HÅ KOMMUNE MØTEINNKALLING Formannskapet Møtestad: Hå rådhus : 11.12.2008 Tid: Ca kl. 12.35 Etter møtet i hamnestyret Eventuelt forfall må meldast til telefon 51793012/41532690/51793114. Vararepresentantar får eiga innkalling (pr.telefon, sms eller e-post) dersom dei skal møte. SAKLISTE Utvalsak Arkivsaksnr. Tittel 122/08 08/1913 BUDSJETT 2008: MIDLERTIDIG LÅN TIL STOKKELANDSMARKA VELLAG ANL.NR 1119 009301 123/08 08/2151 AKTIVITETSHUS I LOEN - NÆRBØ IDRETTSKLUBB 124/08 08/169 VARHAUG SKULE - NYBYGG/RENOVERING 125/08 07/3928 SMÅHAUGANE - AVTALE Varhaug, 04.12.2008 Terje Mjåtveit ordførar
HÅ KOMMUNE Sak 122/08 BUDSJETT 2008: MIDLERTIDIG LÅN TIL STOKKELANDSMARKA VELLAG ANL.NR 1119 009301 Saksbehandlar: Harald Berglie Arkivkode: PLAN 1119 009301 Arkivsaksnr.: 08/1913 122/08 Formannskapet 11.12.2008 1. Pga. kommunens medvirkning til at det er oppstått et midlertidig finansieringsbehov for Stokkelandsmarka Vellag pga. bygging av ballbinge, gir Hå kommune vellaget et midlertidig lån på kr. 100.000. 2. Lånet er rentefritt og skal tilbakebetales straks spillemidler til ballbingen utbetales. Vedlegg: notat fra etat for skule og kultur brev fra Stokkelandsmarka Vellag Stokkelandsmarka Vellag har bygget ballbinge i 2008 som del av et større aktivitetsanlegg i Stokkelandsmarka. Ballbingen skal finansieres med egeninnsats, kommunalt tilskudd og spillemidler. Vellaget har etter et møte med kommunen i mars - antatt at finansieringen var i orden i 2008, og ballbingen er derfor kjøpt og ferdigmontert av Vellaget i år. Nå viser det seg at spillemidlene ikke blir tildelt før - høyst sannsynlig i 2009. Kommunen har medvirket til at Vellaget hadde grunn til å vente at spillemidlene ville bli tildelt i 2008, jfr. vedlegg. Vellaget søker nå om kommunens hjelp til midlertidig finansiering, jfr. vedlegg. Siden kommunen her har medvirket til det oppstår et særskilt finansieringsbehov for Vellaget, finner rådmannen det derfor rimelig at kommunen i dette helt spesielle tilfellet medvirker til å løse manglende finansiering ved å yte et midlertidig, rentefritt, lån til Vellaget. Side 2 av 7
HÅ KOMMUNE Sak 123/08 AKTIVITETSHUS I LOEN - NÆRBØ IDRETTSKLUBB Saksbehandlar: Ragnvald Riis Arkivkode: 611 &50 Arkivsaksnr.: 08/2151 123/08 Formannskapet 11.12.2008 72/08 Kommunestyret 11.12.2008 Kommunestyret godkjenner avtale med Nærbø Idrettslag om kjøp av all-aktiviteshuset i Loen til 6 mill kroner. Kjøpet dekkes av skattereguleringsfondet (25600002), samtidig blir skule- og kulturetaten sin ramme redusert tilsvarende årlig leieutgift, 480 000 kroner.. Vedlegg: Formannskapssak 88/08 Formannskapet behandlet i november, sak 88/08, forespørsel fra Nærbø Idrettslag om kjøp av all-aktivitetshuset i Loen. Formannskapet gjorde følgende vedtak: 1. Rådmannen får fullmakt til å forhandle med Nærbø Idrettslag om kjøp av allaktivitetshuset i Loen på Nærbø. 2. Formannskapet skal godkjenne et eventuelt framlegg til avtale. Vurdering: På møte med NIL 01.12.08 ble det enighet om en kjøpesum lik salgstaksten, 6 mill kroner. Kjøpet omfatter hus og tomt (asfaltert uteplass rundt huset), inkl. parkeringsplass. Dette blir skilt ut fra NILs nåværende tomt. Hå kommune skal og disponere lekeområdet nord-vest for huset så lenge det drives barnehage der. Det skal i avtale mellom NIL og Hå kommune også framgå at en gjensidig kan bruke hverandres parkeringsplasser ved større arrangement/tilstelninger. Etter rådmannen sitt syn vil denne avtalen sikre gode lokaler og forutsigbare arbeidsforhold for de aktivitetene en allerede har i huset. Prisen vurderes også å være akseptabel. Side 3 av 7
