REFERAT FRÅ LØNNSPOLITISK DRØFTINGSMØTE HOTELL ALEXANDRA, MOLDE



Like dokumenter
REFERAT FRÅ LØNNSPOLITISK DRØFTINGSMØTE HOTELL ALEXANDRA, MOLDE

REFERAT FRÅ LØNNSPOLITISK DRØFTINGSMØTE MØTEROM 700, FYLKESHUSET, MOLDE

LØNNSPOLITISK DRØFTINGSMØTE

LØNNSPOLITISK DRØFTINGSMØTE

REFERAT FRÅ LØNNSPOLITISK DRØFTINGSMØTE ST. CAROLUS, MOLDE

LØNNSPOLITISK DRØFTINGSMØTE

LØNNSPOLITISK DRØFTINGSMØTE

Lønnspolitisk drøftingsmøte Tariff 2011

MØTEINNKALLING. Vi ber om at forfall vert meldt til servicekontoret/utvalssekretær på telefon

Vedteke i kommunestyret som sak 74/16.

LØNNSPOLITISK DRØFTINGSMØTE

LØNNSPOLITISK DRØFTINGSMØTE

Lønspolitisk plan. Suldal kommune. Vedteke i kommunestyret Rullert i partsamansett utval

Møre og Romsdal fylkeskommune regional utviklar og ein tydeleg medspelar til samfunnsutviklinga i Møre og Romsdal

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

MØTEPROTOKOLL. Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Odd Arne Folkestad Medlem FRP Sirikit Vågen Medlem Utdanningsforbundet

Møtereferat frå HSAMU

Oppfølging handlingsplan - Koordinerande einingar, individuell plan og koordinator

Leiarutviklingsprogram for Møre og Romsdal fylkeskommune

LØNNSPOLITISK DRØFTINGSMØTE

Fagforbundet mener innleiekontrakten, som vi viser til fra 2010 fra Adecco, er både uklar m.h.t arbeidsområde og avlønning.

STYRESAK. DATO: SAKSHANDSAMAR: Ivar Eriksen SAKA GJELD: Regional utviklingsplan for Helse Vest RHF ARKIVSAK: 2018/661 STYRESAK: 132/18

Korleis kan du i din jobb utvikle deg til å bli ein tydleg medspelar?

Det er ein føresetnad for tilbakemelding av resultata til verksemda at personvern og anonymitet er sikra.

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Vestnes kommune MIDT I BLINKEN. Arbeidsgjevarpolitikk Arbeidsgjevarstrategi mot 2023

SENIORPOLITISK PLAN MAI 2016

Evaluering av lønnsforhandlingane etter HTA kap. 3 og 5 i Oppfølging av protokolltilførsel vedk. kriterium for leiarlønnsvurdering

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Lønspolitisk plan

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET MØTEBOK

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Fagdag om rusmiddelførebygging og rusoppfølging 26. november 2014

Revidering av lønnspolitisk plan - referat fra drøftingsmøte med Hovedsammenslutningene

Norddal kommune Personalpolitiske retningsliner

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE , vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, for

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI

Lønnsundersøkinga for 2014

Kommunen sin lønspolitikk må vere konkurransedyktig, og ta omsyn til den arbeidsmarknaden og dei behov kommunen til ei kvar tid har.

Side 2 av 8 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/12 12/107 Faste saker 002/12 12/69 Revisjon av lønspolitisk

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune Vedteke av kommunestyret

Møre og Romsdal fylke som regional utviklingsaktør - "Arbeidsgivarpolitikk for framtida"

Lønspolitisk plan for Radøy kommune Revidert 1/5 2014

HEMSEDAL KOMMUNE ARBEIDSGJEVAR STRATEGI

Lønspolitisk plan. Masfjorden kommune. Vedteken av formannskapet 23. oktober 2012

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

VERKSEMDSBASERT VURDERING OG OPPFØLGING AV DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Administrasjonsutvalet Møtestad Gloppen heradshus Dato Tid Kl. 08:30-09:40

Innkalling av Administrasjonsutvalet

Fagforbundet ønsker på OD-møte 9.mars å få en orientering om bruk av bemanningsbyråer i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Lønspolitisk plan

Midt-Hedmark brann- og redningsvesen IKS LØNNSPOLITISK PLAN

Tilbakemelding til forvaltningsrevisjonsrapporten "Norsk digital læringsarena (NDLA)"

Fagfornyelsen - andre runde innspill til kjernelementer i skolefagene

Tilbakemelding og tiltaksplan fra Engen sykehjem etter tilsyn fylkesmannen 8. og 9. mars 2012.

