På tide med samarbeid om kunnskap på Internett?



Like dokumenter
Til deg som bur i fosterheim år

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Minnebok. Minnebok NYNORSK


Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014


BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Jon Fosse. For seint. Libretto

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Brukarrettleiing E-post lesar

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Vel nynorsk for barnet ditt!

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Den europeiske samfunnsundersøkelsen - hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Frå novelle til teikneserie

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Informasjon til elevane

Tiltak frå regjeringa for styrking av nynorsk

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

IKT-kompetanse for øvingsskular

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2012

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

styrke i at mest kva som helst kan skje, utan at dei vert mindre aktuelle.

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

Samansette tekster og Sjanger og stil

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 9. trinn

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Spørjegransking om leselyst og lesevanar ved Sunnylven ungdomskule I samband med prosjektet Kvitebjørnen

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman.

sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak.

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2014

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

mmm...med SMAK på timeplanen

Rådgjevarkonferanse 2009

Kunnskapsdepartementet om målbruksarbeidet i universitets- og høgskolesektoren

Med god informasjon i bagasjen

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Kva er økologisk matproduksjon?

Rogaland Mållag. Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare?

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

Kvifor likar me å høyre på forskjellig musikk?

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Søking til skuleåret

KULTURDEPARTEMENTET SIN

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

13. Sendetida på TV aukar

Hei Guro, ei oppdatering frå Holmedal Ungdomslag.

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

Transkript:

Medlemsblad for Noregs Mållag Nr. 5 november 2009 Nesten kristen Olaug Nilssen har pressa Sigvart Dagsland opp til veggen for å finne ut kva han eigentleg meiner om det å vere kristen. Han svara så godt at ho nesten bikka over til å bli kristen igjen. MIDTEN Framhald av Fedraheimen og Den 17de Mai Foto: Kjartan Helleve På tide med samarbeid om kunnskap på Internett? Illustrasjon: ilker/stock.xchng Foto: Sanja Gjenero/Stock.Xchng Det nynorske nettleksikonet Allkunne er lansert. Oppslagsverket har i fyrste omgang konsentrert seg om den nynorske kulturhistoria, og inneheld artiklar om viktige institusjonar, aviser, kommunar, språk og personar. Nynorsk Wikipedia feirar fem år, har meir enn 50 000 oppslagsord og blir drive på dugnad av entusiastar. Båe oppslagsverka har som mål å fylle Internett med nynorsk innhald. Likevel samarbeider dei ikkje. Enno. Side 6-7 Skriv for alle Det er svært vanskeleg å få til tekstar for både nykomarar og dei filosofisk skolerte. Men det kan vere eit bra mål å strekkje seg mot, seier Jon Hellesnes, som har runda 70 år. Side 16 17 70 ÅR UTDANNING PRIS Foto: Universitetet i Tromsø Vil inspirere Mange lærarar tykkjer det er vanskeleg å undervise i nynorsk. Norunn Askeland og Cecilie Falck-Ytter ville gjere noko med dette og har skrive ei idébok full av tips for å inspirere lærarar og studentar. Side 12-13 Foto: Fagbokforlaget Heidra kanalvert Språket er verktøyet mitt, og når nokon gjev meg ros for at eg nyttar verktøyet mitt godt, så blir eg jo veldig glad for det, seier Yasmin Syed, som er tildelt Kringkastingsprisen 2009. Side 3 Foto: yasminsyed.com

Framhald av Fedraheimen og Den 17de Mai Utgjeven av Noregs Mållag Tilskrift: Postboks 474 Sentrum 0105 Oslo Redaktør: Kjartan Helleve kjartan.helleve@nm.no, 23 00 29 32, faks 23 00 29 31 I redaksjonen: Magnus Bernhardsen, Hege Lothe, Jens Kihl Heimeside: www.nm.no Abonnement: Kroner 250,- per år Utforming: Språksmia AS smia@spraksmia.no leiarteigen Det er so dumt å vera so redd ordet romantikk og alt som smakar av det Gustav Indrebø Pressestøtta under lupa Kultur- og kyrkjedepartementet oppnemnde 19. oktober er pressestøtteutval. Utvalet skal gjere ei vurdering av statlege økonomiske verkemiddel innan media, inkludert momsfritaket. Ordninga med statsstøtte kom til på 60-talet, då ein såg at fleire aviser fekk problem med å gå rundt økonomisk. Ein risikerte å sitje att med færre aviser, og såleis eit mindre mangfald. Ein frykta å sitje att med ei politisk einsretta presse. Ungdomsskole UVANLEG NAMN VANLEG NAMN Sidan den gongen har det skjedd store endringar, både i korleis avisene definerer seg i det politiske landskapet, og særleg i kor viktig avisene er. Ny teknologi og endra mediebruk har utfordra maktposisjonen som avisene ein gong hadde. Difor spørst det om det er rett å støtte dei slik staten har gjort dei siste 40 åra. Teikning: Kjartan Helleve Nynorsk berre for Ola og Kari, ikkje for Sabina og Ahmed? Eg tvilar sterkt på at utvalet berre tek vekk pressestøtta. Utfordringa er å finne nye ideologiske grunnar til denne statsstøtta. Det er ingenting som er i vegen for at argumentet om norsk språk kan vere ein slik grunn. Slik det er no, er det ikkje språkkrav til dei avisene som får momsfritak. Eit slikt krav bør kome. Og då snakkar eg ikkje om bokmål. Kjartan Helleve, redaktør «ER MORA DI DANSK? Då veit du kanskje ikkje at du kan få fritak frå sidemål (= nynorsk)?». Dette spørsmålet fekk ei jente i 10. klasse på Nordberg skole, ein ungdomsskule i Oslo. Læraren hadde høyrt gjete at eleven hadde ei mor med ikkjenorsk pass, og ville «informere» eleven om at då treng ho ikkje lære nynorsk. Jenta er fødd i Noreg, har budd her heile livet og snakkar kav norsk. «VI VART PLASSERTE I NORSK 2-KLASSEN», seier Sabina og Ahmed, elevar på ein vidaregåande skule i Oslo. «Læraren spurde kvar foreldra våre er frå. Frå Kurdistan og Bangladesh, svara vi. Då er de minoritetselevar, svara læraren og dermed kan de få fritak frå nynorsk». KORKJE SABINA ELLER AHMED eller andre ikkje-kvite elevar som er fødde i Noreg og snakkar kav norsk, visste at dei var «minoritetselevar» før dei vart fortalde det. Dei vert definerte som «minoritetselevar», «framandspråklege» og/eller 2/3/4-generasjons innvandrarar. Kva som helst, berre ikkje norsk! Sanninga er jo at dei er norske til liks med alle andre born som er fødde og oppvaksne i Noreg. Sanninga er jo at dei ikkje er «minoritetspråklege», dei er derimot fleirspråklege! Skal tru kva fylgjer ei slik erkjenning ville fått, hjå så vel elevane som lærarane? Håvard B. Øvregård, leiar DEI TILFELLA EG NEMNER HER, er diverre ikkje vanskeleg å finne mange av. Noregs Mållag har bede Oslo kommune leggje fram kor mange elevar som har fritak av di foreldra - ikkje elevane! - har eit anna morsmål enn norsk. Det greier ikkje kommunen å svare på. Vi har bede om å få vite kva rutinar skulane har når dei orienterer om retten til fritak frå sidemålsvurdering. Inkje svar å få der heller. DENNE PRAKSISEN I OSLO ER ILLE. Han råkar elevane hardt, så vel språkleg-kulturelt som i integreringa. Truleg gjeld dette mange tusen elevar i Oslo og andre stader i Noreg. Bakgrunnen er ikkje berre at byrådet i Oslo i lang tid i praksis har vore nynorskfiendtleg. Like viktig er den galne politikken andsynes innvandrarar og borna deira. I USA vert du definert som 1.generasjons amerikanar dersom du er fødd i USA. I Noreg vert nye nordmenn stengde inne i «innvandrar-boksen» i fleire generasjonar. I Noreg burde vi lære av USA og heller kalle born av innvandrarar førstegenerasjons nordmann, der det skulle vere viktig å fortelje at personen har utanlandsk opphav. KUNNSKAPSDEPARTEMENTET har etter kvart oppdaga kva som skjer med denne «fritaksordninga»; «Elever fikk fritak fra skriftlig sidemål på grunn av etniskspråklig bakgrunn og ikke kompetanse» (Brev frå Utdanningsdirektoratet 9/9 2009). Frå og med skulestart i haust kunne ikkje elevar få fritak på etnisk grunnlag. No må skulen dokumentere at eleven ikkje meistrar norsk godt nok til å fylgje vanleg undervisning for å kunne søkje fritak frå sidemål. Dette er gledeleg og heilt på sin plass. Vonleg vil Oslo kommune syte for at skulane tek til seg denne endringa og sluttar med disintegreringa av så vel norske som ikkje-norske elevar. Å VERE NORSK ER MELLOM ANNA å vere ein del av den tospråklege norske skriftkulturen. Kan hende er nettopp innføring i det skriftspråklege kollektivet Noreg/Norge den viktigaste vegen inn til det norske? OMOD, Organisasjon Mot Offentleg Diskriminering har i mange år arbeidt for å få bort denne regelen som stengjer tusenvis av norske elevar frå nynorsken. Noregs Mållag vil fylgje opp denne saka saman med andre organisasjonar slik at skulen ikkje nynorsk-diskriminerer på grunn av namn og hudfarge! 2 NORSK TIDEND NR. 5 2009

intervjuet Bråtveit tildelt Bjørnsonstipendet Forfattaren Inger Bråtveit frå Suldal har fått Bjørnsonstipendet for i år. Bråtveit er født i 1978 og debuterte i 2002 med romanen Munn mot ein frosen fjord. For den fekk ho Nynorsk litteraturpris. Ho vart også kåra til «Årets debutant» på Forfatterne.net. I fjor kom Siss og Unn, som vart nominert til Kritikerprisen. Saman med den svenske forfattaren Cecilia Hansson kom ho i år med poesiboka Loveprosjekt. Foto: Aschehoug/Finn Ståle Felberg folk Språket er verktøyet mitt Kringkastingsprisen 2009 gjekk til Yasmin Syed, kanalvert i NRK. Ein god ambassadør for nynorsk, meinte juryen. Under utdelinga av prisen på Det Norske Teatret, kom Ragnhild Sælthun Fjørtoft for å helsa prisvinnaren på vegner av NRK. Då ho påpeika at dette truleg var fyrste gongen ein nynorsk språkpris hadde gått til nokon med indisk namn, så klappa prisvinnaren: «Eg klappar for meg sjølv, eg!» Du var glad for å få pris? Ja, sjølvsagt. Fyrst tenkte eg stygge tankar om at no hadde dei gått tom for namn, og at eg var den neste på lista. Fort skjøna eg likevel at dette var ein heider eg måtte ta til meg. Språket er verktøyet mitt, og når nokon gjev meg ros for at eg nyttar verktøyet mitt godt, så blir eg jo veldig glad for det. Meir enn språk Det er ein ganske språkmedviten arbeidsplass du har. Det stemmer. Språket er likevel berre ein ting. I snitt har me femten sekund på å seie det me vil seie. Så ein ting er kva ord og uttrykk me nyttar, men det viktigaste er jo at me greier å formidle det me skal seie på ein god måte. Ein kamerat sa ein gong at folk frå Telemark kan gå seg ein tur på fjellet, vere vekk i tre månader og kome ned og berre ha ei einaste setning å kome med. Men den setninga kan oppsummere heile turen og vere full av visdom og vurderingar. Slik sett så høver eg kan hende godt til arbeidet eg gjer. Er det du som skriv alt du seier? Ja, alt er mine eigne tekstar. Når eg har kveldsvakt, så har eg gått gjennom alt stoffet dagen før. Saman med sendeleiar så ser eg gjennom programma, for så å hente inn så mykje informasjon som mogleg før eg skriv eit manus til neste kveld. Dette manuset blir det alltid endringar på fordi eg til dømes får meir eller mindre tid til disposisjon. Skulle det hende noko heilt gale, så er det sendeleiaren som har det øvste ansvaret, sjølv om det er eg som har skrive det. Tidlegare las sendeleiaren gjennom alt, men det har me slutta med. Meir enn pynt Vil det seie at kanalvertane har fått ein annan status? Det har me nok, i alle fall i REDD FOR DIALEKTEN: Eg var redd for å miste min eigen dialekt då eg måtte snakke normert nynorsk, seier Yasmin Syed. Foto: Kjartan Helleve NRK. Nokre kanalar har jo heilt kutta ut kanalvertane, men det er av di dei ikkje hadde nokon funksjon. Ofte var dette folk som var tilsette som pynt, og dei las inn tekstane sine gjerne ei veke før det vart sendt. Me som arbeider i NRK, er alle journalistar, sjølv om tittelen er kanalvert. Me legg mykje arbeid ned i arbeidet vårt, er informerte og kan snu oss rundt om noko særskilt skulle hende. I løpet av dei siste åra har resten av huset forstått meir av kva me kan gjere. I staden for å springe rundt til dei ulike redaksjonane og dra ut informasjon av dei, så er det no dei som kjem til oss i større grad. Ein av funksjonane dykkar er vel å vere eit bindeledd mellom kanalen og sjåarane? Det sit jo nokre eldre og einslege der ute, og me blir nok som ein ven for dei. Me ser jo programma saman. Ser du for deg ein familie, kan dei snakke om kven som er kanalvert den kvelden eller kva jakke du har på deg. Det er nok eit band mellom oss og dei som ser på. Du må få mykje brev og slikt. Eg får ikkje så mykje brev, og det er sikkert like greitt. Men når folk kjenner meg att, får eg ofte respons på språket mitt. Dei seier at dei høyrer kvar eg er i frå, at dei greier å plassere meg eller at dei synest dialekten min er flott. Det set eg jo stor pris på. Meir enn nynorsk Eg trudde ikkje du hadde lov til å nytte dialekt? Det har eg vel heller ikkje lov til. Men då eg byrja her, var eg i ferd med å skilje meg frå nynorsken. Ragnhild henta meg for at YASMIN SYED Vinnar av Kringkastingsprisen 2009 Fødd i England, oppvaksen i Vinje i Telemark Har vore både programleiar, skodespelar, musikar og kanalvert i NRK. KRINGKASTINGSPRISEN Kringkastingsprisen blir delt ut av Kringkastingsringen til ei røyst som utmerkar seg med godt språk i radio eller fjernsyn og som på ein framifrå måte nyttar nynorsk eller dialekt i det daglege arbeidet. eg skulle snakke nynorsk, og då vart eg nesten litt redd. Eg var redd for å miste min eigen dialekt og ende opp som skodespelarane på det Norske Teatret. Eg likar godt å gå der, men tykkjer måten dei snakkar nynorsk på, kan bli stiv og upersonleg. Så i byrjinga var eg nok litt rampete og sneik inn dialektord her og der. Sa «sjå» i staden for «hjå». På den måten fann eg fram til ein nynorsk som eg kunne føle meg vel med. Kva sa ho då? Ein dag kom ho til pulten min og sa at det vel strengt teke var «hjå» eg skulle seie. Ja, jo, det var det, og då byrja eg med det. Eg tykkjer det er bra ho er streng og skikkeleg, så får det heller vere oss andre som må prøve ut kvar grensene går og til tider vera litt språkleg rampete. Men eg får framleis lov til å seie «jol» og ikkje «jul». Eg har fått dispensasjon. Meir enn kanalvert Brått går Einar Lunde frå Dagsrevyen forbi oss, der me sit i gangen på fjernsynshuset på Marinlyst. «Hei, prisvinner! Bra! Veldig fortjent!» Syed smiler nøgd. Du har gjort mykje anna før, har mellom anna vore skodespelar. Vil du gjere meir slikt? Alt. Meir skodespel. Meir musikk. Og skrive meir. Meir? Betyr det at du skriv no? Ja. Journalistisk? Nei. Er det ein roman? Nja, eg trur det blir noko som ein ikkje har lese på nynorsk før. No blir eg veldig nyfiken. Nei, du får vente og sjå. KJARTAN HELLEVE kjartan.helleve@nm.no Foto: NRK Tone Lin Støfring til Mediesenteret Vaktsjef og journalist i NRK Sogn og Fjordane, Tone Lin Støfring, er tilsett som ny faglærar i NRK Nynorsk mediesenter. Ho tek til i stillinga 8. desember. Dette vert ei spennande utfordring. Eg gler meg og trur det vert kjekt å arbeide med unge folk som vil bli journalistar, seier Tone Lin Støfring. Tone Lin Støfring har utdanning i journalistikk frå Høgskulen i Volda. Ho har sjølv vore nynorskpraktikant i 1997/98 i NRK Sogn og Fjordane. Der har ho vore fast tilsett sidan 2004, som journalist, programleiar og vaktsjef. Frå 2000-2004 var ho journalist i NRK Nyheter i Oslo, med økonomi og sport som fagområde. Marny Skeie Henkel til Diktarvegen Marny Skeie Henkel har fått prosjektansvaret for Diktarvegen. Ho skal verke som prosjektleiar fram mot konferansen i Balestrand våren 2010. Marny Skeie Henkel er også tilsett som prosjektleiar for Foto: Jan Nordtveit Rasmus Lølandmarkeringa 2007-2011. Ho understrekar at ho berre er midlertidig tilsett som prosjektleiar for Diktarvegen. Nynorsk redaktørpris til Christian Fredrik Stabell Nynorsk redaktørpris for 2009 gjekk i år til redaktør og dagleg leiar for Os og Fusaposten Christian Fredrik Stabell. Stabell kjem frå Bergen, og har vore nynorskredaktør i 36 år. Fyrst i Midhordaland og seinare i Os og Fusaposten. I 1976 var han med og stifta det som no heiter «Landslaget for lokalaviser», og var leiar i laget frå 1981 til 1983. Det er flott å kunne gje prisen til ein redaktørveteran og representant for den store og viktige skogen av nynorske lokalaviser, som er heilt avgjerande for framtida for nynorsken som pressespråk, seier Berit Rekve, leiar for Mediemållaget. Prisen vart delt ut på Den nynorske mediefesten under Dei nynorske mediedagane. Det er ei stor glede å bli tildelt denne prisen og få slik heider, sa Stabell då han mottok prisen. NORSK TIDEND NR. 5 2009 3

