HÅ KOMMUNE MOTLAND SKULE



Like dokumenter
HÅ KOMMUNE MOTLAND SKULE

HÅ KOMMUNE MOTLAND SKULE

HÅ KOMMUNE MOTLAND SKULE

Informasjonsbrosjyre til føresette ved skular som deltek i Two Teachers

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 2 - Oktober

HANDLINGSPLAN FOR NORDBYGDO UNGDOMSSKULE

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING»

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 2 - November. Slik så den ut i. og slik ser den ut i dag.

LEIRVIK SKULE. Velkomen til skuleåret

HÅ KOMMUNE BREIDABLIKK KULTURBARNEHAGE

Granvin barne- og ungdomsskule 5733 GRANVIN Rektor mobil: Assisterande rektor mobil:

Leseglede saman for betre lesing i alle fag

VELKOMSTHEFTE FOR HELLAND SFO

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

Informasjon om organisering av skuleåret haust 2019 vår 2020

Utviklingsplan for Vigrestad skule. Dagfrid Bekkeheien Skrettingland

VEL MØTT TIL ETNE CUP 2008!

Velkommen til orienteringsmøte om skulestart Torsdag

Lese snakke skrive. OS BARNESKULE, Os, Hordaland (1 7) Av Mari-Anne Mørk

Til deg som bur i fosterheim år

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Utviklingsplan 2015 Meling skule. "Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert jeg kan klare."

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Kle barna ut i morosame og fargerike klede, leit i skuffer og skap finn fram det du har og lag til ei festleg kostyme.

Møtereferat Orstad FAU Dato Til stades Møteleiar Referent Saker Sak Omtale Evaluering av Temakveld. Temakveld med Barnevakten nettmobbing.

Tilstandsrapport for grunnskulen 2014/2015

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 6 - Mai. Denne gongen er det Afrika Zambia som me skal ha fokus på. * * *

Foreldreråd utan tilsette - Helland Barnehage 25. september 2012 kl

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 3 - Januar. Så tar me hoppet over til 2018

Månadsbrev for Februar

Spørjeskjema for elevar klasse, vår 2017

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

Møtereferat Orstad FAU Dato Til stades Møteleiar Referent Sak Omtale Evaluering av FN-dagen Neste år: Økonomiopplæring for elevar

SFFK takkar igjen for påmeldinga, og gratulerar med avansement til sluttspelet!

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 5 - April

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

Bjørnehiet SFO - informasjon

Rekrutteringsplan FBK Voss

Vaksenopplæringa i Sula

Merknader til Rapport av frå nedsett komitè om Grendaskular i Balestrand

Matematikk 2, 4MX25-10

Informasjon til elevane

Skolemiljøet til elevane. Til deg som er elev

VEKEPLAN 3. trinn Veke: 42 og 43

Vi lever av kunnskapen

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Bryne skule. Årsmelding frå Foreldreutvalet ved Bryne skule 2016/2017

Fogn oppvekstsenter levande og lærande

ÅRSMELDING VIGRESTAD SKULE

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Fogn oppvekstsenter levande og lærande

Handlingsplan Lye SFO

Melding til fylkeskommunen om elevar etter 6-17 Fortrinnsrett for søkjarar med sterkt nedsett funksjonsevne

Felles foreldremøte for Landro og Misje Torsdag

Barnerettane i SKULEN

Foreldre ved Ål ungdomsskule

REFERAT: MØTE I FAU-VALESTRAND SKULE

Vennegrupper på Høle Barne- og Ungdomsskule

Førsteklasse haust 2018 Velkommen! Foldnes skule 8. mai 2018

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

Elevundersøkinga 2016

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

Vekeplan Veke 44 6.trinn

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Svara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla.

Fogn oppvekstsenter levande og lærande

Eg må tenke lurt og bruke heile kroppen. Eg må seie høgt til meg sjølv: Dette KAN eg. Det som er vanskeleg kan eg LÆRE meg.

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule


Time kulturskule. Visjon: Alle barn og unge har oppvekstvilkår som gir dei lyst på livet og evne til å meistra det.