HÅ KOMMUNE Sak 124/08 VARHAUG SKULE - NYBYGG/RENOVERING Saksbehandlar: Ragnvald Riis Arkivkode: 614 A20 Arkivsaksnr.: 08/169 124/08 Formannskapet 11.12.2008 104/08 Kommunestyret 11.12.2008 Nybygg/rehabilitering av Varhaug skule vert ført vidare. Etter innhenta anbod, vert ny sak lagt fram for formannskapet for godkjenning av endeleg kostnadsoverslag og finansiering. Firmaet Multiconsult laga, på bestilling frå Hå kommunen, eit skisseprosjekt på nybygg/ rehabilitering av Varhaug skule. Prosjektet vart lagt fram for kommunestyret i juni, sak 35/08, med ei kostnadsramme på 79 mill. Kommunestyret gjorde i då følgjande vedtak: Nybygg/rehabilitering av Varhaug skule vert ført vidare i samsvar med utgreiing i saka. Ein tek sikte på oppstart i januar 2009. Arbeidet med forprosjekt med tilbodsunderlag for totalentreprise og tilbodsgrunnlag vert lyst ut på anbod. Forprosjektet vert lagt fram for kommunestyre for endeleg godkjenning, før innhenting av anbod. I samsvar med vedtaket er arbeidet med tilbodsunderlag for totalentreprise og tilbodsgrunnlag lyst ut på anbod. Ein har vald firmaet Fortunen Arkitekter a.s. i Bergen til arbeidet. Vurdering: Fortunen har tilrådd ei anna utforming og planløysing enn det som Multiconsult la til grunn for skisseprosjektet. Nybygget er på same storleik som tidlegare forslag, og i hovudsak vert rehabilitering av eksisterande bygg gjennomført i same omfang som føreslått i sak 35/08. Skulen får plass til 480 elevar dersom ein brukar ein arealnorm på 12m2 pr elev. Skisseprosjektet ga plass til 479 elevar. Den største endringa i høve til tidlegare forslag er at Fortunen si løysing er nybygg på 1 etg. Det gjer det enklare med samanføying til eksisterande bygningar, og ein får til ei betre integrering av biblioteket i skulen sine fellesareal. Ein har og fått redusert gang- og trafikkareal og til fordel for læringsrom, og ein har flytta SFO meir sentralt på skulen i høve til kantine, gymsal og utandørs leikeområde. Ein er frå skulen si side godt nøgd med den nye planløysinga, fellesfunksjonar som administrasjon, bibliotek, kantine, musikk, aula, møterom med meir er godt plassert i høve til kvarandre, og lærings-/baseareala for dei ulike klassetrinna har fått ei fleksibel og funksjonell utforming. I k-sak 35/08 var kostnadsoverslaget frå Multiconsult 79 mill kr inkl mva og prisstigning fram til mars 2008. Administrasjonen skreiv då at dette var i storleik 5 mill kr for høgt, fordi Multiconsult hadde lagt inn meir ombyggingskostnader enn det som var føresetnadane. På ei annan side var det kostnadselement på 5,3 mill kr som kom i tillegg til Multiconsult sitt Side 4 av 7
HÅ KOMMUNE Sak 124/08 overslag. Samla og avrunda blei kostnadsoverslaget dermed satt til 79 mill kr i k-sak 35/08. Kostnadsoverslaget frå Fortunen viser nå 74,1 mill kr. I dette ligg nokre materialval som kan synast å ligge over den standard kommunen elles har valt ved nybygg. Dette gjeld utanomhusarbeida. På ei annan side har kommunen stilt spørsmål ved om enkelte kostnadselement er godt nok teke vare på. Dette ser Fortunen på fram mot anbodsinnhentinga. Planane elles er i samsvar med dei føresetnadane som er gitt m.o.t. romprogram og ombygging av dei fløyane som skal stå igjen. Kostnadsoverslaget frå Fortunen er jamført med oppsettet frå Multiconsult i tabellen nedanfor. Mill. kr. Multiconsult Fortunen 1. Felleskostnader 5,2 3,1 2. Bygningsmessige arbeider 26,3 24,6 3. VVS 11,8 11,8 4. Elkraft 3,8 2,7 5. Tele 2,1 0,7 6. Andre innstallasjonar 0,6 0,2 7. Utanomhus 0,7 5,6 Entreprisekostnader 50,5 48,7 8. Generelle kostnader 5,1 5,5 Bygg kostnader 55,6 54,2 9. Spesielle kostn. (mva) 13,9 13,6 Grunnkalkyle 69,5 67,8 Prisstigning 