Sommar- og vinteraktivitetar for barn og unge



Like dokumenter
Tekst: Heidi Vallestad, Hanna de Groot, Åge Avedal, Hans Erik Lerkelund og Thomas Sveri. Illustrasjonar og grafisk utforming: Geoffrey Kempton.

OST- OG SKINKEMUFFINS

mmm...med SMAK på timeplanen

Ute mat Korleis laga god mat UTE

Innhald. Arme riddarar AV grovt brød Sandwich

Mat til. Eit samarbeid med Fiskeriket UB frå Måløy VGS

MATEMATIKKVERKSTAD Mona Røsseland. GLASSMALERI (bokmål) Utstyr: Rammer (A3) i farga papp, pappremser, silkepapir, saks og lim

3 dl havregryn 3 ss kakao ¼ ts kanel Ei klype salt 1 ts vaniljesukker 200 g kesam 5 ss honning Kokos

oppskrifter kornartane Innhald Baketips Kornblanding Di ega Kornblanding Fine rundstykke

Til deg som bur i fosterheim år

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Enkle og supergode oppskrifter. På tur. Friluftseminar for barnehager

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 3. Nynorsk

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Stekt laks med potetmos Onsdag 4 porsjoner min Enkelt

oppskrifter Grove kornprodukt Innhald havrerundstykke eplerundstykke gulrotrundstykke myslirundstykke glutenfrie eplerundstykke

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Mat fra naturen. Bruk små blader uten grov stilk. Dampkok først brennesla under lokk i ca 10 minutter i ca 3 dl vann. Slå ut kokevannet.

Fakta Framtidas skulebrød. 5. Framtidas skulebrød

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Brukarrettleiing E-post lesar

Kva er økologisk matproduksjon?

Geitmyra juniorkokk Frittata og kryddereple

Taubruer. Leik med tau Utvikla av Friluftsrådet for Ålesund og omland ved Christer Lundberg Nes, fagleiar aktivitet

Vandreleiren 2006 Primitiv kokebok

Innhald. frå jord til bord quiz. bondesjakk

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

FØRSTEKLASSELÆRER NYNORSK KOPIARK. GAN Aschehoug


NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Gulrotsuppe Onsdag.

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

N Ø K K E L H U L L E T

FESTMAT I BARNEHAGEN. Holane 12, 6770 Nordfjordeid tlf

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Klepp kommune Tu skule

6-åringar på skuleveg

Pinnakjøt med kålrotstappe og kokte poteter

150 OPPSKRIFTER FRA NESTLÉ

Mat og helse for 4. trinn

Månadsbrev for ROSA mars 2015

La meg få ein sjanse til...

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Introduksjon til undervisningsmateriellet


Halvtårsrapport for gul gruppe våren 2017

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Fullkornspasta med kjøttdeig og tomatsaus

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

KYLLING I PITA Onsdag Enkel Under 20 min

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

Sånn gjør du: Tilbered produktet i ovn i GN bakk. Kok basmatiris. Til 10 personer trenger du:

Sommar- og vinteraktivitetar for barn og unge

liker best som paprika, løk, sopp, squash, mais. Wook med ulike grønnsaker, skinke og ris er også godt.

Brukarrettleiing. epolitiker

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?

Kutt squash og paprika i terninger og ha det i pannen sammen med løken og litt salt. Stekes til det har fått en gyllen farge.

Fiskegryte med limetouch Onsdag MIDDELS MIN 4 PORSJONER

Opplysningskontorene i Landbruket Landbruks og Matdepartementet

OPPSKRIFTER. Wok med kylling. Video 1. Forslag til ingredienser:

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

OBS! Spør alltid en voksen før du lager mat. Ha en voksen i nærheten mens du lager mat.

Menyer og oppskrifter Falt rettene vi serverte under konferansen i smak? Vi anbefaler deg å prøver våre spennende og enkle oppskrifter!

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

lad opp med mat som virker

Kyllingwok med fullkornsnudler Onsdag

Enkle hverdagsretter med laks

Lærarrettleiing 1. Kornartane

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Refleksjon og skriving

Snøfrisk. En ost med mange muligheter

ENKELT OG GODT 7 retter du garantert lykkes med

Klepp kommune Tu skule

ENKELT OG GODT. 7 retter du garantert lykkes med

Røldal. Informasjon. Leilegheit 101 & 103. Ve og Vel V/Turid Tveit / turid.tveit@stord.kommune.no

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Oppskrifter fra "Barnas kjøkken"

Kom skal vi klippe sauen

AU - Nasjonalparkstyre for Reinheimen

Til... Frå... God Jul, Kald Kaffi Sauen!