målnytt Statens legemiddelverk også på nynorsk Legemiddelverket går bort frå namneforma Statens lækjemiddelverk på nynorsk og bruker frå no av Statens legemiddelverk på begge målformer. Legemiddelverket har i tråd med pålegga frå Kultur- og kyrkjedepartementet brukt namneforma Statens lækjemiddelverk på nynorsk. Men i vår sende Legemiddelverket spørsmål til Kulturdepartementet om å få endre namnet. Språkrådet har uttalt seg i saka og har ikkje noko imot namneendringa. Også Helse- og omsorgsdepartementet har no godkjent at Legemiddelverket heretter kan bruke namneforma Statens legemiddelverk også på nynorsk. (NPK) Song, spel og m GLADE I ALLKUNNE: Frå venstre: Medlemmer i redaksjonen i Allkunne, Vibeke Lauritsen og Sverre Tusvik, leiar i Noregs Mållag Håvard Øvregård, direktør i Samlaget Tove Lie og forfattar og bidragsytar Aina Basso. Foto: Margunn Sundfjord / NPK Allkunne.no lansert Det nynorske nettleksikonet Allkunne blei lansert 20. oktober på fem ulike stader. I Oslo var det Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag, som sa dei høgtidlege orda. - Det er hol i informasjonen ein finn på Internett. Det er desse hola Allkunne skal fylla, sa Øvregård då han offisielt opna nettleksikonet under ei tilskiping i Oslo. Eigentleg var det Bård Vegard Solhjell som skulle stå for opninga, men han var diverre oppteken med å gå av som kunnskapsminister. Noko ein allereie kunne lesa om på allkunne.no. I tillegg til Oslo var det markeringar i på Bryne, i Førde, i Hovdebygda og på Ål. I september var det nesten ingen i departementa som skreiv ei einaste twittermelding på nynorsk, viser ein gjennom-gang avisa Sunnhordaland har gjort. Miljøverndepartementet og Statsministerens kontor hadde nokre få innlegg på nynorsk i september, medan resten knapt hadde nynorskinnlegg i det heile. Berre eitt av departementa klarte å oppfylle kravet i mållova om 25 prosent nynorsk. Av i alt 17 meldingar som Samferdsledepar- Påliteleg og oppdatert Forlagsdirektør Tove Lie frå Det Norske Samlaget understreka i innleiinga si at Allkunne var viktig både demokratisk, utdanningspolitisk, kulturpolitisk og geografisk. Vi har mellom anna arbeidd mykje for å få på plass gode artiklar om samtidsforfattarar, og fleire av dei viktigaste samtidsforfattarane får grundige presentasjonar på Allkunne, sa Lie. Artiklane våre skal ha tre kjennemerke. Dei skal vera gode, pålitelege og oppdaterte. Brukarane våre skal finna godt stoff på eit godt språk, dei skal vera sikre på at det som står her er til å stola på, og dei skal òg vera trygge på at artiklane våre er oppdaterte. Fullverdig leksikon Så langt inneheld nettstaden rundt 850 artiklar, som alle handlar om det nynorske kulturområdet. Her er artiklar om viktige institusjonar og organisasjonar, artiklar om aviser og kommunar, artiklar om språk og språklege emne, og artiklar om mange personar. På sikt skal nettstaden utvidast til å verta eit fullverdig, allment nettleksikon på nynorsk. Allkunne er i ferd med å inngå avtale med Cappelen Damm om å få kjøpa rettane til å omsetja meir enn 32 000 artiklar frå Caplex. KJARTAN HELLEVE kjartan.helleve@nm.no Regjeringa tvitrar berre på bokmål tementet sende i september, var 6 på nynorsk. Regjeringa er til stades på Twitter som @Regjeringen. Ein nynorskversjon er førebels ikkje å finne, skriv Sunnhordaland. Det me generelt kan seie, er at i alt informasjonstilfang skal statsorgana veksle mellom målformene. Det er ingen grunn til at informasjon gjennom sosiale medium skal vere friteken frå dette kravet. Det er ikkje privatpersonar det er snakk om, seier rådgjevar i Norsk språkråd Daniel Ims til Sunnhordaland. (NPK) Litteraturfestivalen i Aurland: Kanskje er dei to framtidige teikneserieskaparar, 11-åringane Sebastian og Guro, som var på teikneserieverkstad i Flåm. Eg hadde lyst å læra litt meir om korleis ein teikneserie blir til. Eg driv og teiknar litt, og synest det er interessant, seier Sebastian Skjerdal. Verkstad Er det blyant og papir du brukar, eller har du eit teikneprogram på pc-en din? Det er nok blyant og papir som er tingen når ein skal teikna. Kanskje blir det til at eg prøver meg på ein teikneserie. Det er i alle fall mykje å læra på denne verkstaden, seier han. Sebastian, og syskenbarnet hans, Guro Skjerdal Bondevik, begge to frå Sogndal, var dei yngste deltakarane på teikneserieverkstaden som teikneserieskaparen Øystein Runde heldt under Nynorske Litteraturdagar i Flåm laurdag. Runde, 30 år gamal og fødd og oppvaksen i Ulsteinvik, er ein allsidig teikneserieskapar. I haust er han aktuell med boka Soga om Olav Sleggja, ein teikneserieroman frå vikingtida. Lokalhistorie I høve tidlegare år, var Nynorske Litteraturdagar på fleire måtar eit breiare arrangement i år. For dei aller yngste var nok ei tilstelling på Furukroa i Flåm midt på dagen høgdepunktet. Der var visesongaren Geirr Lystrup vert, og han fekk engasjert både små og store i allsong i det vel timelange programmet. Lokalhistorie og slektsforsking var det også høve til å læra meir om i løpet av litteraturfestivalen. Både det lokale sogelaget i Aurland og fylkesarkivet i Sogn og Fjordane hadde sine innslag på seminaret om slektsforsking og lokalhistorie. Det same hadde utgjevarar av lokalhistoriske bøker som er utgjevne i år. Mellom anna var Ottar Starheim på plass med Fylkesleksikonet som NRK Sogn og Fjordane nyleg gav ut. Fylkesleksikonet har vore tilgjengeleg på NRK sine nettsider i fleire år no. Men Starheim fortel at i løpet av den tida han har arbeidd med å samla og skriva det historiske materialet som ligg på PÅ KURS: Sebastian Skjerdal og Guro Skjerdal Bondevik får gode råd frå Øystein Runde om korleis dei kan lage gode teikneseriar. Foto: Kjell Eldegard, Sogn Avis nettet, vart han stadig meir overtydd at dette materialet måtte komma ut i bokform. Eg såg det som ei plikt å få dette ut i bokform. Skilnaden på ein nettversjon og ei bok, er at sistnemnde blir meir heilskapleg. Det som ligg på nettet blir for oppstykka, seier han. Og om nokon skulle lura på det; Bokutgjevinga er ikkje finansiert gjennom lisenspengane NRK tek inn, seier Ottar Starheim. God oppslutnad Prosjektleiar for litteraturfestivalen, Arve Tokvam, fortel at sjølv om han ikkje har konkrete tal å slå i bordet med sundag ettermiddag, syner oppslutninga om einskildarrangement at festivalen har trekt ein god del meir folk enn i fjor. Dei smale arrangementa under festivalen kunne sjølvsagt hatt betre oppslutnad, men dei store arrangementa me har hatt denne helga har vore utselde, seier han. Er Nynorske Litteraturdagar i ferd med å etablera seg som eit regionalt arrangement? Me føler at me er eit stykke vidare på vegen dit no. Å få dette til å bli eit arrangement med regional forankring er også siktemålet vårt. Men så langt er me glade for den gode lokale forankringa både Aurland kommune og det lokale næringslivet sørgjer for å gje festivalen, seier Arve Tokvam. KJELL ELDEGARD/SOGN AVIS kjell.eldegard@sognavis.no 4 NORSK TIDEND NR. 5 2009

Kyrkjerådet braut mållova Kultur- og kyrkjedepartementet har konkludert med at Kyrkjerådet braut mållova då dei sende ut informasjon om kyrkjevalet berre på bokmål. Kyrkjerådet fekk hard kritikk då dei sende ut valkort og informasjon om kyrkjevalet i september. Informasjonsbrosjyren var berre produsert på bokmål, trass i at ein tredel av kyrkjelydane nyttar nynorsk. Rådet skulda på dårleg råd og knapt med tid. Noregs Mållag sende eit brev til Kultur- og kyrkjedepartementet for å sjekke om dette kunne vere eit brot på mållova. No er svaret klårt. Departementet legg vekt på at rådet lett kunne ha halde mållova ved å skrive ein del av brosjyren på nynorsk. I brevet stadfestar også departementet at Kyrkjerådet ikkje klarer å halde regelen om 25 prosent nynorsk i det totale informasjonsstilfanget sitt. Jærmuseet inn i LNK Jærmuseet har meldt seg inn i Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Vi ønskjer med dette å styrkje banda til nynorskrelaterte tiltak, seier museumsdirektør Målfrid Snørteland til lnk.no. Jærmuseet er den overordna organisasjonen for Nasjonalt Garborgsenter som skal opne i 2011. ykje anna Omsett bok vart stogga Dobla tilskodartal i Odda Litteratursymposiet trefte ein nerve hjå publikum. Resultatet var fulle hus og sniking i dørene. Litteratursymposiet i Odda 2009 hadde samla nokre av dei fremste forfattarane i landet, og publikum ville gjerne høyre på kva dei hadde å seie. Fleire av tilskipingane var utselde, og i fylgje festivalsjef Marit Eikemo har dei dobla tilskodartalet. Om ein reknar med skuleelevar, og gjester på gratistilskipingar, så enda kalkulatoren på om lag 6000. Faktisk strøymde folk til i slike mengder at det vart eit luksusproblem. Under høgtlesinga for born i Meieriet stod det folk ut i gangen, og inne vart det fort varmt. NORSK TIDEND NR. 5 2009 Eit ordskifte mellom m.a. Tore Renberg, Erlend Loe og Dag Solstad trekte så mykje folk at tilskiparane var nøydde til å avvise folk som ville inn. Dei som stod bakarst i lokalet, fekk knapt med seg kva som skjedde lengst framme. Eg må innrømme at det tok oss litt på senga, seier Eikemo. Me hadde aldri venta at det skulle kome så mykje folk på eit ordskifte om kva som skjer med litterære heltar når dei går til filmen. På ein laurdagskveld! Faktisk var det folk som sneik seg inn på denne tilskipinga. 260 på Bikubegang Bikubegangen med Frode Grytten var ein annan fulltreffar. Grytten har teke denne ruta kvart år sidan symposiet starta opp i 2006, Heidi Aabrekk opplevde at den ferdig omsette fagboka How To Teach Your Baby to Read vart stogga. I fjor haust etterlyste Heidi Aabrekk målfolk som ville vere med å omsetje ei fagbok frå engelsk til norsk på dugnad. Ho fekk god respons frå lesarane av Norsk Tidend. I løpet av kort tid var omsetningsdugnaden i gang. Boka ho ville ha omsett til nynorsk, heiter How To Teach Your Baby to Read. Forfattarane av denne boka driv eit institutt som heiter IAHP-instituttet i USA. Dei har utvikla eit læringsopplegg for svært små ungar. Heidi Aabrekk er mor til ein gut på fire år som har ein hjerneskade. Sonen har CP og er totalt avhengig av folk til alle gjeremål. Han kan ikkje snakke enno, men etter å ha reist til USA sju gonger sidan han var eitt år kan han no lese og kommunisere ved hjelp av eit lite bokstavbrett. Uavhengig vurdering Rett over nyttår var boka klar og godkjend frå Selja forlag som meinte boka var fint omsett og at det var gjort godt arbeid. Boka vart då sendt til USA for å verte godkjend av IAHP-instituttet. Instituttet overlet til eit uavhengig byrå å godkjenne boka, til ein såkalla proof reader, fortel Heidi Aabrekk. Denne personen godkjende ikkje boka, noko Aabrekk meiner må vere ei slags misforståing, held ho fram. Dette er veldig frustrerande. Mange omsetjarar har gjort ein frivillig innsats for å få denne boka der han fortel om stader i Odda som dukkar opp i boka hans Bikubesong. Likevel var det meir enn 250 personar som følgde etter han gjennom gatene. Det var jo utruleg flott å sjå det opptoget. Snart er det jo fleire som fylgjer han, enn det er som går i 1. mai-toget. Han burde hatt med seg ein mikrofon eller noko, og det tek jo tid når så mange folk skal flytte på seg, seier Eikemo. Lærepenge Fleire av tilskipingane bar preg av at det tekniske ikkje i stod heilt i stil med talet på kor mange som skulle høyre. Det er synd når folk har betalt ein billett, men ikkje kan høyre kva som blir sagt frå scena. Likeins er det kjedeleg å måtte seie til folk at det er fullt. For oss i symposiet var dette ein lærepenge, og me skal gjere alt for at det skal bli betre neste år. Så kan moglegvis dei som har tenkt seg til Odda neste gong, hugse på å kjøpe billett litt Heidi Aabrekk tok initiativ til å omsetje boka How To Teach Your Baby to Read, men omsetjinga vart ikkje godkjend i USA. Foto: Hege Lothe utgjeven i Noreg. Ei slik bokutgjeving ville vore ein veldig god måte å få ut informasjon om dette læringsopplegget på. Men instituttet kan ikkje anna enn å stø seg til den uavhengige vurderinga og der står saka, fortel Heidi. Inntil vidare er heile bokprosjektet lagt på is. Ho har no etablert kunnskapsbedrifta Intempo as. Gjennom denne bedrifta har ho utvikla språkleiken Bravo som er eit leseopplæringsopplegg for barn mellom 0 og 3 år. Ho tilbyr kurs til foreldre og barnehagar som vil prøve opplegget. Språkleiken Bravo er både på nynorsk og bokmål. Eg er veldig takknemleg for den positive responsen eg fekk frå målfolk som ville vere med og gjere ein innsats for prosjektet, avsluttar Heidi Aabrekk. HEGE LOTHE hege.lothe@nm.no FULLT: Høgtlesinga for born måtte flyttast frå biblioteket til Meieriet. Likevel stod det folk på gangen då Knut Nærum skremde ungane med dikt frå samlinga «Slemme barn». Foto: Kjartan Helleve på førehand. Slik kan ein sikre seg at ein kjem inn. Me skal i alle fall syte for at dei skal høyre kva som blir sagt. KJARTAN HELLEVE kjartan.helleve@nm.no 5

