TELEMARK FYLKESKOMMUNE SAKSFRAMLEGG BYPAKKE GRENLAND - MULIGHETSSTUDIE Godkjent av: Mette Fjulsrud Arkivsaksnr.: 11/5395 Arkivkode: N00 Saksbehandlar: Marte Bakken Resell Behandling i: Hovedutval for samferdsel Fylkesutvalet Fylkestinget Forslag til tilråding frå fylkesrådmannen 1. Fylkestinget tar mulighetsstudien for bypakke Grenland til orientering, og stadfestar at studien syner at bypakke Grenland er mogleg å gjennomføre i tråd med intensjonane i tidlegare vedtak. 2. Fylkestinget ber administrasjonen gå vidare med naudsynt utgreiingsarbeid for gjennomføring av bypakke Grenland, med sikte på at ein fullstendig bypakke-løysing skal bli lagt fram for Stortinget så raskt som mogleg. Det er ein føresetnad at tiltak og prinsipp som er skissert i mulighetsstudien blir lagt til grunn. Tidsdifferensierte bompengesatsar og effekten av dette må vurderast særskilt, og det må arbeidast for å redusere innkrevjingskostnadane. Problemstillinga i få ord Statens vegvesen har arbeidd fram ein mulighetsstudie for bypakke Grenland på oppdrag frå bystrategi Grenland-samarbeidet. Studien kartlegg om det er mogleg å gjennomføre dei ønska tiltaka i bypakke Grenland med brukarfinansiering. Fylkestinget skal i saka ta stilling til om resultata i mulighetsstudien gir grunnlag for å gå vidare med planlegging av bypakke Grenland.
Saksopplysningar Bystrategi Grenland er det regionale samarbeidet om areal, transport og klima. Samarbeidet omfattar kommunane Porsgrunn, Skien, Bamble og Siljan, i tillegg til Telemark fylkeskommune, Statens vegvesen og Jernbaneverket. Grenland deltar også i Framtidas byar som er eit samarbeidsprogram mellom staten og dei 13 største byane i Noreg, for å utvikle byområde med lågast mogleg klimagassutslepp og godt bymiljø. Kommunane Porsgrunn og Skien har skrive Framtidas byar-avtale med staten. Areal- og transport er eit av 4 satsingsområde i Framtidas byar, og bystrategi Grenland-samarbeidet er den lokale arenaen kor dette temaet koordinerast. I tråd med tidlegare vedtak om bypakke Grenland (ft 7.12.10, saksnr. 57/10), har Statens vegvesen på vegne av bystrategi Grenland-samarbeidet laga ein mulighetsstudie om brukarfinansiering av bypakke Grenland. Det er tatt utgangspunkt i konseptvalutgreiinga for Grenland (KVU Grenland) frå 2010; anbefalingane som ligg omtala som fase 1 i denne, samt Grenlands felles høyringsuttale (ft 7.12.10, saksnr. 56/10). KVU Grenland har vore gjennom den eksterne kvalitetssikringsprosessen (KS1), der anbefalingane i rapporten blei kvalitetssikra. KVU Grenland skal til endeleg handsaming i regjeringa. Mulighetsstudien kartlegg samanhengen mellom trafikkgrunnlag, takstnivå og prosjektkostnadar. Ein ser for seg å brukarfinansiere bypakke Grenland, som består av ein rekke tiltak. For første del av bypakka er det føreslått ei kostnadsramme på 1,7 mrd. kroner. Av tiltak inneheld pakka mellom anna ny veg mellom Skyggestein og Skjelbredstrand i Skien, og ny løysing for jernbanekrysset ved Lillelvgata i Porsgrunn. Elles inneheld bypakka tiltak for gåande og syklande, framkommeleghetstiltak for næringstrafikken og kollektivtransporten, trafikksikkerhetstiltak, tiltak for miljø og fartsreduksjon i sentrumsområda, parkeringsrestriksjonar og drift av kollektivtransport slik dei aktuelle kommunestyra og fylkestinget vedtok hausten 2010. Denne ramma tek utgangspunkt i tiltaka i første fase i KVU Grenland. Den totale ramma har auka noko, ettersom kostnadsanslaga har auka. Ein har søkt å halde på den relative fordelinga mellom tiltaksområda, slik dei blir omtala i KVU Grenland. Mulighetsstudien konkluderer med at det er realistisk å gjennomføre