Spis fargerikt. Lun laksesalat med avokado og spinat

KOSESTUND. når du fortjener det

150 OPPSKRIFTER FRA NESTLÉ

Lag mat med Mille. Muffins med hvit sjokolade og mais. Sånn gjør du: Det skal du bruke: (ca muffins)

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

LEIRELVAPOSTEN SEPTEMBER 2014

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Stekt laks med pæresalat Onsdag

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

Rask kyllingsalat Onsdag

150 OPPSKRIFTER FRA NESTLÉ

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

KYLLING MED FERSK PASTA Onsdag Enkel min 4 PORSJONER

Transkript:

Mangfaldig natur Sommar- og vinteraktivitetar for barn og unge

Prosjektet er gjennomført av 4H Sogn og Fjordane i 2013 og 2014 med støtte fra Sogn og Fjordane fylkeskommune, Klima- og miljødepartementet og Miljødirektoratet. Tekst: Heidi Vallestad, Hanna de Groot, Åge Avedal, Hans Erik Lerkelund og Thomas Sveri. Illustrasjonar og grafisk utforming: Geoffrey Kempton. Foto: Heidi Vallestad, Randers Naturcenter, 4H Sogn og Fjordane, ScanStockPhoto, Grete Kempton og Norsk Friluftsliv. Utgitt: 2015 2

Mangfaldig natur Er du glad i naturen og i å vere i friluft? Kor mykje veit du om naturen rundt deg og alle dei artane du finn der? Kva kan skje om du gjer endringar i naturen og miljøet? Veit du at det finst lover som skal sikre eit biologisk mangfald? Og som skal sørgje for at du kan ferdast fritt i friluft? Dette og mykje anna kan du lære om gjennom aktivitetane vi presenterer her. Vi har funne fram til ei fin blanding av praktiske oppgåver, friluftsaktivitetar og oppgåver der du kan få bryne meiningane dine litt. Målet er at du som er ung skal få meir kunnskap om naturmangfald og naturmangfaldslova, og auka medvit om natur og miljø. Aktivitetane her er aktuelle heile året. Vi har merka dei aktivitetane som passar best på sommaren eller vinteren. Kvar oppgåve startar med ei innleiing som kan lesast opp eller formidlast munnleg. Vi har også delt oppgåvene i tema, og føreslått kva aldersgruppe dei høver for, kva utstyr du treng og kor lang tid ein kan rekne med at aktiviteten tek. INNHALD Naturmangfaldslova, friluftslova,... 4 allemannsretten, innmark og utmark VINTER: Snø og skred...8 Studere snøfnugg... 9 Bli kjent med fuglane... 10 Snøfyrverkeri... 14 Leite etter våren... 15 Nytt skianlegg, eller?... 16 Bygg eit bål!... 20 SOMMAR: Oppdemming av bekken... 22 Søppelkunst... 23 Lag din eigen vasskikkert... 24 Bygg eit insekthotell... 26 Lag ei insektfelle... 28 Natursti... 29 Lag ein fugleholk... 30 Ta standpunkt!... 34 Saft, suppe og te frå naturen... 38 Lag mat ute... 40 3

Naturmangfaldslova Norge fekk i 2009 ei ny og viktig lov, naturmangfaldlova. Formålet med denne lova er å ta vare på naturen, anten gjennom vern eller bærekraftig bruk. Naturmangfaldlova er ei sektorovergripande lov som gjeld for alle tiltak og all bruk som påverkar norsk natur. Naturmangfaldlova deler grovt sett norsk natur i tre kategoriar eller nivå og knyter ulike verkemiddel til desse, sjå figur. Nivå 1: All natur «Grunnmuren» i naturmangfaldlova inneheld formål, forvaltningsmål for naturtypar, økosystem og artar, samt fem miljørettslege prinsipp: Kunnskapsgrunnlaget Føre-var Økosystemtilnærming og samla belastning Kostnadene ved miljøøydelegging skal bærast av tiltakshavar Miljøforsvarlege teknikkar Desse reglane gjeld for alle avgjersler og tiltak knytt til norsk natur, altså både avgjersler som blir tatt etter naturmangfaldlova og etter andre lover (plan- og bygningslova og sektorlover). På den måten skal grunnmuren danne ein minstestand for forvaltning av norsk natur. Nivå 2: Natur som krev spesielle omsyn For naturen som krev spesielle omsyn er det innført to verkemiddel for bærekraftig bruk i naturmangfaldlova: Utvalde naturtypar For å fremje forvaltningsmåla for naturtypar og økosystem kan det ved forskrift bli angitt bestemte naturtypar som utvalde. For desse naturtypane skal det takast spesielle omsyn. Økologiske funksjonsområder For å sjå artar og leveområde i samanheng og hindre øydelegging av leveområda til prioriterte artar, kan det gjennom forskrift bli innført økologiske funksjonsområde, jf. nivå 3. 4

Nivå 3: Den mest verdifulle naturen For å ta vare på den mest verdifulle naturen er det i naturmangfaldlova to verkemiddel som inneber vern: Prioriterte artar For å fremje forvaltningsmålet for artar kan det ved forskrift bli utpeikt prioriterte artar. Verkemiddelet om prioriterte artar må ein sjå i samanheng med økologiske funksjonsområde for prioriterte artar, jf. nivå 2. Områdevern Områdevern er det strengaste verkemidlet for å ta vare på naturmangfaldet av nasjonal verdi og er omfatta av følgjande vernekategoriar: Nasjonalparkar: Store naturområde med særeigne eller representative økosystem, eller landskap utan store naturinngrep. Landskapsvernområde: Natur- eller kulturlandskap med stor økologisk, kulturell eller opplevingsmessig verdi. Naturreservat: Den strengaste forma for vern etter naturmangfaldlova. Denne er viktig for å ta vare på spesielle artar og naturtypar. Biotopvern: Beskyttar leveområdet til bestemte plante- eller dyreartar. Marine verneområde: Dette er ingen eigen vernekategori, men er tilpassa forholda i sjø og er fleksibel med tanke på kva som kan vernast og kva restriksjoner som kan bli pålagt. 5

