HANDLINGSPLAN MOT MOBBING



Like dokumenter
HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING. Ogna skule

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Tiltaksplan mot mobbing

NESSET KOMMUNE Indre Nesset barne- og ungdomsskole. Plan for arbeidet med det psykososiale miljøet

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Plan for arbeid mot mobbing og krenkende atferd Skoger skole

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING KVIKNE SKOLE

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG KRENKENDE ATFERD

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING. Bø skule

Kvalitetsplan mot mobbing

Handlingsplan mot mobbing - Gol vidaregåande skule

1. AVDEKKING AV MOBBING

Øystese barneskule April - 08

1. Forord fra rektor s Bakgrunn og definisjoner s Avdekking av mobbing s Problemløsning av mobbesaker s. 7

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN FOR EIT GODT PSYKOSOSIALT MILJØ

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Melding til Sandved bydelsutvalg /11

Handlingsplan mot mobbing og annen krenkende atferd

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ

Alle elevar i grunnskulen har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring.

2. Sjå tiltak under punkt Ikkje aktuel

Handlingsplan mot mobbing Glomfjord skole. Avdekke, stoppe og forebygge mobbing.

Oppfølging av 9A i Opplæringslova Handlingsplan Myking skule

Handlingsplan mot mobbing

Handlingsplan for et godt læringsmiljø ved Sandvollan skole

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE

Handlingsplan mot mobbing

Handlingsplan mot mobbing

Denne planen består av fire deler 1. AVDEKKING AV MOBBING 2. PROBLEMLØYSING AV MOBBESAKER 3. FØREBYGGING 4. KONTINUITET

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

KVALITETSPLAN OLWEUS ÅGOTNES SKULE 2014

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

ØSTGÅRD SKOLES HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Zero Rom skoles handlingsplan mot mobbing

Elevane sitt skulemiljø Opplæringslova 9a HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

TILTAKSPLAN MOT MOBBING LONE SKULE

Godkjent av driftsstyret Handlingsplan mot mobbing

Plan for eit trygt og godt skulemiljø

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Nasjonale føringar og føresetnader Målsetjing Kvinnherad kommune

Foreldreundersøking i skule 2006

Plan for godt skulemiljø - skal sikra eit godt psykososialt læringsmiljø på skulen.

Forord

DANIELSEN BARNE- OG UNGDOMSSKULE SOTRA

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ, kap. 9A. Ostereidet barneskule

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

TILTAKSPLAN MOT MOBBING LONE SKULE

Utviklingsplan skuleåret Vasshus skule a

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Rosendal ungdomsskule er ein trygg og utviklande læringsarena for alle elevane. VISJON. Partar: Rektor.

Plan for overgangar. for barn og unge

Nyplass skole handlingsplan mot mobbing

Alversund skule. Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a. Retningslinjer og Rutineskildring

Rutineperm. Ambjørnrød skole. 2009/2010 Kap. 3: Planer Side 1

TILTAK MOT MOBBING Geiranger skule og barnehage 2012

Strategi for oppvekst- og læringsmiljø - SOL i Samnanger kommune mai Strategi for oppvekst- og læringsmiljø SOL. i Samnanger kommune

Handlingsplan mot mobbing

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG KRENKENDE ADFERD KYLSTAD SKOLE

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE

Handlingsplan mot mobbing. for. Stranda ungdomsskule

RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A.

Vardenes skoles. Handlingsplan mot mobbing

Handlingsplan mot mobbing ved Høyland ungdomsskole

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

Kommunedelplan for oppvekst

Handlingsplan mot mobbing.

HEIDAL SKULE. Tiltaksplan mot krenkjande åtferd ved Heidal skule.

Leiing i barnehagen. Forventningar til styraren

Driftseining Sunnfjord. Skole, kommune, politi og samarbeid

HØYANGER KOMMUNE OPPVEKST OG KULTUR PLAN FOR OVERGANGANE. Plan overganger Høyanger kommune.