den planlagde bypakka. Bybane prioriteras ikkje i fase 1, men vil vurderast vidare med tanke på neste fase. Grunngjevinga for dette er at det er viktig å få løfta busstilbodet skikkelig i første fase. Mulighetsstudien føresett at det blir ein innkrevjingsløysing med rabattordningar. Det er tenkt satt opp 10 antennepunkt, medan ein berre betaler for ein passering pr. time. Takst utan rabatt kan ligge på rundt 10 kroner, dei fleste vil imidlertid ha rabatt. Det er vurdert som eit mogleg tiltak å nytte seg av tidsdifferensierte satsar. Maksimal betaling for den enkelte er føreslått avgrensa til mellom 20 og 35 kroner dagleg, og mellom 600-1000 kroner i månaden. Bypakke Grenland er ikkje finansiert i Nasjonal transportplan (Ntp), og den offentlege finansieringa er i mulighetsstudien føresett til 10 % som eit utgangspunkt. Om ein evnar å auke dei offentlege tilskotta, vil behovet for brukarfinansiering bli desto lågare. På bakgrunn av dette konkluderer mulighetsstudien med at det er realistisk å gjennomføre den planlagde bypakke Grenland. Side 2 av 5
Vidare framdrift vil innebere å arbeide fram ei bompengeutgreiing. Her skal det fastsettast endeleg kostnadsramme, prioriterte lister over tiltak innafor dei ulike tiltaksområda, plassering av antennepunkt og takstar. Det vil vere behov for nye reguleringsplanar. Bompengeutgreiinga skal leggast fram for kommunestyra og fylkesting, før dei samla vil leggast fram for Vegdirektoratet og Samferdsledepartementet, som så skal førebu sak for handsaming i Stortinget. Målet er stortingsvedtak i 2013, og byggestart i 2014. Bystrategi Grenland-kommunane Bamble, Porsgrunn og Skien har hausten 2011 handsama felles sak om mulighetsstudien for bypakke Grenland med likelydande vedtak punkt 1 og 2 (sjå vedlegg 2-4 for fullstendig saksprotokoll). Siljan kommune har ikkje enda handsama saka, men vil gjere det i formannskapet 29.11.11 og i kommunestyret 13.12.11. Vedtak Bamble, 3.11.11: 1. Bamble kommunestyre tar mulighetsstudien for Grenland til orientering, og bekrefter at studien viser at Bypakke Grenland er realistisk å gjennomføre i tråd med intensjonene i tidligere vedtak 2. Bamble kommunestyre ber administrasjonen gå videre med nødvendig utredningsarbeid for gjennomføring av Bypakke Grenland, med siktemål at en fullstendig bypakke-løsning skal bli lagt fram for Stortinget så raskt som mulig. Det er en forutsetning at tiltak og prinsipper som er skissert i mulighetsstudien blir lagt til grunn. Tidsdifferensierte bompengesatser og effekten av dette må vurderes særskilt og det må arbeides for å redusere innkrevingskostnadene. 3. Bamble kommunestyre vil fram mot neste fase av Bypakke Grenland arbeide for at Nustadtunnellen (Nustad Halen), samt forholdene i gjennomgjøringen på Stathelle, blir en del av de videre utredninger om utbyggingsprosjekter i Bypakke Grenland. Dette med bakgrunn i at Nustadtunnellen er blitt mye sterkere aktualisert etter at de nye fergeplanene er lansert. Kommunestyret viser til avsatt trase i kommuneplanens arealdel som utgangspunkt for prosjektet. Kommunestyret ber også ordfører følge opp statens ansvar for tilførsel til havneanlegg ovenfor de rette myndigheter. Vedtak Porsgrunn, 10.11.11: 1.Porsgrunn bystyre tar mulighetsstudien for Grenland til orientering, og bekrefter at studien viser at bypakke Grenland er realistisk å gjennomføre i tråd med intensjonene i tidligere vedtak. 2.Bystyret ber administrasjonen gå videre med nødvendig utredningsarbeid for gjennomføring av bypakke Grenland, med siktemål at en fullstendig bypakke-løsning skal bli lagt fram for Stortinget så raskt som mulig. Det er en forutsetning at tiltak og prinsipper som er skissert i mulighetsstudien blir lagt til grunn. Tidsdifferensierte bompengesatser og effekten av dette må vurderes særskilt og det må arbeides for å redusere innkrevingskostnadene. Følgende forslag oversendes administrasjonen: 3.I all videre planlegging bør det tas hensyn til mulig fremtidig bybane. Side 3 av 5
