du stille fylgjande spørsmål før du bestemmer kor mykje du vil gjere. Kapasitet Byggekunnskap Når Omfang Ferdigstilling Familie og fritid Kor mange produksjonar og kor stort produksjonsvolum skal du drifte i byggeperioden? Har du ledig arbeidskapasitet og mental kapasitet til å fylgje opp alt dette, samtidig som du skal bygge og ta mange avgjerder, og gjere eigeninnsats? Kva byggekunnskap og byggeerfaring har du frå før? Kva del av bygget bør du difor konsentrere deg om? Kva tid på året har du best arbeidskapasitet, passer dette med byggeframdrifta? Kor stort er bygget, og kor stor del av bygget totalt sett vil du utføre eigeninnsats på? Kor tid må bygget stå klart, og vil du få (akseptabelt) produksjonstap dersom du gjere eigeninnsats? Korleis er familiesituasjonen - toler du og familien stor eigeninnsats i tillegg til alle endringane dykk skal gjennom? 8

Byggeleiar Skal du styre bygginga sjølv, eller skal du leige ein byggeleiar til å styre byggeprosessen og ta i vare dine interesser i bygginga? Ein del byggefirma kan ta på seg ei koordinering av byggeframdrifta. Dette er ikkje det same som å vera byggeleiar, då det ikkje ivaretek dine interesser som byggherre. Brukarane i prosjektet hadde desse synspunkta på for og imot å vera byggeleiar sjølv: Vera byggeleiar sjølv Leige inn byggeleiar Dersom ein har tid og overskot til å handtere det, er det interessant å vera byggeleiar sjølv Du må uansett vera på plassen for å fylgje opp framdrifta, og sjå til at alt vert gjort riktig og at leveransane stemmer med bestillinga Dette er ei god avlastning som gjere at du kan fokusere på den daglege drifta på garden - du må ha ei løpande inntjening og sørge for at produksjonen er oppe og går når nytt fjøs er ferdig Du som byggherre skal ha løpande avklaringar med byggeleiaren som styrer framdrifta og byggeprosessen. Men byggeleiar er bufferen mot byggefolka og leverandørane Har du ikkje erfaring frå å bygge før er det tryggast å overlate byggeleiaransvaret til profesjonelle folk. Dei kan byggefaget, dei kan forhandle og krevje oppfylling av vilkår sett i avtalar Men følg med i bygginga slik at du veit kva som skjer på byggetomta og at du får det slik du hadde tenkt deg Andre tips til byggeprosessen Rask byggeprosess Planlegg likviditeten i byggeperioden Prioritèr ein rask byggeprosess, slik at du får kome i gang med produksjonen snarast mogleg i nytt bygg. Det gamle fjøset er ofte overfylt og du har gjort avtalar om leige/kjøp av kvote eller inngått samdrift, slik at du må kome i gang med å produsere full kvote snarast mogleg Det er viktig å få inntening av investeringane i nytt fjøs, auka kvote og jord m.m. snarast mogleg. Du må uansett betale låne- og leigekostnader om bygget er klart eller ikkje Du får lågast byggelånskostnader ved rask byggeprosess Du blir ikkje så lei og utsliten av bygginga, og klarer betre å halde motivasjonen oppe Registrer deg med 2 mnd. mva-termin i god tid før byggestart. Då får du momspengane raskt tilbake og kan betale nye rekningar løpande med desse. Del opp leveransar og betalingane til ulike leverandørar. Ikkje få heim meir materiell og utstyr, eller betale for meir enn det du treng i forhold til byggeframdrifta. Dette må avtalast før kontraktsinngåing. Ha god dialog med banken i byggeperioden og sørg for at du alltid har pengar tilgjengeleg når du treng dei 9

Tips og råd ved oppstart av mjølkerobot i endringsfasen Oppstartspakke og oppfylgjing Mjølkeprøver Sett av tid Diskusjonspartnar Klypp håret på jura Prioriter opplæring Opplæring teknisk vedlikehald Rutinar bruk og drift Sjekklister vedlikehald Tørre liggebåsar Lær opp andre Vidare opplæring Robotleverandørane har ein oppstartspakke med TINE på opplæring og bruk av robot til nye robotbrukarar. Bruk rådgjevarane når du lurer på noko. Legg gjerne det første besøket 4-6 månader før oppstart, slik at du får ein introduksjon på bruk av roboten. Du bør teikne ein oppfylgjingsavtale i dei fyrste åra etter at oppstartspakken er ferdig, slik at du blir trygg på roboten og bruk av rapportane. Fortsett