media Tarjei Vågstøl Nærare nettavis Kulturdepartementet vil no støtte prosjektet Ung til sinns - på nett med 300.000 kroner årleg i tre år. Prosjektet er eit samarbeid mellom ABC Startsida, LNK, Garborgsenteret, Magasinett, Pirion og Kulturdepartementet. Den planlagde nettavisa skal sikre at nynorskbrukarar får eit betre tilbod på Internett, og vil ha hovudvekt på regionale nyhendesaker og kulturstoff for og av ungdom. Meininga er at stoffet skal treffe ungdommen på deira premissar. Den overordna målsetjinga med prosjektet er å få meir nynorsk for ungdom på nettet, samstundes som ein styrkjer posisjonen til ABC Startsida, seier dagleg leiar i LNK, Vidar Høviskeland til LNK Nytt. No har Kulturdepartementet støtta prosjektet med kr 300 000, med ei opning for like mykje pengar dei neste to åra. (LNK-Nytt) Allmennkringkasting? Førre månad la TV 2-sjef Alf Hildrum fram ei løysing for korleis kanalen skulle koma seg opp av eit økonomisk uføre. Medisinen er å kutta programpostar, redusera mannskapet og samtidig søkja om ny konsesjon for allmennkringkasting. Eller, «status som formidlingspliktig kommersiell allmennkringkastar». Det er vanskeleg å sjå at det finst nokon seriøs utfordrar til TV2, og på mange måtar kjem Hildrum med godt nytt. Då TV 2 fekk tildelt konsesjonen for allmennkringkasting, vart det samstundes stilt ein del krav til innhaldet i sendingane deira. Eit av desse krava har vore at kanalen skulle bruka både nynorsk og bokmål. Lat gå at dette kravet ikkje har vore særleg strengt jamført med 25 prosentkravet NRK har på seg. Sjå samstundes bort frå at ein del av nynorsken har eit vesentleg sterkare dialektpreg enn det vi er vi er vane med frå NRK, og at den skriftlege nynorsken har vore svært lite til stades i teksting og vignettar. Konsesjonskrava har likevel vore noko å ta fatt i når vi skulle be TV 2 nytta nynorsk og dialekt. Kravet om at hovudkontoret skulle liggja i Bergen har truleg hatt mykje å seia for målbruken og rekrutteringa til kanalen. Difor er det godt at TV2-leiinga no snur. Vi treng fleire kanalar som forpliktar seg til å driva allmennkringkasting, ikkje fleire underhaldningskanalar. Det er òg viktig å hugsa på at dei ikkje vil ta på seg dette oppdraget gratis. I tillegg til å vera tilgjengeleg for alle i Noreg, har òg Kulturdepartementet ute eit framlegg om at dei som pliktar å formidla konsesjonsvinnaren (TV2) skal betala marknadsmessig verdi for formidlinga. No har RiksTV annonsert at det vil kosta 160 kr i månaden framleis å ha tilgang til TV2 etter at den noverande konsesjonen går ut ved nyttår. Det gjev ein peikepinn om kva denne verdien kjem til å vera dersom (når) TV2 får ny konsesjon. Til sist kjem distributørane (RiksTV og kabel- og parabolnett) til å krevja pengane inn frå kundane sine. Altså: Når TV2 får ny konsesjon, kjem dei til å vera både reklame- og (indirekte) lisensfinansierte. Dette treng ikkje vera eit problem, men det er samstundes ein grunn til å diskutera kva allmennkringkasting er, og om ein bør stilla høgare krav til TV2 i byte for lisensinntektene. NRK må trass alt følgja ein omfattande allmennkringkastingsplakat vedteken av Stortinget. 6 På tide med samarbe Allkunne er lansert, Nynorsk Wikipedia har runda både 5 år og 50 000 artiklar. Men trass i at dei har sams mål om meir nynorsk på nettet, så er det førebels ingen kontakt mellom dei to oppslagsverka. I 2003 var det eit ordskifte i det norske Wikipedia-miljøet. Spørsmålet var kva språk som var lov å bruke, nynorskbrukarane var frustrerte over at det var vanskeleg å kunne nytte sitt eige språk. Regelen var at ein skulle halde seg til språket som ein artikkel fyrst vart skriven i. Resultatet var at forholdet mellom bokmålsartiklar og nynorskartiklar vart skeivare og skeivare. Det kom eit framlegg om å lage ein eigen nynorsk variant. Fordelen var at språkstriden vart lagd daud, bakdelen var at ein ville splitte miljøet. Det kom til ei røysting, og fleirtalet gjekk inn for ei deling. Frå 2004 har det vore to norske variantar av Wikipedia. Bokmålsvarianten har om lag 230 000 artiklar, og den nynorske har passert 50 000. Nynorsk nettleksikon I dag er det 271 ulike variantar av Wikipedia, der den engelske er den største med over 3 millionar artiklar. Dette visste ein lite om i 2002. Rett nok var ein norsk versjon av Wikipedia på plass, men ingen kunne sjå dimensjonane av det som voks fram. Oddmund Løkensgard Hoel hadde fått i oppdrag pdrag av Det Norske Samlaget og Nynorsk kultursentrum å skrive ein rapport om arbeidet med ein nasjonal nynorsk kunnskapsbase. Bakgrunnen var at ein mangla eit godt nynorsk leksikon. Norsk Allkunnebok hadde vore ALLKUNNE 800 artiklar ved lanseringa i oktober 2009, er snart klår med ein avtale om å kjøpe om lag 32 000 artiklar frå Caplex. Artiklane blir kvalitetssikra av ein redaksjon, og går gjennom ein grundig språkvask før dei vert publiserte. Artikkelforfattarane får løn. Om lag 60 skribentar så langt. Tenesta er gratis. NYNORSK WIKIPEDIA Lansert i 2004 51 963 artiklar Drive på dugnad, kven som helst kan skrive ein artikkel eller endre i andre artiklar. 253 aktive brukarar/forfattarar I all hovudsak kan alt innhald i Nynorsk Wikipedia kopierast, distribuerast og brukast fritt så lenge det går klårt fram at kjelda til informasjonen er Nynorsk Wikipedia. Tenesta er gratis. eit godt og moderne e oppslagsverk då det kom, men vart stadig meir utdatert. Samstundes gjekk botnen ut av leksikonmarknaden. Det var for få som var interesserte i å kjøpe store trykte oppslagsverk. No såg ein i staden mot Internett. Det dukka opp eit høve då regjeringa i 2001 lyste ut ei anbodstevling om etablering av ein nasjonal kunnskapsbase på Internett. Samlaget, NRK og Schibsted Multimedia leverte eit felles anbod. Anten tykte ikkje regjeringa noko om dei ulike anboda, eller så fekk dei andre tankar. Samlaget og Nynorsk kultursentrum arbeidde likevel vidare med planane. Ideen var å samarbeide med Cappelen om eit Samlex, som skulle basere seg på deira Caplex som allereie var på nett. Seinare forsvann Cappelen ut, men Samlaget og Nynorsk kultursentrum fekk løn for strevet då allkunne.no vart offisielt opna no i oktober. Ny premiss Ein viktig premiss i prosjektrapporten er at det må finnast eit godt nynorsk oppslagsverk på Internett. «Etableringa av NNK (Nasjonal nynorsk kunnskapsbase) vil vera eit av dei viktigaste tiltaka for det neste tiåret for å sikra nynorsk som allment bruksspråk i framtida, også for nye generasjonar.» Dtt Dette er framleis den offisielle politikken i målrørsla, Nynorsk Forum har sagt at dette er det viktigaste nye tiltaket for nynorsk i åra som kjem. Samstundes har ting endra seg. Det finst nemleg eit nynorsk oppslagsverk på nettet. Ein dugnadsgjeng med folk både frå og utanfor målrørsla har skrive og publisert meir enn 50.000 artiklar på nynorsk. Det har dei gjort i Wikipedia, som Me har ikkje noko samarbeid, og me har heller ikkje gjort nokon framstøyt mot dei. Eirik Helleve, Allkunne er mellom dei mest populære nettsidene i verda. I Noreg er Wikipedia, inkludert alle antar, den 11. mest vitja nettsida. språkvari- For elevar som skal skrive ei oppgåve på skulen, kan ein rekne med at det ligg noko høgare. Frustrasjon Dei spreidde seg ein frustrasjon i Wikipedia-leiren då det gjekk mot at styresmaktene ville stø eit nytt nynorsk leksikon. Særleg rundt 2005 2006 var det ordskifte om dette. Somme meinte at det ikkje var trong for noko nytt, at det var andre måtar å nytte pengane på og ein kjende seg generelt ignorert. Samstundes var det dei som ikkje kunne sjå noko problem i at det dukka opp endå eit nynorsk leksikon på nett, det ville berre styrkje nynorsken. Frustrasjonen la seg etter kvart. Nasjonal nynorsk kunnskapsbase fekk ikkje dei titals millionane dei ville ha, og samstundes så voks Nynorsk Wikipedia seg større. Når eg no spør brukarane på deira eiga diskusjonsside Samfunnshuset, så er dei fleste positive til Allkunne. Eg synest også det er fint med eit anna nynorsk oppslagsverk. Dei to er NORSK TIDEND NR. 5 2009

Språkproblem på arbeidsplassane Fleire bedriftsleiarar enn for tre år sidan meiner at mangel på norskkunnskap skaper problem på arbeidsplassar med austeuropearar. Det viser ein ny Fafo-rapport. Dobbelt så mange bygg- og anleggsbedrifter har utanlandsk arbeidskraft no som for tre år sidan, skriv Aftenposten. 3.700 daglege leiarar har delteke i undersøkinga. (NPK) Lediggang gir meir kriminalitet Unge, ugifte menn som mistar jobben har større risiko for å bli sikta for kriminalitet enn jamaldringar som er i arbeid. Det er nokre av funna i ei ny undersøking gjennomført av Statistisk sentralbyrå (SSB). Det er synd at dei alltid skal få skulda, seier Ragnar Hovland i ein litt lengre kommentar. På den andre sida kan du vel seie at om nokon fyrst skal sitje i fengsel, så er vel ikkje ugifte, unge menn utan jobb dei som ofrar mest. God samfunnsøkonomi, spør du meg. Illustrasjonsfoto: Nick Winchester/stock.xchng d om digitale oppslagsverk? Illustrasjon: ilker/stock.xchng svært ulike i oppbygging og utsjånad, og vil sikkert ha ulike roller. Eg går ut frå at folk vil ha meir tiltru til eit «skikkeleg» styrt prosjekt med namngjevne, vurderte bidragsytarar som Allkunne. På den andre sida har Wikipedia eit stort internasjonalt samarbeid som gjer det lettare for oss å få tak i frie filer, oppdatert informasjon og ulike fakta, seier Ranveig Thattai på Samfunnshuset. Framleis eit fullgodt leksikon Allkunne har til no konsentrert seg om den nynorske kulturhistoria. Det vil seie at ein kan finne artiklar om nynorske forfattarar, institusjonar og kommunar. Dei har likevel ambisjonar om å gjere det til eit leksikon. Me har byrja med den nynorske kulturhistoria, men planen om å utvikle Allkunne til eit fullgodt leksikon har vore der heilt sidan starten. Det er det framleis, seier Erik Helleve som er dagleg leiar i Allkunne. Difor skal Allkunne snart i gang med å omsetje og leggje til rette om lag 32 000 artiklar som dei har fått kjøpe frå Caplex. Difor vil ein om ikkje altfor lenge finne to nynorske oppslagsverk av ein viss stor- leik på nett. Ikkje noko samarbeid Wikipedia har føremoner som stor dugnadsinnsats, eit veldig godt kjend merkenamn og tekniske løysingar som heile tida vert betre. Allkunne sit på mykje fagleg tyngd, store nettbibliotek, oppslagsverka til Samlaget og har økonomisk ryggrad til å betale folk for å skrive tyngre og kvalitetssikra artiklar. I utgangspunktet skulle ein tru at her låg det til rette for eit samarbeid. Eit slikt samarbeid finst derimot ikkje. Me har ikkje noko samarbeid, og me har heller ikkje gjort nokon framstøyt mot dei, seier Eirik Helleve i Allkunne. Men Trond Trosterud skisserer på Samfunnshuset korleis eit slikt samarbeid kunne ha fungert. Det eg ser på som mest aktuelt, er samarbeid bidom tilgang tilkjld kjeldemateriale. il Dt Det er ikkje ein uproblematisk tanke. Det hadde vore flott om Allkunne (eller Drifta av Wikipedia er i all hovudsak basert på gåver frå brukarar og andre. Kvart rettare: om dei ulike nynorskinstitusjonane rundt Ivar Aasen-tunet og Høgskolen) hadde gjort så mykje kjeldemateriale millionar dollar på denne måten. Det finst år får heile organisasjonen inn over seks (tekstar, bilete) som mogleg tilgjengeleg for nokre få unnatak. Til dømes har Sametinget løyvd 350 000 kroner for å revitalisere oss til bruk på Wikipedia. Eit slikt tiltak ser eg på det viktigaste samarbeidstiltaket, og Nordsamisk Wikipedia. Tyske styresmakter gav pengar til den tyske varianten for å med tanke på Wikipedia sin posisjon også som eit viktig tiltak for å fremje nynorsk få fleire artiklar om fornybar energi. I 2007 skriftkultur. fekk Thattai eit av stipenda som Noregs Ein som berre kallar seg Knut har eit Mållag kvart år deler ut, og det vart reaksjonar. I dette tilfellet gjekk kritikken på anna godt framlegg. Eit anna samarbeidsprosjekt for Allkunne og Nynorsk Wikipedia kunne vere kom med pengane. Thattai og Mållaget var at det var ein interesseorganisasjon som å utvikle ei felles søkjeside. Søkjer du på likevel raskt ute med å seie at dette berre «Rasmus Flo» eller for den saks skuld «Sgt. handla om språk, ikkje om innhald. Ho Peppers s Lonley Hearts Club Band», og ikkje får treff på Allkunne, kunne du bli vist Så i utgangspunktet skulle det ikkje vere skulle få skrive om det ho ville sjølv. til ein alternativ artikkel på nynorsk Wikipedia. Det ville tent båe nettstadene, spesi- såg det som viktig at den nynorske varian- noko i vegen for at norske styresmakter elt den minste, det ville tent brukarane, og ten voks seg sterkare. Brukarane er likevel det ville tent målsaka, skriv han. skeptiske når eg spør dei om dette. Dei Eirik Helleve i Allkunne seier at dette er vil gjerne ha pengar, men då til kursing av ei ny problemstilling, og at noko slikt samarbeid ikkje har vorte vurdert. singane. Moglegvis til frikjøp av allereie skribentar og til drifting dei tekniske løy- Men me kan gjerne ta ein intern runde eksisterande oppslagsverk som Store medisinske leksikon, omsett og «wikifisert» på dette, seier Helleve. Me er jo i ein oppstartsfase og er opptekne av å få tak i så mange skribentar som vore det berande prinsippet, og det må det inn i Nynorsk Wikipedia. Men dugnad har råd. Det å skrive artiklar for leksikon, og å framleis vere, meiner dei fleste. skrive gode tekstar på nettet, kan vere ei utfordring, og det er ikkje tvil om at mange som har skrive mykje for Wikipedia, har kompetanse på dette. Skriv for båe Ein av dei som allereie skriv for både Allkunne og for Wikipedia er Rolf Theil. Eg skriv ein heilt eigen type artiklar for Allkunne, nemleg 366 språkartiklar, i utgangspunktet eit oppdrag for Ivar Aasen-tunet, etter ein heilt fast mal og med ein tidsfrist. Wikipedia-skriveria mine er ein fritidssyssel, der eg skriv om kva som helst og nærast i kva form eg ønskjer. Eg synest dette oppslagsverket inneheld mykje bra, og eg synest det er greitt at eg følgjer litt med på mine eigne fagområde og gjer ymse omvølingar og tillegg når eg synest det trengst. Er det slik at du tek lettare på det om du skriv for Wikipedia enn når du skriv for Allkunne? Nei, eg tek absolutt ikkje enklare på det når eg skriv for Wikipedia! Statsstøtte? Allkunne seier om seg sjølv at det er eit demokratisk, utdanningspolitisk, kulturpolitisk og geografisk viktig prosjekt. Det kan ein fort kome til å seie om Wikipedia òg. Den einaste grunnen til at Nynorsk Wikipedia finst, er at det sit personar der ute som meiner at det er viktig at det er råd å finne nynorsk faktainformasjon på nettet. Spørsmålet er om ein ikkje då burde ha rom for å støtte Wikipedia økonomisk på same måten som ein støttar Allkunne. Heller politisk støtte Ein skal vere veldig varsam med å skiple grunnlaget for den frivillige innsatsen. Den er gull verdt, skriv Ulf Larsen i ein e-post. Han er sjølv ein av desse frivillige. Han trur ei direkte støtte vil vere øydeleggjande. Det han etterlyser, er ei politisk støtte. Situasjonen i dag er diverre slik at mange ressurspersonar anten ser ned på Wikipedia eller ignorerer nettstaden av di han blir sedd på som dårleg, lite grundig og uinteressant. Difor er det viktig at det kjem positive politiske signal frå høgt hald, det vil seie anten frå kulturministeren, statsministeren eller regjeringa og så kan ein håpe at det vil kunne føre til at lærarar, bibliotekarar, offentlege og private informasjonsmedarbeidarar i større grad tek Wikipedia seriøst og nyttar seg av det. Oddmund Løkensgard Hoel, som leverte inn prosjektrapporten om ein nynorsk kunnskapsbase på nettet for sju år sidan, meiner at her bør ein ri to hestar. Allkunne vil ha sin store styrke som oppslagsverk innanfor nynorsk kulturhistorie og må ta sikte på å vere den sterkaste nettressursen på dette feltet. Ambisjonane om å bli eit fullverdig nynorsk leksikon er vel i praksis avgrensa til å bli eit nettleksikon av Caplex-storleik. Her trur eg Allkunne kan fylle ein viktig nisje og vere ei stor vinning særleg til undervisningsbruk. Samstundes er det viktig at me hjelper fram Nynorsk Wikipedia til å bli eit stort og godt allmennleksikon. KJARTAN HELLEVE kjartan.helleve@nm.no NORSK TIDEND NR. 5 2009 7

målnytt Nynorskpraktikant i Aura Avis Riksfondet for nynorsk presse har gitt 25 000 kroner i støtte til Nordmøre Mållag som skal gå til å finansiere ein praksisplass i Aura Avis. Ideen om å skaffe praktikant til lokalavisa kom opp for 4 5 år sidan i eit møte Ingar Arnøy og Nils Ulvund, prosjektleiar i Nordmøre Mållag, hadde med redaktør Lars Steinar Ansnes i Aura Avis. Seinare og spesielt etter seminaret om avisspråk i mars 2008, har redaktøren vore positiv til å sleppe til meir nynorsk i avisa. I kontakt med Ålvundfjord og Ålvundeid Mållag har avisa ytra ønske om å få tak i ein journalistpraktikant som skriv nynorsk. Avisa har sjølv ikkje midlar til praktikant. Nytilsetting er heller ikkje aktuelt i avisa i nær framtid. Difor gjekk Ålvundfjord og Ålvundeid Mållag til Periferifestivalen fekk målpris Sotra Mållag har delt ut den årlege målprisen. Målkipo gjekk til Periferifestivalen medan Sartor Senterforvaltning fekk Målblomen. Straume: Vi er sjølvsagt særs nøgde med å få ein slik pris. Vi har jobba målretta med språk både i høve til annonsering, brev, brosjyrar og annan marknadsføring. Dette er som å få karakteren S på ein nynorskstil på ungdomsskulen, seier ei glad Helga Golten. Ho er presseansvarleg for Periferifestivalen og tok i mot prisen på vegner av festivalen. Eit unnatak Leiar i Sotra Mållag, Karstein Bjørge, fortel at Periferifestivalen er eit godt unnatak i festivalane si verd. Målkipo vert i år gjeven til ei gruppe unge menneske som har markert seg på eit felt der det sjeldan ser ut som om god språkbruk har høgste prioritet, sa Bjørge under utdelinga. Ein av hovudgrunnane til at festivalen fekk prisen, er naturleg nok dei språklege formuleringane som Periferi-gjengen nyttar. Festivalar av liknande slag brukar gjerne både engelsk og halvgodt bokmål for å presentera seg. Slik er det ikkje med arrangøren som held til i sjøkanten på Glesvær. Dei nyttar skikkeleg nynorsk som òg er krydra med gode uttrykk frå dialekten på staden, skryt Bjørge. Betyr mykje Ein slik pris heng høgt hjå Periferigjengen som i år arrangerte festival for tredje året på rad. Det Anne Margrethe Eidhammer har sendt eit opprop frå 50 ordførarar om nynorsk læremateriell til framandspråklege, til Kunnskapsdepartementet. Svaret karakteriserer ho som tannlaust. I vår sende Anne Margrethe Eidhammer, leiar i Vindafjord Mållag, eit brev til ordførarar i nynorskkommunar med tittelen «Stø kravet om nynorsk undervisningsmateriell i alle fag til framandspråklege». Brevet var sendt ut i samarbeid med LNK. Bakgrunnen var at Mållaget hadde sett seg lei på at framandspråklege i nynorskkommunar fekk undervisning og materiell på bokmål. Noko materiell finst på nynorsk, men det er langt i frå komplett. No ville Eidhammer ha med seg ordførarane for BLOME: Senterleiar ved Sartor Storsenter, Marianne Christi Nyborg, fekk Målblomen av leiar i Sotra Mållag, Karstein Bjørge. Foto: Erik Bentdal Støverud Tannlaust svar frå departementet å få styresmaktene til å satse på meir og betre nynorsk opplæringsmateriell. Mykje arbeid Det har vore mykje arbeid. Eg måtte ta personleg kontakt med alle ordførarane fordi dei ofte ikkje har tid til å lese all e- posten som kjem, fortalde Eidhammer til lokalavisa Grannar i sommar. Det har vore tidkrevjande, men også positivt og kjekt. Eg likar å snakke med folk, og det har vore oppmuntrande med all den positive responsen. Fleire takka for initiativet, sa Eidhammer. Men underskrifta og støtta frå ordførarar i meir enn femti nynorskkommunar var ikkje nok til at Kunnskapsdepartementet tok saka alvorleg. I det stutte svaret stod det berre: «Departementet har teke synspunkta med seg i det vidare arbeidet med å sikre læremiddel på valfri målform for alle elevar i opplæringa.» MÅLKIPO: Helga Golten tok i mot Målkipo på vegner av heile Periferifestivalen. Ho nytta høvet til å testa ut kipo med det same. Foto: Erik Bentdal Støverud Ja, dette er tannlaust, sa Eidhammer til Grannar. Det er ikkje eit svar, men berre ei registrering av at dei har lese brevet, seier ho. Bergens Tidende skreiv om saka og tok kontakt med Kunnskapsdepartementet for å spørje om kvifor dei ikkje tok saka meir alvorleg. Der fekk dei opplyst at ansvarsområdet tilhøyrde Barne- og likestillingsdepartementet. Eg skjønar godt at ho er misnøgd med svaret, og me burde ha opplyst at dette ikkje var heilt vårt ansvarsområde, sa statssekretær Lisbeth Rugtvedt (SV) til avisa. Ho ville syte for at brevet vart sendt til rett mottakar. Barne- og likestillingsdepartementet ønskte ikkje å kommentere ordføraroppropet før dei har fått handsama saka. KJARTAN HELLEVE kjartan.helleve@nm.no betyr mykje for oss. Språket er ein del av vår identitet og profil. Korleis vi uttrykkjer oss, seier også noko om kva for ein type festival folk kan venta seg. Det er ikkje berre vi i styret som har ære for dette arbeidet. Mellom anna har nettredaktørane våre Elin Golten og Terje Birkelund gjort ein strålande jobb, seier Helga Golten. Å få ein målpris skapar også forpliktingar. Tidlegare har folk gjeve uttrykk for at dei set pris på profilen vår. Det å få Målkipo gjer at vi må følgja opp. Fyrste steg på den vegen var å melda Periferifestivalen inn i Mållaget. Det gjorde eg GALEN ADRESSE: Kunnskapsminister Kristin Halvorsen. Begge foto: regjeringen.no på sundag, seier Golten med eit smil. Sartor Storsenter og deira senterforvalting vart også heidra av Sotra Mållag. Det er utgjevinga av «Samfunnsrapport 08» som gjer at Mållaget ønskjer å gje Sartor Senterforvaltning a.s. Målblomen. Det at heile rapporten på 35 sider er skriven på nynorsk, gjer at vi i Mållaget jublar. Vi vonar at Sartor Storsenter og andre verksemder på Sotra ser verdien av å bruka nynorsk i vidare samfunnskontakt og marknadsføring, seier leiar Karstein Bjørge. Marianne Christi Nyborg tok imot prisen på vegner av senterforvaltinga. Det er utruleg kjekt å få ein slik pris. Vi veit at storsenteret ligg i ein region der folk nyttar både nynorsk og bokmål. Vi har gjort eit bevisst val. Storsenteret brukar bokmål når ein vender seg mot heile bergensområdet, medan senterforvaltinga nyttar nynorsk i rapportar og ulike skriv, fortel senterleiaren. Dikt, piano og humor Utdelinga av målprisene fann stad på Sotra Mållag sin kulturkveld i Fjell rådhus. Kring 40 personar var samla i kantina. I tillegg til prisar blei det òg servert kulturelle og etande godbitar. Forfattaren Reidun Fjæreide Algrøy las eigne dikt, Ungguten Stian Nøkleby spelte «Henrys Dream» på piano, medan skodespelar Eivind Mortensen sytte for at folk fekk trimma lattermusklane. ERIK BENTDAL STØVERUD/ VESTNYTT erik@vestnytt.no RETT ADRESSE: Barne- og likestillingsminister Audun Lysbakkken 8 NORSK TIDEND NR. 5 2009