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING. SAND SKOLE august 2015

TILTAKSPLAN MOT MOBBING

Lysheim skole Plan for å sikre elevene et godt psykososialt miljø

Betre tverrfagleg innsats. Handlingsrettleiar. Åd Årdal lkommune

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Tiltaksplan mot mobbing Jappa Skole 2013

Varsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon

Rutine for endring og omstilling i Samnanger kommune

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

Handlingsplan mot. mobbing ved. Åheim skule

Plan for rettleiing av nyutdanna i barnehage og skule. Jørn

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG KRENKENDE ADFERD

Handlingsplan mot mobbing

Handlingsplan mot mobbing på Eiganes skole. Er tilstede Er i utvikling Går sammen

Transkript:

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING BRATTHOLMEN SKULE mars 2006, rev. haust 2007/2008/2009/2010/2011/2012/2013

Føreord av rektor Brattholmen skule har som visjon: Ein skule der tryggleik, trivsel og toleranse er grunnlag for læring. På ein slik skule som vår kan vi ikkje godta at nokon skal bli plaga av andre. Dette tyder ikkje at alle skal vera like gode vener alltid. Vi skal ikkje ha ein konfliktfri skule. Det er mykje å læra gjennom konfliktar og handtering av desse. Vi treng å læra å leva med konfliktar og å løysa dei på gode måtar. Mobbing er noko anna enn konflikt. Mobbing er overgrep. Mobbing vert kjenneteikna ved at ein eller fleire blir plaga over tid. Dette kan gjenta seg i periodar. Det er også slik at styrkeforholdet er skeivt: Dei eller den som plagar, er sterkare enn den som blir plaga. Av og til er det ikkje fysisk styrke som gjer utslaget, men at den som er plaga, kjenner seg underlegen. Det er den subjektive kjensla til mobbeoffer av å bli mobba som vert lagt til grunn for handtering av mobbesak etter denne planen. Vi vil i framhaldet spesielt ha fokus på den skjulte mobbinga og skaffa oss kompetanse på dette området. Planen for vinteren 2013/14 er å få til eit samarbeid med Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforskning (NSLA) for å fornya kompetansen vår på heile mobbeproblematikken. Samkvem mellom oss på skulen skal alltid vera prega av gjensidig tillit og respekt. Dette er viktig i arbeidet mot mobbing. Denne planen er også forankra i Opplæringslova 9a, med særleg vekt på punkta 1, 3 og 4. 9a har eit vidare perspektiv enn berre mobbing. Denne planen er såleis ein del av arbeidet med denne paragrafen i Opplæringslova. På skulen hos oss har vi ingen toleranse for mobbing! Det betyr ikkje at mobbing ikkje fins. Skulen handterer alle saker som vert meldt, slik denne planen skisserer. Planen har som mål å vera eit verktøy for deg som tilsett ved skulen slik at vi kan få bukt med problemet. Han er ikkje uttømande når den gjeld formell handtering av ei mobbesak, men byggjer på rettleiingar frå NSLA (ZERO-programmet). Du finn desse rettleiingane på fellesområdet i mappe 4.0. og pliktar å gjera deg kjent med dei. I tillegg er klasseleiingsprogrammet, TSK, som er utvikla av Fjell kommune og grunnleggjande for all pedagogisk verksemd i skulen i Fjell, del av fundamentet planen kviler på. Arne Bjorøy rektor mars 2006/2013 Rev. sep. 2007/des. 2008/okt. 2009/okt. 2010/nov. 2011/okt.2012/jan. 2014 Handlingsplan mot mobbing 2

Innhald Mobbing, definisjon og mål for arbeid mot mobbing Innhald i planen: 1. Førebygging Relasjon lærar/assistent elev Relasjon lærar/assistent - klasse/gruppe Relasjon elev elev Relasjon tilsett føresette Skulestart Klasse/gruppestart: Skule og SFO Sikring av arenaer som skuleplass, gym.avdeling, SFO 2. Avdekking Årleg undersøking av omfanget av mobbing ved skulen Vakt og tilsynsordningar Kommunikasjon lærar elev foreldre Ved mistanke om mobbing 3. Problemløysing Prosedyre når mobbing er meldt eller avdekka Samarbeid med andre instansar ved mobbing Arbeid i etterkant av ei mobbesak arbeid med elevane Arbeid i etterkant av ei mobbesak organisasjonsarbeid 4. Kontinuitet Ansvarskjede Faste tiltak i eit årshjul Årleg gjennomgang og revisjon av planen Handlingsplan mot mobbing 3

