MARKNADSPLAN FOR VISITSUNNHORDLAND 2013



Like dokumenter
Sykkelturisme i framtida røynsler frå Sunnhordland v. Gro Røhne Andersen

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke

Vandring og reisemålsutvikling Døme frå Nordfjord Jens Chr. Skrede

Vandreprosjektet 2013

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Brukarrettleiing E-post lesar

Utviklingsforumet for Ålesund Lufthavn, Vigra - søknad om tilskot i samband med etablering av direkte flyrute mellom Amsterdam og Ålesund.

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

Til deg som bur i fosterheim år

Salg av Fjord Pass kortet har hatt en uvanlig høy vekst i 2013 med en salgsøkning på 17,42 %.

Salg av Fjord Pass kortet har hatt en uvanlig høy vekst i 2013 med en salgsøkning på 17,42 %.

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Nytt HFK Intranett

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Vandreprosjektet 2015

Marknadsplan 2011 Destinasjon Voss Godkjent av Reiselivsrådet okt 2010

Syklistvelkommen destinasjon Sunnhordland

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

Prosjektplan. - Forlenging av Nordsjøruta frå Bergen til Leirvåg

Informasjon og brukarrettleiing

TRAINEE I SOGN OG FJORDANE

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

Brukarrettleiing. epolitiker

Eit felles nyskapande løft på eit tradisjonsrikt felt. Ved prosjektleiar Jan Morten Wiland Nesse Hotell Norge

Statusrapportering for reiselivsnæringa i Møre og Romsdal - heile 2016

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Referat frå MINTA møte

Informasjonshefte Tuv barnehage

Jan Helgøy, Ordførar i Vanylven kommune

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Turstiar i Kvinnherad

Danmark. Eventyrveien / Eventyrkortet Evaluering av Eventyrveien og Huldra prosjekt 2010

STRATEGISK PLAN FOR SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND IKS

Evaluering av Innovasjon Norges vandreprosjekt 2012

Internevaluering Destinasjon Voss/ Voss Reiselivsråd. Framlegg frå arbeidsgruppa

Tiltaksforum. - Etablerartilskot

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

Sandeid skule SFO Årsplan

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

ehandel og lokalt næringsliv

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Statusrapportering for reiselivsnæringa i Møre og Romsdal - heile 2015

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Prosjektplan. - Skilting Haugastøl - Bergen. Hovudprosjekt: Sykkelturisme i Hordaland. Delprosjekt: Felles informasjon Trykt og web

BÅTRUTER PÅ SOGNEFJORDEN FRÅ 2010

Lotteri- og stiftingstilsynet

DESTINASJONSUTVIKLING

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

EXPO 2010 OG SAMARBEIDSRELASJONAR MED KINA

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Søknadsnr Søknadsår 2015 Arkivsak Tilskot til nærings- og samfunnsutvikling 2015 Framtidsfylket karrieremesser 2016

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Vandrekonferansen på Lillehammer 21. oktober Hvordan ser IN på muligheten for en satsing på vandring?

PROSJEKT TURISTTAVLER HORDALAND

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Bruk av reiserekning i Agresso

Lønnsundersøkinga for 2014

Natur- og kulturbasert næringsutvikling. rundt Den Grøne Sløyfa

Prosjektplan rundtur Sognefjorden og Dalsfjorden i et nøtteskall

Ein tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass

FAGSKOLETILBOD PÅ STORD - FJERNUNDERVISNING INNAN MASKINTEKNIKK OG ELKRAFT

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Status og utfordringar. Orientering til heradsstyret Tysdag 16. juni Rådmannen

Forslag frå fylkesrådmannen

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

MEETINGS INCENTIVE CONVENTIONS EVENTS - HORDALAND

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

H A N D L I N G S P L A N for biblioteket i Høgskulen i Sogn og Fjordane

Etablerarkurs Sogn og Fjordane Fylkeskommune

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

Personalportalen. Brukarmanual for medarbeidarar i Hordaland fylkeskommune. Til innhaldsregister