HØYRINGSUTTALE - RAPPORT FRÅ ARBEIDSGRUPPE MED FRAMLEGG OM ENDRINGAR I OPPLÆRINGSLOVA NÅR DET GJELD FAG- OG YRKESOPPLÆRINGA

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

SAMANSLAING HORNINDAL OG VOLDA KOMMUNE

Søknadene er vurdert opp mot føringar vedtatt i HSAMU sak 6/14 i møte 25.februar 2014.

HANDLINGSPLAN FOR NORDBYGDO UNGDOMSSKULE

«Tid til faglighet» Loen oktober Anita Holm Cirotzki og Marion Svarstad

AGP - vegen vidare. Medarbeidarskap og tydeleg kultur for læring og utvikling

Generelle retningsliner for konflikthandtering i Flora kommune

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Strategi Forord

VANYLVEN KOMMUNE Rådmannen. Saksnr Løpenr/Arkiv Dykkar ref. Avd/Saksansvarleg Dato 2012/ /2015 / 002 RÅD / SANGUD

Framlegg til samarbeidsavtale og reviderte vedtekter for Vestlandsrådet

BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSSKULEN OG SFO

Til Medlemmene i Skolelederforbundet, Møre og Romsdal. Lokale forhandlingar hausten 2012

2 av 11 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 011/12 12/685 Faste saker 012/12 12/628 Lønstillegg til uorganisert

Leiarsamtale utvikling og oppfølging

Kommunikasjonsplan Fylkesplan , regional plan for Møre og Romsdal

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Hovudavtalen Modul Djupare inn i avtaleverket

Dato: Fredag 25. februar :52 Emne: Sak til OD-møtet 9.mars Notat til organisasjonane. Sak til OD-møtet 9.mars 2011

Tilbakemelding og tiltaksplan fra Engen sykehjem etter tilsyn fylkesmannen 8. og 9. mars 2012.

Elev- og lærlingombod i HFK

Innovasjonsmetoden vår

Godt samspel. Vidare prosess etter at arbeidsgruppa har fullført sitt arbeid:

ARBEIDSREGLEMENT FOR BJØRNAFJORDEN KYRKJELEGE FELLESRÅD

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Gry Susanne Hetlelid Arkiv: 034 Arkivsaksnr.: 18/1533-1

MØTEPROTOKOLL. Forfall Parti Møtande varamedlemmer Parti Anne-Grete Gjerdevik Ap Ingen

Lønnsforhandlingar for tilsette i HTA kap. 3, 4 og økonomisk ramme, lokale prosessar, lønnsoversikt og verktøy

Møtet blei halde som fjernmøte over telefon / som fjernmøte med videooverføring / i retten sine lokale.

Selje kommune. Møtebok. Utval: Administrasjonsutvalet Møtestad: Kommunehuset 3. etasje Dato: Tid: Kl. 09:00-10:45

Leiing i skolen. Oppgåver kan delegerast, men ikkje ansvar ARTIKKEL SIST ENDRET: Leiing er å ta ansvar for at

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

DETTE ER VIKTIG FOR OSS. For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. MIDSUND ARBEIDERPARTI

I forkant av møtet, og etter avslutning av møtet, vart det gjennomført opplæring i bruk av ipad.

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane. Skuleåret 2019/20

Retningsliner for lokalt gitt munnleg eksamen og munnleg-praktisk eksamen i Møre og Romsdal fylkeskommune

LOKAL (OVERORDNET) LØNNSPOLITIKK FOR POLITI- OG LENSMANNSETATEN. MELLOM LO Stat, Unio OG YS Stat OG POLITIDIREKTORATET

HOVUDPRIORITERINGAR PETROLEUMSTILSYNET

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET MØTEBOK

Møtet blei halde som fjernmøte over telefon / som fjernmøte med videooverføring / i retten sine lokale.

ORGANISERING AV SEKTOR FOR SAMFUNNSUTVIKLING

Rutine for varsling av kritikkverdige forhold i Seljord kommune.