SKULEN SITT ARBEID MOT MOBBING Mål: Alle elevar skal oppleva eit trygt og godt arbeidsmiljø fritt for mobbing på skulen Opplæringslova 9a-1: Alle elevar i grunnskolar og vidaregåande skolar har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring. Definisjon: Med mobbing eller plaging forstår vi psykisk og/eller fysisk vald retta mot eit offer, utført av enkeltperson(ar) eller grupper. Mobbing føreset eit ujamt styrkeforhold mellom offer og plagar, og episodane vert gjentekne over tid. (Roland og Sørensen Vaaland, i Zero, SAFs program mot mobbing. Lærerveiledning, 2003). Nokre vanlege kjenneteikn hos elev som vert mobba: Psykosomatiske plager (vondt i hovudet, magen mest vanleg), søvnvanskar, skulevegring, dårleg appetitt. Dersom eleven har symptom/kjenneteikn på at han/ho vert mobba, må føresette ta kontakt med skulen straks. Skulen sitt arbeid mot mobbing vert skildra i denne planen. Planen er bygt opp omkring fire tema: Førebygging Avdekking av mobbing Problemløysing av mobbesaker Kontinuitet i arbeidet 1. FØREBYGGING MÅL: Alle elevar skal oppleva eit godt skule-/arbeids-miljø (Opplæringslova 9a-4). 1.1 Relasjon lærar/assistent - elev Lærar/assistent er ein tydelig og støttande vaksen som eleven kan ha tillit til. Mål: Klasse-/gruppe-leiar er grensesetjar, bryr seg, viser omsorg, er tilgjengeleg og har tid til eleven (TSK). Tiltak skulen set i verk for å hjelpa til med at lærarar/assistentar si relasjonsbygging til einskildelevar held fram kontinuerleg og har høg kvalitet: Dette kan skje gjennom at vi Handlingsplan mot mobbing 4

presenterer personalet på fellessamling i august har klasseleiing etter prinsippa i TSK (sjå utdjuping i pkt 1.2) har systematiske elevsamtalar, har rom for eigne samtale for elevar som treng det i skulekvardagen helsar på elevane ser kvar elev kvar dag aktivt elevrådsarbeid, sosiale arrangement som ballturneringar, aktivitetsdag, fellessamlingar, turar utflukter og trivselsleiarar miljøbyggande aktivitetar i friminutt 1.2 Relasjon lærar/assistent - klasse/gruppe Mål: Lærar/assistent utøver tydeleg, støttande leiing på ein slik måte at klassen/gruppa opplevst som ein trygg stad for alle elevane (etter prinsippa i TSK). Tiltak: Vi har klåre grenser med støtte for positiv åtferd, prosedyrar og rutinar og har kjente strategiar for problem- og konfliktløysing. Bruk av Ditt val skal vera med å ansvarleg-gjera eleven. Nye tilsette får opplæring i TSK 1.3 Relasjon elev - elev Mål: Elevane i klassen/gruppa tar vare på kvarandre og er opptekne av at alle har det trygt. Tiltak (lista gir berre døme): hemmeleg venn (tiltak best eigna frå 1.-4.klasse) fadderordningar fellesaktivitetar klassens time trivselsleiarar (eige system utvikla av Trivselslederne ) Tiltak skulen set i verk for å hjelpa til med at lærarar/assistentar stimulerer til positive relasjonar mellom elevane, held fram kontinuerleg og har høg kvalitet: å sørgja for at elevane har tilgjengeleg leikeutstyr til bruk i friminutta: ballar, hoppetau, spader og spann og liknande (lån frå SFO skal alltid ryddast opp i). å sørgja for at leikeutstyr, ballmål, ballkorger, sklie osv. vert vedlikehaldne vera leiarar for trivselsleiarar (TL-kontakt) setja av tid til fri leik ute og inne kjøpa spel til klassane/utlån ved behov gripa inn i leiken når dette er nødvendig gode vaktrutinar i friminutt 1.4 Relasjon tilsett føresette Mål: Relasjonen mellom lærar/assistent og den enkelte elev sine føresette er prega av respekt, tillit og samarbeidsvilje. Av dette følgjer: Å ha lav terskel for å ta kontakt. Tiltak (kontinuerleg): tilretteleggja for eit godt informasjonsnivå Handlingsplan mot mobbing 5