Vedtak i Skien, 29.9.11: 1. Skien bystyre tar mulighetsstudien for Grenland til orientering, og bekrefter at studien viser at bypakke Grenland er realistisk å gjennomføre i tråd med intensjonene i tidligere vedtak. 2. Skien bystyre tar mulighetsstudien for Grenland til orientering, og bekrefter at studien viser at bypakke Grenland er realistisk å gjennomføre i tråd med intensjonene i tidligere vedtak. Bystyret ber administrasjonen gå videre med nødvendig utredningsarbeid for gjennomføring av bypakke Grenland, med siktemål at en fullstendig bypakke-løsning skal bli lagt fram for Stortinget så raskt som mulig. Det er en forutsetning at tiltak og prinsipper som er skissert i mulighetsstudien blir lagt til grunn. Tidsdifferensierte bompengesatser og effekten av dette må vurderes særskilt og det må arbeides for å redusere innkrevingskostnadene. TILLEGG (som bystyret i Skien vil arbeide for): 3.I all videre planlegging bør det tas hensyn til mulig fremtidig bybane. Fram mot byggestart og i alle fall tidlig i fase 2 må det arbeides videre med finansiering og forsering av vegparsell Elstrøm - Århus bru og videre til Siljanvegen. Vurdering frå fylkesrådmannen Grenland står overfor store utfordringar innafor areal- og transportsektoren, og det er viktig å komme raskt i gang skal ein vere i takt med samfunnsutviklinga. Regionen har lenge vore einig i mange av tiltaka for å betre situasjonen. No er det i tillegg gitt eit statleg samtykke i at desse grepa er dei rette, gjennom KVU Grenland. Bystrategi Grenlandsamarbeidet har tidlegare vedtatt ein felles målsetting om å redusere klimagassutslepp, betre trafikksituasjonen og skape eit meir attraktivt byområde i Grenland (strategi for auka miljøvenleg persontransport, ft 8.12.09, saksnr. 53/09). Bypakka vil vere eit betydeleg løft for Grenland. Gjennom tiltaka som er føreslått i mulighetsstudien vil ein komme langt i arbeidet med å nå dei felles målsettingane i regionen. Betre framkommeleghet for syklistar, bussar og næringstransport, attraktive byområde med betre og sikrare tilrettelegging for gåande og folk som oppheld seg i sentrum, samt betre trafikkavvikling gjennom nye løysingar på to sentrale vegstrekningar - er alle tiltak som vil heve attraktiviteten til regionen betraktelig. I lys av dei vedtekne målsettingane er det naturleg å arbeide vidare med å ytterligare avgrense biltrafikken i byområda, gjennom å vurdere tidsdifferensierte bompengesatsar. Administrasjonen vil også i det vidare arbeidet prioritere løysingar som kan gjere driftsog innkrevjingskostnadane lågast mogleg. Som mulighetsstudien syner, vil ikkje belastninga ved brukarfinansiering bli så stor at det ikkje er verdt å gå vidare med å detaljere finansieringa og innhaldet i bypakka. Fylkesrådmannen tilrår difor å fortsette vidare utgreiing for gjennomføring av bypakke Grenland, med sikte på at ein fullstendig bypakke-løysing kan leggast fram for Stortinget til handsaming så raskt som mogleg. Side 4 av 5
Vedlegg: 1. Trykt vedlegg: Mulighetsstudien for bypakke Grenland, SVV 2011 2. Ikkje trykt vedlegg: Saksprotokoll mulighetsstudien Bamble kommune 3. Ikkje trykt vedlegg: Saksprotokoll mulighetsstudien Porsgrunn kommune 4. Ikkje trykt vedlegg: Saksprotokoll mulighetsstudien Skien kommune Side 5 av 5