Utviklingsplan skuleåret Vasshus skule Glede og tryggleik gir meistring

Referat frå møte i Arbeidsutvalet for foreldre ved Hafslo barne- og ungdomsskule

Informasjon om Sør-Fron ungdomsskule. Skuleåret

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Handlingsplan mot mobbing

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

INVITASJON til Etne Cup 2007

Alversund skule Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a Handlingsplikta Opplæringslova 9a 3 andre ledd

Ei kokebok for kulturkontakten og kommunekontakten

KLASSEKONTAKT. Kva kan eg gjere? Kven er eg til for? Korleis kan eg jobbe? Lysarka bygger på FUG - hefte ABC for foreldrekontaktar.

«Det er ei ære for oss å få låna det kjæraste de har»

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Høle Barne- og Ungdomsskule Skulebasert praksisplan for Høle Barne- og Ungdomsskule 2016

VEKEPLAN 5. KL. Veke Namn: MÅN TYS ONS TOR FRE 5A 5B 5C 5D 5A 5B 5C 5D 5A 5B 5C 5D 5A 5B 5C 5D 5A 5B 5C 5D

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Velkomen som konfirmant!

Respekt på Rommetveit skule

Søknadsinfo:

Hefte for foreldrekontaktar

FORELDREMØTE 8. TRINN ONSDAG VURDERING, FRÅVER, VALFAG MM.

FUSA UNGDOMSRÅD. Interimsstyre frå 2006 Fast ordning frå 2007

Maktens pluttifikasjon

Transkript:

HÅ KOMMUNE MOTLAND SKULE Kjære foreldre/føresette ved Motland skule. Informasjon mars 2009 Informasjon Skulen sin telefon: 51798380 SFO: 98479597 1.og 3. 98479665 2. og 4. E-post: post.motland.skule@ha. kommune.no Internettadresse: www.ha.no/mot Rektor: Eivind Galtvik 51798382/41532639 Lagleiarar: Ann Merete Erga Bergljot G. Aunet Liv Årrestad Bø Vaktmeister: Erlend Høyland Sekretær: Beathe H. Fjeldheim Bibliotek: Kari Thu 51798379 Helsesøster: Ingvild Lye Skretting Tannlegekontor Nærbø:51799920 PPT: 51799770 Motland skule som praksisskule! Som de veit har vi avtale med UiS om at studentar er på skulen for å ha praksis. Dette skuleåret har vi hatt første og andreårsstudentar. I veke 11-13 kjem det 26 andreårsstudentar. Dei skal vere her frå tysdag 10. mars til fredag 27. mars. Fem av desse dagane skal dei ta over undervisning på alle trinna. Dette er ein viktig praksis for desse studentane, no får dei verkeleg kjenne på kroppen korleis det er å vere i praksis. Denne formen for praksis har Universitetet i Stavanger hatt i mange år, og tilbakemeldingane både frå studentar, elevar, foreldre og dei tilsette på skulen er gode. Det er viktig at studentane vert kjent med dei elevane dei skal undervise, derfor er dei her i åtte dagar før dei tek over skulen. Dei tek over skulen fredag 20. mars og har ansvaret for undervisninga fram t.o.m. torsdag 26. mars. I denne perioden vil lærarane ikkje vere tilgjengelege for studentane. Mange av dei andre tilsette (reinhaldere, assistentar, fagpersonar, sekretær og vaktmeister) er på skulen som vanleg når studentane er her. Det vil og vere ein kontaktperson både frå UiS og frå etatskontoret i kommunen dei fem dagane studentane er aleine om undervisninga. Vi håper dette vert gode dagar både for elevane og for studentane! Prosjekt Lesing! Skuleåret 0809 har vi ekstra satsing på lesing. Mange av dei tilsette er med i ei kursrekkje med lesesenteret med fokus på lesing. I tillegg har vi fleire lærarar som har teke etterutdanning i Meistring og utvikling som har fokus på begynneropplæring av lesing og skriving. På skulen har vi ei prosjektgruppe som er med å legg føringar på korleis vi skal arbeide med lesing framover. Vi trur det er lurt å involvere så mange som mulig i dette, derfor har vi laga arbeidsgrupper som skal dele sine erfaringar med kvarandre og med alle andre. Når studentane tek over skulen skal vi på studietur til København. Der skal vi sjå på spennande skular som har gode resultat på lesing og vi skal bruke mykje tid på å dele kunnskap med kvarandre.