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Transkript:

REFERAT FRÅ LØNNSPOLITISK DRØFTINGSMØTE 09.05.11 HOTELL ALEXANDRA, MOLDE Til stades: Arbeidstakarorganisasjonar UNIO Utdanningsforbundet Utdanningsforbundet Utdanningsforbundet Bibliotekarforbundet Ole Bjørn Helberg Einar Skjegstad Gunnar Rutle Vidar Kursetgjerde AKADEMIKERNE Norsk tannlegeforening Naturviterne Norsk Lektorlag AFAG LO Fagforbundet MFO YS Parat Lærernes Yrkesforbund Norsk Skolelederforbund Delta NITO Hege Myklebust Vartdal Arve Slettvåg Dagfinn Paus Anders Smith-Øvland Viggo Jordal Magnhild Tafjord Laila Aas Dyrøy Martinus V. Sæther Oddgeir Overå Finn Marstrander Frode Balseth Arbeidsgivar Personalsjef Fylkesutdanningssjef Konsulent Adm.nestleiar/kontorsjef Lønningssleiar Seniorrågivar Rådgiver Dag Lervik, Per Hoem, Berit Dahl Morten Larsen Gunnar Malme Martin Hauge Iver Kåre Mjelve Referentar: Martin Hauge og Dag Lervik Møtet tok til kl. 10:00 og vart avslutta kl. 14:30. Møtet vart leia av personalsjef Dag Lervik. Hovudtema 1. Tariffoppgjeret per 01.05.2011 2. Presentasjon av tallmateriale for lønnsutvikling 3. Evaluering av lønnsforhandlingane etter HTA kap. 3 og 5 i 2010 4. Oppfølging av protokolltilførsel vedk. kriterium for leiarlønnsvurdering 5. Framdriftsplan for lokale forhandlingar etter HTA kap. 3 og 5 per. 01.05.2011 6. Evaluering av lokale forhandlingar etter HTA kap. 4 i 2010 Arbeidsgivars lysark-presentasjon, som vart nytta i samband med gjennomgang av og innleiing til ulike deltema i møtet, vart utsendt per e-post til møtedeltakarane 11.05.2011.

1. Tariffoppgjeret per 01.05.2011 Personalsjefen orienterte om hovudpunkta i oppgjeret. Samla utgjer tariff-tillegga ei årslønnsvekstramme på om lag 4,26 % i 2011. Med dette resultatet har kommunesektoren fått ei lønnsutvikling dei siste to åra som er om lag den same som i staten. Under presentasjon av oppfølgingspunkter i tariffoppgjeret 2011 om oppfølging av verktyet Trusler og vold på arbeidsplassen arbeidsbok og veileder, kom det merknad frå Utdanningsforbundet om at dette ikkje er eigna for skolesektoren. Personalsjefen viste her til ny HMS-retningsline 11 om kriseberedskap i skolen, samt verkty som ligg i personalomsorg og det pågåande arbeidet med HMSsystemhandbok i høve elevane sitt arbeidsmiljø. Vi har også hatt enkeltsaker i den seinare tid som har aktualisert temaet hos oss der m.a. fylkeshovudverneombodet er involvert i dialog med personalseksjonen og fylkesutdanningssjefen. 2. Presentasjon av talmateriale for lønnsutvikling Dei lysarka som viser lønsutviklinga i lønsmassen er basert på dei som har vore tilsette på alle tre målepunkta (30.4.2010, 1.8.2010 og 1.1.2011). Dermed er utvalet basert på 1600 av dei 2200 tilsette i kap 4. Dette er gjort for å vise den faktiske lønnsutviklinga for dei som har vore lønnsmottokarar i heile perioden. Endringar i lønnsmassen som følgje av turnover og andre utanforliggande faktorar går då ikkje fram av dette. I dei lysarka som viser lønsauken i kap 3 og 5 basert på lønsmassen, er auken rekna frå 30.4.2010 1.1.2011. Utdanningsforbundet meiner at tala for lønsutvikling for skoleleiarar i kap 3 inneber at vi må løfte denne gruppa monaleg meir enn det som blei antyda under 2010-forhandlingane. Personalsjefen presiserte at vi tidlegare har lagt til grunn 12 månaders periode frå 1.5 til 30.4 for kap 3 og 5 forhandlingane. Legg vi tidlegare praksis til grunn (utan at det er nokon lovnad) om at ramma i kap. 3 og 5 skal spegle oppgjeret i kap. 4, kan ramma for dei føreståande forhandlingane i kap. 3 og 5 bli på vel 4%. 3. Evaluering av lønnsforhandlingane etter HTA kap. 3 og 5 i 2010 Under gjennomgangen av kriteria som har vore lagt til grunn for lønsvurdering vart det stilt spørsmål både om kriteria er eigna og korleis dei er anvendt. Vekting av kriteria i høve kvarandre vart m.a. reist som ei problemstilling. Her vart drøftingane dels ført på tvers av kapittelinndelinga. Gjeldande lønnspolitiske kriterium for kap. 3 og 5 er: 1. Endringar i ansvar og oppgåver 2. Endringar i kompetanse 3. Innsats og resultat 4. Den tilsette sin marknadsverdi i relasjon til rekrutteringssituasjonen 5. Likelønsutfordringar 6. Lønnsendring som verkemiddel for å motivere til fortsett yrkesaktivitet Leiarlønn skal vurderast i forhold til kriterium 1-6 + personalleiing og økonomistyring For utdanningsforbundet er det særleg kriterium nr. 3 som er vanskeleg. Utdanningsforbundet ønskjer meir objektive kriterium og gav uttrykk for at dei ønskjer ein revisjon av lønspolitisk plan. Det er også ønskjeleg å forenkle planen for å gjere den mindre omfattande. Arbeidsgivar presiserte at kvalitet på arbeidet er ein del av vurderingsgrunnlaget for lønnsdanning. I kap. 3 og 5 blir heile lønnsutviklinga fastsett lokalt. Resultat- og måloppnåing, kvalitet og profesjonalisering står sentralt i våre nye arbeidsgivarpolitikk (AGP) og det er viktig at lønnspolitikken vår også understøttar dette.