med mjølkeprøvetaking ein gong pr. månad, også i travel byggetid før innflytting i nytt fjøs. Då får du god historikk på mjølkemengde, celletal osv. pr. ku, slik at du kan fylgje opp om noko unormalt skjer med kyrne i nytt robotfjøs. i vekene etter oppstart til å fylgje opp og bli trygg på bruken av roboten Ver gjerne to personar som kan diskutere og hjelpe kvarandre på kyrne før innflytting i robotfjøset, slik at roboten lett finn spenane Prioriter å lære roboten når leverandør hjelper deg med å køyre i gang roboten og mjølke dei fyrste dagane. Spør og grav, og trykk sjølv ikkje la leverandøren gjere alt. La andre medhjelparar ta seg av å drive kyrne gjennom roboten, slik at du kan konsentrere deg om å lære å operere robotsystemet. Leverandør/teknikar tek gjerne gjennomgang av teknisk vedlikehald på roboten som nødvendig reinhald, innstillingar, rapportar m.m. i samband med innflytting i fjøset. Dette bør utsetjast til roboten har vore i drift ei veke fordi du klarar ikkje å få med deg meir enn det heilt nødvendige i starten Lag lister over rutinar for bruk av roboten, som registrering av nye dyr osv. i roboten. Du klarer ikkje å hugse alt, du må få det ned i trinnvise rutinar. La desse vere lett tilgjengeleg ved roboten Lag og bruk sjekklister over kva du skal gjere kvar dag / veke / månad for å sikre at roboten fungerer med minst mogleg problem Hald liggebåsane reine og tørre, og sørg for at kyrne legg seg på liggebåsen, slik at du ikkje får problem med hygienen Lær opp alle som skal ha ansvar for fjøset til å kunne handtere roboten. Lag enkle plansjar og rettleiing som viser korleis dei skal handtere roboten og korleis feilsøke ved problem og feilmeldingar Når du har drive nokre månader i nytt fjøs: o delta på eller spør etter kurs hjå robotleverandør eller fagrådgjevarar slik at du kan lære meir og få utnytte informasjonspotensialet i roboten. Nå har du erfaringa og knaggane til å henge kunnskapen på o meld deg inn i erfaringsgruppe for å diskutere og lære meir av andre robotbrukarar Eg brukte dei fyrste månedane til å finne rutinar og korleis eg skulle drifte eit automatisert fjøs, slik at eg unngjekk at ting ikkje virka. Fordi automatisering er at ein må vera i forkant av ting som blir øydelagt. Eg måtte lære meg å lage ein rutine for at det verkeleg kom kraftfôr, for maskinane bare teller dei. Dersom kraftfôrrøyret tettar seg, så fôre den ikkje sjølv om den seier at den har fôra. Då må du vite det før kyrne fell 3 liter i mjølk fordi dei ikkje får kraftfôr. 10

Tips og råd for oppstart og innflytting i nytt fjøs Gå gjennom besetning før innflytting Tilvenning Oppstarten ver utkvilt og spør om hjelp Innflytting i fjøs i puljer Tidleg innflytting av kviger Utranger kyr som ikkje fungerar Lær opp i bruk av kraftfôrautomater Tett golv og gjødselskrape Nye rutinar Kyr som uansett ikkje kjem til å kunne fungere i nytt fjøs bør slaktast ut før innflytting. Dette for å unngå problem, meirarbeid og frustrasjon. I lausdriftsfjøs skal kyrne gå over alt, for å bli mjølka, for å ete, for å legge seg. Kyr med dårlege føter må difor bort. I robotfjøs er jurform avgjerande. Snakk med rådgjevar eller andre gardbrukarar om kva kyr som bør slaktast ut. La dyra bli vant til og utforske nytt fjøs gradvis ved å fôre dei og la dei ligge i liggebåsane, medan dei blir mjølka i det gamle fjøset. Aktuelt der det er praktisk gjennomførbart. Du sjølv må ikkje vera utsliten når nytt fjøs skal køyrast i gang. Sørg for å få deg nok kvile og overskot før du startar innflyttinga. Du må ha kapasitet og tålmodighet til å lære opp forvirra vanedyr i mykje nytt, utan at lunta di blir kort. Få med deg mannskap til å hjelpe og avlaste dei fyrste vekene. Ikkje gå med alt aleine over lengre tid i oppstarten. Få med erfarne lausdriftsbønder i oppstarten til å hjelpe og lære av. Spør om dei kan kikke innom att om 1-2 veker, då kan du spørje og lære endå meir av dei Flytt kyr inn i nytt fjøs i puljer, slik at både du og kyrne får lære dykk til fjøset i roleg tempo og med minst mogleg stress. Du