Nordmøre Mållag og Nils Ulvund for å leita etter måtar å finansiere ei slik stilling på. No har Riksfondet for nynorsk presse løyvd 25 000 kroner som skal finansiere ein nynorskpraktikant. Pengane blir utbetalte når ein praktikant er på plass. I tillegg til praktikantløna gjev Nordmøre Mållag stipend på 5000 kr. Dette syner at alt er mogleg, seier ein oppglødd Nils Ulvund. No er det berre å finne rett praktikant. Det er enno ikkje heilt spikra når praksisperioden skal vere. Eg meiner det må gjere det enklare å få journalistspirer til å søkje når dei òg får stipend. Om nokon har idéar om korleis me kan få ein dyktig nynorskskrivande journalist til Nordmøre, tek eg imot framlegg med takk. KJARTAN HELLEVE kjartan.helleve@nm.no Gripande kulturkveld Det vart ein kulturkveld av dei sjeldne då mållaga i Ullensvang og Odda inviterte målfolk og andre kulturinteresserte til Odda kino ein sundag ettermiddag i oktober. TERJE VIGEN: Helge Jordal skapte seg om til Ibsens figur og levandegjorde det lange diktet etter fyrst å ha gitt publikum bakgrunn for den dramatiske historia Foto Mette Bleken/ Hardanger Folkeblad Odda kino var mest fullsett om ein reknar med dei som skulle på scena. 250 selde billettar er status for dei to mållaga. Kvelden var vellukka, og dei skipar gjerne til ein ny kulturkveld når det lir litt på. Stjernelag Med Liv Bernhoft Osa, Geir Botnen og Helge Jordal på laget var det duka for stor kunst frå scena. Olav H. Hauge sine dikt, tankar og vurderingar vart levandegjorde av Liv Bernhoft Osa. Ho las dikt og brokkar frå dagbøkene til Hauge, datert 18. oktober, same dato som kulturkvelden vart halden, medan Geir Botnen spela Geirr Tveitt sin musikk som akkompagnement og råme. I tillegg til nasjonale stjerner, hadde lokale krefter noko å by på også. Mellom anna Chorus 80 og Follesø Mannskor. Det siste song ein song aleine, før det vart samsong med austsidekoret frå Ullensvang. FESTKVELD: Alle bidragsytarane samla på scena til ein siste allsong. Foto Mette Bleken/ Hardanger Folkeblad Spesielt Tirna Noir frå Vamprepertoiret varma. Folkemusikarane Lajla Renate Buer Storli og John Ole Morken hadde ei eiga avdeling med gitar, fele og song. Ove I. B. Danielsen, Jan Kjetil Flattun og Renate Paulsen song «Song til Odda». Språkdirektør og målmann Sylfest Lomheim batt programmet saman på sitt lune og klåre vis, og fekk sagt mykje godt om språk, mål og kultur undervegs. Terje Vigen rørte HF fekk diverre ikkje med heile arrangementet, men kan forsikra at Ibsens «Terje Vigen» har vakna til nytt liv. Helge Jordal med musikalsk fylgje, komponert av Ivar Bøksle, gjorde Terje Vigen så levande; glad, lidande, sinna, bitter, takknemleg og vis; og tok samstundes både historia, krig, armod, kamp og solidaritet opp til overflata. Det var mange våte auge i kinosalen då Terje Vigen stod på scena i Helge Jordal sin skapning. 54 minutt tok dramaet om livet og lagnaden til Terje Vigen på scena i Odda kino. Den knappe timen var mest over før han byrja. Og sjølvsagt var det allsong. Som seg hør og bør der målfolk møtest. På mål med meining. METTE BLEKEN/ HARDANGER FOLKEBLAD mette@hardanger-folkeblad.no Østfoldmålprisen til Magne Aasbrenn Då Østfold Mållag feira 20-årsjubileum, gjekk Østfoldmålprisen til leiaren gjennom dei siste sju åra, Magne Aasbrenn. Det var ein svært overraska leiar som tok imot prisen, eit tresnitt av Østfold-kunstnaren Odd Skullerud. Den fyrste leiaren i Østfold Mållag, Per Thorvald Larsen, sa det slik: Obama fekk fredsprisen for tidleg. Eg skal ikkje seie at du fekk denne prisen for seint, men det var iallfall på høg tid. Østfold Mållag var frå starten eit lokallag i Vikværingen, som er eit fylkeslag i Noregs Mållag. I 1994 vart det danna tre lokale mållag i Østfold: Fredrikstad Mållag, Sarpsborg Mållag og Indre Østfold Mållag. Østfold Mållag vart då eige fylkesmållag. Derfor kunne laget no feire 20-årsjubileum som lag, og 15-årsjubileum som fylkeslag. Medlemstalet ELDSJEL HEIDRA: Prisvinnar Magne Aasbrenn og Aud Søyland, nestleiar i Noregs Mållag. Foto: Arne Kvernhusvik har vakse frå 34 til 85 på dei tjue åra, og laget har heile tida hatt mykje aktivitet. Jubileet vart feira på Fjeld gård ved Isesjøen i Skjeberg. Alle dei fire som har vore leiar i Østfold Mållag, Per Thorvald Larsen, Eldbjørg Skaug og Ragnhild Lier og Magne Aasbrenn, var til stades og heldt helsingstalar. Også Noregs Mållag helsa jubilanten med ein gåvesjekk til eit godt målprosjekt i Østfold. Pressemelding Terje Aarset DEN NYNORSKE SONGSKATTEN Den nynorske songskatten er historia om femten songar, frå «Blåmann» og «Mellom bakkar og berg» til «Å Vestland, Vestland» og «Det lyser i stille grender». Forfattaren har lagt særleg vekt på å få fram samspelet mellom tekst og tone og bruken og utbreiinga av songane. Til alle songane er det notar for piano og/eller blandakor. ISBN 978-82-450-0905-7 kr 399 l 205 sider www.fagbokforlaget.no e-post: ordre@fagbokforlaget.no ordretelefon: 55 38 88 38 NORSK TIDEND NR. 5 2009 9

Maria Parr nominert til både Brageprisen og Bokhandlarprisen Maria Parrs bok Tonje Glimmerdal, som snart er ute i tredje opplag, gjer det svært bra både i bokhandlane og blant kritikarane. Det er sjeldan at ei barnebok blir nominert til både Bokhandlarprisen og Brageprisen. Boka har allereie skapt oppsikt i utlandet, og forlag i fem land har sikra seg omsetjarrettane til boka. I tillegg til den store anerkjenninga det er for ei barnebok å bli nominert både til Bokhandlarpris og Bragepris, gjer boka det veldig bra også internasjonalt. Det er uhyre sjeldan at ein så fersk barnebokforfattar får slikt internasjonalt gjennomslag som Maria Parr har fått med den nye boka Tonje Glimmerdal og debutboka Vaffelhjarte. Dette er stort å få vere med på, seier Ragnfrid Trohaug, redaktør for barne- og ungdomsbøker i Samlaget. Samlaget har to andre nominerte til Brageprisen, Lars Mæhle for ungdomsboka Landet under isen og Tove Bakke for omsetjinga av Anna Gavaldas siste roman, Lykka er ein sjeldan fugl. (Samlaget) Store ord må følgjast opp med store summar Regjeringa har ein veldig offensiv språkpolitikk i bokstavar, men eg saknar ein like offensiv språkpolitikk i kroner, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag. Auka tilskot Regjeringa har lagt fram budsjettframlegget for 2010. Øvregård er godt nøgd med auka tilskot til Noregs Mållag, og trur at auken i dei økonomiske rammene for biblioteka, Kulturrådet og lærebøker vil gagne nynorskbruken. Han ser òg fram mot etableringa av eit nytt kunnskapssenter for utdanning frå 2011. Dette er noko me har etterlyst i fleire år, og er glade for at dette no har kome på plass. Det er svært viktig at me får meir forsking og fleire fakta på bordet kring spørsmål om målbyte og om sidemål. Vekk med kansellispråket Språkrådet har gitt ut heftet Kansellisten, ei liste med litt stive ord og uttrykk som er sjeldan nytta i daglegspråket, men som dukkar opp i brev og andre tekstar frå det offentlege. Kansellistil og kanselliord kan skape avstand mellom avsendar og mottakar. Denne lista inneheld framlegg til uttrykk som er meir forståelege. Ting heftet hjå Språkrådet eller last det ned frå nettsidene deira. (Språkrådet) «Litt meir» om Olav H. Hauge Dei nye nettsidene for Olav H. Hauge www.forfattar.net/olavhhauge/ er ei skattekiste av materiale om og av forfattaren. Mottoet for arbeidet med sidene har vore «litt meir». Den som er nysgjerrig på Hauge eller allereie kjenner godt til forfattarskapen hans, skal skriva særemne om han eller forska på dikta hans, skal kunna finna «litt meir» her. Sidene inneheld tekst, bilete, lyd og film, så ein får møta diktaren på ulike vis. Her er mykje informasjon om Hauge i form av intervju, biografi og bibliografi, bokmeldingar og masteroppgåver. I tillegg Han saknar likevel konkrete satsingsområde. Kyrkje- og kulturdepartementet skal ha ros for at dei har sett språkpolitikk på dagsorden slik dei gjorde med Språkmeldinga. Det gav oss trua på at det no ville kome ei skikkeleg satsing. Det kan eg ikkje sjå i dette budsjettframlegget. Språkbanken var det viktigaste og dyraste tiltaket i Språkmeldinga, ei melding Kulturminister Trond Giske kalla den viktigaste meldinga han la fram i førre perioden. Ei etablering av Språkbanken vil koste minst 100 millionar kroner, men i dette framlegget er det berre sett av 5,5 millionar. Det syner at det enno er eit stykke igjen til samsvar mellom ord og handling i språkpolitikken. Store gode ord må følgjast opp med store summar, seier Øvregård. Kringkastingsringen søkjer Vikar for dagleg leiar Dagleg leiar går ut i foreldrepermisjon 1. januar 2010. Vi søkjer difor etter ein vikar i 80 prosent stilling frå 1.1.2010 til 1.7.2010. Sjå utlysing på www.kringkastingsringen.no/vikar, eller kontakt dagleg leiar på telefon 23 00 29 50 for meir informasjon. Søknadsfrist: 20. november 2009 har ein fått leggja ut mange av Hauge sine eigne tekstar. Her finst dikt, omsetjingar, brev og dagboknotat. Sidene vart offisielt lanserte på Brakanes Skule i Ulvik, og Haugesenteret ynskjer å profilera sidene mot skuleverket. På sikt ynskjer ein å få inn eit pedagogisk opplegg på sidene, men allereie i dag vil sidene fungera som ei god støtte i undervisning. Norsk Plan har utarbeidd sidene, som er ein del av ein forfattarportal som også husar sider for Rasmus Løland. Seinare kjem der sider for Arne og Hulda Garborg. Rydd opp i Det trengst ei opprydding i opplæringslova. I dag er lova sjølvmotseiande, hindrar kommunane å gjennomføre vedteken språkpolitikk og svekkjer vilkåra for nynorskelevane, seier Håvard Øvregård, leiar i Noregs Mållag. I opplæringslova heiter det at kommunen vedtek kva som skal vere hovudmålet på barneskulen. Foreldra har derimot høve til sjølve å avgjere kva språk lærebøkene skal vere på, unnateke norskfaget, der skal lærebøkene vere på det vedtekne hovudmålet for skulen. Umogleg å forsvare Bør ikkje foreldra få ha denne retten? Nei, slår Øvregård fast. Tenk denne stoda: Elevane skal lære nynorsk som fyrste opplæringsmålet frå 1. til og med 7. klasse. I naturfagtimane, i historie, i religion sit elevane og les lærebøker på bokmål. Læraren skriv nynorsk på tavla, alle prøvene er skrivne på nynorsk, læraren viser jamt til sidetala i den nynorske læreboka. Det er heilt umogleg å forsvare ein slik praksis pedagogisk. Korleis skal elevane lære å skrive nynorsk på denne måten? Haustseminaret til Noregs Mållag synte at det framleis er mykje som skil dei to språkleirane, men at det òg finst punkt ein er samde om. Framleis er me nok meir usamde enn samde, men to punkt einast me om: god språkrøkt og meir offentleg normaltalemål, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag. Han meinte dette berre bør vere fyrste steget i eit arbeid over tid for å få gjennomslag for saker dei to rørslene er samde om. Det var tyskprofessor ved Universitetet i Oslo, John Ole Askedal som representerte Riksmålsforbundet og han takka for den overraskande invitasjonen. OPPLÆRINGSLOVA 2-5 Foreldra kan velje lærebøker: 3. ledd, fyrste setning: Foreldra vel målform i lærebøkene til elevane til og med 7. klassetrinnet. Foreldra kan oppheve vedtak i kommunestyret om opplæringsmål: 1. ledd, fyste setning: Kommunen gir forskrifter om kva målform som skal vere hovudmål i dei enkelte skolane. 4. ledd, fyrste setning: Når minst ti elevar på eitt av klassetrinna 1-7 i ein kommune ønskjer skriftleg opplæring på eit anna hovudmål enn det kommunen har vedteke, har dei rett til å tilhøre ei eiga elevgruppe. Tidlegare 4. ledd: Når minst ti elevar på eit av klassetrinna 1-7 i ein kommune ønskjer skriftleg opplæring på eit anna hovudmål enn det kommunen har vedteke, har dei rett til eigen klasse dersom det ikkje blir mindre enn ti elevar igjen i den klassen eller i kvar av dei klassane elevane går ut frå. Finst det døme på skular der slikt skjer? Ja, det gjer diverre det. Seinast i haust fekk foreldre til nynorskelevar på Åmli skule dette «tilbodet». I Notodden, på Yli Etter ein langvarig strid, så treng me etter Språkmeldinga ikkje å stridast lenger. Me kan like godt leve i fred med kvarandre, og Rygi skular var det røystingar i 2000 der nynorsken vann. Like fullt «orienterte» kommunen foreldra om at dei kunne velje å få lærebøkene til borna sine på bokmål. Diverre er det store sjansar for at dette skjer på ein del skular, og det er jamt på nynorskskular det skjer. Kvifor finst denne ordninga? Det er ikkje lett å svare på. Ingen evnar å grunngje denne paragrafen i opplæringslova på ein vitug måte. Vi prøvde å ta saka opp med dåverande kunnskapsminister Djupedal i 2006, men lukkast ikkje å overtyde ministeren om at lova laut endrast slik at lærebøkene i alle fag på barneskulen som regel skal fylgje hovudmålet Diverre er dette berre ein av fleire lyte i opplæringslova, sukkar Øvregård. Kan oppheve vedtak Kva andre lyte tenkjer du på? Som sagt er det kommunestyret som vedtek hovudmålet for kvar barneskule. Det har vore slik i svært lang tid av di opplæringsspråket på ein skule er ei sak for heile lokalsamfunnet. Like fullt har foreldra hatt høve til å påverke opplæringsmålet til sitt eige barn ved retten til å lage språkdelingsklassar, det vi før kalla parallellklassar (no grupper). Det var eit vilkår som laut stettast for at foreldra kunne krevje å få oppretta ein eigen klasse med anna hovudmål: at det var minst ti elevar att Håpar på meir samarbeid med FRED: Mållagsleiar Håvard B. Øvregård meiner det er viktig å sameine dei språkpolitiske kreftene i Noreg. Foto: Jens Kihl sa Askedal til Bergens Tidende, som skreiv ein lengre artikkel om seminaret. Håvard B. Øvregård forklarte invitasjonen med at det er viktig å sameine dei språkpolitiske kreftene i Noreg. Det er ikkje altfor mange som er opptekne av språkpolitikk i Noreg. Riksmålsforbundet har synspunkt og meiningar som det er viktig å ha med i eit språkpolitisk ordskifte, sa han til avisa. Bergens Tidende fylgde opp med ein leiar der det mellom heitte at «de to målformene har vært til berikelse for norsk kultur, med et samlet ordtilfang, formverk og språklig mangfold som språkstriden ikke har verdsett, som fordommer har overskygget. Riksmålsforbundet og Mållaget har et samlet ansvar for å forvalte denne arven. 10 NORSK TIDEND NR. 5 2009

