HORDALAND FYLKESKOMMUNE Økonomiavdelinga Eigedomsseksjonen Arkivsak 200809045-15 Arkivnr. 610 Saksh. Kjellevold, Svein H. Saksgang Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 09.06.2009 09.06.2009-10.06.2009 STIFTELSEN SOLHOVDEN - NY HYTTE PÅ KVAMSKOGEN SAMANDRAG Stiftelsen Solhovden er ein stiftelse som har fylgjande føremål : Stiftelsen Solhovden har som mål å eie, drive og videreutvikle feriestedet Solhovden for psykisk utviklingshemmede i Hordaland. Stiftelsen Solhovden ynskjer å byggja ei ny hytte på Kvamskogen for å betre tilbodet til brukarane. Forslaget i denne saka er at Hordaland fylkeskommune nyttar delar av salsinntektene frå salet av Christian Michelsens barnehjem på Os, i tillegg til tilskot av tippemidlar og slik finansierer ei ny hytte. Forslaget er vidare at det er fylkeskommunen som byggjer hytta og står som eigar. Salsinntekta i samband med salet av Chr. Michelsen barnehjem vart ført i kapitalrekneskapen og sett av til bunde investeringsfond i samsvar med gjeldande rekneskapsføringar. Desse midlane kan berre nyttast av fylkeskommunen sjølv og kan ikkje gjevast som tilskot. Hordaland fylkeskommune må difor sjølv bygge og eige hytta. Hytta vil verta utleigd til ein symbolsk sum. Det har vore innhenta tilbod på hytta og etter dette er total kostnadsramme 3 mill kroner.
FORSLAG TIL INNSTILLING Fylkestinget godkjenner planane for bygging av hytte på Kvamskogen. Budsjettet for 2009 vert endra slik: Stad Art Prosjekt Tekst Meirutg. Meirinnt. 10 773 300 00 02303 00 05901 Solhovden - hytte 3 000 000 10 773 300 00 08100 00 05901 Spelemidlar 400 000 10 773 300 00 09505 00 05901 Bruk av bundne investeringsfond 2 600 000 3 000 000 3 000 000 Paul M. Nilsen Johnny Stiansen 2
FYLKESRÅDMANNEN, 28.04.2009: 1. Bakgrunn Stiftelsen Solhovden vart stifta for å drive med trivselstiltak for bebuarane på Vestlandsheimen, tidlegare sentralinstitusjon for psykisk utviklingshemma i Hordaland. Bebuarane og dei pårørande skaffa i si tid midlar til kjøp av tomt, og bygde ferie- og fritidssenteret Solhovden på Kvamskogen. Eigedomen er på ca. 17 da og ligg skjerma til mellom hovudvegen og Longavatnet. Då Vestlandsheimen i byrjinga av 1990- talet vart avvikla i samband med HVPU-reforma, vart Solhovden gjort om til ei privat stifting som har fylgjande føremål: Stiftelsen Solhovden har som mål å eie, drive og videreutvikle feriestedet Solhovden for psykisk utviklingshemmede i Hordaland. Styret i stiftinga er i dag samansatt av tre styremedlemmer frå dei utviklingshemma sine organisasjonar og to styrerepresentantar frå Hordaland fylkeskommune og Bergen kommune. Stiftinga har tidlegare bygd to hytter på tomta og desse nyttast til ferie og helgeturar både sumar og vinter. Brukarane er familiar som har utvikingshemma born og ungdom, kommunale bufellesskap og kommuner og organisasjonar som organiserar helgeturar og andre tilskipingar for denne gruppa. Drifta av Stiftelsen Solhovden finansierast i dag av årlege tilskot frå Hordaland fylkeskommune og Bergen kommune, samt leigeinntekter frå brukarane. Det er mange brukarar som ikkje får tilgong til dette området grunna manglande kapasitet. I tillegg manglar det garderobe- og toalettanlegg, samt varmestove ved dei faste tilskipingane ein har gjennom heile året. Mobergslien blei i 1929 gitt i gåve til fylket frå Christian Michelsen sitt dødsbu og det vart då stifta ein barneheim som fekk navnet Chr. Michelsens barnehjem for Mobergslien for tuberkolosetruede barn. Dette gåvebrevet sette visse restriksjonar for fylkeskommunen sin råderett over eigedomen, mellom anna er det lagt til grunn at: Mobergslien skal i sin helhet kun kunne benyttes til Hjem for tuberkolosetruede barn for Hordaland fylke. Skulle forholdene med hensyn til tuberkolosens utbredelse etc. utvikle sig derhen, at hjemmet for turberkolosetruede barn blir overflødigt, skal Hordaland fylke ha ret til at anvende Mobergslien i andre beslægtede øiemed for eksempel Guttehjem eller lignende eller - efter derom at ha indhentet Regjeringens samtykke - at sælge eiendommen mot at kjøpesummen anvendes til andre beslægtede øiemed for Hordaland fylke. I desember 2005 søkte Hordaland fylkeskommune Lotteri- og stiftelsestilsynet om å få nytta salssummen til bygningsmessige tiltak på vidaregåande skular i fylket. Dette er tiltak som spesifikt har til føremål å skape betre tilgjenge for funksjonshemma elevar (Universell utforming). 3
