REGULERINGSFØRESEGNER TILKNYTTA DETALJREGULERINGSPLAN FOR DIGERNESET NÆRINGSPARK SKODJE KOMMUNE FØRESEGNENE TIL DETALJREGULERINGSPLANEN ER I STOR GRAD BASERT PÅ, OG ER BYGD OPP IFT., DEI FØRESEGNENE SOM BLEI GITT VED MINDRE VESENTLIG REGULERINGSENDRING AV 30.05.2008 Innhald: 1 Generelt s.2 2 Felles føresegner s.2 3 Bygningar og anlegg s.4 4 Samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur s.6 5 Grøntstruktur s.6 6 Hensynssoner s.6-1 -
1. Generelt 1.1 Desse føresegnene gjeld for området innanfor reguleringsgrensa på plankartet. Utbygging av området skal skje i samsvar med plankartet og føresegnene. 1.2 Føresegnene kjem i tillegg til det som vert bestemt i plan- og bygningslova med forskrifter, samt vedtekter til plan- og bygningslova vedtekne av kommunestyret i Skodje. 1.3 Etter at desse føresegnene er vedtekne, er det i planområdet ikkje tillate å inngå privatrettslege avtalar i strid med reguleringsføresegnene. 1.4 Området er regulert til følgjande formål: Nr 1. Bygningar og anlegg - Forretningar (1150) - Nærings bygningar (1300) - Kombinert byggje- og anleggsformål forretningar/nærings bygningar (1150/1300) - Vass- og avløpsanlegg (1540) Nr 2. Samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur - Veg o_v (2010) - Gang- og sykkelveg (2015) - Annen veggrunn teknisk anlegg (grøft, skjering, fylling) (2018) Nr 3. Grøntstruktur - Friområde o_f (3040) Hensynssoner - Frisikt (sikringssone) 2. Felles føresegner 2.1 Byggjegrenser Byggjegrenser mot offentlege vegar er vist på plankartet. Der byggjegrenser ikkje er vist, gjeld reglane i veglova og i plan- og bygningslova 29.4 om avstand frå veg, annan bygning og eigedomsgrense. 2.2 Utnyttingsgrad og byggjehøgde Grad av utnytting er ført på plankartet. Utnyttingsgraden for kvar tomt kan vere større enn maksimal utnyttingsgrad angitt i plankartet, dog skal total utnyttingsgrad for kvart felt ikkje vere større enn maksimal utnyttingsgrad for feltet som heilheit. I tillegg til dette, må også krav til byggjehøgde og parkeringsdekning (ikkje medtatt i utnyttingsgrada) vere innfridd. Tillaten tomteutnytting vert oppgjeve som bebygd areal i prosent av tomtearealet, BYA. Bebygd areal er definert i teknisk forskrift (TEK). 2.3 Parkeringsplassar Kvar utbyggar skal på eigen grunn tilrettelegge eit tilstrekkeleg tal parkeringsplassar. Alle parkeringsplassar skal vere opparbeidde innan det tilsvarande byggjearealet vert teke i bruk. Kravet til parkeringsplassar er fastsett i desse føresegnene: - 2 -
Forretning: min 1 p-plass per 100 m2 Kombinert byggje- og anleggsformål forretning/næring: min 1 p-plass per 150m2 2.4 Reklametiltak Utforming og oppsetting av reklameskilt skal vere i samsvar med dei til ei kvar tid gjeldande kommunale vedtekter. Reklameskilt, transparentar, flaggstenger og andre reklameinnretningar må ikkje oppsettast før løyve frå kommunen ligg føre. Det skal leggast spesiell vekt på ei god estetisk utforming og ein avdempa farge bruk. 2.5 Byggjemelding/byggjesøknad Kommunen skal ved handsaming av byggjemeldingar/søknader sjå til at bygningane får god form, og at bygg i same gruppe får ei harmonisk utforming. Kommunen kan krevje teikningar som viser tilpassing av nytt bygg i forhold til omkringliggande bygningar. Utvendige fargar, inkludert takfarge og materialbruk, som klednings- og tekkingsmaterialar, skal godkjennast av kommunen. Takform skal tilpassast omkringliggande bygningar. Kommunen skal også sjå til at nybygg har arkitektoniske kvalitetar som speglar si eiga tid. I samband med byggjemelding/søknad skal det leggast fram teikningar for uteareal med køyreareal, gangareal, parkering, grøntanlegg, belysning, gatemøblering m.m. for godkjenning. Utomhusplanen skal samsvare med planane på nabotomta. Dette har som føremål å samle grøntareal og beplanting på ein måte som forsterkar tilliggande grøntareal eller verke som skilje mellom tilliggande areal. Det skal ikkje gjevast ferdigattest for nye bygningar før uteareal er ferdig opparbeidd i samsvar med godkjende planar. På uteareala skal det ikkje vere større asfalterte areal enn det tiltakshavarar kan påvise er nødvendig, og anna ubrukt areal skal opparbeidast som grøntareal. 