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Reiselivsorganisering i Sogn. Folkevalddag, Quality Hotel Sogndal,

Virksomhetsplan for år 2016 BESØKSSENTER FOLGEFONNA NASJONALPARK

Møteprotokoll for møte i

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Region Stavanger BA Destinasjonsselskap for Stavanger, Sandnes og Jæren

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Markedsplan Ferie & Fritid 2011

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Rådgjevarkonferanse 2009

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

REISELIVSSSTRATEGI FOR SUNNHORDLAND. kortversjon

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2012

Rettleiing aktivering av fritekstleverandørar i ehandel

Stemnehandboka for NKSF

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Informasjon til pasientar og pårørande

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Transkript:

MARKNADSPLAN FOR VISITSUNNHORDLAND 2013 1

Marknadsplan for Sunnhordland 2013 Marknadsplanen for Sunnhordland 2013 byggjer på dei strategiske føringar som er gitt i Reiselivsplan for Sunnhordland 2010 2015. Visjonen til Sunnhordland er: "Sunnhordland skal vera den mest føretrekte regionen for tematiserte aktivitetar i Fjord Noreg". Med utgangspunkt i dette blir marknadsaktivitetane valt år for år. Eksterne forhold og samarbeidspartnarar i marknadsarbeidet Mange av marknadsaktivitetane som gjennomførast er i samarbeid med Innovasjon Norge, Fjord Norge, Hordaland Fylkeskommune og dei andre destinasjonane i fylket. For å nå ut i dei store marknadene tilbyr samarbeidspartnarane oss å vera med på marknadskampanjar og andre marknadstilbod. Innovasjon Norge marknadsføring IN skal koordinera og samla næringa til hovudsakeleg internasjonal marknadsføring av Noreg. IN gjer og nokre tiltak på den norske marknaden. Fjord Norge Landsdelsselskap som primært driv med internasjonal marknadsføring av dei fire vestlandsfylka. Samarbeidsrådet er aksjonær i Fjord Norge. Fjord Norge deltek i fleire av IN sine tiltak. Hordaland fylkeskommune og dei andre destinasjonane i fylket HFK kanaliserar midlar til felles Hordalandssamarbeid på marknadsføring. Dette har blitt brukt på blant anna felles deltaking i IN sin Norgeskampanje og eigne Hordaland magasin Marknad/segment Val av marknader/segment skal vera i tråd med Innovasjon Norge og Fjord Norge sine langsiktige satsingar. Samarbeidsrådet for Sunnhordland skal i første rekke jobbe mot ferie- og fritidsmarknaden. Fylgjande land er prioritert: Noreg, Storbritannia, Tyskland og Nederland. Samarbeidsrådet for Sunnhordland skal jobbe mot segment og marknader som me finn i Fjord Norge sine prioriteringar. 2

Innhold 1. INTERNETT OG BOOKING... 4 1.1 Internett... 4 1.2 Biletbase på internett... 4 1.3 Online booking... 5 1.4 E-katalog av Sunnhordlandguide 2013 på www.visitnorway.com... 5 2. PUBLIKASJONAR OG BROSJYRAR... 5 2.1 Produktmanual Sunnhordland 2013... 5 2.2 Sykkelturar i Sunnhordland... 6 2.3 Profileringsmateriell... 6 2.4 Sunnhordlandsguide 2014... 6 3. MESSER / WORKSHOPS / PRESSE... 6 3.1 Outdoor messe i Stuttgart... 6 3.2 NTW... 7 3.3 Presse/operatørbesøk... 7 3.4 Workshop med frontlinjepersonell i Bergen... 7 3.5 Workshop Hamburg... 8 3.6 Workshop i København... 8 3.7 Monter og skjerm Bergen Turistinformasjon og Hordalandsskranken... 8 4. ANNONSE OG KAMPANJAR... 9 4.1 Fjord Norge reiseguide 2014... 9 4.2 Produktmanual, Fjord Norge 2013-2015... 9 4.3 Bergensguiden 2014... 9 4.4 Rundturguide for Bergen og fjordane m/kart 2014... 9 4.5 Annonse på www.visitbergen.com... 10 4.6 Norgeskampanjen med Innovasjon Norge... 10 4.7 Internasjonalt vandreprosjekt, Innovasjon Norge 2013... 10 4.8 Internasjonalt sykkelprosjekt, Innovasjon Norge 2013... 11 4.9 Søkemotorannonsering, Google Adwords... 11 4.10 Søkemotorannonsering, Kvasir... 11 3