Framleis lodd igjen Det er framleis to reisesjekkar att, seier loddansvarleg Berit Krogh. Noregs Mållag skipar kvart år til eit Kulturlotteri som gjev ekstra pengar til viktig målarbeid. I år er det tre fyrstevinstar, tre reisesjekkar på fem tusen kroner. Så langt er det éin vinnar som har vore så heldig å skrape fram den heldige kombinasjonen. Det betyr at det framleis er to vinnarlodd til fyrstepremien i loddbunken, seier Berit Krogh hjå Noregs Mållag, som er ansvarleg for lotteriet. Ho understrekar likevel at det er mange andre flotte vinstar å vinne. Kvart år prøver me å setje saman ei liste med vinstar som me trur vinnarane kan setje pris på. I år er vinstane glasskåler frå Glashytta, minigrafikk og ei lydbok der Halldis Moren Vesaas les eigne dikt. Sjølv femtevinsten er ei skikkeleg bok. Njålssoga går ikkje ut på dato med det fyrste, seier Krogh. Ho tipsar om at lokallaga kan kjøpe rimelege lodd som kan dei selje vidare med god forteneste. Det kan vere med på å sprite opp kva tilstelling som helst, meiner Krogh. Lotteriet blir avslutta 31. desember. opplæringslova OPPRYDDING: Opplæringslova er sjølvmotseiande, meiner Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag. på klassesteget med det opphavlege hovudmålet. I 2003 vart dette atterhaldet fjerna; no er det ikkje noko krav om at det skal vere att minst ti elevar att med det opphavlege hovudmålet. Kva konsekvensar får det? Det kan føre til at kommunestyret vedtek at nynorsk skal vere Foto: Kjartan Helleve hovudmålet på ein skule. Dinest vel, lat oss seie foreldra til 22 av 24 elevar i 1. klasse vel bokmål for borna sine. Då står nynorskskulen att med to nynorskelevar. Dette har skjedd m.a. i Gausdal og Ålgård. Vi kan òg snu det andre vegen: På Majorstua barneskule skal det byrja 50 elevar 48 av foreldra vel nynorsk for borna sine. Då vert det att éin bokmålsklasse med to elevar. Det er svært ille at opplæringslova på denne måten utholar sjansen kommunane har til å vedta og gjennomføre ein eigen språk- og kulturpolitikk. Ny opplæringslov Trur du det nye stortinget vil endre desse mishøva? Ja, det trur eg skal vere mogleg. Det er fleire sider ved lova som òg bør vølast på, men desse to sakene er viktige å få endra snøgt. Politikarane, same kva målsyn dei måtte ha, bør sjå at dei må få rydda opp i dette rotet. Kva vil Noregs Mållag gjere? Vi vil med det fyrste be om møte med den nye statsråden der m.a. desse sakene vert tekne opp. Vi vil òg ta saka opp med Løvebakken Mållag og syte for at medlemene tek saka opp med partia sine. Dei siste åra har det kome ei rad grunnlagsdokument som stakar ut retninga for språkutviklinga i Noreg, og det er mykje godt som står i desse. Då burde dei same styresmaktene sjå til at lovverket samsvarar med deira eigen politikk, oppsummerer Øvregård. INGAR ARNØY ingar.arnoy@nm.no Riksmålsforbundet Noreg... Noregs Mållag inviterte Riksmålsforbundet til haustseminaret i Bergen til å halde ei innleiing om utfordringar for eit tospråkleg Noreg. Dette var berre éi av fleire innleiingar som tok utgangspunkt i Språkmeldinga som slår fast at norsk språkpolitikk er å ta vare både på bokmål og nynorsk. Filosofiprofessor Gunnar Skirbekk ved Universitetet i Oslo tok føre seg arven etter samnorskpolitikken i Noreg, medan Ottar Grepstad ved Nynorsk Kultursentrum synte fram tenkte konsekvensar av ein tospråkspolitikk av både den positive og den negative sorten. Han la òg fram nokre tankar om kva som skal til for å kome dit.... og Europa Laurdagen på seminaret var òg den europeiske språkdagen, og Gro Morken Endresen, dagleg leiar i Noregs Mållag, peika på korleis ein har teke til dels drastiske juridiske grep i andre europeiske land for å sikre seg ei framtid for nasjonalspråka sine. Her er det forbod og påbod, bøter og harde ord for den som kastar seg på engelskbylgja. Kunne vi gjere noko liknande i Noreg? Trond Trosterud, fyrsteamanuensis ved institutt for språkvitskap ved Universitetet i Tromsø har lang røynsle i å arbeide midt i språkmangfaldet. Hans bodskap var at språkmangfald slett ikkje er noko unikt, men noko heilt vanleg, både i Noreg, Europa og resten av verda. Breie drag av utfordringane for nynorsken blei drøfta gjennom ein rad innleiingar om den norske stoda. Synnøve Skjong, fyrstelektor i norsk ved Høgskulen i Oslo, heldt ARV: Filosofiprofessor Gunnar Skirbekk tok føre seg arven etter samnorskpolitikken. Foto: Jens Kihl innleiing om lærarutdanninga. Ho synte at alt slett ikkje er på stell hjå morgondagens nynorsklærarar, men at det samstundes finst ljos i tunnelen i form av gode, konkrete tiltak. Morten Søberg, politisk rådgjevar på Stortinget for Senterpartiet, såg på om maktstrukturane i det norske samfunnet er til hinder eller gode for nynorsken, og lot innleiinga munne ut i fem heilt konkrete arbeidsoppgåver for Mållaget frametter. Kva no? Håvard B. Øvregård batt seminaret saman med ein gjennomgang av kva som er dei konkrete utfordringane for nynorsken no sett i ljos av stortingsvalet berre dagar tidlegare. Og som det høver seg for ein mållagsleiar peika han òg på korleis vi skal møte desse utfordringane og kva plan i organisasjonen som skal gjere det. JENS KIHL jens.kihl@nm.no Mimi Bjerkestrand Foto: Utdanningsforbundet Bjerkestrand tek over etter Hetland Mimi Bjerkestrand er vald til ny leiar i Utdanningsforbundet etter Helga Hjetland. Haldis Holst blir nestleiar. Det har vore ein lang og krevjande, men god prosess. Eg er audmjuk og kjenner eit veldig alvor. Eg er klar for å ta dette ansvaret, men eg har ikkje sjanse åleine. De må hjelpe meg, sa Bjerkestrand då valsigeren var eit faktum. (NPK) NORSK TIDEND NR. 5 2009 11

Idébok for lærarstu Skuld jamstellingsvedtaket i 1885 lyt alle elevar i Noreg læra bokmål og nynorsk. Dei som skal læra elevane desse språka, får derimot ikkje all verdsens undervising i båe språka. Norunn Askeland, fyrsteamanuensis ved Høgskolen i Vestfold og Cecilie Falck-Ytter, lektor ved Solvang skole i Asker ville gjera noko med dette og har nett kome med ei idébok: Nynorsk på nytt. Kvifor ei bok for lærarstudentar og lærarar? Det trengst ei slik bok. Ein ting er at det finst lite pensum om emnet i lærarutdanninga, men det er også sett av svært lite tid til undervising i nynorskdidaktikk. Det ser ut til at ein reknar med at studentane både kan nynorsk og veit korleis dei skal undervise i det, før dei tek til på lærarutdanninga. Vi meiner det er på tide å gje studentar og lærarar både kunnskap og inspirasjon til å arbeide med nynorsk som sidemål. Lærarar flest vil gjerne bli fagleg oppdaterte på feltet forsking og forsøk i sidemålsopplæring og treng dessutan å bli minte om korleis eit moderne syn på språk og språkundervisning er. I tillegg til teori ville vi ha med mange konkrete undervisningsopplegg i boka vår. Vi har tidlegare halde mange kurs for lærarar og veit kor umettelege lærarar er på såkalla «matnyttige» tips. I dag har offisiell norsk språkpolitikk staka ut ein litt annan kurs enn før med omsyn til tilnærminga mellom bokmål og nynorsk. Målet er ikkje lenger tilnærming, og dette opnar for å sjå målformene som to ulike språk som har ein god del felles, slik vi til dømes tenkjer om norsk og svensk. Om ein tillet seg å tenkje at bokmål og nynorsk er ulike, kan ein like gjerne hente metodar frå framandspråkinnlæring i nynorskundervisinga. Mykje tyder på at ein der verkeleg treng å prøve ut nye metodar som supplement til dei tradisjonelle. I boka vår viser vi fram konkrete døme på slike metodar. Språkvenleg miljø De bruker nemninga språkvenleg miljø. Kva meiner de med det? Nemninga er henta frå ein handlingsplan for språk i EU frå 2004, der målet er å fremje språklæring og språkleg mangfald. Målet er meir presist at innbyggjarane i alle byar, kommunar og regionar skal lære så mange språk som mogleg i tillegg til morsmålet sitt. For å få til dette må ein skape eit språkvenleg miljø, der det er NYNORSK PÅ NYTT Idébok for lærarstudentar og lærarar i grunnskole og vidaregåande skole. Skriven av Norunn Askeland som er førsteamanuensis i norsk ved Høgskolen i Vestfold og Cecilie Falck-Ytter som arbeider som lektor ved Solvang skole i Asker. mange høve til å bli merksam på andre språk, høyre dei, undervise i dei og lære dei. Etter handlingsplanen må det vere høve til dette i kvar ein heim og kvar ei gate, i kvart bibliotek og kultursenter, og sjølvsagt i alle former for utdanning, frå barnehage til universitet og høgskolar. Også næringslivet blir rekna som ein viktig aktør i dette arbeidet, for det viser seg nemleg at det løner seg å satse på kulturelt og språkleg mangfald, seier handlingsplanen. Multilingualisme eller fleirspråklegheit er ikkje berre ein ideologisk kjepphest, men er avgjerande for eit godt samfunn og eit godt liv for innbyggjarane, heiter det i ein seinare EU-rapport frå 2007 som særleg omhandlar språkleg mangfald. Og eit samfunn som er fleirspråkleg og praktiserer å vere det, skaper eit språkvenleg miljø. Eit slikt syn på språk og samfunn har dimensjonar over seg. Vi veit at dei innan EU reknar med rundt 60 regionale språk eller minoritetsspråk som dei no ser på som ein ressurs og ikkje eit problem. Kvar finn me slike språkvenlege miljø? Tospråklege samfunn blir frå EU si side framheva som særleg gode praksislaboratorium for språklæring. Døme på dette er Baskerland, Katalonia og Valencia. Noreg er ikkje nemnt, men om vi hadde vore medlem av EU, ville vårt land der elevane får lære to variantar av norsk, truleg blitt framheva som eit døme på god praksis og eit språkvenleg miljø. Om det verkeleg er eit språkvenleg miljø, er ei anna sak. Vi meiner at praksis i skule og barnehage i nokre høve vitnar om ei redsle for språkforvirring og språkblanding, og at ein ikkje har fått auge på kva for ein ressurs for språklæring vi har i den norske språksituasjonen. I dag tenkjer ein ikkje at fleire språk kan føre til språkforvirring, men meiner born skal få møte så mange språk som mogleg så tidleg som mogleg. På den måten vil dei rett og slett lære meir språk. Prosjekt med engelsk i barnehagen har vist seg å vere svært vellukka. Kvifor bruker ein ikkje like gjerne nynorsk på same måten, til å stimulere barns interesse for språk? Det er slike spørsmål vi stiller i boka vår. Avisredaksjonar Vi stiller også spørsmål ved om dei største Oslo-avisene er med på å skape eit språkvenleg miljø, når dei nektar journalistar med nynorsk som hovudmål å skrive morsmålet sitt i reportasjar og artiklar. Vi meiner at slike haldningar rett og slett kan kallast språkfiendslege og at dei vitnar om mangel på forståing for verdiar og verdiskaping i eit fleirspråkleg samfunn. Alle i eit samfunn har ansvar for å ta vare på det språklege mangfaldet. Då Norunn var i fransk Katalonia i sumar, stod det plakatar langs vegane som minte folk om at dei måtte ta vare på det katalanske språket. Under mottoet «Berekraftig utvikling» stod det «Framtida er avhengig av deg». Kanskje vi treng slike påminningar i Noreg også? Alle tekstar har ei indre stemme, ei stemme vi høyrer for vårt indre når vi les innanåt eller skriv, hevdar de i boka. Me kjenner alle til at småungar allstad utanfor Austlandet leikar mor og far på bokmål, dvs dei kjenner til den indre stemma bokmål før dei kan skrive. Kva kan gjerast for å skape ei indre stemme på nynorsk? Det er vel ikkje mykje tvil om at det er media som styrer dette med leikespråk. Cecilie fortel at ho hadde svensk som leikespråk på 60-talet då «Vi på Saltkråkan» var det populære tv-programmet. Tospråklege samfunn blir frå EU si side framheva som særleg gode praksislaboratorium for språklæring Sjølv om austlandsk bokmål dominerer i barne-tv-stemmer, ser vi ikkje bort frå populære tv-figurar med nynorsknære dialektar kan få eit og anna bokmålsbarn til å skifte over til nynorsk i leik. Dei borna som kjenner til fleire språk og dialektar, har eit stort register å spele på når dei skal leike og dramatisere. Dei treng ikkje å kle seg ut når dei skal leike ein annan person. Dei bruker språkskiftet til å markere inngang til ei fantasiverd, og slik kan dei veksle mellom ulike identitetar, noko som utan tvil er positivt for både språkleg utvikling og anna utvikling. Bokmålsborn burde leike meir på nynorsk. Korleis då? Nynorskborn får på dette området ein stor føremon, i og med at dei høyrer så mykje bokmål i alle kanalar og så lett hermer det i leik. Det er derfor ikkje særleg språkvenleg om førskolelæraren eller læraren set om nynorsktekst til bokmål når dei les høgt for barn som bur i «bokmålsland», jamvel om det nok i utgangspunktet er venleg meint. Ingenting er så magisk og intenst 12 NORSK TIDEND NR. 5 2009