2.6 Gjerde og hekkar Oppsetting av gjerde og hekkar mot offentlege køyrevegar og gangvegar skal meldast til kommunen. Kommunen kan krevje at gjerde og hekkar mot offentleg veg vert plassert i tilstrekkeleg avstand frå vegkant til at dei ikkje hindrar snørydding. 2.7 Bevaring, tilstelling og vedlikehald av bygningar og landskap/terreng Bygningar, gjerde og andre konstruksjonar/anlegg skal haldast i slik stand at dei ikkje er til fare og at innretninga ikkje verkar skjemmande i seg sjølv eller i høve til omgjevnadane. Likeeins skal ubebygde areal, også ubebygd del av tomt, haldast ryddige og i ordentleg stand. Manglande oppfylging av pålegg etter denne føresegn kan straffast med bøter. 2.8 Avfall Bygningar skal i hovudsak ha eige rom for handtering av avfall. Kommunen kan godkjenne at verksemder som krev at avfall må lagrast ute, på grunn av plasshensyn eller andre bygningsmessige hensyn, gjer dette på ein ryddig måte i lukka containerar. Plan for avfallshandtering skal følgje byggesaka. 2.9 Vegtrafikkstøy T-1442 sier at det ikkje er naudsynt med berekninga i tillegg til det som inkluderast i detaljplanlegginga av bygningar med formål som angjeven under byggeområda. Miljøverndepartementets retningslinje for behandling av støy i arealplanlegging (Rundskriv T- 1442) leggast til grunn for gjennomføringa av reguleringsplan. Når type industri ligg føre for område N1 bør det vurderast om friområde og eksisterande støyutsette bygningar( iht T-1442) i og utanfor planområdet skal støyutredast for eventuelle støytiltak iht grenseverdiane i T-1442 og PBL standard NS8175. - 3 -
2.10 Støyvoll I sør skal det opparbeidast ein voll som skjermar for støy mot naboane og hindrar at lys frå utbyggingsområda gir blendingseffekt ut mot vegane. Vollen skal primært opparbeidast innanfor byggeområda. 3. Bygningar og anlegg Innanfor områda F1, F/N1 og F/N2 kan totalt 9000 kvm BRA ekskl. parkeringsareal nyttast til ikkje-plasskrevjande varer. 3.1 Forretningar områda F1 Areal innanfor F1, som ikkje nyttast til ikkje-plasskrevjande varer, skal nyttast til plasskrevjande varer. Plasskrevjande varer er bilar og andre motorkøyrety, fritidsbåtar, landbruksmaskinar, trelast og andre større byggevarer, trær og plantar i hagesenter, iht. definisjon i Fylkesdelplan for senterstruktur 2004-2008. Kontorfunksjonar tilknytte dei ulike verksemdene er tillate. Tomt 4 i plankartet kan delast opp i mindre tomter utan krav til detaljplan. Kommunen skal sjå til at delingane vert fornuftige ut frå ein total bruk av nemnte tomter. Byggehøgda skal ikkje overskrive 12,0 meter. Tomter som utnyttast til ikkje-plasskrevjande varer skal ha maks BYA = 50%. Tomter som utnyttast til plasskrevjande handel skal ha maks BYA = 40%. Bygningar skal vere fullverdige og permanente, og ikkje ha preg av mellombelse løysingar som brakker, plasthallar og liknande. Utelagring av materialar, salsvarer og liknande skal helst ikkje førekome, og i alle høve gjerast på ein ryddig og tiltalande måte. 3.2 Nærings bygningar områda N1 Områda skal nyttast til bygningar for næring. Innanfor næring er det høve til å drive lette industriverksemder som ikkje medfører støy eller andre forureiningsproblem. På området er det også høve til å føre opp bygningar med reine lagerfunksjonar og reine logistikkfunksjonar som eksempelvis transportverksemd og lagerverksemd i samband med transport. Kontorfunksjonar tilknytte dei ulike verksemdene er tillate. Tomt 16 i plankartet kan delast opp i mindre tomter utan krav til detaljplan. Kommunen skal sjå til at delingane vert fornuftige ut frå ein total bruk av nemnte tomt. På området skal ikkje byggehøgda overstige 12,0 meter. Samstundes kan mindre deler av bygningane ha byggehøgde på inntil 16,0 meter. Tomtene skal ha maks utnyttelse på BYA = 40%. - 4 -
