HORDALAND FYLKESKOMMUNE Regionalavdelinga Planseksjonen Arkivsak 200807018-16 Arkivnr. 714 Saksh. Ege, Ingunn; Vinje, Signe; Ekerhovd, Per Morten; Rødseth, Marit Saksgang Møtedato Kultur- og ressursutvalet 10.11.2010-11.11.2010 MOTSEGN TIL REGULERINGSPLAN FOR EIDSVÅG FABRIKKER, ÅSANE, BERGEN KOMMUNE SAMANDRAG Byrådet i Bergen har sendt reguleringsplan for Eidsvåg fabrikker, gnr 216 170 på høyring. Hovudføremålet for planen er å sikre Eidsvåg eit attraktivt lokalsenter med fortetting, kontor og tenesteyting, samstundes som ein tek vare på dei store kulturhistoriske verdiane som er knytte til området. Reguleringsplanen omfattar eit område med store kulturhistoriske verdiar, der både Eidsvåg hovudgard, fabrikkbygningen og den Trondhjemske postveg ligg innanfor planområdet. Delar av fabrikkbygningen, postvegen og Eidsvåg hovudgard er lagt inn som omsynssone C, men planforslaget føreset at fleire bygg knytt til det kulturhistoriske miljøet vert rivne. Kulturminneutgreiinga av november 2008 og synfaring på området viser at det gamle fabrikkområdet, gardsmiljøet på Eidsvåg gard og inntaksdammen, har stor verdi som eit heilskapleg historieforteljande kulturminne. Planforslaget er langt på veg i tråd med regionale retningsliner for bevaring av kulturminne. Fylkesrådmannen ser at føremålet med planforslaget føreset at nokre av dei gamle bygga vert rivne, men er kritisk til det rivingsomfanget som planen legg opp til, sidan dette er kulturmiljø med særs høg kulturminneverdi. Dersom planen vert omarbeidd vil grunnlaget for motsegn kunne trekkjast. FORSLAG TIL VEDTAK 1. Kultur- og ressursutvalet vurderer det som positivt at planforslaget legg rammer for å utvikle kulturmiljøet til eit attraktivt lokalsenter på Eidsvåg. Utvalet vil rose planfremjar som vil utvikle ny berekraftig bruk av det kulturhistoriske miljøet.
2. Delar av planforslaget er i konflikt med viktige kulturminneinteresser.: a) Opplevinga av kulturminnemiljøet vert sterkt redusert grunna ein byggjestruktur som stengjer for utsyn og kontakt med sjøen (Sone K/T 1-1). b) I område K/T 1-3 er planforslaget i strid med gjeldande reguleringsplan med omsyn til vern av vatn, spesialområde, jf. pbl. 25 nr. 6. Omsynssone C må omfatte verkstadbygning og sjåførbustad. Det er knytt motsegn til punkt 2a og 2b. Paul M. Nilsen Jan Per Styve Vedlegg: Arealplankart Kulturminnekart over planområdet 2
FYLKESRÅDMANNEN, 26.10.2010: Bakgrunn Bergen kommune har sendt forslag til reguleringsplan for Eidsvåg fabrikker lokalsenter gnr. 216 170 til offentleg ettersyn. Brevet vart sendt 8.september 2010 med forfallsdato 26. oktober 2010. Grunna politisk handsaming har me bede om utsett frist til 17. november 2010. Saka vert handsama politisk 10. november. Hordaland fylkeskommune har tidlegare gitt innspel til planen 02. september 2008 og 15. april 2009. Om motsegn Hordaland fylkeskommune «kan fremme innsigelse til planforslaget i spørsmål som er av nasjonal eller vesentlig regional betydning, eller som av andre grunner er av vesentlig betydning for vedkommende organs saksområde», jf. plan- og bygningslova 5-4. Motsegn skal byggje på kulturminnefagleg vurdering og tilråding, og vere grunngjeve ut frå kulturhistoriske kriterium og fagkunnskap. Motsegn skal vere forankra i, og grunngjeve ut frå vedtekne nasjonale eller regionale mål, rammer og retningsliner, jf. Riksantikvaren sin planrettleiar, dagsett juni 2010. Dersom det vert gitt fagleg tilråding til motsegn på bakgrunn av nasjonale kulturminne interesser, og dette ikkje vert følgt opp av politiske organ i fylkeskommunen, skal fylkeskommunens avdeling for kulturminnevern gje melding om dette til Riskantikvaren som kan fremje motsegn i saka. Vurdering Føremålet med planforslaget er å sikre Eidsvåg eit attraktivt lokalsenter med forretning, kontor og tenesteyting og samtidig ivareta dei store kulturhistoriske