1. INTERNETT OG BOOKING 1.1 Internett Samarbeidsrådet for Sunnhordland har ansvar for å utvikle og drifte www.visitsunnhordland.no som er Sunnhordland sin offisielle reiselivsportal. Srs har med internettportalen www.visitsunnhordland.no som målsetjing å gje turistar informasjon om flest mogleg små og store næringsaktørar i Sunnhordland (kommersielle og ikkje kommersielle produkt). Dei kommersielle aktørane kan kjøpe seg presentasjon. Vår database (Tellus) er felles med Fjord Norge og Innovasjon Norge (visitnorway) og oppdatering av Sunnhordland sine produkt vert styrt gjennom Samarbeidsrådet. I 2009 fekk Sunnhordland og ny publiseringsplattform gjennom å inngå samarbeid med FjordNett. No er heile vestlandet samla gjennom same løysing. Løysinga krev ein kontinuerleg oppdatering, både av produktinformasjon i Tellus basen, samt andre produktnyhende. Frå 1. januar 2011 til og med 1.desember 2011 har det vore 54 920 vitjande på heimesida. Det er ein nedgang på 11 %, og grunnen til dette er nok at me ikkje har nytta oss av google AdWords kampanjen denne i akkurat denne perioden. Me er med på den kampanjen igjen, og dette vil gjera visitsunnhordland mykje meir synleg på nett når folk gjer internettsøk. Frå 1.januar 2012 til og med 1.desember 2012 har det vore 79.100 vitjande på heimesida. Ein ser altså tydeleg resultat av deltakinga i google AdWords kampanjen. Det er viktig å jobbe med å utvikle og oppdatere nettportalen framover for å oppretthalde interessa og gjera Sunnhordland som reisemål enda meir kjent blant både nasjonale og internasjonale turistar. Visitsunnhordland har og eiga Facebook og Twitterside kor oppdatering og utlegging av nyhender skjer kontinuerleg heile året. Målgruppe: Nasjonalt og internasjonalt. Individuelle, turoperatørar, reisebyrå mv., som planlegg å reise til Sunnhordland eller som er allereie her. Kostnad: 133.000,- årleg drift (Tellus Destinator og Fjordnettløysinga) 1.2 Biletbase på internett Visualisering av regionen i form av gode bilete er ei viktig oppgåve. Bilete er heilt avgjerande for å kunne kommunisere ferieopplevingar. Samarbeidsrådet har dei siste åra bygd opp eit biletarkiv beståande av over 500 bilete, der me har bruksrettighetar til ikkje-kommersiell bruk ved marknadsføring av Sunnhordland. Desse bileta legg me i fotoarkivet me har via www.visitsunnhordland.no som er knytt opp til Fjord Norge sitt arkiv og vert nytta av turoperatørar, media, verksemder, kommunar og reiselivsaktørar i Sunnhordland mv. i inn- og utland. Fotoarkivet vart oppdatert og fekk ein ny og meir brukarvenleg layout i 2012. Målgruppe: Turoperatørar, reisebransje, media, verksemder og kommunar i Sunnhordland. Kostnad: 18.000,- drift/programvare. 4