Friluftslova Føremålet med denne lova er å verne om friluftslivet sitt naturgrunnlag og sikre allmennheita sin rett til ferdsel, opphald og aktivitet i naturen. På denne måten vil ein skape og fremje friluftsliv som er helsefremjande, trivselsskapande og miljøvenleg. Allemannsretten Alle har lov til å ferdast og opphalde seg i utmarka i Norge. Allemannsretten er eit gratis fellesgode og ein del av vår kulturarv. Miljødirektoratet har det overordna ansvaret for allemannsretten. Retten er forankra i friluftslova som vart vedtatt i 1957. Allemannsretten gjeld både i skog, på fjell, ved sjø og elv og i vatn, uavhengig av kven som er grunneigar. Vi har også rett til å hauste av naturen, plukke bær, sopp og blomster, eller fiske saltvassfisk. Ferdsel og opphald må skje på ein slik måte at det ikkje er til ulempe for grunneigar og andre som er på tur. Vi må alltid ta oss fram med varsemd og ta vare på naturen der vi ferdast. Vi har lov å telte, men telt må setjast opp meir enn 150 meter frå hus og hytter der det bur folk. Dersom du har slått det 6

opp i nærleiken av der folk bur, kan du berre ha det ståande inntil to døgn på same stad. Vi pliktar å rydde etter oss, ta omsyn og ikkje øydelegge kulturminner, verne om dyr og fuglar, følgje reglar for bål-brenning og reglar for bandtvang av hund. Innmark og utmark I friluftslova snakkar vi om innmark og utmark. I utgangspunktet kan alle opphalde seg og ferdast fritt til fots og på ski i utmarka. På innmarka er tilgangen sterkt avgrensa. Omgrepet utmark omfattar skog, fjell, myr, lynghei, holmar og skjær, og det utgjer størstedelen av landet. Når bakken er snødekt eller frosen, kan du også gå over innmark, med unntak av perioden mellom 30. april og 14. oktober. Inn-mark er dyrka landbruksareal, kulturbeite og engslått. Industriområde, tivoli, militære område og liknande er også innmark. Det er, i følgje friluftslova, ferdselsrett både for gåande, syklande og ridande på private vegar i utmark. Det er og ferdselsrett til fots på private vegar som ligg på innmark. Unntak er private vegar som går gjennom hus- eller hyttetomtar, og gardstun. Syklande, ridande, eller andre som har liknande ferdsel, har frå 1. januar 2012 ferdselsrett på private vegar som går gjennom innmark når vegen fører til utmark. Retten gjeld ikkje organisert aktivitet som sykkelløp og rideklubbaktivitetar, og grunneigar kan legge ned forbod om ferdselen kan føre til nemneverdig skade. Meir om allemannsretten finn du her: www.miljodirektoratet.no/no/tema/friluftsliv/ Allemannsretten/ Aktuelle linkar: Naturmangfaldslova: lovdata.no/dokument/nl/lov/2009-06-19-100 Faktaark om naturforvaltning: www.fnf-nett.no Friluftsrådenes landsforbund: www.friluftsrad.no Norsk Friluftsliv: www.norskfriluftsliv.no 4H: www.4h.no 7

Snø og skred Mange likar å gå toppturar på ski. Det er lurt å vite litt om faren for skred, slik at vi kan styre unna ein del unødige farar. 90% av alle skredulykker skjer ved at den som blir tatt av skred har løyst det ut sjølv, eller nokon i turfølgjet. Ein av faktorane som betyr noko for om det kan gå skred er hellinga i terrenget, dvs. kor bratt det er. Det er svært sjeldan det går skred i terreng der det er under 30 grader helling. Likevel, når skredfaren er stor, bør ein halde seg unna bratt terreng, ettersom det då kan vere fare for fjernutløysing. Det er fire faktorar som er avgjerande for om det går skred: Mennesket Været Terrenget Snødekket snødekke vær terreng Dersom du vil lære meir om skred, er det lurt å ta eit skredkurs. Det finst òg gode bøker om temaet, som t.d. «Den lille snøskredboka» av Kjell Brattelien og «Skikompis» av Christer Lundberg Ness. Du kan også lese på www.varsom.no. På denne nettsida blir det varsla om faregrad for skred for fleire stader i landet. 24 8

Studere snøfnugg Individuell oppgåve Tema: Snøfnugg, naturens kunstverk. Alder: Frå 5 år og oppover. Formål: Mindfulness. Aktivitet som må nytast i augneblinken. Visste du at ingen snøfnugg er heilt like? Nokre gongar er snøfnugga små og lette, nokre gongar er dei tunge og dett fort, andre gongar kjem dei dalande sakte. Strekk ut armen og la snøfnugga lande på armen din. Kan du sjå mønsteret? Det er ditt snøfnugg, det kjem aldri eit heilt make. Og om litt er det borte! 25 9