entar og lærarar som når alle i ei gruppe sit med open munn og lyttar til ei bok med eit fengjande innhald. I slike stunder skjer språkinnlæringa i det stille og umedvitne. Om teksten er på nynorsk eller bokmål speler inga rolle, hovudsaka er å få høyre meir om korleis det går vidare i boka! Får ein inn fleire av slike gode lese- og lyttestunder i barnehagen og barneskulen, kan det nok vere at bokmålsbarn byrja å leike meir på nynorsk. Det ville vere morosamt! I tillegg vil det nok hjelpe om ein får fleire gode fjernsynsprogram, både alvorlege og humoristiske, der hovudpersonane bruker nynorsknære dialektar, dialektar ungdom kan herme etter og på den måten leike seg til kunnskap om språk. Vi må elles leggje til at stemmeomgrepet femner mykje meir enn språkform. Det handlar jo også om identitet. Einar Økland skal t.d. ha sagt at han på vidaregåande skule gjekk over til å skrive bokmål fordi han då kunne vere ein annan person. Vi må vere flinkare til å framheve at du kan prøve ut andre identitetar ved å skrive på nynorsk. Kanskje kan du skrive KATALONIA: I Katalonia var det plakatar langs vegane som minte folk om at dei måtte ta vare på det katalanske språket. Under mottoet «Berekraftig utvikling» stod det «Framtida er avhengig av deg». Foto: Norunn Askeland Norunn Askeland Cecilie Falck-Ytter like klokt som Jon Hellesnes eller like ironisk som Are Kalvø? Eller like pompøst som ein vi ikkje vil nemne namnet på? Skape god stemning Bingo på nynorsk: De slår eit slag for leik og moro i nynorskundervisinga, mellom anna Bingo! Kjenner de til bruk av slikt frå skulen og kva røynsler har de frå dette? Ja, bingo har vi spelt med elevane i fleire fag, og det er alltid ein sikker suksess. At elevar kan lære noko nynorsk grammatikk og utvide ordforrådet på sidemålet medan dei leikar og speler, er nesten for godt til å vere sant. Ein omgang med bingo tek kanskje ikkje meir enn femten minutt, men vinsten både ved at stemninga i klasserommet stig og at eleven kan leike seg til litt høgare kompetanse, er gull verdt. Slike leiker hjelper elevane til å auke ordtilfanget sitt saman med andre, og det er jo nettopp slik ein tenkjer om læring i dag. Læring skjer i eit sosiokulturelt miljø, der elevane ofte lærer meir av kvarandre enn av læraren. Læraren si oppgåve er mellom anna å leggje til rette for at elevane kan bruke kvarandre som ressursar for læring. Opphavleg var det nok Bjarne Øygarden som i «Levande nynorsk» gav oss ideen om å bruke bingo i norsktimane. Den læreboka brukte vi frå tidleg 80-tal. De drøfter mest alle emne som ein norsklærar støyter på i nynorskundervisninga, til dømes ordtilfanget i nynorsk. Til vanleg reagerer vi snautt når vi møter eit framandvore eller ukjent ord på bokmål kvifor er reaksjonen til vanleg negativ når elevane og studentane støyter på eit nynorskord dei ikkje skjønar? Og korleis kan vi endre denne haldninga? No må ein lærar alltid hugse at det ikkje er sikkert at det er majoriteten i klassen som taler når nokon kjem med negative reaksjonar det vere seg til nynorsk generelt eller til spesielle nynorskord. Når læraren tykkjer at minst halve klassen er negativ til noko, kan loggskriving avdekkje at det dreier seg om berre tre av tretti elevar. Her står ikkje nynorsk i ei særstilling. Det same kan norsklæraren oppleve når temaet er lyrikk. Det kan verke som heile klassen roper at dei ikkje liker dikt, mens det kanskje berre er ein handfull som meiner det. Mykje fell på læraren Når det gjeld å snu ei negativ stemning, står og fell det mykje på læraren. Det er læraren som må skape ei interesse for språkleg variasjon og rikdom. I dette tilfellet kan læraren inspirere elevane til å undre seg over kva som gjer ord «rare», om alle ukjente ord høyrest «rare ut» og om det kjennest på same måte når ein lærer seg nye ord på engelsk. Norsklæraren kan med hell stille slike språkfilosofiske spørsmål til elevane. Å reflektere og filosofere er i høgste grad «inn» i norsk skule, og ingen barn er for små til å undre seg berre spørsmåla blir formulerte på tilpassa måte. Det er ei kjend sak at det fyrst og fremst er haldningane som styrer lærelysta hjå elevane. Korleis kan boka dykkar brukast til å skape betre haldningar? Vi vonar jo at boka vår integrerer nynorsken i meiningsfulle samanhengar. Om læraren sjølv synest at det er ei gåve at vi har to ulike skriftsspråk i det vesle landet vårt, vil jo denne haldninga smitte over på eleven. Å lese i opningskapitlet i boka vår om dei positive haldningane til språkleg mangfald som no rår innanfor EU, kan utan tvil gi nye argument for sidemålsundervisning. Boka har elles eit eige kapittel som heiter «Om å starte opp med nynorsk» der det står mange forslag til motiverande innfallsvinklar. Det er viktig at læraren introduserer nynorsken på ein måte han/ho sjølv har tru på. Lærarar har framleis eit ganske stort metodisk spelerom. Eit anna kapittel heiter «Meiningsfull moro». Her får læraren mange tips til språkleg leik med nynorsk i klasserommet. Ynskjer betre utdanning Ein føresetnad for å lukkast i nynorskopplæringa, same om det er nynorsk som hovud- eller sidemål, er lærarar som er gode i nynorsk og som kjenner til dei didaktiske utfordringane i nynorskopplæringa. Tykkjer de lærarutdanninga tematiserer godt nok dei utfordringane lærarane møter i nynorskopplæringa? Om nei, kva bør gjerast? Vi kan trygt seie at lærarutdanninga ikkje har teke desse utfordringane så langt. Benthe Kolberg Jansson ved Høgskolen i Østfold har undersøkt både pensum og undervisingspraksis i norskfaget i lærarutdanninga, og resultatet må seiast å vere nedslåande på vegner av nynorsken. Det er lite nynorskdidaktisk litteratur på pensumlistene og endå mindre finst av litteratur med praktiske råd om korleis ein kan undervise i nynorsk som sidemål. Det er også sett av svært lite tid til undervising i emnet. På den andre sida er det i norskfaget mykje god undervisning som gjeld språklæring og språkdidaktikk generelt, både når det gjeld skriving og lesing. Dette er kunnskapar studentane kan bruke også i nynorskopplæring, når dei berre blir sette på tanken om at det er mogleg å lære nynorsk på andre måtar enn å pugge grammatikk. Det er det vi har prøvd å gjere med boka Nynorsk på nytt, der vi også har med nye måtar å arbeide med grammatikk på. Vi har sett det som ei utfordring å hjelpe lærarane til å møte ei sentral utfordring i nynorskopplæringa, nemleg å finne motiverande metodar i undervisninga. Ei anna utfordring ligg i at det er rammeplanar og læreplanar som set dagsorden for kva ein skal arbeide med i skule og barnehagen. I den nye rammeplanen for barnehagen er ein oppteken av det fleirkulturelle samfunnet, men nynorsken er ikkje eksplisitt nemnt som del av dette. I læreplanen for Kunnskapsløftet for grunnskule og vidaregåande skule ser vi at nynorsken blir nemnt som ein del av det språklege mangfaldet i Noreg, men er elles lite tematisert, til dømes gjennom manglande krav til kor mange sider tekst ein bør lese på sidemålet. Slike krav har vore tydelegare i tidlegare læreplanar. Derfor bør lærarutdanninga hjelpe studentane til å finne fram til god nynorsk litteratur, både skjønnlitteratur og sakprosa, ikkje minst det siste. Tek nynorsk på alvor Ein må sjølvsagt arbeide på mange måtar for å få ei betre lærarutdanning på feltet. Nynorsksenteret er blitt ein ressurs for både lærarar og studentar, med nettsider som er til stor nytte for både lærarutdanning og for praktisk arbeid i klasserommet. Vi vil også nemne eit forsøk ved Høgskulen i Oslo, leia av Synnøve Skjong og Inger Vederhus, der nynorskopplæring er kombinert med opplæring i fagskriving og med mappevurdering, og der studentane skriv på nynorsk i alle oppgåver i norskfaget det fyrste året i utdanninga. Her tek ein på alvor at nynorsken ikkje er eit sidemål, men eit hovudmål i lærarutdanninga, på line med bokmål. Slike forsøk har vi tru på, fordi ein der kombinerer nynorskopplæring med andre viktige emne. Det kan gje status og stemme til både nynorsken og lærarstudentane. INGAR ARNØY ingar.arnoy@nm.no NORSK TIDEND NR. 5 2009 13

Sigvart Dagsland meiner at alle kjem til himmelen. Olaug Nilssen meiner at det blir for enkelt. Det er boklansering i Kulturkirken Jacob i Oslo. Olaug Nilssen har skrive ei portrettbok om Sigvart Dagsland. Han har vore ein av dei viktigaste artistane hjå Kirkelig Kulturverksted gjennom mange år, og det skulle berre mangle om ikkje han skulle snakke om boka si her. I 2000 overtok Kirkelig Kulturverksted drifta av Jacob Kirke i Oslo og endra namnet til Kulturkirken Jacob. Kyrkja hadde då stått tom sidan 1985, og var prega av manglande veldikehald over mange år. No er det ei levande kyrkje med konsertar, utstillingar og andre semiåndelege tilskipingar. Kirkelig Kulturverksted vart skipa i 1974. Målet var å byggje ei bru mellom sekulære og religiøse miljø, og mellom tradisjon og nyskaping. Under Erik Hillestad si støe leiing etablerte dei seg som eit plateselskap som er kjend for høg kvalitet og eit høgt innslag kristen kulturell kapital. Alle platene har ikkje eit religiøst innhald og alle artistane er ikkje kristne, men ein open og positiv kristendom er sjølve forretningsideen til selskapet. Ein ny kristendom Plateselskapet har vore sjølve flaggskipet i framveksten av det ein kan kalle ein moderne kristendom. Kjenneteikna er at ein held godt fast på Jesus, men avviser helvete. Den moderne kristendomen er open for andre kulturar, er oppteken av respekt og er med på tanken om at det finst fleire vegar. Difor har ein ikkje så mykje til overs for den tradisjonelle norske kyrkja, som av mange kan opplevast som dogmatisk og lukka. Slik var det ikkje utan symbolikk når Kirkelig Kulturverksted overtok ei gamal og nedsliten kyrkje, sette henne i stand og opna dørene for gud og kvarmann. Difor er det heller ikkje heilt på slump at lanseringa av boka om Dagsland er lagd akkurat hit. Skeptisk Redaktør Jon Risdal frå Det Norske Samlaget var mannen som sette heile bokprosjektet i gang. På veg til arbeid ein tidleg vinterdag i 2008 gjekk han og OLAUG NILSSEN o Oppvaksen i Førde, bur i Bergen o Forfattar og leiar for Skrivekunstakademiet i Hordaland SIGVART DAGSLAND o Fødd i Stavanger, bur i Bergen o Musikar og soloartist o Har samarbeidd med ei rekkje artistar som t.d. Iver Kleive, Erik Hillestad og Oslo Gospel Choir høyrde på radio i øyretelefonane. Brått spelte dei songen «Et rom i huset» av Sigvart Dagsland. Minner frå 80- og 90-talet kom susande med Dagsland si røyst og teksten rørde Risdal til tårer. Slikt blir det bokidèar av. Dagsland var i utgangspunktet noko skeptisk til tanken på ein biografi om seg sjølv. Han tykte ikkje han var verdig noko slikt, og tykte heller ikkje at biografiar var noko særleg spennande lesestoff. Det han kunne vera med, på var ein annleis biografi, noko meir levande. Då Risdal og Dagsland sette opp ei liste over kven som kunne skrive ei slik bok, trona Olaug Nilssen øvst. Nilssen var om lag like skeptisk, og lét seg overtale like lett. Ho var usikker på om ho hadde tid; ho hadde byrja som leiar for Skrivekunstakademiet i Hordaland. Dessutan var dette noko som ho aldri hadde prøvd seg på før, det var ein ny sjanger. Ho kunne likevel ikkje seie nei. Ho hadde vore ein stor fan av Dagsland i nokre sjelsetjande år i oppveksten, aktiv som ho var i Førde Ten Sing, som heiter Deciding etter songen «I have decided to follow Jesus, no turning back». Berre år tidlegare hadde ho vore på jubileumskonsert med han i Grieghallen. Då vart ho nesten frelst under ekstranummeret. Det skar seg då det ringde i ein mobiltelefon og eigaren tok til å prate midt under songen. Kjærleiken gjekk over til hat, som er eit vanskeleg utgangspunkt for frelse. Dagsland vil endre kyrkja Kulturkirken er ikkje noka lita kyrkje, og klangen er difor deretter. Det høver godt når Dagsland serverer smakebitar frå sin musikalske produksjon. Litt verre er det når Dagsland, Nilssen og samtalepartnar Halvor Folgerø skal vere avslappa, joviale og snakke laust om arbeidet med boka. Det er avgrensa kor jovial ein kan bli i ein kyrkje, og sjølv tittelen på den siste romanen til Nilssen blir vanskeleg å seie høgt. Men etter at Dagsland har servert endå nokre songar, så tek samtalen ein anna lei. Mykje av motivasjonen for Dagsland til å ville vere med å lage ei bok om seg sjølv, var at det ville gje han eit høve til argumentere for si tolking av kva det vil seie å vere kristen. Motoren i boka er at Olaug Nilssen gjer eit forsøk på å forstå kva den tolkinga går ut på. Og når samtalen denne kvelden dreier seg mot dette emnet, så skjønar ein symbolikken i at me er i ei kyrkje. Dagsland vil endre kyrkja, og han vil endre henne innanfrå. Difor tek han ikkje fem øre for å seie at ein ikkje må ta bibelen så bokstaveleg, når han held kyrkjekonsertar. Religiøst søkjande Sjå!, seier Olaug Nilssen og peikar ut gjennom glaset på bussen. Lofthus! Me er på veg til Litteratursymposiet i BOKLANSERING: Me kan vel nesten ikkje seie tittelen på rer bok i Kulturkirken Jakob. Halvor Folgerø var samtalepar Odda, der elevane frå Skrivekunstakademiet skal på festival og snappe opp eit triks eller to frå meir erfarne forfattarar. Gleda Olaug Nilssen utstrålar av å vere nær Sørfjorden, vitnar om at ein ikkje treng å vere i ei kyrkje for å ha nærreligiøse opplevingar. Er du ein religiøst søkjande person?, spør eg. Ja, svarar Nilssen kontant. Så når du i boka argumenterer ut i frå kva du skal tru på, så er det ikkje berre eit litterært grep? Det er nok litt blanda, innrømmer ho. Når eg snakkar i boka om å bli frelst, så tenkjer eg på det gode gamle kristenlivet med basar, åresal og gode folk som går i kyrkja. Dette har eg jo blese opp i boka for å få ein dramaturgi. Samstundes tenkjer eg mykje på det, og har lese ein haug med kristne bøker, men tør ikkje å lese bibelen. Når ein så kjem over retningar som berre konsentrerer seg om kjærleiksbodskapen, og at det å ta i mot Jesus handlar om å gje avkall på seg sjølv og er det ik Denne k og det e land er i totalt gje andre ab den kla ten-grei Så d Ne ha vore å seie fo måtte e kunne ik stod, uta Ikkje k Eit vik ikkje vil Ha og mein passe fo han sjølv rundt og måla so

i bokevja ved Hilde Myklebust, skrivande småbrukar Språkleg lukkerus den siste boka di Olaug, no når me er i ei kyrkje? Sigvart Dagsland, Olaug Nilssen lansetnar. Foto: Kjartan Helleve berre leve i kjærleik til andre, så kje fritt for at det tiltrekkjer meg. jærleiksbodskapen trur eg jo på, r jo noko av det same som Dagsnne på. Men her snakkar eg om å avkall på seg sjølv og berre hjelpe solutt heile tida. Då blir det ikkje siske nykristne, personleg krisa. u er kristen? i, eg er altfor egoistisk. Skulle eg kristen, så måtte det ha hatt noko r korleis eg lever livet mitt. Det ndre korleis eg prioriterer. Det kje berre vore noko som eg pån at det fekk nokon konsekvens. risten artist tig poeng i boka er at Dagsland bli kalla ein kristen artist? tykkjer det er ein urelevant bås, er at songane hans like godt kan r dei som ikkje er kristne. Det har sagt rett i. Det er mange som går undrar seg over dei store spørsm Dagsland ofte er innom. Han seier jo at det er lite like relevant som når eg blir kalla kvinneleg forfattar. Du skal leite ei stund for å finne nokon andre som meiner at Sigvart Dagsland ikkje er ein kristen artist. Eg er inne på det i boka, at det er eit misforhold mellom inntrykket mange sit med av at han er ein kristen artist, medan han sjølv meiner at han ikkje er det. Bodskapen i songane hans er tydeleg nok, og det skal nok noko til ikkje å oppfatte han som ein kristen artist eller songane som ei form forkynning. Poenget er vel at han ikkje ønskjer å bli oppfatta som ein som har alle svara. Han ynskjer nok heller å leggje fram songane sine, og så kan folk plukke ut den bodskapen dei sjølve vil. SIGNERING: Etterpå var det tid for personlege helsingar. Foto: Kjartan Helleve Usamde Du køyrde han ganske hardt på dette spørsmålet. Det gjekk stort sett fint, og eg trur han var nøgd med at eg stilte desse kritiske spørsmåla og gjorde at han måtte skjerpe argumentasjonen og klårgjere bodskapen sin. Samstundes vart jo me ikkje heilt samde heller, så når me t.d. gjer intervju saman så merkar eg at spenninga mellom oss nok ligg der framleis. Me er jo reelt usamde om nokre emne. Noko som ikkje er heilt enkelt, sidan dette skulle vere ei bok om Dagsland. Det er jo hans syn som skal kome fram, ikkje mitt. Samstundes har jo eg brukt så mykje av meg sjølv, brukt det som litterært grep og då får det stå sin prøve. Kva er det han meiner? Dagsland meiner at alle har si eiga tru, at det ikkje finst nokon «eigentleg» måte å vere kristen på. Og kva meiner du? Eg kjenner eg hallar mot den meir konservative tolkinga, med sine klåre reglar og konsekvensar. Den tek eg jo uansett avstand frå, noko som er lett å gjere. Kan hende er det difor eg hallar mot den, for det blir det så enkelt å fornekte det. Så snur ho seg attende til studentane sine igjen. Sjå! Tyssedal! KJARTAN HELLEVE kjartan.helleve@nm.no Stundom kan det verke som dess meir ein les, dess lenger går det mellom bøkene som verkeleg sit i ei stund. Bøker ein treng ein liten pause til å fordøye, før ein startar på neste. Og det er vel slik med bøker som med annan føde: dei bøkene ein sluker i eitt jafs fordi det smakar så utruleg godt, treng meir tid til fordøying. Det er enkle ernæringsfakta. Eg slukte Inger Bråtveit si bok Siss og Unn i ein einaste munnfull. Det tyder ikkje at eg las ho fort, at eg skumma språket, langt derifrå, det tyder berre at eg ikkje klarte å leggje ho frå meg, ikkje klarte å la vere å tenkje på boka når eg skulle gjere andre ting, ho trekte meg attende til seg, det var berre eitt å gjere: lese meir, lese vidare. Slik slukte eg ei av dei største lesaropplevingane eg har hatt i år. Det smakte godt, vondt, tungt og somme tider harskt og bittert. Forteljinga om dei to jentene Siss og Unn som er unge og lengtande, men kanskje fyrst og fremst er døtrene til mødrene sine, er sterk og urovekkjande. Skjebnetungt veltar livet inn over særleg Unn, som går tunge tider i møte då far hennar ein dag tek bilen og dreg, og mor hennar, Mummy Big, deretter går inn i ein tilstand av apati og sløvsinn, ho vert psykisk sjuk, og seinare også fysisk. Det går berre ein veg: «Det er så stilt i huset, stilt på tunet, berre linerla fyk mellom nov og vegg. Lauvblada flimrar i sollyset, som stig og lyfter seg lik tusen fuglar. Jo, fuglar fyk gjennom lufta opp og inn mot himmelen frå denne no attlatne modermunn.» I all denne elenda har Unn ei kjelde til lys i Siss. Den svenske jenta som kjem flyttande inn i skogane, inn i bygda. Fascinasjonen er gjensidig. Dei dregst mot kvarandre som fivreldet mot lyset: «Når Siss lukkar augene ser ho henne føre seg: Unn ventar i regnet. Det dryp frå den lyse panneluggen hennar, og andletet er som opplyst, innanfrå.» Bråtveit låner freidig namn frå Vesaas si udøyelege bok Isslottet, Siss og Unn, og spelar bevisst på dette. Her låner ho kjernemotiv som lengta etter ein heilt særskild og rein venskap ungjentene ber på, og her er eit trykkjande mørker, store skogar og ei umiskjenneleg Vesaask stemning. Ein kan også finne spor av andre storleikar i norsk litteratur, som Olav H. Hauge og Eldrid Lunden. Det er vakkert og smidig gjort, og viser ein kjennskap til sine forgjengarar som er langt frå påteken, men samansmelta i eige verk. Inger Bråtveit har eit språk som glimer, som syg. Det verkar rusande. Det er ein mørk brønn fylt av glitrande vatn, djupt der nede i botnar ein stad, som ein kan hente opp og drikke som det klåraste fjellvatn. Det kjennest forfriskande, leskande, men ein klarer ikkje drikke seg utyrst. Ein vil ha meir. Poesien flaksar gjennom teksten som eit rugdetrekk. Bileta er tydelege og sterke. Passasjar som dette, gjer meg nærast høgtidsstemt: «Lufta er skarp og moster lenar seg over veven som var han ei slåmaskin. I veven slår ho alt usagt, alle ynskje inn. Utføre fyk fuglen som kryssar himmelen frå høgre til venstre, og set seg til der på slåmaskinkniven, før moster med to harde slag slår fuglen inn i veven.» Å, det er vakkert. Sjeldan har eg kjent slik ein lukkerus over å oppdage ei bok, eit språk. Inger Bråtveit har si eiga røyst i samtidslitteraturen, ei røyst som er tydeleg, intelligent og særeigen. Eg vil ha meir, meir, meir.