har mindre dyr å hanskast med i kvar omgang når dei skal lærast til. Du kan lettare fylgje opp kvart enkelt dyr og sjå at dei finn ut av systemet. Bruk gjerne 5-7 dagar pr. pulje før neste kjem inn. Kviger bør slusast inn i fjøset 3-4 veker før kalving, slik at dei kan lære å gå gjennom robot/mjølkegrav og finne ut av kraftfôrautomat før kalvinga. Då vil det einaste nye etter kalving vera at dei skal mjølkast. Dette gjer betydeleg mindre arbeid. Ta bort kyr som ikkje tilpassar seg / fungerer / skapar for mykje arbeid i fjøset, etter relativt kort tid. Det vil verte for arbeidskrevjande og skapar lite flyt i arbeidsdagen med desse kyrne Ved bruk av kraftfôrautomatar må kyrne lærast opp til at dei får kraftfôr her. Pass på at kyrne finn ut av å ta desse i bruk, følg nøye med på rapportane om besøk i automaten. For at kyrne skal få nok kraftfôr den første veka, kan det vera nødvendig å gje ein grunnrasjon kraftfôr på fôrbrettet, dersom dei ikkje får kraftfôr i mjølkegrav/robot. Dette for å unngå for stort fall i mjølkeyting Ved tett golv og skrape i gangareala bør gjødselskrapa gå kontinuerleg dei fyrste vekene. Dette slik at ingen dyr får ro til å legge seg i gangareala, men at dei finn fram til liggebåsane. Bruk dei fyrste månadane til å lage deg nye rutinar og finne ut korleis du skal drifte det nye fjøset. Bruk tid på å finne den mest optimale måten å gjere arbeidet på, ikkje ver redd for å prøve forskjellige måtar. Spør andre korleis dei har lagt opp arbeidet. 11

5. Ny-driftssfasen Fokusèr på din rolle som leiar og driftsleiar Etter bygging av nytt fjøs får du fleire dyr å halde styr på og arealet vil som oftast auke. Arbeidsmengda vil ofte auke. Omsetninga og tala på kontoen vil bli større. Alt dette krev at du fokuserer på din rolle som leiar og driftsleiar for garden. Erfaringa mange har gjort er at du må vera meir i forkant heile tida. Det vert viktigare å fylgje opp heile tida, analysere og sette i verk tiltak. Då flyt arbeidet betre, og du sparar ekstraarbeid og arbeid til reparasjonar. Det er viktig å fokusere på rollen som leiar og driftsleiar både under endringsfasen og ny-driftsfasen. Særleg styring av besetninga er det viktig å ta tak i med ein gong i endringsfasen. Styring av besetninga Rutinar og styringssystem Observer dyra Tøffare utsjalting Fot- og klauvhelse Avlsplan robotfjøs Det er meir av alt - kalvingar, inseminering, dyrlege osv. Du vil ikkje klare å hugse alt. Difor bør du: legge vekt på å få gode rutinar for styring av besetninga, kva skal du sjå etter osv. Spør andre brukarar og rådgjevarar om tips notere ned informasjon for å halde oversikt og styre besetninga bruke besetningsstyringssystema Bruk tid til å observere og «lese» dyra medan dei går rundt i lausdrifta, det er godt betalte minutt Det vil ofte bli tøffare utsjalting av kyr pga. dei må passe til roboten i robotfjøsa Fokuser på god fot- og klauvhelse til dyra. Kyrne må nå gå rundt for å bli mjølka, ete og legge seg Når du får robot må du få ein avlsplan til kyr tilpassa robot 12

Planlegging og styring av økonomien Planlegg pengestraumen Lag budsjett Oppdater driftsplanen Vidarefør 2 mnd. mva Innkjøp og investeringar Meir renter og avdrag Større drift vil gje meir pengar i omløp. Det er viktig å planlegge pengestraumen, slik at du har kontroll på kva beløp som går inn og ut til kva tid på året. Lag eit budsjett pr. 2 månader som du kan samanlikne med rekneskapet for desse to månadane løpande gjennom året. Lag det ut frå forventa mengde pr. 2 månader: levering av liter mjølk, kor mange dyr som skal seljast/slaktast, kjøp av kraftfôr, tilskot inn osv. Oppdater driftsplanen kvart år, slik at du ser kva økonomisk handlingsrom det vert framover. Planlegg investeringane ut frå kva driftsplanen viser. Vidarefør 2 mnd. mva-termin etter bygging for å få tettare oppfylgjing gjennom rekneskapet. Større drift vil gje større pengestraum. Dette kan gjere det lettare og meir fristande å foreta innkjøp og investeringar ein før ville ha utsatt eller vurdert lengre. Vurdèr fortsatt om dette