1.3 Online booking Stadig fleire kundar føretrekker å bestilla direkte på nettet. Heile Hordaland og Fjord Norge har no slutta seg til same administrasjons- og bookingsystem. Systemet er lagt til rette for små og store reiselivsaktørar. Bookingportalen under www.visitsunnhordland.no har som hovudmål å leggja til rette for at flest mogleg av reiselivsaktørane i Sunnhordland skal gjerast bookbare på Internett. Dette fordi besøkjande på www.visitsunnhordland.no skal få eit så komplett bilete av tilboda i Sunnhordland som mogleg. Samstundes skal bookingportalen opna for nye distribusjonskanalar. Systemet legg til rette for booking på www.fjordnorge.com og www.visitnorway.com. Srs har ansvar for kvalitetssikring, opplæring og support for tilbydarane. I 2012 var 7 tilbydarar bookbare i portalen. Tal på bookingar i 2012 er 531. Det var ein total omsetnad i bookingportalen i 2012 på kr. 1 038 090, i 2011 låg denne på kr. 865 290. Me vil i 2013 fortsetja arbeidet med å få fleire verksemder bookbare i portalen. Kostnad: 110.000,- 1.4 E-katalog av Sunnhordlandguide 2013 på www.visitnorway.com Dette går i hovudsak ut på å distribuera Sunnhordlandsguiden til forbrukarar i utlandet via Visitnorway.com. Me distribuerer våre tre språk fordelt på dei fem marknadane Sverige, Danmark, Tyskland, Storbritannia og Nederland. Per 30.desember 2011 var tal på unike lesarar av e-katalogen på norsk 851, på engelsk 744 og på tysk 468. Per 31.desember 2012 var tal på unike lesarar av e-katalogen på norsk 831, på engelsk 598 og på tysk 1 408. Kostnad:13.000,- 2. PUBLIKASJONAR OG BROSJYRAR 2.1 Produktmanual Sunnhordland 2013 Produktmanualen er eit verktøy for bransjen, og distribuerast utelukkande til turoperatørar og reisebransje nasjonalt og internasjonalt. Produktmanualen er på mange måtar ein utvida Sunnhordlandsguide med skildring av alle tilbod, inklusiv oppdaterte nettoprisar på hotell mv. Produktmanualen vert produsert på engelsk. Det vert gjort oppdateringar, endringar og skifting av bileta i denne brosjyren kvart år, dette er noko me gjer sjølv, med litt hjelp av reklamebyrå. I 2012 vart det trykket opp eit større opplag enn åra før då me deltok på fleire messer og workshops enn tidlegare år. Målgruppe: Turoperatørar og incoming-operatørar. Tidspunkt: Ferdig i slutten av mars 2013 Kostnad: 10.000,- 5