Bli kjent med fuglane Individuell eller samarbeidsoppgåve Tema: Studie av mangfaldet på fuglebrettet. Alder: Frå 5 år og oppover. KJØTTMEIS RØDSTRUPE BOKFINK Innleiing: Ved å studere fuglar på eit fuglebrett eller rundt fuglemataren kan du bli kjent med overvintrande fuglar i nærmiljøet og lære om fuglane sine næringsvanar. Du får innblikk i fuglane sin konkurranse om maten. Og ikkje minst kan du hjelpe fuglar i nærmiljøet til å overleve gjennom vinteren. På www.fuglevennen.no kan du spørje ein fugleekspert, ein ornitolog. NB! Meisebollar og fuglekassar bør plasserast på ein slik måte at born ikkje kjem i direkte kontakt med snøen under. Avføring frå fuglane kan innehalde til dømes salmonella som kan gje alvorlege infeksjonar. Vær nøye med reinhaldet. 24 610

Lag ein meisebolle Butikkmaten er ofte harsk og dårleg. Fuglane elskar derimot ein meisebolle. Slik lagar du den: 2250 gram delfiafeitt 1000 gram skrelte solsikkefrø 1000 gram havregryn lettkokte 500 gram knuste hasselnøtter 250 gram hakka mandlar Smelt delfiafeittet i ein kjele og tilsett frø, gryn og nøtter. Fyll alt over i ein mjølkekartong, og lat det stivne. No kan du skjære opp kartongen og henge opp meisebollen, eller du kan lage hol og luker i kartongen og henge den opp. Heng den gjerne opp i eit tre eller busk som du kan sjå frå eit vindauge i huset. Då kan du følgje med på aktiviteten heile vinteren. 25 711

Kva kan vi observere på fuglebrettet? DOMPAP Artar og tal Observer fuglebrettet regelmessig (kanskje ein halv eller ein time kvar veke?). Noter kva artar som er innom, og kor mange fuglar det er av dei ulike artane. Bruk fuglebøker, internett eller last ned ein fugle-app til mobilen. Hugs på at det kan ta nokre dagar frå brettet er sett opp til fuglane oppdagar maten og venner seg til brettet. Registrer temperaturen Er det fleire fuglar på brettet når temperaturen er låg enn når det er varmare i veret? KRÅKE NØTTESKRIKE Kva likar dei å ete? Om du lagar to eller fleire brett kan du legge ulik mat på bretta. Har du eit brett kan du variere frå veke til veke med kva type mat du legg på brettet. Kjem det ulike artar når mattilbodet er ulikt på brettet? 24 612

Konkurranse I tider med lite mat kan ein ofte sjå at fuglane konkurrerer med kvarandre om maten. Dei bryskar seg og jagar kvarandre bort frå brettet. Dei største fuglane vinn ofte slike kranglar. Notér ned slike observasjonar og prøv å vurdere om nokre fugleartar ser ut til å vere dominante over andre. SVARTTROST Ta bilete av fuglane Ta bilete av fuglane på fuglebrettet. Prøv gjerne å ta bilete gjennom eit vindauge utan å skremme fuglane (hugs å slå av blitsen). LINERLE Kva artar ser du? På www.fuglevennen.no kan du finne foto og skildring av fugleartar, samt tips til aktivitetar. Bruk elles fuglebøker for å lære å kjenne igjen artane. Eller du kan laste ned ein app med bilete, lydar og fakta. Fuglar kan ha ulike fargar til ulike årstider. Ungfuglar er ofte litt forskjellige frå vaksne, og hos ein del artar er hoa og hannen ulike. 25 713

Snøfyrverkeri Du treng: Kaldare enn 10 minus Kokande vatn Ein kopp Ein vaksen person Kok opp vatn. Finn fram ein kopp med hank, som ikkje blir så varm. Ta på ytterklede og sko. Ta panna med vatnet og koppen med ut. Ha vatn opp i koppen og kast det ut i lufta. Vatnet vil fryse før det treff bakken, og fell ned som snø! 24 614

Leite etter våren Samarbeidsoppgåve Tema: Naturmangfald. Alder: Frå ca. 5 år. Tid: 1 time eller lenger. Utstyr: Plantebok. Innleiing: Dette er ei spennande oppgåve! Vi skal no finne ut kor mange vårteikn vi klarar å finne, og sjå om vi finn namna på desse. Oppgåve: Kva vi skal leite etter kjem an på kor vi er og kva tid på våren det er. Det vi kan gjere er å bestemme oss for eit område vi skal leite i. Vi kan leite i lune krokar bak ein husvegg, inntil ein stein eller i ein grøftekant. Er det snø, kan vi grave opp litt av den, og sjå om det er byrja å spire under. Er vi litt lenger frampå våren, er det kjekt å sjå kor mange ulike typar blomster vi finn. Bruk fantasien. Til slutt summerer vi opp kva vi har funne, anten vi har tatt bilete av det, eller plukka det med oss. Eller vi kan rett og slett ta oss tid undervegs til å stoppe ved kvart funn og prøve å finne ut kva det er. Det er lurt å ha med seg ei plantebok til å bestemme artane, eller eit bestemmelsesark. 25 715