invitera foreldra med på ulike arrangement Oppmoda og støtta føresette i å ta initiativ til miljøbyggande tiltak (vennegrupper, turar, spelkveldar, bakekveldar m.v.) 1.5 Skulestart Mål: Skulestarten skal være føreseieleg og trygg og gi alle elevar ei positiv oppleving. Tiltak: Skulen arrangerer førskuledag(ar) har fadderordning gjer elevane kjent med bygningar, tilsette, skuleområde innfører skulerutinane alt frå starten i 1. klasse 1.6 Klasse-/gruppe-start: Skule og SFO Mål: Lærar/assistent møter klassen/gruppa på ein måte som signaliserer trygg leiing, ivaretaking som basis for gjensidig tillit. Tiltak: faste enkle, felles klasse-rutinar innarbeidd grenser etter prinsippa i TSK tydeleggjort alle elevar er kjende med ordensreglane ved skulen/i SFO (inkl. konsekvensar ved brot på dei). Den vaksne er ein tydeleg, støttande klasse-/gruppe-leiar 1.7 Sikring av arenaer som skuleplass, korridorar, gym. og toalett-avdeling og SFO Mål: Alle arenaer på skulen skal kjennast trygge for alle elevar. Tiltak: god inspeksjonsordning i friminutta. vaksne er synleg for elevane (bruk av vest ute) kartlegging av det fysiske miljøet ute og inne og setja inn ekstra tilsyn der det kan førekoma mobbing. 2. AVDEKKING AV MOBBING MÅL: Mobbing som føregår i og ved skulen, blir avdekka. Skulen har prosedyrar for jamleg å avdekke eventuell mobbing av og mellom elevar. I tillegg til prosedyrane set skulen og opp kva for ansvar ulike aktørar har i denne samanhengen. Aktuelle aktørar er: Leiing, lærarar, assistentar (ev. andre tilsette), medelevar. 2.1 Årleg undersøking av omfanget av mobbing ved skulen Prosedyre ved årlige undersøkingar, vår og haust: Vår: Eiga spørjeundersøking og elektronisk undersøking frå Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforskning (NSLA) vert gjennomført skiftesvis kvart anna år Handlingsplan mot mobbing 6

