HELSEMESSIG OG SOSIAL BEREDSKAPSPLAN FOR BJERKREIM OG DALANE KOMMUNENE 2003-2007 HELSEMESSIG OG SOSIAL BEREDSKAPSPLAN FOR BJERKREIM KOMMUNE Bjerkreim kommune har utarbeida ein helsemessig og sosial beredskapsplan. Denne beredskapsplanen er ein del av Bjerkreim kommunes kriseplan.
Formålet med beredskapsplanen: å sikre at nødvendig helsehjelp og sosiale tenester kan tilbys kommunens befolkning under krig, og ved kriser og katastrofar i fredstid. Planen skal og vise kven som har ansvaret i dei forskjellige tenestene under ei krise. Bjerkreim kommune har i samarbeid med Lund, Sokndal og Eigersund kommune inngått ein interkommunal samarbeidsavtale. Den interkommunale samarbeidsavtalen inneheld fleire punkt som Dalane kommunane har forplikta seg til å oppfylle. Den interkommunale samarbeidsavtalen omhandlar kva som skjer i etterkant av ei krise, kva slags hjelp Dalane kommunane kan yte for at den kriseramma kommunen kan oppretthalde eit forsvarlig nivå på dei forskjellige tenestene, til kommunen har fått bygd opp igjen den kriseramma tenesta. Beredskapsplanen er utarbeida etter Lov om helsemessig og sosial beredskap, og er i to delar. Del 1 av planen omhandlar Bjerkreim kommune, kva som skal gjerast i ei akutt krise. Krise som rammar pleie og omsorg Krise som rammar helsetenesta Krise som rammar sosial og barneverntenesta Del 2 av planen omhandlar det interkommunale samarbeidet.
DEL 1 BJERKREIM KOMMUNES BEREDSKAPSPLAN Ansvar: Ansvaret følgjer organisasjonskartet. Dersom personalet IKKJE er operativt går ansvaret oppover til Rådmann / Personalsjef. Desse kan delegere ansvaret nedover igjen, eller å kontakte samarbeidskommunane. Dersom personalet ER operativt ligg ansvaret innan kriseleiinga. Herfrå delegerast ansvaret utover. Levekårsjefen er den som er ansvarleg for å ta kontakt med samarbeidskommunane. Organisasjonskart: Ordførar Rådmann Levekårsjef Pleie og omsorgs sjef Sosialsjef Adm.helseleiar Ass.pleie og omsorgs sjef Leiande helsesyster Kommunelege I / II Leiande psyk.sjukepleiar Psyk.sjukepleiar Kriseteam: Levekårsjefen er ansvarleg for kriseteamet. Teamet består av: LEIAR, psyk.sjukepleiar, mob: 400 01 116, arb 51 2011 16 Kommunelege II arb 51 20 11 50 Prest arb 51 20 11 97 Helsesyster arb 51 20 11 58 Kriseteamet kan kontaktas direkte av den enkelte, eller gjennom vakthavande lege / behandlande lege - evt. via legevaktsentralen, ambulansetenesta eller politiet. Det er gjort avtale om at kriseteama i Dalane kommunane kan kontakte kvarandre for å få hjelp dersom personalet er indisponibelt, eller ved større ulykker som det kommunale kriseteamet ikkje kan handsamme åleine. Vaktliste og tlf nummer for Kriseteamet i Bjerkreim står i rød perm hos psykiatritenesta. Kriseinformasjon: Personalsjefen er ansvarlig for informasjon til befolkninga og media, jfr informasjonsplan. Vannforsyning:
Jfr. kommunens kriseplan. RISIKO / SÅRBARHET OG TILTAK PLEIE OG OMSORGSTENESTA Indisponibelt personell: epidemi/ større ulykke der store delar av personalet blir sett ut av spel Pleie og omsorg er ikkje i stand til å yte de nødvendige pleie og omsorgstenestene. Pasientane får ikkje det stell dei treng for å ivareta si eige helse ifht pleie, næring, medisinar, sårstell o.l. Bebuarane sitt tøy og sengklede blir ikkje vaska, mat blir ikkje stelt i stand på kjøkkenet. Kommunen må ha høve til å bruka restpersonalet på ein fornuftig måte. Beordre tilgjengeleg personell til å stille opp. Sende heim dei pasientane som kan klare seg heime ved hjelp av pårørande og heimehjelp. Bruke andre tilsette i kommunen og ungdomskuleelevar. Avtale med frivillige lag/organisasjonar om hjelp i krisesituasjonar, f.eks. Helselaget, Bondekvinnelaget, kristne lag og organisasjonar. Bruke kvalifisert personell frå Dalane kommunane. PLO - sjef Bygningane kan ikkje brukast. Hending. Brann eller anna som gjer at bygningen ikkje lengar kan brukast. Sjukeheimsbygningane er ikkje funksjonelle. Brann og beredskaps fokus, bevisstgjere personell, brannøvingar. Evakuere iflg Brann og beredskapsplan for Bjerkreim Sjukeheim. Bruke evt delar av sjukeheimen som ikkje er ramma av brann. Sende heim så mange som nødvendig og mogleg. Bruke sjukeheimar i Dalane. (interkommunalt samarbeid) Sivilforsvaret kan stille med telt og evt anna utstyr. Vikeså skule kan brukast som førebels sjukeheim i ein ekstraordinær situasjon. PLO - sjef Psykiatrisk sjukepleieteneste:
Dersom dei psykiatriske sjukepleiarane er indisponible, så føreligg det eit internt kvalitetsikringsystem. Ansvaret går til PLO- sjefen som organiserer det psykiatriske arbeidet i henhold til kvalitetsikringsystemet. LEGE / JORDMOR TENESTE / HELSESTASJON Indisponibelt personell. Større ulykke der store delar av personalet blir sett ut av spel/ epidemi. Legetenesta er ikkje i stand til å yte nødvendig legehjelp. Smittebeskyttelse, gode hygienerutinar. Avtale med Dalane kommunane om bistand frå leger der. Opplært personale som arbeider på sjukeheimen trekkast inn for å drive kontoret (journalar/ datasystemet) Kommunelege I Lokala kan ikkje brukast. Brann/ okkupering. Lokala er ikkje funksjonelle. Brann og beredskapsfokus. Bruke pauserom og kontor på sjukeheimen. Bare ta akutt tilfeller. Kommunelege 1 Legevaktlokala i Egersund kan brukast på lenger sikt. Beordre personell på jobb. Datasystemet: det tas backup kvar dag, som oppbevarast på brannsikkert rom. Kommunens dataansvarlig sørgjar for at datasystemet er operativt innan kort tid. Jordmor teneste: Om ei krise skulle oppstå vil legekontoret overta jordmor tenesta på dagtid. Ved akutt behov om kvelden eller ved fødsel skal Legevaktsentralen, Fødeavdelinga og AMK sentralen kontaktas. Helsestasjon: Om ei krise skulle oppstå vil legekontoret og jordmor følgje opp det nødvendige arbeidet på helsestasjonen.