2.2 Sykkelturar i Sunnhordland Samarbeidsrådet for Sunnhordland har gjennom prosjektet Sykkelturisme i Sunnhordland utarbeida ein brosjyre med oversikt over sykkelturar i Sunnhordland. Det er dei regionale rutene som har vore presentert. I tillegg har det vore oversikt over syklistvelkommen verksemder, sykkelutleige og pakketurar. Denne har behov for å oppdaterast og utvidast med meir informasjon og fleire sykkelruter. Me vil gjera den så informativ og brukarvenleg som mogleg. I 2012 vart sykkelbrosjyren berre trykka på norsk då me ikkje hadde sykkelruter i alle kommunane. I 2013 ynskjer me å få samla alle kommunane i brosjyren og å få trykka den på både norsk og engelsk. Det vil då vera to språk i ein brosjyre, og me ynskjer å trykke den opp for to år om gongen. Målgruppe: Turoperatørar og individuelle. Tidspunkt: Mars/april 2013 Kostnad: 60.000,- 2.3 Profileringsmateriell I 2012 vart det kjøpt og teke mange bilete frå Sunnhordland med fokus på folk i aktivitet i tillegg til det vakre naturlandskapet. Det er framleis behov for nye bilete, og i 2013 vil me i samarbeid med kommunane ta bilete sjølve og kjøpe bilete av fotograf ved behov. Fokuset for 2013 er framleis å få gode bilete med fokus på å fremja aktivitetar og opplevingar knyta opp mot temasatsingane til Sunnhordland. Kostnad: 15.000,- 2.4 Sunnhordlandsguide 2014 Den offisielle guiden for Sunnhordland er hovudbrosjyren som vert gitt ut av Srs. Guiden inneheld nyttig informasjon om bl.a. attraksjonar, aktivitetar, arrangement, overnatting, servering og transport. Vert distribuert i Sunnhordland, naboregionar, innfartsårer, på fergjer, snøggbåtterminalar, Turistinformasjonen i Bergen, messer/workshops, utsendingar, e-katalog på visitnorway osb. Den vert laga på tre språk i ca. 65.000 eks. i 2013, der 22.000 er norske, 23.000 engelske og 20.000 tyske. For 2014 vil det vurderast ei auke om det er naudsynt. Målgrupper: Individuelle turistar, grupper og andre besøkande som planlegg å reise til Sunnhordland, er på veg til eller er allereie i Sunnhordland. Turoperatørar og reisebyrå som planlegg gruppe-, buss-, møter og andre reiser til Sunnhordland. Tidspunkt: Ferdig trykt medio januar 2014 Kostnad: 300.000,- 3. MESSER / WORKSHOPS / PRESSE 3.1 Outdoor messe i Stuttgart Messa heiter Fahrrad- & ErlebnisReisen mit Wandern og avhaldast i sørtyske Stuttgart. Denne messa er retta mot tematurisme og spesielt vandring og sykkelferie som er eit 6

sterkt aukande segment i Tyskland. Denne messa køyrast parallelt med CMT som er Tysklands største reiselivsmesse med over 200 000 vitjande. Dette gir moglegheit til å nå eit stort publikum i ein kjøpesterk region. Både vandring og sykling er to av våre fem satsingsområder på aktiviteter i Sunnhordland, derfor kan det vera lønsamt å delta på denne messa. I Kvinnherad er det gjennomført eit turstiprosjekt kor det er blitt laga eit oversiktlig kart over 69 vandreturar. Samarbeidsrådet for Sunnhordland har i 2011 og 2012 leia prosjektet Vandring i Hordaland. Det vart tilrettelagt og skilta turstiar i heile Hordaland, og i november 2012 vart eit eige vandrekart for Hordaland trykka. Det er og jobba med å opparbeide sykkelruter i Sunnhordland, som det er laga ein sykkelbrosjyre for. Me vil delta med ein person på messa i 2013. Målgruppe: Turistar som søker vandring og sykkelferie Tidspunkt: 12-13. januar 2013 Kostnad: 7.000,- 3.2 NTW Norwegian Travel Workshop, Røros. Dette er den viktigaste salsarenaen me er med på, kor det vert lagt til rette for møter mellom norske reiselivsaktørar og utanlandske turoperatørar frå heile verda. Samarbeidsrådet står saman med resten av Fjord Noreg regionen. Srs vil delta med 1 person i 2013. Målgruppe: Utanlandske turoperatørar og norske incoming operatørar. Tidspunkt: 8.-11. april 2013 Kostnad: 1 person 20.000,- 3.3 Presse/operatørbesøk Det er ynskjeleg å få til ein eller fleire visningsturar i samband med visningsturar via Fjord Norge eller andre samarbeidspartnare. Dette er eit satsingsområde som er sers viktig for å at Sunnhordland skal bli kjent blant utanlandske turoperatørar, slik at dei igjen kan anbefala turistar å reise til Sunnhordland. Me har eit samarbeid med både Fjord Norge og Innovasjon Norge om at de kan anbefale vår region til turoperatørar. I 2012 har det vore to visningsturar i Sunnhordland som me har fått gjennom deltaking i vandreprosjektet til Innovasjon Norge. Målgruppe: Turoperatørar, incoming - operatørar, individuell reisande og grupper. 2013 Kostnad: 15.000,- 3.4 Workshop med frontlinjepersonell i Bergen Bergen Reiselivslag arrangerer kvart år i mai ein informasjonskveld for å oppdatera frontpersonell i overnattingsbedrifter, trafikkterminalar, attraksjonar, turistinformasjonar, etc. før sesongstart. Arrangementet samlar fleire hundre deltakarar kvart år. Dette er viktig for å vite at rett informasjon og viktig informasjon om regionen Sunnhordland når ut til turistane. Dette er ein effektiv og grei måte å nå mange på kort 7