Nytt skianlegg, eller...? Refleksjons- og diskusjonsoppgåve Tema: Naturmangfald. Alder: Frå 14 år og oppover. Tid: 1 time eller lenger. Utstyr: Ark med argument til dei fire gruppene (sjå side 7). Bord/stolar eller kassar å stå på. Ark og pennar eller fire små tavler og kritt. Faktaark om Naturmangfaldslova (sjå side 7 for linkar). Innleiing: Gjennom denne oppgåva skal vi diskutere og bli litt meir kjent med ein tenkt saksgang for ei sak som kan vere konfliktfylt utbygging av eit skianlegg. Målet er å få meir kunnskap og kanskje haldningar til tema som naturmangfald, naturvern, næringsutvikling og friluftsliv. Vi skal dele gruppa i fire, der éin på kvar gruppe fører ordet og resten hjelper denne med gode argument og standpunkt. Er vi mange, kan dei som vil vere publikum. Kvar gruppe får utdelt eit ark med argument i saka. To av gruppene får også utdelt faktaark om Naturmangfaldslova. Vi skal også ha ein som styrer diskusjonen og ein som presenterer oppgåva. Meir informasjon om gjennomføringa kjem undervegs. Oppgåve: Aktiviteten kan gjennomførast ute som «Speakers Corner», med nokre tomme bruskassar e.l. som den som styrer ordet frå gruppa står på. Kvar gruppe får då utdelt kvar si små kritt-tavle og kritt. Ein kan òg gjere øvinga innomhus. Då treng vi eit bord, stolar til alle, papirlappar og skrivesaker. Vi kan vere åtte deltakarar eller fleire. Deltakarane blir delt inn i fire grupper og får utdelt kvar sitt ark med standpunkt / argument (sjå dei neste sidene). Det kan også vere nyttig med faktaark for nokre av «representantane». I dette eksemplet får to av gruppene utdelt faktaark om Naturmangfaldslova som kan lastast ned frå www.fnf-nett.no. 16 6

Vi treng også ein aktiv ordstyrar, som presenter temaoppgåva og rollene. Oppgåva må tilpassast aldersgruppa. Eksempel på temaoppgåve: I ein kommune er det planar om å bygge eit nytt ski-anlegg. Men først er det ein del vurderingar som må gjerast. I eksempelet har vi fire forskjellige interessegrupper: (Del deltakarane inn i 4 grupper.) Grunneigar og entreprenør Kommune/sakshandsamar kommunalt Naturvernarar Turistnæring Før møtet startar kan kvar gruppe få to til tre minutt til å «mingle» for å komme litt i gang med tankar om temaet. Dei kan eventuelt lage seg nokre stikkord til første møtet. Kvar gruppe vel ein talsmann som set seg til bordet. Resten av gruppa set seg bak sin talsmann. All kommunikasjon i gruppa under møtet må skje med lappar eller via tavlene. Ordstyrar presenterer saka og fortel at vi må diskutere og vurdere saka opp mot naturmangfaldslova. Kommunen sine representantar og naturvernarane får utdelt faktaark om naturmangfaldslova. Møteleiar opnar møtet, set ei tidsavgrensing og styrer ordet. Dei fire talsmennene fører diskusjonen, og no er det om gjere for resten av gruppa å støtte talsmannen sin og sende fram gode argument! Vi gjennomfører diskusjonen gjennom tre møte på mellom 5 og 15 minutt: Første møtet er mellom kommunen og grunneigar/entreprenør. På neste møte er alle fire gruppene til stades. På det siste møte skal dei komme til eit kompromiss, der dei blir einige om korleis dei vil løyse utfordringa. Etter at dei tre møta er gjennomført bør alle få høve til å uttale seg om korleis dei synest det var, kva dei lærte og kva dei tenkjer om slike interessekonfliktar. Eksempel på andre tema kan vere bygging av klatrepark, snøscooterkøyring, kraftutbygging e.l. 25 717

Grunneigar og entreprenør Er interessert i å komme i gang med arbeidet så fort som mogleg. Vil gjere arbeidet så enkelt som mogeleg, utan for mykje heft og plunder. Eigar vil også gjere arbeidet så billeg som mogeleg. Entreprenør vil tene mest mogeleg på arbeidet, og gjere det når det passar han innimellom andre jobbar. Naturvernarar Vil verne om ein tursti som går gjennom løypetraseen til den nye bakken, og vil helst at denne skal bevarast så godt som mogleg, slik at den framleis kan brukast. Er opptatt av at det ikkje må bli for mykje motordur i og ved bakken. Det vil forstyrre tur-idyllen, og dyr og fuglar i området. Kjem etter kvart med opplysningar om at det finst ein ganske sjeldan fugleart, hubroen, like ved der bakken skal ligge. Dette meiner dei det må takast omsyn til. 24 6818