SOSIAL OG BARNEVERN TENESTA Indisponibelt personell Ulykke / sjukdom Sosial og barnevern tenesta er ikkje i stand til å yte nødvendige tenester. Ansvaret går opp til rådmann/personalsjef. Beredskapsgruppa kontaktar samarbeidskommunane. Rådmann Lokala kan ikkje brukast Brann eller anna som gjer bygningane ubrukbare. Lokala er ikkje funksjonelle. Brann og beredskapsfokus. Flytte til eigna lokale i kommunen. Då sosial og barnevern tenesta i dag er i same lokala som sentraladministrasjonen vil det være naturlig å flytte til same lokale i ei krise. Datasystemet: det tas backup kvar dag, som oppbevarast på brannsikkert rom. Kommunens dataansvarlig sørgjar for at datasystemet er operativt innan kort tid. Levekårsjef I KRIG Det er knytt stor usikkerhet til korleis ein krig vil utarta seg. Det ein fryktar mest er biologisk / kjemisk krigføring og terrorverksemd. Ved ein eventuell krig kan både helse og sosialtenesta bli sett ut av spel. I ein slik situasjon må ein nytte seg av kommunens kriseplan. Ein kan bli tvinga til å senke standaren på dei tenestene som blir gitt, og må prioritera å gje ein best mogleg teneste utifrå dei tilgjengelege ressursane.
DEL 2 INTERKOMMUNAL SAMARBEIDSPLAN Hovudmålsetjing: Dalane kommunane skal gjennom eit gjensidig forpliktande samarbeid, bidra til at helse/sosial og barneverntenesta er operative i krig og ved ei krise, iht Lov om helsemessig og sosial beredskap 1-1. Ein er samde om at denne målsetjinga gjeld både personell og materiell. Interkommunale avtaler: Den kommunen som har behov for hjelp, dekkar kostnaden for den tenesta dei brukar. Ein interkommunal avtale som er sett i verk skal evaluerast snarast og seinast innan 14 dagar, med henblikk på normalisering og tilbakeføring til heimkommunen. Pleie og omsorg: Dalane kommunane forpliktar seg til å ta imot 5 sjukeheimspasientar frå dei andre Dalane kommunane. Om forholda på den enkelte sjukeheim tillet det, kan ein ta imot fleire. Dei kommunale sjukeheimane stiller delar av sitt personale til disposisjon for Dalane kommunane. Helseteneste: Eigersund kommune stiller på dagtid Legevaktsentralen sine lokal til disposisjon for Dalane kommunane til bruk i krisesituasjonar. Dalane kommunane stiller legekapasitet til disposisjon for kvarandre i ein overgangsperiode under ei krise. Miljøretta helsevern: Den interkommunale legekapasiteten må utføre kommunelege I og II sine mest nødvendige arbeidsoppgåver i den kriseramma kommunen, inkl. smittevern. Sosial og barnevern teneste: Sosial og barnevern tenesta i Dalane kommunane stiller fagpersonal til disposisjon for kvarandre for ein avgrensa periode i ein krisesituasjon. Kriseteam: Kriseteama i Dalane kommunane kan kontakte kvarandre for å få hjelp dersom personalet er indisponibelt, eller ved større ulykker. Ein kontaktar dei andre kriseteama via Politi eller Legevaktsentralen.
Kontaktperson(ar) i kvar kommune: Bjerkreim kommune: Pleie og omsorg : Levekårsjefen tlf 51 20 11 08 Helsetenesta : - - mob 40 00 11 08 Sosial og barnevern tenesta : - - Lund kommune: Pleie og omsorg : Sosial og omsorgsjef tlf 51 40 48 01 Helsetenesta : - I I - Sosial og barnevern tenesta : - I I - Sokndal kommune: Pleie og omsorg : Sosialsjef tlf 51 47 06 50 Helsetenesta : Kommunelege tlf 51 47 06 80 Sosial og barnevern tenesta : Sosialsjef Eigersund kommune: Pleie og omsorg : Levekårsjef tlf 51 46 80 00 Helsetenesta : Kommunelege tlf 51 46 81 51 Sosial og barnevern tenesta : Levekårsjef