tid. Som i fjor vil Samarbeidsrådet delta på dette igjen i 2013, da vi ser nytten av å gjera Sunnhordland sine reiselivsprodukt kjent for dei som skal selje reiselivsopplevingar til turistar i Bergen og omegn. Målgruppe: Frontlinjepersonell i Bergen. Tidspunkt: April/mai 2013 Kostnad: 5.000,- 3.5 Workshop Hamburg Tyskland er eit av dei største marknadene me har her i Sunnhordland. Me har mange fisketuristar, men me ynskjer å nå ein større og meir nyansert marknad frå Tyskland. Dette er og ein workshop som ikkje er så altfor stor, så her får ein god kontakt med turoperatørane, og knyter enklare kontaktar. I 2012 var det fleire turoperatørar som ynskja informasjon om verksemder i Sunnhordland, og ein turoperatør reiste for å møte aktørar her. Målgruppe: Turoperatørar Sted: Tyskland, 23. mai 2013 Kostnad: 5.000,- (1 pers.) 3.6 Workshop i København Dette er ein eindags workshop i Danmark kor ein treff incoming turoperatørar. Det er ein forholdsvis liten workshop, men på den måten får ein god kontakt med operatørane. Operatørane sel Noregsreiser til turister frå heile verda. Målgruppe: Incoming turoperatørar Sted: Danmark, Ultimo September 2013 Kostnad: Ca. 8.000,- (1 pers.) 3.7 Monter og skjerm Bergen Turistinformasjon og Hordalandsskranken I april 2012 flytta Bergen Turistinformasjon inn i nye lokale i Mathallen på Fisketorget i Bergen. Her er det ein Hordalandskranke kor Sunnhordlandregionen vert godt profilert og anbefalt av turistvertar som står i skranken. Visitsunnhordland har i tillegg fått ein ny utstillingsmonter for Sunnhordlandsregionen der det heng ein skjerm som syner passande dags- og fleirdagsutflukter frå Bergen til Sunnhordland. Frå tidlegare år har Frescohallen(det gamle lokalet til Bergen Turistinformasjon) hatt om lag 500 000 vitjande og er sett på som heile fylkets turistinformasjon. Ein stor del av dei vitjande er utanlandske. For Sunnhordland er det sers viktig å koma i inngrep med turistar som er komen til Hordaland. Me gjorde i 2012 ein treårig avtale på monterplass og drift av skjermvisning då me ser nytten av å vera godt synlege i Bergen Turistinformasjon. Målgruppe: Individuelle turistar som er på besøk i Bergen. Kostnad: 40.000,- 8