verdiane som er knytt til området. Det er Kompas AS som på vegne av Eidsvåg Fabrikker AS fremjar planforslaget. Planområdet er ein del av senterområde S-32 i kommuneplanen sin arealdel, og omfattar den gamle tekstilfabrikken og Eidsvåg hovudgard. Hovuddelen av planområdet er uregulert, men deler av felt F/K/T 1 inngår i reguleringsplan 9690000, som til dømes regulerer inntaksdammen frå Jordalsvatnet til spesialområde vernet vann. Stadutvikling og senterstruktur Området K/T 1-1 omfattar arealet frå Eidsvågsbakken til silkeveveriet. Både silkeveveriet og verkstadbygget med tilbygg for tømmersaga er foreslått rive, men planforslaget har ingen føringar for den kommande byggjestrukturen. Gjennom føresegnene vert det lagt til rette for publikumsretta aktivitet i området, og det er derfor viktig at reguleringsplanen sikrar gode møteplassar og fellesareal. Nærleiken til sjøen, den særmerkte byggjestrukturen og postvegen gjev ein unik moglegheit til å utvikle gode fellesareal. Fylkesrådmannen meiner at dette i større grad kan sikrast i planen. Ved å regulere inn fellesareal i planen. Desse fellesareala bør vera knytt til sjøen ved riving av silkeveveriet. Samferdsel Reguleringsplanen vil føre til auka trafikk til og frå reguleringsområdet, og vegstandarden i dag er dårleg. Reguleringsplanen legg til rette for å betre tilkomsten både på delar av Eidsvågvegen, Eidsvågbakken og krysset mellom desse vegane. Vi viser til Statens Vegvesens fråsegn der dei viser til at føresegnene bør innehalde rekkefølgjekrav som sikrar at Eidsvågvegen vert utbetra. Kulturminnefagleg vurdering I følgje St.meld. nr. 26 (2006-2007) er det eit strategisk mål at mangfaldet av kulturminne og kulturmiljø skal forvaltast og takast vare på som bruksressursar, og som grunnlag for kunnskap, oppleving og verdiskaping. Eit representativt utval av kulturminne og kulturmiljø skal takast vare på i eit langsiktig perspektiv. Vidare er det eit nasjonalt mål at m.a. det årlege tapet av verneverdige kulturminne og kulturmiljø som følgje av fjerning, øydelegging eller forfall skal minimaliserast og skal innan år 2020 ikkje overstige 0,5 prosent årleg. 3
Del av fabrikkbygningen, postvegen og tunet på Eidsvåg hovudgard med bygningar er lagt inn som kulturmiljø i omsynssone C. Planforslaget føreset at fleire bygg knytt til det kulturhistoriske miljøet vert rivne, slik som tildømes silkeveveriet (1958), to arbeidarbustader (1897), verkstadbygg med tilbygg for tømmersag (1942) og sjåførbustad (før 1896). Kulturminneutgreiinga av november 2008 og synfaring på området viser at det gamle fabrikkområdet, gardsmiljøet Eidsvåg gard og inntaksdammen, har stor verdi som eit heilskapeleg historieforteljande kulturminne. Kort historisk skildring av kulturmiljøet Historia frå området viser ei utvikling frå mølledrift frå 1600-talet tilknytt elva frå Jordalsvatnet, til gards- og mølledrift fram mot slutten av 1800-talet. Den Trondhjemske Postveg gjekk gjennom Eidsvåg frå 1786. Tekstilproduksjonen på Eidsvåg fabrikker starta opp hausten 1896 i dei gamle møllebygningane. Utover 1900-talet bygde det seg opp eit samfunn rundt tekstilfabrikken. Eigen tekstilproduksjon ved Eidsvåg fabrikker vart lagt ned i 1972, men handelen med ullstoff har vore oppretthalde via fabrikkutsalet. Dei ulike byggjetrinna til fabrikken er godt lesbare, og heilskapen med arbeidarbustader, meisterbustader, den gamle postvegen, saman med inntaksdammen gjev eit godt bilete av historia kring garden og fabrikken. Dette er viktig å ivareta og nytte som ein særeigen kvalitet ved utvikling av lokalsenteret. Gardstun i kombinasjon med mølledrift, inntaksdammen til den tidlegare mølledrifta og tekstilindustrien er sjeldsynt og har stor kunnskaps-, og historieforteljande verdi. Vurdering av planforslaget Det er svært positivt at planforslaget sikrar store deler av dette verdfulle