Det er høve til å bygge garasjeanlegg som omfattar verksemder som driv med service og verkstadtenester for bilar, lastebilar, bussar o.l. Bygningar skal vere fullverdige og permanente, og ikkje ha preg av mellombelse løysingar som brakker, plasthallar og liknande. Utelagring av materialar, salsvarer og liknande skal helst ikkje førekome, og i alle høve gjerast på ein ryddig og tiltalande måte. 3.3 Kombinert byggje- og anleggsformål forretningar/nærings bygningar - F/N1 og F/N2 Områda kan nyttast til bygningar for forretningar og til bygningar for næring. Konsekvensutgreiinga som følgde detaljreguleringa med stadfesting 15.04.2013 legg opp til at 50% av totalt areal i F/N1 og F/N2 kan nyttast til bygningar for forretningar. Dersom marknadssituasjonen, og utviklinga av området elles, tilsei at området kan utviklast med meir forretning enn oppgitt i KU, kan kommunen tillate at ein større andel vert nytta til forretning. Plasskrevjande varer er bilar og andre motorkøyrety, fritidsbåtar, landbruksmaskinar, trelast og andre større byggevarer, trær og plantar i hagesenter, iht. definisjon i Fylkesdelplan for senterstruktur 2004-2008. Innanfor næringsdelen av området er det høve til å drive lette industriverksemder som ikkje medfører støy eller andre forureiningsproblem. På området er det også høve til å føre opp bygningar med reine lagerfunksjonar og reine logistikkfunksjonar som eksempelvis transportverksemd og lagerverksemd i samband med transport. Bygningar med reine kontorfunksjonar er tillate. På området skal ikkje byggehøgda overstige 12,0 meter. Tomter som utnyttast til ikkjeplasskrevjande varer skal ha maks BYA = 50%. Tomter som utnyttast til plasskrevjande handel og næring skal ha maks BYA = 40%. Det er høve til å bygge garasjeanlegg som omfattar verksemder som driv med service og verkstadtenester for bilar, lastebilar, bussar o.l. Bygningar skal vere fullverdige og permanente, og ikkje ha preg av mellombelse løysingar som brakker, plasthallar og liknande. Utelagring av materialar, salsvarer og liknande skal helst ikkje førekome, og i alle høve gjerast på ein ryddig og tiltalande måte. 3.4 Vass- og avløpsanlegg - VA2 Området avsettast til pumpehus avløp og vannbasseng og det kan tillatast oppført installasjonar og anlegg tilknytte formålet. Vidare kan det innanfor området oppførast trafo. - 5 -
4. Samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur 4.1 Vegar Areala er avsett til offentlege køyrevegar. 4.2 Gang- og sykkelveg Areala er avsett til offentleg gangareal. Gangveg skal ferdigstillast samtidig som tilliggande veg. 4.3 Annen veggrunn teknisk anlegg (grøft, skjering, fylling) Dette formålet omfattar areal som naturleg høyrer til vegen, som grøft, skjering, fylling. Slike areal skal opparbeidast og tilsåast, evt. beplantast. Ferdigstillinga skal skje samtidig som veganlegget. 5. Grøntstruktur 5.1 Friområde, offentlig - o_f Området skal i hovudsak ligge som eit grønt naturelement. Enkle tiltak som bygging av sti og oppsetjing enkle bygg som fremjar området sitt føremål som friområde kan tillatast etter plan godkjend av kommunen. Bygg skal ikkje ha gesimshøgde over 3.0 meter eller ha større grunnflate enn 50 kvm. Linjeføringa til evt. sti skal i størst mogeleg grad tilpassast terrenget. Det er ikkje høve til å gjennomføre tiltak eller oppføring av bygg som er til hinder for bruken av området som friområde. 6. Hensynssoner 6.1 Frisikt(sikringssone) I området mellom frisiktline og køyreveg (frisiktsona) skal det vere fri sikt i ei høgd på 0,5 meter over nivået til dei tilstøytande vegane. Kommunen kan krevje sikthindrande vegetasjon og gjenstandar fjerna. Høgstamma tre, trafikkskilt og lysmaster kan plasserast i frisiktsona. Ålesund 04.03.2015 For proess AS Sindre Øen - 6 -