4. ANNONSE OG KAMPANJAR 4.1 Fjord Norge reiseguide 2014 Fjord Noreg sin reiseguide 2013 vart laga i 350.000 eksemplar på 9 språk. Reiseguiden fungerer som planleggingsverktøy for turistar både før og under reisa. Det er ein godt innarbeida brosjyre og vart utgitt for 19. gong i år. Fjord Norge er ein av dei mest kjende destinasjonane i Norge hos den utanlandske turisten, Sunnhordland er ein del av Fjord Norge, og derfor er det viktig at me er synlege i denne katalogen. Samarbeidsrådet vil kjøpe seg inn med ein annonse i 2014. Målgruppe: Individuelle turistar Tidspunkt: Materiellfrist medio august 2013, utgjevnad januar 2014 Kostnad: 52.000,- (1/2 side). 4.2 Produktmanual, Fjord Norge 2013-2015 Fjord Norges produktmanual er godt kjent blant turoperatørar og reisebransjen nasjonalt og internasjonalt. Annonse i produktmanualen sikrar at informasjon om Sunnhordland som eit reisemål vert distribuert på fagmesser, workshops og gjennom 800 årlige sals samtalar med turoperatørar. Ei spørjeundersøking gjort i Sunnhordland syner at dei fleste som kjem til vår region nyttar seg av turoperatørar og reisebyrå når dei søkjer informasjon om Sunnhordland. Dette er difor ein svært viktig marknadskanal for Sunnhordland. Målgruppe: Turoperatørar og incoming operatørar Tidspunkt: Gjeld 2013-2015 Kostnad: 25.000,- (1/2 side) 4.3 Bergensguiden 2014 Bergen Guide er hovudbrosjyren for Bergen. Den vert laga i 630 000 eksemplar på 4 språk (Norsk, engelsk, tysk og spansk). Meir enn halvparten av opplaget vert distribuert utanfor Bergen (30 % utanlands), som stadfestar verdien av Bergen Guide som eit salsverktøy. Me vil i 2014 gå inn med ½ sides annonse i Bergensguiden. Målgruppe: Norske og utanlandske turistar som er i Bergen Tidspunkt: Materiellfrist haust 2013, utgjevnad januar 2014 Kostnad: 40.000,- 4.4 Rundturguide for Bergen og fjordane m/kart 2014 Viser rundturmoglegheiter ut frå Bergen med offentleg transport og/eller eiga kjøretøy, med særleg vekt på fjordturtilbod. Rundturguiden nyttast i stort omfang i Turistinformasjonen. I tillegg vert den nytta av personalet i til dømes ein rekke forretningar og overnattingsverksemder i Bergensområdet. Det er stor etterspurnad etter rundturar i fjordriket, og for Sunnhordland å vera på kartet kan vera med på å auka turiststraumen til Sunnhordland. Alle turpresentasjonar vert lagt ut på www.visitbergen.com. 9

Målgruppe: Individuelle turistar som vitjar Bergen, både nasjonale og internasjonale Tidspunkt: Materiellfrist haust 2013, utgivelse januar 2014 Kostnad: 9.000,- 4.5 Annonse på www.visitbergen.com Portalen www.visitbergen.com har stort besøk kvart år. Bergen er den viktigaste innfallsporten for internasjonale vitjande til Sunnhordland, med heile 2,2 millionar vitjande årleg. Me vil kjøpe bannerannonse på portalen. Målgruppe: Norske og utanlandske turistar som planlegg å reise til Bergen eller er i Bergen og som dermed er potensielle gjester i Sunnhordland. Kostnad: 9.000,- 4.6 Norgeskampanjen med Innovasjon Norge Norgesmagasinet vert trykt opp i 800.000 eksemplar og vert distribuert ut i postkassene til husstandar rundt om i Noreg. Dette skjer i midten av april. Hovudmålet med magasinet er å få fleire nordmenn til å leggja ferien til Noreg. Me deltek med ei heilsides annonse i Norgesmagasinet (Norges DM). I tillegg får me høve til å delta i ein PR-konkurranse der verksemder kan bli omtalt i ulike media gjennom sommaren. I 2012 vart bl.a. Fengselet Mat og Vinkjellar og Bekkjarvik Gjestgiveri omtalt i Dagbladet grunna vår deltaking i Norgeskampanjen. Målgruppe: Den norske ferie- og fritidsmarknaden/skrankepersonell Tidspunkt: April -august 2013 Kostnad: 75.000,- 4.7 Internasjonalt vandreprosjekt, Innovasjon Norge 2013 Dette er eit prosjekt som skal auke turiststraumen av vandreturistar frå satsingsmarknadene, som er: Tyskland, Nederland, Storbritannia, Frankrike, Sverige og Danmark. Det skal og vera med på å auka produktutvikling av vandring i den enkelte regionen. Prosjektet inneber 1/1 sides presentasjon i vandrekatalogen med eit opplag på 650.000 brosjyrar (i tillegg e-brosjyrar på dei aktuelle visitnorway sidene), kor katalogen vert distribuert på messer og gjennom friluftsmagasin i satsingsmarknadene. Det vert og lagt opp til presse og visningsturar, temaworkshop og studietur. Å vera med i dette prosjektet gjer det mogleg å skapa eit nettverk med verksemder som tilbyr vandring i Noreg. Det styrker Noregs posisjon som vandredestinasjon, og gjer dermed kvar enkelt region med vandretilbod meir attraktivt. Det vil vera med på å skapa ein langsiktig sterk posisjon innan tematurisme VANDRING. Målgruppe: Turoperatørar, turistar som ynskjer å vandre når de er på ferie. 2013 Kostnader: 80.000,- 10