Bokveka! Veka før vinterferien la heile skulen bort dei fleste fagbøkene og koste oss med biletbøkene til Bjørn F. Rørvik og Per Dybvig. Det var stor aktivitet, godt samarbeid og skaparglede på alle trinn. Historiene om Reven og Grisungen inspirerte til teikning og skriving av tekstar og songar. Det vart og laga mange flotte kunstverk. Det verka som både store og små kosa seg heile veka. Noko av det som vart laga var: 1.trinn laga store figurar av reven og grisungen. Dei heng i framleis i aulaen. 2.trinn surra flotte myggar av piperensarar. 3.trinn laga myggsprayreklame både på trykk og film. 4.og 5. trinn laga Tutomatar som var flotte i seg sjølv, og somme kunne matast med snop, rusk og anna og gav tut tilbake. Den eine tutomaten tok til og med Visakort. 6.trinn trylla med avis og tapetlim som vart flotte Snøffelhøns med prangande fjører. 7.trinn laga romantiske teaterstykke som dei viste fram på avslutninga. Vi legg opp til å ha ei bokveke kvart skuleår, omtrent på denne tida. Her er ein av dei mange flotte myggane som elevane på 2. trinn laga Her driv 4. trinn å lager tutomater På 6. trinn laga dei tøffe Snøffel høns 1.trinn laga store figurar av reven og grisungen. Desse heng i aulaen

Samarbeid med Hå kulturtorg Motland skule ønskjer å spele ei viktig rolle i lokalsamfunnet på Nærbø og i Hå kommune. Vi har eit godt samarbeid med ulike lag og organisasjonar. I siste halvdel av mars skal Hå kulturtorg sette opp to store førestillinger her. Musikalen ANNIE skal framførast 27. og 30. mars på kvelden, og som skuleførestillingar 30. og 31. mars. Saman med Nærbø musikkorps og Kulturscena i Hå vert det ABBA konsert. Det vert discokuler, glitter og glam. Frå kulturskulen deltek både songarar og dansarar. I tillegg er musikantar frå Hårock og Nærbø skulekorps og med. Desse førestillingene er 28. og 29. mars. Vi ønskjer alle deltakarane lukke til! Trafikk rundt skulen Det har vore arbeidd med å få betre flyt i trafikken rundt skulen. Dette gjeld spesielt Kviavegen. Der er det blitt betre, det er flott! Noko av problemet no er at mange av bilane har flytta seg til Bjørkevegen og Raunevegen. FAU og skulen oppmodar fortsatt alle elevane til å gå eller sykla til skulen. Viss de må nytte bil, bruk parkeringsplassen for av og påstigning. Klassekontaktar Namna på alle klassekontaktane ligg no på heimesida, så de lettare kan nå dei viss det er noko det vil ta opp med dei. SFO Minner om at fristen for å seie opp plass/endre på tilbodet før sommaren er 1. april. Ønskjer de endring frå neste skuleår er fristen 1. mai. SFO er for elevane som går i 1.- 4. klassetrinn. Årsmeldinga 2008 På heimesida finn de no årsmeldinga til skulen. Årsmeldinga seier noko om dei resultat som skulen oppnådde i 2008 og kva vi meiner var bra og kva vi må arbeide vidare med. Gå inn å les! Hallen vert stengt Som ei følgje av at Hå kulturtorg skal bruke hallen i sine oppsetningar, vert denne stengt for andre aktivitetar i perioden 16.-31. mars. Elevane kan nytte garderobane og vil ha gymtimar som oppsett. Sluttspel i handball. Motland har gode lag i handball. Både jentene og gutane var kvalifisert til sluttspel i Stavanger storhall torsdag 5. mars. Begge laga gjorde ein flott innsats, jentene vart slått ut i kvartfinalen. Gutane vann heile turneringa etter ein spennande finale med ekstraomganger. Vi gratulerer alle saman! Eivind Galtvik -rektor