jon hellesnes Skal omsetja Vesaas til spansk Romanen Fuglane av Tarjei Vesaas skal omsetjast til spansk. Fuglane er den mest lesne romanen til Vesaas og er frå før omsett til ei rekkje språk. No skal den meksikanske forfattaren og omsetjaren Juan Guiterrez, busett i Vinje i Telemark, omsetja romanen til spansk. Som forfattar og omsetjar blir eg kjend med litteratur frå mange land, og i 1996 las eg Isslottet på engelsk. Det var ei stor oppleving, og eg tenkte at eg måtte finna meir av Vesaas, seier Guiterrez til avisa TA. Han var svært forundra då han fann ut at det ikkje fanst noko litteratur av Vesaas på spansk. Seinare arbeidde han med Eit tenkjande me Han trudde han kutta ut yrkeskarrieren sin då han valde å studere filosofi. No har Jon Hellesnes halde det gåande i snart 50 år og han har framleis mykje utenkt. Han er nett heimkomen til Tromsø etter ei helg med feiring på Voss. Eg møter han på biblioteket midt i byen, der vi tek plass i ein raud sofa ved skranken. Eit par etasjar over oss står ein dryg halvmeter faglitteratur med namnet hans på ryggen. Ein annan stad i det særeigne bygget finst romanen han gav ut på 80-talet. I avishylla til høgre for oss er tekstane hans stadig å finne på kronikkplass i aviser som Klassekampen og Dag og Tid. Og denne hausten har Jon Hellesnes fått meir spalteplass enn vanleg. Dei har skrive om han; han har jo fylt 70. Det er ein uvant situasjon å vere så i fokus. Eg er van med at det blir styr når bøker kjem ut, men det er på ein annan måte, seier Jon Hellesnes, litt brydd. Og gjennomtenkt. Han er ein mann som tenkjer før han snakkar. Festskrift og fagseminar På Voss vart han feira med eit fagseminar på Stalheim hotell. Om lag 160 personar frå fagmiljøet, vener og andre han har samarbeidd med, var til stades. Eit eige festskrift, redigert av kollegaene Atle Måseide og Gunnar Skirbekk, har blitt gitt ut av Det norske Samlaget i samband med 70-årsdagen. Der blir han omtalt som «ein av dei mest uvanlege og originale norske filosofane», som «ein av Noregs fremste essayistar» og som ein tenkjar, forskar og skribent som «har fått ein stor lesarskare både i det akademiske og det allmenne publikummet.» Har det vore viktig for deg å nå ut til eit breitt publikum? Eg varierer sjangrar og brukar språk primært i høve til tematikk og problemstillingar, ikkje så mykje med tanke på lesargrupper. Men ei av oppgåvene eg stiller meg no, liksom for 40 år sidan, er å lage skriftstykke som skal vere 16 JON HELLESNES Har runda 70 år Oppvaksen på Voss, bur i Tromsø Filosof Har skrive ei lang rekkje bøker på fleire språk. Medlem av Det Norske Videnskaps- Akademi i Oslo og Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i Trondheim. verksame på fleire nivå samtidig. For nykomarar til filosofien skal dei vere relativt forståelege, opplysande og kanskje underhaldande. For dei filosofisk skolerte skal dei same skriftstykka vere komplekse og helst fagleg utfordrande. Tekstar som er doble på denne måten, tek godt vare på eigenarten til ein del filosofiske problem: Dei reiser seg i dagleglivet. I så måte er dei velkjende for mange. Men i filosofihistoria har dei same problema vore gjenstand for mang ei subtil undersøking. Det er svært vanskeleg å få til tekstar av dette doble slaget. Men det kan vere eit bra mål å strekkje seg mot, seier Hellesnes. Veldig produksjon Etter nesten 50 år i akademia har det blitt nokre tekstar. Kor mange veit han knapt sjølv. Men han har teke seg tid til å gå gjennom heile produksjonen sin, i samband med føredraget Mine vegar i filosofien, som han heldt under fagseminaret på Voss. Der har eg i grunnen fått til å trekkje ut nokre liner i mine skrifter. Eg var i sving frå eg var 25, og det er veldig mykje likt. Eg har vore overraska sjølv når eg har sett på gamle skrifter, at det er mykje som går igjen, seier Hellesnes. Går det an å trekkje fram eit høgdepunkt mellom alt du har skrive? Eg har peika på «Jakta på svikaren», som kom ut i 1978, som ei av dei viktigaste skriftene mine. Boka handlar om politisk paranoia, om fenomen som Moskvaprosessane og politisk overvaking i Noreg, og eg har brukt ei filosofisk tilnærming til dette. Eit av mine tema var reaksjonane etter politiaksjonen etter Baader Meinhof, altså jakta på moglege terroristsympatisørar. Boka fekk ny aktualitet etter 11. September 2001, då dei same konstellasjonane oppstod. Eg synest ikkje denne boka er den beste eg har skrive, men den viktigaste, understrekar Hellesnes. Det vil skade norsk kultur dersom dei fleste norske akademikarar alltid skriv fagprosa på engelsk Finst noko? I festskriftet som kom ut i samband med 70-årsdagen til Jon Hellesnes, skriv venen Ole Didrik Lærum om den unge filosofistudenten som sat heime på Voss og las filosofar som sår tvil om at verda eksisterer og om noko verkeleg finst. Og om studenten sjølv som legg på sprang og spring langt, før han kan segne fullstendig utsliten om i graset og konstatere at ja, han eksisterer. Når eg refererer til historia, ler Jon Hellesnes godt og stadfester at noko av det kan ha skjedd, men at historia nok har begynt å leve sitt eige liv etter som åra har gått. Overdrive eller ikkje; historia vitnar iallfall om ein dedikert student. Som ifølgje han sjølv var redd for å studere seg vekk frå ein yrkeskarriere. Då eg gjekk i gang med magistergraden kjende eg det slik at no har eg kutta ut yrkeskarrieren min. No gjer eg det same som dei som går på kunstakademiet og slike ting. Eg hadde ikkje trua på at det kunne vere noka stilling til meg. Så eg lurte på om eg skulle bli universitetsbibliotekar. Men så gjekk det mykje betre enn eg trudde, seier Hellesnes og ler. Han fekk jobb ved Universitetet i Bergen etter fullført magistergrad. Fire år som vitskapleg assistent i Bergen vart etterfølgd av universitetsstipend ved Universitetet i Tromsø. 14 år seinare vart han professor, og i fjor professor emeritus. Forskjellen på vere professor emeritus og pensjonert er at ein emeritus beheld kontor og infrastruktur på universitetet, utan å vere vanleg tilsett. No gjer eg det eg vil. Eg har forbetra situasjonen min betrakteleg. Eg har total fridom no, seier Hellesnes fornøgd. Filosofi på nynorsk Jon Hellesnes blir gjerne omtala i lag med filosofane Hans Skjervheim og Gunnar Skirbekk. Sjølv om dei er ulike som filosofar, har alle tre skrive på nynorsk. Eit naturleg val for vestlendingen Hellesnes, som er oppvaksen i Sandane og på Voss. Men også ein viktig og nyttig reiskap i arbeidet med vitskaplege tekstar. Nynorsk eignar seg framifrå innanfor filosofi og tilgrensande fag. Hovudgrunnen er at det ikkje finst nokon lang tradisjon for nynorsk fagprosa. Dermed er det få etablerte uttrykksformer og standardfrasar her. Ein er tvinga til å tenkje gjennom alle formuleringar, inkludert detaljar. Ein må NORSK TIDEND NR. 5 2009

Mindre nynorsk omsetja Fruen fra havet av Ibsen til spansk. Gjennom dette arbeidet kom han i kontakt med norske kunstnarar som gjorde at han igjen tok for seg forfattarskapen til Vesaas, byrja å læra seg norsk og til sist flytta frå den meksikanske millionhovudstaden til furuskogen i Vinje. Å omsetja Fuglane, som er prosjektet mitt, er ei vanskeleg oppgåve. Det er ei svært spesiell bok. Eg har sett filmatiseringa og også klipp frå teaterframsyninga med Nils Sletta i hovudrolla. Det var imponerande, seier Guiterrez, som ser fram til å omsetja Vesaas til spansk. (NPK) Det blir færre nynorskbrukarar i det nye Stortinget. Ifølgje direktør Ottar Grepstad ved Ivar Aasen-tunet har det ikkje vore så få nynorskbrukarar blant stortingsrepresentantane på 80 år. I det Stortinget som no takkar av brukte 22 av 169 representantar nynorsk. No blir det endå færre. kleiva Anna Kleiva Tvelys nneskenynorsk: Det finst ikkje nokon lang tradisjon for nynorsk fagprosa. Difor er ein tvinga til å tenkje gjennom alle formuleringar, inkludert detaljar, seier Jon Hellesnes. Foto: Vidar Herre, Avisa Hordaland Eg var ute og gjekk ein laurdagsmorgon. Eg stod opp klokka halv åtte, det var framleis mørkt, eg tenkte på at det nærmar seg jul, eg åt havregrauten min og gjekk ut. Byen om morgonen. Byen ein laurdagsmorgon, søndagsmorgon, etter alle har lagt seg, før dei fleste har stått opp. Den einaste mulegheita ein har til å få han heilt for seg sjølv, Bergen. Eg gjekk gjennom gatene, og himmelen var blitt lyseblå no. Gatene: meir som store rom, som lyse tunnellar, når dei var tømde for folk og bilar. Og eg kunne strekkje armane ut, gå midt i gata, spreie meg utover heile byen. på ein måte lage språket medan ein skriv. Men det finst gode føredøme også. For meg har Ola Raknes vore viktig. Han er ein betre nynorskskribent enn mange av dei diktarane målrørsla likar å hylle, meiner Jon Hellesnes. Målrørsla har han ikkje noko forhold til lenger, etter at han meldte seg ut av Noregs Mållag rundt 2001. Men Hellesnes er ikkje mindre oppteken av språket av den grunn, og meiner ulike språkpolitiske alliansar burde gå saman om å prøve å berge norsk som akademisk språk. Framtida for norsk i akademia er ikkje særleg lys. Dette gjeld både nynorsk og bokmål. Engelsk er det internasjonale fagspråket i dag. Endåtil i Tyskland blir det no gitt ut fagbøker på engelsk. Eg er medforfattar i ei bok som nyleg kom ut i Frankfurt am Main: «Nature and Rational Agency». Engelsken pressar, med andre ord, eit stort språksamfunn som det tyske. Då er det lite merkeleg at eit lite språksamfunn som det norske kjem under press. For å delta i eit internasjonalt fagmiljø er ein nøydd til å skrive utanlandsk av og til. Dette gjeld ikkje minst for filosofien. Men det vil skade norsk kultur dersom dei fleste norske akademikarar alltid skriv fagprosa på engelsk. Her er det såleis ein ny front for språkpolitikken, meiner nynorskfilosofen. Marknadsrealismen Når han no har lagt feiringa bak seg, er det på tide å sjå framover. Den totale fridomen som professor emeritus gir han tilgang til eit lite kontor på Universitetet i Tromsø. Der skal han jobbe nokre dagar i veka. Han har planar om å bruke tida si til å skrive («det er alltid noko som putrar og går, men eg veit ikkje kva det blir til»), men han vil ikkje seie kva («viss eg seier noko bestemt om det, så går det gale»). Kva fenomen i dagens samfunn opptek deg mest? Eit av dei store samfunnsproblema ligg i det at altfor mange politikarar og ekspertar trur altfor sterkt på marknadsliberalismen, også kalla nyliberalismen. Denne læra går mellom anna ut på dette: Dersom politikarane held seg unna, vil marknaden ifølgje Friedrich von Hayek skape spontan orden. Altså: Mest mogleg marknad, minst mogleg stat og politikk! Økonomisk «politikk» på dette grunnlaget viklar seg ufrivillig inn i metafysikken. Kjernepunktet er innbilt kunnskap om ein djupare realitet som har staka ut den kursen menneskeslekta må følgje, anten individa likar det eller ikkje, og same kva idear dei måtte ha. Den oppdikta realiteten har fått ulike kallenamn. Av og til er det «den usynlege handa». Andre gonger heiter den «jarnlovene i historia», forklarar Hellesnes. Fint med litt applaus Han har site på kanten av ein raud sofa på biblioteket i Tromsø i snart ein time. Og det er jo freistande å spørje om ikkje han, 70-årsjubilanten som har blitt feira og hylla av fagfellar, kollegaer frå andre fagmiljø og av norsk media i dei siste vekene, ikkje får lyst til å lene seg tilbake og vere litt stolt av det han har fått til. Han blir stille. Og tenkjer seg om. Eg synest no det var fint at det vart litt applaus. Det held det. Eg treng ikkje å applaudere meg sjølv når andre har gjort det. Ein bør vere svært forsiktig med det, seier Jon Hellesnes lunt. Og gjennomtenkt. INGER JOHANNE SÆTERBAKK ijsaterbakk@gmail.com Eg delte gatene med duene, kråkene. Dei sat på fortaua utanfor døgnopne kioskar og plukka i seg matrestar. Duene og kråkene har også helg, dei feirar med kjøttrestar og sprøsteikt lauk og sjokoladebitar som i løpet av natta har sklidd ut av slappe menneskehender. Eg tenkte på sist gong eg såg kråker, for eg ser ikkje kråker så ofte, dei er kanskje menneskesky, eller morgonfuglar, kva veit eg. Sist gong eg såg kråker var ein mykje tidlegare morgon, i ein heilt annan by. Eg var i Tokyo, og klokka var kanskje seks, og eg drog kofferten min gjennom gatene på veg til toget, på veg til flyplassen. Himmelen i Tokyo denne morgonen: kvit. Eg møtte ei jente i høge hælar med armen rundt ein gut. Dette var eit av dei siste inntrykka mine frå Japan; sjanglande menneske og kråker. Kråkene sat på telefonleidningane. Eller er det noko eg innbiller meg? Det er noko eg innbiller meg, kråkene rota i søpla som andre rotter. Og eg song patosfyllt: «I want to wake up in a city, that never sleeps!»* Mange timar seinare letta flyet mitt frå Narita, mange timar seinare sa piloten at vi måtte kike ut vindauget, for der, på venstre side, var Mount Fuji. Dette innbiller eg meg ikkje: toppen av Mount Fuji (foten gøymt under dei mjuke, mjuke skyene) i rosa morgonlys. Dersom eg hadde vore ein teikneseriekarakter, ville det på dette tidspunktet stått i snakkebobla mi: GISP! Dette ville kanskje vore den einaste gongen, i mi femårige karriere som teikneseriekarakter, at det i snakkebobla stod: GISP! Men vent, eg er ikkje klar til å forlate Tokyo enda. Eg vil attende til den natta i taxien. Nok eit minne frå dette merkelege tidspunktet mellom natt og morgon. Taxi frå Shibuya til Sangen-jaya, taxien som eit hylster rundt meg, og eg svevande forbi neonlysa, mot morgongry. Av og til, når ein sit i ein taxi, gløymer ein heilt av at det kostar pengar, og ønskjer berre at turen skal vare og vare. Ein skal berre sitje der, med walkmanen sin (nei, eg har ikkje ipod), lytte, glane. Og så skal ein syngje patosfylt «I'm always in this twilight»**, og notere for seg sjølv «eg elskar dette tvelyset». * Det er ikkje berre «New York, New York» som aldri søv gitt. Faktisk kan ein, ved å uttale namnet «Tåk-jå» (to stavingar) synge denne songen til ære for Tokyo også. ** Frå «Cosmic Love» av Florence & the Machine NORSK TIDEND NR. 5 2009 17