Turistnæringa Turistnæringa i området vil også gjerne bygge ein kafeteria i nærleiken av ski-anlegget. Dei ynskjer sjølvsagt at anlegget skal bli mest mogleg brukt, slik at dei får fleire gjestar til sine overnattingsstadar og andre tilbod i området. Kven skal syte for at det er nok parkeringsplassar i området? Dei som eig bakken, eller dei som ev. vil bygge kafeen like ved? Ynskjer også å ta vare på turstien. Kommune / sakshandsamar kommunalt Viktig at ting blir gjort rett her. Kommunen vurderer det slik at det ikkje er nødvendig med reguleringsplan, dersom inngrepa blir så skånsame som mogleg, og det ikkje syner så mykje att av bakken på sommartid. Det er viktig at utbygginga er med i ein kommunedelplan for dette området og plan for idrett og friluftsliv, slik at det er sett i ein større samanheng. Mange lover verkar inn her, og Naturmangfaldslova er gjennomgripande, det vil sei at alle andre avgjersler i forhold til lover også skal sjåast opp mot denne. 25 7919

Bygg eit bål! Samarbeidsoppgåve Tema: Friluftsliv. Alder: Frå 10 år og oppover. Ein vaksen bør vere til stades. Tid: ½ time eller lenger. Utstyr: Ved, noko som tek lett fyr, fyrstikker. Innleiing: Vi skal no lære å fyre opp ulike typar bål. Det er lurt å fyre opp bål på steingrunn, nær vatn. Då kan ein lettare ha kontroll og moglegheit for sløkking når det er naudsynt. Det er forbode å tenne opp bål i eller i nærleiken av skogsmark i perioden 15. april-15. september. Oppgåve: Eit bål kan vere til nytte for så mangt. Det kan brukast til å lage mat på. Det kan brukast til å varme seg ved, eller tørke sokkane. Eit bål er også veldig ofte med på å skape ein god, og nesten magisk stemning. Det er fint å sitte rundt eit bål og prate, synge eller spele gitar, eller berre sjå inn i flammane og nyte roen. Det finst fleire typar bål. Det mest vanlege er pyramidebålet. Vi startar då innerst med never, fliser og tørre kvistar, og legg tjukkare ved utanpå. Dette stiller vi i ei pyramideform. Vi må passe på at det kjem godt med luft inn i bålet. Vi tenner bålet nedanfrå. Andre typar bål kan vere pagodebål. Eit slikt bål lagar vi ved å legge vedkubbar lagvis i tette krysslag, med dei største nedst, og tynnare etter kvart oppover i laga. Øvst, flis og never. Vi tenner øvst, og dette vil drysse nedover og tørke veden under. Dette bålet skal 20

ryke mindre. Når vi fyller på med ved, må vi legge det inntil bålet, i firkant rundt, og la det tørke litt før vi legg på. Reflektorbål er eit vanleg bål som byggast inntil t.d. ein stein. Denne reflekterer strålevarmen mot t.d. ein liggeplass. For å lage eit slikt bål, bør ein ha løyve frå grunneigar. Bålpanne er ei stor gryte der ein kan fyre bål, og som er mindre brannfarleg sidan bålet kjem opp frå bakken. Bålpanne er ofte god å bruke når ein skal lage mat, og kan kjøpast med forskjellig utstyr, som rist, steiketakke og kjele. Ved kan vi finne ved å sanke tørre kvistar nedst på store, gamle grantre. Dei er som oftast tørre og lette å fyre med. Bjørkenever er fin å tenne med, men ta berre ytste laget, og berre litt på kvart tre. Rekved på land ved elvar og vatn, kan også vere tørre og fine. Vi må aldri forlate eit bål som ikkje er heilt sløkt. Vi må også passe på å rydde nøye opp etter oss. 21

Oppdemming av bekken Samarbeidsoppgåve Tema: Naturmangfald, motstridande interesser, friluftsliv. Alder: Frå 5 år og oppover. Ein vaksen må vere til stades. Tid: Ein time eller lenger. Utstyr: Ev. plankebitar, hyssing, småspikar, hammar, spikkekniv. Innleiing: Ein liten bekk er ein herleg leikeplass! Så lenge utetemperaturen er nokolunde, så fingrane ikkje vert blå, kan ein halde på lenge. Oppgåve: Leiken er som regel lett å setje i gong. Ta med litt lette småplank, spikar og hammar. Kanskje nokon vil byggje vassmølle? Demning er alltid spanande, og kanskje nødvendig for å få samla nok vatn til å få ordentleg fres på mølla? Elverafting med barkebåtar? Konglekyr? Ei heil seter? Her gjeld det å vere ein leikande vaksen og overføre ting du sjølv gjerne dreiv med då du var liten. 22 Refleksjonsdel: Når ein har fått på seg tørre sokkar etter leiken har ein fått ut energi og laga ein felles plattform for å diskutere kva konsekvensar endringar i naturen gir. Kva ville fisken sagt til den nye mølla? Er det andre som hadde fått kjenne på konsekvensane av oppdemminga? Om setra låg i vasskanten, kva hadde skjedd då - når vatnet steig? Kor kjem vatnet i elva frå? Og kor er det på veg? Om du brukar materiale du har teke med, så hugs å ta med byggverka og opne bekken att, så den ikkje fløymer over og endrar retning når de har gått heim. Ver gjerne fleire vaksne, slik at nokon kan kaste seg fullt og heilt inn i diskusjon og leik, mens ein heldt oversikt over gruppa: Ein skal alltid ha respekt for drukningsfare ved aktivitetar nær vatn.