Fagforbundet var opptatt av at tilsette må forstå korleis lønna blir fastsett og at dei får informasjon om korleis dei kan vere med å påverke eiga lønnsutvikling gjennom dialog med arbeidsgivar. Fagforbundet meiner også det er viktig å få fram informasjon om korleis kriteria blir vekta i høve kvarandre. Det siste poenget var også Lektorlaget opptatt av og stilte spørsmål om det kunne takast ut oversikt over kva kriterium som var lagt til grunn for ulike lokale tillegg. Personalsjefen opplyste at både lønnspolitisk plan og gjeldande tariffavtale gjev grunnlag for at ein når som helst kan be om lønnssamtale. Gjennom AGP-satsinga står dialogen mellom leiar og medarbeidar sentralt. Medarbeidar-/utviklingssamtalar skal nyttast til å klargjere forventningar og krav, evaluere praksis og måloppnåing, og for å finne fram til utviklingstiltak som skal fremme kvalitet og økt måloppnåing. Personalsjefen poengterte likevel at lønna blir fastsett som eit resultat av forhandlingar mellom partane og ikkje blir fastsett av leiarane sjølv om deira innstillingar står sentralt i forhold til det arbeidsgivar tek med seg inn i forhandlingane. Slik arbeidsgivar ser det vil det nesten vere umogleg å få til det mange kallar heilt objektive kriterium. Kriteria er objektive i den forstand at dei utgjer ei felles referanse. Det vil likevel alltid vere innslag av skjønn og vurdering. Vårt leiarskap skal vere tufta på eit resultat-, kvalitet- og utviklingsfokus, og dette må skje i nært samspel mellom leiinga og deira kompetente medarbeidarar. Kvalitetsevaluering inngår som ein sentral del i dette. Også arbeidsgivar ser at vurdering av innsats og resultat er vanskeleg, og at det kan diskuterast kor viktig lokale lønnstillegg er som ein drivar for motivasjon. Det er nettopp derfor at dette kriteriet også er nedtona og dels erstatta i det nye kriteriesettet for undervisningspersonale som kom i 2008. Her er prosesskvalitet tillagt større vekt enn resultatvurdering. Kriteriet resultat og innsats er endra til kvalitet, ansvar og kompetanse. Meiransvar, kompetanse og medverknad i høve til prioriterte oppgåver i høve lokal kvalitetsplan er løfta fram. Personalsjefen understreka at dette kriteriesettet var omforeint og har kome i stand etter eit omfattande og partsamansett utviklingsarbeid. Utdanningsforbundet meiner vidare at kriterium nr. 4 og 6 også er noko problematiske. Dei forstår arbeidsgivar sine behov for å ha med desse kriteria, men ønskjer ikkje å bruke midlar frå potten i kap. 4 til kriterium nr. 3, 4 og 6. Arbeidsgivar meiner at vi må bruke lønsmidlar for å løyse spesielle utfordringar sjølv om lønn på ingen måte er heile svaret på utfordringane. Viser i denne samanhengen til dei dels store rekrutteringsutfordringane vi har eller vil stå overfor i løpet av kort tid m.a. pga alderssamansettinga i arbeidsstokken vår. Den interne vektinga mellom kriteria som fleire av organisasjonane var opptatt vil difor etter arbeidsgivar sitt syn ikkje kunne vere heilt lik då ein vil stå overfor ulike behov og utfordringar på kvar enkelt arbeidsplass der lønn skal vere eit av fleire tiltak i den lokale virkemiddelbruken. At alle rekrutterings- og seniorlønnspolitiske tiltak skal skje gjennom lønnsgliding vil vere ein uansvarleg lønnspolitikk sett frå arbeidsgivar sin ståstad. Arbeidsgivar minte også om at vi dei siste åra har gjennomført mange særskilte lønnsforhandlingar for å møte slike utfordringar. AFAG meiner at å utarbeide og bruke virksomhetsplanar som ledd i resultatvurdering kan vere eit alternativ som representerer vurdering etter meir objektive kriterium. MFO ønskjer å behalde pkt 3, det er viktig å spisse innsats og resultat i høve til m.a. arbeidsplan. Kriteria må kunne nyttast til å løfte dyktige medarbeidarar både individuelt og gruppevis. Norsk tannlegeforening og Parat meiner dei har gode erfaringar frå forhandlingane og ønskjer at lønnspolitikken skal vidareførast slik den er eller vidareutviklast med basis i gjeldande lønnspolitiske plattform. Oppsummering: Drøftingane relatert til det lønnspolitiske kriteriesettet og lønnspolitisk plan viste at det er relativt ulik lønnspolitisk tenking og ideologisk ståstad i høve bruk av lønn som virkemiddel, ikkje minst når dette fører til lønnsdifferensiering mellom tilsette. Tilnærminga og ønskje om revidering av lønnspolitisk plan var forskjellig mellom organisasjonane og særleg mellom Utdanningsforbundet og arbeidsgivar. For kap. 3 og 5 ser ikkje organisasjonane med unntak av Utdanningsforbundet og Fagforbundet, behov for vesentleg revisjon av lønspolitisk plan og kriteriesettet slik det ligg føre i dag utover nødvendig oppdatering. Utdanningsforbundet ser det som viktig at lønspolitikk og kriteriesett er harmonisert mellom kap. 3, 4 og 5. Forbundet ønskjer å fordele ein flat prosentsats (generelt tillegg) på kap 3 og 5 ved dei føreståandeforhandlingane i mellomoppgjeret for 2011. NTF og Parat kommenterte at dette var heilt uaktuelt for deira medlemsgrupper.