Forteljarkunst av høg klasse Asbjørn Aarnes (f. 1923) er ordtøka som Noreg er så rik kjend og respektert som ein på. Meininga er at det som av våre førande litteraturgranskarar, ikkje minst som bli verkeleg det går troll i vert sagt høgt kan plutseleg formidlar av norsk og fransk ord. Førestellinga er urgamal, poesi, og som formidlar av og knytt til frykta for å omtale kontinental tenking og kontinentalt åndsliv. Attom seg Asbjørn Aarnes deira rette namn. Mellom vonde makter og farar ved har han ein vidfemnande Troll lli ord anna nytta Herman Wildenvey òg tittelen Troll i ord på ei vitskapleg produksjon, med Vidarforlaget tallause bøker og artiklar. diktsamling frå 1920. Mindre kjend er det kanskje epistlar Reint formelt er Troll i ord at det var som lyrikar og stort sett ordna over same skodespelforfattar han byrja, lest som Råka av røyndom. allereie mot slutten av 1940-talet. Størst Ho er delt opp i bolkar, tematisk ordna. åtgaum vekte kanskje skodespelet Et Fyrst kjem ein del knytt til barndomsminne og møte med menneske, særleg spill om de siste mennesker. Og no med utgjevinga av Troll i ord, andre bandet frå heimbygda Vågbø, Nordmøre. Så med utval frå hans spalte i Dag og Tid, følgjer nokre delar som omhandlar møte kan ein kanskje seie at ringen er slutta. med ei rekkje prominente personar frå For sjølv om epistlane refererer til røynlege fenomen, er det på eit plan vel så domsliv. Ein del tek òg for seg dei mange særleg norsk og fransk kultur og lær- mykje snakk om litteratur og stor skrivekunst. I ei melding eg skreiv om førre personleg, eller kor han står i eit nært diktarane som Aarnes anten har kjent boka, Råka av røyndom (2006), hevda eg høve til skrivekunsten deira. Særs ypparleg er portretta av til dømes Alf Larsen, at ein på eit nivå kan lese tekstane som prosadikt, og det same kan ein seie om Gunnar Reiss-Andersen og Rolf Jacobsen. Her finn me utpensla i miniatyr tekstane i denne boka òg. Sjølv om tekstane ligg epistel-genren nær, er det mest små, råkande karakteristikkar av heile ein eigen genre Aarnes har skrive fram. forfattarskap, nedskrive med språkleg I boka om Olav Nygard skriv Aarnes pregnans og meisterskap. at det finst to kjelder til norsk kultur, vårt Noko av det som fascinerer med samliv med danskane, og arven frå Ivar forteljarkunsten til Aarnes, er den store Aasen. Hjå Aarnes har hans personlege spennvidda både når det gjeld tematikk utvikling ført til at dei kulturelle slusene og uttrykksmåte. Ein merkjer raskt frå barndomen på Nordmøre har opna fascinasjonen for det absurde og det seg, kjeldene spring friskt og viltert fram burleske, for korleis opplevingar og situasjonar frå kvardagen og det røynlege og blandar seg med dei felleseuropeiske straumdraga. med eit kan stå i eit skin av komikk og Kvar fredag, heilt frå 2005 og fram til absurditet. Ikkje minst ser me dette i no nyleg, var spalta til Aarnes, for meg tekstar som til dømes «Luktar rosen?» i alle høve, høgdepunktet i lesinga av og «Skyteskive for Satans piler». Dag og Tid. Kva fekk mangeårig preses Alle som har møtt Asbjørn Aarnes i Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur, til plutseleg å nytte det nynorske vere generøs og menneskeleg. Denne vert slegne av hans uvanlege evne til å skriftmålet? I føreordet skriv Aarnes om evna har òg funne vegen til Troll i ord, mottakinga av den fyrste boka: «Den det merkar ein ikkje minst i portrett fagnaden ho fekk, hadde eg ikkje drøymt av forskarvenar som til dømes A.H. om. Det slo ei bylgje attende, eg vart råka Winsnes og Hallvard Magerøy. Alle med på nytt av ein røyndom eg ikkje hadde sans for god skrivekunst og kjenslevare rekna med. Det gjekk òg troll i forteljingane, den eine reiv den andre med seg, seg boka til Aarnes. Eit fint, lite etterord menneskeskildringar burde difor skaffe so det vart ein ny bok.» av Jon Fosse følgjer med som ein ekstra Troll i ord er altså nemninga på boka, bonus. og tittelen er henta frå eit av dei mange Kjetil Berthelsen Nynorsk utgjer ein eigen kompetanse ved tilsetjing I all statleg verksemd blir det kravd at tilsette skal meistre begge dei offisielle målformene våre: nynorsk og bokmål. Men dette blir handheva altfor dårleg, slik til dømes tilhøva ved bispekontoret for Agder og Telemark i Kristiansand syner: Dei har ikkje god nok kompetanse i nynorsk når dei skal utføre administrative tiltak i form av brev og utgreiingar. Dette seier dei utan å vedgå ein vesentleg administrativ feil. Det som leiinga nemleg avdekkjer, er ei tenesteforsøming over lengre tid, der det ikkje er lagt vekt på at nytilsette meistrar begge målformene. Dette burde eigentleg føre til påtale frå departementet om uheldig tilsetjingspolitikk ved kontoret. Det blir ikkje lagt nok vekt på kunnskapar i nynorsk ved mange tilsetjingar i dag. Derfor bryr ikkje bokmålselevar i vidaregåande skule seg med å lære godt nok nynorsk heller sidan tilsetjingsorgana ikkje legg avgjerande vekt på denne kompetansen. Her må det strammast veldig inn frå dei som tilset i offentlege stillingar, særleg i Staten, men òg i kommunar med nynorsk som administrativt språk. Det må beint fram vere eit ufråvikeleg krav at den som blir tilsett er stø i begge dei to målformene. Den som er det, må då automatisk gå føre den som 18 berre kan det eine språket. Søkjarar med nynorsk hovudmål meistrar som regel òg bokmål bra. Det same kan ein sjeldan seie om dei med bokmålsbakgrunn. Likevel blir mange av siste kategori tilsette framfor dei som har mykje betre kompetanse samla sett. Dette må det bli slutt på! Ved å vere strengare med den språklege kompetansen hevar ein og prestisjen til nynorsk som skulemål i grunnskule og vidaregåande skule. Det blir brått avgjerande for karrieren at den einskilde meistrar båe målformene. Til dømes vil nok mange foreldre tenkje seg meir om når det er målrøysting i krinsen dersom dei er klåre over at det har med den framtidige karrieren til borna deira at dei blir støe i nynorsk. Bokmål lærer dei likevel elles. Konklusjonen er at tilsetjingsorgana på ein heilt annan måte må vektleggje at den som blir tilsett meistrar både nynorsk og bokmål. Dette må vere eit ufråvikeleg krav ved tilsetjing. Dette burde vere sjølvsagt, men er det ikkje i dag. Kven kan ta opp denne saka; kan Landssamanslutninga av nynorskkommunar ta fatt i henne overfor kommunane og Noregs Mållag overfor statlege styresmakter? Birger Risnes Liv og lære på I feststunder sparer ikkje teaterleiinga på dei store og gode ord om teatret. Det fløymer over av vakre ord som «nynorskens hus», «målbastion» og «flaggskipet». Det får oss til å spørje om korleis det då står til i kvardagslaget. Vi skal sjå på nokre praktiske saker som har dukka opp og fortel om den verkelege kvardagen. 1. Bestmor frå bygda «Bokmålsteater? To gonger i haust har eg teke med meg barnebarn på eventyrforteljeteaterstund [...]. Det blir ikkje den tredje. Dette kan da ikkje vera i samsvar med føremålet til Det Norske Teatret, og det var slett ikkje det eg hadde venta meg. Alt var på bokmål for ikkje å seie riksmål. Det var ikkje dette eg kjøpte til saman sju billettar til. Eg kjenner meg kraftig lurt av Det Norske Teatret. Målbruken ved dei ymse tilskipingane på teatret bør bli omtalt i årsmeldinga, slik at det kan bli kjent for årsmøtet.» Slik skreiv ei bestemor frå bygda til teatersjefen med kopi til styreleiaren i desember 2003. Etter nokre dagar svara teatersjefen (med kopi til styreleiaren): «Så lenge vi har vore i dette huset har vi nytta bokmål, nynorsk og dialektar i foajeen..i alle år. Dette har dessverre praktiske grunnar. Vi ønskjer å vera hovudstadens kulturhus, og vi har nådd det målet dei to siste åra. Vi har aktivitetar frå tidleg morgon til sein kveld, og vi maktar ikkje halde denne aktiviteten oppe om vi er restriktive når det gjeld språket, dessverre. Når det gjeld Eventyrforteljarstund er det eit arbeid mange av dei fast tilsette gjer på fritida si, innimellom prøver, framsyningar osb. derfor er dei nøydde til å improvisere og leike med eventyra. Og det er ikkje alle som beherskar nynorsken så godt at dei kan improvisere på det målet, dessverre.- hadde vi kravd det ville vi ikkje makta å halde oppe tilbodet to gonger i veka. Eg trur dessverre vi måtte ha stoppa det. Eventyrforteljarstund gjer skodespelarane av entusiasme mellom alt anna. Og eg trur du må ha vore uheldig, dei nyttar som oftast dialektar.» Forteljinga om korleis eventyrstunda blir driven kan vi jamføra med teaterårsmeldinga for same året (2003) (s. 30): «Dei fem skodespelarane [...] har halde fram gjennom året med Eventyr...Stund kvar laurdag kl. 13.00.» Vi ser at «to gonger i veka» snøgt minkar til «kvar laurdag», og at «mange av dei fast tilsette» tvert imot utgjer éin fast stab på fem namngjevne skodespelarar. Og i årsmeldinga for 2008 (s. 49) er det dei same fem namna, som elles går igjen i «Det norske»-magasinet hausten 2009 (s. 44): «Det er [...] som driv denne vesle forteljescena, og det gjer dei no på tiande året.» Sett utanfrå er det urovekkjande med ein styringskultur på teatret der teatersjefen ikkje tek redaktøransvaret for «denne vesle forteljescena», men skuvar fem namngjevne skodespelarar framføre seg, av di at det er «eit arbeid mange av dei fast tilsette gjer på fritida si». Å arbeide i bedrift «på fritida si» må i beste fall vera utanom tariff. Men det er ingen grunn til å tru at det er anna enn vanleg, avtalt tariffarbeid skodespelarane gjer for teatret på desse laurdagane. Det motsette ville vore ein sensasjon. Brevet frå teatret inneheld både opplysningar og meiningsytringar. Vi har registrert ein viss sprik mellom opplysningar i brevet og det som er offentleg tilgjengeleg. Elles er det meiningsytringane som er mest interessante: Å bruka nynorsk er vorten til å vera «restriktive når det gjeld språket». 2. Fest og kvardag «Det vert og lagt stor vekt på at målbruken i huset administrativt og i avdelingane skal vera nynorsk.» (Årsmeldinga 2003, under avsnittet Ein målbastion.) Dette er styringsretten si fråsegn til årsmøtet / luteigarane om korleis han driv verksemda. Men korleis det i røynda står til i kvardagslaget, kjem til uttrykk andre stader, t.d. i brev frå Teatermållaget til Målpolitisk råd og gjennom årsmeldingane frå Rå- NORSK TIDEND NR. 5 2009

Sigve Bøe, Ragnhild Hilt, Unn Vibeke Hol, Marit Kolbræk og Wenche E. Medbøe står bak EventyrForteljeTeaterStund. Dei er alle frå teatrets faste ensemble, og driv denne vesle forteljarscenen på niande året på rad ved sida av arbeidet på teatret. Foto: Det Norske Teatret Det Norske Teatret det får luteigarane nysn om desse sakene. Denne store «vektlegginga» styret fortel om til årsmøtet ser då noko annleis ut. I 2003 hadde Teatermållaget vendt seg til Målpolitisk råd fordi teatret hadde kjøpt inn og sett i drift eit telefonsystem med førehandsinnlesne meldingssvar på bokmål. På årsmøtet same året kom det opp klagemål om bokmål på billettane. Året etter kjem det opp i Rådet om e-post på bokmål frå teatret. I tillegg har det meir eller mindre årvisst på årsmøtet vore reist klagemål mot teatret for at det har kjøpt inn offentlege posttenester på bokmål og sendt luteigarane i samband med innkallinga til årsmøtet, i staden for å kjøpa dei same tenestene på nynorsk (seinast i 2009). Styret ignorerer årsmøtet her, men «ein målbastion» vil dei gjerne kalla det dei styrer med. Når slike målpolitiske overtramp som desse typar hendingar var i ferd med å henda, skulle dei ha vore fanga opp av interne reglar og rutinar eller av kvalifiserte medarbeidarar slik at det ikkje i ettertid vart saker for andre organ (Rådet og årsmøtet) eller allmenta. Dette er eit ansvar for styret. I vedtektene seier 6 om styret. «Det tilset teatersjef (dagleg leiar) og direktør og gjev instruksar for dei to stillingane. Styret vedtek budsjett og fastset retningsliner for verksemda.» Desse tre styringsdokumenta («instruksar for dei to stillingane» og «retningsliner for verksemda») er grunnleggjande i all bedriftsstyring. Allmenn bedriftskunnskap seier oss at det er i desse «strengt konfidensielle» dokumenta at styret har forma ut den bedriftspolitikken som har ført til dei resultata som vi har støytt på og gjort greie for ovafor. Og når resultata har vorte som dei er, seier denne kunnskapen oss at dei store vyar om teatret som «flaggskip» og «målbastion» som styret legg fram for eigarane på årsmøtet, det er formuleringar som manglar i dei styringsdokumenta som teatret tilset arbeidskraft etter. Derfor plagar styret årsmøtet år etter år med desse sakene. Men etter at styret har plaga luteigarane og årsmøtet lenge nok, blir sakene til slutt saker i den allmenne kulturdebatten. Målfolk er tolmodige, men der går ei grense. Resultata av hemmeleghaldet talar for seg sjølv. Men kvifor er styringsdokumenta så hemmelege? Etter neste årsskifte (1.1 2011) legg «Flaggskipet» ut på ferd med ny kaptein på brua og tre viktige styringsdokument for fem års seglas, dokument som direksjonen i reiarlaget har stempla «strengt konfidensielt». Enn om det vart eit allment krav å få vita kva løyndomane går ut på? Gjeld føremålet heile teatret? Då L/L Det Norske Teatret vart skipa i november 1912, vart det vedteke til føremål at teatret skulle syne fram skodespel på norsk mål. Dette var 17 år før Stortinget vedtok offisielle namn på skriftspråka. Norsk mål var målfolk sitt namn på eige språk, ofte òg kalla landsmål eller nynorsk. Det språklege motstykket var for målfolk og mange andre dansk-norsk eller norsk-dansk, jfr. Hjalmar Falk og Alf Torp: «Dansk-norskens syntax i historisk fremstilling» (1902) og «Norwegisch-dänisches etymologisches Wörterbuch;...» (1910). For atter andre var Det almindelige Bogmaal og riksmål eller bokmål brukande nemningar her. I 1929 vedtok Stortinget dei offisielle namna bokmål og nynorsk. (Sjå elles under dansk-norsk i Allkunneboka og Store Norske, vidare Målreising i 75 år, 1981, s. 139.) Selskapet heiter framleis L/L Det Norske Teatret, endå om nye selskap må ha namn med AS, ASA eller tilsvarande etter ny aksjelov. Språknamnet i føremålsparagrafen vart ikkje endra i samsvar med stortingsvedtaket om offisielle namn. Men etter 80 år med ein lovfest namnetradisjon som er annleis enn i teatervedtektene, er ikkje føremålsparagrafen lenger beint fram forståeleg utan språkhistorisk allmennkunnskap som går ut over nivået på vidaregåande skole. Og vidare er det likt til at denne skilnaden mellom namn i føremålsparagrafen og offisiell namneform skaper forvirring heilt til topps i teatermakta. Det kan tyda på at teatret er best tent med at språknamnet i føremålsparagrafen blir eit språknamn som i dag har vore offisielt namn i 80 år: nynorsk. Etter 1929 oppstod det i bygymnasmiljø nemningsparet norsk og nynorsk når dei meinte bokmål (med opphav) og nynorsk. Derifrå har uttrykket gått inn som leksikonstandard på bokmål, jfr. Store Norske, 2005, under Robert Burns: «Noen av hans dikt er oversatt til norsk av Wergeland, og utvalg er oversatt til nynorsk av Olav Nygaard [sic!] (1923), Hartvig Kiran (2. utg. 1966) og Johannes Gjerdåker (1996, 1998).» Når teatret i årsmeldingar skriv om arbeidet for «ny norsk dramatikk», er det på bakgrunn av samanhengen ikkje alltid like lett å bli klok på kva som er meint: nynorsk, bokmål eller begge delane. Med eit offisielt språknamn i føremålsparagrafen, vil teatret måtte stå klårare fram i språkpolitikken. Ei slik omlegging vil tvinge styre og teatersjef til ein meir presis ordbruk i årsmeldingane. Å reise Det Norske Teatret var ein del av den nynorske kulturreisinga, og det vart styrt på nynorsk frå første dag. Av det følgjer at nynorsk framleis skal vera eit aktivt og vitalt bruksspråk på og for heile teatret. Utan ei slik tolking av føremålet blir honnørorda «flaggskip», «målbastion» eller «nynorskens hus» meiningslause. Teatret har utvida verksemda fram gjennom åra. Prinsippet må vera at teaterføremålet følgjer utvidingane av teaterdrifta etter kvart. Dette vil då seie at teatret som institusjon er ein nynorskbrukar i det offentlege rommet. Med sin språkpolitiske føremålsparagraf står teatret i ei særstode mellom norske teater, og det må samarbeidspartnarane respektere slik at det er DNT sitt språk som gjeld for samarbeidstiltak i lag med andre. Teatret skal ikkje vera noka postkasse for den første og beste partnaren som ser mon i eit samarbeid. Det er ein umogleg tankegang at føremålet med teatret ikkje skal gjelde heile teatret, men berre delar av det fordi slike unntak «er ikkje noko trugsmål mot teatrets nynorske identitet» (Årsmelding 2003). Ein slik negativ tankegang ser ut til å ha komme opp etter at teatret flytta inn i eige hus i 1985 og fekk rom for nye aktivitetar under same tak. Og grunngjeving er m.a. språkleg kvalifikasjonsmangel hos skodespelarar. Men det er då teatersjefen som har tilsett dei. Oddmund Utskarpen Kapuscinski på nynorsk Polakken Ryszard Kapuscinski (1932 2007) var journalist i mange år og bøkene hans er omsette til over tjue språk. I fjor kom «Atter ein dag. Angola 1975» på Aschehoug forlag. Boka er førd over til ein meisterleg nynorsk av Ole Michael Selberg, som tidlegare har omsett to andre bøker av Kapuscinski til nynorsk: «Keisaren» (1986) og «Sjahen» (1988), båe utgjevne på Det Norske Samlaget. Ikkje minst nynorskfolk bør så- leis vera takksame for det Selberg har gjort for å gjera forfattaren Ryszard Kapuscinski kjend her i landet. Jamvel om «Atter ein dag. Angola 1975» vart utgjeven i fjor, så vil eg no gjerne koma med ei påminning om boka. Ryszard Kapuscinski var ein verdskjend journalist, og det er forunderleg at utgjevinga av «Atter ein dag. Angola 1975» ikkje har ført til meir merksemd. I 1975 var det fullt kaos i Angola. Alle utlendingar som kunne, flykta, desperate etter å forlata den omringa kolonien. Kapuscinski, derimot, gjorde det motsette. Han reiste til hovudstaden Luanda. Kapuscinski skildrar stemninga, herjinga og frykta i Luanda, han tek oss med til område der feil passord er det same som ein sikker død, han vurderer dei ulike fløyane sin kamp mot kvarandre og den valdelege brutaliteten i eit land som går splitta inn i ein nyvunnen fridom. Eg går ikkje nærare inn på innhaldet; interesserte får gå til boka. Boka har ei grundig innleiing av Afrika-kjennaren Helge Rønning. Gudmund Harildstad Oslo Oppklaring om istikk I Norsk Tidend 4-2009 skriv redaktør Kjartan Helleve at Nei til EU har nekta Mållaget å ha verveistikk i medlemsavisa Standpunkt. «Det ville ha provosert for mange av medlemane deira,» skriv Helleve. Som medlem i Mållaget og medansvarleg for at nynorskdelen i Standpunkt ofte bikkar 50 prosent, er eg ikkje framand for å provosere enkelte medlemer som ikkje er glade i nynorsk. Eg vart difor overraska over å lese at Nei til EU hadde nekta å ta inn istikk for Mållaget i Standpunkt, og måtte sjekke opp i saka. Nei til EU har til no hatt avtalar om byteistikk med Dag og Tid, Klassekampen, Vårt Land og Nationen. Vi har derimot ikkje brukt å ha byteistikk med andre politiske organisasjonar. Nei til EU var tidlegare i år i kontakt med Kjartan Helleve om kjøp av istikk til kostpris i Norsk Tidend. Det fekk vi ikkje, men derimot tilbod om byteistikk. Det var mindre interessant for Nei til EU. Men spørsmålet vart teke opp i Nei til EUs arbeidsutval 17. mars, som stilte seg positive til å prøve ut byteistikk med Mållaget. Sidan vi allereie hadde avtalar om istikk i alle nummera i 2009 vart dette diverre ikkje meldt tilbake til Mållaget. Men når utgjevingsplanen vår for 2010 er klar, vil vi heilt sikkert ta kontakt med Mållaget på nytt. Sindre Humberset Redaktør for Standpunkt, avisa til Nei til EU NORSK TIDEND NR. 5 2009 19

20 NORSK TIDEND NR. 5 2009