Eiga undersøkjing (partalsår): Spørjeskjema ligg i Handboka til skulen. NSLA-undersøkinga (oddetalsår): 3. 7. klasse gjer denne elektronisk. Haust: Elevundersøkinga (Utdanningsdirektoratet) for 5.-7.klasse. Ansvar i samband med gjennomføring og oppfølgjing av dei årlige undersøkingane: Leiargruppa finn tidspunkt og legg til rette for gjennomføring av undersøkinga. Gruppa legg til rette og planlegg gjennomgangen av resultatet for lærarplenum, som konkluderer med eventuelle tiltak. Tiltaka må vera felles ansvar og springa ut frå felles haldning. Rektor presenter resultat av undersøkingane i foreldrefora og på heimesida til skulen. 2.2 Vakt- og tilsynsordningar Sjekkpunkt for vakt- og tilsynsordningar: Vi følgjer ei oppsett vaktliste for alle friminutt. Ansvar: Inspektør Elevane skal vite kor det er vakt og vaktområde. Ansvar: Kontaktlærar. Alle som har vakt, har på vestar som gjer dei synlege i uteområde. Elevane må gå til vakt når dei treng kontakt med ein vaksen som melder frå til kontaktlærar. Vakt/vaksenperson informerer kontaktlærar og leiing ved mistanke om mobbing, jf Sjekkliste (Handboka 1.2.7). 2.3 Kommunikasjon lærar elev føresette Mobbing er tema på foreldremøte og på alle faste utviklingsamtalar med elevar og føresette. Det blir gjennomført minst 2 elevsamtalar, 2 utviklingsamtalar, 1 klasseforeldremøte og felles foreldremøte kvart skuleår. Ansvarleg: Kontaktlærar/leiing (timelærarar er med på felles foreldremøte). Mobbing som tema blir tatt opp på informasjonsmøte med 1. klasseforeldre i samband med førskuledag om våren, og med nye foreldre. 1. klasse deltek i Zippys vener. Ansvarleg: Rektor Antimobbereglar blir tatt opp i klassen ved starten på kvart skuleår Ansvarleg: Kontaktlærar Ei årleg Zero-samling for alle elevane før haustferien. Ansvarleg: 6.+ 2. klasse. Årleg revisjon av denne planen involverer heile skulesamfunnet, inkl. aktuelle råd og utval (Elevråd, FAU, SMU). Rektor reviderer planen. 2.4 Ved mistanke om mobbing 1. Melding om mobbesak via eige skjema, vedlegg til denne planen og tilgjengeleg på heimesida til skulen. (Kan brukast av alle aktørar: Leiing, lærarar, assistentar, ev. andre tilsette, elevar/føresette). 2. Informasjonsinnhenting gjennom observasjon kontaktlærar er ansvarleg til vanleg. Involvering av heile personalet info på personalmøte. Ansvar: Kontaktlærar og leiing Handlingsplan mot mobbing 7

Vurdering om vaksenressurs må omdisponerast for kortare eller lengre tid Ansvar: Leiing i samråd med involvert(e) lærar(ar). 3. Informasjonsinnhenting gjennom samtale med offer. Ytterlegare konkretisering: Kontaktlærar/lærar/repr. for leiinga klargjer for eleven at ho/han veit kva som truleg skjer og at skulen ikkje kan akseptere dette. Føresette blir kontakta. Ansvarleg: Kontaktlærar og leiing 4. Informasjonsinnhenting gjennom samtale med mobbar(ar) Kontaktlærar/lærar/repr. for leiinga klargjer for eleven at ho/han veit kva som skjer og at skulen ikkje kan akseptera dette. Føresette blir kontakta Ansvarleg: Kontaktlærar og leiing I situasjonar der foreldre ikkje ynskjer å ta til på ev. tiltaksplan, skal skulen ha skriftleg dokumentasjon på dette. 3. PROBLEMLØYSING I MOBBESAKER MÅL: Skulen tek ansvar og initiativ for å stoppa mobbing. Dette skal gjerast på måtar som i neste omgang førebyggjer mobbing. Skulen sin fellesstrategi skal sikra at alle som tek opp ein mobbesak veit at ho blir handtert etter retningslinjer som ligg i denne planen. Rektor fattar ev. enkeltvedtak (etter Forvaltningslova) jf 9a i Opplæringslova. I sin yttarste konsekvens kan vedtaket omfatta flytting av mobbar til annan skule. 3.1 Prosedyrar når mobbing er meldt eller avdekka Prosedyrar ved ei mobbesak: Leiinga er ansvarleg, tek del i prosessen med å løysa ei sak og skal vera orientert om situasjonen til ei kvar tid og om tiltak som blir sette i verk. Kontaktlærar er ansvarleg for oppfølgjing av tiltak i eit enkeltvedtak. Alle tiltak skal dokumenterast med vurdering av kva som verkar etter kvart. Alle saker startar med utfylt skjemaet, Melding av mobbesak (Handboka 1.2.6). 3.1.1. Undersøkingar for å sikra faktainformasjon Sjekkliste for handtering av mobbesak vert nytta (Handboka 1.2.7) Kontaktlærar organiserer kollektiv innsamling av informasjon og fakta omkring mobbinga hos personale på skulen(lærarar, assistentar, SFO). Den/Dei som arbeider med problemet, avgjer kven som skal kontaktast i samråd med leiinga. Føresette får informasjon om sin elev. Føresette kan ha med seg talsperson i samtale med skulen. Ansvarleg: Kontaktlærar og leiing Handlingsplan mot mobbing 8