Søppelkunst Samarbeidsøving eller konkurranse Tema: Miljø. Tid: 1 time eller lenger. Utstyr: Det du finn! Innleiing: Forsøpling av naturen er eit problem både fordi det er skjemmande og fordi søppelet kan innehalde stoff som er giftig for dyr eller plantar. Vi skal no lage søppelkunst, der målet er å rydde i naturen og bruke det vi finn til noko gøy. Hugs å bruke redningsvest når vi er på stranda. Oppgåve: Etter nokre gode vinterstormar dukkar det opp mykje forskjellig på strendene våre. Og langs elvebreidda kan du finne mykje rart etter høg vassføring. Lag eit søppelkunstverk av dette! Ta ein tur til fjæra, vatnet eller elvebreidda. Om det ligg mykje søppel kan du lage eit rammeverk av drivved som du spikrar søppelet fast på. Slik får du gjort søppelet om til eit kunstverk. Ta tid til refleksjon: Kva kan ein fortelje omverda med eit slikt kunstverk? Kan du ta bilete av det? Servere noko varmt å drikke og halde ei kunstutstilling? Kanskje de kan premiere det vakraste eller mest kreative kunstverket? Det er viktig at du tenkjer på din eigen tryggleik når du handterer søppel. Det kan for eksempel vere farlege kjemikalierestar i tomgods. Du kan også finne dyr som er skada eller døde. Pass at du ikkje lagar ei felle for dyr når du byggjer kunstverket Og før du går, gjer du ein avtale med deg sjølv kor lenge kunsten skal stå før du hentar det og får søppelet levert på ein avfallstasjon. 23

Lag din eigen vasskikkert Individuell eller samarbeidsoppgåve. Tema: Lage enkle verktøy for å observere naturmangfald. God tid for aktiviteten: Mai til september. Alder: Frå 5 år og oppover. Ein vaksen må vere til stades. Ha alltid på redningsvest nær vatn. Innleiing Det fins mykje spanande under vatn. Med ein vasskikkert kan du «besøke» ikkje berre ein, men mange nye verdenar: Sjø, elv, dam Og ein vasskikkert er ganske enkel å lage! Variant 1: Utsyr: Mjølkekartong, gjennomsiktig plast, boktape, tapetkniv. Tid: 20 min. Skjer ut ei kikkeluke på toppen av kartongen. Tre ein pose eller plastfolie over kartongen og tape den godt fast. 24

Variant 2: Utstyr: Bøtte/rør, plexiglas og akvariesilikon, tapetkniv. Tid: Ca. 1 time. Skjer ut ei luke i botnen av bøtta med ein tapetkniv. La det stå att nok kant til at du får limt plexiglaset godt fast med silikon. Bruk vasskikkerten til å følgje eit område over tid, eller til å studere fleire forskjellige biotopar. Kikk frå brygga, i ei elv eller i ein stilleståande dam. Kva ser du? Rompetroll? Vasskalv? Flogelarver, øyenstikkarlarve, vassplantar, småfisk, søppel? På biblioteket kan du låne oppslagsbøker for forskjellige biotopar, slik at du kan finne ut kva plantene og skapningane heiter. Kikkertane skal resirkulerast etter bruk. Hugs at mange plassar skal alt utstyr vaskast før du brukar det i neste elv. 25

Bygg eit insekthotell Individuell- eller samarbeidsoppgåve Tema: Naturmangfald og miljø. Alder: Frå 8 år og oppover. Ein vaksen bør vere med for å hjelpe og rettleie. Tid: 2 timar eller lenger for å bygge hotellet. Utstyr: Rammeverk av litt tjukke plankar (1 ½ cm eller breiare), bakplate / hønsenetting, bor, sag, hammar og spikar, skrujern og skruar. Innleiing: Insekt er viktige for planter og menneske, men kan ofte oppleve mangel på plassar å bu - spesielt i velpleidde hagar og parkar. Vil du hjelpe insekt i bustadnaud? Bygg eit insekthotell! Insekt er viktige som mat for mange fuglar og andre dyr. Flygande insekt, som bier, kveps og humler, sørgjer for bestøving av blomar, slik at du kan hauste frukt og bær. Insekt pleier også jorda og hjelper på rotningsprosessar. Dei er nødvendige for å få eit balansert økosystem, men er mange stadar utrydda eller truga. 26 Oppgåve: Ein eller fem stjerners hotell? Dette bestemmer du! Hotellet kan vere stort, med mange ulike rom, eller av meir enkel pensjonat-standard. For å bygge hotellet startar du med å finne fram det verktøyet du treng, og skjer til ei bakplate av tjukk finer eller liknande. 50 x 50 cm eller 40 X 60 cm er grei storleik for dei yngste borna. Deretter måler og