kulturmiljøet gjennom omsynssone C. Delar av byggestrukturen som vert foreslått i reguleringsplanen med illustrasjonsplan, dagsett 10.02.10, og dokumentasjon av snitt, dagsett 04.05.10, vil likevel medføre at kulturminneverdiane innanfor planområdet vert redusert. Hordaland fylkeskommune vil ikkje motsetje seg at søylehallen vert riven, under føresetnad av at det vert lagt ein byggjestruktur som opnar opp tilkomsten mot sjøen, og mot kulturmiljøet ved fabrikken og garden. Etter vår vurdering må løysinga for byggjestrukturen følgje planfremjars forslag som går fram av planutgreiinga side 23, der ein legg nybygg på tvers opp mot Eidsvågbakken og Eidsvågvegen i område K/T 1-1 og K/T1-1,2,3. Når ein riv søylehallen, vil me tilrå at også det vesle bygget midt på kaia vert teke ut av planen, jf. illustrasjonen side 23. Ved å velje denne byggjelstrukturen, vil det også la seg gjere å bevare verkstadbygget med tilbygg for tømmersag. Verkstadbygningen vert vurdert å ha stor historieforteljande verneverdi. Den inneheld ein arkitektonisk kvalitet godt tilpassa resten av fabrikkbygningane, og er ein viktig del av heilskapen i kulturmiljøet. Verkstadbygningen må difor leggjast inn i omsynssone C. Det vert knytt motsegn til dette punktet. I gjeldande reguleringsplan 9690000 er inntaksdammen til den tidlegare mølledrifta regulert til vernet vann. Planforslaget som legg opp til å utvide parkeringsplassen ved Vollane 1, 7 8 meter utover vasspegelen, er difor i strid med gjeldande plan. Me viser til at godkjent plan inneber at arealbruken er vurdert gjennom ein omfattande prosess der Bergen kommune har funne at vasspegelen er så viktig at det er regulert til vern etter denne planen. I dag viser vasspegelen resten av inntaksdammen til den tidlegare mølledrifta, og dammen utgjer difor ein særs viktig del av det historieforteljande kulturmiljøet rundt fabrikkområdet. Fylkesrådmannen foreslår motsegn til dette punktet. Fylkesrådmannen aksepterar at fleire av bygningane som er knytt til fabrikken vert rivne, til dømes silkeveveriet og to arbeidarbustadar. Sjåførbustaden, tidlegare vognremiss, oppført før 1896, må ikkje rivast. Den er ein viktig del av det historieforteljande kulturmiljøet, i nærleik med inntaksdammen og Den Trondhjemske postveg som går langs huset, gardstunet og i fabrikkområdet. Verkstadbygningen må difor bevarast og leggjast inn i omsynssone C på plankartet. Det vert foreslått motsegn til dette punktet. Postvegen frå Bergen til Åsane er ein del av den Trondhjemske postveg. Postvegstrekket frå Sandviken sykehus til Eidsvåg er framleis intakt. Den startar ved Sandviken sykehus, går deretter frå Munkebotn til Skytterveien, held fram over Våkenskaret til sørsida av Garpetjern. Vegen går vidare nordaust til Eidsvåg Auto. Herifrå er det meste av vegen gravlagt til han kjem fram att ved Eidsvågbakken og deretter gamle Eidsvåg gard. Postvegen har høg verneverdi og vi er nøgd med at planen ønskjer å ta vare på dette viktige minnet frå vår samferdslehistorie. 4
Garden, kulturmiljøet rundt fabrikken med vasspegelen og postvegen utgjer til saman eit særs viktig historieforteljande kulturminne som syner samfunnsutviklinga i området frå mølleperioden og utviklinga av tekstilindustrialiseringa på Vestlandet. Planforslaget samla sett vil redusere dette verdifulle historieforteljande kulturmiljøet vesentleg, dersom det vert vedteke i si noverande form. Konklusjon Planforslaget inneber ei bevaring og bruk av kulturminneverdiane som langt på veg er i tråd med våre ynskje. Imidlertid er vi kritiske til at planforslaget legg opp til ein byggjestruktur og inneber riving av delar av eit kulturmiljø med særs høg kulturminneverdi. Dersom planen vert omarbeidd i samsvar med våre merknader, vil grunnlaget for motsegn kunne trekkjast. Fylkesrådmannen vil tilrå motsegn til planforslaget grunna kulturminneinteressene. 5