Når det gjeld opplegg for gjennomføring, framdrift, bruk av verkty m.v. meinte partane at erfaringane er relativt gode og at dette kan vidareførast inn mot dei føreståande forhandlingane, jf. pkt. 4 og 5 nedanfor. Føringar og opplegg for forhandlingane i kap. 3 og 5 hausten 2011 blir tatt igjen i neste lønnspolitiske drøftingsmøte som er planfesta til 30.08.11. 4. Oppfølging av protokolltilførsel vedk. kriterium for leiarlønnsvurdering I samband med forhandlingane i kap. 3 hausten 2010 vart nedfelt slik felles protokolltilførsel: Som grunnlag for forhandlingsresultatet pr. 01.05.2010 legg partane til grunn at det skal førast lokale forhandlingar etter HTA kap. 3 med verknad frå 01.05.2011, og at datolønsveksten for skoleleiarane i perioden 01.05.2011 til 30.04.2012 vil vere på minimum 2,5%. Arbeidsgivarpolitikken til fylkeskommunen set kvalitet på tenestene og profesjonalisering av oppgåveløysinga i sentrum. Dette vil stille store krav til kvalitetsplanlegging og -styring, resultatvurdering og -oppfølging. Partane er samde om å sette i gang utviklingsprosessar der leiarutvikling, leiarevaluering og kriteriesett for leiarlønsvurdering blir sett i samanheng. Partane sin intensjon er at nytt lønspolitisk kriteriesett for leiarlønsvurdering skal kunne leggast til grunn i samband med lokale forhandlingar seinast i samband med hovudtariffoppgjeret 2012. Forventningane til leiarane kjem fram m.a. i medarbeidar- og utviklingssamtalen. Etter forslag frå personalsjefen er partane samde om at det blir etablert ei arbeidsgruppe som har så mandat å utarbeide forslag til kriteriesett for lønsvurdering av skoleleiarar. Gruppa blir samansett slik: ein frå Utdanningsforbundet ein frå Skolelederforbundet to frå arbeidsgjevar. Organisasjonane skal gje tilbakemelding til personalseksjonen før ferien om kven som er utpeikt som representant til arbeidsgruppa før ferien (01.07.2011). Frist for dette arbeidet: innan 20 april 2012. Lønspolitisk plan skal oppdaterast slik at gjeldande AGP og evt andre endringar blir innarbeidd i planen saman med det nye kriterisettet. 5. Framdriftsplan for lokale forhandlingar etter HTA kap. 3 og 5 per. 01.05.2011 Framdriftsplan går fram av eige vedlegg med desse viktigaste milepælane: 30.08. Lønspolitisk drøftingsmøte kap. 3 og 5 20.09. Frist for organisasjonane å fremje krav. 22.09 Leiarane blir gjort kjent med krava 27.09 Frist for oversending av arbeidsramme/prioritering frå driftseiningane 04.10 Oversending av tilbod til organisasjonane 11.10 Forhandlingar kap. 5 17.10 Forhandlingar kap. 3 Lønspolitisk plan blir gjennomgått for ei tidsmessig oppdatering. Arbeidsgruppe blir nedsett for kap. 3, jf. pkt. 4 ovanfor. Merknad om endring etter møtet: Dato forhandlingane i kap. 3 er flytta frå 13.10. til 17.10.11.