4.8 Internasjonalt sykkelprosjekt, Innovasjon Norge 2013 I 2012 starta Innovasjon Norge eit nytt internasjonalt prosjekt; «Sykkelprosjekt 2013». Her deltek Visitsunnhordland med grunnpakken til 20.000,- i 2012. Det vert bl.a. oppretta nye sykkelsider på Visitnorway.com og produsert ein sykkelbrosjyre som skal nyttast på messer f.o.m. januar 2013 og utover året. Det kortsiktige målet er å skape merksemd for Noreg som sykkeldestinasjon. På lengre sikt vil ein auke tal på sykkelturistar til prosjektdeltakarane. Då Sunnhordland er komen langt på utvikling av sykkelprodukt i regionen ser me dette som eit viktig prosjekt å delta i. I 2013 vil me vurdere om me i tillegg til grunnpakken skal delta med ekstrapakken til 30.000,-. Målgruppe: Forbrukarar i Tyskland, Nederland, Sverige og Danmark som har sykkel som hobby. Turoperatørar. Tidsbruk: Heile året 2013 Kostnad: 20.000,- (Ev. ekstrapakke 30.000,-). 4.9 Søkemotorannonsering, Google Adwords Internett er ein av dei viktigaste informasjonskanalane for innhenting av informasjon. Me bør vera på topp når det gjelder ei rekke søkeord i vår region. Gjennom å bruke midlar på søkemotorannonsering vil me kunne treffa dei som aktivt søkjer etter informasjon på nett. Google representerer nærare 80 % av alle norske søk. Google AdWords er dei tekstannonsane (sponsored links) som ofte er plassert på høgre side og øvst i søkeresultatet når du gjer søk i Google. Google AdWords vert styra slik at du kan syne ulike annonsetekstar for ulike søkeord. AdWords er basert på bodgjevnad, slik at ditt bod, saman med andre faktorar, avgjer kor prominent den enkelte annonsar vert syna. Ein betalar pr. klikk. Me får rapport to gonger i året. Målgruppe: Dei som aktivt søkjer etter produkt på nettet.. Kostnad: 60 000,- (Maksgrense på 5000,- i månaden). 4.10 Søkemotorannonsering, Kvasir Sponsede lenkjer er korte tekstannonser som vert aktivert og syner når nokon søkjer på eit eller fleire av dine registrerte nøkkelord. Det gir deg sindigheit berre for dei kundane som aktivt er på jakt etter dine varer og tenester. Sponsede Lenkjer vert betala etter ein PPC-modell (Pay per click). Du betalar då berre når nokon klikkar på din annonse og vert leia vidare inn til di heimeside - ikkje før. Målgruppe: Dei som aktivt søkjer etter produkt på nettet Kostnad: 6.000,- årleg. 11