Saka kan få to utfall: Dersom mobbing er konstatert eller dersom foreldre krev tiltak, fattar rektor enkeltvedtak etter Forvaltingslova. (Mal for vedtak: Udir.no - Mobbing) Om det ikkje er konstatert mobbing, vert saka avslutta, også med enkeltvedtak. Dokumentasjon vert lagt i relevante personmapper. 3.1.2 Vidare prosedyre i ei mobbesak (vil gå fram av enkeltvedtaket): Føresette vert kontakta på telefon straks etter samtalar med elevar. Ansvarleg: Kontaktlærar. I møte med føresette skal alltid leiinga vera med. Første samtalar med offer etter prosedyre skildra i dokumentet «Arbeid mot mobbing, rettleiar» i fellesmappe 4.0. Ansvarleg: Kontaktlærar. Første samtalar med plagar(ar)/mobbar(ar). (STOPP-samtale). Avtale vert gjort om ny samtale. Sjå rettleiinga på fellesområdet 4.0 Ansvarleg: Kontaktlærar og leiing. Oppfølgingssamtalar med offer Ansvarleg: Kontaktlærar Oppfølgingssamtalar med plagar(ar)/ mobbar(ar) Ansvarleg: Kontaktlærar Oppsummeringssamtalar mellom kontaktlærar og leiinga, informasjon og avtale om vidare saksgang undervegs og til slutt. Desse samtalane skal ikkje nødvendigvis gjennomførast i rekkefølgja over, men må tilpassast det i enkelte tilfellet. Alle samtalane skal gjennomførast. 3.2 Samarbeid med føresette og aktuelle samarbeidspartar: PPT, BUP, barnevern, fastlege, skulehelseteneste (barnehage) Dersom kontakt med føresette ikkje fører fram, er det aktuelt å kontakte PPT og eller barnevern. Ansvar for å etablera kontakt med eksterne instansar: Rektor 3.3 Arbeid i etterkant av ei mobbesak arbeid med elevane Etter at ein mobbesak er løyst, eller at det er tatt affære for å endre situasjonen, vil det vera nødvendig å jobbe strategisk med tanke på dei ulike partane: Mobbeofferet, mobbarane og tilskodarane/medelevane. Målet med dette arbeidet er å førebyggja slik at dei ulike aktørane veit kva dei skal gjera om dei kjem i slike rollar/situasjonar seinare. Prosedyrar for jobbing i etterkant med enkeltelevar og klasse/gruppe: Oppfølging med jamlege samtalar. Haldningsskapande arbeid i klassen (aktivitetar som skapar samkjensle, t.d. turar, fellesprosjekt i fag, m.v.) Ansvar for arbeidet: Kontaktlærar. I nokre tilfelle kan det vera naturleg at leiinga er med. 3.4 Arbeid i etterkant av ei mobbesak organisasjonsarbeid Problemløysing på individ- nivå og etterarbeid etter ei mobbesak kan avdekka veikskapar i systemet som bør endrast for å verka førebyggjande. Det er difor viktig at kvar mobbesak vert Handlingsplan mot mobbing 9