er naudsynt av omsyn til tid og arbeidsressursane du har Gjeldsbelastninga vert høgare, dette krev meir pengar til renter og avdrag. Planlegging og styring av arbeidet Passe på heile tida Planlegg arbeidet Leige meir? Vera arbeidsgjevar LEAN Du må vera meir «på» heile tida og passe på å få gjort ting i rett tid på grunn av større produksjon og arbeidsmengde. Du må ikkje utsette ting. Planlegg arbeidsdagane og vekene, slik at du får gjort arbeidet effektivt og til rett tid. Prioriter kva du må ha gjort dei ulike dagane og vekene. Vurder løpande om arbeidsoperasjonar du tidlegare utførte aleine nå har blitt så omfattande og tidkrevjande at du må leige meir arbeidskraft eller meir maskinarbeid Når du leiger meir arbeidskraft må du prioritere å arbeide med folka, gje opplæring og å rettleie dei i det daglege LEAN kan vera til god hjelp for å få ein betre og meir effektiv arbeidskvardag. LEAN hjelper deg å halde system og å planlegge, slik at du unngår brannsløkking. Lag gode arbeidsbeskrivingar slik at medarbeidarar/avløysarar kan klare å utføre arbeidet sjølv utan å gjere feil Lag rutinebeskrivingar slik at viktig arbeid som t.d. kalvefôring, reingjering m.m. blir gjort likt kvar gong uavhengig av kven som utfører jobben Bruk tavler og andre reiskap til å få enkel og oversikteleg kommunikasjon med medarbeidarar I løpet av veka set eg alltid opp forskjellige punkt som skal gjerast. Så prioriterer eg dei i rekkefylgje og begynnar øvst på det som er viktigast. Så er det alltid noko som eg ikkje klarer å gjera, då får det vente. 13

6. Sjekklister Sjekkliste for planleggingsfasen Kva ynskjer har du og familien for garden og framtida? Korleis skal det sjå ut på garden om 15 år? Driftsplan: korleis vert økonomien etter utbygginga? Grovfôr: leige jord eller kjøpe fôr? Kvote: kjøpe/leige/samdrift? Arbeidsmengde etter utviding: o korleis drifte jorda leige / investere i maskinar? o arbeid i fjøset? Sikre besetning til å auka produksjon Finansiering av nytt fjøs: banklån, offentlege midlar, eigeninnsats Driftskapital til utviding av produksjonen: kjøp av kviger/kyr, drift areal Planlegg nytt fjøs ut frå: o Økonomisk rame o Storleik bygg og dyregrupper o Logistikk og dyreflyt o Bygning (isolert/uisolert, materialer m.m.) og ventilasjon o Dyrevelferd og lovkrav, herunder beitekrav o Mjølkesystem o Mekaniseringslinje for grovfôr i fjøset og lagring av grovfôr o Gjødselhandtering og lager Forhandling av prisar for bygg, avklaring eigeninnsats bygging Byggesøknad kommune Sjekkliste for endringsfasen Ikkje gløym dagens produksjon det økonomiske grunnlaget for vidare drift vert lagt her Fokuser på å fylle kvoten Sikre nok kviger og kyr sjå tips og råd Eigeninnsats sjå tips og råd Byggestyring kven skal styre bygginga? Likviditetsstyring bygging o vurder 2 mnd. mva termin o tilpass leveransar til bygget slik at du ikkje må betale månader før det skal brukast Sett av og bruk mykje tid i fjøset ved oppstart og tida etterpå Lær og meistre ny teknologi sjå tips og råd Innflytting nytt fjøs sjå tips og råd Etablere rutinar for drift av nytt fjøs Fokuser på styring av besetninga Ta fridagar frå bygging og fjøs pass på familielivet 14 Sjekkliste for ny-driftsfasen Sikre nok kyr og kviger Fokuser på å fylle kvoten - bruk mjølkeprognosen og oppdater fleire gonger i året Optimer drifta i fjøset dyremessig, praktisk og økonomisk Gå gjennom rutinar for drift av fjøset o sikre god kvalitet i produksjonen o endre på rutinar og spar arbeidstimar Sett av tid løpande til å planlegge arbeidet for kvar dag og pr. veke Vere kritisk til investeringar som ikkje er med i driftsplanen. Leig heller inn maskinarbeid nokre år for å få erfaring med ny drift og behovet for investering Økonomistyring: o behald 2 mnd. mva-termin o lag årleg budsjett for å styre likviditet og unngå overraskingar gjennom året o oppdater driftsplanen kvart år for å sjå økonomisk handlingsrom o planlegg framtidige investeringar o dersom økonomiske problem - snakk med banken tidleg, ikkje utsett det. Unngå unødvendig kortsiktig gjeld.