6. Evaluering av lokale forhandlingar etter HTA kap. 4 i 2010 Viser her også til det som er sagt under pkt. 3 om revidering av lønnspolitisk plan. Under presentasjonen av lønspolitiske kriterium for kap. 4 kommenterte utdanningsforbundet at ein ser problem knyta til at det er store rom for tolkingar. Utdanningsforbundet ønskjer presiseringar slik at partane tolkar dette likt på alle nivå. Ein ser det som eit problem at ein ikkje er i stand til å svare på alle spørsmål som blir reist. Forbundet føler at dei er i utakt med medlemmene, og kjem til å ta opp dette med ATV i kurs- og opplæringssamanheng. Personalsjefen oppfattar at ein relativt stor del av problematikken rundt dette er relatert til at ein i prinsippet er usamd i at det skal vere lokale forhandlingar. Arbeidsgivarsida ser at vi må jobbe med politiske tilnærmingar som ikkje nødvendigivs alle på grasrota er samd i. Forhandlingsinstituttet er eit felt som er sterkt prega av kompromiss. Utdanningsforbundet har reagert på at det i ein presentasjon for Sunndal vgs på felles skolering for leiarar og tillitsvalte 7. september i fjor vart lagt vekt på individet si utmerking framfor kollektivet si utmerking. Ein ser vidare at det er viktig og relevant å ha felles forståing av omgrep og kriterium. Det er viktig med felles referatmal og lik bruk av verktøya. Ein må unngå trynetillegg og ha ein prosess ein kan få tillit til. Utdanningsforbundet er vidare opptatt av at vi skal ha eit lønssystem som blir oppfatta som rettferdig. Dei viser m.a. til Bård Kuvaas si forsking om indre og ytre motivasjonsfaktorar der den indre motivasjonen er den klart viktigaste. Vidare at kollektiv resultatvurdering er langt meir rettferdig og gir positiv effekt på den humane kapitalen. Utdanningssjefen meiner at ulike tradisjonar og kulturar definerer ulikt kva som er rettferdig. Omgrepet rettferdighet er vanskeleg å få til som objektive kriterie. Fylkesutdanningssjefen stilte også spørsmål ved korleis FHTV sel inn avlønning av tilsette som gjer ein ekstra innsats/tek på seg ekstra oppgåver og ansvar? Dette bør la seg godt kunne grunngjevast i ein lønnspolitisk samanheng. Personalsjefen kommenterte i denne samanheng at det synes å vere langt enklare å få aksept for funksjonstillegg som er relatert til ekstra ansvar enn om dette skal skje som individuelle eller gruppevise tillegg som ein del av årslønna. Dette sjølv om grunngjevinga for tillegga likevel kan vere mykje av den same. Personalsjefen viste igjen til at kriteriet kvalitet, kompetanse og ansvar i kriteriesettet for undervisningspersonale, jf. pkt. 3 ovanfor. Personalsjefen meiner det er ei utfordring at bestillinga frå dei sentrale partane på fylkesnivå ikkje blir lest godt nok eller forstått og kanskje heller ikkje blir følgt lojalt av alle. Partane hadde omforeinte kriterium og føringar som grunnlag for forhandlingane i 2010. Dette vart følgt opp i gjennom ei felles skolering den 7. september. Likevel såg vi eksempel på at enkelte skolar laga sine eigne lokale kriterium eller at det var vanskeleg å sjå om og korleis det fastsette kriteriesettet vart brukt. Personalsjefen sitt inntrykk er likevel at mange skolar køyrte gode lokale prosessar inn mot forhandlingane i fjor, og at det har vore ei positiv utvikling sidan 2006 og fram til i dag. Dette mykje pga av det felles utviklingsarbeidet som vart gjort framføre forhandlingane i 2008 der vi fekk på plass eit nytt kriteriesett for undervisningspersonale. Forhandlingsklimaet mellom partane både lokalt og på fylkesnivå har også vore langt betre som følgje av dette. Norsk Lektorlag presiserte at ulike ideologiar og tilnærmingar gjer det vanskeleg å utarbeide objektive kriteriesett. Det blir uansett vanskeleg å bli einig når det er slik, og det er kanskje heller ikkje realistisk å ha det som mål. Arbeidsgivar understreka det felles ansvaret vi har både som leiarar og tillitsvalte til å jobbe med implementering av politikken som blir utvikla. På bakgrunn av særs vanskelege forhandlingar og dårleg klima i 2006 vart det fram mot 2008-forhandlingane lagt ned betydeleg ressursar gjennom lønnspolitiske verkstader og drøftingar for å utvikle og tilpasse lønnspolitikken for undervisningspersonale. Dersom vi skal skape endring, utvikling og aksept på lengre sikt er vi avhengig av å jobbe proaktivt med kultur og haldningar i organisasjonen. Arbeidsgivar er skeptisk på bakgrunn av dei drøftingane som er ført i dette møtet, jf. også pkt. 3 ovanfor, at ein ny totalrevisjon av lønnspolitisk plan vil føre oss fram til nye og omforeinte kriterium. Arbeidsgivar sitt inntrykk er at Utdanningsforbundet ønskjer å reversere det som vart utvikla i 2008 medan arbeidsgivar meiner heller det skal brukast meir tid på implementering og skolering på det som er utvikla for å sikre gode prosessar på skolenivå. Gjeldande kriteriesett er forankra opp mot fylkeskommunen sitt arbeid med