avslutta med ei evaluering der leiing og involverte lærarar drøftar kva ein i organisasjonen kan læra av den aktuelle saka med tanke på å førebyggja mobbing. Tiltak: 1 Gjennomgang av saka med tanke på kva den syner av organisering og rutinar som ikkje fungerer godt nok (leiing og involverte lærarar). Dette skal nedfellast i denne planen. Skriftleggjering Ansvarleg: Rektor 2 Informasjon til andre tilsette basert på det som kjem fram i gjennomgangen, punkt 1. Personalmøte Ansvarleg: Rektor, SFO-leiar 3 Føresette kan levera ein avsluttande, skriftleg rapport om korleis dei har opplevd saka. Ei slik tilbakemelding vil vera verdfull for skulen i vidare arbeid med mobbesaker og for å gjera denne planen betre. Ansvarleg: Rektor 4. SMU (Skulemiljøutvalet) får informasjon om saker gjennom året på generelt grunnlag på eit vårmøte for å kunna bidra til å betra skulemiljøet og førebyggja mobbing, og for å vera med i prosessen med å vidareutvikla denne planen. Ansvarleg: Rektor 5 Oppheving av enkeltvedtak etter Forvaltningslova, jf 9a i Opplæringslova. Når grunnlaget for vedtaket er falle bort, er vedtaket oppheva. Unnatak er vedtak om flytting til annan skule. Føresette får informasjon om dette. Unnatak er her også vedtak om flytting til annan skule. Ansvarleg: Rektor Handlingsplan mot mobbing 10

4. KONTINUITET Mål: Skulen sitt arbeid med å førebyggja, avdekka og stoppa mobbing føregår kontinuerleg. Handlingsprogrammet for ZERO vert gjennomgått/revidert årleg med alle tilsette. FAU og SMU blir også invitert til å koma med innspel før revisjon vert bestemt av rektor. 4.1 Ansvarskjede Problem vert løyst meldt på lågast mogleg nivå. Lærar/assistent veit når saker skal meldast vidare og veit kven dei kan vende seg til, dersom problem ikkje kan løysast på deira nivå. Kontaktlærar eller leiing sørgjer for at meldar fyller ut skjema om mobbing. (Det vil altså vere som ei trapp, der problema søkjest løyst lågast mogleg, men der ein går lenger opp i trappa når nødvendig). (Sjå kap. 2) Faste tiltak i eit årshjul For å sikre kontinuitet i tiltak for å førebyggja og avdekka mobbing vert faste tiltak på skulen sett inn i ein kalender over skuleåret: Årshjul Månad: Aktivitet Ansvarleg August: gjennomgang av tiltaksplan leiing antimobbereglar tekne opp i klassane fellessamling i gym.salen zero-fokus rektor fadderordning 5. og 6. klasse oppstart, trivselsleiarar TL-kontaktar September: felles foreldremøte rektor klasseforeldremøte foreldresamtale, 1.klasse Oktober: zerosamling 6. og 2. klasse oppstart Zippys venner, 1.kl solidaritetsaksjon komité elevsamtalar November: utviklingssamtalar, 2.-7.kl. elevundersøkinga, 5.-7.kl Desember: fellesaktivitetar/julelunsj (aldersblanda) team tilstellingar kring jul team Januar: kanonball-turnering elevrådskontakt nye trivselsleiarar valde TL-kontakt Mars: ski-dag 4.-7. kl April: elevsamtalar kontaktlærar trivselsundersøking Handlingsplan mot mobbing 11

evaluering /tiltak av trivselsundersøkinga leiarteam Mai: utviklingssamtalar, 1.-7.kl kontaktlærar fadderordning 4. klasse (førskuledag) fotballturnering elevrådskontakt «Brattis»-stjerne elevråd Juni: aktivitetsdag komité Tyssøy-tur, 1.- 3.kl komité 4.3 Ansvarleg for gjennomgang og revisjon av planen For å gjera planen til eit aktivt verktøy for personalet vil det vera nødvendig med ein årleg gjennomgang for å vurdera om planen fungerer tilfredsstillande eller om det er nødvendig med revisjon. Frist for revidert plan: Oktober/november, i samband med gjennomgang av rutinar, reglar osv. Planen vert lagt fram for SMU ved større endringar. Ansvarleg: Rektor Handlingsplan mot mobbing 12