2,6 2,6 Margin / reserve 6,9 3,7 Kostnadsoverslag 79,0 74,1 - planjusteringar - 5,0 - Laust inventar 1,5 1,5 Utanomhus (botnleidning) 1,5 - Varmepumpe 1,5 - Leige lokale 0,8 1,5 Generelle kostnader (ark) - 0,8 Prosjektkostnad 79,3 77,9 Avrunda 79 78 Reduksjonen i ombyggingane jamført med Multiconsult sine planar er nå gjennomført. Dette og innarbeiding av nokre av tilleggskostnadane i ordinære fag (nr. 1-7) i oppsettet frå Fortunen, gjer det noko vanskeleg å samanlikne direkte dei enkelte kostnadselementa. Det vesentlege er at overslaget over prosjektkostnaden frå Fortunen ligg innanfor dei 79 mill kr som tidlegare er vedtatt og som er lagt inn i budsjettet, sjølv om prisstigning fram til ferdig bygg sommaren 2010 nå er rekna med. Redusert utgift til bygningsmessige arbeider og redusert margin er hovudårsakene til dette. Det haster med å få lyst anbodet ut, skal skulen bli ferdig som planlagt. Rådmannen vil derfor rå til at ein går vidare med arbeidet. Når anboda er kome inn, blir ny sak lagt fram med forslag til endeleg prosjektkostnad og finansiering. Av omsyn til framdrifta, er det ønskjeleg at formannskapet får fullmakt til å fatte vedtak i saka 10. februar 2009. Side 5 av 7
HÅ KOMMUNE Sak 125/08 SMÅHAUGANE - AVTALE Saksbehandlar: Rolf Einar Ree Arkivkode: L12 &02 Arkivsaksnr.: 07/3928 125/08 Formannskapet 11.12.2008 105/08 Kommunestyret 11.12.2008 Avtale mellom Hå kommune og Jan Oddvar Friestad, Veidekke AS (FF-Resi AS og Hermond Teigen AS vedrørande næringsområdet på Småhaugane, Vigrestad, vert godkjent Vedlegg: Avtale mellom Hå kommune og Jan Oddvar Friestad, Veidekke AS (FF-Resi AS) og Hermond Teigen AS. Brev datert 01.12.2008 frå adv Svein Ueland Hå kommunestyre behandla den 19.06.2008 sak 41/08 og gjorde følgjande vedtak: 1. Hå kommunestyre vil ikkje be utvalg for tekniske saker og næring om å fremme forslag til justering av reguleringsføresegnene for næringsområdet på Småhaugane. 2. Tiltak på Småhaugane næringsområde realiseres i samsvar med plan 1055 stadfestet 17.02.2005. 3. Hå kommunestyre ber forhandlingsutvalget oppta forhandlinger med Jan Oddvar Friestad, FF-Resi AS og Hermod Teigen AS med tanke på å oppnå minnelig løsning om ferdigstillelse av ny adkomstvei til Småhaugane næringsområde og øvrige uavklarte spørsmål. Med bakgrunn i pkt 3 i vedtaket har forhandlingsutvalet ført forhandlingar med dei aktuelle aktørane på Småhaugane med sikte på å finne ei løysing i samsvar med kommunestyrets vedtak. Frå kommunen si side har i tillegg til forhandlingsutvalet adv Svein Ueland deltatt. Det er oppnådd semje mellom partane om ein avtale som med dette vert lagt fram til godkjenning. Vurdering: Avtalen har tre element med økonomisk innhald: Kommunen skal betale ein eingongsum på 4,5 mill kroner. Aktørane på Småhaugane får utsetjing med å legge topplag asfalt inntil vegen skal overleverast som fylkesveg. Er ikkje dette gjort innan 10 år fell kravet bort. Kostnadane for dette asfaltlaget er i dag ca 300 000 kroner. Kommunen påtar seg å fullføre påbegynt vassleidning frå fv 144 og fram til eksisterande leidning lenger vest. Kostnadane ved dette er kalkulert til ca 250 000 kroner. Side 6 av 7
HÅ KOMMUNE Sak 125/08 Samla kostnadar for kommunen ved avtalen vil med dette vere på ca 5,05 mill kroner avhengig av om vegen blir opptatt som fylkesveg innan 10-årsfristen for dei avsluttande asfaltarbeida. Etter rådmannens vurdering er det viktig nå å få ei avslutting på Småhauganesaka. Med dette som bakgrunn og etter ei samla vurdering vil rådmannen tilrå at avtalen vert godkjent. Jf også adv Svein Ueland si vurdering av saka i vedlagte brev datert 01.12.2008. Side 7 av 7