AGP og skolesektorens eigen kvalitetsplan, og er derfor viktig å få vidareført-/utvikla med basis i same plattform. Oppsummering: 1. Arbeidsgivar vil sette i gang eit arbeid med å rullere/oppdatere lønspolitisk plan slik at det kan ferdigstillast eit høyrings/drøftingsutkast til lønspolitisk drøftingsmøte våren 2012. Vi er open for at kriteriesettet for undervisningspersonell kan justerast og tydeliggjerast, men at dette må skje med basis i det kriterisettet som vart utvikla i 2008. Innspel til dette tek vi i same prosess. 2. Utdanningsforbundet forstår det slik at arbeidsgivar avviser reforhandling av lønnspolitisk plan. Utdanningsforbundet må ta dette tilbake til medlemar og styre. Personalsjefen svarte, som det går fram av pkt. 1, at det ikkje er ønskjeleg med ein revisjon av lønnspolitisk plan der vi går bort frå gjeldande lønnspolitiske plattform. Presiserer i denne samanheng at lønnsdanning- og utvikling for tilsette i kap. 4 i all hovudsak skjer sentralt og den lokale lønnspolitikken må understøtte det som er lokale utviklingsmål- og behov. Utdanningsforbundet vil skolere sine tillitsvalte i høve lokale forhandlingar. 3. Dei andre organisasjonane hadde ikkje merknader til arbeidsgivar sitt forslag slik det går fram av punkt 1 ovanfor.