I brev av 17.01.2006 opplyser Stiftelsestilsynet at dei har treft slikt vedtak: Søknad frå Hordaland fylkeskommune om løyve til å selje eigedomen Mobergslien i Os kommune, gnr. 50 bnr. 24 og 36, vert godkjend. Kjøpesummen skal nyttast til å finansiera bygningstiltak på vidaregåande skular i fylket, med sikte på å gjere desse meir tilgjengelig for funksjonshemma. Stiftelsestilsynet grunnar sitt vedtak på bakgrunn av 46 i stiftelseslova, som krev at omdanning av restriksjonane i gåvebrevet berre kan godkjennast når minst eit av vilkåra i stiftelseslova er oppfylt: Omdanning kan foretas når en bestemmelse i vedtektene eller den rettslige disposisjonen som danner grunnlaget for stiftelsen a) ikke lar seg etterleve, for eksempel fordi stiftelsens kapital er utilstrekkelig til å tilgodese dens formål på en rimelig måte, b) er åpenbart unyttig, c) er i strid med hensikten i den disposisjonen som danner grunnlaget for stiftelsen, for eksempel fordi oppretterens forutsetninger for bestemmelsen har sviktet, eller d) er åpenbart uheldig eller åpenbart ufornuftig. Dersom bestemmelsen ikke gjelder formålet med stiftelsen, og det ellers må antas at det ved opprettelsen ikke er lagt vesentlig vekt på den, kan omdanning skje når bestemmelsen viser seg å være uheldig eller uhensiktsmessig. Stiftelsestilsynet finn at sidan drift av barneheim ikkje er eit fylkeskommunalt ansvar, vil eit sal kunne godkjennast med heimel i 46 første ledd, bokstav c. Stiftelsestilsynet finn også at det å finansiera bygningstiltak på vidaregåande skular i fylket, med sikte på å gjere desse meir tilgjengelig for funksjonshemma, ligg innanfor rammene av det kjøpesummen kan nyttast til. På denne bakgrunn vil Hordaland fylkeskommune også kunne nytta delar av salsinntekta frå Christian Michelsen barnehjem til å bygge ei hytte til bruk for psykisk utviklingshemma, jfr. stiftelsen sitt formål.. Dette vil vera heilt i samsvar med intensjonane i gåvebrevet. Salsinntekta i samband med salet av Chr. Michelsen barnehjem vart ført i kapitalrekneskapen og satt av til bunde investeringsfond i samsvar med gjeldande rekneskapsføringar. Desse midlane kan berre nyttast av fylkeskommunen sjølv og kan ikkje gjevast som tilskot. Hordaland fylkeskommune må difor sjølv bygge og eige hytta. Hytta vil verta utleigd til ein symbolsk sum til stiftelsen Solhovden. Det vart innhenta tilbod på hytta hausten 2006 og kun to tilbydarar leverte inn tilbod. Lågaste tilbod var godt over budsjett og prosjektet vart av den grunn ikkje sett i gong. Våren 2009 vart det pånytt innhenta tilbod på hytta og denne gongen leverte 7 firma tilbod og lågaste tilbod låg innanfor kalkyle. 2. Prosjektet Stiftelsen Solhovden ynskjer å vidareutvikle hytteområdet ved å byggje ei ny hytte, samt å leggja betre til rette for aktivitetar på og ved Longavannet. 4
Stiftinga har fått utarbeidd teikningar på ei ny hytte. Den nye hytta vil sørge for større sengekapasitet til enkeltbrukarar og grupper, og i tillegg ivareta trongen for garderobe-, toalettanlegg og varmestove som krevjast ved gjennomføring av dei faste tilskipingane på Solhovden. Hytta har eit BRA på ca.170 m2. I underetasjen skal det byggjast varmestove, dusjanlegg og toalett, og dette skal brukast ved diverse friluftslivstilskipingar for grupper med funksjonshemming. 1. etg. innehld stove, kjøkken, 2 stk. soverom, bad /WC og vindfang. I tillegg skal det innreiast hems på ca. 18 m2 og med plass til to soveplassar. 3. Kostnad Etter tilbodsinnhenting i mars 2009 får vi ei total kostnadsramme på 3 mill kroner, 0,4 mill kroner lågare enn kostnadsramma etter tilbodsinnhenting i 2006. 4. Finansiering Prosjektet finansierast slik: Bruk av fond etter sal av Christian Michelsen barnehjem Kr. 2.600.000.- Tippemidlar til garderobeanlegg underetg. ca. 400.000.- SUM Kr. 3.000.000.- Storleiken på tippemidlane er ikkje endeleg avklart på noverande tidspunkt, men beløpet kr. 400.000.- er eit beløp ein med stor sikkerhet vil få. 5. Framtidig drift Fylkeskommunen vil få mva-kompensasjon etter gjeldande reglar for bygging av hytta, ettersom formålet er bruk innan sosialomsorga og ikkje eit velferdstiltak for tilsette. Vilkåret er at fylkeskommunen er eigar og står for drifta i minst 10 år. Fylkesrådmannen vil visa til at ein alt gjev eit tilskot til drift av stiftelsen Solhovden. Fylkesrådmannen legg til grunn at driftskostnadene med hytta vert relativt små. Fylkesrådmannen vil koma attende til driftskostnadene i budsjettsamanheng. 5