sagar du opp fire plankar, slik at dei passar til bakplata. Skru eller spikre så sideplankane saman til ei ramme og skru bakplata fast til ramma. Du kan no lage ulike rom i hotellet ved å sage til plankar som du skrur fast i ramma. Dette blir veggar og golv i hotellet. Inventaret i hotellet kan vere så mangt Dei beste materialane finn du i naturen. Fyll opp dei ulike romma i hotellet med t.d. greiner og kvistar, bark, tørrhøy, mose, små leirklumpar, murstein med hol i, trestammar som det er bora hol i, ull, strå med holrom, bambuspinnar eller andre pinnar med hol. Holromma er viktige, for det er her mange av insekta finn bustad, legg egg og søkjer ly. Til slutt kan du feste hønsenetting e.l. på framsida av hotellet, om dette trengst for å halde materialane på plass. Sett eller heng hotellet på ein lun plass i hagen, ein eigna plass i parken, på naturmøteplassen eller i friluft. Vil du lage eit større hotell kan du bygge utan bakplate eller erstatte denne med hønsenetting og bruke breiare plankar til ramme. Då kan insekta krype eller fly inn frå begge sider. Nokre hotell kan kanskje byggast naturleg på staden der dei skal stå, til dømes mellom to tre. Så er det berre å vente på at dei første gjestane skal sjekke inn! Kjelde og foto: Randers Naturcenter og Randers Regnskov. 27

Lag ei insektfelle Individuell eller samarbeidsoppgåve Tema: Naturmangfald, lære om insekt. Alder: Frå 5 år og oppover. Ein vaksen bør vere til stades for å hjelpe og rettleie. Tid: ½ time Utstyr: Eit beger (t.d. youghurtbeger på ½ l.), ein plankebit, småstein, spade. Innleiing Insekt og andre småkryp er spennande å utforske. Så kvifor ikkje gå på ei skikkeleg oppdagarferd? Då kan det vere nyttig med ei insektfelle. Oppgåve: Grav eit lite hol i bakken og sett begeret nedi. Kanten på begeret skal ligge på linje med terrenget rundt. Legg nokre småstein rundt kanten av begeret og ein plankebit over som tak. La fella stå til neste dag, og sjå om det har komme insekt i fella i løpet av natta. No kan du studere insekt og andre småkryp nærmare. Kva artar ser du? Kva rolle har insekta i naturen? Bruk gjerne ei insektbok eller last ned ein app. Hugs å sleppe insekta ut igjen i naturen heile og fine! 28

1 Kva for eit dyr har ein anna farge om sommaren enn om vinteren? A Haren B Reven C Ekorn 2 I 2009 fekk Norge ei ny lov som skal sikre at vi tek vare på naturen, anten gjennom vern eller berekraftig bruk. Kva heiter lova? A Naturvernslova B Friluftslova C Naturmangfaldslova 3 Natursti Fylkesblomsten i Sogn og Fjordane er rosa-lilla, med klokkeforma blomster, den er 50-120 m høg og den er giftig. Kva heiter den? A Revebjølle B Engkarse C Geiterams 4 Kvifor syng fuglane? og bestemmer A For å glede menneska B For å sei frå kor dei bur C For å reinse halsen Kunnskaps- og refleksjonsoppgåver. Konkurranse. Tema: Naturmangfald og miljø. Alder: Frå 8 år og oppover. Tid: ½ time eller lenger. Innleiing Ein natursti kan vere av den tradisjonelle typen, eller du kan vere meir kreativ. Målet er å lære noko nytt om emna naturmangfald og miljø. Oppgåve: Du kan lage ein natursti på ulike måtar. Du kan henge opp ark med kunnskapsspørsmål. Du kan bruke «følekassar» der ein ikkje får sjå, men prøver å kjenne med hendene kva gjenstandar som er i kassen. Du kan òg samle saman ulike plantar, insekt, konglar, blad, matvarer eller anna og utfordre deltakarane på kva artar dei høyrer til. Kor høgt er treet? Kor mange liter er i spannet? Kor tung er steinen? Spørsmåla kan vere mange! Eller kanskje deltakarane kan få konkurrere i å bygge høgst, lengst eller størst ved hjelp av tilgjengeleg materiale? Hefte og ark til natursti kan du laste ned frå: www.fnf-nett.no/10791. Mangfoldig-natur.html 29

Lag ein fugleholk Individuell eller samarbeidsoppgåve Tema: Naturmangfald, lære om artane. Alder: Frå 6 år og oppover. Ein vaksen bør vere til stades for å hjelpe og rettleie. Tid: 1 2 timar. Utstyr: Plankar, hammar, spikar, blyant, meterstokk, vinkelhake, borr av ulik storleik utifrå kva fugl ein vil ha som gjest. Beis og malekost. Innleiing: Tilgang på mat og hekkeplassar er med på å bestemme kor mange fuglar av ein art som hekkar innan eit spesielt område. Ein hekkeplass er ein plass der fuglane legg egg og rugar på dei til egga blir klekt. Dei nye ungfuglane har dette som bustad til dei er store nok til å klare seg på eiga hand. Mange fuglar brukar holrom i til dømes gamle døande tre som hekkeplass, men på stader der desse trea er fjerna kan det vere vanskeleg å finne reirplass. Resultatet blir færre fugleartar og mindre biologisk mangfald. I slike område kan ein fuglekasse, også kalla fugleholk, vere god erstatning som hekkeplass. 30